Merkelapp-arkiv: Ferdig film

Sundagstur nær Sola Flyplass

So var det ein sundag (og de kjenner mitt sundagshat). Eg tok bilen og køyrde berre på måfå. Eg stogga på Stavanger lufthamn Sola.

Eg tok litt bilete og litt video. So skulle eg berre kjapt setja han saman. PiTiVi var utruleg vrang og det tok meg kjempelang tid. Eg klarte ikkje sjå kva eg klypte ein gong, av di han viste eitt bilete annankvar sekund… Skuffande. Jaja, det vart noko av det likevel. Og dagen var ganske OK.

Det er totalt utan meining, langt, og noko feil med videoen i Firefox 4 iallfall. Jaja, eg brukte so mykje tid på det at eg nesten berre må leggja det ut :( :P

Laurdagen fyrr var eg på allslags kaféar med mamma og pappa, og vart påspandert ein heil haug dyre ting eg aldri hadde kjøpt på kafé sjølv. Traff Camilla RL på Sting òg (veninne frå barneskulen). Og so gjekk eg på Rogaland Teater og såg «Haugtussa» med Helene Stenhaug og ei veninne av ho.

Laga film med Jon og Espen i dag

So fekk me endeleg gjort det. Var ikkje so ovmykje smerte som skulle til. Det tok ikkje lange tidi helder. Eg kom til Espen ca. kl. 1800 då dei [Espen og Jon] sat og spelte FIFA. Det heldt dei fram med ei tid fyrr me starta.

Eg hev hatt ein heilt super dag i dag. Det var kjempemoro å laga film.

Espen sit på pcen sin

Me hadde planar um å få til noko lite, men likevel av høgare kvalitet enn det me normalt gjer (vel, normalt og normalt, det me gjorde som småungar på ungdomsskulen). Litt meir gjennomtenkt og -arbeidd. Dette skulle me bruka tvo kjappe dagar på, men eg fekk ikkje tak i ljos på sundagen, so me korta det ned til ein dag.

So dreit me i ljos i det heile teke, og no gjekk det verkeleg frå «høgare kvalitet enn normalt» til «det same lågkvalitets upplegget som alltid». Jajo. Me mista totalt all ambisjon. Gadd ikkje taka med nokon andre, av di er det berre oss tri so hev me det moro og treng ikkje laga noko bra. Vil ikkje sløsa tidi til nokon andre når det ikkje vert noko å ringja heim um likevel.

Me kasta manus og kom på nye idéar medan me filma, det vart ein del «goofs» og me hadde det generelt sett moro. Veldig moro. Og der er ein del av verdien. Eg hadde ein skikkeleg god dag i dag, det var veldig koseleg. Og sjølv um det ikkje er noko som kann brukast på nokon som helst måte so er det moro å hava endå ein «film» (vel, leik + eit kamera) under beltet.

I slutten gjekk alt veldig kjapt, som vanleg. Me visste alle at all profesjonalitet var kasta på båten og kjappe idèar og løysingar (enn kor rare) vart løysingi. Det er no eigentleg endå meir morosamt å «jobba» på den måten (ok, eg bør seriøst leggja av gåseaugo no («»)).

Då me raskt og gale slutta av, fann eg ut at me måtte prøva redigera det med ein gong. Det plar verta til at dei aldri vert redigerte med mindre me startar rett på. Espen hev Sony Vegas, men det viste seg at den ikkje stør MJPEG. So eg måtte nøya meg med Windows Movie Maker. Det var eit heilt ekstremt treigt program, som var ganske so ilt å jobba i. Me gav upp då Espen fortalde meg at eg ikkje kunne fjerna ljod frå eit klypp.

Men so starta eg att, berre for å få saman noko. Det kunne jo ikkje verta verre enn ein uklypt film. So ljoden er endå verre enn biletet og historia og resten av filmen. Hadde me fylgd manus hadde nok filmen vore litt klårare. Miljøet som han skulle vera plassert i er òg totalt feil. Det vert meir feelgood enn mørk film noir. Flatt keisamt ljos. Hadde ikkje alle objektivene med meg. Men brukte nesten berre vidvinkelen likevel. Dessutan vert det brudd på handlingsaksen (elder kva ho no enn heiter) når eg ikkje planlegg kva side eg skal skyta på. Eg trur ikkje folk vert so lett forvirra av slikt i dag, men det ser stygt ut iallfall. Jon på høgre side, Espen på venstre, plutseleg neste klypp so er dei motsett av di eg er på den andre sida. Amatørfeil. Men eg veit i det minste um det, og visste det tilogmed då eg tok det upp ;-)

Men skal eg segja deg kva?

Eg synast filmen er dritkul same faen. Eg luktar ein remake neste gong me treffast, då litt betre. Kannhenda me kann laga han um att og um att heilt til han er presentabel nok til å putta andre stader enn netsida mi.

So kann du få sjå han um du vil. Berre hugs at dette er laga veldig kjapt. Og at han er klyppa i Windows Movie Maker av Windows-gretne Odin. ;] Kannhenda eg klarar klyppa han på ny i Cinelerra, ein eitt hakk betre versjon.

So, trass alt, kva tykkjer du?

Kjempeflott fødedag, fekk Nikon D90!

