Merkelapp-arkiv: Erfaringar

Varm, varm dusj. Ahh

Hoo-ha! Mobilen starta vekkesekvens 0900. 1000 (rett fyrr forelesing) stod eg opp, då hadde mobilen nett stoppa den timelange pipinga. Eg tok ein varm, varm dusj og sat av gårde mot Universitas fyrr dagens studiearbeid.

Dette er skrive for ei vika sidan, onsdag 24. januar.

Litt um dusjen

Eg vil fortelja litt um dusjen (legg merke til den unyttige yverskrifi) no når eg fyrst hev sagt eg nett etla skriva litt. Moro å få den kjensla att. Dusjen på Kringsjå er langt frå like god som den på Bjerke. Då skal det òg seiast at Bjerke hadde ein ekte superdusj! Til slutt klara eg få Kringsjåvatnet varmt, det på Bjerke kom med ein gong i herleg temperatur. Eg stod inni dusjen og syntest framleis det var kaldt. Slo brytaren til det aller-aller varmaste. Eg stod slik og kjende sake at det vart varmare. Varmare. Varmare. Det byrja svi so vidt. Svi meir. Og so berre bittelitt varmare fyrr varmeauka stoppa. Slappa heil av og fokuserte på å verta van med varmen. Det vart eg. Og det var dette som var so herleg; … hum. Nei, neste avsnitt.

Det som er litt moro her, er at teksten stoppar. Det stend ikkje meir. Hugsar eg rett, so kom t-banen fram, og eg måtte av. So gjekk eg til Universitas og starta arbeidet. Etter det mista eg heile skrivelysta. Heh, eg hadde masse eg ville skriva um, – turen min til Kiwi mellom anna. Men eg skal prøva improvisera ein slutt for dette innlegget iallfall ;-) Eg hugsar kjensla so vidt.

Huda var varmare enn kroppen inni, eit teppe av godt, varmt. Det er ganske umogleg å forklåra. Nett som um ein hev eit digert, varmt teppe på seg – berre at ytterdelen av deg sjølv er dette teppet. Eg fekk masse energi, som var grunnen til at eg kom i skrivehumør. Eigentleg alt-humør. Eg kunna kjenna alt blodet strauma gjennom kroppen. Det var som um dei vitale organi mine var på utsida av kroppen. Eg vart varma opp utanfrå og inn. Ei rar kjensle. Eg kunna trengt noko slikt no. Men er gjerne berre mat eg manglar. Fær gå og taka noko.

Forresten, eg trur eg skal driva litt opprydding dei komande dagane, so det vert sikkert ein del slike mindre gode innlegg.

Etevanar, nei -uvanar

Eteuvanane mine når nye botnpunkt. For det er det det er (sic); eteuvanar.Etevanar hev eg ikkje. Nada. Finst ikkje. Det einaste ein kanskje kann kalla ei vane er det å ikkje eta. Off-off. Uvanar.

I dag, etter eg hadde stått opp åt eg ei (1) bolle. Ei bolle. Greitt nok. Heilt flott om lunsjen er litt større. Er han det? Nei, lunsjen er ingenting – berre hacking på maskina mi på Ping. Morten inviterte meg heim for å sjå Star Wars ep. III. Me kaupte chips. Superchips. Såg film og åt litt chips.Så spelte me Jak X. Klokka vart mykje og eg vende nasen heim medan eg prata med mamma i telefonen. Vel innanfor blokka tenkjer eg «ah, gidd eg eta?». HÆ!? Kva faen? Kva er det for eit spyrsmål? Du hev ete ei, ei, bolle og litt chips i heile dag din stygge satan! Og i går åt du omtrent heller ingenting – fire rundstykke med ost. Og eg merkjer det jo sørenmeg ikkje. Eg tenkjer at eg ikkje gidd stressa med mat? Ugh.

Eg kom på at eg hadde tri boller med ost i sekken. Sat meg ned og åt dei medan eg kom på at eg omtrent ikkje hev ete i det siste. Kroppen seier ikkje frå. Hmm. Når eg tenkjer meg om, synest eg å hugsa eg åt ein hold-it på Ping. Ahh. Det endrer jo saka. Ikkje rart eg ikkje var svolten. Hadde jo ein heil hold-it til middag. Det kallar eg eteuvanar…

Mi oppvaking

Utruleg løye. Kvar einaste, bidige dag vaknar eg opp eitt kvarter før ringjeklokka ringjer. Eg står opp forskjellege tider kvar dag, men opnar augo og ser på klokka eitt kvarter før mobilen lagar stygge ljodar lell. Dette gjeld når han står på 7, eller til dømes 11. Men i dag vakna eg for tidleg. Det var berre av di eg trudde mobilen var satt til 0900, og ikkje 0915.

Må vel berre vera den biologiske klokka som fungerer særskild bra i det siste. Eller kanskje berre nett slik han er meint til å fungera. Same kva; kudos kropp!

