Merkelapp-arkiv: Dagbok

Kitty Karina på vitjing i Oslo

KK kom fredag kveld og var ein heil time forseinka, då flyet båe kom ein halvtime seint frå Oslo og brukte like mykje tid på å få ræva si ut lufthamn Stavanger, Sola. Til slutt kom ho fram utan batteri.

Me var trøytte og slitne, men spelte eit slag bønnespel medan me åt pizza.

Helene fekk gjort litt arbeid laurdag morgon og eg og KK vakna til ferdig frukost med varme rundstykker og egg.

Dagen brukte me ute, fleire ulike plassar rundt i Oslo. Eg hadde ein laptop eg fekk av Opera i sekken. Den hadde bestemt seg for å vera irriterande:

Er på shoppingrunde med Helene og KK, Opera-laptopen i sekken set av tjuverialarmar. Jækla flaut non stop :(

Me åt på Olivia, som var overdrive dyr og ikkje spesielt bra.

Vel heime spelte me Link Crossbow training;

Drog ut å prøva Link crossbow training på Wii i det lengste, men spelte endeleg m Helene og KK i dag. Moro! :D (eg vann samanlagt)

Etter frukost i dag spelte me meir :D

Ute regna det. Me sit på ein sjokoladekafé på grünerløkka no. :)

Etter det gjekk me til mathallen på Vulkan og kjøpte ost til mamma og pappa. På veg ditbort tok eg bilete av ein annan innsjø i vegbanen til Oslo. Dette er ned bakken frå Alexander Kiellands plass.

Tok litt video óg. Då gjekk diverre batteriet.

Fekk med oss ein vaffel på sundagsmarknaden på Blå før me drog heimatt. Det hadde vore få folk ute grunna det fæle vêret.

Tri ting i dag

Har tenkt på å skriva tri ting i dag, ingen var store nok til å skriva i seg sjølv, men til saman so lyt det gå.

Feil pris

ICAen var ikkje open og eg trong ein ny tyggi. Gjekk inn og såg dei hadde tvo små sjokoladar til ti kroner. Tok dei òg like godt.

  • Trettifire blir det, segjer jenta. Eg betalar.

Hm. Var ikkje det litt mykje tenkjer eg.

  • Kor mykje kostar tyggien? lurar eg.
  • Fjorten kroner koster den. Åtte for hver sjokolade.
  • Eh, men de hev jo tvo for ti på dei, svarar eg lettare forundra og litt irritert inni meg. Eg hev jo allereie betalt med kortet.

Eg gjer til å gå, men ho stoggar meg og vil henta det ut att. Eg står no der medan ho rotar i veg på maskina og segjer det vert seks kroner att. Det høyrast òg rart ut, men eg legg meg no på sprang ut.

Vel ute gjer eg litt superkjapp hovudrekning og finn ut at ho totalt lurte meg igjen. Fjorten pluss ti er tjuefira, forskjellen mellom det og trettifira er ti, ikkje seks!

Grrr…

Ventings

Kvifor skriv konsertar når dørene opnar og let folk gjetta kor tid sjølve konserten startar?

Eller er det artistane som ikkje tør gå på fyrr dei hev lete folk venta?

Eg og Helene hev stande og hengd på uttallege konsertar. Det er ikkje moro. Me fær iallfall stå fyrst i minsto…

Marit Larsen

Det var superkjekt! Forstår ikkje kvifor ikkje fleire dansar på konsert! Knall :D

Ho er veldig flink. Skulle laga noko norsk musikk òg då ;)

Egil Olsen frå Ørsta varma opp. Det var han flink til. Trur eg hev høyrd han i radioen fyrr. Prata litt smått med han fyrr me gjekk.

Fyrste arbeidsdag på VilVite med Bevar Hardanger

Sidan eg ikkje hev uppdatert på ei stund lyt eg skriva eit superlågterskel-innlegg; eit eg fær ferdig i ein sitt: kva hev eg gjort denne veka?

