Merkelapp-arkiv: Dansing

Fyrste arbeidsdag på VilVite med Bevar Hardanger

Sidan eg ikkje hev uppdatert på ei stund lyt eg skriva eit superlågterskel-innlegg; eit eg fær ferdig i ein sitt: kva hev eg gjort denne veka?

Jo. Måndagen starta friskt. Eller, det trur eg ikkje. Eigentleg hugsar eg ikkje måndagen, so eg fær starta i dag heller.

Onsdag

Onsdagen starta friskt. Helene hadde sett radioalarmen hennar på grytidleg. Den same radioalarmen ho var veldig misnøgd med til jol, av di han ikkje laga ljod som ein hest. Ho hadde vitterleg skrive «vekkeklokke som lagar hesteljod» på ynskjelista, og ikkje «billeg radioalarm frå Clas Olhsson». Velvel, ho fekk det siste. Eg anar ikkje kvar eg fær hesteklokker. Den radioalarmen skulle visstnok rett attende til Clas med fyrste tog.

Slik gjekk det tydelegvis ikkje iom. at båe eg og Helene vakna roleg (etter eg hadde slege ned den fæle, alt-for-høge ljoden) til P3 Morgon. Eg trur Helene eigentleg ville at eg skulle slå av maskina, men eg lot som um eg trudde ho meinte slå ned, noko eg heller ville.

Eg og Helene søv gjerne til 14-15 tidi viss me slår av alarmen.

Nemleg.

Men i dag stod me altso upp fyrr 8. Det vil segja, Helene stod upp fyrr 7-ish, og eg litt etter å. So til saman vert vel det iallfall fyrr 8.

Same kva. Me var oppe. Helene stakk ut, etter litt. Eg åt litt frukost (som berre var havregryn i varmt vatn) og sendte eit par epostar i ymse sinnelag båe hist og pist. Når epostboksen var tom og rein (ulese = 0, altso, ikkje rein-rein, det er vandskeleg det), byrja eg so smått å dra meg til VilVite-senteret.

Det vil segja, eg gjekk kjapt til VilVite. Det var framleis myrkt, og eg måtte (vel, måtte ikkje, men, spara tid lixm) gå gjennom Nygårdsparken der rusmisbrukarane i Bergen held til. Dei er jo eigentleg ikkje særleg skumle, men eg vert litt råka og redd av og til lell. Er ikkje frå austkanten akkurat eg.

Eg var framme litt over 9, der traff eg Audun Klyve Gulbrandsen((Frå no av tek eg vekk den ekstreme etternamnsnemningi, eg likar å nemna etternamn, men det a) ser dumt ut, og b) er usikker på um folk likar det (PS: Eg elskar når folk nemner meg med fullt namn, enklare å finna att på Google då :P) )). Etter ein kort arbeidsøkt kom Vigdis 1, Geir 2 og Nils Petter 3 frå Phantom Film (det er vel namn du kjenner godt, pappa).

Dei tok med seg eit HMI-ljos (supersterkt ljos som ofte brukast som «sol» eller dagsljos i film). Det heile var veldig interessant, eg lurte på korleis Nils Petter skulle bruka den på det vesle, innenstengde kontoret. Han sa han var nok truleg litt i overkant optimistisk der, ja. :-)

Og so byrja dei å filma på dokumentaren sin.

For å forklara kvifor eg er der. Audun er dagleg leiar i Bevar Hardanger, som jobber mot luftspennet av høgspentmastene i Hardanger. Dei treng litt ymse teknisk hjelp (netsider, epost, du-nemner-det) fram mot publiseringi av eit par utredninger om kraftlinene. Difor spurte Audun um eg kunne hjelpa til. Og det var det jo veldig moro å verta spurt um.

