Merkelapp-arkiv: Datarelatert

Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)

Eg sit her og kjem inn på at eg vil spela vidare på «Zelda – Twilight Princess» heile tidi. Men Wii-en min er sjølvsagt heime i Stavanger, same med Nintendo Gamecuben. Grunnen til at eg er i Oslo og ikkje på ferie i Stavanger (som eg hev vore den siste månaden), er at eg hev tri eksamenar her. På måndag kjem det vanskelegaste; systemutvikling. Men eg fær ikkje lest stort av di eg hev ei kjensla av at eg fyrst vil gjera noko moro, altso spela Zelda…

Teite svadaord (minner meg um marknadsføyring)

Det er ikkje vanskeleg i seg sjølv, det er superenkelt, problemet er at det er ein haug svada og tull som eg ikkje er interessert i. «Fossefallmodell», «Ugruppert modell», «Gruppert modell», «Usecase», «Bruksmønstermodell», «Den redundansfri modellen», «Kravspesifikasjon», «Frå skallet og inn», «Frå kjerna og ut» og ikkje minst UML, UML, UML. Høyrast dette moro ut? Høyrast det nyttig ut? Nei! Nettopp, det er ikkje nyttig eller moro. Det er svada, ekte svadatull. Jodå, noko av dette er eigentleg interessant i seg sjølv; men ein viktig forskjell er at det ikkje er interessant å prata um det i generelle former. Altso; det er greitt nok, eg skal laga eit program og då er det jo lurt å tenkja på kva data dette programmet skal handsama.

Sjølve systemutviklingsfaget inf1050 på UiO handlar mest um å laga modellar og diagram, pluss ein heil haug planar. Eg synest det er betre å faktisk gjera noko; men eg veit jo at dei fleste firma som driv med informatikk tener masse pengar på å vera superineffektive. Dei skriv suppa si i klasse-tung Java. Det vil seia:

Klasse-tung Java: I staden for å kaupa og bruka ein hammar for å slå inn spikaren so tenkjer du; ahh, eg må sjå på dette som eit meir generelt problem – eg må laga noko ålment for å slå inn ting. So du lagar ein hammarfabrikk som kann laga allslags innslåingverkty. So tenkjer du, ahh, må laga noko endå meir generelt, ein vil jo ikkje berre slå ting inn, kann henda nokon vil skru noko. So lagar du ein fabrikk som produserer jern til eigne skrujern- og hammarfabrikkar. So tenkjer du, ahh, må gjera det endå meir generelt, slik at ein slepp å gjera dobbeltarbeid um ein nokon gong treng noko som liknar litt. So lagar du ein fabrikk for å laga fabrikkar.

Og der ser du. I staden for å kaupa den hekkans hammaren so driv du og lagar fabrikkar som produserer fabrikkar som produserer jern som produserer slåverkty som produserer ein hammar du kann bruka til å slå inn spikaren med. Då er det ikkje rart å sjå kvifor ein treng masse teikningar og diagram og anna tull fyrr ein kann gjera noko. Programmet vert treigt og vondt av slik yverabstraksjon, sers lite effektivt. So dette systemutviklingsgreiene er berre del av eit stort ineffektivt apparat som syg pengar og gjer ting treigt og vanskeleg.

Alt er ikkje mørkt eller vondt

Ohvel. Det er nok ikkje so galt, og eg hev sjølv teikna UML-diagram for mine eigne prosjekt. Dessutan abstraherer eg gjerne klassar til generelle problem når eg skriv objektorientert. Men likevel er heile faget ei forbereding for at ein skal kunna jobba i eit digert føretak som lagar «Enterprise» program system. Dette kjem ikkje eg til å jobba med. Eg tek informatikk av di det er moro, ikkje av di eg skal verta ein slave for firma som Visma. :S

Eg hev ein innebygd skepsis for INF1050, og hev ikkje likt det sidan eg såg boki. Det er ei ekte svadabok der dei skriv side opp og side ned med teite utrykk og seier ingenting. Inni mellom finn du kann henda litt meining, men det er fyrst etter du hev lese 2–3 kapittel. Eg vert vond av slikt. Og vil heller spela Zelda.

