Merkelapp-arkiv: Espen

Tvo påskedagar; frå itrande hat til noko anna

I dag er det ein slik utruleg irriterande helligdag. Det var det forsåvidt i går og heile denne vìka óg. Det er ikkje anna enn dørgande keisam.

Sundagshat(t)

Folk som kjenner bloggen min veit kor mykje eg hatar sundagar, vel, helligdagar er jo trass alt berre ein sundagsorgie på rad og rekkje. Verst vil eg no segja denne irriterande påska er. Eg kann ikkje hugsa ei tid det hender mindre interesante tig enn då. Alt står stille, ingen gjer noko, ingenting skjer og alle eg kjenner reiser vekk. Kann det verta verre?

I går vart tilogmed kontoret til SmiB stengd, so eg fær ikkje sitja på maskina å gjera fornuftige ting helder. Eventuelt; eg fær ikkje leika arbeidsnarkoman.

Påska er ei tid for å uppdaga at du likevel kunne vera daud. Når eg tenkjer meg um, so er førre setning mykje meir enn retorikk; heile denne jesussoga dei hev lagt midt i påska er jo um å døy. Forresten er det ingen spor til noko innhald som forklarar hatte-tvitydigheiten i mellomtittelen her (sundagshat(t)), det kjem helder ikkje.

Jaja. Slik gjeng no dagan».

Forsøk på kontakt

Same kva, eg prøvde uppnå litt personleg kontakt i går, men eg feila hardt. Eg drog på ei couchsurfer-samling, men eg kjende jo ingen av dei. Eg gav upp då eg hadde spurt 3-4 grupper um dei var «frå couchsurfing». Eigentleg fann eg dei til slutt trur eg, stod og hang litt etter eg hadde gjeve upp, og høyrde ei av gruppene skifta litt mistenkjeleg mellom norsk og engelsk. Dessutan prata dei stundom um reise, og det er jo heile poenget med couchsurfing, reis rundt i verda og treff lokale folk ved å bu på sofaen deira. Same kva, på det punktet hadde eg vorte so demoralisert av å spyrja folk at eg bere gjekk meg ein lutrygga ur gjennom byen.

Teknikken neittar hjelpa

Vel heime fekk eg lyst til å spela Ninendo Wii, me hadde ingen skjerm å spela på. Då kom eg på at de stod ein TV nede i kjellaren, so eg henta den.

Han fungerte ikkje – eg hadde ikkje fjernkontrollen og det var totalt umogleg å byta til AV-kanalane med knappane på skjermen. Kjipe DMtech-TV! Billegdrit.

Eg lærte meg korleis TV-ar «autosensar» noko nytt frå SCART-kontakten. Du treng 12V inn på pin 8 og jord inn på pin 21. Eg lagde ein fæl overgang frå laptopladaren min inn i SCART-inngagen på TV-en. Minus i 8 og pluss i 21 og motsett. Men TV-en byta ikkje. Anten gjorde eg det feil, elder so gjekk det ikkje.

Hadde berre Wii-en min hatt SCART-utgang so hadde alt vore enklare, sikkert. Eventuelt so er berre TV-en so billeg og elendig at han aldri implementerte den delen av spesifikasjonen.

So eg gav upp. Og no må eg sjølvsagt dra det tunge dråget ned att i kjellaren. URK!

Etter det prata eg litt med Helen i telefonen og so surfa eg på couchsurfing-sida og skaffa meg ein sofa å sova på i Utrecht i Nederland. til Linux Audio Conference 1.-4. mai. Ikkje heilt sikker på um eg klarar koma meg til Lumiera-møtet der enno.

Neste dag, ingenting inne

So la eg meg og sov alt for lengje utpå dagen. Kannhenda like greitt sidan det skjer endå mindre i dag skjærtorsdag, trass i at det er 1. april som plar vera ein kjekk dag. Jaja. Etter eg stod upp 12 so gjorde eg stort sett ingentig til eg slo på pce og svarte på epost.

So gjorde eg ingenting.

Etter det brukte eg resten av syltetyet på ei skjeva kl. 13. Etter det heldt eg fram med ingenting.

Kl. 14 såg eg innum kvitre og fann aprilspøken til BA via Simon (boba):

boba: Kjip spøk: http://www.ba.no/nyheter/article5050705.ece *sint* (men veldig glad viss dei gjer som ThinkGeek, og faktisk gjennomfører det!) http://kvitre.no/notice/64758

Eg skreiv eit leserinnlegg som for fyrste gong i dag var noko meir enn ingenting.

Eg sende innlegget til strategiske personar i målrørsla for attendemelding og sette meg ned til det som ville verta ein time ingenting. Til slutt vart eg leid av å stirra innboksen min daud etter svar, og forfatta ein epost til BA.

Nett då fekk eg eit svar frå Eva der ho hadde skrive um heile teksten min. Resultatet var fantastisk. Ho hadde teke poengi mine og gjort dei lett forståelege. Dessutan gjorde ho teksten mykje meir lettlesen. Eg sende so inn den endra teksten.

Kort tid etter fann eg meg leid av å gjera ingenting inne, so eg stakk ut.