Jo. Måndagen starta friskt. Eller, det trur eg ikkje. Eigentleg hugsar eg ikkje måndagen, so eg fær starta i dag heller.

Onsdag

Onsdagen starta friskt. Helene hadde sett radioalarmen hennar på grytidleg. Den same radioalarmen ho var veldig misnøgd med til jol, av di han ikkje laga ljod som ein hest. Ho hadde vitterleg skrive «vekkeklokke som lagar hesteljod» på ynskjelista, og ikkje «billeg radioalarm frå Clas Olhsson». Velvel, ho fekk det siste. Eg anar ikkje kvar eg fær hesteklokker. Den radioalarmen skulle visstnok rett attende til Clas med fyrste tog.

Slik gjekk det tydelegvis ikkje iom. at båe eg og Helene vakna roleg (etter eg hadde slege ned den fæle, alt-for-høge ljoden) til P3 Morgon. Eg trur Helene eigentleg ville at eg skulle slå av maskina, men eg lot som um eg trudde ho meinte slå ned, noko eg heller ville.

Eg og Helene søv gjerne til 14-15 tidi viss me slår av alarmen.

Nemleg.

Men i dag stod me altso upp fyrr 8. Det vil segja, Helene stod upp fyrr 7-ish, og eg litt etter å. So til saman vert vel det iallfall fyrr 8.

Same kva. Me var oppe. Helene stakk ut, etter litt. Eg åt litt frukost (som berre var havregryn i varmt vatn) og sendte eit par epostar i ymse sinnelag båe hist og pist. Når epostboksen var tom og rein (ulese = 0, altso, ikkje rein-rein, det er vandskeleg det), byrja eg so smått å dra meg til VilVite-senteret.

Det vil segja, eg gjekk kjapt til VilVite. Det var framleis myrkt, og eg måtte (vel, måtte ikkje, men, spara tid lixm) gå gjennom Nygårdsparken der rusmisbrukarane i Bergen held til. Dei er jo eigentleg ikkje særleg skumle, men eg vert litt råka og redd av og til lell. Er ikkje frå austkanten akkurat eg.

Eg var framme litt over 9, der traff eg Audun Klyve Gulbrandsen((Frå no av tek eg vekk den ekstreme etternamnsnemningi, eg likar å nemna etternamn, men det a) ser dumt ut, og b) er usikker på um folk likar det (PS: Eg elskar når folk nemner meg med fullt namn, enklare å finna att på Google då :P) )). Etter ein kort arbeidsøkt kom Vigdis 1, Geir 2 og Nils Petter 3 frå Phantom Film (det er vel namn du kjenner godt, pappa).

Dei tok med seg eit HMI-ljos (supersterkt ljos som ofte brukast som «sol» eller dagsljos i film). Det heile var veldig interessant, eg lurte på korleis Nils Petter skulle bruka den på det vesle, innenstengde kontoret. Han sa han var nok truleg litt i overkant optimistisk der, ja. :-)

Og so byrja dei å filma på dokumentaren sin.

For å forklara kvifor eg er der. Audun er dagleg leiar i Bevar Hardanger, som jobber mot luftspennet av høgspentmastene i Hardanger. Dei treng litt ymse teknisk hjelp (netsider, epost, du-nemner-det) fram mot publiseringi av eit par utredninger om kraftlinene. Difor spurte Audun um eg kunne hjelpa til. Og det var det jo veldig moro å verta spurt um.

So difor var eg altso der på kontoret. Og Vigdis og gjengen var der for å laga dokumentar om kraftlinemotstanden:

Kampen om Hardanger Filmskaper Vigdis Nielsen vil med denne dokumentarfilmen komme nær innpå noen av de sentrale motstanderne av kraftlinjeutbyggingen.

Sidan dette er ein dokumentar, er det høg sjangs for at eg vert klypt ut, men utruleg moro å vera med lell. :-)

Dei brukte forresten Canon 5D Mark II til å taka upptaki. Det såg allereide fantastisk ut der og då, eg er sikker på at det vert ein visuelt utruleg fin dokumentar.