På tysdag, etter eksamenen i INF1050, hev eg eksamen i INF1010 – som er programmering. Det gjeng greitt nok. Og so er det eksamen i INF2270 Datamaskinarkitektur, det er eit moro fag. Vonar eg gjer det bra der.

Zeelda! :-(

Tenk lokalt, handla globalt

Ei jenta fekk ein vassbøffel til jol. Ho kom ikkje til å taka i mot han sjølv, men ein fattig familie i Asia ville få han. Men i den lille teksten til Heifer International stod det at det ikkje ville kaupa ein ekte bøffel, men pengane ville gå i eit vanleg godgjerande føretak. Kjipaste jolegåva, spør Greenspun i bloggen sin. Han fær svar frå Bob som bur i Kina, og frå der finn dei ut at dei skal gjeva ein bøffel på ekte.

Vassbøffel, 4 generations

Bob tek i mot pengane for å kaupa ein vassbøffel å donera til ei fattig familie. Han laga ein kort dokumentar av det heile, 4. generations. Veldig stilig gjort. Det er verdt å nytta 10 minutt for å få med seg denne dokumentaren. Fekk meg til å tenkja på «Tvo barn, ei verd»-filmen (To barn, en verden) mamma og pappa laga i Vietnam for ei tid sidan.

Dette innlegget «stal» eg ganske skamlaust «frå ein annan blogg»:http://www.kottke.org/07/01/think-locally-act-globally (kottke.org). Men han hev jo CC-lisensiert blogg på same måte som meg! Eg kunna faktisk kopiert heile direkte utan problem

Disney stoppar ytringsfridom og stengjer blogg

Ein bloggar sende ein e-post til m.a. AT&T, VISA og Bank of Amerika um det (m.a.) rasistiske innhaldet i radioprogrammet der dei reklamerte i. Då VISA trakk seg ut svara Disney-konsernet med å senda eit trugsmål til bloggaren. Ljodklippi han bruka (under «fair use») som prov, vart kalla brudd på åndsverksloven (copyright). Nettsida til bloggaren vart teki ned av nettilbodaren honom, ei «effektiv» måte å stansa ytringsfridom. Dette er endå ein maktdemonstrasjon frå eit stort fælt selskap. Å senda privatfolk i personleg ruin for å skremma andre hev vorte ei vanleg praksis for skruppellause amerikanske drittkonsern.

Spocko gjekk høfleg fram og viste nøye korleis radiovertane hadde fyrst snakka um dreping av muslimar, for å so gå yver til å lesa ordi frå føretaki. På den måten vert AT&T representert av denne radioverten, skriv bloggaren flogvetta.

«Familievenlege» (heller store, griske jævel-selskapet langt-til-høgre konservative ) Disney stiller seg bak programmet som spreier hat, eder og galle yver det folkeeigde radiobølgjenettet. Klippene Spocko (bloggaren) la ut er politiske i natur og sjølvsagt som prov for det han skriv. Disney på sin side hevdar det er kopiretta materiale, som sjølvsagt berre er tull. Alt dette handlar um er pengar og makt. Dei som hev reklamert på kanalen gjer det gjennom Disney, og godtok reklameringa av di dei stolte på Disney som «familievenlege». Ljodklippa som er lagt ut og sendt til dei som finansierer kanalen er mellom anna:

  • Oppfordring um å putta Nancy Pelosi (nyvald Speaker i USA (fyrste dame og alt det der)) i «siktet» (eit drapstrugsmål)
  • Diskutert skyting og torturering av ein neger (eg hatar dette tullet um at me ikkje fær nytta «neger», forresten)
  • Utrop um å hengja fleire bladstyrarar i store amerikanske avisar
  • Utrop um å myrda fleire millionar muslimar
  • Utbrodert korleis ein av vertane ville torturera ein araber ved å kutta av fingre og penis