So difor var eg altso der på kontoret. Og Vigdis og gjengen var der for å laga dokumentar om kraftlinemotstanden:

Kampen om Hardanger Filmskaper Vigdis Nielsen vil med denne dokumentarfilmen komme nær innpå noen av de sentrale motstanderne av kraftlinjeutbyggingen.

Sidan dette er ein dokumentar, er det høg sjangs for at eg vert klypt ut, men utruleg moro å vera med lell. :-)

Dei brukte forresten Canon 5D Mark II til å taka upptaki. Det såg allereide fantastisk ut der og då, eg er sikker på at det vert ein visuelt utruleg fin dokumentar.

Etter eit par timar hardt arbeid der, gjekk eg heim og traff Helene. So bar eg ein bag ho meinte var tung til jernbanestasjonen med ho (utan problem, vel og merke ;-) ) fyrr eg gjekk attende til andre sida av haugen for å halda fram med arbeidet.

Eg sat saman med Erlend 4 mykje av dagen. Audun kom på kvelden att.

Det var ein veldig god arbeidsdag. Eg fekk gjort veldig mykje. Ikkje i tal-på-ting, men i arbeidsmengd ;-)

Eg skulle so på dansekurs, Standard- og latin Vidare kurs 1. Eg drog heim, fylte flaska og drog der.

Eg var ikkje særleg flink, men me var sopass få gutar at eg trur det gjekk greitt likevel. ;p

Åt ein falafel, vart yverraska yver at det framleis var so tidleg (21) og arbeida litt for SmiB på SmiB-kontoret.

So gjekk eg ut og tok 15 bilete av månen, av di eg lovte ei dama frå CouchSurfing at eg skulle gjera det i dag (huh?).

Og no sit eg på Kvarteret og her stengjer dei no. So no må eg gå. Ja, so det var i dag. Dei andre dagane fær berre gå i gløymeboki… :-)

  1. Nielsen []
  2. Netland []
  3. Devold Midttun []
  4. A. Horn, han jobbar saman med Audun med masse praktisk og strategisk. []

Ugress-konsert!

Det var med stor glede at eg såg plakatar som fortalte om ein komande Ugress-konsert på Kvarteret. Eg har elska Ugress heilt sidan eg var på konsert med dei (vel, han) på The Gathering 2003.

Eg gløymde heile upplegget likevel. Eit par dagar fyrr det starta såg eg plakaten att og sprang ned til Apollon for å høyra um det framleis var billettar att;

«Hah, ja, mange, ingen problem det, stress ned» …sa han.

So då stressa eg ned og tenkte eg helder burde prøva få folk med meg. Og det starta eg med. Eg spurte med meg ein 4-5 stk, men ingen kunne/ville. Hadde berre Egil budd i Bergen so hadde han vore med glatt, er eg sikker på.

Eg skreiv ei melding på Couchsurfing (profilen min, CS er heilt genialt!) same dagen, det var 3 stk som svara. Ein ville, men skulle på noko anna (saman med mange andre CS-erar), dei to andre sa «kannhenda». Han eine høyrde eg ikkje frå fyrr midt på natta etter konserte, medan han andre likevel ikkje kunne av ymse grunnar.

Jaja, so eg gjekk åleina.

Konserten starta 21.00, so eg var der 20.45. Hah! Men konserter fungerer ikkje slik i Noreg. So eg spurte kor tid Ugress gjekk på, det var 22.30. Eg gjekk heim att og venta. Då eg var der fyrr 22.30 var det framleis ekstremt få på den store plassen. Eg vart ganske satt ut.

Eg kaupte meg ein Erdinger Weiss Alkoholfrei og stod og hang litt i det digre nesten-tomme rommet. Ei gruppe på fire kom inn, dei kaupte øl i baren. Eg gjekk bort.

Fekk med meg at dei tykte det var få folk, og lurte på um det kom fleire til 23 då. Ugress skulle visst på 23 no.
«Eg var redd for at det skulle verta fullt, men, hah, tydelegvis ingenting å vera redd for!», sa eg, for å introdusera meg.
«Ha, ja! Eg og, eg er heilt sjokkert yver oppmøtet her,» svarte Mats, òg ein Ugress-fan.