Ingenting ute

Eg spaserte rundt i regnet og heldt vel eigentleg fram med ingenting. Tok bilete av fotballtilhengjarar frå Osterøy som gjekk til ein pub med ski. So starta eg gå upp fløyen.

Eg tok meg ein pause i ei fin lysning. Sat der og tenkte. So tok eg fram notatboki mi og starta skriva dette innlegget (eg er komen til topps no).

Notid

Vel. Ingenting i notid er unormalt keisamt, so eg stoggar skriva no.

Det er gått ein halvtime sidan sist setning. Det er tåka til ganske kraftig no. Eg hev berre stått stille og sett på byen og folk. No går eg bortetter på andre sida av Fløyen. Kvar dag når eg vaknar ser eg nemleg bort på det fjellet. Eg hev lyst til å gå og stå der litt.

Mange timar seinare

Ahh! A-ah! På veg ned! Anar ikkje kor mange timar det er gått, men sikkert ein heil del. Eg gjeng nedeter ei fantastisk løype som Helene aldri hev vist meg. Ho hev berre vist meg standardløypa der det er flüst med barnevogner og krampeaktig kule folk flashy joggedressar og den nyaste iPed stikkande ut øyro. Fast bestemt på å sjå rett ned i bakken, um du so mykje som ymtar frampå eit helsingssmil.

«Eg jogger og høyrer på SUPERBRA musikk og er råkul og kann difor ikkje helsa på folk fordi eg er so ‹inni› musikken og eg joggar. Og nemnde eg forresten at eg er råkul og at eg synast retro joggedressar i stygge fargar er DØNN TØFT og at eg hev nyaste iPed stikkande ut øyro som moderne øyrehår!?»

Eg kann ikkje for sikkert segja det er det dei tenkjer, men det eg veit er at dei gjeng glypp av ein helvetes (ja! banneordbra!) flott tur.

For eg fann ein ekte sti nedyver fløyen og lat meg få segja med ein gong; han er framifrå! Diverre snor han seg ikkje heilt ned, men likevel vert turen rundt rekna 860 gongar betre den vegen. Han er bratt. Bratt og glatt og sers moro.

Det er kulare å gå forsiktig ned, taka eit par sjangsar og kjenna du vert utfordra, enn å berre gå rett fram på katastrofekeisame vegar som berre gjev deg ein heil masse tid til å tenkja på ingenting. Moralen er jo at ingenting ikkje er bra for deg.

Same kva; denne vegen er bra for deg. Med solnedgagen i andletet og heile Bergen nedanfor deg må du passa på å ikkje trø utanfor eit stup. Perfekt!

Halvvegs rasta eg ved ein sers aktiv bekk og drakk det mest fantastiske vatnet eg nokon gong hev smaka (vatn frå fjellbekkar plar smaka slik). Litt fyrr det fann eg eit stup med noko klatreutstyr og ein sige nedetter. Eg klatra ikkje ned – eg trur tanken er at du skal festa ein taug i deg som tryggleik fyrr du brukar stigen.

Interessant nok byrja lukka mi å snu seg allereide fyrr denne nedturen. Kva gjorde eg i dei «mange timane» som eg so glatt hoppa yver?

Ja, no kann du lura. Neinei. Du hev vel allereide lese yverskriften under her og hev ein viss idè… So like greitt å starta:

Påsketur med skattejakt på Fløyen

På veg til «andre sida av Fløyen» (som jo var målet mitt nett då) fann eg eit søkkvått papir liggjande på bakken. Eg let jo som kjend aldri noko som hev ligge på bakken få liggja i fred so eg tok det upp. Det var påskeneter med tittelen «Påsketur med skattejakt på Fl…», ja, du veit allereide ;-)

Hey! Noko for meg! Vel. Utanum at det var veldig tilpassa barnefamilier. Båe vaksenspursmål og barnespursmål. Eg fekk vel prøva meg på båe tvo. Det var ein del vegvisningar og hint, det stod òg at du måtte gå rett veg, men eg visste ikkje kvar eg var, so eg byrja berre gå.

Etter litt kom eg til eit vatn og kjende meg att på kartet. Eg hadde kome til slutten av løypa.

«Jaja,» tenkte eg, «fær vel berre starta frå her eg då!». Det var heller ulurt, ville det visa seg. Grunna dette brukte eg nemleg ekstremt mykje tid på å finna alle postane. Men det var jo eigentleg ikkje dumt for då fekk ein heil del tid då eg kannhenda i staden hadde tenkt på ingenting, og det er jo iallfall ikkje moro. No gav eg faktisk litt intrykk av at det ikkje var moro å febrilsk leita etter postane i lang-lang tid, men det var det jo. Eg kjende meg på uppdrag (trakk litt ned at det stundom kom 5-åringar forbi som var ferdige med naturstien trass i at dei starta lengje etter eg gjorde) og synast det var kjekt å verta litt kjend med området uppe på Fløyen.

Eg gjekk altso ein heil del feil. Ved å gå rett veg og fylga innstruksane kunne du nok let gjera heile naturstien på eit kvarter. Eg veit ikkje heilt kor lang tid eg brukte, men det nærma seg nok tvo timar.

