Merkelapp-arkiv: Egil

Ferdig for semesteret!!! :D YEY!

Eg hev ikkje vore so letta på kjempelengje. Dette semesteret hev vore hardt, hardt, hardt. Det er so utruleg synd at eg ikkje fekk taka STK1000-eksamen etter eg gjorde ein faktisk innsats. Exphil var heilt utruleg stress, 3000 ord um «Er terroristar djerve?».

Fyrr det var det breiddeeksamen, eg hev ikkje opna exphil-bøkene – men kaupte eit repitisjonshefte berre timar fyrr testen. Vel, eg fekk 19 rette, og den eine var ei oppgåva eg trudde var ei lureoppgåva (det var altso ikkje). Eg fekk altso fleire rette enn mange av dei som var på testen. Dei fleste fekk 16–18. Whey! Men det var jo kortliva, av di eg tvo dagar etter hadde helvettesdagar med å få skrive uppgåva. Eg kann avsløra allereie no at uppgåva mi er heilt elendig og at eg er sers usikker på um eg står. Diverre so må eg stå. De fær sjå uppgåva etter eg fær dommen…

Humit1731, meld av

Me vart melde av Humit1731 som er eit svadafag um internett og ting og tang. OS-kurset tok so ekstremt mykje tid at me berre gløymde det heilt.

OS-kurset

Og her kjem det eg er leid meg for at eg ikkje hev skrive meir um. Eg og Egil tok INF3151 dette semesteret, altso OS-kurset. Kva er det? Jo, du implementerer eit operativsystem frå botnen av. Det vil segja du skriv fyrst bootloaderen og jobber upp frå der. Eg kann ikkje segja anna enn at dette hev vore heilt fantastisk kult å jobba på. Det er det beste faget som gjeng an å taka. Det er 20 studiepoeng, men vert ofte umtala som eit poeng du burde fått 50 studiepoeng i arbeidsinnsats for.

Egil hev vore ein ekstremt god arbeidspartnar som hev fengje meg til å jobba godt og strukturert (det hev vore ekstremt lite stress rett fyrr innlevering, me hev gjort det meste ferdig lengje fyrr faktisk!).

Den fyrste eksamenen gjekk sers dårleg, me fekk D (elder var det E?). Neste fekk me B på, for det var implementasjon trur eg. Neste designoppgåva fekk me A på, for då hadde me forstått litt betre kva eit design er og korleis me forklarar best mogleg. Etter det fekk me A på alle dei 8(?) eksamenane me hev hatt. I slutten jobba eg litt lite av di Exphil kom snikande og ville knekka ryggjen min med nerver og alt anna som er vondt i verdi. Då tok Egil yver og han hev sørenmeg dratt i land fleire A-ar der mitt bidrag hev vore å lesa gjennom det han hev gjort og segja «Jøsses Egil, dette er dritbra».

MEN! Me skal implementera eit filsystem i operativsystemet vårt no, siste del. Det er ikkje ein eksamen, men ei obligatorisk oppgåva – so eg vil segja det ganske sikkert at me fær A. Det ser eg fram til. Å få A i OS er slett ikkje ein uting!

Jobb, Nei til EU og Universitas

Eg hev kome mykje betre inn i NTEU-jobben min. Eg skal byta ut den gamle eposttenaren med ein ny no vonar eg. Dessutan fikser eg småting på Universitas inni mellom. Vonar å gjera litt meir i joleferien. Likevel hev 50% stilling i NTEU pluss fulltidsstudenttilvêre vore vandskeleg. Hev ikkje vore stort med fritid utanum alle utenlandsturane eg og Helene hev vore på. :)

So, eg er fri!

So, det var fagi mine og semesteret. Og no er eg fri! For ei obligatorisk uppgåva att i eit kjempekjekt fag som eg hev ingen problem med å bruka tid på er ingen problem. Eg vil filma, eg kjenner bloggelysta koma attende. Eg vert meir kreativ og var i dag inne på IRC-kanalen til Lumiera for å bidra litt. Eg hev vore med Janne-Kristin i heile dag, me hev laga kanalen #nynorsk på IRC (EFnet), som ho skreiv um på bloggen sin. Elles hev me rydda etter festen i går (Klaus var med i byrja, Bror tok litt òg) og sitte på pcane våre. Ho hev fengje ei Lenovo ThinkPad T400 nett som meg, og ho køyrer Ubuntu Intrepid på han nett som meg. Og no skal ho snart flytta inn med meg, Helene, Birgitta og Klaus. Det vert supert! :D

Ahhh. Eg gler meg so til jól! Dette hev vore eit sers tungt semester, men no er det berre surfing att. Ahhh.

Korleis gjekk det med dagens gjerelista?