Det er ikkje ulovleg å seia dette; men dei som reklamerer kann velja sjølv um dei vil stø dette. Når føretaki slutta gjelda pengane er det heilt ærleg. Men når digre Disney forsvarar sin eigen ytringsfridom (som eigentleg ikkje er poenget; radio er underlagt reglar nett som eit samfunn) kann dei ikkje berre so grovt mobba og sparka andre i andletet. Då ser me lett at det eigentleg ikkje gjeld noko anna enn makt og pengar. Og Walt Disney-konsernet er laaangt ute på høgresida og er eit slemt selskap. Æsj.

Dette var forresten eit sers bloggete, og endå meir keisamt enn normalt innlegg. Det skal ikkje verta so mange av dei, slapp av.

Var oppe heile natta og vakna til godt statsbudsjett

Tja, litt rar tittel. Men poenget er at eg sat oppe i heile natt og gjorde INF1040-oblig. Eg er framleis ikkje heilt ferdig; så det må eg bli. Kl 06:00 la eg meg, og vakna av Kristin Halvorsen som la fram statsbudsjettet. Her var mykje bra! Eg må seia eg fekk fornya tillit til regjeringa no. Dette her er bra!

Av kule ting kan eg nemna auka stønad til open kjeldekode og opne standardar, ganske enkelt fantastisk! Som eg skreiv på digi sine sider:

Superbra! Dette her hev me venta på. No vonar me berre dei standardiserer på ODF (OASIS OpenDocument) og ikkje det «tulle-opne» dokumentformatet til Microsoft (det nye XML-formatet). Me må koma oss vekk frå at staten låser seg sjølv inn i eit Microsoft-hjørne – og gjer livet vanskeleg for alle rundt i same slengen. Det lyt ikkje vera naudsynt å hava Windows for å vera del av samfunnet lengre. Forresten var det vel Høgre som starta dette her, – bra jobba Høgre! Og godt gjort raud-grøne regjering som endeleg løyva pengar til å kunne gjera det. Eg hev von om ei ljos framtid :-)

Elles, av andre kule ting, kjem auka løyvingar til breibandsutbyggjing. Dette er godt, sidan eg kan tenkja meg å flytta ut på landet om eg tek ein IT-jobb seinare. Kan starta mitt eige føretak på landet. Hadde vore dritkult. Dei hev gjeve skattelette for dei med lite pengar, og auka skattar for dei med mykje. Kjempebra! Slik vil me hava det i Noreg. Masse bra altså, men eg mista interessa for det litt no. Fri programvare-delen var det som eg likte best!

LoveIT og Høgre, open kjeldekode fram!

Med det: i går sat eg og surfa litt. Kommune-noreg hev fått ei ny nettsideløysing som hev open kjeldekode. Superbra, det ser tøft ut òg. Frå der surfa eg vidare, og kom til Høgre sine sider. Eg må seia dei er utruleg flotte, og veldig godt laga. Dei brukar Emnekart som er ein ISO-standard for det meste utvikla i Noreg. Den gjer nettstadene meir oversiktlige og betre å bruka. Eg såg litt meir på det og fann ut Høgre hev bygd sidene sine på den opne kjeldekodeplatformen Zope. Som dei seier det sjølv:

Høyres Hovedorganisasjon benytter i stor grad Linux som serverplattform, samt alternativ programvare. Vårt publiseringssystem er også basert på åpen kildekode og driftes på Linux-servere.

Du kan lesa meir om Høgre og open kjeldekode på heimesida deira. Dei er mot Microsoft sitt monopol, meiner det ikkje er bra for fridommen og konkurransen. Eg må seia eg er røynleg glad i Høgre på dette feltet. SV og venstresidepartiene meiner det same, men SV hev ei ekkel, propitær løysing og køyrer nettsidene sine på Windows-tenarar. Æsj! RV brukar BSD… Typisk RV, hæ, skal alltid bruka raraste ;-) Men det er jo ope!