So prata me litt, eg vart med dei upp ein annan plass for å unngå å hengja i det tomme rommet. 23 gjekk me ned att. Ein del fleire folk. Kannhenda 20 stk no (10 frå fyrr). Eg gjekk åleina fram og stilte meg vedsidan av nokon andre.

So kom han på. Og det starta. Og musikken starta. Og etter veldig kort tid, so var rommet fullt. Elder, såg iallfall slik ut frå der eg stod. So alle saman vart flaue yver at det var so få folk og gjekk helder ein annan plass.

Konserten starta. OG HEKKAN FOR EIT FANTASTISK LJOSSHOW. Tøft videoshow, ein fantastisk LED-skjerm som hadde so sterke LED at han vart båe brukt til dritkul stilisert/prosessert video (og mykje frå gamle filmar) men òg som den kulaste råaste ljoskastaren du kann tenkja deg. Han blenda lett publikum med den.

Det tok litt tid fyrr eg kom inn i danse-mooden iom. at eg var dønn åleina. Men etter eit par låtar so vart det sveitteframkallande slik konsertar skal vera.

Halvvegs uti, såg eg Solgunn (førre SmiB-leiar). Kjekt å kunna dansa og taka av litt skikkeleg då. Det var greitt når eg stod med Solgunn. Ho er forresten utruleg god å ha på konsertar av di ho dansar so mykje og bra. Skapar stemning og fest ;-)

Musikken var sjølvsagt , heilt fantastisk. Songane frå dei gamle albumi var best, men heile upplegget var kjempekult.

Eg tok eit lite upptak med det totalt elendige og forkastelege kamera på mobilen min. Det var i ein augoblink der eg ikkje var heilt inni musikken, so det er ikkje på det beste tidspunktet. Dessutan klarar ikkje ffmpeg å transcoda det sære ljodformatet AMR til vorbis, so ingen ljod.

Då konserten var ferdig (alt for tidleg!), møtte eg eit par folk gjennom Solgunn. Eg hadde tenkt spyrja ho kvifor eg burde jobba på Hulen (Hòla), og ikkje Kvarteret – men det viste seg at alle eg stod og hang med òg jobba der, so eg spurte det same. So eg er yvertydd, og skal hjelpa til på Hulen til neste semester. Gler eg meg til. Miljøet ser mindre og meir samansveisa ut. Eg spurte eit par i ein bar på Kvarteret, men dei var ikkje like interesserte i å verva meg forstod eg.

Greitt nok, det er heilt tilfeldig kven eg spurte, og hadde eg spurt nokon andre so kunne eg sikkert fengje eit meir entusiastisk svar. T.d. er det ofte slik at dei som er nærast «sentrum» (og jobbar mest) er mest entusiastiske. Solgunn er jo ganske sentral på Hulen (leiarar er vel ofte dei mest sentrale folka), men det var ikkje berre ho, alle Hulen-folki me traff vart heilt i hundre yver at eg hadde lyst til å verta med. :-)

Me tok ein kort tur uppom Hulen, fyrr eg gjekk heim. Framleis med den utruleg gode Ugress-konsert-kjensla i kroppen. Vonar ikkje det vert for lengje til neste gong. :D Og kannhenda andre kann koma med òg då, sjølv um det ikkje viste seg heilt naudsynt.

Karaoke på nattoget til Bergen!

Eg sit på nattoget og er i eit heilt ekstremt supert humør. Det er ikkje yverdriving ein gong (noko eg ofte gjer, orsak)! Fyrst tvo episoder Ugly Betty (wey!) og so KARAOKENATTOGET!

