Merkelapp-arkiv: Eksamen

Oceans 13 med mortehu, elles eksamen i morgon

I dag skulle eg øva til eksamen. So vart det ikkje. Eg åt middag 1600 med Egil, der vart me båe gira på å spela Wesnoth. Me gjorde det, Egil drog. Eg skulle på grilling med NUUG, men Wesnoth tok all tid. So spurde mortehu um eg ville på kino, det ville eg. So såg me Oceans 13. Rakk akkurat ikkje t-banen, so hang ein halvtime i byen. Til slutt måtte eg spurta for harde livet for å nå siste t-bane heim.

Eg hev det med å ikkje gjera kva eg bør. Og det hev eg gjort alt for mykje i det siste. I morgon hev eg eksamen i 2270. Eg fann ut han vil verta mykje vanskelegare enn eg hadde trudd. So i morgon hev eg fylgjande gjerelista:

Gjerelista for i morgon (onsdag 13. juni)

  1. Læra meg kardinaldiagram
  2. Skriva ut lista yver maskininstruksjonar for x86-prosessorar (inkludert float x87!)
  3. Læra meg boolsk algebra betre
  4. Ringja Helene Stenhaug (evt. epost/jabber – må få filmmanuset til sumaren no)
  5. Vonleg ringja mamma og Rebecca
  6. Ikkje bruka heile dagen på å surfa og/eller spela Wesnoth
  7. Prata med SiO Bolig um kva som skjer med hybel/parleiligheit til neste semester (la til denne etter publisering, kl 0300)

Lite nyttig døgning

Forresten draumde eg masse i dag. Eg la meg, sov, draumde, la meg, draumde i syklus fleire gongar. Eg skreiv ein tekst der eg prata um det eg hugsa – men det vart ganske teit, so det spørst um eg publiserer det.

Det var koseleg å gå på kino med mortehu. For tvo dagar sidan sat me på saman på PING til klokka var 06, då drog han. Eg drog heim 07. Då hadde eg døgna (utan grunn). Eg la meg 0800 og vakna seint på dagen. Prata med Rebecca og sat på datamaskini. So la eg meg att, og so var det dagen i dag. Var altso inne ein heil dag. Det var jævleg. Gjorde ingenting. Ugh.

Spring mot t-banen

Ja, etter kinoen var ferdig gjekk me seint til t-banen. Me kom på eit pessimalt tidspunkt (mortehu fortalde meg det var det motsette av optimal – fann ingenting i ordboki); banen hadde nett gått og det var 26 minutt til neste. So me gjekk heilt til Jernbanetorget, der fann me ut at det var framleis 15 minutt att, so me gjekk attende ein liten omveg. Mortehu heldt rekningi med tidi (eg hev ikkje peiling, eg gjev ofte uttrykk for at eg kann matte – men det er berre at eg innbiller meg sjølv um det, eigentleg vert eg forvirra av tal).

Me møtte på ein utanlanding som spurde um eit hotel, me gav han veg og mista dimed litt tid. Me gjekk treigare òg. Mortehu sjekka klokka og såg at ho var 2350; altso nett då t-banen kjem. Me var utfor Universitetet i Oslo si jus-avdeling; «no må du springja um du skal rekkja det» (eller noko), sa Morten. So eg spurta. Raskt. Var kjempemoro. Eg rakk toget akkurat. Såg det kom inn då eg var på utsida av Nasjonalteateret t-bane-stasjon. Eg kom meg akkurat inn i siste vogn fyrr dørene vart lukka. Sidan eg er i elendig form, pusta og pesa eg lengje etterpå.

Men no er klokka mykje, og eg lyt sova um eg skal få gjort den enorme gjerelista eg hev laga til i morgon. No er han på netet òg, so då er han endå viktigare. Natta! (0200… gah!)

