Merkelapp-arkiv: Ferie

Til Bergen (og attende), og INF3190 ferdig

Eksamen gjekk, … ganske dårleg. Men eg trur eg står, hadde vore so synd um ikkje. No skal eg tidleg upp i morgon og køyra til Bergen med Helene. I overimorgon må eg køyra heim åleina. Trist.

Me hev lånt bil av Pink Rental att, berre denne gongen er han raud. Dei hev ikkje fengje måla han rosa endå.

helene_klaus_pink-rental

Det er altso Helene som flyttar til Bergen, for dei som ikkje hev fengje det med seg. Eg reiser etter i 2010.

Um eksamen, … eg kjenner meg ikkje fri endå. Eg gler meg til å få orden på eit par Nei til EU-ting, og å få rydda upp i psyken min litt etter han vart terrorisert av mi eiga slappe haldning og alt det førte med.

Men eg hev von for framtidi, alt vert betre den neste tidi. Eg gler meg stort til å reisa på tur. Få litt ferie. Kvitseidturen me nett hadde var heilt ekstremt deilig, han hjalp meir enn eg anar :D

Dataarbeid heime i joleferien

Mykje av det eg hev gjort her heime er å sitja på datamaskini. Ja, ganske likt det eg plar gjera i Oslo. Likevel hev eg gjort ein god del ting eg ikkje plar gjera normalt; so eg tenkte eg skulle seia tvo ord um det.

Eg skulle laga ein effektiv video-lagringsmaskin til pappa, slik at han kunne taka inn den digre mengda med video som me hev. Han vil taka vare på det og redigera det ned. Familievideo og anna. Eit godt prosjekt. Rita og nokre veninner ville redigera videoen dei hadde teke på turen sin rundt verdi, so eg kunne halda på med det medan eg hjalp dei so smått med å redigera på Mac-en til Randaberg VGS.

Videomac, Final Cut Pro og øydelagde harddiskar

Ei lang historia kort: dei tapre jentone nytta ein heil dag som viste seg å berre verta til inga nytte. Den eksterne harddisken (Lacie, skikkelege drittdiskar) viste seg å vera heilt øydelagd. Eg kom ikkje på det fyrr. So dei nytta 8 timar på å taka inn ein og ein halv videokassett og ingen redigering. Veldig nedtur. So eg sa dei like godt burde prøva å gjera det ein annan plass. Eg fekk ikkje tid til å laga programmet for videoinnhenting til pappa.

DV og Linux

Då eg kom heim såg eg på det lille drittkamera pappa hadde skaffa for å bruka til å taka inn video; det fungerte ikkje på Mac-en i byen. Eg syntest jo det var veldig teit og ville feilsøkja med den berbare maskini mi heime (Sol). Det fungerte berre, heilt utan vidare. Eg vart sjølvsagt imponert. Hadde sers liten plass på disken, men eg tok inn eit par-få scenar og starta opp Cinelerra.

Eg hev vore veldig hard mot Cinelerra. Mitt videoredigeringsprogram er Final Cut Pro HD, og sjølv um det er veldig irriterande å måtta bruka Mac OS X berre for å redigera video; so synest eg ikkje programmi som er til Linux for ein grei penge er gode nok. Eg hadde eigentleg skuve frå meg heile Cinelerra ganske lengje. Sidan eg ikkje fekk gjort det eg ville ganske raskt, so kasta eg det. At det ofte hang då eg testa det ut gjorde det ikkje stort betre. Men eg tenkte, no som eg hev fengje inn DV-videoen på ein so enkel og god måte kann eg jo like godt prøva å redigera det!

Cinelerra

Men, wow! Eg vart so glad og yverraska, det fungerte jo sørenmeg! Eg kutta og stod på, det tok ikkje lang tid fyrr eg var ferdig med eit lite klipp. O, hallelujah, det vart noko. Ikkje eitt einaste kræsj. Litt seinare las eg manualen og fann tvo ting eg sakna. Cinelerra er framleis ikkje god nok til å erstatta Final Cut Pro for meg, langt i frå; men han er absolutt, absolutt god nok for private prosjekt. Eg kjem truleg til å gjera meir videoredigering på mi eiga maskin frametter, dette var so moro.

