Merkelapp-arkiv: Filming

Italia – videojobb med Helene og Pat Savage

Den deiligaste mangoisen eg nokon gong hev smakt. Sol, varmt. Folk som pratar eit språk eg ikkje forstår. Det er sundag og i morgon dreg eg attende til Noreg. Men eg er framleis i Italia på videojobb. Dei siste tvo dagane hev vore litt treige, men det kann eg vel takka meg sjølv for.

Tja. Vel. At desse tvo dagane hev vore treige heng vel òg tett saman med at Helene drog tidleg i går. Eg drog ho med på jobb her i Italia. Det hev vore utruleg moro å hava ho med, ho hev vore sers flink «second unit». Ho hev filma båe med det leigde kameraet mitt og med hennar eige vesle Canon MD111-kamera (vel, det er mitt, sjølv um eg helst ikkje vil innrømma det :P)

Turen ned

Eg budde hjå min gode kamerat Kløs, der eg nesten mista datamaskini til Randaberg VGS. Tidleg måndag morgon drog eg ut til Gardermoen, der eg fann Helene. Flyturen ned gjekk yverraskande fort og etter me hadde brukt seriøst lang tid for å henta bagasjen (spesialbagasjen kom aldri, men viste seg at me måtte henta han ein heilt annan plass) gjekk me ut og møtte mi italienske Cinelerra-veninna Raffaella.

Denis hadde òg kome for å henta oss, ein kommunikasjonssvikt der. Han måtte diverre berre reisa att. Me drog til Venezia, og fann ut at me ville gå utanum turistområdet. Meg og Helene vart fort svoltne, men det viste seg at i Italia opnar ikkje restaurantar o.l. fyrr 1800–1900. Dei et ikkje middag. Bah. Venezia var flott, men veret kunne vore betre (det byrja styrtregna). Likevel skulle eg nesten ynskja det ikkje var so jysla dyrt å sitja i gondol, for trass kor turistete det er so hadde eg gjerne lyst å prøva det. Haha. :)

Raffa var dritkul og Helene er jo beste jento i verdi.

Heime hjå Raffa åt me mat og eg fiksa Stopmotion på Ubuntu Linux-maskini hennar. Ho vart veldig glad, ho hadde aldri fengje det programmet til å fungera fyrr.

Tysdagen, dag 2 – henging med gutta boys

Me rakk ikkje frukosten på Sheridon-hotellet. So me gjekk rett yver vegen til IKEA og åt mat der. Rart å dra til Italia for å so berre eta på IKEA. :P Etter etingi saumfarte me IKEA, der eg kaupte alkoholfri pærecider og Helene Aalgrens Bilar og Snøre (skolissar :P).

Me møtte Denis, Leo (Leonardo) og Kri-kri (som var Helene sitt kallenamn på han, alle andre kalla han Tuco) og tok oss ein tur rundt i området åleina. Pat Savage skulle koma seinare på kvelden. Eg køyrde bilen til Denis (yey!!!), medan Helene hang ut vindauga og filma (ho hev ikkje lappen). Det var ein veldig koseleg tur. Og eg elska at eg fekk vera sjåfør medan Helene gjorde filmejobben yverraskande bra.

På kveldingi drog me på ein pizzarestaurant for mat. Pat kom, sliten og trøytt etter ein lang køyretur på Harleyen.

Onsdag, regn, fest og lite gjort

Me fekk ete frukost. Fann ein dritgod Aloe Vera-yoghurt som me åt mykje av. Stal med oss ein del til rommet vårt òg. Det var so LUKSUS! :D

Ting gjekk seint, og det viste seg at filmingi me hadde tenkt å gjera ikkje vart stort ut av lell. Me hang på eit kaupesenter og gjorde ikkje stort anna. Eg og Helene tok turen ned til Padova sentrum, der det igjen viste seg vandskeleg å få mat i magen. Etter me hadde sett og var ferdig med den ant største «plassen» i Europa etter Moskva sin («square», veit då søren kva eg skal kalla slikt), drog me attende til hotellet. Ingen plassar i Italia tek kort (nesten), so det var jo plent umogleg å få kaupt is. Særleg sidan korkje eg eller Helene klarte å taka ut pengar.

Men Padova var kjempefin. Veldig stilig. Den nyaste Stravagaza-boki er sett i Padova. Var dritkult å hengja med Helene der. Ho fann tvo dalmisar ho fekk klappa. Dagen fyrr såg ho ein dalmis i Venezia – eit veldig godt teikn i fylgje ho ;-D

På kveldingi drog me til hengjeplassen for motorsykkelklubben til Denis og gjengen. Der var full fest. Me filma litt, og stakk til slutt utpå natti.

Torsdag. Til Buja, Osoppo, Udine, Italia

Dagen etter drog me opp til Buja. Skulle vera ein 2 timar lang tur. Vel, han vart mykje lengre med det ekstreme trafikkaoset me kom inn i. Motorsyklane kom seg sjølvsagt sers raskt av garde – men meg og Helene sat fast i bilen. Det var ikkje moro. Nett då. Men kom oss ut av det.

So hang me rundt i denne vesle byen (eg er her framleis). Åt is. Koste oss noko fælt.

Fredag. Konsert med Pat Savage osb

So kom konsertdagen. Etter den vanlege treige starten på dagen (meg og Helene fann ein pizzarestaurant som faktisk ville selja oss mat – med skikkelege opningstider) drog me til Osoppo for Udine Biker Fest 2008. Det tok fleire timar fyrr bandet fekk gjera ljodsjekk. Det var frustrerande. Men gjengen var jo so koseleg at det gjorde ikkje stort.

Konserten starta seint-seint og dei spelte fram til 0100. Eg sprang litt rundt på scenen og filma, Helene og Gutta boys stod og rocka saman med resten av publikum. Pat og gjengen er faktisk utruleg flinke til å spela. Skikkeleg. Hugsa eg vart skikkeleg yverraska fyrste gongen eg var på konsert, ein ekte konsert med dei.

Det hadde regna ganske kraftig so det var sørpete, vått og ekkelt. Rart det var so mykje publikum i det heile teke. Eg hadde tippa ein 10–20 stykk hadde kome (som hadde vore flaut), men det kom vel rundt 100–200, so det var ikkje alt for gale.

Backstage var veldig dårleg,—normalt sett hev det vore sofa, varmelampa, masse mat, snop og drikka. Men her hadde dei litt vatn og nokre ølboksar, eit lite telt, harde benkar og eit industriljos i taket. Bah. Fann fort ut det var kulare å hengja bak på scena.

«MEN!», bryt Helene inn, «det var ein finne der og han kule med jakko, veit du, … Eg veit jo kva han heiter, eg fekk jo CD-en hans og eit visittkort»… Helene dreg upp boki si nesten eit halvt år etter me var i Italia og mumlar noko um at det alltid dukkar upp ein elder annan plass og irriterer ho. Ho finn det ikkje lell. Jaja. Eg kann leggja ut bilete:

Laurdag. Helene reiser heim.

Me kom til hotellet rundt 0300. 0400 vart me vekt av folk som skulle hava bilnyklar for å sjå etter ei jakka i bilen. 0700 stod me upp for å køyra Helene til Udine for å taka toget til Venezia, buss til Marco Polo (flyplassen), fly til Danmark – hengja der i maange timar og so fly til Bergen og buss til sentrum. Ho var framme 0100. Reisa tok med andre ord rundt 18 timar eller noko. Stress. Då eg kom attende til hotellet la eg meg ned og sov til ~1900, so drog me til Biker Festivalen att for at dei skulle spela. Vel, det vart 2 timar forseinka. Det regna skikkeleg kraftig og var dårleg ver.

