Merkelapp-arkiv: Film

Lagde ein video på sundag

Eg og Helene var i mathallen på sundag. Eg tok litt video.

Då eg kom heim ville eg setja det saman til ein video, og fekk igjen oppleva kor ekstremt elendig all videoredigeringsprogramvare er på Linux. Diverre gjer det at eg er utruleg lite glad i videoredigering lengre, der eg før elska det og tykte det var kjempemoro. No er det berre eit jækla mas og eg fær aldri laga noko fordi alt er so tungvindt, treigt og ubrukeleg.

Heldigvis er det kjekt å ha klypt saman ein video att då. Diverre innbyr ikkje verktya mine til gjentaking med det fyrste :-)

Sundagsmat, på mathallen, last ned: 480p (9 MB), 1080p (62 MB). Musikk er CC-BY-SA Tryad (placid island), det var forresten ikkje musikken eg hadde tenkt, men lasta ned feil, so jaja. Videoen er CC-BY-SA Odin då, sidan eg må shara alike no :P

Pannekaker, filmregissør og flipperspel

Førre veke bada eg etter lunsjen på jobb, hadde ein filmregissør frå Romania på overnatting, inviterte ein ire på middag, hjalp Tone å flytta og spelte flipperspel på Bitraf.

Ionut

Det dumpa inn ein epost frå BeWelcome ein laurdags kveld. Ein filmregissør frå Romania var på ein filmfestival i Tromsø, men skulle vera to dagar i Oslo. Eg inviterte han heim til meg sidan Helene var vekk og eg godt kunne trengja litt selskap på kveldene.

Me var oppe til seint på kveld og prata båe dagane. Han var overraska over at eg var ein sopass relevant vert, sidan han trudde eg berre dreiv med IT. Lite visste han om mitt faderlege opphav og ymse filmprosjekt eg har fått vera med derifrå.

Eg likte Ionut utruleg godt og må vel truleg få vitja han når eg dreg til Romania ein gong. Elles fekk eg kjempelyst til å laga meir video/film att etter eg prata med han. So fær me sjå om det vert noko då, skortar jo litt på utstyret og ikkje minst vilja til å bruka ufri programvare…

Bading

Lachlan med Opera i bakgrunnen, eg med akerselva i bakgrunnen. Fått meg ein liten kakaovom, ja.

Eg har lengje sett ut på Nydalsvatnet frå kontorplassen min og fått lyst til å ta meg ein dukkert. Plutseleg kom enno ein soldag klemt mellom regnversdagane og eg var uti. Lachlan vart med slik at eg ikkje var åleine. :)

Middag

Ionut var forsovidt fyrste vitjinga eg har hatt i nye bustaden til meg og Helene, men gsnedders var andre. Ein utruleg koseleg fyr som kan hinsides mykje om absolutt alt. Eg var ganske ubesluttsom, so gsnedders fiksa like godt ein god kinesisk middag til oss. Eg reknar med å laga det same i lange tider frametter, enkle, billege, gode greier.

Fredagsøl

Opera har slik fredagsøl. Eg har ikkje gått i det siste. Etter kl. 17 på fredagar so fær eg alltid gjort so sjukt masse, kjem inn i ein skikkeleg god arbeidsstim, og plutseleg er klokka 21 og eg er heilt åleine att. Vel, min taskteamkamerat João held ofte ut like lengje.

Denne gongen kom derimot gsnedders og henta meg, so då la eg ned det sers produktive arbeidet mitt likevel. Han skulle jo heim i helga. Me stakk ned på Alexander Kiellands plass og drog på Kabash eller kva det namnet no var. God hummus.

Eg og Lachlan og Swetank fann ut at me skulle hoppa i strikk dagen etter. Heilt til me fann ut det var på Rjukan, so me må nok utsetja det ei helg eller to.

Flipper

Ikkje delfinen, men nesten like bra; me har fått oss flipperspel på Bitraf. Det er eigentleg Teknisk Museum sitt, dei skal laga eit spel for å læra folk om fotosyntese. Flipperspelet er på Bitraf no fordi den einaste flipperspelreperatøren i Noreg likte hackerspacet vårt so godt at han like godt kunne fiksa ting der. Veldig kult for oss som får flipperspel til avveksling frå alt det andre me gjer.