Oppdatert: La til noko eg gløymde i gjerelista… :-)

Dr. Ho på Ping steikefest

Då er eg nett kome frå Ping steikefest hjå Morten (mortehu). Det var sers koseleg, eg trente på DJ-ing og på å laga musikk. Eg trur eg stod og heldt på med Morten sitt utstyr i fleire timar – det var kjempekos! Eg fekk til og med eit DJ-namn av Håvard (gus); Dr. Ho. Kann henda litt internt, men eg kann forklåra litt;

DJ Dr. Ho (disc jockey doctor ho)

På UiO fær me brukarnamn. Det plar vera fornamn+litt av etternamnet. Mitt vart altso «odinho». Det tok faktisk litt tid fyrr Ping-folket fann dette ut, men plutseleg vart det vidt kjend at mitt brukarnamn var «odinho». Og då vart eg sjølvsagt omdøypt til «odinho» som Ping-norm er. Fleire omtalar Håvard som «gus» og Morten som «mortehu», so det er sers vanleg. «Ho» er altso hore på engelsk, so difor var dette litt moro. Til og med Rebecca lo av meg då ho var på vitjing på Ping og høyrde kva eg heitte der. So då eg hang yver platone, miksebordet og synthane til mortehu fekk eg DJ-namn «Dr. Ho».

Steikefest, kva er dette?

Nokon lurar på kva steikefest er, eg nyttar Morten si flotte forklåring; du hev høyrd um grillfest? Vel, steikefest er det same, berre ein steiker i staden for å grilla. So altso komfyr i staden for gullgrill. Forresten er båe «steikefest» og «stekefest» heilt reine på Google i skrivande stund, dette visste sjølvsagt Ping då det vart utlyst. Det er nemleg berre me som hev hatt dette (dokumentert på nett iallfall). So ganske fantastisk.

Korleis var dagen min fyrr steikefesten?

Eg vakna ganske tidleg, av ein eller annan rar grunn. Sat på musikk, men heldt på å daua av trøyttskap att. Eg drøymde litt, herleg, og so såg eg endå ein episode av Aishiteruze Baby. Eg ser at eg berre hev tvo episodar att no, vert lei meg. Ein i kveld og ein i morgon tidleg til frukost. Buhu. Hev vore moro. Må finna ein ny serie no. So fann eg filmmusikken til «Så som i himmelen», for eg ville høyra på «Gabriellas Sång», den fann eg og høyrde på han høgt. So drog eg ned til Ping og koste meg der. Åt masse is (som eg hev til vane for på Ping i desse dagar) og ein del sjokolade. Eg kaupte masse bøker på sal – nei, det var i går.

Me hev ein ny medlem i Ping, han hev vakse opp i Filippinene, der eg er fødd. Han heiter michaee (Michael) og er sers kul. Me installerte OpenArena (gratis/fri versjon av Quake III) og spelte mot kvarandre og nokre bottar. Eg vann kvar einaste gong (wohoo!). Eg er likevel ganske sikker på at michaee tek meg ganske raskt snart, for han er ein ekte spelar; medan eg driv ikkje so mykje på med slikt. Men eg digga å spela litt Quake att! Det er herleg! Spelte kann henda 7–8 rundar fyrstemann til 20 «frags».

So gjekk eg til mortehu

Etter litt viste han fram platespelaren sin, og sette på ein Techno-CD, so starta eg og prøva ut alle funksjonane til platespelaren pluss litt scratching osb. Det var sers moro um du ikkje hev fengje det med deg. Etter litt prøvde eg meg på Bass-synthen honom, og lagde ein del rytmar. Guitar Hero II vart kobla til, og leika med å laga bass til songane som vart spelt der. I slutten klarte eg endeleg laga ein rytme som passa perfekt (nett då eg hadde klart laga noko kult var songen yver normalt sett); eg spelte han høgt til gitarspelingi. Ingen merka noko, men då det var ferdig merka dei sjølvsagt at bassen/rytma til songen berre fortsette. Det var jo av di eg hadde laga ho og miksa det inn. Var ein elskeleg maskin kann ein seia.

So fekk eg prøva den kulaste synthen, der ein kunne spela og laga supertøff ljod/musikk; eg brukte bass-synthen og den avanserte saman med musikken som spelte frå datamaskini til å laga kul musikk i «teste-kanalen» på miksebordet. So all musikken eg laga høyrde eg berre sjølv inne i hovudtelefonane. Kann henda like greitt; trur neppe det hadde vore gildt å høyra på knoting i lengda. Men inni mellom vart det sers bra. So, vart litt forelska i dei maskinane.