Så, ja, det var ei positiv politisk vitamininnsprøyting i kvardagen.

Satan inni helvettes Windowsdrit!

Eg er så drit lei av å jobba på Randaberg nett no! Mine verste draumar om å slita med noko HELVETTES WINDOWSPISS har vist seg å vera sanne. Eg er så jævla lei av å fiksa noko piss som ikkje fungerer! Windows på tenar? Windows som kritiske system for printing og eit kortsystem byggja på Windows? Korleis kan folk vera så MONGOTEITE!?!??! Kvifor bygg dei ikkje løysingane på Linux og allereie fungerande, gode opne kjeldekode-prosjekt? Satan, så vanskeleg alt skal vera når ein ikkje gjer alt sjølv.

Eg trivest utruleg godt her; men med dette helvettes kort- og skrivarsystemet trivest eg ikkje i det heile take. Det er noko ekte piss, eg hev bruka enormt mykje tid på det – men det går knapt nok frametter. Det fungerer på ein måte, men problemene er store nok til at eg kan bruka heile dagane på det. Når kortsystemet ein gong blir ferdig og fungerer (utan stress), ELLER levert tilbake, kan eg få ro. Det vonar eg skjer snart… Pissesystem.

Notat: Eg hev skrive fleire slike Windows-innlegg, men aldri publisert dei skikkeleg. Trur eg. No kan eg leggja ut dette i staden for det lange nynorskinnlegget eg mista. Så då blei det oppdatering, lell. Kanskje eg skal ut med eit av dei andre óg, no som eg er i gang. Må vel skriva litt meir på dei, jaja.

Hekkans bundling!

På desse hekkans Windows-maskinene må ein jo installera altslags dritt for å få ting til å fungera. Det er jo typisk. Ekkelt, men typisk. No måtte eg f.eks installera QuickTime for å få spelt av ei video-fil eg ville sjå; det hadde eg aldri trengt i Linux, der alle avspelingsprogram speler alt.

Men det store problemet med å installera slikt dritt er den HEKKANS BUNDLINGA. SATAN INNI HELVETTE; eg vil ikkje ha nokon STYGG iTunes! Det er eit pisseprogram og eg har absolutt 0 interesse av det! Sjølv om eg sit på den styggaste Windows XP-maskina så vil eg ikkje ha ekkelt iTunes i tillegg til den ekle, stygge, forferdelige Windows Media Player (som eg faktisk ikkje kan avinstallera (WTF!?)). Sataaaaaaaaan! Eg blir så SINT av å bruka Windows. Aaargh.

Eg kunne ikkje berre installera QuickTime utan iTunes, nei. No skal eg sjå om det går an å avinstallera iTunes utan QT… Best det går!

!!!

Det… GÅR IKKJE! Nei, hekkan kor glad eg er som har fridd meg sjølv frå helvette. Eg forstår sørenmegikkje kvifor folk framleis slit med det jævla operativsystemet som har så mange useriøse firma som lagar ekte drittpakkar til det. OFF.

…eg ser igjen ned på alle som brukar Windows.

Korleis bruka JuiceRecorder for å lasta ned Triplet

Sidan fleire på aftenbladet.no ville vita korleis ein kunne lasta ned alle episodane til Triplet ned til datamaskina, har eg laga ei lita rask brukarrettleiing. Det vil vera litt annleis på din maskin, sidan eg brukar Linux (pluss ein gamal versjon av Juice), men det skal ikkje vera så forskjelleg.

Du treng litt datakjennskap for å gjera dette, guiden er ikkje laga for analfabeter :-)

Last ned JuiceReciever

Du kan lasta programmet ned på sida deira.

Last ned Juice

Installér programmet, opna det og trykk på fanen / tab-en «Subscriptions».

Kopiér Podcast/RSS-URLen frå aftenbladet sine sider

Denne URL-en er http://aftenbladet.no/podcasts/triplet/rss.xml, for dei som heller vil kopiera han frå meg.