Fyrr alle vert mongosinte på meg for å gjera noko so ukristeleg på eit nattog so må eg få segja at eg ikkje syng ut høgt og at eg hev øyreklokkor på. Men eg legg ikkje sjul på at eg so gjerne, so gjerne, so gjerne skulle ha synge ut HØGT OG KLÅRT.

I dag fekk eg høyra «Skal du taka nattoget, åjavel, men det er vel greitt – då fær du sova!». Eg var sjølvsagt rask til å forklara denne personen at, nei, slik er det ikkje. Alle som hev lese netsida mi ei stund veit kva eg meiner um dette, men eg likar so godt å segja det, so eg svara altso;
«På nattoget sit du oppe heile natta i eit lite sete, du søv ikkje, det er difor det heiter nattog og ikkje sovetog
Det er nett difor mi nye oppdaging er so herleg!

Den ekstraordinært urolege dansingi mi i setet, er vel ei slags kompensasjon. Diverre trur eg dét óg er irriterande for folk. Spesielt tastaturknastingi mi òg no. Eg er so hyper og hev funni ut at karaoke er so vegen å ganga. Eg hev gaula ljodlaust ut mellom andre dei fylgjande låtane:

  • Phantom of the Opera – Music of the Night
  • Brecht – Mack the Knife
  • Maroon 5 – This Love
  • Cat Stevens – Oh Very Young
  • Akon – Lonely
  • Waltzing Matilda
  • Up Where We Belong (Love Lift Us Up)
  • You Are My Sunshine (My Only Sunshine)
  • Metallica – Hero of the Day

Det er veldig underhaldande. Eg kann ikkje forstå at eg ikkje innsåg kor ekstremt bra dette hadde vore alle dei andre gongane eg hev teke nattoget.

Åh. Eg er heilt i skyone. Svevande, slik so mange andre menneskje. Men no kjenner eg det i meg – ikkje slikt klissete metaforisk. Hoho.

Vel, folk rundt meg er sinte på snart 3 timar med irritering frå mi sida. So eg sluttar å syngja, sluttar å skriva og sluttar sitja på maskini mi. Åvel. Kva skal eg no?

Sova!?

Mohaw, litt dansing ein ikkje kan styra

Så er me tilbake her frå huset der ein heng meldingar med feite krigstypar oppå fastteipa ljosbrytarar. «HUSK LYSET!». Javel? Skal eg hugse ljoset? Det er vel kanskje alt me kan gjera, etter at badet no er dømd til evig mørke av ein ljosbrytar som ikkje lengre gjer jobben sin. Slikt skjer når ein teiper han fast.

Det er Pappa som har gått berserk. Falke (ja, eg skulder på han) har det med å gløyma slukkja ljoset, det tåler ikkje Pappa. Han har irritert seg grenselaust over dette i lang tid no. Det heile har som vanleg enda med ein forhasta løysing. Han blir utruleg irritert og dummer seg. Ahvel.

Eg har gjort noko veldig moro i dag. To gonger tilogmed. Det varte ca eit sekund kvar. Var ca. ein halvtime mellom dei. Det var som å fly. Virka som om det vara utruleg lengje, og det var superherleg. Det eg nesten gjorde var å svime av.

Nesten svime av er herleg

Slik er det berre. Hadde eg aldri trudd. Men akk, for ei kjensle. Det var som eit dansetrinn, – eller, hm, nei. Meir som ein karusell! Og eg hadde ikkje noko kontroll over kroppen, men eg var stadig medviten i sekundet. Beina svikta, hovudet rulla rundt og bak, kroppen vridde seg og eg såg rett opp i taket med den herlegaste kjensla. Det er som å dansa utan å kunna styra det. Ein blir berre ført. Alt blir meir spanande slik. Hoho.