Etter eit par timar hardt arbeid der, gjekk eg heim og traff Helene. So bar eg ein bag ho meinte var tung til jernbanestasjonen med ho (utan problem, vel og merke ;-) ) fyrr eg gjekk attende til andre sida av haugen for å halda fram med arbeidet.

Eg sat saman med Erlend 4 mykje av dagen. Audun kom på kvelden att.

Det var ein veldig god arbeidsdag. Eg fekk gjort veldig mykje. Ikkje i tal-på-ting, men i arbeidsmengd ;-)

Eg skulle so på dansekurs, Standard- og latin Vidare kurs 1. Eg drog heim, fylte flaska og drog der.

Eg var ikkje særleg flink, men me var sopass få gutar at eg trur det gjekk greitt likevel. ;p

Åt ein falafel, vart yverraska yver at det framleis var so tidleg (21) og arbeida litt for SmiB på SmiB-kontoret.

So gjekk eg ut og tok 15 bilete av månen, av di eg lovte ei dama frå CouchSurfing at eg skulle gjera det i dag (huh?).

Og no sit eg på Kvarteret og her stengjer dei no. So no må eg gå. Ja, so det var i dag. Dei andre dagane fær berre gå i gløymeboki… :-)

  1. Nielsen []
  2. Netland []
  3. Devold Midttun []
  4. A. Horn, han jobbar saman med Audun med masse praktisk og strategisk. []

Stille fredagskveld i heimen…

Fekk lyst til å laga ein video att, men visste ikkje heilt med kva. Då vert det slik :P

Eg hev, heile denne veka, ikkje fengje gjort noko stort anna enn å bruka heilt ekstremt mykje tid på å setja up tenaren til Norsk Målungdom (fosse). So då vert fort ting ståande att på bordet. Dessutan vert eg rastlaus etter eit par dagar i sofaen framfor pcen.

Føler snart dette vert ein ekte blogg-blogg her no. Neste vert vel «dagens outfit»…?

Fuglar rundt meg i parken

Eg sat der og såg på ei skjæra og ein ravn som prata mykje, jakta litt på kvarandre og fann seg mat. Flytta seg hit og dit. Diverre kom eg ikkje på å filma det fyrr dei hadde flyge vekk – men eg tok litt video frå der eg sat lell.

For å kunna bruka som testprosjekt for PiTiVi og ripple-edit-patchen min.

Eg segjer noko totalt utydeleg i byrjingi der, ikkje bry dykk um det :] Videoen er 11MB, som er litt vel mykje.

Dette tok meg rundt 25 minutt med arbeid, som er litt for lang tid, men TTT. Dessutan

Sokkar knyta som øyrevarmarar

I går klyppa eg håret og drog på Underskogpils[1]. Eg drog ikkje fyrr eg absolutt måtte for å få meg ein bysykkel fyrr 00.00 (dei vert låste då). Ikkje yverraskande var det kaldt, spesielt kaldt med avklipt hår[2]. Det tok ikkje so alt for lang tid fyrr eg fraus som ei bikkja, so eg steig av sykkelen og rota uppi sekken min (som eg alltid hev på meg).

Der fann eg eit kjøkkenhandkle[3] men ikkje stort anna. Eg festa det rundt halsen som eit skjerf. Det hjelpte godt. Likevel var øyro verst. Eg grov litt til og fann eit sokkepar. Eg hev hatt paret der sidan eg reiste til Haugesund, men fekk aldri brukt dei[4]. Ein sokk gjekk ikkje rundt hovudet, men viss eg knyta dei saman so gjekk det.

Vips so fekk eg eit panneband. Då var det plutseleg jysla herleg å sykla heim.

Sokkepar til øyrevarmar

Notar

  1. Merk, dersom du ikkje hev konto på underskog so virker det ganske dølt, men med ein gong du hev konto so er det ei heil ny verd på den sida der. Underskogpils er kvar fyrste fredag i månaden, og dette var min fyrste gong (trass i at eg hev vore medlem lengje).
  2. Trass i at eg hev veldig lite og tynt med det, so hjelper det faktisk stort.
  3. Eg tok det med til Helene for å selja is med Isrosa ein gong.
  4. Jadå, dei var reine!

«Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel

Puslespel, manglar eit par brikker

Som detaljlesande lesarar av sida mi hev funne ut (alle tvo), so sit eg mykje inne for dagane. I dag er det måndag, sist gong eg var skikkeleg ute (som ikkje var butikktur) var torsdag. Rett nok ikkje like gale som då eg var sjuk[1], men no hev eg verkeleg ingen grunn til å ikkje gå ut. Anna enn at eg ikkje klarar dra meg upp av stolen.

Rett nok hev eg keia meg mykje dei siste dagane, men i dag var det annleis. Og nett difor hev eg tenkt å fylla bloggen min med endå meir ikkje-interessant informasjon som eg må lida meg gjennom når eg i ein alder av 39,5 fær midtlivskrise og finn ut at eg skal lesa alt det eg hev skrive til meg sjølv gjennom alle desse åri. Kannhenda like greitt å få vita at dagleglivet mitt eigentleg ikkje var noko særleg meir interessant den gong då som no (i 2027, altso).

So er det kannhenda ein annan grunn til at eg uppdaterer bloggen min nett i dag då. Kva kann det vera? Jo, det hev truleg tvo grunner;

  1. Eg fekk nett høyra at eg hev vore flink å uppdatera netsida mi i det siste. Det manar jo sjølvsagt fram til meir. Kvantitet er ikkje det same som kvalitet. Noko dei kjølege i innspelsfelteti mine viser; mange av dei siste postane hev få til ingen innspel.

  2. Eg fekk òg fylgjande innspel frå pappa for litt sidan:

    Odin… Det hadde vore kjekkt å få nokre oppdateringar så me veit korleis det går med deg. Her i Spania føler me oss langt vekke frå deg…

So hev eg no uppdatert trass i at det hev vore lite å segja (som viser att i totalt fråverande innspelsmengde).

Og det held fram, endå meir sjangerkorrekt enn sist:

Middag

I dag åt eg lauksuppa. Eva lagde. Ros til Eva.

Vitjing

Mariell og Jostein kom på vitjing. Kos. Me drog upp på loftet der eg aldri hev vore. Eg fann ein diger stabel med tingi mine der uppe, Helene hev bori[2] alt upp. Ros til Mariell, Jostein og Helene.

Puslespel

Janne-Kristin hev kaupt puslespel og fann det for godt å setja eg og Eva i aktivitet. So me hev pusla heile kvelden. Ros til Janne-Kristin.

Frametter

Fylg med, og vert ein av dei fyrste til å vita kva eg et til middag i morgon!

Tenkjer det burde læra JK å uppmuntra meg til meir blogging.

Heh, nei, eg berre tuller. Simon nemnde nett middagsblogging[3], og eg hev hatt lyst til å gjera det sidan den gong. ;-)

Notar

  1. Eg skreiv aldri um då eg var sjuk, trass i at eg var 5-6 døgn inne (utan so mykje som ein butikktur!) og vart ganske gal av det.
  2. Det var noko gale med dokpro-ordboki, so eg skreiv «hev bert». Fann ut av det ved å installera ordbanken lokalt på maskini, so «bori» er korrekt for «bera».
  3. Middagsblogging er uinteressant blogging. Type «kva gjorde eg i dag», der «i dag» er ein … mindre spesiell dag

Hev innhaldet på sida mi endra seg?

Då eg kom heim sa Pappa at netsida mi hadde vorte mindre interessant, meir for spesielt interesserte. Eller noko slikt. Eg sa «Ahh, ja, det skjer» og tenkte at han meinte eg skreiv litt for mykje «dagbokinnlegg» der eg pratar um kva eg hadde gjort. Faktisk var det stikk motsett. Han meinte eg hadde vorte for teknisk og prata for mykje um ting som ikkje var i ålmenn interesse.

