Merkelapp-arkiv: Eksperiment

Fruktprosjektet er ferdig (dag 26)

Eg hev endå ikkje sett tennene i kokt mat, eg er eigentleg ganske redd for det. Etter eg var sjuk i omstillingsperioden (dag 12–16) endra fordøyingssystemet mitt seg; det omstilte seg til å forventa rå frukt og grønt. Dessutan hev eg halde eit lågt feitt- og proteininntak og levd for det meste på karbohydratar.

Symjing med symjeprosjektet

I tillegg hev eg jo dette symjeprosjektet mitt. Eg ventar eigentleg at eg kjem til å verta litt dårleg når eg gjeng attende til å vera vanleg vegetarianar – og vera sjuk + måtta symja masse er ikkje heldig. Eg trudde eg hadde symd 5 000 meter i dag tidleg, so eg symde nett 2 000 meter for å koma opp til 7 000. Då eg sjekka loggen eg hev i symjehallen vart eg imidlertid positivt yverraska, eg la alle tala saman og fann ut at eg hev symd 7 900 meter. Det er altso berre 2 100 meter att, og det kann eg godt klara på ein enkelt dag. Eg legg ut lista når eg er ferdig med symjeprosjektet.

Matlyst

For å seia sanningi: av ein eller annan sjuk, sjuk grunn hev eg ikkje so lyst på stort anna enn vassmelon, mango og tørka tomat nett no. Eg vil jo ikkje pressa i meg noko mat berre av di «no er prosjektet ferdig og eg skal verta veggis att». Eg må jo ha lyst på det. Før omstillingi so etla eg ofte «vanleg mat», i alle fall annan kvar dag. Midt i omstillingsperioden var eg sjuk og so ekstremt lei av heile prosjektet, eg ville gjeva upp mange gongar. Eg hadde aldri trudd eg ville verta so likegyldig til å få eta kokt/steikt mat, sjokolade, kaker, braud og ost att.

Likevel hev eg ikkje lyst til å halda fram med å eta rå frukt og grønt,—eg kjenner meg veldig bra no, eg hev kjempegod energi – eg vaknar kjempetidleg kvar morgon, og ventar ofte i 1–2 timar fyrr Rebecca vaknar. Alt peikar mot at det er lurt å fortsetja… men… Eg vil ikkje. Det er meir stress, eg må eta so mykje heile tidi. Eg kjenner at det ikkje gjeng ein time utan at eg stappar i meg eit par bananar, nokre appelsinar, tygger litt spinat og hiver nedpå ein sopp. Det hev vore lite spinat og sopp i det siste, og fruktmiksaren eg kaupte (blenderen) vart øydelagd – hekkans Clas Ohlson…

Men eg vil altso attende

Mykje av det sosiale med eting er borte, no et eg aldri det alle dei andre et. Folk tilbyd meg mat, braudskive med ost – men eg må seia nei. Rebecca lagar kjempegod middag; pannekaker, linsegryte, risotto og so et ho det åleina. Det er eg ganske lei av. Då ho åt pannekaker sist, vart eg ikkje overvelma av ein trong til å eta pannekaker, eg etla det ikkje; men eg var veldig lei meg av di eg ikkje kunne setja meg ned og eta saman med ho. Og der trur eg mykje av grunnen til at eg vil gå attende til å eta vanleg veggismat ligg. Dessutan saknar eg litt å stå framfor grytene og laga mat. Det å vera veggis er ikkje rart i det heile teke for meg no, ikjke veganare heller—alt er mindre ekstremt enn berre rå frukt og grønsaker (og rå nøter).

Sumardiett

Forresten prata eg med ein kjend på tbanen, då eg fortalde han um dietten min nikka han godkjennande og sa at ein kjærast han hadde åt berre frukt og grønt kvar sumar. Ho hadde gjort det sidan ho var liti. Ho orka berre ikkje eta tyngre. Veldig interessant. Det kann godt henda eg vert frista til å prøva dietten att ein annan gong; det ser eg absolutt ikkje vekk frå.

Jepp. So litt seinare i dag so kjem eg nok til å hiva i meg ei skiva eller laga kokt ris. Vonar berre ikkje eg vert alt for dårleg…

Fruktprosjekt dag 19, sjukdom og nedkorting

Sjølve dagen då eg var halvvegs i «rå frukt»-prosjektet mitt var den verste eg hev hatt. Trass i at dagane fyrr var kjempegode. No er eg endeleg god att, noko eg var i går òg. Eg hev sett på planen min og ser at eg ikkje kann halda prosjektet til sin sluttdag, dag 30. Det vil øydeleggja planene mine litt.

Sjukdom

Eg måtte tidleg upp for å dra på målferd til Brumunddal. Eg kjende meg ganske dårleg av å stå opp so tidleg, eg åt ei pæra. Eg kom meg ned til Sentralstasjonen, der byrja eg kjenna meg veldig dårleg. Det pressa på, eg var kjempekvalm. Eg sprang og fann toalettet til slutt, men det kosta 10kr. Og eg hadde ingen pengar på meg (berre bankkortet som vanleg); det trengde på, eg sprang, fann ingen plass – ah, bak der med heisen gjeng det få folk. Ein mann kom mot meg medan eg sprang mot heisen og såg på at eg spydde på golvet inne i kroken. Faen i helvette. Eg kjende meg sjølvsagt heilt utruleg dårleg. Medan alt dette hadde skjedd hadde toget gjenge i frå meg. Eg sette meg til å venta på neste, ein time seinare.

Eg kaupte ein fruktdrikk for å få masse papir eg kunne tørka spya ut or skjegget (ekkelt). Eg sippa so vidt på han. Toget kom, eg gjekk inn. Vart supersjuk at – reiv opp ein bosspåse som låg ved setet og spydde oppi den. Det er ganske innljosande at det ikkje var lurt å stå opp tidleg å eta ei pæra, – eller noko anna. Eg hadde ikkje lyst på nokon anna mat, men vart frastøtt av alt. Til slutt kom eg fram til Brumunddal der 60 elevar hadde venta på meg i tvo timer; eg kom fram til slutten av timen men gadd ikkje gå inn. Eg var kjempedårleg. Eg fekk ei seng på skulen og fekk sova eit par timar.