Arket mitt falt frå kvarandre og vart totalt ubrukeleg i felten, dessutan hadde eg store problemer med vaksenuppgåva på post 2. «Visjon» på ti ord. Eg hadde ikkje peiling.

Nede att, levering av naturstipåskenøttuppgåva

Me skulle levera løysingi i billettluka nede ved fløibanen, so eg tok den øydelagde papirbiten med ned og sa eg trong ein ny å skriva yver på. Brukte ein del tid for eg hadde ikkje funne svar til oppgåve tvo. Eg skreiv no «engasjement» som ikkje er 10 bokstavar men det gav det gode løysingsordet MELKE, som faktisk er eit ord (verb infinitiv).

«Eg hadde litt problem,» sa eg.
«Du fær no sjokolade same kva,» smilte jenta i billettluka.

Rett oppfor MARBLE hadde eg skrive POIROT som eit alternativ.
«Det er det fyrste du hev skrive her som er korrekt.»
«Poirot?» Litt idiotisk spursmål frå mi side eigentleg.
«Ja,» sa ho og såg på resten av svari mine.

Hmm. PELKE.

«Men PELKE er ikkje eit ord,» stadfesta eg, «eg sleit hardt på oppgåve tvo».
«Hehe, ja, dei var ikkje godt upplagte nokon av dei,» lo ho.
«Sant, eg meiner ‹Visjon›, kva faen!?»
«Mm, løysingi der er ‹åpenbaring›.» Ah, den typen «visjon». Eg tenkte ikkje svo bibelsk.

«Men PÅLKE er helder ikkje eit ord,» segjer eg, smart som eg er.
«Nei, nr. 3 er ‹fastelavn›. Det skal vera PÅSKE.»
«Ahh, sjølvsagt!» segjer eg, men det var tydelegvis ikkje so sjølvsagt når eg måtte finna utav det sjølv, «alle spursmåli er ganske relaterte til påske», fann eg endeleg ut.

«Vil du fiksa på det?».
«Haha,» ler eg og tenkjer kann eg det? «Javel,» eg segjer jo ikkje nei til å kunna vinna noko eg.

Eg skriv inn det forskjellege, men stoggar på fastelavn:
«Men ‹fastelavn› passar ikkje inn,» frå fyrr står VALENTINE.
«Det skrivast visst LA-V-N.»
«Åja. Heh. Takk,» segjer eg litt forlegent iom. at eg hadde ganske mykje feil på denne greia.

Eg leverte arket inn med feili retta med ein blå penn uppå den svarte og fekk ein kvikklunsj (som var yverraskingi alle saman vart lova etter fullført tur). Noko eg ikkje hev sagt er at heile denne turen hev eg gomla kvikklunsj av di eg kaupte tvo på Narvesen i går og hadde dei i lomma. So eg var ikkje serleg svolten på meir…

Heim og frametter

Vel heime gjorde (gjer, eigentleg) eg tri ting:

  1. Kaupte billett til Stavanger i morgon
  2. Lagde mat (rjomegraut)
  3. Skreiv (skriv) inn innlegget frå papir til netsida mi

Eg må vel òg få lagt inn eit par bilete for å lokka folk til å iallfall scrolla gjennom heile greia. Skal ikkje vera enkelt.

Sluttord

So trass i at heile dagen fekk ein uventa positv vri på slutten her, so hev eg altso funne ut at eg skal ditcha heile Bergen resten av påska; eg dreg ned til Espen sin påskesamling på Fjøløy.

På Fjøløy for å taka bilete

Eg og Espen var nett ute på Fjøløy, rett ved Utstein Kloster. Eg trong taka eit par bilete til ei netside eg skal laga for utleiging av fjoset der (til festar og liknande).

Fekk litt liten tid til slutten, so bileti uppe vart diverre litt uskarpe, eg sjekka ikkje skikkeleg. Dessutan tok eg noko video nede, det hadde eg òg tenkt å gjera uppe, men fekk ikkje tid.

Nede

Nede er det 4 bord, ein bar, tvo toalett og tvo «ekstra rom» utan noko i (det eine skal få eit biljardbord).

Oppe

Oppe finn du sjølve hovudrommet, med masse plass. På kvar kant er ei slags opphøgd «scene» for underhaldning og anna vil eg tru :-)

Ute

Tok nokre kjappe bilete på veg ut, her er eitt:

Vert interessant å sjå kva eg klarar å få ut av det.

Laga film med Jon og Espen i dag

So fekk me endeleg gjort det. Var ikkje so ovmykje smerte som skulle til. Det tok ikkje lange tidi helder. Eg kom til Espen ca. kl. 1800 då dei [Espen og Jon] sat og spelte FIFA. Det heldt dei fram med ei tid fyrr me starta.

Eg hev hatt ein heilt super dag i dag. Det var kjempemoro å laga film.

