Merkelapp-arkiv: Firma mitt

Meirverdiavgiftinnbetaling

Eg betalte nett i underkant av 23 000 kr inn til statskassa. Kjennest vondt ut, eg hadde heilt gløymd meirverdiavgifti.

I byrjingi då eg vart momsregistrert, so sette eg av all momsen eg tok inn og heldt oversikt yver kor mykje av pengane som «ikkje var mine». Til slutt vart det sopass mykje pengar at eg tenkte dei heller burde stå på høgrentekontoen, so eg flytta dei.

Etter det mista eg heilt oversikt. Sjølvsagt er det ikkje stort vandskeleg å finna ut av denne oversikti att. Det er ganske enkelt berre å sjå gjennom alle utgåande fakturaer.

So, det vart i underkant av 23 000, og sidan eg ikkje hev heldt godt nok oppsyn med det so kjennest det som om det er 23 000 av «mine» pengar som forsvinn, sjølv um dei aldri eigentleg hev vore mine.

Eg klarte å trekkja frå ein del på momsen, eg hev jo reist som ein galning i jobben. Problemet er berre at reising berre hev 8% mva (moms), so store rekningar gjev omtrent ingen fråtrekk.

Moralen er at eg må byrja bruka mykje meir pengar, eg må byrja kjøpa inn ein haug utstyr for å få fratrekk på det.

Eit problem som er utruleg irriterande med ENK (enkeltpersonsforetak), er at me ikkje fær bruka statens regulativ for reising o.l. For å få fratrekk og kunna utgiftsføra ting, so må me skriva opp kvar minste vesle filleting.

Kjøpte to bananar og ein sjokolade, 20 kr. Må ha kvittering og masse administrasjon for det. Det er ikkje verd det. Men til saman so vert det ein heil del. Med staten sine reiserekningsskjema fær du jo trekkja frå ekstremt mykje pengar for absolutt alt.

So, ja, eg må betala inn ein liten formue no. Leit. Dessutan hev eg gjort ein heil haug manuelt arbeid for å få berre bittelitt fråtrekk. Det irriterer meg grøn.

Kvifor i alle dagar fær eg ikkje skikkelege kvitteringar i netbanken min når eg hev kjøpt noko på ein butikk? Eg kunne lett hatt eit eige kort til firma mitt, og so når eg kjøper noko, so kunne butikken sendt (fått laga automatisk) ei skikkeleg kvittering som vert lagra i netbanken min. Då kann eg berre henta alle dei rekningane inn, skriva dei ut og vopsi-dopsi, ha eit ferdig utlogerekneskap, med alle dei forbanna smårekningane ferdig fylt inn.

Eg hev jo ikkje teke vare på ein einaste matkvittering, og eg hev mista halvparten av dei andre.

Kvifor finst ikkje dette? Det er jo heilt idiotisk. Eg lurer på kor mange arbeidsår som vert sløst vekk kvar dag på slike totalt ineffektive system. Det hadde vore ein fin plass å optimalisera tidsbruk… Tenkjer det hadde vore veldig bra reint samfunnsøkonomisk. So kunne folk gjera litt meir nyttige ting enn apekattliknande kvitteringspåpassning og innskriving.

Ja, eg er ganske irritert på at eg hev brukt dagesvis på å finna fram kvar minste vesle kvittering og når eg legg alt saman so er mva-rekningi mi omtrent like stor…

Fyrste arbeidsdag på VilVite med Bevar Hardanger

Sidan eg ikkje hev uppdatert på ei stund lyt eg skriva eit superlågterskel-innlegg; eit eg fær ferdig i ein sitt: kva hev eg gjort denne veka?

Jo. Måndagen starta friskt. Eller, det trur eg ikkje. Eigentleg hugsar eg ikkje måndagen, so eg fær starta i dag heller.