Kopier Podcast/RSS-URLen frå aftenbladet sine sider

Legg til ein ny «kanal» i Juice

Legg til ein ny kanal i Juice

Lim inn addressa til Triplet-podcasten

Og trykk «Save».

Lim inn addressa til Triplet-podcasten

Trykk på den nye «feeden» og vel kva du vil ha

Du kan eventuelt trykkja på den eine store oransje knappen til venstre for å velja alle dei episodane du ikkje har lasta ned. Trykk på den store grøne knappen for å oppdatera. Trykk pÃ¥ den nye feeden og vel kva du vil ha

Trykk på «last ned»…

Last ned...

…og Juice startar laste ned filene!

Juice lastar ned filene

Filene legger seg der du valde at dei skulle leggje seg. Om du ikkje valde dette finn du det i properties.

Eg kan ikkje sjå filene som er lasta ned!

Ånei. Så synd. Bruk eit skikkeleg operativsystem. Hmm. Men om du ikkje vil bruka Ubuntu (supert OS!! :D) kan du alltids lasta ned VLC for å sjå filene. Lukke til!

Ny skjerm, 20″ Widescreen LCD

Ohh. Det ser så mykje betre ut, no er faktisk skrivebordet mitt blitt litt sexy. Det stygge dråget av ein 19” Hansol CRT er endeleg vekk, forvist til Acona, tenaren min som i seinaste «utgåve» har fått skjerm og Gnome installert. Kitty Karina har spelt mattespel på Acona etter eg fekk den gamle skjermen opp, men det er ikkje hovudnyhendet; sexy skjerm ér!

Gammal til ny LCD 20"-skjerm

Så må eg liksom skriva litt meir for at dette ikkje skal vera «Kortnytt», men eit ekte innlegg. Ahvel, sjølve biletet gjer det vel meir viktig. Eg kan jo seia oppløysinga er 1680×1050, som passar meg særs bra. Andre skjermer eg har sett på har vore 1024×768 (ÆSJ!) eller best 1280×1024, som var det eg hadde på Hansol-skjermen. Eg måtte gå opp i oppløysing, ikkje ned. Eg vil ha meir plass på skjermen, ikkje mindre.

Elles rydda eg litt. No kan de koma på vitjing! Wohoo! Ah. Treng ikkje seia slikt, sjå på biletet. No har eg liksom skrive tusen ord, må jo vera verdig eit innlegg?

Practical Mono (ny bok) og eit mista innlegg

Då har eg tinga bok. « Practical Mono » frå Amazon.co.uk. Eg mediterte ei stund før det i dag. Trong det då eg mista 2 timars arbeid med eit innlegg her til bloggen.

Det var herleg,—mediterte i går òg. Så nyttårsforsettet mitt er godt støtta opp ;-) Før det skreiv eg eit langt, veldig kjensleladd innlegg om haldningar til alkohol, – då med utgangspunkt i kommunen sin haldning. Eg las nett ein artikkel i SA som ganske enkelt sa noko om korleis utestaden New York hadde tedd seg i det siste. Pluss at dei hadde fått utsett straffa (3 veker utan sjenkebevilging) si til januar istadenfor desember grunna økonomiske omsyn. Den der blei eg seriøst tent av.

Eg skal ikkje prøva å skriva han slik eg gjorde. Er kanskje til det beste at han ikkje kom ut. Men, off, så frustrert eg blei då eg mista driten. Tenk, – eg er så vand med overlegenheten til Linux + FireFox at eg ikkje tok den normale ­«lagra kvart kvarter» som eg er van med å gjera når eg brukar drittprogram som Internet Explorer. Eg tenkjer eg vil skriva det om igjen; men då vil eg ikkje vera så engasjert/irritert/sint/kritisk. Dimed vil eg ikkje prøva å skriva eit likt innlegg. Kanskje eit meir objektivt og mykje mindre kjensleladd eit.Truleg kjem eg ikkje til å skriva det då. Eg har framleis igjen å skriva om alkohol,—eg trudde del 1 av det skulle koma i dag. Men, akk – etter å ha ferdigskrive den greitt lange artikkelen og brukt masse tid på det gidd eg ikkje starta på ny.

