Merkelapp-arkiv: Filmkraft

Vann gratis opphald og inngang på Haugesund filmfestival 2009

Heilt uventa fekk eg billettar til filmfestivalen i Haugesund 2009. Eg svara berre på ein epost frå Filmkraft, so var eg med i trekningi.

Prisane var:

  1. Ei veka på hotellbåten «Sandnes» og gratis festivalpass på Haugesund filmfestival 2009
  2. 500 kr gåvekort platekompaniet
  3. 2 gratis kinobillettar på Cinemateket

2 gratis kinobillettar var rart, iom. at medlem i NFF fær sjå gratis film same kva…

Eg fekk nett eposten attende, men eg las han ikkje – arkiverte han med ein gong. Tenkte ikkje eg hadde vunne.

Eit par minutt seinare fær eg epost av pappa; «gratulerer med 1. premie!». Eg forstod fint lite og sa han hadde sendt meldingi feil. Men neidå, etter eg sjekka eposten so stod namnet mitt øvst «Odin Omdal Hørthe».

Sers koseleg. Då fær eg endeleg drege på filmfestivalen i Haugesund.

Heime i Stavanger

Eg gløymde mobiltelefonen min i bustaden på Kringsjå, eg stod tidleg upp og måtte skunda meg for å rekkja det grytidlege toget. Turen gjekk utruleg raskt, eg las litt avis, gjorde lite på datamaskini og vips so var eg i Kristiansand. Eg høyrde ei kjend stemma rett attmed meg då eg skulle ut å trekkja luft; det viste seg at det var ingen andre enn Helene Stenhaug som stod der rett ved.

Ho hadde plass rett bak meg på komfort, det passa jo ypparleg. Ho fortsette med å skriva på kortfilmen hennar, søknadsfristen for stønad i Filmkraft var nemleg i dag. Etter me hadde prata um filmen, gjekk ho til arbeid. Ho er lite tullete, ustrukturert og i-siste-liten som meg, so ho hadde ikkje gjort stort arbeid på søknaden fyrr denne dagen då fristen gjekk ut. Eg fekk ikkje gjort stort arbeid den korte tidi det tok fyrr me var i Sandnes heller. Vel inne i Stavanger gjekk eg heim.

So no er eg heime

Rebecca var litt sjuk, so eg kunne ikkje sjå ho, men det fær eg gjera i dag. Helene kom bortum litt seinare, ho jobba med filmen sin saman med meg og Pappa. Me åt litt mat, utanom Helene. Litt seinare skulle me på jolebordet til Filmkraft, men Helene måtte berre få inn søknaden fyrst. Dette tok tid. Tid. Tid.

Helene mista stadig konsentrasjonen av di eg spelte Wii eller såg på den nye digre plasma TV-en vår. Me skulle eigentleg på Jolebordet kl 2000, men kom ikkje fyrr i 0000-tidi. Nett slik eg kom fira timar sein til jolebordet i NMU. Der vann me litt, såg få kjendeog drog.

No er klokka mykje, og eg såg slutten på ein film eg ikkje såg byrjingi av (Blue Max, eller noko) og forstod fint lite. Zzz. Klokka er yver 0300. Men, oh so godt det er å vera heime att…