Eg filma sjølvsagt ein del, – men ikkje so mykje interessant. Alle trøytte og vonde.

Sundag, i dag, Buja, Osoppo – reisa attende til Padova

Og so i dag då. Eg vakna tidleg og hev sitte heile dagen på datamaskini. Utanum den lange turen eg hadde ute fyrr eg starta å skriva dette (alt er skrive på staden, utanum småting eg hev lagt til no langt uti oktober). Eg stakk ut, kaupte ein pizza, åt den, kaupte ei kula nøtteis, ei kula kakeis og ei kula mangois og åt den ute. Det var superdigg. So kom eg inn at på hotellrommet for å skriva dette. Det er ikkje so digg.

Ja-ja, når eg er ferdig med dette her so hev eg jo verkeleg ingen grunn til å hengja her lengre. Då vert det køyring!

Forresten moro å køyra bil i utlandet, og ein so god bil som Denis hev.

Kvifor ut no?

Det vart stille i Italia utan Helene, det virka so synd å avslutta med eit sukk i staden for eit kaboom som det hadde vore um Helene kunne hengja eit par dagar til. Men heile turen var dritkul, eg hadde det heilt fantastisk moro. Vonar eg og Pat ein gang kann få laga ein fin video ut av det. :-) Eg veit ikkje heilt kor eg skal få tid til noko slikt, men det hadde absolutt vore kult.

Og so til slutt eit bilete som viser korleis me hadde det i Italia:

Frå Nordkapp til Ballangen

På sundag kom eg med fly opp til Honningsvåg, etter middag køyrde me til Nordkapp der det var frålandsvind og ikkje ei sky i himmelen. Inga tåke, fantastisk v^er. Frå der hev me køyrd vidare ned gjennom Noreg og no kome fram til Ballangen, som var eit stort stoppested for oss med konserter og Harley Davidsson-treff.

Sundag, flyturen opp til Honningsvåg

Eg hadde ingen problem med å koma på flyet på Sola kl. 1100. Eg hadde betalt 1300 kr for turen, sers dyrt til Oslo; men eg var sein med å kaupa. Eg hadde det forresten utruleg moro med å sjå på folk som prøvde å gå gjennom tryggleiksslusone som slepp folk ut or tryggleiksområdet på flyplassen.

Motorsykkel, Harley Davidsson i Nord-Noreg

Ei dame kom traskande i ein stor kø, prøvde døri i midten; ånei, den ville ikkje opna seg. So ho gjekk inn i den til høgre der det var ein mann som nett hadde gjenge inn. Mannen kom ut, men då lukka dør 2 seg. Dama prøvde so vidt å få opna døri, men so snudde ho seg og innsåg at slaget var tapt saman med den andre fyren som no hadde kome inn i folkeslusene med ei dør på kvar side. Men denne døri lukka seg òg. Då såg ein panikken i augo hennar, ho vart slege brutalt av redsel. Mannen virka lettare forfjamsa han òg. Dei stod der i eit par sekund medan eg lo, til døri ut til baggasjehentingi opna seg. Det verste var at det hendte heile tidi, so eg hadde masse underhaldning sett burt i frå boki eg starta på då («The Thief Lord», av Cornelia Funke).

Men i Oslo fær eg problem

Det hadde vore kommunikasjonssvikt, eg hadde trudd Pat hadde kaupt billettar til meg frå Oslo til Honningsvåg (via Bodø og Tromsø). Det hadde han ikkje. Eg måtte ikkje berre kaupa billett til Oslo, men til Bodø òg. Det skapte problem. Eg kunne ikkje taka den direkte korresponderande ruta, for eg vart for sein. Måtte skaffa nye billettar. Etter litt om og men fann eg Oslo-Bodø med SAS for 1800 kr.

Eg klarte òg å rekkja korresponderande fly vidare til Tromsø. Eg hadde møtt Kenneth og Pat på flyplassen i Bodø, og me måtte no venta i nesten tvo timar på neste fly. Frå Tromsø til Hammerfest tok me eit lite Widerøe-fly. Det same flyget gjekk vidare til Honningsvåg. So etter ei 12 timar lang reise kom me fram til Honningsvåg.

Me åt ein betre middag, men nesten heile gjengen tok «entrecote», som visstnok ikkje var bra. Eg tok ørret, og han var heilt fantastisk god. Eg måtte lukka augo for å njota den herlege maten. Fiskesuppa som Svein og Pat tok var visst òg god.

Måndag, Nordkapp med flott midnattssol

So sklei klokka yver 00-talet og det vart måndag.

Me køyrde til Nordkapp og eg starta filmingi. Me fekk lov å koma ut til globusen med bilen og motorsyklane. Tok bilete og video der i lang tid medan klokka kraup mot 0300. Då me hadde teke dei siste bileti drog me nedyver mot campingplassen for å sova, me filma ein del på vegen i det flotte solskinnet (det var sjølvsagt flott midnattssol heile tidi frå 0000–0400). Me la oss 0400, men Pat snorka som eit uv^er og eg fekk ikkje sova. Klokka 0600 var eg ganske irritert då eg kom på eg hadde øyreproppar med meg. Eg dytta dei inn og sov ein god svevn til kl 1000. Me skulle dra vidare 0900, so det var litt seint.

Og so køyrde me vidare. (Og eg ser eg må hoppa yver ein god del for å ikkje skriva for langt)

Mat på ei hytta i fjæresteinen

Frå hotellet (etter ein lang tur sørover sjølvsagt) vart me køyrd ut til ei hytta. Idyllisk rett ved havet og med heile tri bål på ymse plassar. Eitt kose-bål, eitt steike-mat-bål og eitt koka-bålkaffi-bål. Me fekk heilt fersk fisk (nam), og reinsdyr-gryterett. Det kjendest allereie som um me hadde vore på tur i ei vìka, sjølv um det kunne seiast å vera fyrste dagen (starta ikkje på turen fyrr etter 00 på sundagen).

Det var absolutt god stemning då me sette nasen mot hotellet att i 0200-tidi.

Tysdag, Tromsø, Mack Bryggeri, fjellheisen og Sumarøyi (:P Sommarøya)

Eg vakna seint att, men klarte få i meg eit par braudskivor i bilen.

Me kom inn til Tromsø, der eg hev vore fyrr. Fekk ein veldig kul omvisning på Mack (bryggeri) som eg filma store delar av. Eg smakte på det alkoholfrie ølet deira «Freeze», som alle motorsyklistane vart seriøst yverraska yver. Tilogmed Kenneth «Kula» som seier nett kva han meiner og var sers skeptisk til alkoholfritt øl tykte det var bra. Eg vart yverraska yver at det ikkje smakte pest og plage. Det hadde eg aldri trudd. Menmen, pappa drikk alltid alkoholfritt øl når han skal hava seg noko; so eg kann jo alltids smaka på det òg.

So drog me på Ishavsmuseet og såg på selane. Diverre var det ikkje mat og trening då me var der (det var sist gong eg var der), so eg fekk ikkje filma det.