Onsdag

Onsdagen starta friskt. Helene hadde sett radioalarmen hennar på grytidleg. Den same radioalarmen ho var veldig misnøgd med til jol, av di han ikkje laga ljod som ein hest. Ho hadde vitterleg skrive «vekkeklokke som lagar hesteljod» på ynskjelista, og ikkje «billeg radioalarm frå Clas Olhsson». Velvel, ho fekk det siste. Eg anar ikkje kvar eg fær hesteklokker. Den radioalarmen skulle visstnok rett attende til Clas med fyrste tog.

Slik gjekk det tydelegvis ikkje iom. at båe eg og Helene vakna roleg (etter eg hadde slege ned den fæle, alt-for-høge ljoden) til P3 Morgon. Eg trur Helene eigentleg ville at eg skulle slå av maskina, men eg lot som um eg trudde ho meinte slå ned, noko eg heller ville.

Eg og Helene søv gjerne til 14-15 tidi viss me slår av alarmen.

Nemleg.

Men i dag stod me altso upp fyrr 8. Det vil segja, Helene stod upp fyrr 7-ish, og eg litt etter å. So til saman vert vel det iallfall fyrr 8.

Same kva. Me var oppe. Helene stakk ut, etter litt. Eg åt litt frukost (som berre var havregryn i varmt vatn) og sendte eit par epostar i ymse sinnelag båe hist og pist. Når epostboksen var tom og rein (ulese = 0, altso, ikkje rein-rein, det er vandskeleg det), byrja eg so smått å dra meg til VilVite-senteret.

Det vil segja, eg gjekk kjapt til VilVite. Det var framleis myrkt, og eg måtte (vel, måtte ikkje, men, spara tid lixm) gå gjennom Nygårdsparken der rusmisbrukarane i Bergen held til. Dei er jo eigentleg ikkje særleg skumle, men eg vert litt råka og redd av og til lell. Er ikkje frå austkanten akkurat eg.

Eg var framme litt over 9, der traff eg Audun Klyve Gulbrandsen((Frå no av tek eg vekk den ekstreme etternamnsnemningi, eg likar å nemna etternamn, men det a) ser dumt ut, og b) er usikker på um folk likar det (PS: Eg elskar når folk nemner meg med fullt namn, enklare å finna att på Google då :P) )). Etter ein kort arbeidsøkt kom Vigdis 1, Geir 2 og Nils Petter 3 frå Phantom Film (det er vel namn du kjenner godt, pappa).

Dei tok med seg eit HMI-ljos (supersterkt ljos som ofte brukast som «sol» eller dagsljos i film). Det heile var veldig interessant, eg lurte på korleis Nils Petter skulle bruka den på det vesle, innenstengde kontoret. Han sa han var nok truleg litt i overkant optimistisk der, ja. :-)

Og so byrja dei å filma på dokumentaren sin.

For å forklara kvifor eg er der. Audun er dagleg leiar i Bevar Hardanger, som jobber mot luftspennet av høgspentmastene i Hardanger. Dei treng litt ymse teknisk hjelp (netsider, epost, du-nemner-det) fram mot publiseringi av eit par utredninger om kraftlinene. Difor spurte Audun um eg kunne hjelpa til. Og det var det jo veldig moro å verta spurt um.

So difor var eg altso der på kontoret. Og Vigdis og gjengen var der for å laga dokumentar om kraftlinemotstanden:

Kampen om Hardanger Filmskaper Vigdis Nielsen vil med denne dokumentarfilmen komme nær innpå noen av de sentrale motstanderne av kraftlinjeutbyggingen.

Sidan dette er ein dokumentar, er det høg sjangs for at eg vert klypt ut, men utruleg moro å vera med lell. :-)

Dei brukte forresten Canon 5D Mark II til å taka upptaki. Det såg allereide fantastisk ut der og då, eg er sikker på at det vert ein visuelt utruleg fin dokumentar.

Etter eit par timar hardt arbeid der, gjekk eg heim og traff Helene. So bar eg ein bag ho meinte var tung til jernbanestasjonen med ho (utan problem, vel og merke ;-) ) fyrr eg gjekk attende til andre sida av haugen for å halda fram med arbeidet.