Espen sit på pcen sin

Me hadde planar um å få til noko lite, men likevel av høgare kvalitet enn det me normalt gjer (vel, normalt og normalt, det me gjorde som småungar på ungdomsskulen). Litt meir gjennomtenkt og -arbeidd. Dette skulle me bruka tvo kjappe dagar på, men eg fekk ikkje tak i ljos på sundagen, so me korta det ned til ein dag.

So dreit me i ljos i det heile teke, og no gjekk det verkeleg frå «høgare kvalitet enn normalt» til «det same lågkvalitets upplegget som alltid». Jajo. Me mista totalt all ambisjon. Gadd ikkje taka med nokon andre, av di er det berre oss tri so hev me det moro og treng ikkje laga noko bra. Vil ikkje sløsa tidi til nokon andre når det ikkje vert noko å ringja heim um likevel.

Me kasta manus og kom på nye idéar medan me filma, det vart ein del «goofs» og me hadde det generelt sett moro. Veldig moro. Og der er ein del av verdien. Eg hadde ein skikkeleg god dag i dag, det var veldig koseleg. Og sjølv um det ikkje er noko som kann brukast på nokon som helst måte so er det moro å hava endå ein «film» (vel, leik + eit kamera) under beltet.

I slutten gjekk alt veldig kjapt, som vanleg. Me visste alle at all profesjonalitet var kasta på båten og kjappe idèar og løysingar (enn kor rare) vart løysingi. Det er no eigentleg endå meir morosamt å «jobba» på den måten (ok, eg bør seriøst leggja av gåseaugo no («»)).

Då me raskt og gale slutta av, fann eg ut at me måtte prøva redigera det med ein gong. Det plar verta til at dei aldri vert redigerte med mindre me startar rett på. Espen hev Sony Vegas, men det viste seg at den ikkje stør MJPEG. So eg måtte nøya meg med Windows Movie Maker. Det var eit heilt ekstremt treigt program, som var ganske so ilt å jobba i. Me gav upp då Espen fortalde meg at eg ikkje kunne fjerna ljod frå eit klypp.

Men so starta eg att, berre for å få saman noko. Det kunne jo ikkje verta verre enn ein uklypt film. So ljoden er endå verre enn biletet og historia og resten av filmen. Hadde me fylgd manus hadde nok filmen vore litt klårare. Miljøet som han skulle vera plassert i er òg totalt feil. Det vert meir feelgood enn mørk film noir. Flatt keisamt ljos. Hadde ikkje alle objektivene med meg. Men brukte nesten berre vidvinkelen likevel. Dessutan vert det brudd på handlingsaksen (elder kva ho no enn heiter) når eg ikkje planlegg kva side eg skal skyta på. Eg trur ikkje folk vert so lett forvirra av slikt i dag, men det ser stygt ut iallfall. Jon på høgre side, Espen på venstre, plutseleg neste klypp so er dei motsett av di eg er på den andre sida. Amatørfeil. Men eg veit i det minste um det, og visste det tilogmed då eg tok det upp ;-)

Men skal eg segja deg kva?

Eg synast filmen er dritkul same faen. Eg luktar ein remake neste gong me treffast, då litt betre. Kannhenda me kann laga han um att og um att heilt til han er presentabel nok til å putta andre stader enn netsida mi.

So kann du få sjå han um du vil. Berre hugs at dette er laga veldig kjapt. Og at han er klyppa i Windows Movie Maker av Windows-gretne Odin. ;] Kannhenda eg klarar klyppa han på ny i Cinelerra, ein eitt hakk betre versjon.

So, trass alt, kva tykkjer du?

Heime til jól, lite utetid, butikkar i Stavanger

I dag kom eg meg endeleg litt ut. Fyrst hang eg og Falke (og Willy litt) upp ljos på det helder digre treet utanfor trappa vår. Etter det var eg i byen med Espen. Eg hev vore ute fyrr, såg etter spel i Stavanger sentrum, men alle butikkane hev jo lagt ned. Byen liknar seg sjølv på ein måte, men sjølve innhaldet i byggningane er endra.

Det med butikkane er ganske rart; der det ein gong var DVD-ar, spel og datautstyr er det no klede for jentor. Nettopp, det var jo nett det byen mangla; fleire hekkans kledebutikkar. SNORK!

Kannhenda dei burde oppretta eit par-til frisørar òg, so hev me til slutt berre frisørar og kledebutikkar i byen 1. Treng jo ikkje stort anna!

Eg kom til Stavanger (heim) 16. desember. Det viste seg å vera litt unaudsynt. For den 16. datt epostsystemet vårt ned, og eg vart sitjande frå tidleg morgon til seint på kveld dei neste dagane for å fiksa alt saman. Dei fyrste 3 døgni, frå 17.-20. var eg ikkje ute i det heile teke. Vel, 20. var jo brullaupet til Buster og Randi (wey!!! :D) so då måtte eg ut, men fyrr det var det helder sørgjeleg. Ingen vits å draga til Stavanger for å sitja å jobba.