Det var jo masse utanom òg

Mortehu hadde laga dritgode salatar, det var masse kjekke Ping-folk og god mat. Eg åt berre salatane då. Me fekk velkomstdrinkar då me kom – eg var ein av dei som ville hava utan alkohol; og eg laga meg mange seinare. Eksperimenterte og fann ein utruleg god drink til slutt.

God alkoholfri drink

  1. Halvt glass fylt av knust is
  2. Del opp ein halv lime i båtar og legg i glaset
  3. Fyll halve glaset med Sprite (eller annan sitronbrus)
  4. Fyll resten opp med Ananasjuice
  5. Tøm innhald yver i riste-reiskap (mortehu hadde drinkristar/-miksar)
  6. Rist i 4 sekund
  7. Tøm innhaldet yver i glaset att
  8. VOILÁ, sers god drink! :D

Mm.

So tok eg tbane heim

…medan eg prata med Rebecca. Eg gjekk 2300 av di det ikkje er lengje til eksamen. Hmmm. So eg lyt leggja meg no (00:20), eg legg meg nok 00:30 og so ser eg Aishiteruze Baby, so vert klokka 01:00, som er betre enn 02:00 og 03:00. Ah, på slutten traff eg Ola og Elisabeth. Som er eit veldig snilt kjærestepar. Var godt å sjå dei, eg hev vel eigentleg sakna dei.

(Sjå der! Eg kann faktisk skriva nye innlegg um eg vil!)

Zelda-abstinensar fyrr teit systemutviklingseksamen (som ikkje handlar um det)

Eg sit her og kjem inn på at eg vil spela vidare på «Zelda – Twilight Princess» heile tidi. Men Wii-en min er sjølvsagt heime i Stavanger, same med Nintendo Gamecuben. Grunnen til at eg er i Oslo og ikkje på ferie i Stavanger (som eg hev vore den siste månaden), er at eg hev tri eksamenar her. På måndag kjem det vanskelegaste; systemutvikling. Men eg fær ikkje lest stort av di eg hev ei kjensla av at eg fyrst vil gjera noko moro, altso spela Zelda…

Teite svadaord (minner meg um marknadsføyring)

Det er ikkje vanskeleg i seg sjølv, det er superenkelt, problemet er at det er ein haug svada og tull som eg ikkje er interessert i. «Fossefallmodell», «Ugruppert modell», «Gruppert modell», «Usecase», «Bruksmønstermodell», «Den redundansfri modellen», «Kravspesifikasjon», «Frå skallet og inn», «Frå kjerna og ut» og ikkje minst UML, UML, UML. Høyrast dette moro ut? Høyrast det nyttig ut? Nei! Nettopp, det er ikkje nyttig eller moro. Det er svada, ekte svadatull. Jodå, noko av dette er eigentleg interessant i seg sjølv; men ein viktig forskjell er at det ikkje er interessant å prata um det i generelle former. Altso; det er greitt nok, eg skal laga eit program og då er det jo lurt å tenkja på kva data dette programmet skal handsama.

Sjølve systemutviklingsfaget inf1050 på UiO handlar mest um å laga modellar og diagram, pluss ein heil haug planar. Eg synest det er betre å faktisk gjera noko; men eg veit jo at dei fleste firma som driv med informatikk tener masse pengar på å vera superineffektive. Dei skriv suppa si i klasse-tung Java. Det vil seia:

Klasse-tung Java: I staden for å kaupa og bruka ein hammar for å slå inn spikaren so tenkjer du; ahh, eg må sjå på dette som eit meir generelt problem – eg må laga noko ålment for å slå inn ting. So du lagar ein hammarfabrikk som kann laga allslags innslåingverkty. So tenkjer du, ahh, må laga noko endå meir generelt, ein vil jo ikkje berre slå ting inn, kann henda nokon vil skru noko. So lagar du ein fabrikk som produserer jern til eigne skrujern- og hammarfabrikkar. So tenkjer du, ahh, må gjera det endå meir generelt, slik at ein slepp å gjera dobbeltarbeid um ein nokon gong treng noko som liknar litt. So lagar du ein fabrikk for å laga fabrikkar.