Betring

Då eg vakna var eg mykje betre. Eg heiv i meg litt frukt, heldt målferd (som gjekk yverraskande bra, eg eigde, wohoo) og var i god form. Etter eg kom heim att på kvelden vart eg dårleg att. Den neste dagen fortsette det, eg hadde ikkje lyst på noko, eg vart frastøtt av all mat utanum småting som nøter, vassmelon og… braud. Men eg heldt meg litt lengre, sjølv um eg var superklår til å gjeva upp. Eg tenkte; vert eg skikkeleg sjuk att, so vurderer eg skikkeleg å gje upp. Det var godt å eta nøter.

God att

No kjenner eg meg bra att. Meg og Rebecca var ute å kaupte inn masse forskjelleg god frukt på sundag (på Joker) – dadler, nøter, meloner, jordber, maiskolber, bringeber og gode modne bananar. Eg trur problemet mitt dei siste dagane var at eg åt for lite, eg hadde ikkje lyst å eta og difor fekk eg for lite i meg. No hiver eg innpå att, og passar på at det er nok.

Nedkorting av prøveperioden grunna Sør-afrika

Det er veldig, veldig, veldig dumt å gjera det. Men eg kjem til å korta ned prosjektet til berre 25 dagar, i staden for 30. Det hev praktiske grunnar: eg skal til Sør-afrika. Avreisa var dagen etter slutt på prosjektet, – men det gjeng ikkje bra dersom eg vert sjuk av å gå attande til vanleg veggis (eller veganar (men eg ventar heller med å prøva vegan-liv)). Eg vil ikkje vera sjuk i Sør-afrika den vesle tidi eg er der! Turen er òg alt for dyr til å sløsa med.

So med 25 dagar so fær eg 5 dagar på meg til å verta frisk veggis, det burde vel halda.

Rå frukt- og grøntprosjektet mitt er halvvegs

I dag er dagen, 15 dagar hev gjenge og det er 15 dagar att. Det hev vore veldig mykje upp og ned desse 15 dagane. Nokre gongar hev eg hatt so strerkt lyst på litt braud eller kokt ris at eg hev nærast rive meg sjølv i stykker. Andre gongar hev eg etla frukt og kost meg med å hiva innpå frukt, eller laga ein hjartesalat-wrap. Eg hev vore nede på botnen, vond, sliten og svolten. Eg hev spydd. Og eg hev (oftare) hatt kjempeenergi og fengje gjort ein heil haug ting eg ikkje trudde eg skulle få tid til. Eg hev starta å gå i symjehallen ganske ofte av di eg hev lurt på kva eg skal gjera med all den nye energien min.

Hjartesalatblad med avokado, tomat og masse anna digg på

No er eg altso halvvegs, og kva tykkjer eg so langt?

Godt no, men ikkje alltid

Eg er heldig (uheldig?) som skriv dette nett no; for no elskar eg ganske enkelt dette prosjektet. Eg hev nett hive i meg ein haug hjartesalat-blad med avokado, tomat, agurk, mais og ein del sitron-saft i tillegg til at meg og Rebecca symde 600m i dag (1000m so langt på to dagar). Eg kjenner meg kjempegodt og etlar ikkje kokt mat i det heile teke nett no. Men slik hev det ikkje vore heile tidi; langt frå.

Å etla kokt mat

Den fyrste dagen med frukteksperimentet mitt, fann Rebecca ut at ho skulle eta pizza og dufta ned bustaden vår med det. Det var no ein liten hump å koma yver, men dagane vidare viste seg ofte å vera litt verre. Fyrr åt Rebecca berre loff (kvitt braud) – og helst slik billeg First Price-braud. Til slutt innsåg ho at det ikkje var det beste ho kunne, og plutseleg byrja ho eta slike braud som eg et. Det verste er at ho no tykkjer det er betre enn det skipet ho åt tidlegare. Hadde ho berre fortsatt ete skip, so hadde eg ikkje vorte so frista. Men når ho kjem med grovt, varmt, luftig, herleg speltbraud med masse heilkorn og et rett framfor meg er det vanskeleg å halda seg vekk. Dessutan hev kjærasten min plutseleg funne ut at ho elskar pesto, og då den gode, økologiske pestoen som eg òg likar. So kvar dag lagar ho pesto-wrap med masse salat, mais, salsa og anna godt og fristar meg ekstremt. Eg må nesten prøva å laga noko liknande sjølv…

Spy

Eg spydde på turen attende frå Bergen. Forresten, det var litt spesielt i Bergen – for der hadde eg ikkje fruktdrikkmiksaren min (miksemaskin) og heller ikkje Sol (den berbare maskini mi) med internett. Difor vart eg keisam i matvegen og åt berre banan, pæror, litt klementiner, litt appelsin, plommor, litt nøtter, ymse salat og litt cashew nøtter (rå, sjølvsagt). Då eg drog fekk eg ein stor pose mat frå SmiB; der låg det mellom anna gulrøtter som var veldig dårlege. Av ein eller annan sjuk, sjuk grunn åt eg ein av desse. Det tok ikkje lange tidi fyrr eg vart dårleg…

På togturen byrja det toppa seg. Det stinka drit i vogna, skikkeleg bæsj, avføring – eg kunne ikkje sitja i den vogna. Dessutan byrja eg verta so sjuk og kvalm at eg var sikker på at eg kom til å spy ganske snart. Til slutt gjorde eg nett det, med tårer i augo (eg grein, ja) spydde eg opp alt eg hadde i magen. Det var veldig interessant, eg kunne sjå all maten eg hadde ete. Eg hev eit forrykande raskt fordøyingssystem no; ting kjem ganske raskt ut att etter eg hev ete det. Moro å sjå korleis maten låg lag på lag oppi doen. Etter det vart eg fort betre. Det var den dårlege gulroten som gjorde at eg spydde.

Normalt sett ville eg ikkje spy av noko slik, berre verta dårleg. Men eg trur det er ein veldig god reaksjon, å heller kvitta seg med dritet i staden for å la det liggja i magen. Eg burde jo ikkje ete det i fyrste umgang, no hev eg lært.