Helene kom for å vera med i brullaupet, og då ho kom hadde eg altso ikkje vore ute. Vert vond i hovudet av slikt. Difor var det deilig då Falke spurde um eg kunne køyra stigen frå Park og Idrett (elder natur og park, elder kva dei heiter) upp til huset. Etter det var eg so godt i siget at eg gjerne ville hjelpa med å putta ljos på treet vårt. Det var kjempedeilig. Eg misunner han ganske mykje for å hava ein ute-jobb. Eg er ingen ute-mann, det eg driv med er for det meste på datamaskini. Likevel so er det intenst deilig å jobba ute.

Eg må gjera meir slikt i framtidi. Eg hev ikkje fengje jóleroi yver meg, eg skulder det på fira ting i prioritert rekkjefylgja:

  1. At eg ikkje hev evna leggja meg til rett tid
  2. At eg hev sitte inne for mykje
  3. At eg hev irriterande jólegåvor att å skaffa
  4. Jobb, eposten som datt ned

So det avslutter eit ustrukturert trøytt bloggete innlegg frå meg.

  1. Ein vanleg Odin-kritikk av Stavanger er at me hev so sjukt mange frisørar. Eg ser dei yveralt, på kvart eit gatehjørna hev me ein frisør. Dette er spesielt rart for meg, av di eg aldri gjeng til frisør. Ja-jo, kannhenda ein gong i året – men det er likevel rart for meg at det det finst mest av her i byen er frisørar! []

Espen hev (nesten) fengje kjærast

So meg og Espen hadde lite å gjera på ein dag. Som normalt. Eller, eg hev no masse eg kann gjera, men eg vel å ikkje gjera noko. For eg er jo trass alt sjuk og ikkje minst sjukeleg lat. Er stress å vera lærar.

Same kva, eg tok fram kamera – og filma, vel, ingenting. So her hev de ingenting! Versogod!

Videoen er i Ogg Theora (eitt FRITT videoformat). Du kan «lasta «Ingenting med Espen (han hev snart kjærast)» ned»:http://www.ping.uio.no/~odinho/filmar/080515-espa-kjaerast.ogg, men må ha ein avspelar som «VLC»:http://www.videolan.org eller liknande for å sjå han. Avspelar som er bruka er GPL-a «Flumotion Cortado Java applet»:http://www.flumotion.net/cortado/.

Eg ler som ein mongo i videoen. Haha.

Velvel, men meg og Espen heng mykje um dagane. God gang fiskestang.

Ting du trodde du visste..

Det e ikkje alt her i live me vett. Någe blir me fortalt gjennom venner. Någe lese me om i bøger. Någe får me servert gjennom tv-apparatet. Se og Hør, Hjemmet, Allers og andre reflekterte ukeblader Odin abonnere på. Men det e dermed sakt at disse mediene ikkje alltid e tilgjengelig for å levera ein kurrant type standard te hjernen. Ka gjør me når disse straks blir utilgjengelige? Gjør ukonvensjonelle ting som: Uhørt!

Verden blei i 1996 revolusjonert me ein spalte som det aldri hadde blitt sett maken på før. Det blei spådd før ankomsten av spalten at dette ville forandra dåtidens slappe ungdom øve te ein mer reflektert sjel som klarte å se to sider av ein sak. Dessverre klarte startsiden.no aldri å promotera spalten bra nok. Dermed blei spalten forbeholdt folk som tørde å utforska internett på det dypeste. Eg snakke nemlig om “Visste du at-spalten” til Startsiden.no. Den har i flere år vært et av internetts viktigste verktøy som har blitt brukt minst. Den e i all hovedsak lagt for kurering av ignorante mennesker og folk som aldri har innehatt basiskunnskaper. Som de fleste vett har velmont.net hatt problemer me brukere som ikkje e heilt optimale. Måtte dette ver personer som snakke om turer te Frankrike og vise ein skrekkelig lav standard for oppbygging av setninger når temaet dreie seg om et hallseriøst innlegg om ei beskjeden bygdeavis uden kjerneverdier. Min gave te velmont.net e derfor ein detaljert beskrivelse kor ein kan finna “visste-du-at-spalten”. (Me forbehold om at den automatisk ikkje rette opp i dårlig språk).

Hvis du e ein av de heldige som te daglig bruge startsiden.no som nettopp, ta et tongt pust, startside – har du hatt ein ekstra funksjon du mest sannsynlig aldri har vært klar øve. Scrolle du heilt ner i enden av siå, vil du se ein smiley (på norsk kalt smilefjes) kor det bag smilefjese står “Visste du at…” etterfølgt av visdomsord. Dette kan du fra og me i dag anvenda te ditt personlige formål for å fremma kunnskap om aktuelle livsspørsmål!! Trykke du på oppdater innen ein tidsperiode på 5min vil det automatisk komma opp ein ny, relevant visste-du-at-sak. Fra nå av e det lørdag kver dag kvert femte minutt!

Her e et generelt utdrag øve kor bra fakta ein faktisk kan få uden å måtte kjøba 5 kg tonge leksikoner te 500 kr!

