Merkelapp-arkiv: Engelskmenn

Sør-Afrika dag 5: Table mountain

Tvo dagar tidlegare hadde me gjenge upp ein pissebakke som ingen utanum engelskmenn vil synast var noko å skryta av i det heile teke. Ærleg talt, slike bakkar må me jo ofte gå upp for å koma til det hekkans sjukehuset i regionen; då er det lite interessant at nokon med krykkor gjer det. Men desse engelskmenni altso. Denne dagen skulde me prøva noko langt meir tøft, me skulde stiga Table mountain (bordfjellet :p)!

Dien brukar rullestol og er ikkje so flink til å ganga etter ei ulukka eller noko, difor tok Hans og Dien kabelbanen upp. Den var diger kø – men dei slepp fram fyrst av di ho sit i rullestol.

Table mountain, Sør-Afrika

Vegen bak fjellet for å koma upp til Table mountain var det absolutt ingen kø på. Den kann sjølvsagt sluka fleire folk enklare, men det var altso ganske folketomt i motsetning til kabelbanen. Me hadde med oss eit par liter vatn. Mats, som den kjipingen han er, bar ingen ting. Medan meg og Michaël, sterke og mandige menn som me er, bar alt. Soli skein og me visste frå byrjingi at turen ville verta hard og veldig varm.

Mats humpa uppetter i eit normalt gå-tempo, det er sjølvsagt alt for gale for meg som er so barsk at eg helst vil springja upp fjellet og kutta den 2 timar lange gåturen til ein 1 timar lang superbratt joggetur. Difor veklsa eg mellum å lata M&M (haha, so lur eg er som kom på den forkortingi!) koma langt framfor meg til å jogga kjapt upp bakkone og liggja langt framfyre dei.

Michaël og Mats upp til table mountain

Sidan Mats ikkje er so flink til å ganga (haha på han) so måtte Michaël passa på honom, i alle fall i byrjingi.

Møter med folk

Sjølv um det var folketomt, møtte me mange. For med folketomt meiner eg sjølvsagt relativt folketomt, for alt er jo relativt som me hev fengje høyra på skulen. So me møtte masse folk på vegen uppetter, nokon tok me att og nokon tok oss att (men so tok me dei att att, av di me kann jo ikkje verta forbigått!!!).

Mats upp bakkane

Sidan engelskmenn er so forbanna late og helst vil taka kabelbane, møtte me ikkje so mange av den sorten. Men de kann jo godt tenkja de til kva dei me møtte sa; “w000t, oh my god dude – are you sure you can make this? Pure respect, man. Wow” og liknande. Dei vart kort sagt imponerte. Dei trudde at dei var supertøffe som den 1%-en av landet deira som klarte gå upp ein liten fjellbakke på 2 timar, men so gjer sørenmeg ein krøpling frå Noreg det same på krykkor – nei då vart dei himmelfalne skulle du sjå!

Men me veit jo allereie at engelskmenn vert imponert for ingen ting, so det var ikkje serleg imponerande for oss. Dei er søte og gode, koselege og snille – me hadde mykje godhug til engelskmenni. Men dei er absolutt ikkje eit godt mål på kva som er vandskeleg og lett.

Brå uppstigning

Same kva, poenget mitt er at ikkje berre engelskmenni sa noko denne dagen. Nei, dei fleste me møtte sa faktisk eit par ord. “Impressive” osb. Me gjekk forbi tvo søte jentor, i forbifarten sa dei “Imponerande” og Michaël var snøgg til å snu seg og spyrr “Er de nordmenn?”. Det var dei, og so prata me litt med dei. Dei var veldig imponerte, og søte (dei var jo norske, trass alt). Diverre gjekk dei ikkje upp at saman med oss – for dei var altso på veg ned.

Den siste knausen, eller ant siste, upp til table mountain

Tvo timar seinare var me uppe på det vidgjetne fjellet. Ein ekstra liten knaus der Mats måtte hiva frå seg krykkone og klatra med eitt bein og so var me uppe. Eg hadde sagt det heile tidi, nett som på kappen: “Ok, frå no av trur, nei, veit alle at me tok kabelbanen – so ingen meir respekt til oss”. So me vart alle saman ganske leie oss. Me hadde vorte ganske glad i å få høyra so mykje moro på turen upp.

Mats med dei siste strabasane

Oppe på platået

Det vart slik eg hadde fyrespegla; ingen respekt eller godhug til oss lengre. Berre masse, MASSE folk som hang der uppe utan den flotte turen upp. Slakkingar. Og alle trudde me var slakkingar óg. Det gjekk hardt innpå meg. Faktisk. :p

Uppe på platået

Me fann Dien og Hans på kaféen og åt og drakk. So tok me kabelbanen ned for å kunda gjera meir resten av dagen.

Waterfront

Me stakk til Waterfront trur eg. Ikkje dag 4 slik eg trudde. Ikkje so mykje å seia, eg fann ikkje objektivet eg leita etter. Eg kaupte eit norsk flagg og gjekk med det i sekken til eg vart flau og gøymde det (tok ca 10 minutt :P).

Eg såg óg etter ein slik kul hatt som Michaël hev, men fann ikkje.