Bluetooth, blåtann

Maskini mi er so gamal at ho ikkje kom med blåtann. Dumt. Difor kann eg ingenting um blåtann. Dumt, teit. So eg kaupte ein blåtann-usb-sak av Espen. Ganske lurt.

So etter litt streving med Bluez fann eg ut at blåtann ikkje var stress i det heile teke. På same måte som folk tykkjer kommandolina i Linux er stress. Med ein gong du hev funne ut av det er det superlett. So no er blåtann superenkelt. Fungerer mykje på same måte som å setja upp netverk i Linux fann eg ut.

Wiimote + OpenGL

Men eg hev jo ingen blåtann-ting. Eller hev eg? Jo! Wiimotane mine! Etter litt hadde eg ein pc med mus styrt av Wiimoten. Tøft. Men ikkje tøft nok. Eg tenkte, hmm. Tenk å laga eit lite spel. Det hadde vore moro. Men eg kann jo ikkje OpenGL. Jaja, eg fær læra meg det. So då lærte eg meg OpenGL. Etter ein dag kunne eg flytta farga og malte figurar rundt i eit 3D-rom. Eg brukte cwiid-biblioteket for å bruka Wiimoten til «spelet» mitt, og etter ein del hacking fungerte det! Wey! Eg vart sers stolt. Hev vist det til mange. :] Eigentleg ingenting å vera stolt yver, men likevel – eg synest det er tøft.

Ubuntu 7.10 på ein MacBook

Gode kamerat Bror-Magnus var innom og ville hava Linux på MacBooken sin. Han ville prøva Linux til ljodarbeid, med realtime-kjerna og alt. Det tok ein god del tid å leggja inn; men det viste seg at det fungerte til slutt. Eg var so glad at me ikkje trong Bootcamp til å få det til å fungera (då måtte han jo ha betalt for den teite oppgraderingi til Leopard, doh). Måtte fiksa dei trådlause driverane sjølv, men elles fungerte alt ut av boksen (ikkje kamera, men det kann fiksast). Dessutan var ikkje alt sett opp korrekt, eit stort problem er jo at desse teite maskinene berre hev ein museknapp. Ganske teit. Men trur me fann ei enkel løysing på det til slutt (Ubuntu hadde visst innebygd stønad for slikt tull!).

Vonar Bror-Magnus klarar læra seg UbuntuStudio då. Me burde gått litt meir gjennom ting, men eg hadde ikkje tid.

Django, Cinelerra3

Eg hev nesten lese heile Django-boki. På natta. Det er ikkje bra, slem gut. Elles vil eg hjelpa til med Cinelerra3, problemet er at det er eit videoredigeringsprogram. Altso, noko veldig vanskeleg. Eg er langt frå ei rockestjerneprogrammerer, langt frå ein medels flink programmerer tilogmed, difor er det eit litt høgt mål. Men eg skal hjelpa til, og hev funne ut at eg kann (prøva å) hjelpa til på webgit, som må fungera skikkeleg fyrr utviklingi av Cin3 gjeng vidare.

Elles er eg no skikkeleg gira på å laga ein heil film der eg berre brukar fri programvare! :D

Det var en gang en dag i går

Eg klarte å skrive noko tull i går kveld / natt. Ein normal feriedag kan du eigentleg kalle det. Uansett – eg skreiv han for å få lagt ut noko nytt her :)

Nå er det lenge siden eg har skreve. Det er ikkje bra – men eg har vært opptatt med både skole, programmering, sosiale aktivitetar og andre skumle ting. Eg har ferie no – men eg vil helst skrive litt kronologisk så må finne på noko litt eldre eg kan skrive om. .. Egil har sagt eg må slutte å skrive rekursivt, er noko i dét :S

Jaja, livet her er herleg iallfall! :D Kva skal eg skrive om, det så sjukt mykje interessant som har skjedd – bare eg ikkje huskar det :P Jo, eg har vært på nokon ox compsoc (Oxford University Computer Society) møtar, nokon “forelesningar” (eller kva du vil kalle det) med bl.a Novell og IBM (weehee). I kommande uke skal eg på heile 3(!) møtar, deriblant ein tur til plassen kor Enigma koden blei knekka (sånn 2 verdenskrig tysker-hax) – samt kor den fysste programmerbare “microcomputeren” ble laga :D

Eg har vært i Disneyland – eg skriv like godt et eget dokument om dét. Ellers har eg vært på fest hos Aud, ei belgisk jente – samt vært ute med dei Norske vennanne til Thomas og Morten på valentinsdagen. Eg har tatt flerne bildar som har utløyst følelsar negativt retta mot meg (som vanleg :D Odin+Kamera=pest&plage). Kanskje eg like godt skulle bli Papparazi fotograf med éin gang? – Hmm, nei. Eg likar ikkje slike folk eigentleg. Men eg likar å dokumentere ting eg ser og er med på :D :D Dessuten er bildar som utløyser følelsar gode bildar.

