Merkelapp-arkiv: Draum

Prismedvitne tjuvar

Bussen humpar nedetter eit endelaust ørkenlandskap. Men det veit ikkje eg, eller dei andre – for me søv alle saman. Det er ein ekte sovebuss med ekte senger, ikkje slik ein ekkel, rølput nattbuss som eg er van med. Praten sit laust når soli kjem upp og folk byrjar vakna.

Eg er heilt trygg på folki sjølv um eg eigentleg ikkje veit kven dei er, eller kvifor me er her.

Arizona desert gas station Bilete frå «driek på flickr»:http://flickr.com/photos/driek/84002321/ cc: «by-nc-sa»:http://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/2.0/deed.en

Sovebussen svingar inn til ei lita hytta ved vegen. På andre sida ligg ein ganske karakteristisk ørken-bensinstasjon. Me gjer oss klar for mykje hyttekos ute i ørkenen.

Etter mykje kos

Eg vert godt kjend med desse 10–15 folki. God stemning. Litt seinare utpå dagen køyrer ein vanleg buss inn på området, han er svart og ut kjem 5 gutar.

Dei er visst tjuvar og skal rana oss. Ingen av oss vert serleg sinte, men irriterte yver at tjuvane skal koma her. Ein av dei hev kort blondt hår og ser ganske ung og sprek ut. Han finn veg inn til kjøkenet der eg stend og lurer på um eg skal laga min herlege nachos-tallerken til dei nye venene mine.

Han seier ikkje noko, men leitar fram skuffen der kjøkenutstyret ligg. Han raskar ut alt etegognet (norsk for «bestikk») og tek det med seg. Eg synest han er ganske søt. Knivane, skeiane og gaflane er ikkje våre og dei er langt frå fine eller verd stort meir enn ein hundrings. Det vert likevel litt vanskelegare for oss på hyttetur uten. Då han kjem ut signaliserer han til resten av gutane at jobben er gjort; dei hev etegognet.

Bussen stend der framleis, men det gjer òg tvo racerbilar. Eg ser burt på ei av dei nye veninnene mine og spyrr um dei hugsa «fiksa» bilane. Ho smiler lurt og ser tjuvane hoppa oppi den eine racerbilen. Bilen skyt med ekstrem fart rett inn i trappa og steilar hardt fyrr han brasar ned upp-ned. Eg ottast guten vert skada, men det gjer han ikkje.

Dei slenger sekken med kjøkenutstyret på ryggen og flytter yver i den andre racerbilen. Diverre hev ikkje den nok bensin, so dei køyrer yver til bensinstasjonen. «Ai,» tenkjer eg, «no kjem dei seg unda lell!».

På bensinstasjonen

Dei pratar med mannen på bensinstasjonen. Vil at han skal fylla på, men det vil han ikkje råda dei, seier han. «Det er mykje billegare å kaupa bensin i neste by», mumlar han fyrr han kjem med kronargumentet; «25% billegare faktisk!». Tjuvane ser med ein gong logikken i dette, og vil sjølvsagt ikkje gjelda bensin hjå denne stasjonen når dei kann få det 25% billegare ein annan plass.

So legg dei i veg burtetter ørkenen i full fart og eg vert fortalt av venene mine at bilen ikkje hev nok bensin til å koma til neste by. Medan eg vert fortalt dette ser eg ei av jentone gjelda bensin-mannen ei bunka pengar.

Haha. Der fekk dei att, dei prismedvitne tjuvane.

I draumen min spelte eg Johnny Cash på Rogaland Teater

Eg var i Stavanger på vitjing, og Rogaland Teater tok kontakt. Dei hadde eit stykke um Johnny Cash (sikkert liknande «Walk the line»), men hovudrolla var visst på sjukehus. «Du er jo flink, Odin», og so ville dei at eg skulle spela. Greitt nok, eg elskar Rogaland Teater og stå på scena der. Eg hadde ikkje peiling på kva stykket gjekk ut på, men eg starta no å spela – og etter litt såg det ut som publikum likte det.