Sør-Afrika dag 3: Cape of Good Hope

I dag skulle Michael sitja heime og jobba med ei programmeringsoppgåva han hadde fengje. So meg og Mats drog ut med Dien og Hans til Cape of Good Hope. Det var ein fantastisk flott dag. Me stogga for å helsa på dei Sør-Afrikanske pingvinane fyrr me drog vidare til kappen.

Mats med Pingvin i Sør-Afrika Ungar og ein sørafrikansk pingvin

Det var ei bratt bakke upp til fyrtårnet der, Hans og Dien tok kabelbanen upp, medan eg og Mats gjekk upp. På vegen møtte me ein engelskmann; How are you doing, mate?, sa han.

Mats gjeng ved lagunen

Det var eit fantastisk utsyn frå toppen med fyrtårnet. Etter me hadde ete litt lett lunsj byrja meg og Mats turen ned. Eg ler når eg tenkjer yver dette no; men nedstigingi var utruleg enkel. Same med uppstigingi – faktisk var heile turen latterleg enkel. Det er tvo grunnar til at eg i det heile teke seier dette:

  1. Det var ein eigen kabelbane upp til toppen, det er rart når turen er latterleg enkel.
  2. Denne treng eg eit par paragrafar på å forklåra:

Mats hopper ned trappa

Me starta nedstigningi med freidig mot og raude kinn, slik nordmenn ofte hev. Det blåste lett frå havet, soli skein som gull og temperaturen var perfekt. Det er ingen pingelingen problem å gå ned desse trappane med krykkor. Mats er ein fin, sterk, sunn og tøff fyr på alle måtar han, men båe eg og han tykte ikkje det var noko spesielt å gå dei 300–400 metrane upp til fyrtårnet. Det gjorde tydelegvis andre, og som eg tidlegare hev sagt er desse “andre” alle saman frå same land: England.

Det starta lett og lystig med lette smil og enkle “nice mate!” kommentarar. Etter eit par versjonar av det føregåande fekk Mats høyra “oh, respect!” med påfylgande “incredible” frå ein landsven rett bak honom. Me gjekk forbi eit par treige engelskmenn som tydelegvis syntest det var vanskeleg å gå ned dei latterleg enkle trappane med tvo bein; dei var sjølvsagt rause med rosen og vart lettare fippa sjølv.

Kappen, Cape of Good Hope

So kom største herlegheiten sjølv; ein heil buss grønkledde skuleungdom “klatrande” upp dei “bratte” bakkane – du kann gissa nasjonaliteten: engelsk. Me fekk smil og me fekk kommentarar, hist og pist. Alle var positive, og eg kunne ikkje gjera anna enn å glisa stort – trass i at alt var grunna Mats sin invaliditet og diverre ikkje min. Eg fekk stor godhug til desse ungane, eg var eit gåande ljos slik eg skein. Ei jenta smilte sterkt attende då ho gjekk forbi oss – litt lengre oppi bakken sa ho stolt og høgt til veninna si “I think they are English!”. Me kunne ikkje gjera anna enn å le hjarteleg. Ho vart vel stolt av landet sitt no, med so tøffe folk ;-)

Symjing, bavianar, og redde engelskmenn

Me ville symja. Me drog ned til ei strand ikkje so langt frå kappen. Det stod digre skilt yveralt rundt oss “The baboons are DANGEROUS and are attracted by FOOD. [Masse tekst um kor farlege dei er og kva du må gjera]” eller noko i den duren. Nede på stranda var det tidleg klårt at me hadde eit bavianproblem. Det var 3 bilar der, men ingen menneskje. Menneskja sat inne i bilen slik skræmselsplakatone fortalde me skulle. Velvel, eg vart ikkje imponert. Den eine bilen forsvann då ein bavian sat seg uppå panseret. Den andre var der heile tidi. Det såg ut til at dei verkeleg ville bada – men ikkje turde ganga ut til bavianone.

Engelske skuleungar

Me gjorde oss no klåre. Eg kledde meg naken for å ta på meg badeshorts, eg tenkte som så at det var jo ikkje so mange folk å skræma her, dessutan sat dei allereie skræmde i bilane sine so eg kunne vel neppe gjera det stort verre. Same kva, soli forsvann, underlaget var vondt og vatnet var kaldt. Det vart ingen ekte symjing, berre vassing. Det er vel eigentleg langt frå hovudhistoria. Brått kom turistbussen med dei engelske ungdomane eg prata um tidlegare. Dei stoppa ein 200 meter frå oss, og gjekk ned til vatnet. Det såg ut til at dei var ein 30–40 stykk.

Dien og Hans med bavian

Brått var bavianane attende, og i stort tal. Me såg ein 6–7 stykk, og dei sette fart: rett mot oss. Eg vart litt småredd eit par sekund fyrr eg fann ut at det berre var teit og at eg ikkje plar høyra på teite skræmselsplakatar lell. Den fyrste bavianen sprang rett forbi meg, ein liten meter i frå meg. Me såg fort kva dei alle sprang mot: den engelske ungdomen. Og dette vart for meg veldig surrealistisk; dei 30–40 elevane som stend nede ved vatnet ein 50 meter fra bussen fær panikk og spring mot bussen. å sjå ein so stor gjeng få panikk med den avstanden eg hadde var reint komisk. Fyrst no byrja bavianane verkeleg å springja, dei hadde jo eit bytte/ein ven å jakta på/leika med.

Det var klassisk. Det var morosamt, og utruleg koseleg.

Skyer på kappen, på veg heim