Merkelapp-arkiv: Frankrike

Franskmenn på tur

Eg har vitjing av tri franskmenn for tida. Tim, Matthieu og Aureliè. I dag, måndag, skal me dra opp til Obs-hytta i Sirdalen. Me kjem heim att torsdag, då meg og Rebecca skal sjå «Et dukkehjem» på teateret.

Vitjinga varar til tredje mars, det blir altså to veker. Soveplassene våre er særs improviserte, eg har klåra pressa fira stykk inn der no. Vonar dei ikkje søv alt for dårleg. ;­-)

Superkikoo Aurélie!

Me møtte ei rar jente i Frankriket. Ho var vill etter Espen (ikkje at dét treng vere rart då), jobba som politikar, var superduperkikoo og sjølvsagt kjempehyggeleg. Møtte ho på ein pub, rart kor godt me kjende ho berre to dagar etter. Heilt til slutt, i går før me la oss – ringde ho frå ein anna plass i Frankriket og snakka lengje. Kikoo!

Eg skipper masse tekst her (i slutten), gidd ikkje skrive det frå papirformat – dessutan er det for mykje, evt. interessera (Tor Eirik kan hende) får seie ifrå.

Etter ein lang dag med “eg veit ikkje” (er nokre dagar sidan no nemleg) ville me setje oss ned å drikkje noko. Ikkje lengje – ikkje noko stort. Meg og Espen draumde om ein Chocolat Viennoise, men då eg lufta desse tankane fekk eg fort svar: dei serverer ikkje slikt etter 22.

Gjorde kort prosess og la inn munnleg protest på omstende. Kunne ikkje vere på ein så fråhaldsuvenleg plass! Då fekk dei andre heller drite i kjempegodt øl. Når dei berre har ekle, storfirmalaga sukkerbomber av nokon ekle “leskedrikker”. Coca Cola my ass. Coca Cola trivst betre i dass! Hekkan så ekkelt det er.

Eg vann nett sukker-i-drikke- og som-konserverings-middel-diskusjonen eg hadde med Tim då me slang oss ned på nokre stolar heilt med hjørnet av kaféen. Ute på gata sjølvsagt. Eg var særs engasjera – og det var herleg å vinne. Hihi. Er så moro å diskutere med Tim sidan han held seg saklig og er så smart at han kjem med mange utfordrane motpoeng.

Dagen før vann han diskusjonen om namn/språk. Kva som er fint. Eg var eigentleg einig med han frå starten – men forsvara den andre sida litt før eg fortsatte vidare på hans (mykje betre) argument. Dei argumenta var mykje nærare det eg trur sjølv så det blei naturleg ettersom eg kjende meg ukomfortabel med å stå på feil side av diskusjonen. Men eg gjekk altså vekk frå mi originale sak; altså, han vann.

Eg tinga ein sjokolademilkshake – Espen tok det same, som vanleg. Sat ei gruppe 4 folk vedsidan av oss. Ho eine såg eg ikkje fjeset på – men ho sat, lo og styrte med venene sine.
Ho dér er kikoo, sa Matthieu.
Så snakka me om ho vidare. Men eg bør gjere klårt kva kikoo er fyrst sikkert:

Kikoo!

Kikoo er eit utrykk kome frå franske «coucou» som tyder «hei». Kikoo er noko små jenter (fjortissjenter o.l.) plar seie på MSN. Dei kler seg ofte i rosa og ler fælt på barnslege filmar. Kikoo filmar er bl.a. «Lovleg blond» og «Herbie: Fully Loaded». Kikoo-typen er ein som med stor entusiasme verkeleg er glad for deg om du f.eks. har vunne ein million kroner.

Desse ofte overpositive og vimsete menneskja som meiner alt godt er kikoo. Utrykket er på ein måte som «blond», men kikoo folk kan gjerne vere veldig smarte. Å vere kikoo er positivt – det er hyggeleg og særs søtt ofte. Må byte ut mange av dei plassane eg plar seie «søtt!» med «kikoo!».

Aurélie, frk. overkikoo

Sidan me nett hadde lært om kikoo, var vårt oppdrag å finne kikoo folk. Me sat planta på puben og sippa drikkane våre. Vel, eg trur Espen slukte sin. Matthieu omsatte litt av samtala åt dei vedsida av oss. Dei sat og overhøyrde samtala, plutseleg sa dei noko om det høgt. Jenta snudde seg ikkje, men sa; Det har dykk ingenting med!, eller noko. Eg forsto ikkje heilt kva dei franske venene våre sa, men no snakka dei med dei fire folka på det andre bordet.

Espen og Aurelie på restaurant

Espen og Aurélie

Eg lytta hardt og kunne forstå 5% av samtala. Jenta blei veldig interessert i å høyre at me var frå Noreg. Ho sat mot oss og såg på Espen. Eg sat og lo av det eg forsto. Lo av andletutrykka og faktum at dei lo. Hihi. Espen forsto 0, sat og såg tomt ut i lufta. Aurélie (jenta) syntest han var særs pen. Snakka lengje om det. Matthieu omsatte og Espen blei veldig flau. Ho ville take bilete av ho og han. Tok eg óg. Hihi. Espen sa ikkje stort meir enn “yes” og “ok”. Medan eg snakka litt meir. At Espen var så stille sjarmera ho berre meir.

Espen gjekk på do, Aurélie trudde med ein gong det var eit teikn. Ho spurde om ho skulle følgje etter! Hahahahah. Då lo eg enormt, haha. Det var kjempemoro.

Alder?