Flytting

Tone var ein absolutt engel og kom med bil slik me fekk kjøpt båe eit digert skåp og ein sofa frå Finn (netsida, ikkje personen; personen var ei ho, og ho var svensk). Når folk hjelper til med flytting so tener dei flyttekredittar, so det var sjølvsagt at eg skulle hjelpa til motsett veg. Dessutan so er det eigentleg ganske moro å flytta, spesielt når eg ikkje er den som må gjera det.

Diverre vart det total fiasko for min del. Eg spelte flipperspel på Bitraf til langt på natt og stod opp lovleg seint dagen derpå. Starta å vaska buret til Skorpus (koserotta vår) og lagde meg frukost medan eg høyrde på radio. Lite hugsa eg om avtalar lagt tidlegare i veka.

Eg kom to timar for seint. Som var superflaut. Heldigvis fekk eg hengd opp to bilete i minsto. I tillegg til at eg stod og såg på at Eva bygde hyller medan eg lata som om eg var nyttig på nokon som helst måte. Jaja. Koseleg var det no. Tone kjøpte tilogmed pizza til oss.

Pannekaker!

Lachlan og kjærasten (Irina) hadde invitert til pannekakebrønsj. Det var 15. Eg synast eg var litt seint ute, men bysykla kjapt opp.

Eg var fyrste person som kom, 15.05. Det tok god tid før nummer to og tri kom. Alle var par, og eg var jo eigentleg invitert i par eg òg. Heldigvis klarte eg fort å gløyma det, sjølv om me til slutt var 4 par og ein meg.

Lachlan laga forresten slike proffe pannekaker på ei stor takke og med alt utstyret dei som lagar pannekakar heile dagen har. Eg åt fyrst ost og tomat, so åt eg nutella, banan og jordber.

Ein av dei på brønsjen flyg med slik paraglider. Dagen før hadde han flydd 45 minutt. Det er eit kurs ein gong i året i Hemsedal. Det kostar 9000 og det skal eg gjera. Etter eg er kvitt lånet iallfall. :(

Parprogrammering

Eg parprogrammerte m.a. innmeldingssystem for Bitraf saman med mortehu. Dvs. mortehu programmerte og eg såg for det meste på, som eg sa på identi.ca.

Såg òg Expendables. Skikkeleg dårleg film. erikberg og mortehu gjekk før meg, men eg var kjapt etter 23.45 eller noko. Eg såg at eg hadde berre lukka to av fire vindauge. Kom meg ikkje innatt, ingen batteri på mobilen (brukar mobilen til å opna ytterdøri).

Spurte ein tilfeldig fyr som budde i nabolaget om å låna mobilen honoms. Eg brukte den til å opna ytterdøri, springa inn og lukka vindaugi. Det kjentest bra. Fyren vart imponert over systemet vårt for døropning. Det er eg òg forsovidt.

So var veka slutt

Elles sat eg på do i laupet av veka og skræmde vítet av meg sjølv då eg trudde ein dverg stod og såg på meg frå gangen. Eg tenkte å skriva om det på identi.ca men spørst kva du skal utsetja folk for. Her på bloggen kjem no folk i minsto friviljug…

No er det tysdag. Måndag såg eg film, i dag jobba eg berre, og oppdaterte bloggen på fyrste gong på alt for lengje. I morgon kjem Helene attende. Gler meg til det.

Moonrise Kingdom

Det burde vera slik at når eg spring frå kinoen til Bitraf for å gje ein film 10 av 10 på IMDB, so burde eg skriva eit ord om nemnde film på nettstaden min. Nett det har eg gjort so langt og held fram med no. So godt har ikkje ein film fått meg ril å føla sidan Brui til Therabithia eller Napoleon Dynamite. Denne er om ikkje enno betre!

Me fær i byrja sjå Susie og familien hennar i deira daglege gjeremål, og forstår fort at dette er noko rart på gang. Vel, me forstår iallfall at dette er ein ganske so spesiell og rar film. På det tidspunktet veit eg ikkje enno at dette er ein totalt suprawsum 1 film, men eg mistenkjer det allereide sterkt. Eg elskar allereie Susie.