Så undrer du kanskje, avhengig av kor mykje du bryr deg om meg, korleis inni fiskebåten eg klåra nærast svima av. Veeel. Det er eg ikkje sikker på. Men då eg var hos Rebecca i går var eg ikkje heilt god. Eg var trøytt, utan å vera trøytt. På ein måte. Eg har ikkje hatt mykje søvn i det siste, så det kunne vore det. Har vore lange periodar med for litan søvn. Ikkje slik døgning her og der; nei, det har gått føre seg litt lengre. Men ikkje ekte trøytt.

Me fiksa det etter litt. Så var eg bra. Tenkte på andre ting og hadde det moro. Pappa trudde det var at eg hadde fått for lite væske i meg. Det kan vere noko. Eg tenkte over dette. Jo. Eg hadde drikke utruleg lite dei to dagane. Ein skal jo drikkja rundt 3L dagleg, eg hadde vel drikke ein tiendedel. Og over halvparten av det var kaffi. Kombinert med ikkje alt for mykje mat i det siste heller. Sjølv om eg ikkje meinte det måtte ha storte innvirknaden på det. Eg har jo trass alt levd med utruleg mykje mindre mat enn dette. Kombinasjonen av alt kan likevel vera av tydig.

Hm. Yvonne fortalde meg det alle seier (og det eg ville sagt til meg sjølv); legg deg. Hm. No er klokka 00:00. Eg hadde tenkt å runde av. Men eg kom på ein liten ting.

Omelett sånn i 11–01-tida.

Eg kom heim i går, – tidlig heime frå Reb. Tenkte eg skulle leggja meg tidlig sidan eg var litt rar. MEN! Ingen heltar kan – ehm, driva på – utan mat! Så eg tenkte; skikkeleg mat til skikkeleg dårleg gut. Så laga eg omelett. Eller noko liknande. Tok masse mjølk, eg tok originalt litt, men tenkte eg liksågodt kunne brukt all mjølka. Heile feilen med denne maten min var for mykje mjølk, så der blei feilen gjort…

No sat eg at pcen skal slå seg automatisk av om 5min av di mamma byrja klaga. Så eg må runde raskt av slik at eg får lagra dette. Ahvel. Fina vere osb. Eg hadde ikkje tenkt å runda av så tidleg, men det er vel til det beste… :) Jaja. Natta. Pass på dykk sjølve ;D Hihi.

Salsakurs ferdig

Javel! Då var 6-ukers Salsakurset ferdig for meg. Då kan eg ein god del meir salsa enn det eg kunne då eg starta ;) Moro. No gjeld det berre å finne nokon eg kan danse med – men trur ikkje det er mange. Dansing er ikkje så forferdelig populært diverre.

Det har vore 6 kjekke tirsdager – eg lurer på om eg skal fortsette på dei meir avanserte kursa (dette var forståeleg nok eit nybyrjarkurs). Faktisk var eg berre tilstades i 5 av dei, men det gjorde ikkje noko – har kome inn i det lell. Me byta dansepartner ca kvart 2–3 minutt, fungerte bra. Nokon av jentene var flinke og enkle å danse med, medan andre var så slappe i kroppen at det var heller vanskeleg å føre. Så om eg skal få meg dansande kjærast (vel, eg hadde vore glad for berre kjærast – men kan jo iallfall håpe på litt meir? :] ) må eg passe på at ho har litt muskler slik at det blir lettere å føre og danse bra. Men dei fleste har jo muskler heldigvis.

Kosta vel ein 300kr, om eg minnest rett. Og – ja, om nokon er interesserte kan eg lære dykk litt salsa no ;) Sjølv om eg ikkje forventer den store pågangen. Det er jo ikkje særleg maskulint å danse, – og såvidt eg veit er det ingen jenter som leser på denne sida, såå…

Norsk besøk

Ein hektisk uke med Norsk på besøk. Noko eg skreiv meir for å få skrive det ned enn for morro – derfor kan han kanskje væra litt keisamn :)