Me gjetta på alderen hennar. Matthieu tippa 27, eg 22, Espen 23 og Tim… Hmm. Hugsar ikkje. Same kva, ho var, ∗trommer∗, 26 år! Espen er 19, ho 26. Ho er altså 7 år eldre. Hahahah :) Espen sjekka opp av ei 7 år eldre jente. Mentalt (ikkje intellektuelt, ho er politiker og smart) er ho like gamal. Veeeldig kikoo som sagt. Lo heile vegen, særs sjarmerande.

Ho var eigentleg på ein slags date med ein fyr, men han blei fort dumpa til fordel for Espen. Hahah. Stakkars Bernhard. Han fekk sitje med oss heller då dei sat å prata då det gjekk mot gå-heim-tid. Ho nemde kor søt Espen var 12 gonger på dei timane. Ganske direkte med andre ord. Men langtifrå vulgær direkte, slik mange “direkte” folk er. Då me gjekk hadde me nummeret hennar, og ho skulle køyre oss åt tyskland på laurdag for å bade.

Tyskland, Baden-baden

Vel framme i Baden-baden (etter at Aurélie hadde klåra take mange dumme vegar allereie, hahah, kikoo) vog me oss. Eg 61kg, Espen 72 og Aurélie 56.

Nakenheit

Eg blei overraska over at 50% av dusjane var inni slike dassbåsar. Det har eg ikkje sett på slike badelandplassar før. Eg tok ein av dei 50% opne og tok av meg badeshortsen. Heey! Gratis såpe! La merke til at folka rundt meg hadde badebuksa på. Kom fleire. Alle dusja med ho på…! Espen kom inn og dusja utan. Eg blei sjokkert. Folkens; kva er så farleg med nakenheit!?!? Eg sprang ut (med shortsen på igjen) og sa kva eg hadde sett åt dei andre. “Oh my goood, what’s wrong with people!?” utbrøyt eg lettere opprømt. Dei ehhh-a og såg på kvarandre. Byrja le, haha. Dei er redd for nakenheit sjølv!

Finaste plassen; saunaen. Der måtte ein vere naken. Så Aurélie hadde aldri vore der. Eg hadde drege utan problem, men hang med dei andre heile tida. Eg kan forstå gutar litt når dei ikkje vil gå slik nakne. Det hadde vore litt flaut å fått ereksjon ein slik plass heilt naken blandt masse folk. Må vere kjempemoro i etterkant, men litt keitt der og då. Likevel er det ikkje eit reelt problem. Er eit problem om du er ein viss type, men då bør ein likevel halde seg vekke frå andre nakne folk. Ehh :p

Me leika i vatnet. Det var kjempekos. Tim drukna. Ein unge trudde han var dau og blei særs forskrekka. Tim gjorde seg til, visste ikkje ein unge heldt på å gå frå vettet. Aurélie skulle vise ho ikkje hadde drepe han med å dytte han under, men då ho prøvde å dra han opp var han berre der. Livlaus. Hahahahaha. Eg lo så eg fekk vondt :p Det var så moooro. Espen var óg med no, sidan det ikkje gjekk like mykje i fransk. – Det var særs koseleg. Moro å leike i vatn.

Middag

Me åt på ein restaurant. Tarte Flambée, Alsacienne spesialitet. Snakka masse, Aurélie kyssa kortet mitt åt Monique slik at lebestiften hang igjen (dritkult! Vekk no diverre. Eg hadde sølt kaffi og laga sjokoladefingeravtrykk på det frå før. Blei meir brukt/originalt og vakkert slik!!! :D ) og hadde det generelt supert. Gjekk på ein irsk pub (yeeeey! Eeeengelsk!). Wow. Han var dritkul. Stiligaste plassen. Servitrisa var den finaste franske jenta eg hadde sett. Heilt til eg fann ut ho ikkje var fransk. Ho hadde kjempegod engelsk, og dårleg fransk. Sååå… Men same kva. Wow, for ei jente. Kjempehyggeleg. Såg veldig uskuldeg ut :]

Servitrise og Matthieu

Kjempesøt servitrise og Matthieu. :)))

Espen sovna nesten, Aurélie tulla med håret hans og kalla han ein ponny. Så gjekk me åt leilegheita. Meg, Tim og Matthieu høyrde på musikk og saaang, medan Espen og Aurélie snakka. Dei snakka lengje. Heilt til 6! Og me skulle tidlig opp imorgon. Uffa. – Men så kom Espen inn og la seg til slutt. Eg hadde det uberkos med musikken, men det blei litt seint. Ahh, herleg dag likevel.

Telefooon.

Hahah. Meg og Espen såg film. Tim kom inn med telefon. Me gjekk ut av rommet og inn på Tim sitt rom. Espen fekk snakke i fred. Me lo og lo, og lo og lo. Snakka og lo. Aurélie er superkikoo og får oss i superhumør :] Etter lang tid gjekk me tilbake, så fekk Espen avslutte samtalen med ho slik at me fekk sjå «Requirem for a Dream» ferdig. No gidd eg ikkje skrive meir om saka. Men ahh. Ho er seriøst kikoo. Kjempekjekk jente. Espen må ha blitt sjarmera av det – sjølv om han heldt seg roleg og balansert :] Hihihih.

Strasbourg dag 3. Heile. :)

Medan meg og Espen beundrer myggene utanfor verandaen slit Tim seg heimover, forfjamsa over å ha bruka 4 timar og nærare 100 kr på ingenting. Tolv timar seinare gjer det ikkje stort lengre, alt anna gjekk som planlagt denne dagen.

Me vakna seint, meg og Espen. Så åt me. Det var ikkje berre godt brød. Men eg har skrive om det før. Har ikkje skrive om myggen då. Myggen heng utanfor verandaen og summer. Midt i lause lufta heng dei. Rare insekt. Meg og Espen sat på verandaen og såg på dei, var herlig i fina vêre. Varmt var det nemlig, masse sol.

