Eg kjem inn på Silkeborg vandrarheim som ein våt katt, eit braud i vinstre armkrok og ein pose med turistbrosjyrer frå Århus i den andre. Ikkje billegaste plassen eg hev budd, men eg kjenner han so godt att. Meg og Buster var her då me var 14. Dessutan er det ein annan grunn til at eg kom, slusevaffelen.
Åleina blant familiar
Det fyrste som slo meg var alderen til alle saman rundt meg. Anten var dei yver 40, elder so var dei under 16. Altso; ingen nær min alder. Stille var det oog, jysla stille. Eg hang litt rundt fyrr eg sette nasa mot byen, elder, vel, sentrum heiter det kannhenda. Alt var stille. Det var umtrent ikkje folk på denne plassen. Utruleg lite inspirerande. Eg hugsa plassen som ein av dei koselegaste då meg og Buster var her fleire år fyrr, ikkje so no. Ingenting av det som er moro å gjera saman men nokon er moro å gjera AAleina, dette ville eg erfara meir av dagen etter.
Det er utvilsom sers vakkert her, eg sit med ein slusevaffel i handa og glaner ut på slusone, båtane og ikkje minst kajakkane (og kanoane) som eg er håplaust tiltrukke av. Slusevaffelen er ein gedigen is solgt ved slusekiosken, eg kaupte variant “liten”, som er absolutt alt anna enn nett det. Jenta i kiosken kunne ikkje la vera å spyrja meg vandskelege spyrsmål heile tidi.
“Hvad is vil du have i bunnen?”, spyrr ho litt yverraska og glad. Kannhenda det ikkje er so mange som spyrr um å få den vidgjetne((Iallfall hjå meg og Buster)) slusevaffelen?
“Eh, nei, vel du. Tak noko godt”, svarar eg medan eg viser at eg båe ikkje hev peiling pluss at eg eigentleg ikkje bryr meg stort um det.
Ho romsterer litt rundt i kiosken og tek oppi eitt eller anna, so fyller ho på med softis fyrr ho endå ein gong kjem til luka for aa spyrja meg kva tri andre smakar eg vil hava.
“Eh, nei, noko anna enn det førre tenkjer eg”, svarar eg. Ho tek ein smak og ser burt på meg att, eg gjev ho mitt “kvafaenegveitikkje”-uttrykk og endeleg so forstår ho heile poenget og tek 2 issmakar til utan å spyrja ein som ikkje veit kva han vil ha.
So no sit eg og ser ut, slusevaffelen smeltar litt medan eg prøver å taka bilete av han. Ein dansk familie ser bort på isen min og kommenterer:
“Gåshh, hva’den va’ diijer”, mumlar dei – pluss noko meir som eg ikkje fær med meg.
“Ja, kjempestor.”, svarar eg, utan å klara å innleiia ein samtale. Dei vart litt uinteresserte då dei fann ut at eg ikkje var heilt stø i dansk.
Kajakk
Eg frys litt. Eg tok ikkje med meg jakka. Elder, jo, det gjorde eg – men den la eg att hjå Helene. Eg vil so sjukt ut med kajakk, men eg er sterkt redd for at eg vert kald. Dessutan spyrst det kor mykje pengar eg skal bruka paa dette her heilt åleina. Eit par andre dreg ut i kajakk. Arh.
Det er ingenting å gjera. Eg keier meg noko ekstremt.
Amelie frå Montmatre, og leggjetid
Eg ser Amelie, so gjeng eg og legg meg. Der ligg tvo og pratar allereide. Gamle menn (30+). Eine frå tyskland og andre frå Korea. Men det er moro å prata med nokon. Endeleg. Likevel ikkje det heilt store. Nei, dette var ein keisam plass. I det minste fekk eg ete slusevaffelen som eg ikkje gjorde sist gong eg var her av ein eller annan mongo grunn.
Nei. Vidare i morgon.