Vel, rett nok var det eg som betalte for den nye speilrefleksen, men eg fekk han jo likevel på fødedagen. Dessutan gav Helene meg eit objektiv eg hev hatt lyst på utruleg lengje (elsk), men som hev vore litt dyrt.

Eg hev hatt lyst på Nikon D90 etter NRKbeta informerte meg um at det hadde video. So eg testa kamera på fødedagen min i går (NMU hadde jolefest heime hjå oss)

Du finn òg fila hjå archive.org – der kann du m.a. lasta han ned i HD (altso mykje betre kvalitet) og sjå han i Flash.

Brukte tvo objektiv, det nye vidvinkelobjektivet (10–20mm f/4–5.6) og mitt herlege Nikon 50mm f/1.8. Alle bileti som er supermørke er tekne med vidvinkelobjektive. Grunnen til at dei vert so mørke er av di objektivet ikkje er so ljossterkt (f/4), men mest av alt av di det var sabla mørkt for eit stakkars kamera der inne. Men 50 mm objektivet er jo ein helt utan like. Utruleg bra.

Eg elskar mitt nye Nikon D90. No vert det endeleg meir video frametter! Wey! :D

Film, Pia mi

Har du nokon gong hatt ein draum så hugnadsam du var sikker på han var røynleg? Har du nokon gong hatt ei røynd så fjåg du var sikker på ho var ein draum? Eg har vore så heldig å få vere med på å lage ein kortfilm med ei søt lita historie. No er endeleg filmen ferdig.

For nokre månedar sidan var eg med Johan Nåden Dyrstad for å hjelpe med/dokumentere filmen dei laga. Han hadde gjeve rollene til Olec og Pernille frå Lilla som eg spelte saman med dei i. Johan er ein av elevane til Skjalg Omdal (pappa) på Randaberg VGS; filmkunnskap.

Pia mi, opptak; Johan, David, Odin

Det er Johan Nåden Dyrstad som står for manus, regi, foto og klipp. Så det er hans film på mange måtar. Manus er skrive ut frå ein lyrisk prosatekst av Bjarte med namn «Noen har ligget i senga mi». Johan lurte på om eg ville vere med på produksjonsdagen; det ville eg sjølvsagt – så eg kom ned med eit kamera for å take litt produksjonsvideo. Skal sjå om eg får laga ei lita snutt etter eksamen. Eg filma dei litt medan dei heldt på – medan eg kom med inspill då eg kjende for det. Då me var klår fekk eg ansvar for ljoset sidan ingen hadde erfaring. Eg hadde trass alt bittelitt + ein del teori i bakhovudet. Me sleit mykje med ljoset av di me mangla blåfilter; difor blei det forskjellig fargetemperatur på ljoset frå vindauge og det «kunstige» ljoset.

Pia mi, Pernille

Me hadde 3 digre ljoskastarar – men utan dimmar! Kunne altså ikkje gjere ljosa svakare enn dei var, dei var konstant kraftige ljosbomber. Måtte finne fleire kreative løysinger for å få bukt med dèt problemet. Masse reflektering, matpapir og anna. Fleire gonger tok matpapira fyr – og me måtte byte dei ut. Skuggar og anna var òg eit problem – men eg synest det blei ganske bra til slutt. Det var utruleg moro å få vere ljosmeistar på ein film av Johan. Endeleg fekk eg vere med bak kamera på ein film med substans! Eg har faktisk hjulpe Robert (frå Lilla) med ein film òg; men den har eg ikkje sett.

Pia mi, Olec og Pernille

Eg vil gjerne at de ser «Pia mi» (høgreklikk -> lagre som…), filmen til Johan og kjem med tilbakemeldingar. Om de blir verkeleg engasjerte så skriv gjerne ein kritikk med substansPia mi-tråden Johan laga på Det Store Dyret. Tidligare spurde Johan om stønad til fargekorrigering av filmen på forumet, og fekk hjelp av noregs beste visuelleffekt-artist Rune Spaans. Denne fyren har jobba med det meste du ser av visuelle effekter på TV2-reklamane og laga effektane til Monstertorsdag. Eit lite utklipp av det han sa om bileta Johan hadde lagt inn frå Pia mi:

Jeg gjorde ikke så mye med kontrasten i bildet, siden jeg synes den var ganske fin. Du har gjort en bra jobb med lyssettingen, det er fine graderinger i ansiktene til personene.

Heh. Ein blir mållaus av slikt :] Skryt frå Spaans. Det er kjempemoro. No var ikkje ljosjobben min åleine, men me gjorde det bra som eit team – blei like fullt glad for den kommentaren der. Så om du ikkje har gjort det allereie; last ned og sjå Pia mi!

For å sjå filmen må du ha ein MPEG4-dekoder. Har du ikkje dèt installer denne kodeken (XviD, for Windows), han er spyware/malware/reklame-fri.

Oppdatert: Det er ein anna tråd om «Pia mi» på akam forumet no. Det er nesten blitt ein Pernille-fanklubb.

Om plassen der filmen ligg er gått over grensa si, kan du laste ho ned her: Pia_mi.avi (Høgreklikk -> Lagre som…). Men prøv den andre fyrst er du snill! :)