Forresten hev eg skrive noko liknande som dette fyrr. Av ein eller annan grunn kjenner eg for å seia det på ny (dumme meg).

Kvifor so lite teknisk/nerdete?

Kva eg skal skriva um er noko eg tenkjer mykje på. Dei fyrste 4 åri av netsida mi hev eg styrt unna for tekniske og nerdete emne. Eg lurer litt på kvifor eg gjer det no. Det er vel eit ynskje um å vera noko meir varig. Hmm. Eller, eg vil halda sida mi ganske rein. Likevel trur eg den største grunnen er leserane mine:

Då eg starta netsida, las ingen ho. So etter litt byrja pappa lesa ho, Tor Eirik og gjengen kom etterpå. Eg fekk stadig vita um fleire vener som las ho. Ingen av disse var so interesserte i det eg er interessert i. Vel, kann henda Egil og Jørgen, men det er langt i frå nok til å halda ei sida. Ein annan ting, kvifor skal eg skriva um noko so ekstremt mange andre skriv um? Ingen skriv um mitt liv og kva eg tenkjer på, men folk skriv um kva som skjer i Linux-verdi heile tidi. Eg tenkjer eigentleg berre kjentfolk les netsida mi; og eg brukar det sjølv som ein, ja, dagbok. Eg synest det er kjempemoro å lesa gamle innlegg frå Oxford. Mykje eg hev gløymd ligg att der. Eg vil fortsetja med å skriva slik. Det er ikkje serleg interessant å lesa um tips og triks til Gimp då; det må i so fall verta skild ut til ei eiga side.

Kva prøver eg skriva til sida?

Det er utruleg ofte eg hev lyst å skriva noko, men so tenkjer eg det ikkje passar inn – so vert det ingenting ut av det. Slike metainnlegg som dette er noko eg ikkje likar, og prøver å halda små i mengda. Eg vil so gjerne skriva noko bra når eg fyrst gjer det, difor vert dei fleste innleggi slutta allereie fyrr eg hev starta på dei. Innlegg som dette (ikkje korrekturlese eller gjort enkelt å lesa) er dei verste; diverre hev det vorte fleire av dei. Iallfall mentalt. Eg er sikker på at ein finn like mykje elendig um ein ser bak i arkivet, men nett no tenkjer eg at det er verre enn det hev vore fyrr. :p

Eg skriv t.d. ikkje um Amie Street eller andre kule ting eg driv med. Eg prøver å halda innhaldet utanfor netet.

Men kvifor meinte pappa eg skreiv so teknisk no?

Eg hev skrive ein del um PING og kva me gjer der. Eg skriv nok gjerne litt meir teknisk/nerdete no, av di folki eg heng rundt er interessert i det. Miljøet eg heng i når eg er i Oslo er ei data-miljø. Dei eg kjenner er genuint interesserte og me hev mange gode samtalar um det. So når eg ser at andre forstår og er interessert i slike ting so vert det meir «vanleg» inne i hovudet mitt, og so puttar eg det ut på netsida mi. Det er jo ein so naturleg del av livet mitt – og det skriv eg jo um. Alt er ikkje lengre i hovudet mitt; sidan det er «normalt» so hev eg ikkje noko problem um å skriva um det.

Heile skrivingi gjeng i perioder, som alle sikkert kjenner til sjølv. Nokre gonger skriv eg masse slikt piss som dette, andre gonger klarar eg skriva kvart-interessante greier. Nokon gongar er eg ikkje interessert i at folk skal synast det er noko spesielt (som no, dette er tankedump). Andre gongar skriv eg umtrent berre dagbok.