Ahh. Noko interessant. Eg sat i kafévogna etter eg hadde spydd. Starta so vidt med litt vatn, so eit par klementiner osb, osb. Men tingen var at eg sat lengje utan mat, eg sat og lukta på andre sin mat. Det var kjempeherleg. Og eg merka noko veldig spesielt då ei dama sat seg ned med kjøtkaker i brun saus: eg etla faktisk kjøtkaker. Det hev eg ikkje gjort sidan eg starta veggisprosjektet mitt for lengje, lengje sidan. Men det gjekk yver. Eg fann ut at eg hadde meir lyst på ostepizzaen til ein annan fyr. Togpylser klarte eg ikkje lata meg frista av, då…

Vekt

Eg hev halde yversyn med vekta mi frå eg starta. Nett no er ho 65kg, då eg starta var ho på 70kg – so eg hev gjenge ned 5kg trass i at eg et so mykje at eg nokre gonger vert lei av å pressa i meg so store mengder mat.

Næringsinnhald

Diverre skal eg på målferd i dag, toget gjeng kl. 0737 – so eg kann ikkje skriva meir inngåande um andre emne. Men eg kann vel kjapt seia at eg hev vorte veldig interessert i kosthald, og hev fylgd med på næringsinntaket mitt ved hjelp av NutritionData.com. Eg trur aldri eg hev ete so sunt som no, men likevel føler eg heile tidi sterkt på å få i meg nok Bra Mat™. Eg vart obs på at eg fær for lite D-vitamin, so difor hev eg byrja eta ein god del sopp. Eg fann ut at eg ikkje fær B12 (med mindre eg gjeng ut og et jord), so eg lurer på um eg skal taka eit supplement.

Spursmål frå gode Andreas

Jeg er litt spent på hvordan kroppen din har reagert etter to uker. Jeg ser for meg at du får i deg hekkans(!) mye fiber, og at magen din reagerer deretter :-S

Og så lurer jeg på om man ikke vil få proteinmangel av dette, for det er vel ikke så mye proteiner i frukt og grønt? Hva med en proteinshake av og til?

Kroppen min hev reagert veldig bra. Eg hadde ein del problem i omstillingsfasen, men eg trur det er yver no. Eg gjeng på do veldig ofte. No sjeldnare, men i starten var det heilt ekstremt. Tøft at du brukar ordet «hekkan» :)

Som eg sa tidlegare i startposten for prosjektet so held eg feittnivået lågt, men eg gjeng ikkje aktivt inn for å halda nede proteinane eg fær i meg. Kroppen resirkulerer mesteparten av proteinet, og lagar ein del aminosyrer – men det er ein del han ikkje klarar å laga sjølv, dei er det viktig at me fær i oss (sant?). Etter det eg hev lese so fær eg godt nok med proteiner no. 10% av energien min dagleg kjem frå protein. Det er masser av folk som hev levd som veganarar (og berre på rå frukt- og grønt) og lever i beste velgåande (sjølv um protein-folket seier dei burde vore daue). Um det er ein god diett for ungar som veks upp er truleg noko anna; men eg er ikkje serleg redd for at eg fær for lite protein. Eg hev større tru på at me yverfokuserer litt mykje på protein; same kva – fær eg problem so finn eg utav kva det er (og kann lett gå attende).

So, kva tykkjer de?

Det var so ekstremt frå innspel på førre innlegg, – når eg seier at eg berre et rå frukt og grønt til folk eg treff «ute i verdi» so meiner dei alltid mykje. Men ikkje her? De ville kannhenda venta å sjå? Javel, so no er eg halvvegs – og det ser ut til å gå bra; er det noko du vil prøva? :P

Fleirfasisk/polyfasisk soveprosjekt lagt på is

Etter ei stor «blemme» i dag, utsett eg prosjektet som lova. Eg klara aldri koma yver humpen til ekte fleirfasisk soving. Eg trudde det, men etter evaluering fann eg 48-timar syklusar, som ikkje er det same. Eg hev til fyremål å trena meg sjølv og starta prosjektet med betre fyresetnader enn i dag.

Det var ikkje av ynskje um å vera meir effektiv at eg starta prosjektet, det var meir «kult, klarar eg dette?». Eg er fast innstilt på at eg klarar det, men hev sett i 12 dagar no at eg ikkje hev kome langt nok til yvergangen. Det skal ikkje taka meir enn tri døgn å koma yver humpen i fylgje Steve Pavlina. Problemet mitt er at eg aldri kom til tri døgn. Eg skulle klara det denne gongen, men det gjekk altso ikkje. Eg sov ei full natt frå kl 12 til 20. Eg mista innleveringsfristen til ein heil haug obligatoriske oppgåver, nokon eg til og med hadde gjort. No er eg heldig at desse fagi er ekstrafag, so det gjer ikkje noko um eg droppar dei. Eg må berre finna noko anna å gjera på dagane.

Korleis var opplevingi, korleis gjekk det?

For å taka det andre fyrst. Eg hev sett på heile soveloggen min samla. Det er eit sers opplagt mynster i han.

  • Ein god dag, 20min søvn på alle 6 plassane, ingen yversoving
  • Ein dårleg, på starten av døgnet yversoving ca 5–8 timar
  • God
  • Dårleg
  • God
  • Dårleg
  • God
  • Dårleg
  • …osb

So sjølv um eg hadde desse gode dagane, og at eg var vel fungerande heile dagane – so var det ikkje Uberman slik det skal vera. Det var veldig moro so lengje det varte, og hadde kvar dag vore som dei gode so hadde alt vore bra. Men eg kom ikkje yver denne knausen og hev difor stoppa. Det var veldig moro å kunna hava eit emne å skriva um, det er noko eg må tenkja på til seinare.

Kor tid skal eg prøva på ny?

Det er ein del ting som må gå i boks fyrr eg prøver prosjektet att (for det skal eg!):

  • Bu ein plass der eg kann nytta ein ekte alarm på natti (for å ikkje vekkja andre)
  • Trent til å vakna av vekkjeklokka
  • Hava masse fri tid, fri frå skulearbeid osb
  • Vera sunn og god, og helst vegetarianar

Det siste punktet hev med soving å gjera. Er ein kjøtetar so treng ein mykje meir søvn enn um ein ikkje er, so det vil vera ein fordel um ein skal verta ein fleirfasisk sovar. Eg skal prøva eit anna prosjekt for å gjeva meg betre søvn no. Det er det eg hev prata um fyrr, å standa upp til faste tidor og leggja seg når ein er trøytt. Men fyrst trur eg at eg må skaffa meg ein plagsom alarm og trena meg til å stå opp når han ringjer. Me fær sjå korleis det gjeng frametter.

