Merkelapp-arkiv: Dans

Fyrste arbeidsdag på VilVite med Bevar Hardanger

Sidan eg ikkje hev uppdatert på ei stund lyt eg skriva eit superlågterskel-innlegg; eit eg fær ferdig i ein sitt: kva hev eg gjort denne veka?

Jo. Måndagen starta friskt. Eller, det trur eg ikkje. Eigentleg hugsar eg ikkje måndagen, so eg fær starta i dag heller.

Onsdag

Onsdagen starta friskt. Helene hadde sett radioalarmen hennar på grytidleg. Den same radioalarmen ho var veldig misnøgd med til jol, av di han ikkje laga ljod som ein hest. Ho hadde vitterleg skrive «vekkeklokke som lagar hesteljod» på ynskjelista, og ikkje «billeg radioalarm frå Clas Olhsson». Velvel, ho fekk det siste. Eg anar ikkje kvar eg fær hesteklokker. Den radioalarmen skulle visstnok rett attende til Clas med fyrste tog.

Slik gjekk det tydelegvis ikkje iom. at båe eg og Helene vakna roleg (etter eg hadde slege ned den fæle, alt-for-høge ljoden) til P3 Morgon. Eg trur Helene eigentleg ville at eg skulle slå av maskina, men eg lot som um eg trudde ho meinte slå ned, noko eg heller ville.

Eg og Helene søv gjerne til 14-15 tidi viss me slår av alarmen.

Nemleg.

Men i dag stod me altso upp fyrr 8. Det vil segja, Helene stod upp fyrr 7-ish, og eg litt etter å. So til saman vert vel det iallfall fyrr 8.

Same kva. Me var oppe. Helene stakk ut, etter litt. Eg åt litt frukost (som berre var havregryn i varmt vatn) og sendte eit par epostar i ymse sinnelag båe hist og pist. Når epostboksen var tom og rein (ulese = 0, altso, ikkje rein-rein, det er vandskeleg det), byrja eg so smått å dra meg til VilVite-senteret.

Det vil segja, eg gjekk kjapt til VilVite. Det var framleis myrkt, og eg måtte (vel, måtte ikkje, men, spara tid lixm) gå gjennom Nygårdsparken der rusmisbrukarane i Bergen held til. Dei er jo eigentleg ikkje særleg skumle, men eg vert litt råka og redd av og til lell. Er ikkje frå austkanten akkurat eg.

Eg var framme litt over 9, der traff eg Audun Klyve Gulbrandsen((Frå no av tek eg vekk den ekstreme etternamnsnemningi, eg likar å nemna etternamn, men det a) ser dumt ut, og b) er usikker på um folk likar det (PS: Eg elskar når folk nemner meg med fullt namn, enklare å finna att på Google då :P) )). Etter ein kort arbeidsøkt kom Vigdis 1, Geir 2 og Nils Petter 3 frå Phantom Film (det er vel namn du kjenner godt, pappa).

Dei tok med seg eit HMI-ljos (supersterkt ljos som ofte brukast som «sol» eller dagsljos i film). Det heile var veldig interessant, eg lurte på korleis Nils Petter skulle bruka den på det vesle, innenstengde kontoret. Han sa han var nok truleg litt i overkant optimistisk der, ja. :-)

Og so byrja dei å filma på dokumentaren sin.

For å forklara kvifor eg er der. Audun er dagleg leiar i Bevar Hardanger, som jobber mot luftspennet av høgspentmastene i Hardanger. Dei treng litt ymse teknisk hjelp (netsider, epost, du-nemner-det) fram mot publiseringi av eit par utredninger om kraftlinene. Difor spurte Audun um eg kunne hjelpa til. Og det var det jo veldig moro å verta spurt um.

So difor var eg altso der på kontoret. Og Vigdis og gjengen var der for å laga dokumentar om kraftlinemotstanden:

Kampen om Hardanger Filmskaper Vigdis Nielsen vil med denne dokumentarfilmen komme nær innpå noen av de sentrale motstanderne av kraftlinjeutbyggingen.