Snakking på 2008-samling

I dag har eg snakka mykje, med mange. Det er i grunn utruleg morosamt. Det er rett og slett herleg. Mykje av det å snakka og få i gang ein god samtale er å tørra å dumma seg ut. Ikkje vera så sjølvopptake, men heller ha sjølvtillit – og ikkje minst vera interessera i andre menneskje. Då trur eg det blir enkelt å snakka.

Men dette er ikkje om retorikk. Kunsten å tala. Ikkje det. Eg er ikkje flink å snakka, men eg synest det er moro. Og eg hadde ein liten «ah, det må eg!» nett då eg tok bussen heim.

Mesteparten av dagen sat eg inne. Eg har lese om Web 2.0, xhtml 2.0, html 5.0 og masse anna. Eg heldt på å daue til slutt. Eg visste eg måtte ut. Etter masse om og men (melding med Rebecca, skreiv smått med Yvonne på MSN) stakk eg i dusjen. Skulle eta ute, på den Thailandske restauranten. Eg dusja og kledde på meg. Kontramelding: det var visst 2008-møte i dag. Pappa er påmeldt med 3 filmer, ein spillefilm (Ego), ein kortfilm (Univers, saman med Odveig Klyve ) og ein dokumentarfilm om barne- og ungdomsteateret i Rogaland. Mamma har to andre prosjekt som er litt meir avanserte. Pappa ville ikkje gå, dimed gjekk eg som hans stedfortredar.

2008-møte/kveld

Vél framme i Sandnes Kulturhus. Masse folk. Meg og mamma gjekk rundt for å finna folk etter me hadde take vin (Ariel, alkoholfri kvitvin (eg drikk ikkje alkohol), var utruleg godt). Mamma fann folk, eg fortsatte. Eg traff Sigrid Bekholdt, ho hadde vore styrar for 2008-mønstringa for ungdom som eg var på. Tydeleg skuffa av at det ikkje var fleire ungdom tilstades. Eg hadde ikkje fått med meg at ungdom kunne søke direkte slik, trudde det måtte gå gjennom ein eigen ungdomsplass.

Eg traff Bjørn Ravn Carlsen, som er sjef for barne- og ungdomsteateret. Teateret hadde 3 herlege prosjekt. Vonar alle går gjennom. To av dei veit eg vil skje lell, då ­­­­- men det siste med ungdomsteateret er usikkert. Dei vil ha skrive eit nytt stykke til ungdomsteateret med utgangspunkt i norrøn mytologi. Hehe, kuuult.

Underhalding

Ja. Starta friskt med ein utruleg flott sang, med ein fantastisk songar. Håra på kroppen reiste seg simultant i dei siste delene av songen. Wooooh. Så la endeleg klappinga seg, og den lille guten (trur han går på Rogaland Teater, har sett han før) proklamerte at han skulle vera konfransiér i kveld, sidan nokon hadde så fint spurd han om det. Stavanger sin kulturelle elite (ehh :p) lo og kosa seg. Søt fyr. Men frå der gjekk det nedover. Skal dette vera representativt for 2008?

  1. Ordføraren i Sandnes opnar, faktisk ikkje så keitt som det plar vera. Flink mann med humor.
  2. Bra song av flott songar og konfransiér (braaa! :D)
  3. Ei ifrå Afrika som snakka litt om korleis det var å vera i Europa (ok? Kven veit ikkje dette frå før – det var greitt nok, men… ja)
  4. «Årets stavangerkunstner», ei dansedame. Dette var langt, keitt og eg såg ikkje vitsen i det. Dans kan vera moro, så lengje dei ikkje skal gjera det til enorm høgkultur med modernistiske preg og whatnot; det er KEITT!
  5. Hugsar ikkje eingong. Var vel så keitt. ÅÅ, jo! Dette var SUPERKEITT. Fyrst Mary Miller (som var FLINK, ho snakka kort óg). Så kom den superkeie programdirektøren Rolf Noraas og snakka treigt og alt for lengje med ein kei presentasjon. Hekkan så drit det var. Var difor dei fleste var der, for å sjå tala hans – men kan jo ha litt karisma og forteljarglede lell, vel!? Akk, det der var til å sovna av.
  6. Yohoo. Endå eit nummer av dansedama. – Men dette var mykje betre då, var ein flink musikar på scena. Blei meir interessant. Framleis alt for langt og keitt, då.
  7. Så ein operasongar og pianisten hans, dette var bra i slutten. Men dei song nokre greier på svensk fyrst, som sikkert var veldig morosamt, berre eg forsto ikkje eit kvekk. Fantastisk då pianisten spelte Mozart. Aaahhhhhhhh. Det var digg!

Det skal leggast til at eg var relativt trøytt og endå meir svolten, men mamma var einig med meg – berre ikkje like sterkt. Ute igjen fekk me mat. Ingen alkoholfri vin igjen, berre ekkel Munkholm – eg likar ikkje øl.

