Merkelapp-arkiv: Filmmelding

Såg nett «The social network»

…og det var ein veldig underhaldande film. Det gjer meg ilt i hjarta likevel, av di det minner meg på den videoen eg ville laga som forklarar kvifor det er viktugt at me ikkje hev eit sentralisert sosialt netverk slik som Facebook, men eit distribuert, fritt eit.

Det hev eg no i minst eitt og eit halvt år tenkt på, og eg hev framleis ikkje kasta meg uti det. Folk eg pratar med forstår tankane ganske fort, so brorparten av dei som les bloggen min veit det. Dimed er òg eigentleg mykje av vitsen med å gjera det vekke, likevel so er det eit prosjekt som eg ikkje klarar å la gå. Det skal berre vera ein liten forklaringsvideo, men eg klarar ikkje lata det vera med det, — eg tenkjer eg vil ha med nokre teikningar og animasjonar og og og og… Der stoggar det liksom ;-)

Diaspora kom, og fekk masse mediedekning, og bra var det. Dei kom seint, men dei var unge, i USA (som alle må vera for å gjera noko på internett, verkar det som) og gjorde det heile enkelt å forstå. Det er nett der eg hev mi interesse òg, det må vera enkelt å forstå. Og eg er veldig for at Diaspora ser ut til å nytta so mykje ressursar på å få ting til å sjå fint ut og vera enkelt å bruka. Det er so uendeleg viktugt.

Eg likar likevel ikkje måten dei bygger det på, Ruby passar seg ikkje for eit friprog-prosjekt som du vil spreia rundt for alle vindens vegar. Men-men, eg skriv no friprog i Python og Django eg, so eg er vel ikkje so folkeleg på den fronten akkurat eg heller.

Litt attende til sjølve filmen. I byrjingi er det masse teknisk, det fantastiske er at det er mogleg å sjå på utan å verta flau! For det er korrekt! Og det er herleg at Mark Zuckerberg brukar KDE og Linux, at han fortel oss korleis han hentar ned bileta (eg hev gjort dette sjølv, eg henta ned alle profilane til alle på russ.no då eg var russ, og fekk snart den absolutt mest besøkte profilen på russ.no) – og dei dummar det ikkje ned. Dei hopper yver ein heil del, men det dei segjer er korrekt, og enkelt å få til.

Ahh, berre det å få sitja og sjå vim og emacs og ein heil del andre kjende, herlege program på flotte Linux-skrivebordsmiljø 1 er ein fryd gjennom heile filmen. Men mest i starten.

Same kva, eg vart (er framleis) båe engasjert og litt nedtrykt av filmen. Nedtrykt av di det berre verkar so mykje vandskelegare å koma til og sikra oss eit fritt internett som ikkje held venene gissel; Facebook er so store og mektige, og det er ingen opplagt rute å fylgja for å frigjera alle som vert haldne der.

Men på den andre sida so er det jo ekstremt enkelt, eg meiner, eg likar Facebook so godt grunna den veldig gode biletefunksjonaliteten. Eg veit det er difor mamma elskar Facebook. Det er eit par enkle, små funksjonar som er viktuge. Bileta kopla til det sosiale, at andre lett kann sjå det, og at det kann delast og spreiast og kommenterast. Det er ikkje avanserte greier. Mykje vandskelegare å gjera distribuert, men å laga det i ein silo som Facebook gjer er barnemat.

Det er menneska som er på Facebook som gjer det til det det er, at det er umogleg å ikkje vera på grunna den altomfattande, ekstreme tyngda det fær grunna det.

Det er jo det me er interesserte i, andre menneskje.

  1. Lurer på kvifor eg ikkje såg noko Gnome då. Ingen som brukar Gnome? Finn eg litt sært, menmen… []

Kick-ass!!1

Eg og Helene såg nett Kick-ass på kino. Er det ein film som fortener det namnet so er det denne! Å i salte banan-kasse kor moro eg hadde det. Det var latter og innleving i filmen det!

Eg skal ikkje skriva eit lengre innlegg som eg kannhenda eigentleg hev lyst til, for me hev gjestar dei prøver sova men eg måtte i det minste gje litt kreditt til denne skittøffe filmen. Aiaiai.

Ikkje noko underfundig akkurat, ingenting revolusjonerande på nokon måte, men berre rein skjær underhaldning. Ekstremgod underhaldning for det. Eg kjende det nesten som um eg vart kameratar med dei i salen, so mykje koste me oss.

Og ei 11 år gamal jente som plafrar ned folk til høg diggbar musikk? Ubetaleleg.

No er det diverre leggjetid, sjølv um eg helst vil springja ut og vera KICKASS sjølv! :D

Ah, og ein ting til, du må truleg lika Quentin Tarantino for å lika denne. Viss du gjer, kos deg med filmen ;)

Ahh, og ein siste ting; i morgon legg eg ut noko anna ekte kickass/råstilig/utruleg som skjedde med meg sist onsdag. Slik apropos. Deilig…