Eg har levd utruleg billeg – £30 (400kr) på ein måned! Ufatteleg! Men like etter brukte eg jo dobbelt månedsbudsjett på ein viss Frankrike-tur.. Euhm.. :P Eg huskar Audun: “IDIOT!”.. hehe, godt sagt – som alltid.. ;D I løpet av ukane har eg hatt lyst til å lage ei side der eg skriv litt om kvar person i klassen – slik at dikon kan vite kem dei er. Grunnen til at eg eigentleg fekk lyst til dette er fordi eg vil skrive kvifor “Audun e Maen” (med stor M ja).

Nå som dette allikevel har blitt ein fæl tulletekst kan eg like godt skrive om nære hendelser som eg ikkje vil skrive ein meir utfyllande tekst på uansett: KVA GJORDE ODIN IDAG DÅ!? :D Vel, for å ha ein fortreffelig herleg begynnelse på eventyret om Odin Askeladd som sov i 100 år og ble vekket av vekkerklokka, kan eg jo nettopp fortelle om dagen før dagen idag..

Jo det var ei fin natt – Odin Askeladd hadde funnet eit rom på eit “Bed and Breakfast”-hotell, og der satt han. Så hopp-i-dopper me over den historien og fortell om då han kl 6 på morgenen sykla heim frå denne fantastiske plassen. Han spiste frokost då han kom heim, trøtt og sliten som vår helt var – la han seg ned for å sove. Han sov, og han sov, i over 100 minutter!

Det skjedde masse interessant mens vår prins sov (jada, Odin ble oppgradert) – han sov i 10 breie og 10 lange timer. Ja, han sov faktisk heilt til han blei vekka, fysst av den siste vekkerklokken i heile Odin-land, dei andre var mystifistisk forsvunne under like mystifistiske omstendigheitar som alle hånd-klokkane, luene, skjerfene, hanskane til Prins Odin (stor P nå) :( Uansett – etter vekkeklokka hadde utføyrd sin slue plan blei det rapportert om ei høy mumlig om middag og vasking av Odin-land, ikkje ulikt heksens onde sang.

Etter ein mager middag bestående av lusent lammekjøtt – som ikkje ville blitt kalla kjøtt i Odin-land, men heller nærmare lamme-sener-og-fett-søppel – satt Odin Askeladd (der vart me degradert igjen :/ ) seg ned med strikkesakane og hacka litt. Han ringde sin far Kongen (fordi nå var Odin prins igjen) og snakka litt om strikking før Odin la seg kl 12.

Utkvilt kl 8 sto Odin Askeladd opp og spiste frukost – så fór han til slottet sitt; Oxford and Cherwell College og hacka nokon PC’ar før han blei lei. Då dro han med Jørgen og såg på at han spiste. Vel tilbake fann han Audun – og viste han bilete som Fotograf Odin hadde tatt, det blei ikkje spesielt godt mottatt. Men Audun gråt ikkje – så alt var brillefint.

Odin gjekk inn på ein klesbutikk fordi han var kald om halsen, dei stengde om 5 minuttar – så han var rask. Då han storma butikken såg han nokon skjerf til £10 – han spurde raskt “Have you got any CHEAP skarfs!?”, dama sa: “We’ve one for £5”, så sa Odin Bond “I’ll take it”. Då så dama rart på vår felles helt, han hadde ikkje sett skjerfet en gang – men betalte gladlig. Odin tok hintet ifrå dama då ho sto der å glana, han sa; “I’m cold” og dro frem skjarm-smilet. ;D

Så var det middag osv, etter litt hacking var det ned på Pub Oxford. Odin klaga på Jon som var trøytt og ikkje ville komme, Odin snakka med litt folk og fekk dei til å sei “Hei” ifrå dei. Då eg hadde sendt den #3 meldinga med David som sa hei, skreiv Rytter Jon “Gje ein klem t David óg. Sei t han at eg komme!”. David blei forskrekka då Odin ga han ein skikkeleg klem sånn utan vidare – men han skjønna fort :P