Etter fær me sjå speidarleiaren som står opp og til slutt finn ut at Sam er borte. Og for eit fyrverkeri av ein fantastisk film som fylgjer! So innherleg fantastisk morosam, ikkje slapstick, men underfundig. Eg er framleis varm om hjarta. Verkeleg, det er ikkje klisjéfrasen; eg har ein god, kilande og lett kjensle inne i venstre side av brystet. Seriøst.

Kameraføringa, verkemedela og spesialeffektane er elles heilt best. Viss det er lov å skriva. Vel, dei er det om det er lov eller ikkje. Det er slik at eg ynskjer det var film eg dreiv med og eg hadde laga den filmen.

Det einaste fnugget av noko minus eg kan koma med er at han kanhenda kunne vore bittelitt kortare – men skal eg vera heilt ærleg med meg, deg og dykk so er det berre av di eg hadde lyst til å sjå han omatt med ein einaste gong etter eg var ferdig. No når det er fleire titals minutt sidan eg drog frå kinosalen er det gått lengje nok til at eg glatt tek ein da capo.

Hadde eg kunne teke meg råd til slike utskeiingar so skulle eg gjort det allereide i morgon den dag.

Alt i alt: sjå filmen. Og gløym alt eg sa slik at du kan verta overraska som meg.

  1. super awesome for dykk som kan slikt framandspråk []

Black Swan

Me skulle sjå Eg reiser åleine 1 etter me hadde ein del problem med å velja mellom den og Black Swan.

Sist veke 2 såg me Kongen av Bastøy, eg hadde veldig lyst til å sjå Black Swan og fortalde Helene. Ho fekk Bastøy. Ein av klyppfilmane (trailer) fyrr filmen var av Black Swan. Då endra ho meining. Haha. Jaja. Men Bastøyfilmen var bra den.

Denne gongen var det altso Stavangerfilm, som eg alltid må sjå likevel; so eg hadde som nemnd ingen sterke preferansar mellom dei to denne gongen. Me kjøpte billett og gjekk inn. Eg var ganske irritert og kort i lunta av di eg ikkje hadde ete på veldig lengje, skulle eigentleg eta falaffel fyrr me gjekk inn.

Grynta litt og so gjekk me inn i sal 3, og fann plassene våre.

Produced by…

Det var då utruleg kor store dei hadde blitt på det? Slik yverdrive jappe-engelsk i ting retta mot nordmenn – ooh, sjå kor internasjonale og kule og hippe me er – er berre tragisk og vondt. Og kva faen skjer med musikken? Og kjensla og … biletet?

Eg må nesten innrømma at eg ikkje tok feilen fyrr Helene braut ut, meir som stadfesting enn spursmål; «er me på feil film?» Sanneleg. Dette var jo Black Swan.

To veker fyrr var me på kino og fekk feil billettar skrivne ut. Eg måtte gå attende og segja at det ikkje var den filmen me spurte om. Eg tenkte det same hadde skjedd på ny.

«Vel, ingen vits å flytta seg,» sa Helene. Og so såg me filmen. Og han var kjempevakker. Heilt utruleg herleg. Og forferdeleg, verkeleg forferdeleg. Helene nemner ingenting um at han var fin eller vakker. Når me treff på Ragnhild, av Balestrand, segjer Helene «Eg visste ikkje at det var ein skrekkfilm! Rein horror!!!»

Sjølv so kjenner eg litt for å dyssa ned den kommentaren litt med å segja at han var mykje meir enn det òg altso, sjølv um han hadde ein del ganske tunge greier i seg. I det heile teke berre utruleg vakker. Eg ser sjeldan filmar to gonger med vilje, men denne her kann eg gjerne sjå omatt. Berre på bluray eller DVD då, av di eg hev lyst til å stoppa opp og plukka han frå kvarandre. Studera han litt :)

  1. eller på det ekstremt ustavangerske bokmålet, Jeg reiser alene. Kann ikkje forstå korleis eg kunne skriva bokmål med eit alvorleg andlet i alle dei åri! []
  2. Dette innlegget er skrive på natta 24. februar []

Fyrste arbeidsdag på VilVite med Bevar Hardanger

Sidan eg ikkje hev uppdatert på ei stund lyt eg skriva eit superlågterskel-innlegg; eit eg fær ferdig i ein sitt: kva hev eg gjort denne veka?

Jo. Måndagen starta friskt. Eller, det trur eg ikkje. Eigentleg hugsar eg ikkje måndagen, so eg fær starta i dag heller.