Kamera gjekk heile tidi. På toppen av taubanen fekk me ein herleg tri-rettars middag. Eg åt fisk (om att, ja, supergodt!). Det var òg superdyrt, men «Destinasjon Tromsø» var gode gutar og gjelda rekningi. Oppe på toppen av fjellet som ser ut yver Tromsø skulle me intervjua Svein Erik frå Destinasjon Tromsø. Der gjekk det andre batteriet mitt… Hekkan so flaut. So ekstremt fantastisk flaut. Eg var heilt frå meg. Og berre for å gjera alt «betre» so kom det sørenmeg tvo hekkans revungar rett bak dei eg filma. So eg fekk korkje gjort intervjuet på toppen der, eller filma revungane. Argh!!!

Revunge oppe på fjellheisen i Tromsø

Me køyrde til ein absolutt fantastisk plass kalla Sommarøya. Budde på Rica-hotellet der. Eigaren var heilt fantastisk stilig. Full av energi og godhug. Etter den flotte køyreturen fram til øyi, tok han oss med ut i båt. Det var herleg å vera på sjøen att. God hav-lukt og friskt saltvatn.

Onsdag, fram til Andøya, sjå på Orion-fly

Hadde ein betre frukost på det flotte hotellet. Dei hadde ein demning for stranda rett ved hotellet. Slapp inn sjøvatn og lot soli varma det. So fekk me dra upp på ein militær-base ved hjelp av hotellsjefen sine kontaktar. Fekk sjølvsagt filma òg, sjølv um det er ulovleg.

Me tok båten til Senja. Veret vart dårlegare, og det var ein lang tur. Mykje vind, mykje tåka. Til slutt var me framme på Andøya der me skulle vera den dagen. Meg og Pat fekk rom saman att, men Pat likte ikkje rommet (trur eg, hehe) og fekk ordna gratis suite av hotelleigaren som kjende han frå ein konsert tidlegare. Forresten var rommet eg sov på òg gratis (det var det òg på det fantastiske hotellet på Sumarøyi).

Me reiste burt til fyrvoktarboligen på Andøyi og møtte ein pilot i forsvaret. Han tok oss med inn på flybasen for å sjå på Orion-flyane som vert brukt til søk og til å halda auga med ubåtar o.l.

Torsdag, Kvalsafari og tur til Ballangen

Eg stod opp alt for seint og trudde alle hadde drege på Kvalsafari. So tusla burt til hovudbygget til hotellet og skulle få meg noko mat. Der var dei alle saman og åt. So dei hadde ikkje drege, dei ville truleg ikkje gjera det åleine heller. Eg skar braud, og klara skjæra ein diger del av min venstre peikefinger med. Det er fingen eg fokuserer på kamera med. Eg blødde som ein helt, og det gjorde sers vondt. Eg visste ikkje braudknivar skar so godt inn i hud.

Kvalsafari

So drog me på Kvalsafari. Ut med båt på dei store etterdønningane frå gårsdagens uv^er. Båten var full av turistar. Det var skikkeleg deilig å vera på ein stor liten båt att. Bølgene var større enn båten (stoore) so han svaia som berre det. Folk spydde til hjartas lyst, men eg var god heile vegen. Eg elska den gode svaiande kjensla. Ein kunne sjå at det var mange som ikkje var sjøvande på båten.

Så fann me ein 50 tonn tung kval, og såg han tri gongar. Moro. På vegen attende fekk me grønsakssuppa, og det var skikkeleg godt. Utruleg. Eg må lera meg å laga grønsakssuppa.

Tur vidare til Ballangen

Etter ei god stund fann me vegen vidare til Ballangen (etter mat osb). På det siste strekket vart me møtt av fleire folk. Det var seint på kvelden og gjekk mot ny dag, – men eg stod i takluka på bilen og filma. Eg hadde lite klede på, so eg vart utruleg kald ganske raskt. Fortsette å filma lell.

So kom me fram og ymse hende fyrr me la oss.

Fredag, HOG-treff dag 1

Fekk sein frukost sidan me var seint oppe att. So drog me ut på køyretur. Eg i bilen att saman med Mari, som ikkje hadde køyrd den stilige bilen fyrr. Me kom fram til ein absolutt hjartesmeltande bygd mellom fjelli. Eit lite, utruleg gamalt bakeri hadde bollar og kaffi til oss då me kom fram.

Dei hadde ein steinomn som var bygd fyrr 1900, der dei framleis laga braud og bollar. Det var kjempestilig.

So var det konsertar, fyrst eit lokalt band med 16—åringar. So Blue Hawgs og so til slutt Pat Savage Band. Det var lite liv, folk hang borte med baren og sat inni telti; då dei fyrste tvo gruppone spelte var det omtrent ingen framme. Kenneth «Kula» i Blue Hawgs tykte det gjekk kjempedårleg. Då Pat spelte mykje seinare på kveldingi hadde Blue Hawgs fengje lokka fram eit par menneskje, so det var litt mindre tomt. Gruppor med folk trekk til seg fleire folk, og difor vart det ein liten gjeng framfor scena.

Pat spelte bra saman med den heilt nye trommisen, Andreas frå Bodø. Den eigentlege trommisen var heime med ungane. Dei spelte utan å øva i det heile teke, alt berre kommunikasjon mellom kvarandre på scena. Veldig kult, heilt ekstremt stileg.

Me drog til hytta kl 0400, for alle saman ville hengja med ymse folk. Eg ville sova. Forresten er det interessant å merkja seg at eg skreiv eigentleg «heim» i staden for «til hytta». Syner seg at eg kjenner ein kvar stad eg bur på i denne stund ser eg på som «heim».

Laurdag

Ny utflukt. Denne gongen sat eg i sidevogni til Kenneth. Det var drittøft, eg fekk filma mykje, og sjølve turen var kjempeherleg. Harley-en hadde ein fantastisk ljod som minna um ljoden frå snekkor; saman med den svaiande kjensla av demperane og den friske luften i andletet heldt eg på å sovna. Det var kjempedeilig.

Denne dagen spelte unggutane ein del anna musikk, og det var mykje betre. Dei er eit svartmetall-band og spelte si eiga song i starten. Eg filma det. Dei var ekstremt skuffa av at det var so få folk då. Det var heilt sant, det var ingen framfor scena.

Eg låg og halvsov i hytta då Blue Hawgs starta, eg høyrde med eitt at det gjekk mykje betre i dag. Pat sa det same uavhengig av meg. «You can hear their energy today!». Då me kom burt viste det seg å vera sant, dei pøste på med energi og spelte knallbra. Eg vart rett imponert.

Det regna no, regna som berre det. Noko som var veldig synd, for folk kom ikkje fram til scena då. Det kann òg henda det var mykje av grunnen til at det kom so få folk elles òg. Men det var likevel fleire enn eg hadde trudd då Blue Hawgs slutta.

So starta Pat Savage Band å spela. Peter (bass), Andreas (innleigd på trommer) og Pat (gitar). Dei spelte kulare musikk, og hadde eit heilt forrykande show. Folk dansa som antilopar trass i at regnet stod på som ei vannkran. Det var utruleg moro. Eg prata med eit par «lokale» (vel, bur i Asker, men hadde ei hytta i Ballangen) som digga kva dei hadde sett. Alle var i godt humør, og konserten hadde vore ovbra.