Då Jon og Audun hadde kommt kjøpte Odin seg ein Cola med sitron og is i :D:D Eit par samtale-emnar seinare var Jon overbevist at Odin på Berget var full. Men det er jo bare teit, fordi alle veit jo at Odin ikkje drikk, men veit folk KVIFOR Odin ikkje drikk!? :| Uansett var Odin på Berget vill og hadde det moro mens Jon tydeligvis prøvde å gire han opp enda meir med å utfordre Odin til å gå-i-rett-linje :]

Så dro Odin heim, fordi han gadd ikkje stikke på klubb idag – Odinrose må sove litt av og til. Rart nok så er klokka 1:20 nå, så han skreiv ein idiotisk tekst istedenfor å legge seg tidleg. – Men folkens, om dikon fant denne teksten utruleg keisamn er det fordi dette er faktisk bare ein normal dag, han var ikkje spesiell på nokon måte – eg ville bare skrive noko….. :) Ellers er ikkje teksten gjennomlest – eg skreiv det no, og har ikkje gått igjennom han! Difor er det truleg maaasse feil samt idiotisk dårlige formuleringar og ikkje minst keisamne emne. Menmen, natti pusi!

Uff, ferie og sykdom

Ein mildt sagt jævlig start på ferien, 4 tekstar som ikkje var skrevne, evaluation skrivning til kl 3, ingen mat på 24 timer, sinnsjuk hodepine. Dagane etter denne fredagen dei værste dagane eg har hatt på sinnsjukt lenge…

Eg har ingen ladar til mobilen, ingen klokke, ingenting som kan vekke meg opp når eg ikkje vaknar av meg sjøl. Derfor sto eg opp 10:30 denne fredagen og mista sjølvsagt norsk timen. – Eg er litt redd for å få massivt fravær i Norsk/samfl fordi eg har ALDRI vært dei timane ein heil time. Alltid for sein, eller ikkje der i det heile. Eg vil ikkje ha det slik, men av ein rar grunn klarar eg aldri å komme til rett tid. Eg er jo alltid i alle dei andre timane!

Sykla ned til skolen og gjekk opp mot Engelsk klasse. Eg følte meg ikkje heilt bra, eg hadde vært oppe til kl 3 den natta for å skrive ENG(electronic news gathering) evaluation og ID4(Replikere Independece Day traileren) evaluation. Begge tekstane skulle være på mer enn 400 ord kver, eg skreiv 3 645 ord (7 A4 sider m/ 12pt font) om ID4 prosjektet og 1 608 ord om ENG‘en vår. Begge Norsk og Samfl tekstane måtte eg bare hoppe over, eg takla ikkje skrive mer og prioriterte Media foran dei eigentleg meir viktige faga i Noreg.

For sein til Engelsk klassa, eg satt meg med Lotte. Etter ei stund ville eg ta notatar, fordi eg er så flink til dét når eg gjær det på laptopen. Men når pcen våkna opp fra dvalen hadde eg glømt å stoppe winamp (ja, kvifor starta eg windows kan ein spør seg, i filmstudies brukar eg bare linux – greiare) så pcen spela “Vetel – Tenk om” på det høgaste i ein 10–20 sekund før eg fekk stoppa lyden (du får ikkje kontroll over maskina før han er 100% slått på og du har logga inn). Det var ganske drit siden klassa var i eit… hmm… ømt humør? Me hadde ein asylsøkar ifra Afganistan som fortalde historia si om kvisleis han flykta, korleis familien blei drept etc.

Då eg hadde fått ro over maskina sa læraren at me ikkje fekk bruke laptopar i klassa lengre pga. folk gjorde andre ting enn skole. Ja, fu. Ho starta og preike om kvisleis dei andre klassane i fra Noreg syntes Engelsk var det beste faget. Ho hadde ikkje hatt nokon problemar med dei, mens vår klasse var heilt bak mål og me gjor visst bare drit. Ho presterte også å få det til å høyras ut som om eg ikkje hadde gjort noko relatert til Engelsken når eg hadde laptopen oppe. Drittpreik, stygge &”#)(¤.