Snakka med faren til Erlend. Ola. Dei hadde levert noko med koret sitt, – dei hadde ingen von om at det skulle gå gjennom. Eg såg Torstein, gamle leraren min på Ullandhaug. Han satte meg alltid ein karakter lavare enn kva eg fortente (4 i staden for 5 i engelsk, 3 i staden for 4 i KRL). Traff ei eg prata med då eg var 7 år eller noko. Rocketrollet eller noko :) Ho fortalde historiar på Sølvberget. Eg hugsa ho faktisk, utruleg. Så snakka eg med Marita, ei utruleg herleg dame. Ho driv med tusen forskjellege ting og var utruleg energisk. Veldig smart og kreativ. For dei som kjenner Victoria Stensø, så er ho ei vaksen utgåve av ho :) Kjempeherleg.

Prata masse med ho. Fekk hallvegs kodingsoppdrag av ho óg, – eg treng ikkje gjera designet, det gjer ho sjølv – men eg får koda! WOhooo!! Det er jo nett dét eg elskar. Designdelen er moro den, men eg er ikkje ein supermann der, akkurat. Medan programmeringa er kjempemoro og kjekk! :D Ho har ikkje tid før uti sommarferien diverre, men det kjem. Nett no må eg få Victoria si side ferdig, – men der har eg design å laga fyrst òg.

Så ringde Rebecca. Veldig seint. Og spurde om eg kunne koma. Mamma køyrde meg bort. Var koseleg å gå ut med mamma. Fin kveld, beste var drøset etter då. Hehe. Var utruleg koseleg hos Rebecca, men det er det nærast alltid. Spesielt koseleg denne dagen då, om eg hugsar rett.

Bussen heim

Eg hadde gløymd busskortet der eg sprang alt for seint opp frå Rebecca. Ugh. Hadde dusja, skulle eigentleg ikkje til Rebecca. Hadde korkje pengar eller kort. Eg hadde ikkje stort mykje tid å tenkja over det, måtte nå bussen. Han kom, eg gjekk inn og peste venleg:
«Eg har ikkje med plastlomma mi me…»
«Berre gå inn, du», braut bussjåføren av og smilte.
Ahh. SÅ HERLEG! :D Eg er sikker på at eg slapp gjennom av di eg var oppgitt, sliten og hadde ei usikker stemme. Tingen er å vera ydmyk og ikkje krevande og bedane i slike stoder.

Då eg gjekk bak såg eg eit kjend fjes. Han hadde eg sett i ein film på nettet. Ein film Kyrre hadde laga, ein film som heiter «I slett lune». Eg satt på musikken og høyrde på «­Internasjonalen». Ahh. Eg burde seia hei til han fyren. Tok lang tid før eg gjorde. Men eg tenkte; ahh, det er jo så mykje koselegare å snakka med folk – og om det ikkje går, så går det ikkje. Det er aldri farleg. Må ikkje vera så sjølvopptake at ein ikkje tør snakka med folk. Nyttårsforsetta mine førre år har alltid vore ­«bli tøffare» og sjølv om eg har blitt myykje tøffare, så kan eg jo alltids fortsetja å bli stadig tøffare.

Der hadde eg ein plan, ein god ein. Eg tok av musikken, snudde meg rundt og sa;
«Unnskuld…?»
Han snudde seg.
«Kjenner du Kyrre?»
«Ja.»
«Åja, eg synest eg hadde sett deg, ja»
«Å, unnskuld å måtte seia det, – men kven er du», svara han lettare forvirra
«Eg har berre sett deg i ein film han har laga»
«Å, då må eg berre beklage at eg er ein så dårleg skodespelar»

Og slik fortsatte det. Veldig hyggeleg. Ganske kort etter måtte eg av då, hadde drøya snakkinga litt for lengje. Men, hekkan, kor glad eg var for at eg faktisk starta å snakke. Det hadde ikkje vore det same elles. Eg gjekk heim frå tjensvollskrysset syngjande saman med Amy Diamond, utruleg lukkeleg og glad. På vegen ut takka eg sjølvsagt bussjåføren høgt for turen, slik eg plar gjera no igjen. Det gjorde eg alltid i Oxford, og gjorde ein del etter eg kom heim. Så slutta eg taka bussen. No gjer eg det igjen og eg elskar det! «Takk for turen».

Eg må bli flinkare å gje folk kompliment og takka. Det er så herleg. Og ikkje minst; bli betre å snakka.

Våt start på dagen

I dag sto eg tidlig opp. Frisk og rask. Kjendest ikkje ut som om eg sov noko stort (for ein gong skuld), men eg var frisk som en fisk lell. Veldig underfundig. Eg mistenkjer eg vakna i 6-tida og berre låg stille til eg sto opp kl. 7. Dette er høgst uvanleg, forresten.

Etter gårsdagen var eg svett som ein fole med ansvar for heile kongefamilien opp ein heller bratt bakke, difor trong eg ein dusj. Endeleg hadde eg tid til ein skikkeleg ein. Eg tok på meg nye klede og var klår. Så gjekk eg ut av badet og prompa litt. Du veit korleis du kan kjenne forskjellen på om du må prompe eller på do? Vel, det fungerer ikkje om du har ­_laus avføring_.

Så… Ja. Eg måtte dusja på ny.