Mandag 8 Mars, kvinnedagen – eg gadd ikkje stikka på pub i dag. Eg skulle eigentleg – men hekkan, når ein kjem heim i 9 tia etter å ha vært på skolen i nærmare 10 timar, chatta, surfa forum, lest og ein heil haug andre unyttege ting må ein ha ei lita pause. Pause, det er kva eg treng no – etter sist helg. Nokon av dikon har kanskje sett bildar i fra sist helg, og ja – det går hardt for seg. Sist uke kom masse Norsk på besøk – deriblant Camilla og Egil frå GK på Hetland. Eg var utruleg glad for å sjå dei – dei har ikkje noko med einannan og gjere men eg hadde begge satt opp som personar som skulle “besøke MEG” :D

Det har vært ein god del norske folk nedi her, og kjekt har jo dét vært, men aldri har nokon besøkt meg. Dei fleste (alle?) hadde hatt besøk av familie, og mange hadde også fått besøk av vennar i løpet av vårt opphold her nede. – Utenom meg då sjølvsagt. Eg har eigentleg ikkje tenkt noko på det, men då eg fysst hadde fått to folk som skulle besøke meg (ikkje bare meg då, så heldeg er eg ikkje ;-) ) blei eg enoooormt glad. Var nokon som var glad i meg óg :D

Mandag 1 Mars – Nøyaktig ei uke siden kom eg ned på Pub Oxford – den normale pub kvelden tenke eg, men då eg kom fram fann eg halve puben full av nordmenn. Eg hadde sjølvsagt gløymd at det var vinterferie i Noreg, og eg tenkte ikkje at folk skulle komme på den tia – men det hadde de visst. Så etter litt om og men måtte eg finne Camilla, ho var negativt overraska over skjegget og (off) barten min. Og eg fekk høyre det – ikkje bare ein gong, men gjentatte ganger heilt til stengetid. Det var veldeg kjekt å sjå Camilla igjen og få sagt nokon ord :-)

Så kom dilemmaet – skulle eg dra heim, eller skulle eg dra til byen? Eg dro til byen – eg følga Kjersti til bussen (ho er ein del av Norsk klassa her nede) og sykla til Park End. Der var eg glad dei ikkje var nazi på ID – eg kom inn og fann folka. Eg hoppa(:P) og dansa som vanleg – sprang rundt og såg på folket. Eg gjorde ein god del kan eg huske – sjølv om eg ikkje skal legge for mye vekt på det (eg prøvar å skrive eit sakleg referat – tørt som det nå enn må være). Etter ein stund dansa eg litt med Ole Faltins – ein skikkeleg kar ein må sjå opp til. Han er utruleg flink med design uten at eg har høyrd noko frå han – “eg har sett mykje AV ham, men eg har ikkje høyrd noko OM han” – som eg ein gang sa. Han er den som har ferdigheitane og ikkje skryt av dei (slik som eg fort kan gjere :P (ref: Linux, PHP, Video og andre ting eg kan speseielt bra)) ;)

… For interesserte så var eg ikkje nær nokon jentar nei – eg har ein spesiell aura rundt meg som støytar dei vekk. Ikkje dét at det er noko gale – eg la ikkje eigentleg merke til nokon jentar på Park End uansett.. Eller, det var ei som tok meg på raua heile tia – eg trudde det var Jon, men etter ei stund fann eg ut at det var feil. Så då flytta eg meg, skitne engelske kvinnfolk – ha deg vekk. Mot slutten blei dansinga ganske vill (hmm, lurer på kva som er gale med meg, eg følar “danse” er eit tabu ord for oss guttar :| Danse, oooofff, daaanse, ooooofffff.. Synd at eg dansar på danseplassar fordi då må eg skrive danse så mykje (t-t-tog du’an!? :p)… Kanskje eg ikkje likar “danse” ordet pga. danse-kursane eg blei sendt på?)