Onsdag

Onsdagen starta friskt. Helene hadde sett radioalarmen hennar på grytidleg. Den same radioalarmen ho var veldig misnøgd med til jol, av di han ikkje laga ljod som ein hest. Ho hadde vitterleg skrive «vekkeklokke som lagar hesteljod» på ynskjelista, og ikkje «billeg radioalarm frå Clas Olhsson». Velvel, ho fekk det siste. Eg anar ikkje kvar eg fær hesteklokker. Den radioalarmen skulle visstnok rett attende til Clas med fyrste tog.

Slik gjekk det tydelegvis ikkje iom. at båe eg og Helene vakna roleg (etter eg hadde slege ned den fæle, alt-for-høge ljoden) til P3 Morgon. Eg trur Helene eigentleg ville at eg skulle slå av maskina, men eg lot som um eg trudde ho meinte slå ned, noko eg heller ville.

Eg og Helene søv gjerne til 14-15 tidi viss me slår av alarmen.

Nemleg.

Men i dag stod me altso upp fyrr 8. Det vil segja, Helene stod upp fyrr 7-ish, og eg litt etter å. So til saman vert vel det iallfall fyrr 8.

Same kva. Me var oppe. Helene stakk ut, etter litt. Eg åt litt frukost (som berre var havregryn i varmt vatn) og sendte eit par epostar i ymse sinnelag båe hist og pist. Når epostboksen var tom og rein (ulese = 0, altso, ikkje rein-rein, det er vandskeleg det), byrja eg so smått å dra meg til VilVite-senteret.

Det vil segja, eg gjekk kjapt til VilVite. Det var framleis myrkt, og eg måtte (vel, måtte ikkje, men, spara tid lixm) gå gjennom Nygårdsparken der rusmisbrukarane i Bergen held til. Dei er jo eigentleg ikkje særleg skumle, men eg vert litt råka og redd av og til lell. Er ikkje frå austkanten akkurat eg.

Eg var framme litt over 9, der traff eg Audun Klyve Gulbrandsen((Frå no av tek eg vekk den ekstreme etternamnsnemningi, eg likar å nemna etternamn, men det a) ser dumt ut, og b) er usikker på um folk likar det (PS: Eg elskar når folk nemner meg med fullt namn, enklare å finna att på Google då :P) )). Etter ein kort arbeidsøkt kom Vigdis 1, Geir 2 og Nils Petter 3 frå Phantom Film (det er vel namn du kjenner godt, pappa).

Dei tok med seg eit HMI-ljos (supersterkt ljos som ofte brukast som «sol» eller dagsljos i film). Det heile var veldig interessant, eg lurte på korleis Nils Petter skulle bruka den på det vesle, innenstengde kontoret. Han sa han var nok truleg litt i overkant optimistisk der, ja. :-)

Og so byrja dei å filma på dokumentaren sin.

For å forklara kvifor eg er der. Audun er dagleg leiar i Bevar Hardanger, som jobber mot luftspennet av høgspentmastene i Hardanger. Dei treng litt ymse teknisk hjelp (netsider, epost, du-nemner-det) fram mot publiseringi av eit par utredninger om kraftlinene. Difor spurte Audun um eg kunne hjelpa til. Og det var det jo veldig moro å verta spurt um.

So difor var eg altso der på kontoret. Og Vigdis og gjengen var der for å laga dokumentar om kraftlinemotstanden:

Kampen om Hardanger Filmskaper Vigdis Nielsen vil med denne dokumentarfilmen komme nær innpå noen av de sentrale motstanderne av kraftlinjeutbyggingen.

Sidan dette er ein dokumentar, er det høg sjangs for at eg vert klypt ut, men utruleg moro å vera med lell. :-)

Dei brukte forresten Canon 5D Mark II til å taka upptaki. Det såg allereide fantastisk ut der og då, eg er sikker på at det vert ein visuelt utruleg fin dokumentar.

Etter eit par timar hardt arbeid der, gjekk eg heim og traff Helene. So bar eg ein bag ho meinte var tung til jernbanestasjonen med ho (utan problem, vel og merke ;-) ) fyrr eg gjekk attende til andre sida av haugen for å halda fram med arbeidet.

Eg sat saman med Erlend 4 mykje av dagen. Audun kom på kvelden att.