Kjende svetten rann nedover ryggen, hadde nett dusja – men akk så varmt. Me var igjen på veg ned i byen, bært av føtene. Var litt svolten sidan frukosten ikkje akkurat var noko å skryte over. Tim hadde fått laga kart over internettcaféar i Strasburg, så i dag skulle me finne ein. Det gjorde me óg. Litt stress at ein ikkje kunne koble til USB-saken der eg hadde lagra all teksten, men folka som jobba der kunne. Så dei hjalp.

Tim betala €5, fekk 1 time og 40 min for det. Eg trudde eg måtte sitte heile tida, det viste seg å vere feil etter eg hadde sitte alt. Jaja, eg fekk lest ein del bloggar o.l. medan Tim og Espen sprada rundt i byen. :)

Så gjekk me. Hugsar ikkje kor eller noko, men me gjekk iallfall. Hmm. Espen hugsar heller ikkje, men han har sikkert skrive det ned i dagboka si. Sikkert ikkje noko superinteressant då.

Så skulle me ete på fin restaurant. Etter ein dude kom bort åt meg og ville snakke om kamera mitt då. Han var visst proff fotograf (hmm… Vel) og hadde eit speilreflekskamera sjølv. Så han hakka fram nokre ord på den haltande engelsken hans medan eg ikkje var superinteressert i å prate så mykje om kamera med ein tilfeldig fyr i Strasbourg. Trudde i byrja han ville “prøve det” for å så stikke av med det. Er påverka av liknande tilfelle i England, og Frankrike er ganske kriminellt det óg så…

Me åt på “Le petit oeurs”, som tyder dei små bjørnane. Var ein god restaurant i følgje Tim. Eg lot han bestemme alt eg åt, sidan eg sikkert hadde valgt noko eg har smakt sjølv om ikkje. Eller. Kanskje ikkje, men likevel. Moro å leggje alt omsynet 100% over på ein annan person. Tim åt fisk, Espen Donald Duck og eg svin. Det smaka diverre ikkje stort, lot Tim smake og han var einig. Espen sin Donald var for mykje stekt. Medium i Frankrike er visst hardt stekt i Noreg. Trudde no det var motsett!

Eg orka ikkje ete alt, Tim fekk resten. Klåra heller ikkje ete all desserten. Hm. Plar ikkje få for mykje på slike dyre restaurantar – men har sikkert noko med at eg et så mykje mindre no.

Så skunda me oss åt elva, for me skulle sjå på noko kulturgreier. Fyrst ute var eit vatnshow. Tim klaga litt på det på grunn av musikk osb, men det var ganske stilig. Synkront og etter musikken, med flotte fargar innimellom. Me sat på bakken og såg.

Vatnshow i Strasbourg

Neste var eit skodespel, veldig moro i følgje Tim og alle dei andre som kunne fransk rundt oss. Men meg og Espen lo ikkje stort. Eg måtte smile av alle dei rare folka – men hysterisk var det ikkje akkurat.

Ein plass hallvegs ute i elva sto det ein mikrofon. Tim sa det var dritkeitt, så me hoppa like godt over det.

Siste var dansing. Det var elendig. Heilt sjukt teit. Berre nokre amatører som umotivert går rundt på scenen, legg seg på ein ball – “oooh, nokon flammar” og så klatrar litt på ein stygg maskin. Så overdramatiserer dei bevegelsar for å få maskina i gang. Nei, off. Det var berre lamt. Vond regi. Veldig vond.

Så gjekk me heim og spelte fotballspel. Pro Evolution Soccer 04, Erlend. Prøvde å vinne internasjonal runde med dei, men akk, me er så dårlege. Kom litt lengre med Argentina, men likevel stopp…

Frankriket dag 1-3

No har eg forvilla meg inn paa ein internettcafè i Strasbourg. Lese eit par bloggar og tenkte eg kunne leggje ut det eg har skrive av dagboka saa langt. Me har spelt ein del fotballspel, vore i byen og sett to filmar. Ikkje di store tinga endaa, men dei kjem… :)

Dag 1, reisen

Etter eg hadde vore oppe heile natta, vakna mamma. Eg kom på eit par ting eg hadde gløymd, så mamma stressa med at eg ikkje var ferdig. Etter eg hadde funne pass og skrive ut billetane dro me åt Espen. Det var vegarbeid på motorvegen, klokka nærma seg flyreise. Har alltid synest heile denne “ein-time-før”-problematikken har vore seriøst overdrive, kvarter før har alltid fungert. Likevel er timen lagt inn for at altslags uforutsette ting skal kunne skje. Men me kom oss inn likevel.

Flyturen, Zzzz

Det var veldig kaldt, angra på at eg ikkje hadde kledd meg betre. Me gjekk med ein gong dei starta sleppe folk inn. Like godt sitje i flyet tenkte me. Vel, det var iallfall feil. Sjølvsagt kunne me ikkje GÅ dei få metrane åt flyet, neeeidå, dei ville bruke den nye bussen deira igjen. Makan! Kald var han óg. Flyet var eit CanadaAir, eller noko. Var lite iallfall. Endå mindre plass inni, satt som sild i tønne. Sat ikkje vedsidan av Espen, så han fekk “Michael Moore” med “Dude, Where’s My Country”. Eg las litt i boka av Dalai Lama, men fann ut eg like godt kunne sove etter eg hadde konsumert litt herleg flymat, eit glass vatn, kaffi og te. Var trøytt.