Sidan dette er ein dokumentar, er det høg sjangs for at eg vert klypt ut, men utruleg moro å vera med lell. :-)

Dei brukte forresten Canon 5D Mark II til å taka upptaki. Det såg allereide fantastisk ut der og då, eg er sikker på at det vert ein visuelt utruleg fin dokumentar.

Etter eit par timar hardt arbeid der, gjekk eg heim og traff Helene. So bar eg ein bag ho meinte var tung til jernbanestasjonen med ho (utan problem, vel og merke ;-) ) fyrr eg gjekk attende til andre sida av haugen for å halda fram med arbeidet.

Eg sat saman med Erlend 4 mykje av dagen. Audun kom på kvelden att.

Det var ein veldig god arbeidsdag. Eg fekk gjort veldig mykje. Ikkje i tal-på-ting, men i arbeidsmengd ;-)

Eg skulle so på dansekurs, Standard- og latin Vidare kurs 1. Eg drog heim, fylte flaska og drog der.

Eg var ikkje særleg flink, men me var sopass få gutar at eg trur det gjekk greitt likevel. ;p

Åt ein falafel, vart yverraska yver at det framleis var so tidleg (21) og arbeida litt for SmiB på SmiB-kontoret.

So gjekk eg ut og tok 15 bilete av månen, av di eg lovte ei dama frå CouchSurfing at eg skulle gjera det i dag (huh?).

Og no sit eg på Kvarteret og her stengjer dei no. So no må eg gå. Ja, so det var i dag. Dei andre dagane fær berre gå i gløymeboki… :-)

  1. Nielsen []
  2. Netland []
  3. Devold Midttun []
  4. A. Horn, han jobbar saman med Audun med masse praktisk og strategisk. []

Torsdagsterror

image

Av ein eller annan grunn legg absolutt alle absolutt alle ting på torsdagar. Eg hev ikkje peiling på kvar denne konspirasjonen oppstod, men han hev vara lengje.

Eg hugsar faktisk heil attende til ungdomsskulen at torsdagar alltid var problematiske av di det hende so mykje. Men i dag vonar eg at torsdagstyrraniet hev toppa seg og ikkje vert verre; for det er no på nye, uante høgder og det siste eg vil er at det skal halda fram slik.

So, kva skjer for meg på torsdagar 19-21? Lat meg lista upp:

* Teatersport
* BSI Dans
* BLUG-møte (bergen bsd og linux usergroup)
* Innebandy

Det er gale nok når **2** ting kræsjar, men 4!? Eg hev gjeve upp innebandyen, det er ingen vits når det må konkurrera saman med alt anna. Dessutan er eg like usportsleg som alltid diverre. Litt synd, for eg tykte det var sers moro.

Teatersporten kjem eg alltid på i byrjingi av semesteret, men so kjem den ekstreme reisingi mi brått på – og vips so er 3-4 veker gått.

BLUG-møte hev eg *aldri* vore på grunna det elendige tidspunktet dei hev konspirert saman med alt anna kjekt som hender.

So no i det siste so er det dansen eg hev prioritert. Diverre hev eg vore vekk frå han 2-3 gongar no av di eg hev vore anten i Oslo, Lysebotn eller Stavanger. Sers synd.

Elles vart eg interessert i BSI Wushu då eg traff leiaren og søkte rundt for å vera med, dette må jo verta bra. Kor tid gjeng det eg ville vera med på? Torsdag etter 19.

Sant og segja so hev eg _ein_ til fritidsaktivitet, og det er BSI segling – dei hev ting kvar dag – so det er enkelt å velja anna enn torsdag.

Er det ikkje berre tilfeldig då?
———————

Den er ganske enkel å svara på. Ser denne lista med fritidsaktivitetar tilfeldig ut:

* måndag: ingenting
* tysdag: ingenting
* onsdag: ingenting
* torsdag: **dans, BLUG, teatersport, innebandy, wushu**
* fredag: ingenting
* laurdag: ingenting
* sundag: ABSOLUTT INGENTING!!! Stygge sundag.

So, eg spyrr retorisk, ser det der tilfeldig ut for deg?

Nei, tenkte so.

Eg kallar det torsdagsterror.