Pappa sa òg at mamma hadde slutta lesa av di det vart keisamt. Eller noko slikt. Det er sikkert sant – eg merkjer det er mindre aktivitet no; det er dei gamle innleggi mine som det stadig kjem folk til. Men det er ikkje so farleg, når livet mitt endrar seg og eg mistar kontakten med folk (eg er flink til det, veldig flink) so fær dei heller gløyma meg litt òg. Er vel naturleg at eg fokuserer innhald på det er driv med no, ikkje det eg hev drive med fyrr. So… alt i alt, eg let det flyta…

Framtidige meta-innlegg

Eg vil skriva eit innlegg um folk som kontaktar meg via (og grunna) netsida seinare. Det er litt morosamt. Elles må eg verkeleg finna ut kvifor eg skriv sida. Kva er grunnen min no? Eg kann seia «berre for å kunna lesa det når eg er gamal», men det er feil. For eg likar at folk les babbelet no òg. Kven vil eg skriva for, og kvifor? Er det berre yverdrive sjølvfokusering? Hmm. Ein viktug ting er at eg likar det då, so det er vel hovudargumentet for å fortsetja å skriva. :-)

Ja. Slutt. No.

Jobbing med pappa på vitjing i Oslo

No er eg ganske sikker på at omtrent ingen lurar på kvar eg hev vore og gjort i det siste. Men eg skal fortelja um det lell. Torsdag og fredag hadde eg pappa på vitjing, me skulle filma 17 intervju med sentrale folk i psykiaterforeningi. Dagen då han kom rydda eg vaska rommet til det var umogleg å kjenna att.

Rommet mitt var bomba. Totalbomba og gløymd i fleire år. Det låg eit knust glas på golvet, neddyssa i støv. Midt på golvet var eit svart mynster av fast skit. Under sengi låg sand og digre hybelkaninar som truga med å bita av meg foten kvar gong eg la meg. Tok eg eit steg inn i rommet flaug støv opp frå det tjukke «støvteppet» på golvet – det saug seg inn i ein støvspiral bak meg. Og so lukta det ganske, eh, ufint. Midt i rommet stod ei feltseng og tok opp all golvplass. Oppå denne låg eit lass av gamle klede – stinkande svette.

Eg hadde ingen reine klede att. Det hev eg ikkje hatt på tvo vìkor. Godt eg hadde nokre klede som lukta litt mindre enn dei andre, so desse hev eg altso brukt. Dessutan hev eg flykta heim eit par gongar og fått vaska nokre klede der. Det var omtrent ikkje ein flekk av rommet som ikkje var dekka av rot. Flekkane som ikkje hadde gamle klede, størkna sjokolade, bås eller blad/papir på seg var som sagt dekka støv. Golvet var eigentleg ikkje å finna på rommet mitt.

So det vart rydd og vask

Eg nytta omtrent heile onsdagen på å vaska rommet. Den kinesiske naboen min såg på støvhaugen eg kasta, ho såg på rommet og vart heilt frå seg. Ho hadde aldri trudd det kunne sjå slik ut inne hjå meg; so ekstremt reint. Pappa hadde fødedag på torsdagen (dagen etter), so eg tenkte eg måtte gjera sopass for han. Eg hadde inga gåve, men eg kunna jobba ein heil dag for at han skulle kjenna seg godt heime i hybelen min. Eg vaska òg alle kledi mine.

Ein forfriskande nyhende var òg ommøbleringi av rommet, det ser no heilt annleis ut enn slik det var då eg flytta inn. Det var moro å plassera ting på ein annan måte; spanande.

Neste dag, jobb, jobb

Me satt opp utstyret og tok i mot folki som skulle intervjuast. Det gjekk greitt – eg såg på biletet, høyrde på ljod og justerte etter kor høgt/lågt dei prata. Kjende meg i godt leie og trygg på utstyret. Det viste seg seinare at eg tok opp ljod litt for lågt, men slikt må ein berre venta fyrste gong ein nyttar heilt nytt utstyr og ikkje kjenner til det.

På kvelden gjekk me på teater. Det norske teateret. Noregs mest populære teater, og det er eit nynorskteater. Moro. Me såg «Katt på heitt blekktak». Var vanskeleg å høyra kva Ane Dahl Torp sa i byrja, men etter litt byrja eg båe forstå og høyra. Ho prata litt vel raskt og utydeleg i starten. Ei anna sak var vel òg det å verta van til å høyra røystone frå so langt vekk.