Frankfurt i regnet

Framme i Tyskland, Frankfurt. Eeeeh! Det var ikkje særleg hyggeleg. Vêret var sånn ca 100% på trynet. Har ikkje sett slik regn på år og dag. Flyplassen var styggere enn nokon gong før. Dette i tillegg til at eg helst berre ville sove; fortreffeleg. Eg var ikkje heilt nøgd med at eg hadde gløymd regnjakka. Det var ikkje superlurt, akkurat. Frøys meg ned åt baggageclaim og heiv på meg ein jumper då bagasjen endeleg kom. Tim hadde fått langt hår. Eller, det vil seie han hadde veldig kort før. Helsa på faren, og starta den lange (2–3 timer) turen mot Strasbourg. Køyrde på autobahn, men såg nesten ingenting på grunn av alt regnet. Måtte køyre roleg. Snakka litt på vegen.

I Strasbourg, Frankriket

Leilegheita åt Tim var kjempeflott, større og betre enn eg hadde venta. Ikkje hotell akkurat då, men dét er jo keitt likevel. Me starta gå mot byen, var opphald og eg hadde fått låne ei jakke. Tok oss ein 45 min å gå åt sentrum ca. Me gjekk gjennom skulen åt Tim mot kinoen. Skulle sjå ein Thailandsk film, av same folka som laga Ong Bak. Hehe, “Born to fight” heita denne og var sikkert like manglande i historie.

Nedlagt bru

For å kome åt Kinoen måtte me over ei diiger nedlagt bru. Myndigheitane har prøvd å stengje ho med diverse bås, men nokon har take vekk ein del av bølgemetallet. Idiotisk sikring. Det var ein stor veg der plantar hadde byrja gro midt i vegen. Eit DIGERT sentrumsnært areal var okkupert av denne enorme broa der ingen fekk gå. Det vonar eg ikkje ville skjedd i Noreg. Utruleg nedfalls, skulle liksom fikse ho – men har ikkje kome lengre enn stenging. Måtte klatre over nokre sperringer, ikkje greitt med dei knea eg har no.

Nedlagt bru

Filmen mangla totalt skikkeleg historie, men var moro grunna dei sjuke stunta. Dei bruker ikkje seler o.l. i denne filmen, likevel gjer dei enooormt skumle ting. Han eine fyk frå ein lastebil ned på ein anna bil PÅ KANTEN og dett vidare ned på BAKKEN. Var sjølvsagt ei lita pute under jorda der, men den må ha vore liiiten! Hekkan, dei dreper jo seg sjølv på den måten. Men eg kan ikkje seie anna enn at det ser fantastisk bra ut.

Treigt liv på helligdag

Ingenting var ope i byen. Må ha vore helligdag. Einaste me såg var ei stor gruppe folk som sang hallelujasangar utanfor domkyrkja. Utruleg. Dei dansa óg. Eg lo godt av det, såg kjempekos ut – enn kor rart det var :D Fann ein butikk, kjøpte mat og gjekk heimat. Godt slitne i beina. Tim laga maten, me åt (kjempegodt!) og så spelte me Xbox. Fotballspelet var faktisk morsomst (har noko med at Xbox-spel syg, sikkert, drittmaskin – skulle hatt ein nintendo :D )

La oss tidlig, hadde sovna 23. Fekk melding av Hege då, etter eg hadde lagt meg/sovna (kor ofte skjer dét liksom). Sengane var kjempeherlege. Flott på golvet. Var alt i alt ein grei dag, men trøytt + at me nesten ikkje gjorde noko. Me var ikkje akkurat henrykt fyrste dag, nei :)

Dag 2, bygaaing og dubba film

Gode sengar som sagt, eg sov særs godt. Drøymde gjorde eg óg. Så flott draum at eg ikkje gadd stå opp med det fyrste. Tim hadde vore inne på rommet for å få oss opp nokre gongar. Han hadde stått opp 9, ville ut å ete frukost. Me fortsatte berre å sove medan han spelte fotballspelet. Til slutt sto me opp, og Espen dusja. Eg var så svolten at eg ikkje gadd dusje, dessutan trong eg det ikkje. Alltid stress å dusje i utlandet, dusjane er så dårlege – tek lang tid, hihi.

Søt frukost

Espen og frukostMe starta gå mot byen, bussen kom ikkje før om 10 min, så Tim lurte på om me skulle gå. Jadå, sa eg. Likar ikkje buss noko særleg så. Plassen me skulle ete «ekte fransk frukost» på var stengd, så me måtte finne ein anna. Til slutt fann me ein liten plass og satte oss ute i sola. Tim kjøpte ein variant av mange typer. Croiassantane var best, alt det andre var for søtt – og eg hadde ingen kaffi i labben…

Svara på meldingar, Pappa sa heimesida mi var nede og at kanskje alt var mista. Off. Vonar ikkje dét har skjedd! Eg betala dei 500kr litt for seint, men eg var jo på ferie då eg fekk den hekkans rekninga! Eg sa eg ville gå på ein internettcafé for å fikse, Tim visste ikkje om nokon – men me skulle leite seinare.

Gjekk vidare langs kommunistblokkane (aka. stygge studentbloakkar) nær universitetet og skulle innom ein matforettning i sentrum. Tim hadde handleliste, og kjøpte inn ting slik at me kunne ha gode middagar seinare. Etter dét tok me bussen heim, eg tok eit par bilete medan me venta. Åt god middag/lunsj, Tim hadde laga kalkun-ettellerannet. Utruleg godt.

PC og film

Eg sat meg inn på pcen for å skrive om dag 1 (no er det dag 3, og eg skriv om dag 2 :p), sat der ei stund og stressa med keyboardet (norsk qwerty vs. fransk awerty vs. norsk dvorak – ugh) før eg sa meg ferdig. Då hadde Espen og Tim spelt ein god del fotballspel, og Espen hadde visst skrive dagbok. For hand då. Kan hende han legg ut noko, har ikkje spurd han.