Visste du at… Overalt er kråkene like svarte. Visste du at… Sannheten er vond å høre. Visste du at… Når sannheten sover, våker løgnen. Visste du at… Forbann ikke din kone om kvelden ellers må du sove alene. Visste du at… Penger kan ikke kjøpe lykke. Visste du at… Det er vanskelig å samle opp vann som er sølt ut. Visste du at… Se mot framtiden, fortiden er borte for godt. Visste du at… Det koster ingenting å prøve. Å feile kan være svært kostbart. Visste du at… Gammel hest finner veien best. Visste du at… Kommer tid, kommer råd. Visste du at… Gresset er alltid grønnere på andre siden av gjerdet. Visste du at… For å forstå hvor viktig det er å arbeide jevnt og trutt, studer maurene. Visste du at… Ingen nål er spiss i begge ender. Visste du at… Ord er hjertets stemme. Visste du at… Den gamle skal man ære; den unge skal man lære.

Kem me litt selvrespekt for seg sjøl kan sei at de va klar øve alt dette?

Espen er klar for krig igjen

Etter ein lang 10-dagars ferie frå krigsforbereding, må Espen tilbake. I denne tida har han latt u-krigslege ting skje; håret hev take overhand. Før han tek toget tilbake imorgon må det difor vekk. Hår er slemme greier i krig – generalane vil ikkje lata soldatane deira bli for lette bytte mot jentenes kjende torturmiddel. Nokon måtte jo gjera denne tunge jobben, og kven kunne vel ikkje gjera det meir perfekt enn meg, Odin!? :D

Sjååå, er han ikkje fin etter skamklippen? :D

Espen fekk seg ein hårklipp

Espen seier:

Yes! Klar for krig!

Garden – Ein forvaltningshemmelighed?

Har egentligt ingen motivasjon te å skriva någe om Garden og dens slavedrivande prosess. Me fare for at det blir for mye uinteressant vrøl og klassiske militerlingoer ska eg ver kortfatta.

I den lille bygdå Rena, ein plass som mer eller mindre sikkert romme rondt 2000 innbyggere har du ein tågstasjon, hoppbakke, campingplass for nyskilte fedre, folkehøgskole, Glomma og ja, Rena Militerleir. Leiren eg vil tilbringa mine fysste 9 ugår i kongens kler i før min reise ner te Oslo.

Innrulleringsdagen e ein dag som består av venting. Du kan ha levd tri forskjellige liv og fortsatt ikkje ver mentalt klar for all ventingå du må gå igjønå. Ankomsten te leiren begynte me å stå meiningsløst i ein ikkje-bevegelig kø for 1 time. Når køen endelig bevegte seg framøve kom eg inn i ein gymsal kor rosinboller blei servert. Nok et låkkemiddel for å bevara soldater. Uansett, kort samendrag av den fysste dagen består av: venting, tur rondt i leiren, udfylling av diverse skjemaer, venting, få ein narkohond te å sniffa baggasjen din, få ein mann te å gå gjønå lommabogå di i ein intens kamp for å finna narkotika, venting, kom deg inn på rom me ukjente folk, hold kjeft og såv.

Bretting

Klesbretting e ein fine husmorøvelse

Någe eg fant ganske finurligt va at Rogalandsfolk tydeligvis e et stort ledd i Garden. For å overdriva kan eg sei at 60% av alle på troppen min va fra Rogaland. Nå har såklart ganske mange dimmitert, så det beløbe e nok mindre nå. Fleste folkå komme fra Jæren og videre ud i de hyggelige strøgå der. Ein aen faktor e at nesten alle fra Rogaland, eller generelt i troppen min, e 85-modeller. Någe så vil sei at det e yrkesretta personer som nettopp har fått fagbreve som e inne.

Før eg kom inn i militeret levde eg på naive tanker om at det då nyklippa håre mitt slapp å gå gjønå ein bli-skalla-prosess. Det håbe braste samen den tredje dagen i hyggelige militerkår. Itte Sersjantens artikulerte tale om likhet og hårløshet på drøye 1 minutt fekk eg itte konsumert informasjon brekkninger og låg i ein putt av mine egne tårer og lurte på kati FN sko bryda inn dørene og redda meg. Det skjedde aldri. Me hadde fått udlevert to maskinår som sko gjør 120 stykk skalla, eller 3 mm fra å ver skalla, på 4 timer. Igjen så må eg rosa militere for sannsynlige krav og topp udlevering av udstyr. Militerets mange mangler førte te at mine hårstrå fekk ein ekstra dag me levetid. Dagen derpå forsvant håre mitt, nærmare sagt 3 mm va igjen. Einaste gangen eg har vært nærme så lide hår må ha vært når eg blei født og de påfølgande 4 årå. Nå blir eg fortalt at eg ser ud som ein nynazist eller ser veldig skummel ud. Sjøl om det å ver nynazist og det å ver skummel e som smør på brød. Realiteten i at eg går me svarte sko og militerboksa forminske ikkje nynazistfasaden min. Hadde det ikkje vært for at eg går i militerjakke og beret ville eg sikkert blitt skutt me Gardermoen.

