Merkelapp-arkiv: Foretak

Små, uavhengige foretak er tingen

No når eg hev kome attende til Stavanger etter eit år hev eg merka ei voksande trend: vekk frå digre kjeder og til spesialiserte, mindre, koselege foretak. Det er inga tvil at små, herlege uavhengige foretak er tingen. Eg misliker store kjeder, dei er utan andsvar og utan personleg preg. Det er spesielt dette med andsvaret som gjer at eg er mot aksjeselskap i det heile teke. Aksjeselskap var omdiskutert då det vart lov, no er det diverre få til ingen som ser på andre løysingar.

Problemet med aksjeselskap (og då digre kjeder) er at det er ingen som kjenner andsvaret. Det er ingen som hev skikkeleg andsvar; alt handlar berre um pengar. Eg trur ikkje livet handlar um pengar, og sidan eg ikkje trur på det – trur eg ikkje heile verda skal styrast av pengar. Små butikkar med spesialkunnskap og spesiell interesse for sitt emne er ei suksessoppskrift.

Pengar er ikkje noko problem. Ærleg talt. Eg vert so sint når folk kauper tomatar til 13 kr i staden for dei til 15 kr som smakar ekstremt mykje betre. I dag brukar me so ekstremt mykje mindre pengar på mat og anna enn det me gjorde fyrr. Me brukar for det meste pengane på tull og tøys. Me er alle rike. Eg synest me burde kaupa økologisk, skikkeleg mat.

Kvifor jobba for nokon andre, når du kann jobba for deg sjølv?

Eg synest me godt kann betala ei krona meir for mjølka for at me skal hava 10.000 kjøpmenn i Noreg som gjer det godt og elskar jobben sin. Det er betre enn 2 kjøpmenn som hev milliardar på bok og 9.998 butikktilsette som ikkje eigentleg bryr seg, men berre jobbar for pengane.

Dei fleste tunggrodde og lite framtidsretta folka vil jo sjølvsagt vera mot dette; «nei, det gjeng aldri an» osb. Vel, i Stavanger nett no ser eg fleire og fleire små, koselege butikkar som dukkar opp.

Sjokoladepiken, spesialisering er tingen

For mange år sidan la Sjokoladepiken ned, eg trur det var i den vonde jappe-tidi. Det er ein spesialbutikk for sjokolade her i Stavanger, men eigen konditor og alt. I desember opna Sjokoladepiken opp att, og det med eit pang! Eg vil mykje heller kaupa spesiallaga sjokolade frå ein som veit alt um sjokolade og heller betala litt meir. Dei store kjedene ser på pris og ikkje smak; folki som jobber der hev ikkje peiling og kjenner seg ikkje godt berre for å jobba.

Men eg er veldig glad for utviklingi eg ser rundt um oss no. Veldig, veldig bra! :D