Det var ein veldig god arbeidsdag. Eg fekk gjort veldig mykje. Ikkje i tal-på-ting, men i arbeidsmengd ;-)

Eg skulle so på dansekurs, Standard- og latin Vidare kurs 1. Eg drog heim, fylte flaska og drog der.

Eg var ikkje særleg flink, men me var sopass få gutar at eg trur det gjekk greitt likevel. ;p

Åt ein falafel, vart yverraska yver at det framleis var so tidleg (21) og arbeida litt for SmiB på SmiB-kontoret.

So gjekk eg ut og tok 15 bilete av månen, av di eg lovte ei dama frå CouchSurfing at eg skulle gjera det i dag (huh?).

Og no sit eg på Kvarteret og her stengjer dei no. So no må eg gå. Ja, so det var i dag. Dei andre dagane fær berre gå i gløymeboki… :-)

  1. Nielsen []
  2. Netland []
  3. Devold Midttun []
  4. A. Horn, han jobbar saman med Audun med masse praktisk og strategisk. []

Innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud

I dag var me på innspeling av filmmusikk på Fox studios. Nett no sit me på ein Starbucks på veg til Las Vegas. Me er rett utanfor Victorville, ein plass som heiter Hesperia.

I dag tidleg var me i Palmville med Rajan, som me hadde sove hos. Me køyrde inn til Fox Studios og var med på innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud med Zac Efron (sjå det, Kitty Karina!). Me vart invitert av komponisten Rolfe Kent (på IMDB), som me traff på ein couchsurfing-fest i Los Angeles.

I ettertid (no!) fann me ut at han hev komponert tittelmusikken til Dexter-serien! OMG! :D

Me elskar den serien.

Same kva, me var der på innspelingi, og fekk sjå orkesteret spela med Rolfe som dirigent. Vart eit par takningar på eit par av scenene. Utruleg interessant.

Ein flau ting; det var mat på eit bord. Ein i orkesteret tok ein kjeks, eg tenkte; det såg godt ut, so eg tok ein òg. Dei gjorde seg klar til upptak (det er 60 stk inne i orkesterboksen) medan eg tygde litt på kjeksen. Og, 8, 7 .. 2, 1. Eg byrjar kjenna eg må hosta, og til slutt er det umogleg å halda det, HOST HARK HOST HARK. Og det stoggar ikkje, eg fær ikkje hosta skikkeleg, so det held berre fram. Eg må ta meg for nasa for å ikkje laga so mykje ljod, men hikkar litt host litt-om-litt. Utruleg flaut.

Etter takningi spring eg inn i kontrollrommet der du kann bråka litt utan problem. Rolfe kjem inn, og er godt nøgd med takningi, men han må takast um att av di det var ein del «romljod i byrjingi». Hah :-(

Eg gler meg stort til å sjå filmen på kino ;-] Helene vil prøva sjå han på premieren her i USA.

Det hev skjedd ein del dei siste dagane, og eg skal skriva um dette når eg fær tid:

  • Stoppa av trafikkpolitiet / bil (gjort)
  • Surfing
  • Couchsurfing hjå Nayan
  • Grillfest på stranda
  • Couchsurfing hjå Rajan
  • Griffith Park (dyrepark og observatorium)
  • Universial studios

So fylg med :-)

Kick-ass!!1

Eg og Helene såg nett Kick-ass på kino. Er det ein film som fortener det namnet so er det denne! Å i salte banan-kasse kor moro eg hadde det. Det var latter og innleving i filmen det!

Eg skal ikkje skriva eit lengre innlegg som eg kannhenda eigentleg hev lyst til, for me hev gjestar dei prøver sova men eg måtte i det minste gje litt kreditt til denne skittøffe filmen. Aiaiai.

Ikkje noko underfundig akkurat, ingenting revolusjonerande på nokon måte, men berre rein skjær underhaldning. Ekstremgod underhaldning for det. Eg kjende det nesten som um eg vart kameratar med dei i salen, so mykje koste me oss.

Og ei 11 år gamal jente som plafrar ned folk til høg diggbar musikk? Ubetaleleg.