“Sorry… No, I don’t have to say sorry” sa ho. HO TRENG IKKJE SEI UNNSKYLD!? Kva? Skal EG sei unnskyld til HO for at HO seier at eg ikkje får bruke notatane mine lengre eller skrive effektive notatar. Og ikkje bare det, men skal eg sei unnskyld for at ho antydar sterkt at eg satt og gjorde andre ting med pcen? Teit dame, sjølvsagt skal ho sei unnskyld, eg var jo den som brukte pcen skikkeleg. Eg hatar papir(dei er ELENDIGE til arkivering, søking etc.) og eg ser aldri på “notatane” mine etter eg har skrive dei hvis dei er i ei bok.

Argh.. Eg var veldig sint. Engelsk timen etterpå med Vivian gikk greiare men eg begynte å føle at eg var dårleg. Mot slutten av timen kom sulten óg, eg blei desperat etter mat av ein eller annan grunn, var ikkje så sulten før. Så eg gjorde sekken klar osv slik at eg kunne spise så fort timen var ferig. Eg ville ikkje ha nokon ferie, var ikkje derfor eg ville ut. Uansett begynte Kristine-Ýr å klage på at eg var uhøffleg osv. Vanlige dét…. :S

Eg prøvde å få med meg Niklas slik at eg ikkje trengte å spise aleine, men han skulle på Goose med nokon folk. Han kjende på panna mi og var veldig overraska – “Du må jo har 40 i feber!”. Eg hadde sikkert ikkje 40, fordi dét er veeeldig vondt, men sikkert 38. Der eg satt aleine i eit hjørne og spiste stoppa Kristine-Ýr ein 20m vekke og begynte og preike. “Du må ikkje verr så frekke, blablabla”. Eg sa dei eg evt. var frekk mot måtte si det selv, eg hadde ikkje sjølv synt at om eg sto i klassa med sekk var dødelig frekt.

Så klaga ho litt mer osv og eg sa at eg var sinnsjukt trøtt, eg hadde feber, var stressa pga innleveringane og var enormt sulten. Om eg var frekk så var det ikkje med vilje iallfall. Eg var kanskje frekk, men når eg var så dårleg så tenker ein i litt kortare banar enn normalt.

Så printa eg ut de to evaluation’ene (:P) og ga dem til Jim, uheldigvis glømte eg å gje med logge-arka, håpar eg får karrakteren eg fortjener uansett (som er Distinction -> profesjonell kvalitet :> ) :| Eg sykla heim, då eg kom inn på Horspath road merka eg at felgen begynte å slå mot bakken på små humpar i vegen – perfekt, hål i dekket!

Fra her huskar eg eksepsjonelt lite faktisk med tanke på tid. Det neste eg huskar var at eg var heilt forjævlig syk, enooorm feber og eg frøys som om eg hadde vært naken på nordpolen. Eg lå i senga, kald, veldig kald “inni meg”, kjende eg imidlertid på magen var han kokende varm.

Eg gjekk inn på badet og fyllte opp badekaret, eg måtte ha litt varmt vann rundt meg. Vannet føltes heller lunka ut då eg la meg nedi. Etter ein tid (anar ikkje kor lenge, >10min iallfall) følte eg at vannet kjøla meg enormt ned, det var utruleg kaldt. Eg ville gå opp, men gjorde eg dét ville eg bli enno kaldare. Nokon minuttar seinare begynte eg å skjelve og hakke tenner, eg brukte vidare eit minutt til å samle mot/kreftar for å reise meg opp.

Eg frøys i senga igjen, lå der nokon timar før eg var kokande varm. Flytta eg foten utfor dyna følte eg eit enormt kaldt ubehag, kokande varm var betre enn kald. Natta sov eg ikkje. Eg følte meg betre dag 3 så eg gjekk til Aurore sitt rom (tok lang tid å svimle seg bort :P) og henta termometeret eller kva det heiter. Eg måla temperaturen, den var skremmande nærme 40grader….. Eg har hørt folk døyr med 41grader i feber.. Og eg følte meg “bedre” :|

Hmm.. Temperaturen på kroppen er akuratt som “Load Avarage” saken i NIX systemer. Når kroppen må jobbe ekstra mye for å bekjempe noko drit så stresser den og får høyere temp. Akuratt som load avg høgare enn 1 = maskina stresser med oppgavane :> *tihi Kanskje ikkje helt sånn menmen :P (ble lei av å skrive om den slemme sykdommen)