Eg kjem til å sakna å hava noko å gjera, noko å skriva fast um. Men eg finn vel det fort vonar eg. Nett no vil eg leggja meg og sova ei full natt, vert rart å gjera det med vilje denne gongen! :P

Fleirfasisk/polyfasisk søvn, dag 8-11

Eg byrjar verkeleg koma inn i sovemynsteret trass yversovingi. Trur eg er ferdig med ho, sjølv um eg statistisk sett vil yversova ein gong no ganske snart. Eg er fullt klår yver det og skal unngå det. Trass kor…zzz…vanskezzzzZzzzzz.

Eg hev eigentleg aldri mangla noko serleg med søvn i dette eksperimentet. Ikkje serleg lengje i so fall. Desse lange soveperiodene eg hev annan kvar dag hev gjort den andre dagen til ein veldig god fleirsyklisk/-fasisk dag. Men sjølv um eg ikkje hev kjend nokon stor søvnmangel, so er eg ikkje alltid på topp midt på natti. Dette trur eg vil endra seg um eg klarar å gå yver til ei ekte fleirfasisk uberman soveplan. So eg er endå meir sett på at eg ikkje skal yversova no, trass kor vondt det må vera. Eg må yver knausen.

Menmen, det er notid. Eg skal prata litt um dag 8 fram til no. Eg skal prøva å halda det kort.

Måndag 5. mar, dag 8

Var her eg skreiv førre innlegg. Eg yversov, hugsar ikkje detaljane, men det var nok normal avskruing av klokka, og so berre «slappa av litt» for å so sovna ganske raskt att. Resten av dagen var eg på Ping, der eg ikkje fekk kome inn i søvn 16 og 20.

Tysdag 6. mar, dag 9

So skreiv eg endeleg eit program for vekking. So no hev eg mykje meir sofistikert vekking. 00 og 04 var eksemplarisk. Til 08 skreiv eg dette i loggen:

Eg sov i 20 minutt, so visste eg maskini ville vekkja um fem ti minutt til, so eg sat mobilen på att og la meg ned. Eg hadde sovna um det ikkje hadde vore for datamaskini. Eg vakna av den stigande pipinga der, men hadde ikkje vakna av mobilen det kjende eg. Herleg å hava bra vekkeprogram!

12 sov eg på Ping, ganske greitt. Og so kjem eit problem, eit:

Praktisk problem, Exphil seminarundervisintg

Kl. 16 startar Exphil-seminaret. Det er jo midt i sovingi mi. Eg vart trøytt utyver timen kjende eg, då det var pause la eg hovudet ned på pulten og sovna med ein gong. Pausa varte berre i 10 minutt, og eg vakna av at eg fekk kjeft. Læraren stod og brølte «hei! Du! Våkna!», men eg vakna ikkje. Det tok tid, eg var langt vekk. Då eg forvirra reiste hovudet og lurte på kvar eg var, sat klassa og lo. Dei er vel ikkje van med at folk kann sova so tungt på dagen so raskt.

Kl 20 var godt. Vekka av datamaskini.

Onsdag 7. mars, dag 10

Eg var tung i hovudet og trøytt i tidsrommet frå 04–08. Rett fyrr kl 08 tok eg ein dusj, so la eg meg. Eg vakna og stod opp av datamaskini 08:20. So gjekk eg attende til sengi, og slo på mobilen på alarm fem minutt seinare og la meg ned att. Og resten er historie. Den handlar um at eg sov 6 timar, men eg skal ikkje fortelja han. Eg sov gjennom heile 12-blunden og hoppa yver 16.

Katta teater, A Clockwork Orange

Er du berre interessera i fleirfasisk søvn, hopp tvo paragrafar ned.

Eg fekk telefon frå Maria «kvar er du?». Eg var på Blindern, men skulle vore på Katta. So eg sprang for å taka trikken. Den kom og eg var på veg. Men, so gjorde trikken noko sers ulurt. Han sa «Holbergs plass» når det slett ikkje var Holbergs plass, men tvo stopp fyrr! Eg vart forvirra og tok trikken som gjekk bak, den tok ein sving og gjekk endå lengre vekk frå staden eg skulle. Eg gjekk av og sprang attende. Eg fann vegen ganske raskt etter stedsans. Eg hadde sers dårleg tid før dørene vart lukka. Eg kom til det eg trudde var Holbergs plass, men Maria såg meg ikkje, eg tenkte det var feil plass og såg skilt kor det stod «Tullingata» o.l., so difor sa eg det sikkert var Tullinløkka.

Då måtte eg springja nord. So eg sprang nord og kom til høgskulesenteret, det var heilt feil og Maria kunne ikkje venta lengre, so ho stakk. Eg fann til slutt Holdbergs plass, det var faktisk den plassen eg trudde det var. So det var teit gjort å stikkja frå der. Og so var det dette med å finna den vanskelege skulen. Eg gjekk lengje rundt i ring for å finna skulen, men nei. Eg spurde fleire folk – til slutt fann eg nokon som peika meg i ei meir ålmenn rett retning. Og etter eit par-tri hint frå folk so fann eg skulen. Han hadde digre veggar rundt seg då, so eg måtte gå langt attende for å kunna koma på framsida – dårleg design.

Endeleg framme

Inne møtte eg folk i kassa. Umogleg å ganga inn, eg sa eg kunna gå inn bag og STÅ. Eg hedde gjeda 100 kr. Det fekk eg, so såg eg stykkket. Pausa var 20 minnutt. Starta 09.15, men ingen gode plassar å sova. Etter kaka sat eg meg ned på golvet med beini i kors. Eg må ha sett rimeleg teit ut. Eg fekk kvilt litt, so kvilte eg resten av stykket. Det fungerte dårleg. Eg tok trikken til Ping og sov der, 22. Tvo timar på etterskudd. So det var å hoppa yver ein god del av dagsstrukturen.