Eit par, uhm, store jentor kasta seg yver Peter. Eg køyrde folket heim (jentone med i bilen, so me var for mange) og ga streng melding um at dei måtte vera i si eiga hytta, eg ville sova. So, etter hacking på intarwebben, la eg meg.

Sundag

I dag. No sit eg her og skriv, det hev teke alt for lang tid. Eg skaffa fleire kassettar, for dei gjekk eg tom for i går (12 stk). Flaut og irriterande, det var so mykje bra eg ikkje fekk filma. Eg burde hatt med siste del av konserten til Pat Savage Band – det var so bra. Klokka er 1345. Me dreg 1500.

Unnskuld for den lange lengda. Men eg skal bruka dette her til å lesa gjennom når eg skal redigera videoen for å hugsa betre kva som skjedde. Der kom Peter og Andreas ut av hytta, Pat stod nett opp. Jeppjepp.

Jobbing med pappa på vitjing i Oslo

No er eg ganske sikker på at omtrent ingen lurar på kvar eg hev vore og gjort i det siste. Men eg skal fortelja um det lell. Torsdag og fredag hadde eg pappa på vitjing, me skulle filma 17 intervju med sentrale folk i psykiaterforeningi. Dagen då han kom rydda eg vaska rommet til det var umogleg å kjenna att.

Rommet mitt var bomba. Totalbomba og gløymd i fleire år. Det låg eit knust glas på golvet, neddyssa i støv. Midt på golvet var eit svart mynster av fast skit. Under sengi låg sand og digre hybelkaninar som truga med å bita av meg foten kvar gong eg la meg. Tok eg eit steg inn i rommet flaug støv opp frå det tjukke «støvteppet» på golvet – det saug seg inn i ein støvspiral bak meg. Og so lukta det ganske, eh, ufint. Midt i rommet stod ei feltseng og tok opp all golvplass. Oppå denne låg eit lass av gamle klede – stinkande svette.

Eg hadde ingen reine klede att. Det hev eg ikkje hatt på tvo vìkor. Godt eg hadde nokre klede som lukta litt mindre enn dei andre, so desse hev eg altso brukt. Dessutan hev eg flykta heim eit par gongar og fått vaska nokre klede der. Det var omtrent ikkje ein flekk av rommet som ikkje var dekka av rot. Flekkane som ikkje hadde gamle klede, størkna sjokolade, bås eller blad/papir på seg var som sagt dekka støv. Golvet var eigentleg ikkje å finna på rommet mitt.

So det vart rydd og vask

Eg nytta omtrent heile onsdagen på å vaska rommet. Den kinesiske naboen min såg på støvhaugen eg kasta, ho såg på rommet og vart heilt frå seg. Ho hadde aldri trudd det kunne sjå slik ut inne hjå meg; so ekstremt reint. Pappa hadde fødedag på torsdagen (dagen etter), so eg tenkte eg måtte gjera sopass for han. Eg hadde inga gåve, men eg kunna jobba ein heil dag for at han skulle kjenna seg godt heime i hybelen min. Eg vaska òg alle kledi mine.

Ein forfriskande nyhende var òg ommøbleringi av rommet, det ser no heilt annleis ut enn slik det var då eg flytta inn. Det var moro å plassera ting på ein annan måte; spanande.

Neste dag, jobb, jobb

Me satt opp utstyret og tok i mot folki som skulle intervjuast. Det gjekk greitt – eg såg på biletet, høyrde på ljod og justerte etter kor høgt/lågt dei prata. Kjende meg i godt leie og trygg på utstyret. Det viste seg seinare at eg tok opp ljod litt for lågt, men slikt må ein berre venta fyrste gong ein nyttar heilt nytt utstyr og ikkje kjenner til det.

På kvelden gjekk me på teater. Det norske teateret. Noregs mest populære teater, og det er eit nynorskteater. Moro. Me såg «Katt på heitt blekktak». Var vanskeleg å høyra kva Ane Dahl Torp sa i byrja, men etter litt byrja eg båe forstå og høyra. Ho prata litt vel raskt og utydeleg i starten. Ei anna sak var vel òg det å verta van til å høyra røystone frå so langt vekk.

Svimings, nesten

Eg heldt forresten på å svime av då eg sprang for å rekkja t-banen fyrr stykket, eg måtte heim å henta semesterkortet for å få rabatt. Eg hadde ikkje ete noko serleg sidan me hadde so tettpakka program, og eg må eta kvar 4–5 time no. So eg hadde nok båe fengje lite vatn og lite mat – so då eg spurta ein lang veg gjekk det hardt ut yver meg. Det var litt teit. Men eg vart klår yver problemet då. So me åt raskt på ein vegetarplass (sist gong me var der var det i høve min fødedag, denne gongen pappa sin :p) fyrr stykket.

Etterpå gjekk me på Indisk restaurant på Grønland og kosa oss. Det var godt. Hyggeleg og god mat.

Jobbing og heimreise for pappa

Neste dag var det opp å filma att. Vart ein lang dag. Men med mange interessante folk. Det var moro å gjera desse intervjui. Eg var eigentleg usikker på kor interessant det ville verta, eg tenkte eg kom til å keia meg stort. Det vart ikkje tilfelle. Ein såg likevel fort kven som var medievant og prata ofte um fagfeltet sitt. Det var ekstrem forskjell på folk. Veldig moro. Eg vonar forresten òg at utsjånaden på bileti vart bra, trass lita tid og låg prioritet.

Me klarte få intervjua alle i Oslo-området på denne tidi. Veldig yverraskande. Då slepp eg gjera resten åleine. So åt me på «Punjab» (ein annan indisk restaurant på Grønland) og pappa drog heim. Eg fekk avtale i Trondheim neste torsdag (det er i morgon no) med eit intervju. Diverre viste det seg at han var i USA. So eg dreg opp til Trondheim i morgon utan nokon stor plan. Heldigvis er det jo landsmøte i Noregs Mållag frå fredag. Men eg treng yvernatting torsdag til fredag.

Sluttankar

Det var moro å få vitjing av pappa. Dette er faktisk fyrste gongen nokon i familien hev vitja meg her i Oslo. Det var koseleg å hava han rundt og få eit (sers lite omfattande) intrykk av korleis eg hev det her. Dei tvo dagane han hang her var likevel ikkje typiske då – det er mange gode dagar, og mange treige der eg ikkje fær gjort stort. Diverre hev det vorte fleire treige i det siste, men det er ei sinnstemning eg vil endra på. Frametter kjem eg til å hengja meir i Stavanger òg – eg trur det kann endra ein del.

Me fær sjå. No må eg leggja meg, tidleg tog å nå i morgon. Dessutan må eg slå av maskini mi, ho hev yver 15 dagar oppetid no – det er rekord (gamle var 13 dagar).

Forberedt?, filmlaging på ein skuledag

Ein stress dag kor det er rett før eg sovner flatt. Har take siste scene av ein film, laga musikk, redigert og vist filmen til Helene i dag. Det blei ein veldig lang dag. Men akk så kjekk. Kjempekjekk dag! Imorgon blir denne filmen vist på TV-vest (på Triplet kl. 17:00, sjå det!) – Helene var i studio i dag for å presentera filmen. Resten av dagen gjekk med til redigering (planleggjing) av den andre filmen… Produktiv dag.