Eg sat saman med Erlend 4 mykje av dagen. Audun kom på kvelden att.

Det var ein veldig god arbeidsdag. Eg fekk gjort veldig mykje. Ikkje i tal-på-ting, men i arbeidsmengd ;-)

Eg skulle so på dansekurs, Standard- og latin Vidare kurs 1. Eg drog heim, fylte flaska og drog der.

Eg var ikkje særleg flink, men me var sopass få gutar at eg trur det gjekk greitt likevel. ;p

Åt ein falafel, vart yverraska yver at det framleis var so tidleg (21) og arbeida litt for SmiB på SmiB-kontoret.

So gjekk eg ut og tok 15 bilete av månen, av di eg lovte ei dama frå CouchSurfing at eg skulle gjera det i dag (huh?).

Og no sit eg på Kvarteret og her stengjer dei no. So no må eg gå. Ja, so det var i dag. Dei andre dagane fær berre gå i gløymeboki… :-)

  1. Nielsen []
  2. Netland []
  3. Devold Midttun []
  4. A. Horn, han jobbar saman med Audun med masse praktisk og strategisk. []

På Fjøløy for å taka bilete

Eg og Espen var nett ute på Fjøløy, rett ved Utstein Kloster. Eg trong taka eit par bilete til ei netside eg skal laga for utleiging av fjoset der (til festar og liknande).

Fekk litt liten tid til slutten, so bileti uppe vart diverre litt uskarpe, eg sjekka ikkje skikkeleg. Dessutan tok eg noko video nede, det hadde eg òg tenkt å gjera uppe, men fekk ikkje tid.

Nede

Nede er det 4 bord, ein bar, tvo toalett og tvo «ekstra rom» utan noko i (det eine skal få eit biljardbord).

Oppe

Oppe finn du sjølve hovudrommet, med masse plass. På kvar kant er ei slags opphøgd «scene» for underhaldning og anna vil eg tru :-)

Ute

Tok nokre kjappe bilete på veg ut, her er eitt:

Vert interessant å sjå kva eg klarar å få ut av det.

Visningssystem for videoloop for Stavanger Museum

Den siste vìka var eg i Stavanger, etter eg sat uppe kl 0300 sist fredag og tenkte «hekkan, eg hev ingenting å gjera i Oslo, og pappa kjem heim frå spania nett no (spaniabloggen til familien min), eg fær dra ned då». So eg kaupte SAS-flybillett fram og attende. Eg hadde òg ein jobb å gjera i Stavanger.

Barnemuseet i Stavanger skulle visa nokre videoar i loop, som museum ofte gjer. Fyrr hadde dei brukt DVD-spelarar til å gjera dette, men dei vart so utruleg fort øydelagd. So eg vart hyra inn for å få skaffa/laga nokre datamaskiner som fiksa biffen.

Eg tilrådde dei å kaupa nokre billege HTPC-ar (home theater PC?) utan Windows. Men med innkaupsavtaler so vart det ein god del dyrare maskiner med Windows på. Det gjer meg stadig like ilt å betala skatt til Microsoft kvar gong eg kaupar ein ny PC (som hev byrja verta oftare enn ein gong i månaden no).

Eg laga fyrst ein distribusjon basert på GEEXBOX, ein Linux mediasenter-distro. Eg hadde live-cd som gjorde ein maskin til ein slik avspelingsboks. Då eg til slutt fekk maskinane so fann eg ikkje den eksterne CD-spelaren min, so i staden for å fiksa det til eit USB-bilete la eg inn Arch Linux på ein USB-minnepinne. Det burde eg berre gjera frå starten. Eg laga eit heilt spesiallaga system frå botnen av med Arch. Det vart mykje enklare enn GEEXBOX (som er ganske enkelt), og det vart lettare for meg å leggja til nye funksjonar sidan eg berre skreiv all funksjonalitet som bash-skript.