Min baklengs-dag

Eg måtte som sagt roa meg ned og meditera for å kunna setja meg på pcen igjen. Då starta eg lesa masse om meditasjon på Wikipedia, pluss den vanlege surfinga rundt på linkar etter det. Typisk. Tek lang tid. No er det to timar sidan eg sat meg på pcen igjen (15). Eg brukte ein time på å meditera, så brukte eg før det to timar på å skriva, eg brukte ein time på å eta (11) og så til slutt ein halvtime på å stå opp (10:30). Det er dagen min så langt, fortalt motsatt veg.

Seinare (kl 19:00) skal eg treffa Rebecca og nokon veninner av ho, – me skal på Okkupanten i Sandnes. Det er visst ein café. Eit av nyttårsforsetta til ei av veninenne til Rebecca var å gå oftare på Okkupanten og finne på meir med resten av gjengen. Så. Hm. Ho held vel på å gjera nyttårsforsetta til praksis, nett som meg ;-)

Mono haxx0rz (:p)

< @Velmont> Practical Mono. $60 frå USA på ~20 dagar eller £40 frå England på ~4 dagar. < @Velmont> Place your recommandations gentlemen. < @jurg> England < @Velmont> usa ~= 402kr, gb ~= 468kr < @Karlsen> 4.13 pr dag, det e verdt det < @Velmont> Hehe, OK. Takk ;) < @Velmont> Thank you for your order.

Etter tilråing av mine to gode vener kjøpte eg altså boka frå England. Det er eg godt nøgd med. No får eg Practical Mono innan fem dagar. Sist gong kjøpte eg bok frå Amazon USA (det var gåver til Rebecca). Fått sansen for Amazon, kult å kjøpa bøker der :p Ai. Dei må få han inn skikkeleg fyrst ja, – dei har ikkje kopi av han der dei sender frå. Så det går raskt når dei fyrst har fått han inn, men må venta såpass lengje. Jaja, – same hadde skjedd i USA med ei så ny bok.

Boka er for nybegynnarar. Det passar jo meg bra. Det finst to typar folk som er interessera i Mono-bøker, dei som kan C# og .NET frå før, men vil no lera seg Linux og Mono. Eller dei som kan Linux, men vil lera seg Mono. Dei fyrste treng avanserte bøker som fortel kva som er spesielt med Mono i forhold til .NET, det treng ikkje eg. Eg må lera meg C# språk-syntaks tilogmed. Difor må eg ha ei god, lett bok ;-)

Planleggingsfasa av eit nytt program :]

Berre sei ifrå om nokon vil låne han etter eg er ferdig. Forresten har eg eit par prosjekt i baklomma no! Det blir spanande om eg klårar lera meg språket godt nok snart. Då kjem eg nok til å koma med ei kunngjering om at eg slepper eit program som skal ha ei faktisk nytte for andre folk. Eg vil ikkje røpe kva det er for noko endå (mohaw, tension!). Einaste som veit det er vel Pappa, Rebecca og Yvonne. Så eg for halde munn litt lengre for å hypa det :P Òg kalla vaporware (vel, ikkje eigentleg, for eg har ikkje sagt kva det gjer – men det er eit utruleg enkelt program (men nyttig for nokon få, vonar eg)).

Forresten, kan seia at eg vil utvikla det med/på/til Linux, men når det er brukbart skal eg passa på å få ein Windows-pakke slik at folk med Windows òg kan installera/bruka det. Men fyrst og framst eit Linux-program. Så, få opp forventingane folkens! :D

Odin Bond fiksar pcar rett før bygget sprengjer i lufta!