Til slutt stod me uttafor Park End, dei hadde stengd. Eg snakka me Kalle (Karl), ein svensk fyr som hadde invitert oss på Nachspeil – ein god del folk ville være med. Me snakka om løyst og fast – til slutt kom me til alokohol/røyking/dop, og dette er jo alltid morro. Er alltid eit lite kick med slike situasjoner, eg skal fortelle at eg er avholds til ein ukjend. Eg ventar fremdeles på den forferdeleg barnslege, idiotiske drittreaksjonen, men Kalle hadde ikkje den. Då eg forklarte til Kalle såg eg bort på Ole nokon gangar – trengte litt støtte, eg vett ikkje om Ole visste at eg ikkje drakk, men virka som det då eg såg på han då Kalle spurde “Vi kæn drink and smoke, hæhæ, ar ju doin dætt?”(eller noe i den duren). Vel, eg veit det virkar teit når ein les det slik, men det var utruleg morro – rar svenske, eg må seie noko totalt uventa til han, eg ser på Ole, “ai dåont drink” seier eg til full svenske, ser på Ole før Kalle begynner å bable videre.

Men her gjør Kalle noko eg likar han godt for – han får umiddelbart respekt for meg (som fleirtallet gjer) og snakkar om dét. – Kalle forstår :) Og sjølv om han røykar, drikk, snuser og hasjer så kunne han respektere min avholdenhet :P Om nokon klarte å ha det kjekt uten alkohol var det utruleg bra for dei. MEEEN uansett – veldig nok om dét. Ole og folka (bryr meg ikkje stort om dei andre) måtte dra så dei sa hadet osv, og rett før Ole dro sa han at eg va kongen av dansing. Wooooooow :D DÅ blei eg GLAD ;D – Eg som sjøl beundra Ole blant ana for HANS dansing. Jøsses – når du får kompliment av ein som er “høgare”/bedre enn deg i noko betyr det noko enormt mykje. Hadde eg f.eks fått “Du e så flinke med PC” fra X klassevenninnne/kamerat liten effekt, om derimot Linus Torvalds sier “Hekkan pekkan Odin, du eije jo ACPI userland patching!” etter at eg har lagt mykje arbeid inn i ein acpi patch vil det ha ein enorm virkning på sjølvfølelsen.Veldeg glad sa eg det same til han (litt teit å repetere slik, men var jo HAN som var kongen ;) ). Nå som Ole er “ute av historia” må eg beklage for at eg nevnde Ole litt vel ofte – men han er ein skikkeleg kar og ein skal ha stor respekt for ham, difor fortjen han litt kreditering ;)—Vel, hekkan, eg er trøytt og vil sove. Eg får rushe resten av uka fort som fy. Eg dro med Kalle på “EfterFest” hos han – men det var ingen som blei med! Så eg gjekk aleine. Der satt de å røyka hasj og drakk, me snakka og nokon spelte gitar mens andre høyrde på musikk. Etter 2 timer var klokka 5 og eg stakk – så var det bare sykkelturen heimat då……. Euhm..

Tirsdagen var eg travel på skolen med å få gjort norsken – og tadaaaaaaaaaaaaa, eg fekk gjort det! :D (om enn veldig dårleg – så fekk eg nå gjort det!). Heime at huskar eg ikkje kva eg dreiv på med, men det er sikkert ikkje interessant. – Neste dag traff eg Camilla på skulen, og det var utruuuuuleg morro, me snakka så lenge eg kunne for å ikkje komme alt for seint til timen. Dessverre var det litt for kort… :/ På kvelden skulle det være City Arms puben – eg var der tidleg, men ingen andre var der. Eg gjekk rundt og kjeda vettet av meg i ein halvtime eller så – før eg sykla til byen for å se om eg kunne finne Camilla og gjengen. Dei skulle spise ein fin plass denne dagen.