Nei, nå er det vel ca 2 timer siden eg skreiv sist paragraf :> Eg har spelt minesveiper + hacket det for å få bra highscore… :> Uansett, ugh. Varmt.. :S Lukke opp vindu ennå mer.. Rart det, eg er kald på føtene med vaarm på resten av kroppen. Tilbake til sykdommen.. Eg hadde ikkje sove på flerne dagar (sånn soving der du legg deg, sovnar sånn at tia går raskt og våknar). Eg lå bare i senga med augo att, men eg registrerte alt som skjedde. Dag2 hadde eg eit problem etter eg hadde lagt meg, hjertet høyrtes ut som ein hul plastikk-boks som ble slått mot ein vegg. Eg blei veldig redd pga. dette, merka óg at pulsen var ekstremt høg og at eg var veldig varm (men det er jo enten veldig varm eller veldig kald).

Off, nei, eg huskar generelt lite fra dei 5 dagane ana at det var eit helvete. Eg klarar ikkje gje eit halvveis realistisk bilde av det ein gong så eg skal ikkje prøve. Det var 120 timer med intensiv pine (men den gangen eg hadde sært agressiv halsbetennelse var verre).

No har eg iallfall vært veldig lenge inne på rommet i et strekk, sjølv om eg var ein tur ute to av dagane. Sykkelen må fiksas, eg har kjøpt utstyr men eg må se å få starta og fiksa slangen.. (Men det er alltid så vanskeleg å få sjølve dekket på igjen! :S ). Kanskje eg gjør det i dag – første dagen eg føler meg bra nok til å gjøre noko slik. Hehe, om du nokon gong ser eit lite videoklipp av meg som ligg i senga, reiser meg opp og starter laptopen skriver litt på den etter eg har tatt på headsettet – er dette dét eg skriv på videon :P Jeg smiler akuratt når jeg skriver dette nå. Så har du klippet. SE PÅ DET! :D (Jeg vil legge det ut, men er bare personer som Pappa osv som finner det (har en rar forestilling om at Simon også vil finne det :P (rart))).host

Uansett, eg har sånn hallvegs fiksa dekket.. Dekket mitt er jo kriminelt skjeivt, det har eg ikkje fiksa (kanskje bare forverra :| ) men fiksa hålet i slangen. Eg fekk det ikkje heilt til, då eg var ferig med dekket på plass osv var det sjølvsagt eit nytt hål. Grrr… Det var rett vedsia av det forrige 5mm ca, så eg lappa dét også. Eg har ikkje testa det etterpå.

Dessuten fekk eg telefon for litt sia, ifra Ingunn, ho er her i Oxford og lurte på kvifor eg ikkje var med på utflukten idag.. Det var fordi eg ikkje visste det :( Eg elskar jo slike ting og ville gjerne hvert med. Ho sa også at me måtte snakke om hva noen lærere hadde sagt om meg.. Uffda, eg er visst misslikt av nokon lærere. Sikkert Engelsk lærerene + Media Comm lærerene.. Jeg prøver ikke være slem, men Kristine-Ýr sier jeg er veldig slem..

Uansett tror jeg ingen av de mannlige lærerene har noen problem med meg, de er jo kompiser :> Dessuten så skryter de hele tia av min enorme kunnskap :P Hehe.. Ahh, men plagsomt resten av drittet.. Menmen, imorgen må jeg visst på skolen for å treffe de andre, herlig faktisk. Er lei av å være isolert.

Wohoo, han nye Albanske kisen vi har her spurte om jeg ville se film med han ;) Koselig kis altså. Han har også sagt at jeg kan bruke tven hans.. jaja, jeg skal se film. nana. (nå skrur jeg også av kamera)

Vel, det var en kjekk film – Heartbreakers :> Etterpå så vi robocop 2 på tv, haha, drittfilm. :P Menmen, nå er det ny dag og jeg må komme meg til skolen før bussen eller hva vi tar går. Siden jeg ikke har satt sammen sykkelen ennå kjøper jeg endags busskort, da kan jeg hente gitaren min idag også :) Jeg legger denne fila over på kamera og så får vi se om jeg klarer å få den fersk ut på nettet idag (30 Oktober) :P

Deet klarte eg ikkje, men eg legg det ut idag, dagen etter.