AHAHAHH! Dritkult! :D Eg er nett kome frå jobb, og der var alarmen i ferd med å gå medan eg hadde eit par rom med pcar eg fiksa på igjen. Det blei springing. Det blei høg puls og utruleg spenning! Hahah :D Var slik stemme ute i vrimleområdet (frå ein pc) som fortalte at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart. Nett som i ein spenningsfilm!

Ååå! Eg er så gira! Dessutan ringde eg Reb og skal bort der når ho er ferdig med å sjå film. Okok, går litt tilbake igjen. Det er sundag i dag, kvifor var eg på jobb? Jo, nokre speidarar frå tasta hadde døgna og hatt LAN på skulen. Difor skulle me vere med dei, dessutan måtte me ghoste ferdig pcar, og eg måtte sjå til å fikse dei som ikkje funka skikkeleg. Eg hadde ein kei dag på jobb i går, skreiv på eit innlegg om det; som eg viser her:

Lang dag på jobb

Arh. No er klokka kvart over seks. Eg har endå ein time igjen. Då skal eg heim og jobbe endå meir. Med firma mitt då, skal redigere for Pat som kjem bortom. Når han dreg kjem eg sikkert til å redigere på “Hva er det med Monica?”. Med andre ord over 12 timars arbeidsdag.

Vel, om meg og Pat blir tidlig ferdig vil eg sjå om eg kan dra åt Rebecca. Eg har fått meg kjærast, men har ikkje klåra skrive noko om det. Vil ikkje at det skal vere korkje klisjé eller kjenslelaust. Har rett og slett vanskeleg for å skrive slikt, treng vel tid på det :)

Eg får heller ikkje snylte middag av Rebecca og familien i dag, så det blir kanskje frukost (halvt grovt horn med smør, ost, skinke, egg og agurk) og nattmat (5–6 økologiske knekkebrød med smør og ost) som elles. Jaja. No stikk eg herfrå og gjer meg klår heime. Er masse speidarar som spring rundt i gangane her, får fullføre dette innlegget heime heller.

Tilbake

Åh, så original overskrift. Jaja, eg gjorde ikkje ferdig det innlegget som dykk ser. Men Pat kom, eg lagde middag (skulle vere omelett, men blei noko heilt anna – eg lagde fyrst “scrambled eggs”, så putta eg mjølk og mel i (wtf!?), dette åt eg med brød). Var litt godt, men eg lagde visst for to, så eg åt berre halvparten.

Meg og Pat jobba, eg var så trøytt eg kunne daue – eg var sikkert ikkje særleg moro å jobbe med :P Hihih. Vel, det blei betre. Mamma og pappa kom heim, pappa var dritsur, eg lo av han. Det fekk meg i litt betre humør. Han irriterer seg slik. Stakkars mann. Leve litt. Ikkje bry seg om ting som trass alt berre er ting. Eg hadde ikkje vore så mykje heime av di eg har vore med Reb, difor har eg ikkje sett at postkassa var 100% stappa og at bossdunkane framleis stod på vegen…

Eg jogga med Pat til bussplassen. Eg hadde tenkt å ringje Reb på tilbakevegen. Det gjorde eg. Godt å iallfall få snakka med ho. Ho hadde skrive eit innlegg om at me var kjærestar, men ikkje lagt det ut. Dette las eg og dagen var kjempebra etter det :D Ho har lagt det ut no; Beccaland – Jeg er forelska!. Eg var heilt frå meg av å lese dette i går! :D Ho har skrive så fantastisk herleg og kjensleladd, ei sann fryd å lese. Eg blei heilt vekk av det :D Hihi. Den elles keie dagen.

