Merkelapp-arkiv: Dårleg

Nesten normal (Next to normal) og utruleg keisamt

Nei, dette var ei gymprøve i uthalding. Tunge greier. Eit godstog av nesten lik musikk i ein aldrisluttande loop. Det sluttar aldri, det er likt, det er banalt, enkelt og utruleg upplagt. Dette er nesten normal.

Ok, for å ikkje starta med total slakt; songane var godt oversett og med god tekst. Dessutan var det ikkje like gale som Which witch. Charlotte Frogner er jo like flott som alltid, ho er sers flink, Helene si forelsking er ikkje vandskeleg å forstå der. Thomas Bye er òg ein skodespelar eg set stor pris på og likar veldig godt. Men so byrjar det å stoppa. …

Slapp regi, einsformig musikk og forutsigbar historie. Ein heil del repetering og tvilsame forsøk på å spela på kjensler. Eg vart bra provosert då eg såg dei råbillege triksi fungerte på sidejenta som sat og snufsa. Det er so mykje ekstremt bra teater som rører deg langt inn i beinmargen («Tape» på rogaland teater), og då vert det so leit å tru at slike undermåls teaterstykke er representative for, … ja, gode teaterstykke.

Det heile starta eigentleg godt og lovande, det var jo trass fyrste gongen me høyrde musikken. Han var bra, god ljod i bandet på toppen av scena. God scenografi var det òg. Iallfall den fyrste halvdelen; etter det hadde alt vorte so einsformig og keisamt at einkvar vesle nykreative vri i scenografien, ljosettingi, eller andre plassar hadde vorte sett stor pris på. Diverre var det lite av det, alt me vart servert var ymse flåsete utsegn, vonde klisjear som til nokon si forteneste var litt innpakka slik at eg til nauds overlevde.

Som um det ikkje var nok at musikken var like flat og fjellaus som austlandet der stykket er sett upp, hadde dei valt same form på stykket i heilskap. Her var ingen fjell og dalar, nei, her var digre, flate kornåkre verdig ein bokmålsskrivande stordriftsbonde 1. Snork. Vel, det var ikkje heilt gale, dei var ikkje i ein djup dal heile tidi, men låg på eit mellomintenst nivå heile tidi. Problemet er jo at det er dørgande keisamt. Sjølv på barneskulen vert me prakka på denne spaningskurva som var so absolutt fråverande i dette her stykket.

I slutten skjedde det som ikkje burde skje; den hekkans Frank Kjosås-fanklubben reiste seg sørenmeg. Og etter kom 60-åringane, som praktisk talt tyder resten av salen. Og der stod dei og klappa, og alle andre føler dei må stå berre fordi desse hormonelle jentungene i sine fantastisk usmakelege Comic Sans-infiserte «Frank Kjosås fanklubb»-gensrar absolutt skulle stå for helten sin. Sånn litt av tema; dei er jo greie og søte nok dei, småjentene, men designsans og -smak kann ingen skulda dei for å ha.

Same kva. Alle følte dei måtte reisa seg, men eg neittar som vanleg med mindre eg tykkjer stykket er bra og eg står inne for det. Eg er jo ofte då òg personen som startar klappen, held det gåane og fær folk til å reisa seg. Greitt nok, kannhenda det fantest folk som tykte stykka eg hev reist meg på var halvgode og ikkje noko spesielt, men, vel 1) eg trur ikkje det, og 2) i so fall so hev vel dei skrive um det i sin blogg, og det er jo vel og bra. Men altso her, nei, då vart eg sitjande mellom alle, og kjende meg som ein idiot, slik du normalt gjer når du sit medan resten står, men eg må jo halda på integriteten min.

I oppsummering vil eg _igjen_ trekkja fram at dette ikkje er noko dårleg stykke, det er berre ikkje særleg bra. Det er heilt greitt. Heilt greitt, heilt normalt, heilt flatt, ganske keisamt. Eg forventar ikkje Rogaland Teater-kvalitet på alt Det Norske Teatret gjer, men eg ventar no ei viss kvalitet. Her hev dei levert noko på line med dei fleste stykka eg hev sett på national theatret, og det er som de alle bør vita, _ikkje_ stykke du vil verta i same bås som 2

So, samanfatta tilråing i tvo ord; spar deg.

  1. det finst sjølvsagt mange nynorskskrivande bønder på austlandet, men veddar på at nynorskingane sine åkrar er båe meir interessante og frodige enn dei tilsvarande for bokmålingane []
  2. vel, eg såg eit fantastisk bra stykke med Jo Strømgren-kompani på National Theatret, men dei leigde jo berre stykket inn – so det tels jo eigentleg ikkje. []