Eg sprada rundt på scenen og var gjerne litt vimsete. Eg hadde med meg gitar og spelte nokre songar, eg var ganske livleg faktisk. Motspelaren min var Rebecca (kjærasten min), ho kom inn til slutt. Eg hadde jo ikkje peiling på stykket, sjølv um eg trur fyrste akt gjekk veldig bra. Eg laga ein kort pause midt i akta då, av di eg ikkje ante kor tid det skulle vera pause. Men ingen gjekk heldigvis – og eg trur teppet kom raskt opp att.

Eg byrja spela litt saman med Rebecca, og plutseleg av ein eller annan grunn vart ho sjuk/skada (i draumar so skjer ting plutseleg berre, og det er heilt logisk der og då). Eg trur ikkje eg visste kva eg skulle gjera, men eg sat meg ned med ho og prata noko svada og hadde tenkt å henta gitaren. So gjekk teppet ned. Etter litt høyrde eg folk gjekk ute i salen, so teppet ville ikkje gå opp att. Det var pause, eg fekk vita det av inspisienten. Eg fekk litt småpanikk då eg fann ut eg ikkje hadde peiling på kva som hende i neste akt. Eg kom meg opp i kantina og såg at nokon vaska opp. Då eg var liten på teateret, vaska eg ofte opp sjølv, sa eg. Av di eg var der so seint på kvelden då dei andre hadde gått. Det er jo sjølvsagt berre tull, og eg anar ikkje kvifor eg sa noko slikt.

Andre akt (…vart aldri ferdig)

Eg spurde nokon um kva som var historia i andre akt. Det var fleire som ikkje heilt klarte å forklara, men då eg var nede på scena att var det nokon som kunna visa meg litt av byrjingi iallfall. Dei sa eg skulle gå til eit slag orakel/dame i tempel og vera fortvila av di Rebecca var skada/sjuk. Teppet gjekk opp, og eg gjorde det. Men tempeldama vart sint. Ho kunna ikkje tulla med naturen og «blablablabla». So er det diverre litt uklårt, eg hugsa ho sa noko veldig fornuftig her og so gjekk eg og spelte triste visar på gitaren min. Men dette fornuftige hugsar eg altso ikkje, eg hugsar berre alt tullet.

Ola og Elisabeth var der òg

Ahh, det var moro at Ola var bak scena òg, eg spurde han um eg måtte tenkja på kvar kamerai i salen stod (det vart filma). «Nei, det må du ikkje», sa han. Trur eg såg Elisabeth oppe i kantina òg. (Ola og Elisabeth er kjærastar og naboane mine, dei heng på skrivarstova til NMU dagleg – for dei jobbar der. Dei er òg dei som tyder absolutt mest for meg i Oslo).

Eg hadde vona eg kunna seia noko lurt til slutt her, slik at ikkje innlegget vart hengjande med dinglande open slutt. Men, nei, draumen min vart ikkje konkludert av di eg vakna (og av di eg ikkje hugsar slutten). Eg stod opp kl 0730, ganske bra. :) Soli i andletet hjalp meg opp. Men no må eg gå og laga noko frukost og leggja Universitas ut på nett. Og so må eg rydda, og gjerne vaska klede – for pappa kjem i dag (:o).

Eg hev ikkje sett «Walk the line», men eg kann tenkja meg at det absolutt ikkje hev nokon samanheng med dette eg klara produsera i dramuen? :P

Ånei, ein diger farleg lastebil går amok!

Då eg nesten hadde skrive eit heilt innlegg til dei uvitande stakkarane på kanalen #alinux.no, tenkte eg slikt fjas passar jo betre på heimesida. Her kann folk som vil lesa fjaset mitt få lesa det. Men nok metaprat; eg vakna nett til denne fantastiske dagen, eg hev ein (1) plan, og eg draumte godt.

Av ein eller annan grunn kjenner eg for å lima inn det eg skreiv på kanalen, det er jo sers arbeidssparande. Eg kjenner for å eta mat og for å gå på do. Etter det kjenner eg for å ganga ut. So eg kann godt kutta litt ned på tidi. So, innlimings!

Fyrst litt forhistorie

19:58 < Velmont> Jeppjepp, men då dreg eg. Hadde vore moro um nokon andre drog opp òg, men er vel ikkje so mange som gidd slikt :] Kann henda eg gjeng raskt, anar ikkje kva miljøet er der.
19:58 < Neophus> :)
19:58 < Neophus> du får kose deg

Går litt tid…

20:29 < @remiss> Velmont: vel.. hadde du sagt i fra hadde jeg sikkert blitt med :o

Koselege Roger. Eg hev vore på bytur med han fyrr, då eg kjende meg sers åleine. Det var koseleg og kjekt.