Dette må bli kort, sidan mamma seier eg må leggja meg. Klokka er 20:15. Nei, korkje meg eller mamma er blitt gal; eg er berre utruleg trøytt. Det heng sterkt saman med dagen i dag. Sidan han var så spesiell må eg skriva litt om han lell. Det starta kl 07:40, då Terje (min jobbkamerat) sto på vegen utafor huset mitt medan eg låg i sengja mi og sov. Pappa sa klokka var 07:40 i den vanlege du-din-sløve-idiot-du-kjem-for-seint-i-dag-óg-stemmen, og då fekk eg fart på meg. Av med pysjamas, på med klede, hallvegs på med sko, jakka i handa og rett ut døra. Eit minutt seinare sat eg i bilen til Terje.

Start på racet

Eg hadde nett satt meg ned foran laptopen då eg fekk ein telefon frå administrasjonen. «Det er nokre jenter her som seier du skal hjelpa dei med ein film». Jepp, fann fram alt utstyret og starta setja opp eit klasserom til filming av den aller siste scena. Eg treng ikkje seia stort om det, viser heller eit bilete.

Filming til bokkastingsscene. Med kamera på «dolly» og alt ;-)

Dagen før hadde Helene (Stenhaug) ringd meg og sagt noko slikt som;

Åååå!!! Eg stresse syygt! TV-Vest ringte nettopp, sant? Filmen te gruppå vår e einaste påmelde film te UKM, sant? Så ringte di og ville visa filmen min på senning imårå! Og du vett jo kor lide me e kommt. Me har josje redigert feri ellår någe.

Stressa Helene i telefon, sagt veldig raskt

Eg braut ho av og sa det var greitt. Eg skulle hjelpa til. Setja av dagen imorgon til arbeidet. No var den dagen der, – seinare skulle denne filmen som me no skulle filme ein scene til bli vist på TV. Helene kom for seint, men me hadde allereie jobba og fått ein god del ferdig til då ho kom. Me gjorde opptaka ferdig, med hjelp frå Terje til «dollyen». Det hadde take oss ca. to timar å skyte den siste scenen.

Plutseleg fekk eg vita av Helene at ho skulle vera på TV-Vest kl. 1500. … BLÆÆÆÆÆÆÆ!!! DET går jo ikkje! Eg klikka heilt der. Så sa ho; også må eg gå 1330 då for å rekkja det. HAHAHA. Det visste eg var umogleg – nei, ho måtte gå 1430, med masse blod og svette kunne me klåra det til då. Eg sprang fram og tilbake for å setja opp alt utstyret til redigering – fekk god hjelp frå Desirée som er del av gruppa til Helene. Stjal nokre høgtalarar frå eit klasserom, fekk Yvonne til å kjøpa mat og drikkje til meg og lot Terje taka over alle IT-pliktane mine på skulen.

Musikk

Me digitaliserte klippa (la dei inn på pcen/macen) og såg på det me hadde. Me trong musikk. No. – Hadde laga noko tull i «Soundtrack», eit program til å laga musikk ut frå enkle lydsnuttar, men det var ikkje bra. Det er tullete med «sjuk» musikk i slike program. Han blir alltid så flat og kei – manglar dybde og detalj. Så heller laga musikk med munnen enn eit program, sa eg og spurde Yvonne om råd. «Det er jo instrument, og lydstudio på skolen», sa ho. Sant nok. Me sprang inn og laga avtale. Trass i at dei eigentleg ikkje kunne. Dei fekk ikkje spela i timen, måtte spela i storefri.

Javel, då speler me det inn i storefri, sa eg. Jaaaa, veeel. Sa dei, gjekk med på det – så ivrig og styrande som eg var. Nokon minna meg på at dei hadde eigne greier å spela inn. Aaahhh. Sidan dei berre har 30min lovleg speletid i dag så må dei nesten få bruka det på sitt eige prosjekt. Eg skulle heller skaffe særavtale til vårt prosjekt. Me trong 4 min med musikk til filmen vår, det skulle me få klåra å taka opp på eit kvarter. Eg tenkte å gå til rektor, men det var ikkje han som hadde problemet fekk eg vita. Lyden forplanta seg noko sjukt ned til trykkeriet/klasserommet. Eg stakk ned til Einar (trykkar/lærar) og forklåra stoda – han sa ja nærast før eg hadde spurd. Kjempemoro. Me fekk 10/15 min til å bråka og laga musikken.

Me hadde fått ein teknikar (hekkan, hugsar ei namn), ein trommis (Thomas) og ein pianospelar (Dag Øverland, lærar på M&K) til å laga musikk til oss. Starta regien, – forklåra om filmen og korleis me ville ha det. Eg visste nett korleis Helene ville ha det og me snakka relativt mykje i munnen på einannan. Eg var så gira og oppsett på å få det ferdig at eg sikker køyrde over ein del andre folk. Men det var vel litt naturleg i den stoda. Me fekk laga musikken, (heilt fantastisk! At me klåra laga 4 min (5 forskjellege tema/deler) musikk på 25 min inkludert utmiksing var ikkje anna enn storarta! All ære til gutane på M&K som hadde alt klårt til innspeling allereie.

Dag leita fram nokre enormt kule effekter og lyder til oss og spelte inn – me forklåra berre om filmen og kjenslene så kom han fram med nett det me leita etter. Dét er stilig! Kjempekult, eg heldt på å daua då. Så kult å jobba med flinke folk.

Redigering

Så sprang me tilbake til redigeringa. Fekk take inn lydane og starta på redigeringa for fullt. Klokka var no 12:30, me hadde høgst to timar på å redigera heile filmen ferdig (frå botn!). Eg skal ikkje gå nærare innpå dei intensive timane, men Helene dikterte medan eg redigerte og kom med forslag. Det var nervepirrande, me gjorde mykje kult. Det var kjempemoro sjølv om eg hadde feber og ikkje eigentleg var i slaget. Men moro kva adrenalin og vilje kan gjera.

Redigering på gang, på Mac-en

Laga rulletekst raskt (VELDIG raskt, gløymde minst halvparten av folka(!)) og fargekorrigerte den 2,5 min lange filmen. Så prøvde eg køyra det ut (klokka var 14:50, klokka tikkte…), men det hang seg på eit punkt i filmen heile tida! Då blei eg frustrert. Hadde ordna avtale med Terje om at han køyrde oss til TV-Vest (:D), men måtte få ut filmen fyrst. Eg tok ut den ikkje-fargekorrigerte filmen (ser billigare ut, den andre ser meir proff ut) og det fungerte. Låste ned utstyret og sat meg i bilen 15:00. Ugh. Ringde pappa, nokon på RVGS trong nøklane eg hadde i lomma. Obs. Jaja, dei må spørja den andre personen på skulen som har nøklane til video-skapet.

TV-vest

Me sprang inn. 15:15. Whooo. Ingen problem, for dei var forsinka lell. Me traff Melanie som går på RVGS og er vidare i Idol. Dei hadde nett take opp dagens episode, og stakk litt etter me kom. Det var særs moro, men skriv ei meir om det. Fortalde historia om filmen til div. folk og etter 45 min (lang ventetid, ja – men moro) var Helene i studio og eg inn og ut av kontrollrommet og studio.