Torsdag, 8. mars (dag 11)

Dette var ganske perfekt. Natti var herleg, eg var vaken og rask. Sers god form. 08 draumde eg livlig, kjempelang morosam draum pressa inn på 20 minutt. Eg var sikker på at eg hedda yversove, men klokka hedde berre gått 20 minutt! Det er like fantastisk kvar gong. Drog til Ping for å jobba med MAT1030, det fekk eg ikkje gjort ferdig – so må vel taka det faget om att. Jaja, det er i og for seg ikkje noko problem. Eg kann gjerne taka alle dei keisame fagi på ny, Exphil, STK1000 og MAT1030. Det kann godt henda skjer òg. Eg hev ikkje prioritert dei og merkjer eg ligg langt bak. Sers lite lysten til å starta på Exphil.

Drog til skrivarstova og hadde SmiO-møte. Midt i stakk eg og sov på golvet, var 10 min effektivt. So gjekk me og åt, eg tok restane til dei andre med heim. Åt faktisk nett den eine pizzaen. Var moro at det vart kalla «doggybag», nett som om maten skulle vera til hunden. Folk seier dette av di dei er flaue av å taka med mat frå restauranten heim. Det forstår eg ikkje. Når det låg 6 pizzastykker att, so kunne eg jo like godt taka dei med til hybelen…!

Fredag, 9. mars (dag 12)

Dette er ingen full dag. 00 var det vanskeleg å stå opp, eg ville sova. Dette er natti eg visstnok skal yversova. Etter ein halvtime vakna eg litt meir. Eg skal ikkje yversova no. Trass kor lyst eg hadde lyst. Då klokka slo 04 vart eg umiddelbart trøytt, utan å vita kva klokka var. Det var ganske utruleg; kroppen visste det var tid for søvn trur eg. 04.30 vart eg til slutt vekka av maskini, då eg var oppe var eg raskt i god form. Eg såg litt meir av «Haibane Renmei», ei fantastisk herleg Anime-serie (hev byrja sjå mykje slikt). Men so vart eg trøytt kl 05. No sit eg på kjøkenet i den gode sofaen utan nett og på batteri. Er so stress å skriva på hybelen sidan stolen er heilt forferdeleg. Eg er ganske trøytt, hadde augo att for litt sidan – ahh kjende eg – og so vaknar eg brått av at hovudet dupper ned. Det er alltid so surrealistisk.

Eg bør dra ned til Universitetet og levera den eine av dei fire obligane eg hev gjort som hadde frist i dag. Hev hatt tid til å kunna gjera alle, men aldri kjend oppgåvene hev vore tidskritiske. Dei er det i dag. Heh. Jaja, nesten same kva eg gjer so tek eg eit vanleg semester i fylgje lånekassa. Det er tryggnade, eg kann med ein gong eg vil berre drita i dei fleste fagi mine – og likevel vera heiltidsstudent utan å hava tapt noko på det.

0645 no, litt yver ei time att, so kann eg sova – men må stå opp etter 20 minutt. Eg trur slaget kjem til å stå um 08-delen no. Kjem eg til å klara å ikkje yversova han? Ohh. Eg kann nesten kjenna spenningi.

Oppdatert 0945: Det gjekk forresten kjempebra. :-)

Fleirfasisk søvn, dag 6-7

Dag 6 starta veldig dårleg. Det var denne dagen eg yversov so fælt. Eg hadde vore på pub med mortehu og Håvard og vakna ikkje av klokka. Kjennast lengje sidan trass i at det var på laurdag (og no er måndag). Eg sov til neste morgon, so låg eg lengje i senga og lurte på kva som hadde skjedd. Dagen etter, derimot, var fantastisk. Eg traff søvn på alle plassane, og hadde masse energi heile døgnet.

No hev eg ikkje heldt lengje på med dette. Det skal taka rundt tvo vikor å leggja um sovemynsteret, men sidan eg hev yversove so mange plassar kann det henda det tek lengre tid. På den andre sida so hev eg funne ut at det ikkje er særleg vanskeleg, eg hadde forberedt meg på eit helvete og søvnmangel i minst eitt døgn. Denne søvnmangelen hev ikkje vist seg. Ikkje slik vond søvnmangel eg er van med etter å ha vore vaken i nær 48 timar i all fall. For dei som hev vore på LAN, so må eg seia at dette er mykje herlegare. Eit par av dagane hev faktisk vore heilt fantastisk, ingen tanketåke – klår og fin i hovudet.

Bobbing mellom godt døgn og yversoving

Det eg byrjar sjå, er ei bobbing mellom godt døgn og yversoving annan kvar dag. Eg hev eit godt døgn, so yversov eg, hev godt døgn, yversov. Det kann tyda på at eg ikkje kjem yver knausen for å nytta blundane til det fulle. Søvnmangelperioda er kann henda endå ikkje kome. Eg prøver mykje hardare å passa på at eg klarar vekkja meg sjølv frå søvnen midt på natti. Det er 00 og 04 som er farleg, problemet er jo sjølvsagt at eg ikkje vil vekkja blokki mi. Likevel hev eg no vekking som er i fare med å gjera det; MEN, den kjem ikkje i slag med mindre eg ikkje vaknar av mobiltelefonen. Det hev eg gjort i det siste, so eg hev alltid slått av ekstravekkingi.

Dag 7

So låg eg tri timar ekstra i sengi og lurte på kva som hadde hend. Sov att til 16. Neste 20 sov eg ikkje. So vart det nytt døgn. Og eit veldig bra eit. Eg traff 20 minutt søvn på alle blundane utanom den siste:

Sovingi mi døgn 7 (søvnlogg)
SoveminuttKommentar
sun, 4. mar
kl. 00 20  
kl. 04 20  
kl. 08 20 Fantastisk! Kjendest som 8 timar, draumar – herleg!
kl. 12 20 Herleg
kl. 16 20 Eg låg i sengi og dagdraumde heile tidi mellom 12-16. Men ikkje av di eg var trøytt, meir av di det skjer so lite på sundagar.
kl. 20 10 Masse bråk i denne dumme blokki.