Tidlegare i dag (eigentleg i går), skreiv eg ei gjerelista for dagen. I morgon (eigentleg i dag) hev eg nemleg eksamen og det var ein del eg burde få gjort. No kom eg på ein ting eg burde hatt på lista: kaup togbillett til Stavanger. Jaja, får gjera det etter eksamen. Sidan berre Simon kom med innspel på innlegget er det truleg berre han som leste det; so difor fær han eitt innlegg til der eg skriv kort um korleis det gjekk (ohh, heldige Simon – dette er altso NMU-Simon, ikkje Stavanger-Simon).

So, kva fekk eg gjort? Er gjerelista følgd? Ja!

Eg fann ut at eg berre held på hybelen og gjeldar dei 5.000 kronone det vil kosta å halda på ein ubudd hybel i heile sumar. So vert det enklare for meg og Rebecca å skaffa parbustad på Kringsjå. Vil helst kaupa eigen bustad; men det er so stress og eg er so redd for å gjera det.

Eg fekk ringd Helene Stenhaug, som var sers moro. Ho er alltid moro å prata med, no skal ho visst verta journalist i Bermuda. Av alle ting. Dette hadde ho ordna i dag. Ho må vera den mest impulsive frie (og «galne») personen eg kjenner. Ho er betre enn meg på mitt aller beste (nokon vil seia verste), og ho er det heile tida. Ho er heilt fantastisk kul.

Alle skulegreione gjorde eg. So eg er litt betre rusta til eksamen i morgon. Skal til og med øva med Egil i morgon tidleg på PING. Kult! Eg spelte ikkje Wesnoth eitt minutt ein gong (Egil spelte ein time). Surfing vart det litt av, men mindre enn normalt. Eg ringde Rebecca som var ganske oppteken, ingen problem – ingen tok telefonen heime, so eg prøvde få tak i mamma men det gjekk ikkje.

So lat oss sjå på gjerelista

  1. Læra karnough-diagram
  2. Skriva ut maskininstruksjonlista
  3. Læra boolsk algebra
  4. Ringja Helene Stenhaug
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO um hybel/parhybel

Wow! Eg veit kva du tenkjer. «Hekkan, Odin er superflink som klarte gjera alle punkti på lista». Du hev heilt rett. Eg er superflink. So no skal eg vera endå flinkare å leggja meg, slik at eg kann stå opp tidleg og øva INF2270 med Egil i morgon :]

Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon

I dag skulle eg øva til eksamen. So vart det ikkje. Eg åt middag 1600 med Egil, der vart me båe gira på å spela Wesnoth. Me gjorde det, Egil drog. Eg skulle på grilling med NUUG, men Wesnoth tok all tid. So spurde mortehu um eg ville på kino, det ville eg. So såg me Oceans 13. Rakk akkurat ikkje t-banen, so hang ein halvtime i byen. Til slutt måtte eg spurta for harde livet for å nå siste t-bane heim.

Eg hev det med å ikkje gjera kva eg bør. Og det hev eg gjort alt for mykje i det siste. I morgon hev eg eksamen i 2270. Eg fann ut han vil verta mykje vanskelegare enn eg hadde trudd. So i morgon hev eg fylgjande gjerelista:

Gjerelista for i morgon (onsdag 13. juni)

  1. Læra meg kardinaldiagram
  2. Skriva ut lista yver maskininstruksjonar for x86-prosessorar (inkludert float x87!)
  3. Læra meg boolsk algebra betre
  4. Ringja Helene Stenhaug (evt. epost/jabber – må få filmmanuset til sumaren no)
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO Bolig um kva som skjer med hybel/parleiligheit til neste semester (la til denne etter publisering, kl 0300)

Lite nyttig døgning

Forresten draumde eg masse i dag. Eg la meg, sov, draumde, la meg, draumde i syklus fleire gongar. Eg skreiv ein tekst der eg prata um det eg hugsa – men det vart ganske teit, so det spørst um eg publiserer det.

Det var koseleg å gå på kino med mortehu. For tvo dagar sidan sat me på saman på PING til klokka var 06, då drog han. Eg drog heim 07. Då hadde eg døgna (utan grunn). Eg la meg 0800 og vakna seint på dagen. Prata med Rebecca og sat på datamaskini. So la eg meg att, og so var det dagen i dag. Var altso inne ein heil dag. Det var jævleg. Gjorde ingenting. Ugh.

Spring mot t-banen

Ja, etter kinoen var ferdig gjekk me seint til t-banen. Me kom på eit pessimalt tidspunkt (mortehu fortalde meg det var det motsette av optimal – fann ingenting i ordboki); banen hadde nett gått og det var 26 minutt til neste. So me gjekk heilt til Jernbanetorget, der fann me ut at det var framleis 15 minutt att, so me gjekk attende ein liten omveg. Mortehu heldt rekningi med tidi (eg hev ikkje peiling, eg gjev ofte uttrykk for at eg kann matte – men det er berre at eg innbiller meg sjølv um det, eigentleg vert eg forvirra av tal).