Kjartan speler gitar, medan Helene og Tom ser på

Dei hadde sagt dei ville visa 2 min av filmen. Men han var jo 2,5 – så anten måtte dei visa 30sek, eller heile filmen. Dei viste heile. Lene Klovning sa «Her skal me sjå eit klipp av filmen» lell, då. Me hadde sagt til Kjartan at heile filmen blei vist. Eg gjekk 1645 for å dra til byen å registrera meg med Rogland Barne- og ungdomsteater. Om ikkje ville eg mista medlemskapet. Sa til teknikarane at dei måtte køyra filmen i 16:9 – dei skulle fiksa det til imorgon (blir moro å sjå om dei hugsar det ;D ).

Inne i TV-Vest-studioet, i eit innslag

Teateret

Mamma henta meg, me køyrde til teateret – grunna kø var eg der 1655. Fem minutt seinare og eg hadde ikkje vore del av teateret lengre. Men det var eg. «Lovleg seint», merka Bjørn. «Som vanleg», sa eg.

Utanføre traff eg yngre Bjørn (som sa ja til å vera med i neste film (ei gruppe med bl.a. Ole Magnus Totland) me laga på skulen, fortel meir om det ein anna gong!) og helsa stort på han. Ein utruleg dyktig skodespelar, kanskje med sin styrke på improvisasjon (???). Og – DÅ – kom – CAMILLA JENSEN!! :D Wohoo! Ho har eg ikkje sett på evig lengje. Mi gode, gode veninne frå Hetland. Oh. Ho kjøpte billettar til teateret. Eg hang med ho og snakka med Sissel i mobilen medan ho dreiv med billettkjøp.

Huset mitt, leigd ut

Eg skulle bli henta av Sissel på teateret, – eg skulle skriva under slik at ho fekk depositumet sitt ut. Men det var framleis tull med skadane på huset. Difor fekk ho det framleis ikkje. Var mykje telefonering. Eg ringde mamma for å høyra kor ho var, og kor lengje eg kunne hengja med Camilla før ho køyrde heim. Det var ikkje lengje. Eg fekk snakka litt med ho før eg måtte stikke etter mamma (som eg såg i undergangen med teateret). Ååh. Så kos å sjå ho.

Middag

Var god middag. Pølser i kvit saus. Mm. Pappa som laga.

Monica-redigering og -drøs

Eg skulle snakka med Reidar Larsen, som lagar musikken (og lydane) til «Hva er det med Monica». Me snakka, drakk kaffi (medan eg nærast sovna). Så gjekk me opp og såg filmen to gongar, diskuterte masse og fann ut korleis me skulle gå fram. Me vil vera ferdig til mondag. Uuughh. Jaja, – ikkje så stort mykje igjen anna enn å laga ein betre slutt, pluss meir finpuss.

Innleggskriving

Så sat eg her. Og har bruka ALT for mykje tid. Eg må leggja inn bilete óg. Ugh. Har snakka litt med folk óg då. Typisk. Eg skulle jo leggja meg. No er klokka 22:00! :|—Ferdig. Ok, klokka er – NEEI, 22:40! MÅ SOVA. Trykk publiser.

Alle sjå på TV-vest, Triplet kl. 17:00 imorgon (03. februar 2006)!

Rana og Påkjøyrd

Me står der og filmar, plagar ikkje ein sjel – så springer jordas avskum forbi og tar med seg videokameraet og stativet. Eg setter sjølvsagt etter tjuven!

Au :( Det svir – gjør vondt, – det rivar å skrive. Vel, uansett, eg må dokumentere kva som hendte tidligare i dag. Med opphovna hender, safteg farga ein fin blanding av rød og blå, sitt eg på skulen. Eg har fått besøk av skolelegen og etterpå ein av sikkerhetsfolka på skulen. Me har snakka med politiet og har fått eit kriminalnummer(eller korleis det blir på norsk).

Meg, Roy, Thomas og Ont(Parouj) filma for Trainer Ad prosjektet vårt. Me var i ei gate parallellt med George Street, “nattklubb”-gata i Oxford. Ein sentral gate med masse folk. Det var tynnere i parallellgata “George Street Mew”. Det skulle være ein mørk, dyster reklame filma i ein bakgård du helst ikkje ville vært i. Iskaldt, verkeleg iskaldt var det idag – så eg gjekk med på at Ont og Thomas gjekk for å kjøpe kaffi. Meg og Roy fortsatte filminga. Eg som blei troffe av ei kule, smalt inn i ein båsdunk og segna om. Me gjorde det eit utall ganger, då me endelig såg oss nøgd.

Det sto ein fyr der og venta, han ville nok ikkje forstyrre oss når me filma – vente til me va ferig med den biten. Eg ligg nede, Roy slår av kamera, me er nøgd no – neste ting eg ser er fyren med blå jeans, et lys overplagg, langt hår fyke avgårde med ei hånd om stativet (med kameraet festet på). Eg tenkar “heh, kvaslags spøk er dette” i noen hundrendedels sekund før det går opp for meg; Jævelen stjal kameraet! Eg fyk opp og startar å springe etter den helsikkens drittsekken mens eg ropar “THAT FUCKER STOLE THE CAMERA!” eller noko i den duren. “STOP HIM” – han stormar inn i ein kvit varebil som står klar med døra åpe ved fortaugskanten, eg var raskare enn han og er no like bak han. “DRIVE!” skrikar den jævla tyven, eg får tak i kameraet rett før han smeller døra på armen min.

Sjoføren av bilen pressar pedalen ned, bilen drar framover med enorm akselerasjon. Eg har enno tak i kameraet då eg springer ved bilen, prøvar å rive kameraet ut av hendene på den lavereståande parasitten. Eg spring alt eg klarar då bilen begynner å kjøre raskere enn ein kver mann kan henge med – bilen beveger seg over min maksimale fart, eg blir dratt mot bilens side på grunn av at hånda enno henger i døra. Beina stritter mot asfalten og vekten min hjelper til med å dra hånda mi ut. Eg rasar med ein enorm fart mot fortauget – ein fart føtter ikkje kan oppnå. Beina går i kluss, eg snublar naturlig nok – fyk mot fortauget og treffer asfalten. Den ruglete overflaten riv USA-buksa opp og den myke huden på kneet gjer etter for asfalten då de små steinane penetrerer gjennom det saftigare hudlaget.

Trykket på kneet lettar – hendene smeller mot asfalten, river opp huden flere plasser og skaper stygge kutt. Eg ruller rundt med farten litt senka av det blodege kneet og dei oppbanka hendene der blodet nå begynner å presse på under huden. Eg ser på fingrane, har eit diger blått, dypt kutt på toppen av hånda – samt forskjellege sår rundt på hendene. Det svir litt rundt omkring – men overraskende lite. Eg reisar meg opp og ropar “GET THE LICENSE NUMBER!”. Eg prøvar å springe etter bilen for å se kor den drar, men de rasar raskare enn eg kan følge med – eg bannar på engelsk.

Leikepistolen har eg i hånda – hadde han der visst heile tia, den er øydelagd av støtet. Eg fyrar han ned i bakken og skrikar nokon fleire tabu-ord så ein gruppe folk, nettopp ankommet, ser skremt på meg. Tilbake finn eg Roy – stiv. Mens min reaksjon var å springe etter for å ta personen, var hans å stivne. Thomas og Ont kommer, dei anar ingenting. Ein person ankommer, han tok nummeret – Thomas skriv ned alle detaljane og ringer politiet. Etterpå ringer Thomas skulen.