Eg hev vore inne veldig lengje no. Heldigvis måndag i morgon, so då er det enkelt å gå ut (les: eg hev grunn anna enn å få frisk luft). Ein annan ting, eg hev sers mykje tid hev eg funne ut. Denne helgi var dritlang. Spesielt sundagen. Ærleg talt, sundagen kjennest ut som tri dagar, det er heilt utruleg plagsomt. Eg manglar smør, og ville gjerne kaupa det, men neidå, – sundagen sluttar jo aldri:

  • Kiwien er stengt frå 21 laurdag
  • Etter 12 timar framleis stengd (ein dag), kl. 9 sundag
  • Etter 12 timar framleis stengd (tvo dagar), kl 21 sundag
  • Etter 12 timar framleis stengd (tri dagar), kl 9 måndag.
  • So opnar han endeleg.

Fleirfasisk søvn, dei fyrste dagane (0-5)

Eg er nett oppe frå ein fantastisk syklus. Eg vakna i sjokk yver ein sikker forsoving, eg kjende eg hadde vore vekk kjempelengje. Men det var ikkje lengre enn 20 minutt sidan eg la meg ned. Eg draumde kjempemasse, 8 timar verdt drauming på 20 minutt. Det var kjempeherleg. Men fyrr det vil eg altso prata um dei siste 5 «dagane» fyrr denne. I [ikkje alt for] korte trekk.

dag 0

No hev de sett timelista og litt tilhøyrande informasjon, so eg gjer dette litt mindre teknisk. Etter eg hadde den fantastisk gode vika med Rebecca, ho var hjå meg ei vika i ferien sin, so starta eg det fleirfasiske prosjektet. Som tidlegare hinta til hev eg ynskja å gjera dette lengje. Det hev liggje og bobla som forventningi til ein unge fram mot jolaftan. Då eg hadde sett Rebecca til toget, og tok t-banen heim var eg i tvil um eg skulle taka ein avslappingsdag til fyrr eg starta. Men det gjorde eg ikkje.

dag 1

Eg fann ut eg ville hava ei rytme eg lett kunna hugsa, eg likar spesielt godt desse tali som er < 24:

  • 0
  • 1
  • 2
  • 4
  • 8
  • 16

So difor tenkte eg at rytma 0, 4, 8, 12, 16 og 20 ville vera bra. Og det var ho.

Det er forresten interessant å sjå at «20» ofte vert kalla 8, so då er det berre 12 som er utanfor dei kule tali.

Då eg kom til leggjetidi mi kl 4 kjende eg soving var godt ynskja. Eg er likevel van med å sitja oppe til rundt 5. Ein halvtime seinare rang mobilen, og eg vurderte seriøst um eg skulle fortsetja prosjektet. Eg var inni sovingi og ville sova lengre. Eg visste eg ville vurdera utsetjing av prosjektet på desse tidspunkti, nett som alle stakkarane med tidleg jobb vurderer jobben sin kvar gong alarmen ringjer for å vekkja dei. Men so var eg sterkare og stod opp. Det tok ikkje lange tidi fyrr eg var ganske hyper heldigvis. Det hjalp jo godt.

Ping

Eg drog til Ping. Ingen der utanom Karol og han stakk. Tidi var 12, eg sov. Då eg kom opp vart mortehu forskrekka. So fortalde eg um prosjektet som er vidkjend i nerdekretsar tydelegvis. So rart eg ikkje fekk vita um det fyrr desember, er mange som ser rart på meg og lurer på um eg er ein ekte datanerd sidan eg var so ignorant og at fleirfasisk søvn var nytt for meg. Eg hadde det kulaste faget eg hev dette semesteret, det er det «vanskelegaste». Vel, iall fall det som eg er meint til å taka mykje seinare i studeringi mi. Etter eg hev hatt mange andre fag. Men eg var lei av å taka keisame lite utfordrane fag, so eg tok Datamaskinarkitektur for å hava noko moro å leika med. Me hadde assembler, som er kjempelett1 men det var moro lell. For eg hev nett lært det og det er veldig kult.

An assembly language is a low-level language used in the writing of computer programs. […snip…] Assembly language was once widely used for all aspects of programming, but today it tends to be used more narrowly, primarily when direct hardware manipulation or unusual performance issues are involved. Typical uses are device drivers, low-level embedded systems, and real-time systems. These applications benefit from the increased speed of processing assembly program instructions.

Men det var ein diger digresjon. Men denne timen slutta kl 16. Og nokon av de forstår kann henda at eg måtte finna meg soveplass då. Hadde tenkt å dra heim, men Egil tok meg med ned att til Ping. So sov eg i eit litt bråkete rom der, men eg flaug, so alt var bra. mortehu sat på noko flygemusikk (uhm, treig trance?), og so kom eg inn i ein halvvegs draumeverd der kroppen vart veldig lett. Egil vekka meg, og so lurte dei på kvifor eg ikkje vart vekka av musikkendringi. Eg sa alarmen min ikkje gjekk av, men dei sa han gjorde det. Dette fann eg rart. Men eg registrerte kva som hende rundt meg, eg gjorde berre ingen ting med det.

På skrivarstova seinare…

Eg hadde lova å koma på eit… møte?… um kva me i målrørsla skulle gjera frametter mtp. valet. Heitte noko med politikk. Midt i måtte eg hava 20-blunden min, det hadde eg varsla Ola um. Problem: eg drakk svart te. Eg visste det var koffein i dette. Men det visste eg ikkje fyrr eg tenkte på det etter eg hadde drikke dritet. Mao. sov eg ikkje min neste 20-syklus. Men eg kvilte, og det var godt. Drog heim att og la meg til 0. So vart det ein ny «dag».

dag 2

Eg sov. Gjorde masse. La meg 4. So sov eg. Og sov. Og sov. Ganske mykje. Det var ikkje kva eg skulle. 6 timar sov eg. Eg hadde snudd meg og skrudd av mobilen for å koma meg opp etter litt. So tok det altso ikkje mange sekundi fyrr eg var fast i søvn att. Det var demotiverande. Haha, eg såg noko moro2! Ja. Kor var eg. Ja, vart sitjande forbi 12 og 16. Usikker på um eg skulle fortsetja eller taka pause fyrr eg gjekk inn for det att. Eg gjekk ikkje på Exphil-seminar, det var dumt – men vart so tiltrukke av noko på datamaskini. Hugsar ikkje kva, det er alltid noko.