I byen såg me lengje etter internettcafé – men akk. Gjekk åt den uavhengige kinoen åt slutt, skulle sjå ein amerikansk independent film “Sideways”. Ikkje dubba nei. Hihi. Han var ganske grei faktisk, men prosjektoren eller noko var dårleg sidan heile filmen var vignettert. Uffameg, eg var lettere irritert av det innimellom. Elles bruka dei “soft rock”, også kalla “heismusikk” mange plassar i filmen – då hoppa eg litt ut av handlinga igjen og høyrde åt musikken. Likevel ein søt film.

Sovetid

Klokka var 22 eller noko, og me skulle på eit eller anna kulturgreier i byen. Starta å gå mot det, men fann ut me var på feil plass. Sa me skulle fortsetje – men etter 10 min var me tilbake der me starta. Gjekk altså i ring. Då ga me opp. Får gjere det imorgon heller! Heime spelte me fotballspel frå 24–01, og eg la meg i sengja medan Espen sat oppe og skreiv.

Dag 3, dagen i dag

No sit eg her på pcen og skriv. Dag 3. Klokka er 2, Tim kom nett heim. Har vore i Colmar hos tannlegen, men han var ikkje tilstades. Kom tilbake med kart over internettcafé og Strasbourg istaden. Får sjå om me finn noko i dag då. Sto seint opp i dag óg, Espen óg. Står bak meg og kommenterer “Ja, du e lade”. Klag. Me åt frukost, ikkje særleg god akkurat. Amerikansk brød (liek: WTF!? Me kallar det “fransk brød”/loff heime. Dessutan er det eit elendig brød, 0 mat i det nesten) med nutella. Eg åt med litt ost i byrja, men eg treng baguettar til det heller.

Så spelte me fotballspel, og eg sat meg inn her til slutt. Det er dagen så langt. Skal ned i byen for å finne internettcafé no. Blir jo interessant å sjå korleis dét går – vonar sida mi ikkje er 100% vekk. Hadde vore litt keitt. Det er forresten kjempevêr no! :D Utruleg herleg og varmt.

Internettcafè

No sit eg paa ein inetcafè, gidd ikkje stresse med ae oe aa; tastaturet er fransk. Q er A, A er Q, . er ; m er , osb… Meeget stress mao. Eg har lese dei tusen kommentarane i bloggen at Monique og tke backup av heimesida sidan Pappa sa ho var lagt ned. Best aa ha det i tillfelle dei sletter databasa mi! Hadde vore synd aa mista alt. Off. Men, teit aa skrive ,eir her – gjer det heime hos Tim heller. Har det veldig bra forresten :p

Vitjing av Tim i Frankriket

No er klokka 4. Det er 3 timar åt avreise for meg og Espen frå Stavanger Lufthavn Sola. Eg sit her og har endå ikkje pakka heilt ferdig. Men kvifor skal eg? Så lengje eg har lommeboka med fikser jo alt seg. Vel. Alt fikser seg same kva, lommeboka gjer det berre enklare.

Utveksling eig!

I GK gjekk eg i Fransk. Vil nokon vere med på utveksling, spurde dei. Eg var sjølvsagt der med éin gong – eg elskar slikt. To år tidligare hadde eg vore i Finland i 14 dagar, med ei jente Evi Devandara. Det var utruleg moro, eg var den einaste som ikkje lengta heim og godt kunne vere der mykje lengre. Eg hadde den kulaste av utvekslingsfolka då.

Så var eg med på dette Frankrike-greiene, – trur du ikkje eg var like heldig og fekk den heilt klårt beste fyren der óg? Hihi, heilt utruleg moro. Tim er ein utruleg gut som eg ser godt opp åt. Han har eit drøss gode kvalitetar. Han har vore på vitjing åt meg to gongar ekstra utanom sjølve turen, eg har vore hos han tri-fire. Veit ikkje heilt, mange iallfall. Han inviterer og står på – så no skal meg og Espen ned igjen og vitje Tim.

Blir ein bra tur, med litt oppdateringar :]

Eg gler meg mykje; dei siste dagane har vore totalt hypre og superkule for meg, og turar åt utlandet plar vere «oppe der» med det beste av året. Eg tenkjer det blir vanskeleg å overgå dei perfekte dagane eg har hatt her med så utruleg mykje – men kvifor skal ein? Dagar bada i glede og med innslag av pur lukke er langt over det eg forventer nett no. Men likevel har eg det. Ohh. Herleg. Bonus2000. Så eg vonar desse dagane klårar halde standarden oppe. Det er heile 10 dagar – må klåre finne på ein del då.

Tim har internett, så eg kjem sikkert åt oppdatere sida litt innimellom om det er interesse for det. Skal iallfall prøve å unngå å late det bli like mykje som Kroatiaturen. Eg har óg skrive om ein annan tur eg hadde åt Frankriket, men det var dårleg skrive hugsar eg rett. Ligg ute på nett, men vil ikkje linke åt det med mindre nokon vil sjå.

Pakking

Flyet går altså snart. Men eg har ikkje pakka skikkeleg endå, klokka er 4:45. Eg starta prate med Anette, så blei klokka 2 (skreiv med ho i 2t 30m (i tillegg åt pakking osb)), og eg bestemte meg for å leggje meg. Men nett då kom Rebecca på, og sidan ho er så utruleg kul måtte eg berre prate med ho.