Tilbake på skolen blir me avhøyrd – etterpå kommer skolelegen og lappar meg saman. Eg må ta det med ro, og om eg føler meg svimmel må eg ta kontakt – han seier det er sannsynleg at eg kan ha fått ein liten hjernerystelse pga. støtet. Eg forklarer meg enda ein gang til sikkerhetsvaktene på skolen før me får telefon ifrå politiet. Dei gir eit saksnummer og vil komme på skolen om ei uke. Hmm, litt lenge syns nå eg.

Turen heim med sykkel var meget stress – spesielt dét å pumpe opp sykkelen med dei enorma hendane mine :\ Då eg var heime følte eg meg enormt trøtt – så eg såg ein film, snakka med Mamma og Pappa og la meg.

Andre uke

Kj0p av ny sykkel. Fysste skikkelige timer, ein skummel tur i Cowley om kvelden (offameg) og nokon andre halv-interessante greier :P

¤Mandag¤ Eg sto opp kl 8 fordi eg ville spise frukost, og helse på Aurore og Iris. Men de var sjølvsagt gått allerede, dei må tidleg på skulen mandag. Så eg spiste cornflakesen men toasten er så tørr at eg klarte ikkje meir enn ei skive. Eg dusja etter frukost, lenge og vel, fekk snytt meg skikkelig :P (eg er fortsatt sjuk – ja, var maaasse ekkelt snørr (dét likte dere å høre?`:P)) Så spela eg vel litt gitar og laga niste, eg tok eit bilete av gitaren og nattbordet mitt for å så forlate huset.

Eg merka det var litt kaldt så eg tok på meg jakka mens eg jekk, det var litt vanskeleg med ranselen men eg klarte det til slutt. Uansett ville eg ikkje stoppe å bruke unødvendig tid på dét ;) Ein time seinare satt eg med Jørgen og Niklas, me satt og såg på fiskar nede i elva som går gjennom skulen. Dei var ganske så store, så Jørgen angra på at han ikkje tok med fluestanga si.

Litt for sein kom eg inn i klassen (fordi eg va me Jørgen og Niklas då ;) ) men trur ikkje det var noko stort problem :> Uansett så hadde me John Hunt, kjekk kar, i noko video greier. Etter ein ganske banal innføring av videokameraet (vel, for meg iallfall) snakka me om Exposure og Focus, eg visste sjølvsagt alt om dette og forklarte ;D

Eg var ganske fornøyd med å ha vist at eg kunne ein del om video-kameraer. Me hadde etterpå ein konkuranse; gjøre et kamera (med strøm, tape, monitor, stativ osv) klart på minst mulig tid. May-Lis og Sisilie prøvde fysst, dei fekk ein tid på 3:01. Nokon forsøk seinare skulle eg og Thomas prøve, me fekk ein tid på 2:01. Ganske greit sidan me også hadde eit problem med å få kameraet på (grr). Uansett så vant me med stor margin til alle dei andre.

Vår fysste oppgåve i video-undervisniga blei å lage ein western skyte-veksling. Meg, Ont og Thomas jekk saman for å lage dette. Me satt oss ned på ein café/bar der Ont jobba og laga plan og storyboard. Me hadde bare 1 time på prosjektet så me brukte litt vel mykje planleggings tid. Då me skulle starte og filme merka eg at me ikkje hadde fått video-tape med kameraet.

Så me mista merr tid når eg skulle hente ein. Me måtte kutte ut nesten halvparten av klippa pga. dårlig tid så scenen blei ikkje så kul som han kunne vore ;) Men eg syns han var grei. Og me fekk ingen negative kommentarar slik alle dei andre gruppane fekk :D Bare positivt, eg hadde også tatt eit klipp med “Depth of Field”. Altså eg hadde fokusert og zooma på ein måte som gjorde at bagrunnen var veldig uklar mens forgrunnen var klar. Eg har alltid likt å gjøre dette(ser fint ut) og me fekk skryt for dét klipppet ;)

Sjølve handlinga på “filmen” var som følger: Snill mann sitter under eit tre og røyker, slem mann kommer på andre sia av elva og stoppar opp. Han ser på den snille, ser på eit bilet han har i lomma og finner ut at det bilde/snill mann er like. Han kjenner på bukselomma og merker han har glømt noko, snur seg og tar ein kniv i beltet. (så er det mange interessante klipp me ikkje fekk tatt). Slem mann kastar kniv, og den treffer tréet rett med snill mann. I same augneblikk har slem mann fått ein gaffel i halsen og døyr. Så tenner snill mann ein ny røyk.

Klippa me ikkje fekk tid til å ta, inneholder eigentleg poenget til heile scena, så scenen blir ikkje så veldeg interessant uten dei klippa. Menmen, var ikkje meint som noko skikkelege greier uansett. Etter skulle me rundt i Oxford og filme forskjellege plassar me vart tildela.

Neste time var tutor-time eller noko, (halv 6 til halv 7 :| ) me skulle “go punting” som er noko á la Venecias Gondoler. Det var kjempemorro og eg “styra” båten mesteparten av tia med stanga. Trur ikkje dei andre var så veldig interesserte i å prøve (spurte iallfall ikkje :P ). Etter båtturen og litt fram og tilbake blei eg med Morten for å ta ut pengar, han skylla meg 2pund. Då eg fekk dei kjøpte eg ein Is-te. Fysste tingen eg har kjøpt på lenge som kostet litt meir enn alternativet (kran-vannet i ranselen min).

På vegen heim kom ein neger bort til meg og ville at eg skulle kjøpe mobilen hans. Fysste eg tenkte på vár jo at eg trengte ein mobil til å snakke i (den eg har no er øydelagd :( ). Det var ein Nokia 3310, eg er eigentleg imot Nokia og heile tanken ved å kjøpe noko fra ein på gata. Han gjekk ned på kne foran meg for at eg skulle kjøpe mobilen, uff. Eg hadde allereie tenkt å kjøpe han før det, men eg var ikkje sikker. Han snakka om at han bodde oppe i Nord og hadde ikkje pengar til toget heim. Derfor ville han selge den øydelagde mobilen hans (displayet funka ikkje) for 20pund (ca 250kr). Eg tenkte ikkje så veldeg langt og betalte han 20pund etter at eg sjekka mobilen slik hallvegs. Han ga meg ein klem og sprang mot byen. Lukta sprit eller noko i den duren av han.

“Kvifor lót han SIM-kortet sitt i?” tenker eg, og kommer fort fram til at mobilen sikkert var stjålen eller noko :-S Offameg.. Eg ser raskt bak meg og fyren følger faktisk etter meg! (bedre i nåtid – ja) Eg får hallveis panikk og startar og gå raskare. Kanskje han skal følge meg heilt til eg er aleine også banke meg opp, ta pengane mine og mobilen for å så “selge” den til andre? Eg ser på refleksjonane fra biler og skilt, eg vil ikkje at han skal ta meg igjen. Før dét skjer spring eg heller. Vil heller ikkje snu meg om det ikkje er naturleg så eg ser rett fram.