No er det diverre leggjetid, sjølv um eg helst vil springja ut og vera KICKASS sjølv! :D

Ah, og ein ting til, du må truleg lika Quentin Tarantino for å lika denne. Viss du gjer, kos deg med filmen ;)

Ahh, og ein siste ting; i morgon legg eg ut noko anna ekte kickass/råstilig/utruleg som skjedde med meg sist onsdag. Slik apropos. Deilig…

Laga film med Jon og Espen i dag

So fekk me endeleg gjort det. Var ikkje so ovmykje smerte som skulle til. Det tok ikkje lange tidi helder. Eg kom til Espen ca. kl. 1800 då dei [Espen og Jon] sat og spelte FIFA. Det heldt dei fram med ei tid fyrr me starta.

Eg hev hatt ein heilt super dag i dag. Det var kjempemoro å laga film.

Espen sit på pcen sin

Me hadde planar um å få til noko lite, men likevel av høgare kvalitet enn det me normalt gjer (vel, normalt og normalt, det me gjorde som småungar på ungdomsskulen). Litt meir gjennomtenkt og -arbeidd. Dette skulle me bruka tvo kjappe dagar på, men eg fekk ikkje tak i ljos på sundagen, so me korta det ned til ein dag.

So dreit me i ljos i det heile teke, og no gjekk det verkeleg frå «høgare kvalitet enn normalt» til «det same lågkvalitets upplegget som alltid». Jajo. Me mista totalt all ambisjon. Gadd ikkje taka med nokon andre, av di er det berre oss tri so hev me det moro og treng ikkje laga noko bra. Vil ikkje sløsa tidi til nokon andre når det ikkje vert noko å ringja heim um likevel.

Me kasta manus og kom på nye idéar medan me filma, det vart ein del «goofs» og me hadde det generelt sett moro. Veldig moro. Og der er ein del av verdien. Eg hadde ein skikkeleg god dag i dag, det var veldig koseleg. Og sjølv um det ikkje er noko som kann brukast på nokon som helst måte so er det moro å hava endå ein «film» (vel, leik + eit kamera) under beltet.

I slutten gjekk alt veldig kjapt, som vanleg. Me visste alle at all profesjonalitet var kasta på båten og kjappe idèar og løysingar (enn kor rare) vart løysingi. Det er no eigentleg endå meir morosamt å «jobba» på den måten (ok, eg bør seriøst leggja av gåseaugo no («»)).

Då me raskt og gale slutta av, fann eg ut at me måtte prøva redigera det med ein gong. Det plar verta til at dei aldri vert redigerte med mindre me startar rett på. Espen hev Sony Vegas, men det viste seg at den ikkje stør MJPEG. So eg måtte nøya meg med Windows Movie Maker. Det var eit heilt ekstremt treigt program, som var ganske so ilt å jobba i. Me gav upp då Espen fortalde meg at eg ikkje kunne fjerna ljod frå eit klypp.

Men so starta eg att, berre for å få saman noko. Det kunne jo ikkje verta verre enn ein uklypt film. So ljoden er endå verre enn biletet og historia og resten av filmen. Hadde me fylgd manus hadde nok filmen vore litt klårare. Miljøet som han skulle vera plassert i er òg totalt feil. Det vert meir feelgood enn mørk film noir. Flatt keisamt ljos. Hadde ikkje alle objektivene med meg. Men brukte nesten berre vidvinkelen likevel. Dessutan vert det brudd på handlingsaksen (elder kva ho no enn heiter) når eg ikkje planlegg kva side eg skal skyta på. Eg trur ikkje folk vert so lett forvirra av slikt i dag, men det ser stygt ut iallfall. Jon på høgre side, Espen på venstre, plutseleg neste klypp so er dei motsett av di eg er på den andre sida. Amatørfeil. Men eg veit i det minste um det, og visste det tilogmed då eg tok det upp ;-)

Men skal eg segja deg kva?

Eg synast filmen er dritkul same faen. Eg luktar ein remake neste gong me treffast, då litt betre. Kannhenda me kann laga han um att og um att heilt til han er presentabel nok til å putta andre stader enn netsida mi.

So kann du få sjå han um du vil. Berre hugs at dette er laga veldig kjapt. Og at han er klyppa i Windows Movie Maker av Windows-gretne Odin. ;] Kannhenda eg klarar klyppa han på ny i Cinelerra, ein eitt hakk betre versjon.

So, trass alt, kva tykkjer du?

