Merkelapp-arkiv: Fødedag

24 år.

Det kjem vel ikkje som nokon stor yverrasking på nokon, men eg vert eitt år eldre kvart einaste år, og dette året so var det 24 som var talet.

Eg og Helene stod upp so tidleg me klarte (10-ish), av di me skulle vera på ein kinesisk klinikk 11.30. Det hadde vore ein kupong på groupon eit par veker fyrr, og eg kjøpte ein til Helene for moro skuld. Til slik adventspresangkalendergåve. Eg er jo ganske lite glad i dei der greiene, og protesterer sjølvsagt kvart år, men so skaffar eg noko då, for at Helene skal verta glad.

So me åt frukost (som me aldri plar gjera, so det var veldig fint) og gjekk ut i det alt for kalde veret. Me skulle taka buss, men ingen av oss hadde sjekka skikkeleg korleis me tok buss dit. Det viste seg å ikkje vera so enkelt, so me berre gjekk heile vegen. Godt hjelpa av kartet og GPS-en i telefonen min; det er verkeleg hendig viss nokon ikkje hev prøvd det sjølv.

Vel framme i ein bustadblokk ein halvtimes gåtur frå staden vår (andre sida av Store Lungegårdsvatnet) fann me denne klinikken. Det var sære greier, ein bustad som var gjort om. Var lite og litt sært. Menmen, Helene var fyrst. Ho fekk stukke ein haug nåler i seg (akupunktur), og etterpå tok dama å varma opp lufta inni nokre koppar og plasserte dei på ryggen hennar.

(her byrja eg å søkja etter bilete av det, og vart heilt satt ut, so no, omtrent ei veke seinare, fortset eg…)

Det som skjer då er at huden vert sugd opp i koppen, og det heile ser ganske groteskt ut (jadå, skal spara dykk for bilete). Eg fekk same opplegget sjølv om eg ikkje spurte om det, so me var båe tvo raude og vonde på ryggen etterpå.

Gåva mi; eit kjend syn

Vel heime fekk eg pakka mi:

Ein fruktdrikkmiksar!

I innlegget «Elendig produktdesign på fruktdrikkmiksarar» hadde eg nett klart å øydelagd min andre fruktdrikkmiksar av nett den typen; og var forståeleg nok sint, frustrert og alt det som verre er. Men eg vart veldig glad av denne nye, Helene hev rett i at eg hev prata ganske mykje um fruktdrikkmiksarar etter eg klarte å øydeleggja den andre. Det er nesten tvo år sidan eg hev hatt ei slik maskin no.

Den Helene skaffa ser òg ut til å vera kraftigare enn dei to andre eg hadde fyrr. Dessutan so veit eg jo no at eg ikkje må:

  1. Vaska han i varmt vatn etter me hev hatt noko kaldt i.
  2. Setja han uppå kjøleskåp.

Herlege Helene hadde sjølvsagt kjøpt inn allslags forskjelleg frosen frukt òg, slik at me den dagen laga fleire liter med herlege fruktdrikkar. Me hev drikke minst eitt glas dagen etter det. Vel, ikkje no, iom. at me båe tvo er i Oslo nett no (på PING ;-) ) – men når me hev vore heime i Bergen.

Sushi

So reiste me på ein sushiplass i Bergen, me tok den som hadde best veggisutval. Interessant nok so spurte eg kelneren litt ut um veggistilbodet, av di dei hadde berre 2 forskjellege val, og han sa sjølvsagt at dei kunne laga til meir. Det sa eg til slutt berre «nei, elles takk» til og tinga heller dei tvo forskjellege dei hadde på menyen.

Men då eg fekk maten min, er eg heilt sikker på at dei hadde diska det opp 10x betre enn normalt. For her var asparges, avokado, squash og gulrot i nigirien som berre skulle ha avokado. Og makien hadde tempura-gulrot i(!! :D). Det var godt. Men dyrt som alltid. Me burde læra oss og laga slik veggissushi heime. Treng jo ikkje fersk fisk til det, so det burde vera ganske ustress.

Til slutt

Og alle var einige um at det hadde vore ein fin dag. :-)

Jol i år òg

I år var me hjå Siv, Rita og Åsne. Det vart sers koseleg, me hev ikkje hatt jolaftan med den delen av familien fyrr. Dei som var der;

  • Unni Elisabeth (mamma)
  • Skjalg (pappa)
  • Falke (veslebror)
  • Kitty Karina (veslesyster)
  • Siv (tante)
  • Rita (kusine)
  • Åsne (kusine)
  • Gry (tante)
  • Steinar (fetter)
  • Merte (ven av familien)
  • Odin (ja, det burde du vita)

Der bursdagar plar vera skuffande, elder i det minste ikkje ulik einkvar annan dag, yverraskar joli kvart år med å vera koseleg. I år var absolutt inga avvik. Eg fekk ikkje stort mange gåver og var godt nøgd med det. Dei eg fekk var òg av det nyttige og/elder koselege slaget.