Hum. Dette gjeng for treigt, eg kunna skriva ei bok um eg fortset å fortelja so detaljert… So:

  • T-banen var «ute av drift». Måtte stå i kulda og venta dritlengje fyrr eg tok ein buss i staden.
  • Kom ein time for seint til 20-sovingi.
  • Fekk sova på 0-blunden.
  • Ny dag

dag 3

  • Kjende meg bra og fekk sova godt 0 og 4.
  • Brannalarm gjekk 6. Det var moro, eg kjende meg som ei vaktbikkje som alltid hadde full kontroll. Det var superdupermoro. Eg var i kjempegod form.
  • Gjorde ingen ting på dagen. Men kjende meg klar og fin. Eg laga ein god del mat. Kaupte inn nytt trur eg.
  • Ny dag

dag 4

  • 4* REM-søvn, eg merka eg draumde og det var godt. Det var so godt at eg hadde slege av mobilen (kva faen?), men alt var bra, sidan eg hadde skrive fylgjande line i ein terminal på datamaskini mi fyrr eg la meg:
sleep 32m && mplayer "Musikk/Web/Jeff Beck - A day in life.mp3"
  • Um du ikkje veit kva det tyder, so hev du ikkje forstått at Unix er det kulaste sidan brødkuttarmaskini på Kiwien.
    • Den fyrste kommandoen søv i 32 minutt (som er eit kult tal sidan det er 25 og difor er med dei kule tali), so når han hev gjort det so avsluttar han berre. Det kann virka litt teit, men les du vidare ser du:
    • && – som ganske enkelt tyder at han skal køyra neste kommando um den forrige avslutta rett. Det gjer han jo, so då vert neste kommando køyrd som er:
    • mplayer. mplayer er verdas beste mediaspelar. So sjølvsagt vil han spela mp3-en for meg.
    • Voilá => Vekking.

Jepp. Slik er det. Var utanom emnet att, unnskuld. Vidare:

  • 4* sov eg gjennom datamaskinmusikken (slo ljoden lavt for å ikkje vekka verdi kl 4) òg mobilen.
  • Sov lengje.
  • 4 timar.
  • Altso gjennom 8-sovingi.
  • 20 sov eg kjempegodt. Hadde supersovings.

Eg likar ikkje desse yversovingane. Dei skal ikkje finnast. Eg treng ei betre klokka. Noko som kann vekkja meg. Men rundt her starta eg disiplinera meg sjølv. Eg lærte undermedvitet mitt å stå opp på klokkesignal. Ganske kult.

dag 5

Her var eg hyper. Sov litt 4, då eg stod opp var eg trøytt. Men etter ein halvtime gav det seg. Eg la meg att 8 og hadde ein fantastisk syklus. Då eg vakna var eg sikker på at eg hadde sove langt yver oppsett tid. Men då eg såg på klokka såg eg at det var 5 minutt til mobilen skulle vekkja meg! So skreiv eg førre innlegg der eg oppljoste um det fleirfasiske soveprosjektet mitt. So åt eg, som eg hev vorte so flink til, og stakk til Ping. mortehu hacka på nettlesaren sin, han skriv han frå botnen att. Det er verdas kulaste nettlesar, sjå fram til slepp, um han nokon gong vert sluppe for ålmenta. Vonar det. Vert herleg å kunna gå vekk frå Firefox sin grådige minne-bruk og treigskap.

Eg hacka på ein obligatorisk oppgåve, og kom ein time yver tidi mi. Då fekk eg kjeft av mortehu og Håvard (gus), so eg la meg. Etter det gjekk me på RF-kjellaren, som er ein pub. Det var koseleg. Fin plass. Der jobba gode ven Bodil/Jørgen.

0 oversov eg dramatisk.

dag 6

Eg sov heile natti ganske enkelt. Lurte på kva som hadde skjedd. Dette var ikkje bra. Men denne dagen skulle eg ikkje skriva um. Men eg kann seia at det gjeng bra. Eg skal lova å vera kortare neste gong.

Las du alt?

Notar

1 Når eg seier kjempelett, so meiner eg eigentleg ikkje at eg er kjempeflink. Men all assembleren me skal læra i det faget kann eg allereie (eg sat oppe ei natt og lærte meg heile pensum pluss ein del ekstra) og dessutan er det veldig lite, so på ein måte veldig enkelt. På same måte som ein datamaskin er sers enkel, det er jo berre små transistorar og portar. Tidlegare lærte me um prosessoren i datamaskini, det var veldig moro. Tilrår dette faget til alle som ikkje kann so mykje um datamaskinar. Eg hev lært mykje :D

2 Det er det sjukaste eg hev sett, utanfor vindauga går éin t-banevogn! Han køyrer heilt åleine. Det hadde vore moro å vore på den. Ser mongo ut. Hahah. Synd eg ikkje hev ladaren til kameraet (ligg i Stavanger), skulle teke bilete av noko so utanomjordisk.

Fleirfasisk søvn, mitt nye sovemynster (forsøk)

Eg hev starta på eit eksperiment. Ute på byen attende i desember kom eg i snakk med ein hyggeleg kar um vika eg hadde hatt. Eg hadde omtrent ikkje sove og jobba slag-i-slag, som svar fortalde han meg um noko eg aldri fyrr hadde høyrd um: Uberman søvn (og kalla Polyphasic sleep eller Da Vinci sleep). Dette var nokon sjuke greier, eg vart straks oppslukt – dette måtte eg prøva når tidi var inne.

Eg veit eg hev vore ei sann plaga for ein del av venene mine her i Oslo etter eg fann dette. Hev truleg snakka litt vel mykje um fleirfasisk soving. Vore sers ivrig og evangeliserande um emnet trass ingen personleg erfaring. Men eg hev planlagt eit forsøk lengje og hev no altso starta det. Dette er mitt 5 døgn. Og eg er allereie ganske imponert.

Kva er fleirfasisk/fleirsyklisk/polyfasisk søvn?