So til neste dag:

08:13 < Velmont> remiss: Eg vart fort trøytt og ville gå heim for å sova. Men so kom mortehu, – so eg sat og prata med han alt for lengje fyrr eg drog heim.
08:13 < Velmont> Eg er so glad sidan eg hev litt plan for dagen i dag. Eg treng ikkje sitja inne på datamaskini heile dagen (yey!!!).
08:14 < Velmont> Eg må ned til byen for å få Hifi-klubben til å sjå på hovudtelefonane mine, dei er øydelagde og eg synest å hugsa eg hev superlang garanti.
08:15 < Velmont> Men eg synest verdsveven hev vorte so sers keisam i det siste. Det skjer jo aldri noko nytt. Sjølv um eg hev 100 bloggar på netvibes og masse anna, so er det lite som fær meg engasjert. Eg må verkeleg byrja leva meir i ekte verdi, ho er mykje betre.
08:17 < Velmont> Hmmm. Kann henda eg faktisk skulle byrja trena eller noko. Eg hev jo ingenting å gjera på skulen, – eller, alt eg hev er jo på datamaskini, men eg treng jo pause frå det. Kann henda eg kann setja meg i ein park i byen, eta is (økologisk is! Yeey!) og lesa bok.
08:17 < Velmont> Det gjorde eg ofte då eg fyrst kom til Oslo. Då var eg mykje meir kontaktsøkjande (sidan eg ikkje hadde internet). Var koseleg å sitja å sjå på folk frå parken. Hmm. Kann henda eg skal gjera det etter eg hev vore på Hifi-klubben.
08:18 < Velmont> Hmm. Eg hev jo eit heilt blogginnlegg her jo. Lurer på um det er betre å oppdatera bloggen med noko slikt fjas som dette, eller å ikkje gjera det – men ikkje hava oppdatering på lengje… Hummm.
08:19 < Velmont> Det var utruleg få som forstyrra meg. Rundt 0 faktisk. Og det er jo ganske lite, må eg seia.
08:19 < Velmont> Eg hadde driiiitkul draum, hugsar mykje av han òg. Kjempekult. Ahh. Vart òg vekkja av soli – det var herleg. Er so herleg å stå opp tidleg.

So fann eg ut at eg altso skulle skriva fjas her heller. Og dette her skreiv eg nett no:

08:31 * Velmont skriv på heimesida, og unngjeng å fylla loggane dykkar med fjas. (:-D)

Moro å sjå at eg hev nytta omtrent 10 minutt på å klargjera teksten ovanfor.

Draum

Hadde eg ikkje i eit smart minutt stoppa, so hadde eg fortald litt um draumen på kanalen. Men det kann eg gjera no heller. Eg hugsar draumen sers klårt, som eg hev gjort i det siste. Eg byrjar allereie mista detaljar og tidssans, men veit framleis mykje.

Me var på ein slags skule, det var fleire Ping-folk tilstades – Håvard og Carl synest eg klårt å hugsa iallfall. Veit ikkje kvar Morten gøymde seg. Utanom det var det mange andre kjendfolk rundt, men eg var ikkje so oppteke av folk. Bygget såg ganske nytt ut, det var reint og kvitt. Ping-gjengen utforska bygget for å finna kule ting og plassar (slik me ofte gjer). Eg hadde nett kome inn i ein garderobe, som alle saman på samlingi visstnok bruka. Var ein del folk der. Håvard og Carl hev klatra opp i eit hòl i taket og hev funni eit nytt rom der. Dei er sjølvsagt sers oppspilt yver funnet.

Men det er vel ikkje so interessant, so me hoppar litt fram i tid.