Skabe

Skabe mitt som e langt ifra pefekt

Dette blei ganske informasjonslaust egentligt. Nå gidde eg ikkje skriva mer om Garden. De 5 dagane eg har vært hjemma har stort sett bestått av å levera fine ord om militeret og koffår det eie så mye! Hvis du fant det trist, at eg ikkje diskutere militere mer, får du heller senda mail te meg og spør fint om eg ikkje kan skriva ner någen gledelige strofer om militerets hierarki. 10. Juni (tror eg), dagen før borsdagen min, ska eg og troppen min ver me på parade i Oslo – sko du ver i Oslo då e du heldige! Ellers komme eg sannsynligvis ikkje hjem igjen før 3–4 Juli, då eg har langperm!!!!!!

Maria Mena – En jomfru i nød?

Kver jenta me ein semi-forståelse for listepopens musikalske kjærne i Sandnes-distriktet hadde samla seg opp på rekka og rad som små blinker for muslimske terrorister. Koffår? Jo, for å ha ein ilter demonstrasjon som muligens konne ført te syrisk flaggbrenning og for å få me seg helgås musikkbegivenhet. Ein konsert avholdt av Sandnesvennen Maria Mena. Av personlig erfaring har eg ingen erfaring me Maria Mena, någe så gjør det lett å ikkje la følelsane ta overhånd og heller holda et subjektivt fokus. Konserten blei avholdt på det fasjonable kultursenteret Sandnes nettopp har oppreist. Ytterligere informasjon kan du få i skranken eller på 51 60 20 00.

Ved min fysste entré i det nya lokalet kor konserten sko bli avholdt va det ikkje å legga skjul på at det va ein sittekonsert – eller at det va overpopulert av populere jenter me lavpixelrerte mobilkameraer så va nevrotisk tasteklare te å untytta sms-tjenesten ytterligere hakk for å bruga Maria Mena-konserten som skrydemiddel i ein prestisjekamp for erkjennelse blant diverse Sandnes-gjenger. Ikkje minst ville det vært lavkvalitetsbilder som bevis. Itte ein 10 minutts ivrig kryssordløysning i ukebladet Allers va det et faktum – stolane va goe og behagelige – det va og et faktum at lyså dimma seg. Bandmedlemmene kom ud. Jentene la vekk fokuset på bestevennen mobba og sentrerte konsentrasjonen mod någe mer virkelighetsnært, nemlig scenen – kor det åbenbart ville skje någe. Ein mørk skygge kom gåande på scenen. Den mørke skikkelsen la opp te et høgt spenningsmoment i atmosfæren. Kem e dette? Någen klarte å tenka seg selvstendig fram te det retoriska svaret, mens andre trengte assistanse. Når personen kom inn i lyset va det ingen tvil – Maria Mena stod på scenen – uden sko.

Det å komma ud på scenen uden sko e ein stor bragd i seg sjøl – særlig når du ser at gitarist nr. 1 valse rondt i cowboysko og har et intensivert uttrykk i fjeset som tilseie at han må ha ein dopause. Då tar du sjanser – og det va nettopp det Maria Mena gjorde. Hu tog sjanser.

Konserten – En oppbrukt fasade?

Då va det duka for øve ein time me stemmemishandling fra Mena si sia. Folk så høre på death-metal ville ansett dette som statlig tortur. Pop-entusiaster ville kalt det for revolusjon. Folk så ikkje har peiling på kor fødene står proklamere seg sjøl som skeptisk optimist. Någe eg og 90% av alle mannfolkå va.

Gitaristane tog det sista penselstrøge på gitarane for litt redefinering av lyd, bassisten sto og hang me slappe rygg og lagte trutmonn, sånn så alle bassister. Trommisen satt og polerte slagverket sitt, keyboardmaen satt irritert i den ubekvemte stolen og sporte seg sjøl koffår han alltid måtte sitta bag i skyggen kor ingen ser han. Maria Mena stod på scenen og sporte seg sjøl koffår hu har konsert i Sandnes – ittefulgt av ein liden reklamesnutt for Imsdal som inneberte å drikka flaskevann. Nå va bandet klart. Bare synd musikken ikkje va klar.

Neida, det va kanskje litt hardt å sei det. Maria Mena gjorde ein bra konsert, sjøl om hu dro av et jærsk rim så sendte frysninger opp i håret mitt og etterlott alle jentene i ein sukkersøt ekstase ittefølgt av Hotel Cæsar-løgner. Hu prøvde seg og på alternativ humor – men det e et aent kapittel du finne i håndbogå “Eg må sei någe løye for å letta på trykke”. Humor eller ikkje, lyden her va den store tankevekkeren. Kor bra lyd kan du egentligt forventa udme Sandnes kulturhus? Grei nok vil eg anta. Derfor skylde me på innstillinger så blei gjort i forkant og litt dårlig lyd. Maria Mena blei te tiår overdubba av sitt eget band. Det forekom at eg ikkje klarte å høra ka hu sang. Hu konne nesten liga så greit dratt av ein nynneparade. Eg tog ein ømfintlige rens me to Q-tipser same dagen, eg har og blitt fortalt på sesjon at eg har ein meget super hørsel (9/9). E alt perfekt me meg må me begynna å pega fingen i den andre retningen. Mod scenen. Det va ikkje bare Mena sin stemme så blei hamstra ner i bakken. Gitarist nr. 2 så sprang rondt me ein gitar Jeff Buckley brukte heftigt i tiå si (Fender Telecaster, same farge og) fekk ein stagnerande lydprosess på soloaene sine. Når han dro av ein solo hørte du bare skurr. Hjernen min klarte ikkje heilt å kobla inn om det va solo eller om det va tilfeldig vers-speling. Det e liden vits i å dra av ein solo hvis lyden e stilt onna det generella lydnivået. Eller kanskje det bare e et triks så soloen virke bra, når han i realiteten e mer ein akkordtype.