Dersom nokon skulle trengja noko liknande so kann de få all koden, det er i alt under 50 linjer. Brorparten av arbeidet var berre å setja saman delane, koden eg skreiv er berre lim. Elles kann eg godt setja det upp, men då mot timebetaling sjølvsagt, sidan det er ekte arbeid og ikkje er mogleg å kopiera. No som eg hev gjort det so mange gongar tek det maks ein time då, men eg trur det er ytterst få som:

  1. treng noko slikt, og
  2. les bloggen min, og
  3. ikkje klarar setja det upp sjølv

Men eg ville eigentleg berre segja at eg ikkje berre hev sitte inne på ræva mi i sofaen heile denne vìka. Eg hev rett nok gjort det i går og i dag, og kjem truleg til å gjera det i morgon. Med mindre eg klarar å reisa meg frå stolen utan å hava noko fast/planlagd å gjera, no det hadde vore ein revolusjon.

Forresten hadde eg det veldig kjekt i Stavanger, trass i at dei fleste eg ville taka kontakt med var vekk. Vel, eigentleg er det berre Espen (bestekompisen min) som hev flytta, men det var verkeleg frå alt til ingenting. Heldigvis finst han no i Bergen, der eg òg skal. Huset vårt er leigd ut til tvo veldig koselege gutar, og tvo minst like koselege jentor. Den eine guten er veslebror Falke, forresten. Eg hang der litt, men vart buande hjå Dag Bjørnsen, ein kamerat av pappa. Det var verkeleg koseleg. So no venter eg på noko å gjera til gjengjeld. Kannhenda noko for Sjokoladepiken (anna enn å kaupa alle jolegåver derfrå og hengja der kvar gong eg er i SVG)?

Me fær sjå. Berre livet mitt hadde vore like interessant i Oslo. Jaja… :-)

Eg hev jobb, mange

Eg skreiv aldri då eg fekk jobb i Universitas. Helder ikkje då eg vart tilsett i Nei til EU som IT-andsvarleg. Dessutan skreiv eg ikkje um då eg fekk ei vikarstilling på Randaberg VGS. Eg skreiv um då eg uppretta firma mitt, men eg hev ikkje skrive um alle uppdragi eg fær heile tidi. Det vert uansett litt mykje å skriva på bloggen, men same kva; eg gjer mykje for tidi.

Eg lyt segja at eg er kjempeuppteken for tidi. Eg bur i Stavanger att (det hev eg vel helder ikkje skrive um) og jobbar på full spreng her. Med mange jobbar. Den eine overlappar den andre. Alle fekk sitt høgdepunkt på likt. Det er veldig moro, og eg jobber berre med bra og interressante ting. Men eg hev fengje svevnproblem og er litt for sliten.

Faktisk hev eg skrive litt um Universitas etter kvart. Er jo ein stadig større del av kvardagen min, so er kannhenda ikkje rart at slikt smitter yver til den offentlege dagboki mi. So eg treng ikkje skriva meir um det. Utanum, jo, det må eg:

Universitas, oppreinska prodsys, og masse problem

Eg fekk lov til å reinska upp prodsys. Det vart dyrt. I tid. Og flauskap for meg. Eg hadde nytta ein del tid på oppreinskingi, so kom dagen då det skulde ut til journalistane. «Det tek 20 minutt,» segjer eg. Ein halv arbeidsdag seinare gjeng eg. Fikser eit par feil dei neste dagane. So kjem dagen då netavisi skal ut. Eg hadde venta med å fiksa min del av prodsys. «Det tek eg når den tid kjem,» hadde eg tenkt. Eg rekna ein halv arbeidsdag (4 timar) på å fiksa det og leggja ut netavisi. To-tri arbeidsdagar seinare og mange dagar for seint klarte eg få netavisi ut. Men min del av prodsys fungerer framleis ikkje rett. Hekkan. Masse masse jobb.

Dessutan skal Universitas gjera ei netsatsing no; so masse jobb der òg. Veldig moro jobb. Eg liker godt å jobba med Universitas.