Svimings, nesten

Eg heldt forresten på å svime av då eg sprang for å rekkja t-banen fyrr stykket, eg måtte heim å henta semesterkortet for å få rabatt. Eg hadde ikkje ete noko serleg sidan me hadde so tettpakka program, og eg må eta kvar 4–5 time no. So eg hadde nok båe fengje lite vatn og lite mat – so då eg spurta ein lang veg gjekk det hardt ut yver meg. Det var litt teit. Men eg vart klår yver problemet då. So me åt raskt på ein vegetarplass (sist gong me var der var det i høve min fødedag, denne gongen pappa sin :p) fyrr stykket.

Etterpå gjekk me på Indisk restaurant på Grønland og kosa oss. Det var godt. Hyggeleg og god mat.

Jobbing og heimreise for pappa

Neste dag var det opp å filma att. Vart ein lang dag. Men med mange interessante folk. Det var moro å gjera desse intervjui. Eg var eigentleg usikker på kor interessant det ville verta, eg tenkte eg kom til å keia meg stort. Det vart ikkje tilfelle. Ein såg likevel fort kven som var medievant og prata ofte um fagfeltet sitt. Det var ekstrem forskjell på folk. Veldig moro. Eg vonar forresten òg at utsjånaden på bileti vart bra, trass lita tid og låg prioritet.

Me klarte få intervjua alle i Oslo-området på denne tidi. Veldig yverraskande. Då slepp eg gjera resten åleine. So åt me på «Punjab» (ein annan indisk restaurant på Grønland) og pappa drog heim. Eg fekk avtale i Trondheim neste torsdag (det er i morgon no) med eit intervju. Diverre viste det seg at han var i USA. So eg dreg opp til Trondheim i morgon utan nokon stor plan. Heldigvis er det jo landsmøte i Noregs Mållag frå fredag. Men eg treng yvernatting torsdag til fredag.

Sluttankar

Det var moro å få vitjing av pappa. Dette er faktisk fyrste gongen nokon i familien hev vitja meg her i Oslo. Det var koseleg å hava han rundt og få eit (sers lite omfattande) intrykk av korleis eg hev det her. Dei tvo dagane han hang her var likevel ikkje typiske då – det er mange gode dagar, og mange treige der eg ikkje fær gjort stort. Diverre hev det vorte fleire treige i det siste, men det er ei sinnstemning eg vil endra på. Frametter kjem eg til å hengja meir i Stavanger òg – eg trur det kann endra ein del.

Me fær sjå. No må eg leggja meg, tidleg tog å nå i morgon. Dessutan må eg slå av maskini mi, ho hev yver 15 dagar oppetid no – det er rekord (gamle var 13 dagar).

I Oslo utan bustad, om att

Ein slitsam togtur til Oslo i dag. Eg såg for det meste Anime-serier og jobba so smått på eit skuleprosjekt. Traff på Marius (!), henta STK1000-boki på Ping og drog til Kringsjå. So kom eg på det; sakkan, eg gløymde dei hekkans nyklane heime på badet i Stavanger.

So. Her sit eg på Ping og knaskar salat. Eksamen i STK1000 i morgon. Eg vart trøytt allereie for tri timar sidan, og kunne godt likt å sova i sengi mi. Men, neidå, ikkje i dag. Likar ikkje denne eksamenen heller. I og med at eg ikkje veit heilt kva han gjeng ut på. Eg gløymde STK-boki mi att i Oslo, då eg eigentleg hadde tenkt å hava ho med slik eg kunna jobba med det. Egil seier det er kjempelett då, so eg satsar på at eg står utan å eigentleg vita kva faget handlar um.

Ugh. Men eg er kjempetrøytt no. Kann henda eg skal prøva å sova litt. Vert tidleg opp i morgon, – vert ein rar eksamen. Og so må eg få nyklane attende.