Og der ser du. I staden for å kaupa den hekkans hammaren so driv du og lagar fabrikkar som produserer fabrikkar som produserer jern som produserer slåverkty som produserer ein hammar du kann bruka til å slå inn spikaren med. Då er det ikkje rart å sjå kvifor ein treng masse teikningar og diagram og anna tull fyrr ein kann gjera noko. Programmet vert treigt og vondt av slik yverabstraksjon, sers lite effektivt. So dette systemutviklingsgreiene er berre del av eit stort ineffektivt apparat som syg pengar og gjer ting treigt og vanskeleg.

Alt er ikkje mørkt eller vondt

Ohvel. Det er nok ikkje so galt, og eg hev sjølv teikna UML-diagram for mine eigne prosjekt. Dessutan abstraherer eg gjerne klassar til generelle problem når eg skriv objektorientert. Men likevel er heile faget ei forbereding for at ein skal kunna jobba i eit digert føretak som lagar «Enterprise» program system. Dette kjem ikkje eg til å jobba med. Eg tek informatikk av di det er moro, ikkje av di eg skal verta ein slave for firma som Visma. :S

Eg hev ein innebygd skepsis for INF1050, og hev ikkje likt det sidan eg såg boki. Det er ei ekte svadabok der dei skriv side opp og side ned med teite utrykk og seier ingenting. Inni mellom finn du kann henda litt meining, men det er fyrst etter du hev lese 2–3 kapittel. Eg vert vond av slikt. Og vil heller spela Zelda.

På tysdag, etter eksamenen i INF1050, hev eg eksamen i INF1010 – som er programmering. Det gjeng greitt nok. Og so er det eksamen i INF2270 Datamaskinarkitektur, det er eit moro fag. Vonar eg gjer det bra der.

Zeelda! :-(

Norskeksamen FERDIG!

Ahh! Der var det gjort… Eg fekk om dialektar – noko eg ikkje hadde øvd på. Ææææ! Elles gjekk føredraget mitt om postmodernismen greitt; sjølv om eg fekk kritikk for at eg hadde take ei for stor samfunn og sosiologisk forankra forklaring.

Då venter eg berre på å få karakteren! Ååå. :S Skummelt…—Eg trur det blir 4, heilt ærleg. Skal eg seie det uærleg; eg trur eg får 3… Då blir det ikkje så vondt å få 3-er :( Buhuuuu. Eg får 3-er :(((( OK, berre nokre minuttar til eg skal inn! Må gjere meg klår.

I etterkant

Ja. Så eg fekk altså 6-er, som alle allereie kan lese i kommentarane. Det er jo ganske mykje betre enn 4, som eg trudde på. Men det var altså realistisk tru. Eg vona 5-er om sensor var snill. Det eg har skrive over er ganske rett altså. Eg var berre litt ekstra heldig, sidan ho lika avanserte postmodernistiske emne, noko eg hadde lese mykje om ;) Realistisk sett kunne eg ha fått 3-er! Tingen er; eg gjekk utanfor emnet i sjølve framsyninga mi. Spørsmålet var då kor mykje vekt dei ville leggje på det. Dessutan spurde dei meg etterpå litt meir om litteraturen. Sensor kom med fleire spørsmål (heh, ho blei veldig engasjera :p) – eit av dei om eg hadde lese om «Ekhart» eller noko. Heh. Norsk litteratur hadde eg ikkje lese noko om. Eg hadde lest avanserte tekstar om avanserte emne… Ikkje noko om norske forfattarar! :S

Men så byrja eg snakke om Jon Fosse, sidan eg nett hadde spelt i eit stykke skrive av han. Då fekk eg sagt noko meir heldigvis. Snakka vidare om at ein kunne f.eks lese «Berlinerpoplene» postmodernistisk, sjølv om han eigentleg faller betre inn i sosialrealismen. Så nemnde eg at eg hadde lest meir av Darrida (ein teoretiker, dekonstruksjonismen sin far – skriv utruleg vanskeleg) enn norske forfattarar. I følgje norsklæraren min var det dråpa som fekk begeret til å renne over :p Det var ein siste dytt mot 6-er ;)