Nei til EU

Eg hev fengje ei dritbra 50% stilling i ein organisasjon som er betre enn nesten alle (sjølv um ingenting slær O’store heilage Norsk Målungdom). Stillingi er litt drifting av epost, intranettet osb, osb. Dessutan er ein del utvikling og framyvertenkjing på planen. NTEU vil verta digre når EU-kampen kjem, datasystemene må tóla det, dessutan må organisasjonen vera supereffektiv og få pumpa ut god informasjon. Nett no er det ikkje mykje jobb eg kann gjera, – sjølv um det tek litt tid å planleggja kva eg skal gjera og ikkje minst setja seg inn i korleis ting heng saman der burte no. So det gjer eg no.

Lærarvikar Randaberg VGS

Dette er grunnen til at eg hev flytta heim til Stavanger att no. Eg vart tilbydd ein dritbra lærarvikarstilling på RVGS. Eg hev no ei klassa i vevutvikling, der dei skal laga ei netsida som prosjekt. Dei kunde ein god del frå fyrr visst, diverre viste det seg å vera litt mangelfullt lell, so eg burde nok ha gjenge gjennom det for dei. Eg merkjer eg lærer mykje meir enn dei, – eg lærer å verta ein betre lærar. Det treng eg. Vonar dei fær noko ut av det.

Eg gjeng mest rundt og hjelpar ein og ein no. Funne ut det er litt ineffektivt for dei store tingi; småproblem og slikt kann eg fort fiksa og forklara – problemet vert litt meir strukturelle problem. Hev ikkje tid til å sitja tvo timar og forklara det til kvar einskild elev. Diverre. So slikt burde eg nok teke i plenum. Men eg trudde dei kunde/hugsa det. Menmen. Eg skal jobba hardare denne víka for å få poengi mine gjennom.

Men eg er superglad for å få tilbodet. Er berre so redd for at eg ikkje gjer det godt nok. Etter vevtimene er ferdig so skal eg hava kvar (av dei 4) klassone ei víka kvar i Illustrator. Eg fyretrekk sjølvsagt Inkscape, men eg skal læra dei Illustrator og so gjeva dei innføring i Inkscape for dei som ynskjer òg. Er jo trass alt teknikken osb dei skal læra, ikkje so mykje programmet i seg sjølv. Skal jo verta tenkjande, ganglege menneskje må vita!

Firma mitt, Velmont Film, elder eigentleg berre Velmont

Og so hev eg mange prosjekt med firma mitt. Russkilde 2008, eit Stavanger 2008-prosjekt, kulturruss. Eg filma litt. Skal kannhenda gjera meir. Eg jobber med ei netsida til ein illustratør, men han er uppteken for tidi. Hev eit dokumentarfilmprosjekt. Hev endå eit dokumentarfilmprosjekt. Hev ei DVD-omsetjingsjobb, ein portugisisk dokumentar trur eg. Pappa hev dei vanlege DVD-kopieringsjobbene, og der må eg skriva programvaren han brukar for det. Hm. Og so fær eg heile tidi fleire jobbar av Skjalg. Eg må forresten fiksa netsida honoms. Men det ligg litt langt nede i køen.

So eg hev mykje å gjera

Dei siste dagane hev eg jobba frå kl 8 (vakna 6) til kl 2 (sovna kl 2). So 4 timar med svevn kvar natt, tri netter på rad og fullt køyr på dagane. Rett nok er eg supertrøytt og sliten nett no. Eg kviler masse no for å gjera ein best mogleg jobb i lærarjobben, heldigvis kann Universitas no venta so lengje eg fær neste netavis ut på tidi. Same kann Nei til EU so lengje problemene med epost og netsida er vekk snart. Firma mitt er jo berre meg, og eg hev ingen harde innleveringsprosjekt nett no, so det gjeng godt. Eg vil verkeleg gjera ein god lærarjobb, det er viktigast for meg nett no. :-)

Jepp. So eg prøver taka det litt med ro no. Og der fekk eg endeleg uppdatert netsida og skrive litt um jobbane mine!