Det regna som fy huskar eg – eg blei dassblaut der eg sykla/spaserte gjennom byen. Eg traff folka til Jon, dei hadde vært på pub – men traff ikkje nokon andre. Til slutt gav eg opp mi håpeslause ferd og satte meg på Lamb & Flag – pub’en kor CompSoc folka pleier å henge, og det var dei eg lette etter. Eg såg inga kjente fjes, så eg satt meg ned på ein barkrakk og bestilte ein cola. Der satt eg aleine og såg på folk, følte meg ikkje heilt i toppen sittande aleine der. Eg starta mot byen igjen då colaen var ferig – og på Cornmarket street såg eg Maxim, Jon og mange andre norske. Der kom dei, ca 3 timer etter eg eigentleg gjekk ut. Me gjekk så på DTM. Det var ikkje morro. Eg ville snakke med Camilla, ikkje henge på ein lam klubb… Eg bestemde meg for å gå mens eg ennå klarte å stå på to bein av keisamnheita. Raskt gjennoppliva av frisk luft starta eg ein samtale med dørvakta på DTM – den slutta ikkje før DTM stengte!

Stengt DTM… Audun hadde gått ut for å leite etter jakka si, men eg fann ho inne på DTM – han jekk seint tilbake til oss, eg veiva med jakka. Han sto rett foran meg, så sa han “Hekkan, eg finne isje jakkå mi” – ehum. Eg hadde stått i 2 min og veiva me jakka hans samt hinta. Dørvaktane lo av Audun då. Han va mildt sagt vekke. Jaja – henn skal dikon då? – spør eg, og følger etter mengden. Mange skulle heim, men eg følger med Jon og ei 3 klassing etter pit-stop på kebabkid med til Backpackers. Eit “hotell” – vel “hostell”, vel “ungdomsherberg”, vel “nattklubb med senger?”….. Det var det liv :) Å gjett om det var liv! – Så eg starta turen hjem litt etter 4, me skulle jo filme heile reklamen vår neste dag. Den me EIGENTLEG hadde filma 6 ukar før – men så kom ein hellsikken jævel av ein drittsekk og stjal den helvettes kassetten min!! – Uansett, neste dag ville bli ein lang – travel og slitsom ein.. Spesielt når meg og Thomas hang på Nachspeil til langt på morgen hele tia! – Eg sykla hjem.

Torsdag… Hard dag på skolen som sagt, meget hard for meg og Thomas. Me som óg var trøttast. Thomas minna meg heile tia om kor trøytt eg var. Eg huskar ikkje stort fra dei første timane – men tror eg sov i hånda mi litt. Så kom kvelden – ville ein normal person gått ut etter slik utmatting? Nei… Eg ville heller ikkje. Meeen, eg ville treffe Camilla igjen – ho er jo tross alt ikkje i Oxford kvar uke! Dessuten ville Regis snakke med de norske jentene (då spesielt Lotte). Me dro ned (eg sykla, han buss) – men dei hadde ALLESJEKKE ID UANSETT dag på Jericho… Hekkan. Eg har vært i ein slik før – og då kom eg inn begge gangane eg prøvde! – Men denne gangen var Regis med og han blei nervøs for meg, dette smitta. Og då eg prøvde å komme inn blei eg stoppa. Siden eg er <18 har eg ikkje bevis for at eg er =>18, så…. :( – Me kjøpte noko chips osv og dro heim. Så såg me den fysste timen av “Total Recall” med Arnold Schwartzneger, før me la oss.. (eg var for trøytt til å se den siste halvtimen).

Litt tidlegare på kvelden hadde eg óg lært at Camilla ikkje var i Oxford lengre – då var det jo ingen vits i å gå ut uansett… Men eg var veldeg lei meg for å ikkje ha komt inn på pub uansett. Det var eit slag i fjeset :’(—Men nå er det blitt ein ny dag, så eg må få sett å legge meg! – Eg som liksom skulle skrive noko som erstatning for at eg ikkje gjekk ut, vel, ein blir sein i seng uansett!