[02:17:01] Odin : Men, du Anette. Du held meg oppe. Ikkje det at eg ikkje har det moro (kvifor elles ville eg ha sitte? :p), men eg har eit hekkans fly å nå, + ei lang reise imorgon. Så eg må gåå. (slå av maskina å pakke ferdig fyrst, men klårar ikkje pakke når du er her. Oh må prate 2 sec med Reb fyrst óg)
[02:17:28] Odin : Men ho går vel snart.—Hekkan. Zzzz :p
[02:17:28] Anette : hehe:P eg ska sje holda deg oppe eg.. gå du;) hehe

Dei to sekunda blei to og ein halv time :D Hihih. Men eg hadde det moro. Rebecca er normalt ikkje oppe på det tida, u-Reb-ish å vere oppe no, sa eg. OG NEI Rebecca, hehe, det kan sjå ut som om eg legg skulda på deg, men det er heilt feil sjølvsagt – han ligg hos meg. Men for det andre; det treng ikkje nødvendigvis vere ein feil? :D Hehe. Hmm. Zzzz. Eg må finne ladaren åt fotografiapparatet slik at eg kan hacke mange bilete i France.

Snart tid for avreise!

Betalte 1500 kr for tur/retur Frankfurt med Lufthansa. Ganske bra pris. Me skal visstnok bli henta av faret åt Tim der, og køyrd 3 timar åt Strasbourg. Byen der EU-parlamentet osb ligg. Det ligg nordaust i Frankriket, i Alsace.

Er rotete her. Burde rydde. Burde óg sove, men flyet går om berre 2 timar, eg må likevel dra frå huset om maks ein time. Burde ete. Svolten. Vel, får flymat. Hm. Elles? Kanskje noko eg har gløymd? Eg har 2 buksar og 1 shorts, nokre skjortar, boksarar, sokkar og badeshorts. Treng vel ikkje meir. Kanskje deodorant og tannkost. Hmm. Får sjekke lista eg hadde åt Kroatia. Naai, ser faktisk greitt ut! Kanskje handkle er ein ting. Ligg eit på golvet her. Rydde det opp i sekken. Tja. Kanskje eg får stikke ned å starte å pimpe kaffi då. Eg vonar det blir ein laaang dag.

Mitt beste år, nokon sinne!

I morgon reisar me heim, Oxford gruppa. Det blir ein dag med blanda følelsar vil eg tru. Me drar frå ein plass kor me, iallfall eg har hatt nokon av mine beste tidar. Året i Oxford er noko eg aldri vil glemme, og alltid huske som eit godt år.

Ein faktor eg vil trekke ganske tidleg fram i denne artikkelen er sitasjonen eg har vært i den siste måneda. Både laptop såvel som kamera blei ødelagd på turen min til Frankriket. Det var ein sår dag – eller det var vel eigentleg to. Eg klarte også og miste mange av dei fine bileta eg hadde tatt. Det falt meg enormt tungt – men eg er over det no. Kom ikkje på det før eg hadde skrive dei fysste setningane.

Uansett så har dette ein god del med mine opplevelsar og gjøre – SPESIELT kva som står her på sia. Skulen er inga plass å skrive, fordi alt eg skriv her blir keisamnt og dårleg. – Det finnes også fleire måtar å skrive på for meg, og dei gangane når eg bare er så sykt glad at eg må få det ned er de gangane det blir best tekstar :) – Ofte surrar også tankar i houvudet på med, der eg “skriv” i tankane. Setter eg meg så rett ned på laptopen har eg ein god tekst sånn heilt utan vidare.

Nå skriv eg imidlertid fordi eg følar eg må. Utan laptopen så har eg ikkje skrive noko interessant – og utan kameraet har eg sett endeløst mange interessante motiv. Men sjølv om eg ikkje har skreve noko, eller tatt bilder så har den siste måneda vært UTRULEG kjekk og EKSTREMT innhaldsrik! :D – Ting eg ikkje har fortald om er f.eks “Oxford University Computer Society”‘s 25års jubileum, Thomas og Elisabeth’s bursdag, turen til frankriket, påskeferia og mange andre episodar som eg sikkert allereie har gløymd. Alle dei saftige detaljane er iallfall vekk – og eg er lei meg fordi eg ikkje fekk skrive nokon av dei ned.

Livet her i Oxford har vært ubeskrivelig morro og eg klarar ikkje utrykke kor glad eg er inni meg – dét klarar eg ikkje på skulen. Eg elskar livet mitt, kvar dag er utruleg innhaldsrik, og idag har me avslutningsfesten. – Dét å gå ut er ein jo godt vant med nå, men denne kvelden håpar eg blir spesiell! :D

Sist vil eg trekke fram personar som har betydd noko spesielt dette skuleåret –

  • Aurore – utruleg hyggeleg Belgisk jente som eg tilbringa mine første månedar med i same hus
  • Regis – mange filosofiske samtalar, mykje “Friends” sjåing, mykje TV og andre kjekke ting :)
  • Tim – den mest reflektera og intelligente “unorske” personen eg har møtt, koseleg til tusen
  • Jon – som eg reisa saman med, ein god ven som har blitt ein bedre ven
  • John – flink, om enn rar lærar, fant tidlig ut at eg kunne alt de skulle lære meg (teknisk då :) )
  • Thomas – min partner i dei fleste prosjekta på skulen
  • Ein god del folk eg har gløymd – ja, eg har gløymd mange, jo fleir eg puttar på, jo fleir blir “lei” seg fordi eg ikkje nevna dei :)

Uansett, TUSEN TAKK FOR EIT HERLEG ÅR! – Takk til alle som har lest på sia, sjølv om ho har vært litt tynn i det siste. Eg er utruleg glad i dikon! :D

Lite oppdateringar

Som dikon sikkert har merka har det vært eksepsjonelt få oppdateringar i det siste. Unnskyld. Det har skjedd så utroleg mykje verdt å skrive om, både dårleg og bra. Eg skal se om eg kanskje får tid ein gang.