Ah, forresten fann dei seinare eit rom til. Det var meir interessant, var sers spesielt. Eg forstod ikkje korleis dei hadde kome opp, men so fann eg ei lita branntrapp innanfor ein dør. Faktisk var det ein ganske diger trapp, som gjekk rundt og rundt oppetter. Ho var /heilt/ kvit. Eg gjekk opp trappa, som etter masse oppettergåing vart brattare og brattare, so gjekk ho bratt ned att, utan trappar, heilt glatt og utan rekkverk. Ho gjekk omtrent ein halv runde ned slik fyrr ho gjekk inn i ei open dør der resten av folki var. Det var på ein måte eit lite rekkverk, ein litan kant på veggen som ein kunna putta spissen på fingrane inn i – men det var sers dårleg grep. Det gjekk bratt ned og eg var skikkeleg redd då eg starta på det. Men eg starta sjølvsagt. Det var ein nervepirrande tur. So var det meir utforsking.

Litt seinare kom eg inn i garderoben att. Folk var i ferd med å ganga, me skulle visst dra. Eg er alltid treig med å pakka, denne gongen var inga unnatak. Eg hadde kome frå eit lite bruka rom, og fekk nesten bombedøri stengd (då hadde eg vore der inne :|), men eg unngjekk det. Vart litt skremt då. Folk byrja gå, eg gjekk til slutt (det er ein litt stor ting her, som eg hev gløymd :( ). Ute såg eg bussen på andre sida av plassen, det var ein litan skog mellom oss, og på sida av den skogen stod ein ekstremt diger bil. Det såg ut som ei heisekran på ein måte. Han var kjempelang og hadde nokre ekstremt høge røyr som hang ned frå eit oppheng høgt oppe.

Den digre bilen såg absolutt ikkje slik ut:

Stor brannbil/byggebil i draumen min

Men det var litt vanskeleg å forklara med ord. Jaja. Slik såg han ikkje ut, og han var kjempeskummel. Bussen stod altso bak dei tankane, og skogen var til høgre for «hysone». Då eg gjekk forbi desse digre hysone (munningi var digert!) kom eg i fare for å bumpa borti den eine…: og heile tingen starta røra på seg! Altso, nett som ein pendel,—alle fira hysor byrja svinga. Det gjekk seint i byrja, kom mot meg – såg rett inn på det digre greiene – so forsvann det seg litt bak, og kom attende til meg med større fart og denne gongen måtte eg dukka.

Eg vart livredd (hadde eg berre stande der, og ikkje dukka, hadde eg vorte drept – so kraftig var det), dei svingde ein gong til og denne gongen hadde dei fengje enormt sver fart. Eg sprang mot bussen, – eg såg at alle sprang til vindauget for å sjå kva som skjedde. Då eg såg attende på bilen såg eg at det kom ut diiiigre mengder svart/grøn gusje som vart slengt yver den lille skogen, og svinginga gjekk stadig raskare.

Plutseleg såg eg at bilen byrja verta ustabil, svingingi var so sterk no at hysone gjekk omtrent opp i 90 grader vinkel frå der dei normalt stod, og bilen tippa noko enormt frå side til side med svingingi. Han kom til å detta. Det vart meir og meir brutalt, og dei digre tankane bak traileren/lastebilen byrja springa lekk, det kom grøn gusje ut. Eg fekk kjeft av folk (som eg berre såg teit på, ærleg talt – akkurat som um eg ikkje veit at dette ikkje er bra! Mongisar). Ein digert brøl, og heile maskini datt yver den lille skogen, det vart ein ekstrem flom av grøn gusje – og bussjåføren fann endeleg ut at det var ekstremt farleg her og me måtte dra. Hmm. So vakna eg. Ahh. No kann eg eta og dra til byen!

Hmm. Var det noko anna eg skulle seia? Ja, sikkert, men det fær so vera :D (Ah, jo, eg oppdaterer Twitteren min ofte, men ingen andre ser ut til å gjera det :-( ).

Oppdatert

09:57 < Neophus> hva er “hysone”?
09:57 < Neophus> hylsene?
10:14 < Velmont> Neophus: «Brannhysa»—- Det er… «munnen» til ein brannslange.