Eg vil nemna tri ting eg sette spesielt god pris på:

  • Heimehekla slips frå Janne-Kristin. Det er drittøft (gjekk med det heile kvelden sjølvsagt), det hev kosta noko (alle hev pengar, tid og litt omtanke finst mindre av) og det er originalt.

  • Wii Sports Resort frå Helene. Eg ynskja meg dette men kom ikkje på det fyrr eit par dagar fyrr jol.. eg sa til Falke eg ynskja meg det, men han kaupte det ikkje av di Helene allereide hadde gjort det ein månad fyrr. Ho sa nemleg frå um det slik at andre ikkje skulle kaupa det. Hekkan for ei herleg jenta altso! ;)

  • Skisokkar frå Siv. Dette er ikkje noko å kimsa av, utruleg gode med mjuk støtte der det gjer vondt frå skistøvlar, varme som få (ekte ull) og sist og langt frå minst; same kor stressande dagen er: ingen lukt same kva. Herlege greidor!

Og det var jolaftan… :)

Ny dress! (kjeledress, ja, jærbunad)

So, det er eit par dagar sidan no, men desto meir faktisk røynsle; på bursdagen min fekk eg endeleg det eg hev prata um i mange lange år; kjeledress.

Utanfyre vindauga mitt nett no

Eg kann ikkje fortelja kor herleg det er å taka på dressen og so gå ut i det iskalde vẽret som rådar i Oslo nett no. Ja, snø yveralt. I dressen min er det ingen problem, eg er varm som ein fole. Kjenner meg skikkeleg trygg, dessutan tek det umtrent ingen tid å kle på seg.

Eg pla alltid hava på meg superundertøy, som er vel og bra, men vart alltid litt uvel; ikkje varm nok og eit litt for tett lag av klede på. No treng eg ikkje tenkja meg um tvo gongar fyrr eg gjeng ut, og det er veldig bra.

Eg med dressen min på bursdagen min

Dessutan ser eg ikkje ut so «bonde i byn» som eg trudde det kjem til å verta. Er ikkje so mange som legg spesielt merke til det.

Kjempeflott fødedag, fekk Nikon D90!

Vel, rett nok var det eg som betalte for den nye speilrefleksen, men eg fekk han jo likevel på fødedagen. Dessutan gav Helene meg eit objektiv eg hev hatt lyst på utruleg lengje (elsk), men som hev vore litt dyrt.

Eg hev hatt lyst på Nikon D90 etter NRKbeta informerte meg um at det hadde video. So eg testa kamera på fødedagen min i går (NMU hadde jolefest heime hjå oss)

Du finn òg fila hjå archive.org – der kann du m.a. lasta han ned i HD (altso mykje betre kvalitet) og sjå han i Flash.

Brukte tvo objektiv, det nye vidvinkelobjektivet (10–20mm f/4–5.6) og mitt herlege Nikon 50mm f/1.8. Alle bileti som er supermørke er tekne med vidvinkelobjektive. Grunnen til at dei vert so mørke er av di objektivet ikkje er so ljossterkt (f/4), men mest av alt av di det var sabla mørkt for eit stakkars kamera der inne. Men 50 mm objektivet er jo ein helt utan like. Utruleg bra.

Eg elskar mitt nye Nikon D90. No vert det endeleg meir video frametter! Wey! :D

Ikkje-jævlig fødedag (går det?)

So vart ikkje fødedagen min jævlig lell. Eigentleg hadde eg berre trudd han ville verta småtrist. Var på årsmøte i Ivar Assen-sambandet, var hyggeleg, Elisabeth var der. Etter det skulle eg på pub. MEN! Så fær eg ein telefon; eg måtte henta ei pakke på fyrr dei stengde. Eg sprang ned og fann Rebecca(!) i butikken!

Eg vart kjempeoverraska og superglad. Det vart eit kjekt døgn (no er ho vekk). Eksamen i INF1040, eg fær ikkje A, og vil ikkje hava C. So tek han gjerne om att om det vert C. Takk for alle dei koselege innspela (kommentarane) forresten! Dei siste dagane hev vore fantastiske på heimeside-fronten ;-)

Eg hev fødedag i dag

Eg hev fødedag i dag … om enn, ein superkei ein. Imorgon er det eksamen i 1040. Noko eg ikkje trur gjeng like bra som eksamen i INF1000 (der reknar eg med A). Eg vert likevel skuffa om eg fær ein C i 1040 no, då vil eg truleg taka faget om igjen. No skal eg snart på årsmøte i Ivar Aasen-sambandet (eg er med i Høgnorskringen), og går diverre glipp av avslutninga med Universitas. Jaja, kann henda eg fær treffa dei på pub-en etterpå. Eller gjera noko anna. Same kva. Eg kjenner meg utruleg åleine her på fødselsdagen min. Er ikkje kjekt å vera i Oslo då. :-(