Ting eg må skrive om er Anders og Buster sitt besøk i påskeferien. Det var utruleg morosamt og var kjekt å få sett dei igjen :) – Så litt påskestemningar i Oxford, treng ikkje bli nokon detaljerte greiar.

Etter bør eg skrive ein ganske stor tekst om mitt fantastiske opphold i frankriket, som både inneholdt dårlege ting såvel som eit tungt overtall av kjekke. Eg kan jo nevne at det digitale fotoapparatet er øydelagd – og at eg har overskreve alle de 160 bildane eg hadde tatt. (klarte å redde 9 dårlege då). Laptopen min funka heller ikkje lengre i dag – buhuuu.. Men den er fiksbar håpar eg, får vel sende han til Multicom når eg kjem til Noreg.

Imorgon drar eg [heim] til Oxford, då ska eg vera der litt over ein månad så er det heim til Noreg. – Men tross alle tragediene, samt at eg hadde feber 50% av mitt opphald i Frankriket har det vore kjekt – personar eg har hatt det spesielt kjekt med er Tim, Camilla J, Nina, Pål og Ingrid B ;D

Frankrike turen

Nå sitt eg her i Frankrike og skriv, er på ein 12 dagars tur te Tim. Eg følar for å skrive et lite referat av turen så langt.

Dag1: Natta før morgonen me dro satt eg oppe te kl 3 for å pakke sekken, “veldeg lurt”. Då eg sto opp måtte eg sjølvsagt leite etter lommeboka o.l mens foreldra mine stressa seg halvt i hjel.

Etter flytur te Torp og et stk. gjennomlest VG fann eg ein pc med internet på flyplassen der. Då måtte eg sjølvsagt lese slashdot som alle sjølvrespekterande linux brukare. Det tok så lang tid at når me skulle ta flyet så hadde me inga tid te å kjøpe taxfritt :(

Vél framme på Standsted Airport London visste me at me måtte vente 9 timar på flyet te Frankriket. Flyplassen hjalp oss like godt og venta heila 50 minutt før me fekk bagasjen vår (#”¤#¤%!!). Etter så dro me te ein engelsk by i nærheita for å spise/se o.l.

Me gjekk litt rundt men va veldeg sultne, så me tok det fysste og besta; Pizza Hut. Eg må sei at England er eit veldeg ustandarlisert land og oppførar seg teit. På bussen bort (ein gammal holk :| ) Så kjøyrde han på venstre side, han klarte heller ikkje holla bussen rett på vegen. Vanskeleg å finne slikt i resten av Europa.

Så var me då på pizza hut som hadde skrudd air-condition anlegget overdreven høyt og skulle ha litt mat. Me fann oss bord, før me blei kommandert bort til inngangsdøra igjen. Der sto me, i veien for alle mens de skulle finne bord. 10 minutt gjekk det og me fekk det samme bordet me ville ha i byrja. Teit.

Etter ein (lang) tid fekk me bestille, meg og Tim: ein 4 manns pizza, Noémie og Engelsk-læraren deiras (som vi traff på Torp) bestilte en 2 manns. Me satt og lo av alt det engelske, og leste slagordet til Pizza Hut, “Great Food, Great Times”. Ja, enorm tid måtte du iallfall ha.

Eg hadde fått det for meg at eg skulle bli tatt som terrorist når me blei sikkerhetssjekka, så eg gjekk rundt og snakka om USA, fly og bomber. Då me endeleg kom inn i skjekken blei eg stoppa av ein sikkerhetsvakt som skulle kroppsvisitere meg :S Eg blei me andre ord mistenkeleg-gjort.

Då me kom fram var sjølvsagt min koffert heilt sist, de hadde sikkert prøvd å opna han :S (eg har 2x kodelåser + 2x nøkler, den er ganske så sikker).

Dag2: Neste dag så jekk me på Kino, såg Johnny English, var sjølvsagt dubba så eg forsto lite. Eg smakte også Fransk ost, som eg faktisk lika(!), etter traff me to jentar(venninnar av Tim) og såg “Colmar by night”(Fint og roleg).

Dag3: Neste dag dro me til Strasbourg – ein by med 300 000+ innbyggere, kjekt nok, men er tross alt bare en stor by. På toget tilbake kjøyrde me i over 200km/t :>

Marielle, ei venninne(kjAEreste fekk eg h0yre no) av Tim skulle sove over, så me gjekk på kino me ho og såg “The Hulk” (eg fatta ingenting, var kjedeleg). Heimvegen snakka meg og Tim som vanleg, men Marielle sa ingenting, var ikkje verdens beste i engelsk :)

Dag4: Neste dag gjekk me og bowla, det var morro sidan eg vann ;) Biljard spela me óg, der eg gulla litt og vann ein gang.

På heimvegen spiste me på Quick, ein fransk McDonalds wannabe -> forferdeleg. Ute i gata sto “tøffe” gutar og røyka hash o.l. Kriminelle drittunger :/ Då me ankom huset var me overtrøtte; hoppa/lekesloss/lo o.l i et sett :D Det var veldeg morro. De ville legge seg, men eg var ikkje trøtt så eg var oppe te 4:00. Typisk.

Dag5: Denne dagen dro me på Fransk LAN. Ein pussig sak – dei har ikkje internett og mora kommer og serverer mat te faste tidar. Variert mat. Absolutt ikkje slik eg er vant med. Det værste med dette LANet var at det ikkje var noko internett (som eg er GANSKE avhengig av). Men det var framleis kjekt då me spela Q3, WC3 (eg eide :P), Rise of Nations osv osv.