Eg begynnar og nærme meg plassen der eg vil være aleine, om han ennå følger etter meg vil eg ikkje gå inn der men heller ta ein rundtur eller noko. Eg spring over veien og ser meg bak; han er vekk.. Eg vil tro han eigentleg ikkje hadde nokon intensjon om å følge meg, men skulle ein plass den vegen. Uansett var eg veeeeldeg redd! Og hjertet pompa som bare. Eg starta å gå inn i den skumle Cowley-skogen. Fortsatt oppskaka gjekk eg nervøst forbi 3 cowley-gutar på den mørke skogveien. De hadde nokon ekle øl flaskar i hånda (eg likar ikkje alkohol, og skal aldri bli som dei. Ekle drittfolk!) og snakka sikkert om noko overfladisk teit. Som slike idiotar ofte gjør. Uansett så gjekk eg forbi dei, men det gjekk faktisk greit, dei drepte meg ikkje for denne gong, heldigvis (ok, litt overdriving av kva eg frykta :P).

Då eg hadde gått nokon meter forbi dei begynte dei å plystre og rope “Hey, you! Come back here!!”. Eg fortsatte bare, dei også “COME HERE!”.. “We’ve seen you and we’ll get you next time” ropte dei til slutt. Satan, for nokon jævlar. Eg hadde lyst til å gå tilbake, få opp ei hagle og blåse hode av dem alle 3 (jada, jeg vet forskjell på virkelighet og film osv). Uansett -> Ekle dritt-folk, burde fått pryl(minst).

Resten av turen var eg redd for kvar einaste kis eg såg (var ikkje så mange då). Heime fekk eg det beste me får i huset, lasange. Det var iallfall kjempegodt! :D Men eg hosta så mykje at eg klarte nesten ikkje spise det. Klarte ikkje å spise dei ekle, tørre pommes frittsene iallfall… Aurore hadde gått til sengs, litt keisamt eigentleg eg hadde sett fram til å sjå henne. Eg la meg tidleg (kl 9), men sovna ikkje før seint(kven veit :P)… Blah, skulle hatt sånne tabelettar :P

¤Tirsdag¤ Eg gidd ikkje skrive denne dagen.. Eg er trøtt, klokka er 22:22 og eg vil sove. Var ikkje ein spesiell interessant dag uansett. Eg følar eg skriv for mykje. Ingen vil ha nokon interesse av å lese så mykje!! :( Så eg skriv eit mindre samandrag…..imorgon…. (I dag ér det faktisk denne dagen, Tirsdag 16.09).

¤Onsdag og Torsdag¤ Uhm, oppholdet her i Oxford er ganske rart. Fordi eg følar me har vært her for fleire år (har vært her 14dager) og når eg legg meg om kvelden synes eg det var UTRULEG lenge sidan eg sto opp. Altså -> lange dagar.

Men når eg tenker tilbake, så følar eg at tia har gått så utruleg fort. Skulle aldri tro me hadde vært på skolen i 2 uker! Audun sa faktisk til noen svenske jenter at me hadde vært her i ein uke, Jørgen rettet han og Audun ble veldig forbauset over kor lenge me faktisk hadde vært her.

Skoledagene er kjempekjekke og går utrolig raskt: sjølv om eg har problemer med å fatte at første time denne dagen faktisk var i dag og ikkje i går, eller forrige uke. Rare greier. Men slikt er bare kjekt :) Eg snakka med Aurore om det og hun har det helt likt. Sjølv om ho har mykje kjedeligare fag, men ho har ein utruleg rar klasse! Bare utenlendinger og de er ganske spesielle alle samen. Eg har snakka kjempemykje med Aurore i det siste. Eg er omtrent bare på hennar rom. Torsdag satt eg faktisk å gjorde min første lekse + spelte Half-Life inne på rommet hennar mens me hørra på musikk. Ho har alltid noko skrivearbeid og gjør og eg kommer alltid inn å forstyrrar :P Men ho har ikkje klaga, enno. Får vente å se korti eg får høre at ho ligg etter med skulearbeid pga. meg :P

¤Fredag¤ Då eg kom på skolen forsto eg at eg va for sein fordi heile klassa satt allereie i videokonferanserommet og snakka med Olav, samfunnslære-læraren vår. Det var litt rart siden dagen før sa Jim at me skulle møte 10:30… Me hadde Engelsk, bare ein time idag heldigvis, då spela eg tetris så det gjekk fort :) Hehe, var ein lett time uansett og eg følde bra med ;)

Så var eg me Jørgen, me jekk rundt i byen i butikkar o.l. ganske så lenge. Då me hadde råna lenge nok i byen gjekk me heim. I cowley sentrum på Templars Square kjøpte eg 3stk ingefærøl, forskjellige merker og hadde test. Eg skal presentere resultatane på ein eller annan måte her på internett også. Slik at dei som er i Oxford/England kan vite kva ingefærøl som er best. Alle er sett opp mot CB sin faaantastiske Ingefærøl og eg kan røpe at ingen av dei engelske kommer opp i den standarden.

Vél heime ringte eg på ein annonnse på ein sykkel i Oxford Times som eg kjøpte tidligare på dagen. Var ein racing sykkel med 5gir til £ 20. Dvs. ca 240kr. Eg fatta ikkje heilt kva dei sa så eg fekk Doris Wheeler (verten) til å ringe å høre. Då gjekk alt mykje betre ;) Så spiste eg middag, idag fekk Iris en egen middag fordi ho ikkje likar den engelske maten. Eg er litt enig med ho, ris, kylling og maaasse krydder-tallerkenen smaker bedre enn ekle tørre fish’n’chips. Men jeg spiser nå alt, er ikke kresen (bare utenfor hjemmet i Norge vel å merke (ifølge min fader & min moder) :> )

Eg fekk låne busskortet til Iris og dro får å se på sykkelen. Sparte vel ein ~2 pund der. Hadde litt problemer med å finne fram o.l. fyren bodde dessverre utenfor Oxford. Då eg endelig kom der blei eg overraska over kor fin sykkel det var :D Ein skikkelig racing sykkel, tynn og lekker. Eg prøvde sykkelen, var litt uvant og giren var litt rar, men eg fant ut at dette ville eg bli vant til. Så eg betalte 20pund og sykla tilbake til bussholdeplassen. Herlig sykkel!! :D:D Der venta eg i ein halvtime på den stygge bussen.

Då bussen endelig kom ville ikkje buss-sjoføren sleppe meg på fordi det var imot reglane. Han var hyggelig og greier men han kunne ikkje gjøre det. Buhuu.. :’( Så eg måtte ta ein Taxi. Eg visste det kom til å koste meg dyrt! (Klokka var jo rundt 8). Eg fann ein taxi og då eg skulle løfte sykkelen inn mista eg den i bakken :(:(:( Eg snakka litt me den hyggelige sjoføren på vegen heim og då me va framme måtte eg betale 20pund… Wow, same som eg måtte betale for sykkelen! Så prisen på sykkelen blei til slutt 40pund. Slemt. Eg burde heller gjort det på dagen! Då kunne eg sykle hjem og spart maaasse penger. (Kunne ikkje sykle om kvelden då eg ikkje har noko lys).

Sååå, når eg tok sykkelen inn i hagen merka eg noko. Dekket var skeivt :( Det hadde bøyd seg då eg mista sykkelen :’( :’(. Eg håpar inderleg eg kan fikse det! Ville vært ¤veldig¤ synd om ikkje! Veit du om det går så senn meg ein mail, eg blir glad om det går :D

Sånn til slutt vil eg sei at eg er veldig glad i den nye sykkelen min, sjøl om eg ikkje har sykla noko særlig på han enno. Men eg må få fikset lås (ah, nei, eg får faktisk ein av Charlie Wheeler! :D Snille folk ;) ) og ikkje minst dekket.. BLah.. Eg får teste imårra!