Det er eigentleg ganske enkelt. I ein type som kallast «Uberman søvn» søv ein 20 minutt kvar 4 time. Heile døgnet, vika rundt. På den måten nyttar ein berre 2 timar på å sova kvart døgn. Når ein søv normalt, so er ein innom fleire typar søvn. Av desse ser det ut til at REM-søvn (der ein hev draumar) og djup søvn er viktigst. Når ein søv fleirfasisk vil kvar «høneblund» gjeva deg det du treng av søvn. Mange meiner ein berre fær REM-søvn som fleirfasesovar, men forskning (frå 1991) hev vist at ein fær REM– og djup søvn i forskjellege blundar:

One school claims that REM sleep is the most necessary stage, […] Another school acknowledges research done on users of this schedule (Scientific American Frontiers 1991), which suggests that the body will enter different stages of sleep during the different naps—REM during some, deeper sleep during others—in order to get some of each essential stage.

Mykje av søvnen me hev er ikkje naudsynt. Nettdoktor seier at yver 50% av søvnen er i fase 2, som eigentleg ikkje gjer noko for kroppen. Denne delen kann ein kutta vekk og samtidig trena seg til å nå god søvn raskt. Dette er kva eg prøver, det er forsøket.

Eg fann bloggen til Steve Pavlina, som sjølv hev sove på denne måten yver 5 månadar og skrive um det. Dei fyrste tvo vikone skal visstnok vera vanskelege å koma inn i. Fleire andre folk hev prøvd dette, og heldt på i tvo-tri vikor fyrr dei gav opp. Men eg vil klara det.

So, kor langt er eg kome med tilvenningi mi?

Eg starta dagen Rebecca drog. Det kjendest evig lengje ut sidan no, sjølv um det er godt under ei vika. Då eg var på skrivarstova på måndagen kjennast derimot ikkje so lengje sidan. Det er ganske rart, sidan det er fredag i dag og møtet var på måndag. Rebecca og skrivarstova var ikkje langt vekk frå einannan, men dei kjennest slik. Grunnen kann vera at eg ganske enkelt hev mista heile tidskjensla mi.

Det finst ikkje dagar lengre. Dei flyt berre yver i kvarandre, alle klåre skil mellom dagane er forsvunne. Eg ser det vert myrkt, so vert det ljost – men eg hev ikkje nokon annan skikkeleg god måte å skilja dagane frå einannan på. Eg merkjer dette godt då eg skal tenkja attende for å finna ut kva dag eg gjorde ting på. Det vert berre surr. Godt eg skriv ned ting og hev IRC-loggar eg kann lesa for å finna ut av det. :-)

I natt (eg er jo oppe omtrent heile tidi no ;-) ) tenkte eg attende og sat opp ein tabell yver sovingi mi. Merk at eg er sers usikker på alt som ikkje er i dag. Soveminutt tyder kor mykje eg sov, 0 tyder eg var medviten og ikkje sovna (berre låg og prøvde).

Sovingi mi dei siste fem døgni.
SoveminuttKommentar
sun, 25. feb
kl. 07 Stod opp
kl. 12 0 Gjort! Fyrste
kl. 16 0
kl. 20 0
mån, 26. feb
kl. 00 10
kl. 04 20 Sov ganske godt. Lyst å kutta prosjektet og berre sova.
kl. 08 0 Hugsar ikkje, sov sikkert ikkje
kl. 12 20 Ping. og sov i sofa. Kvilte.
kl. 16 25 Ping. Kvilte godt, trass bråk. Eg måtte vekkast av Egil (slo av mobilen?)
kl. 20 0 Skrivarstova. Eg hadde drikke te med koffein, fekk ikkje sova. Moro å gå midt i møtet for å sova (:P)
tys, 27. feb
kl. 00 20 Heime att.
kl. 04 360 Yversov. (6t)
kl. 08 sov Sov framleis her.
kl. 12 Lurte på um eg skulle utsetja prosjektet, sov ikkje her.
kl. 16 Skulka Exphil, sov ikkje sat heime heile tidi.
kl. 21 0 Gjekk på Exphil-forelesing. T-banen gjekk ikkje, kom heim 21, sov då.
ons, 28. feb
kl. 00 20
kl. 04 20
kl. 08 30 Var brannalarm 0600. Kjempekos, eg traff Elisabeth og Ola utanfor! Eg vart ikkje vekka av di eg ikkje sov då, hahah.
kl. 12 0
kl. 16 20
kl. 20 30 Sov godt. Kjendest mykje lengre enn det eigentleg var.
tor, 1. mar
kl. 00 0 Sov ikkje
kl. 04 35 Draumde litt (REM-søvn, yeah), heldt på å yversova men pcen vekka meg
kl. 08 240 Slo av mobil (men hugsar det ikkje) og sov gjennom pcen (4t)
kl. 12 0 Sov ikkje, utsatte til 1300 eigentleg
kl. 16 0
kl. 20 20 Denne var veldig goood. Vakna flott.
fre, 2. mar
kl. 00 0 Sov ikkje. Kjenner meg godt lell, hyper.
kl. 04 10 Ugh, alltid vanskelegast denne tidi. Lyst å berre sova. Vart betre etter ein halvtime.
kl. 08 25 Aah! Herleg! Dette må vera den beste eg hev hatt. Eg vakna 5 min fyrr klokka (etter 20min) og lurte på um eg hadde yversova. Langt frå! Hahahaha :-D

… Forresten so bruka eg kjempemasse tid på å laga og gjera den tabellen fin og tilgjengeleg. Hev truleg nytta CSS som ikkje fungerer i Intarweb Exploder, menmen, synd for deg.

Korleis gjeng det no?

Eg kjenner verkeleg at eg byrjar betra meg. Eg hev ikkje kjend dette helvette som ein visstnok går gjennom, men det er jysla vanskeleg å stå opp frå 04.00-blunden. Fleire gongar hev eg sove yver tidi òg – det er ei rar kjensle, for eg merkjer ikkje at eg hev slege av klokka. Plutseleg vaknar eg berre og fleire timar hev gått. So anten søv eg gjennom alarmen, elles slær eg han av. Eg trur eg gjer det siste. Eg er til tider ganske redusert, men det er verkeleg yverraskande lite med tanke på kor lite eg eigentleg søv kvar dag.

Eg hev tenkt å fortsetja og oppdatera ein del um dette. Eg er sikker på at det kann vera interessant for deg som les sida mi. Dessutan veit eg at mamma og pappa ikkje vil lika det, Rebecca hev allereie sagt ho ikkje likar det – men eg berre prøva det. Er so ekstremt kult.