Når konserten va øve kjende eg at øyene ikkje sko fella någen tårer. Det va hovedsaklig ein prinsippsag kor eg avla ein ed onna sist Kystpartimøde om at eg aldri ville grina onna konserter. Maria stakk som kjent inn i mørket igjen. Publikum reiste seg og avla den stysste ståande applausen Sandnes Kulturhus någen ganger har opplevd. Når du tar gull i applausståing føre det te konsekvenser – bandet kom tebage og framførte to bonussanger. Jippi. Sett bort ifra mitt tarvelige skriveri va det mange folk så likte konserten. For meg va ann middelsbra. Sanger eg aldri hadde hørt før minnde litt om kverandre. Teknisk sett va det någen ujevnheter, både i sangprestasjon og instrumenter (då tenke eg mest på lydnivået). Gitarist 1 såg litt sure ud på Gitarist 2 onna ein sang. Men igjen så lagte han kontinuerlige grimaser så konne fylld opp et bilde.

Konserten får ikkje full pott siden det ikkje forekom slåsskamper internt i bandet. Men det e vel bare å drømma. Ein fine konsert – mer for hardkokte fans enn kritiske folk me superfint hår. 6/10.

Sted: Sandnes Kulturhus Tilskuere: Fullt hus (vett vel’kje eg kor mange folk romme tar) Varighet: ca. 1t og 10m Antall sanger: 17 (hvis eg ikkje tar motsatt av rett) Anmelders sitteplass: Rad 18, Plass 32 Klokkeslett: 19:30 Dato:11. Februar 2006

Edderkoppen

Klokkå nærma seg 2 på nåttå (på fredagen). Eg satt meiningsløst me pcen. Hadde ikkje lyst å legga meg. Va ikkje trøtte så då ville eg bare ligga vågen i sengå. Tven va og på (ja her bruge me strøm). Eg tog ein liden titt bort te tven. I øyekrogen merka eg at det va någe så bevegte seg nere på golvet. Det va då relativt mørkt på romme mitt så eg klarte ikkje heilt å pega ud ka det va. Tingen bevegte seg veldig raskt. Sprang forbi beinå mine og bag pcen. Eg tog fatt i den eine lampen for å se ka det va. Pekte lyse onna pc-bordet. 2 sekunder ittepå kom det fram ein svering av ein edderkopp. Eg blei nesten litt skremt øve størrelsen. Norske edderkopper pleie som regel å ver rimelig små, men denne va ikkje det. Han sprang fram og tebage i romme mitt me ein hallraske fart. Eg befant meg sjøl i et kodak-øyeblikk. Tog fatt i kamera og tog bilder.

Edderkoppen fra bakken

Tog 2 bilder av han. Så stakk beiste onna sengå mi. Supert. Ende vel opp me å svelgan når eg ligge å såve då. Heldigvis va ann hyperaktive, någe så førte te at han bevegte seg mye. 5 min itte at han gjekk onna sengå kom han fram igjen. Sprang forbi beinå mine og gjemte seg bak Jeff Buckley-cden min. Tog bilder. Nå va det bare om å gjør å fangan på et sett. Edderkoppen va rett og slett for ekkel å ta i. Lange skitne beinå. Så nå måtte eg ty te me andre bud. Hadde heller ikkje lyst å dreban. Eg e ingen buddhist, men eg har te ein vane å ikkje dreba edderkopper og lignande, sleppe di heller ud. Derfor va det som mål å fangan for å så sleppan ud.

Edderkoppen fra loftå

Eg fant ei lidå eska eg tenkte eg konne stappan inni. Eg omringa edderkoppen me å setta sperringer fram sånn at han ikkje sprang onna någe. Dutta eskå mod edderkoppen og fekk han inni eskå. Edderkoppen va klint innte stereobenken min, så det va bare te å setta mykt mod hardt. Nå hadde eg ann. Probleme va bare at han sto i enden av eskå, klar te å springa vekk me eingang eg tog eskå vekk fra stereobenken. Eg dytta papir inn forann åbningen. Tog eskå opp mod vinduet og kastan ud. Såg faktisk aldri at edderkoppen datt ud fra eskå. Men alligavel, me lige å tenka at han datt ud av vinduet, framfor inn i rommet.

Edderkoppen CU

Har som regel hatt et nøytralt forhold te edderkopper. Men når di plutseligt blir store sprer panikken seg. Sånn så i spel. F.eks. Thief 2 og Doom 3. Det va den aftenen.