Merkelapp-arkiv: Esperanto

Norsk esperantoungdom på TV, Odin på TV?

Safari skal gå imorgon tysdag 28.nov, dei var der under fotograferinga av meg, då eg var modell for Bård Ask (hoho). Blir moro å sjå bileta til Bård Ask, han var ein kul fyr. Om dei viser og seier noko om NJE, so er det visstnok jomfruferda på TV. Om du vil sjå meg i sexy singlet, med vifte i håret og rå «pose», kann du sjå på NRK1 kl. 2230 (Safari).

Norsk Esperantoungdom i kunstprosjekt

For nokre dagar sidan var eg på toget til Oslo (frå Høybråten). Eg fekk ein telefon frå Norsk Esperantoungdom (NJE). Ein kunstnar (Bård Ask), som var særs interessert i Esperanto vil taka bilete av medlem i NJE. Han vil manipulera og fiksa dei opp. Dei vil få ein sterk målerisk kvalitet. Diverre trur eg ikkje eg hev tid til å vera med, fyrste gongen dei tek bilete er eg på LST-møte (Landstyret i NMU), neste helg er Rebecca på vitjing – og me skal på «Raske menn»-framsyning. Men hadde vore jysla løye å vera del av ein utstilling!