Richard M. Stallman i dag! Med LIVE video

Eg sit i sengi og hev endå ikkje rørt meg ut i dag. Men no må eg snart reisa ned på Chateu Neuf for å vera der 2 timar fyrr. Skal nemleg vera med å filma. Det vert fyrst sendt som ein straum, http://nuug.no/live.m3u, viss du vil sjå på (ja! Frå 1700 og utyver) so lyt du bruka VLC.

Det kann skje feil, då må du sikkert berre prøva å køyra han på ny.

Eg gler meg! Det vert kjempekult å høyra Richard M. Stallman prata. Litt keisamt å måtta styra pubilkumskamera, men eg fær no vore tilstades. Eg skulle eigentleg gjera heile straumen sjølv, men heldigvis kom NUUG si videogruppa og hjalp til. So det vert annleis.

Men eg må springa, eg hev eit møte å nå (vel, eg kjem til å koma litt seint).

Tropa de Elite, ikkje for alle nynorskingar (men absolutt denne)

Eg er jysla glad distributør Euforia film valde å teksta nett denne filmen og ikkje alternativet; ein svensk dokumentar om noko 80-talsgreidor. Eg elskar dei flotte bileti, fargane og intensiteten; ein «action»-film frå røyndi. Noko me diverre hev litt lite av i nynorskverdi er skyting, narkobandar og korrupt politi. Det står spesielt dårleg til med spesialstyrkar som skyt på båe bandane og politiet, slik BOPE (elitetroppen) gjer flust av i Tropa de Elite. Og alt dette gjer dei herleg nok på framifrå nynorsk.

Å seia at dette er den beste nynorsk-teksta kinofilmen nokon gong er slett ikkje å overdriva. No kjenner eg rett nok ikkje til andre enn 23 år gamle «Ronja Røverdotter», som er av eit litt anna kaliber. Ikkje noko vondt meint om Ronja – men det er ikkje ein film eg ser på kino av heilt fri vilje. Ein svensk barnefilm er heller ikkje eit godt prov på at nynorsken kan brukast til meir enn statleg finansiert høgkultur og der me hev lovar for han. Dessutan er det eit herleg slag i andletet på alle desse «nynorsk passar til di(k)tt, men ikkje datt»-folki. Det var på tide at noko eg tykkjer er god underhaldning kom på nynorsk. Herleg at det er ein god film me får på nynorsk når me fyrst får ein.

Åvel, når alt kom til alt sat eg no der i kinosalen saman med kjærasten. Eg prøvde å fylgja tett med på teksten utan å la handlingi eta meg opp. Eg var nynorskens mann i salen! Men nei. Det tok ikkje mange minutt før filmen lurte meg og fekk mi fulle merksemd. Teksten er god, veldig god – men heldigvis er filmen mykje meir interessant. Det var rart å sjå nynorsk på sylvskjermen dei første minutti, men so vart eg van til det.

Filmen, som er tufta på soger frå tidlegare BOPE-offiserar, fær truleg blanda kritikk spesielt grunna mange drap og tortur frå hovudpersonane. Filmen er sett i Rio de Janeiro, og har nytt vitjingsrekord på kinoane der. Dessutan har han vorte piratkopiert stort då folk trudde han ville verta forbudt i byen der folk med god grunn ser ned på politiet.
I filmen ser Nascimento etter ein arvtakar til BOPE, den beinharde elitetroppen han sjølv leier. Dei to nye rekruttane Neto og Matias er barndomsvener. Kvar for seg manglar dei den andre si styrke; ein er laus på avtrekkaren, den andre held fast på ideala.

Greitt nok, eg er nok automatisk litt meir glad i denne filmen grunna den nynorske teksten (godt jobba NMU lokalt og sentralt!). Eg var redd eg ikkje ville lika han, men det gjorde eg so absolutt. Likevel veit eg det er fleire som vil synast det vert litt mykje «action» og vald; men dette er truleg den same gjengen som i alle år har kunna lese nynorske dikt og faktisk likt det. Me ville visa at det er ingen grunn til å ikkje teksta på nynorsk, Euforia film viser med Tropa de Elite at det so absolutt er sant!

Filmen vert endå tøffare med nynorsk tekst, men det viser seg; kinofilm er stadig kinofilm sjølv om han er teksta på nynorsk!