Me møtte på ein utanlanding som spurde um eit hotel, me gav han veg og mista dimed litt tid. Me gjekk treigare òg. Mortehu sjekka klokka og såg at ho var 2350; altso nett då t-banen kjem. Me var utfor Universitetet i Oslo si jus-avdeling; «no må du springja um du skal rekkja det» (eller noko), sa Morten. So eg spurta. Raskt. Var kjempemoro. Eg rakk toget akkurat. Såg det kom inn då eg var på utsida av Nasjonalteateret t-bane-stasjon. Eg kom meg akkurat inn i siste vogn fyrr dørene vart lukka. Sidan eg er i elendig form, pusta og pesa eg lengje etterpå.

Men no er klokka mykje, og eg lyt sova um eg skal få gjort den enorme gjerelista eg hev laga til i morgon. No er han på netet òg, so då er han endå viktigare. Natta! (0200… gah!)

Oppdatert: La til noko eg gløymde i gjerelista… :-)

Egil goes to Oxford (litt iaff)

Så var det tre (to eigentleg) rolege dagar med Egil på besøk. Herleg å få roa ned litt, sjå på bøker, snakke om ukritiske ting samt felles-hacke litt ;) – Ingen høg plagsom drittmusikk i bakgrunnen av all diskusjon slik det lett blir om ein går “ut”.

Denne helga var Egil på besøk :) Egil som i Kristoffer Egil Bonarjee (aka Egil|B, aka Bondage, aka Doffe, aka DoPeY). I tre dager vimset han rundt Oxford, på besøk hos meg, Jørgen og Niklas (glis). Var kjekt å se Egil igjen, han meinte at livet heime slett ikkje var det same utan oss. Hehe, vår tilværelse er også forandra – men vår situasjon er til det betre ;)

Eg dro ned til Jørgen med laptopen da sjølvsagt – måtte fikse litt filer over, la Egil se mitt fantastiske XFCE desktop (heh) samt hjelpe Jørgen med å installere GNU/Linux (Iallfall komme med DVD‘en ;P). Egil hadde kommet med “Team Antonsen” episoder, Freaky Friday (genial fiml :D) og en del andre ting som f.eks “The Hitchhikers Guide To The Galaxy” radio teater. Me snakka om stort og smått til eg gjekk – hjemme før midnatt, som er uvanleg når eg går ut. :)

Neste dag fekk eg ein telefon om å pelle meg ned til byen, tok ikkje lange tia med eit stykke sykkel samt eit par kilo veltrena musklar :> Møtte dei på ein av Jørgens yndlingsplassar i Oxford – “Waterstone” bokhandelen (dei andre yndlingsplassane til Jørgen er andre bokhandlar :P), ikkje uventa gjekk me til den desidert beste delen av alle bokhandler: Computer delen, då med spesiell vekt på Linux og programmeringsdelane.

Etter gjorde me noko radikalt forskjelleg – me jekk på ein annan bokhandel ;D Og etter det enda ein. – Synd at pc-bøkane er så sykt dyre, hvis ikkje hadde me sikkert kjøpt fleire bøkar enn me kunne tatt med heim. Var så mykje interessant i dei hyllane! … Var óg ein god del onde bøker som MSCE, .NET, ASP o.l – styr unna dei forferdelege verkane (eller gå mot ein sikker undergang :( ) Skal du absolutt kjøpe noko Microsoft relatera kjøp “HACKING WINDOWS 2000/2003” eller noko i den duren (den boka virka faktisk litt interessant).

Seinare den bokhandel-dagen stakk me for å spele britisk biljard. Det var meeeget :) Eg traff betre enn eg hadde trudd og då blir jo ting automagisk morro ;D Eg hadde nokon fine skudd, og nokon fine periodar – me hadde det kjekt. – Neste dag skulle Egil dra, eg møtte Jørgen og Egil i byen. Egil kjøpte seg noko mat også fulgte me han til bussen – hadebra Egil :). Etterpå ville eg óg spise, så meg og Jørgen dro til ein bokhandel med cafe – tok oss ei bok og kjøpte rådyr magefyll :P

Menmen, eg er så teit her eg omtrent sovner av min eigne tekst (og trøttheit) – med engelsk leksa som skal leveres i morgen såvidt starta på, og sammfunnsleksa ikkje sjenka ei lita tanke engang (vel, akuratt nå så). Eg har også Lightwave og Premiere oppe – jobbar med effektane til Joggesko reklamen. Høyrar på start-scenen til “the Beauty and the Beast” – ahh, elsker den musikalen! Er då det er kjekt med besøk, når du har alt for mykje arbeid å gjøre – men siden du har besøk må du jo sosialisere litt! :)