Dag6: Forstatt på LAN hos Marciel, Geir Bøe sin “frankrike-penn-venn”. Eg fann ein heil sesong med “Alias season 2” episoder på pcen eg låna. Eg starta å sjå på desse, men kvar episode varte 45 min og det var heile 22 episodar. Når me la oss denne natta sov eg betre – eg fekk pute og dyne – ahh. Eg snakka litt me Tim og Marciel på rommet også sovna me.

Dag7: Då eg sto opp neste dag gjekk eg for å se meir Alias og kanskje programmere litt C. Eg fann nemleg ein Borland C Compiler(bcc.exe) på maskina og ville teste dette kjente språket. Eg lærde litt av meg sjøl faktisk. Då me skulle dra hadde eg sett 15/22 Alias Sesong 2 episodar – gaaanske mange! Denne dagen skulle eg være hos Noémie – etter velkommsten tok eg ein dusj for å få vekk LAN-svetten (:P). Omvisningen i huset stoppa pp Noemies rom der me snakka litt (eigentleg lenge) for å så dra te Pascal, ein venn av Noémie.

Me såg litt på den nye pcen hans (17” LCD, S-ATA -> digge). Så snakka me med faren som absolutt ville vise oss ein Video8 tape. Det var fra då han jobba i Marinen og reiste te Stavanger med ein Fransk ubåt ;) Det regna veldeg mykje då me skulle dra så Pascal kjøyrde oss til Noémies hus.

Åt litt pizza før me gjekk opp og starta og snakke igjen. Den natta sov me ikkje.

Dag8: Eg sto opp og prøvde og finne mat, var ikkje lett. Eg fann Nestle Crunch, men ikkje mjølk, så eg prøvde med vann. Ekkelt. Etter prøvde eg utan noko, ikkje særlig godt. Då kom Noémie ned og ho fann mjølk, så då spiste eg. Sjølv spiste ho det utan noko ana :S

Eg hadde vondt i magen og følte ikkje eg blei mett, så eg spiste litt pizza også. Etter gjekk me ut, tok ein tur rundt i den lille landsbyen hennar. Me jekk gjennom skogen deiras – var bomber fra 2 verdenskrig der, ganske kult. Me kom te eit heller kjedelig vatn og satt der litt før me kom klissvåte heim. Me fekk nemleg ein slik “spyle-vann-til-mais-plantene” stråle over oss. Og det var MYKJE meire vann i den stråla enn kva eg hadde trudd.

Eg traff besteforeldra te Noémie rett før eg dro te Tim, dei var i særdeles godt humør og var veldeg koselege ;) På vegen te Tim kjøyrde tanta til Noémie i 140km/t på den lille landevegen :P

Så var det av gårde til Tyskland. Tims far, Bernd henta oss i Strasbourg – og me kjøyrde innom ein is-cafe på vegen til hans tyske heim. Der spiste eg ein diger iskrem som var utruleg god! :D

Me avslutta dagen med eit godt slag Ringenes Herre bordspill. Alle i dette spillet sammarbeidar mot Sauron, Tim hadde bare tatt Sauron éin gong før. Og trur du ikkje me klarte det saman éin gong te ;)

Dag9: Me dro te MediaMarkt, ikkje så kult som eg trudde. De hadde ikkje utvalget eg forventa. Etter dro me til eit digert utendørs basseng. Det var veldeg kjekt, eg fekk stupe frå 5meteren, var dessverre ikkje noko høgare.

Dag10: Roleg start på dagen, etter litt dro me til eit vatn for å bade. Det var heller skittent og ikkje så kjekt som førdagen. Etter dro me rundt og såg på forskjellege slott, meg og Tim gjekk også aleine i ein stor by (huskar ikkje namnet). Då me kom heim såg me Terminator 3(drittfilm), så snakka me til langt på natt. Var kjekt ;D

Dag11: Starta dagen med å sjå Matrix: Reloaded(nais film). Etter dro te ein elv og bada, det var veldeg morro, godt varmt vatn. Så kjøyrde me te Frankrike og eg brann alle bilda mine over te CD.

Dag12: Sto opp tidleg, kjøyrde te flyplassen. Då eg va fremme i London/Stansted hadde eg nermare 4timer før flyet til Haugesund dro. Eg satt meg ned og tok det me ro. Etter innsjekking såg eg rundt i tax-free butikkane. Eg glimta bort på ein monitor og te min store forskrekkelse sto det: Haugesund 44 Final Call. Hehe, eg sprang bort til Gate 44, men da eg kom taxa flyet ut på rullebanen :S Velvel, litt av ei knipe :P

Eg va littegrann fortvila for bagasjen min, men eg trengte han eigentleg ikkje då. Etter eg hadde prata med ein del forskjellege personar fant eg utav dét. Den snille dama ga meg 10minutt før eg skulle få bagasjen. 1time seinare fekk eg han.

Eg tok bussen til London Victoria (som tok ganske så lang tid :|). Eg trudde Victoria var ein by utanfor London sidan det stod på bussen: A6 London, og: A6 Victoria. Men det var visst ikkje dét. Litt sånn halv-forfjamsa gjekk eg nedover gata då eg såg ein 20–21 år gammal gut som óg bar på mykje bagasje. Etter litt prating fant me ut at me skulle finne eit hærberg saman.

Han ville ha eit enkeltrom mens eg – som den “kjipe” fyren eg er ville ha det aller billigaste :P Eit rom med 2 andre personar. Eg er ganske vant med det og likar å spare litt pengar. Me hadde ganske store problemar å finne fram utan at eg ska gå dypare inn i dét.