Egil prata so mykje han kunne um innlegget for å verta sitert frå IRC:

10:22 < @Egil> Velmont, tegningen blei genial :D har den som bakgrunn
10:28 < Velmont> Egil: Hahaahh :p Øøø. Det klarar du ikkje halda serleg lengje. :P Eg vart skikkeleg lei av å teikna til slutt. Burde kann henda gjort det i Gimp i staden for Inkscape òg.
10:32 < @Egil> Velmont, tja kvifor ikkje?
10:32 < @Egil> har jo vanligvis bare standard bakgrunn fra operation-themet (*box)
10:35 < Velmont> Egil: Det er jo ikkje nettopp fint, spanande, inspirerande eller morosamt. Er jo berre eit skikkeleg rot :-) Ikkje serleg høveleg til bakgrunn.
10:36 < @Egil> eg syns an var morsom
10:36 < @Egil> men fronten ligna mest på ein gammal t-banevogn

Her kjem provet:

10:42 < @Egil> men ein må jo spørra seg, ka er den grønne gusjå?
10:43 < @Egil> kanskje det er ein ny væske som brannvesenet har utvikla for å slokka bedre
10:43 < @Egil> så hadde de tenkt å laga skogbrann i parken for å testa!
10:43 < @Egil> så du gjore egentlig et slag for miljøet
10:44 < @Egil> og den grønne gysjå e sikkårt laga av naturlige ingredienser, så opprenskningsarbeidet er nok ikkje så viktig
10:44 < @Egil> hadde væsken vært kunstig hadde de nok valgt ein mindre naturlig farge som blå
10:45 < Velmont> Egil: Det virka ikkje serleg naturlig, nei… Det var nok ganske giftig.—- Eg trur det var ein bygningsbil, ikkje ein brannbil.
10:45 < @remiss> hmm.. ja.. grønn er vel vanligvis “giftig”
10:45 < @Egil> då synes eg du bør mekka update me denne nye tolkningen

Slik. Du fekk oppdatering Egil ;-) Heheh. (Snart ferdig med å eta (tørre skivor))

Dessertdraum; Wii!

Eg draumde masse i natt, mellom anna hang eg med Fredrik og tvo jenter, sikkert veninner av han sidan eg ikkje hugsar dei. Det er likevel den seinare delen eg hugsar best og mest av, då Fredrik plutseleg vart byta ut med Falke og me stod på ein parkeringsplass…

I butikken

Slikt er jo heilt logisk og lovleg i draumar – eg tenkte ikkje over det ein andre gong. Datoen var 1. desember (eg såg på klokka) og me gjekk inn i butikken (som var på plassen). Såg litt ut som ein bensinstasjon/kro, men var visst ei slags leikeforetning. Mamma var der allereie – kann ikkje hugsa pappa. Det stod ein liten kø framfor disken og nedi disken låg ein haug forskjellege titlar i spreke fargar. Til høgre og alt for langt inn på bordet stod ein slags dessertliknande skål med vaniljeis, mørk, varm, mjuk og tjukk rennande sjokolade og bringebærsyltety. Eg fann ei tynn bakevare og lente meg over bordet slik dei små gutane før meg hadde gjort. Dei hadde grisa det til.

Hovudgrunnen til butikkvitjinga

Men eg hev ikkje fortalt hovudgrunnen til alt dette; dei selde Nintendo Wii! Det var nok difor me var der. Falke hev prata stort om dette fælt so lengje, men sjølv var eg ikkje sikker på om eg skulle kaupa mi eiga. Ingen i butikken trudde det iallfall, for dei ville ikkje at eg skulle eta av desserten. Eg såg at kunden framfor meg såg etter spel å kaupa med. Då fekk eg eit sjokk; kvar var Zelda!? Einaste grunnen til at eg plar kaupa Nintendo sine maskiner. Eg såg heller ikkje Wiigames minisport-spelet som eg trur vert ein stor hit. Dama bak disken ga den andre dama eit spel som heitte «Tribal» (??). Kauparen sa at det ikkje såg moro ut. Då vart den tilsette dama særs fornærma og braut ut; «Jo, det er kjempebra!!».

Eg vart endå meir usikker på om eg skulle kaupa boksen. Falke ville jo gjera det likevel – dessutan hadde dei ikkje Zelda. Men då ville jo alle få rett om at eg ikkje skulle kaupa Wii, men berre åt masse dessert lell. Og det var jo eigentleg-eigentleg feil. For eit dilemma!

Fine dagen

So vakna eg av at hest 2 visstnok vann laupet rett nedpå Bjerke-banen. Hmm. Klokka 11. Lyt vel koma meg ned på Ping…