[00:53:06] Odin: Oooh, eg leser det Reb har skrive. Hahah :D (l) Ho er så søøøt :D

[00:58:09] Odin: Oooooooooh, fantastisk innlegg ho har, hekkan så flott. Du burde glede deg : )) hihi. Kan hende det tyder mykje meir for meg, då menmen ;) Er moro for deg óg, det veit eg.
[00:58:39] Inziladun: hehehe, jævla teaser ;) tihi :P
e litt morsomt ja :)
[00:58:55] Odin: Ååå, hahahah. Eg kan liksom ikkje slutte å superglise :D Hahah, eg er så lukkeleg : D
[00:59:17] Inziladun: hihihi, fancy-schmancy! thats a new Odin! ^^
[01:00:08] Odin: Eg skjelver slik eg gjorde då eg hadde sagt til Reb at eg var forelska, skjelver slik. Slik god, men likevel ganske anspent. : )
Sto slik og klemde ho, medan og skalv.
Hahah. Hihi. Skal sende melding åt ho; så veit ho at ho kan leggje det ut med ein gong ho er på pcen. : )

ODIN HAXXORZ SCHOOL

MEN! Hihi. No er me her i dag! :D Hadde sagt hade åt speidarane, meg og Geir (sjefen) hadde starta opp 29 pcar på det rommet dei satt; dei skulle tilbake til “skulemodus”. Elles har me reinstallert alle dei ~300 pcane på skulen for å få inn 5 nye skrivarar + oppdatere win98 (spypå) med sikkerheitsfiksar. Ein del av desse pcane fungerte ikkje då me var på runden i går. Difor sprang eg rundt å fiksa.

Eg såg på klokka. Wooow. Eg sprang åt neste rom. Eg kopierte HD-en frå ein pc til ein anna, peer-to-peer kloning, på dei som ikkje funka. Serveren var opptake med å ghoste opp speidarrommet. Eg visste no slo snart alarmen inn, – plutseleg høyrde eg høgtalarane ute i vrimleområdet byrja bråke; ein mannestemme fortalde at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart på.

Pulsen var oppe i halsen då eg sprang åt IT-verkstaden. Eg måtte pakke saman, slå av, låse. Siri og Hege hadde båe sagt “neivel då! (surt fjes)” av di eg ikkje hadde svara dei. Eg hadde sagt noko liknande før, då eg prata ein del med dei utan å få svar (var visst oppe og fiksa te) for å så heller stikke å fikse pcar. :) Men det var berre moro, som sagt, sjølv om eg lata som om eg gjekk litt missnøgd, haha :D Så sa eg raskt åt dei at alarmen gjekk snart, at eg måtte skynde meg.

Serveren hadde stoppa, ein av pcane hadde monga seg. Eg måtte springje ned på 151 å sjekke/fikse det óg. Eg fløy ned trappane og adrenalinet bruste, klokka tikka stadig mot alarmtid. WEE! :D Så spanande det var! :D Eg sprang rundt åt alle pcane og sjekka di, fann feil på ein (for liten HD for heile biletet) og kobla den frå. Så låste eg og sprang, sprang, sprang ut :D Eg elskar å springja på den skulen, alt er så ljost og fint. Kvit skule. Kjempefin skule :D

Eg låste opp ytterdøra og kasta meg ut, så byrja eg le. Masse, – eg var jo heilt mutters åleine på skulen – men hadde nokon sett meg må dei ha trudd eg var spinn hakkande gal :D Eg lo og lo. Så hoppa eg inn i bilen, ringde Rebecca, sat meg inn og køyrde heim med vindauge ope medan eg song kjempehøgt. Inne i tunnellen dei andre bilane ha høyrd meg. Hahah :D Så moro :D

Kriblande kjensle det der. I tillegg ser eg Rebecca igjen i dag ;D Hihi, snart, når ho er ferdig på kino. – Ah. Me skulle visst filme i dag, men det hadde jo eg gløymd – så eg var jo på jobb då. Stakkar Espen. Fann ut me kunne ha filma 16:15–18:30, men eg fekk ikkje tak i Espen, så det gjekk ei. Eg var veldig gira på filming – hadde sikkert blitt bra med dette humøret ;D Hihi. Jaja, me har avtale kl. 14 imorgon så. Best det blir bra då :D Jeppjepp! Eg gjer noko anna :D