Merkelapp-arkiv: Fritidsaktivitet

Medlemsregister til Norsk Målungdom

På landsmøtet til NMU 2007 i Trondheim starta eg på eit nytt medlemsregister. Tidleg i 2012 vart eg spurt kor tid det lang-venta registeret endeleg skulle i drift. Eg sa januar 2013, og slik vart det.

Eg starta på det fyrste registeret på landsmøtet fordi me var i fare for å kjøpa noko dyre greier som ville kosta oss fleire tusen i året. Pengar fattig-NMU ikkje hadde råd til å bruka. Registerkjøpet vart avverga, noko grunna mitt eindags-register og mest grunna Ola (dåverande skrivar) sine ord om at han kunne fiksa det gamle Access-registeret til å ha høgare medlemspengesats for gamlingar.

Eg hacka litt vidare på registeret, men stoppa meir eller mindre opp då Ola fekk fiksa Access-registeret. Den umiddelbare fara var over.

DSC_0788-medlemssys

Jarle, ein god ven og lang organisasjonskamerat, hadde rundt den tida gått inn i Miljøpartiet dei Grøne, med det seg fore å rusta opp organisasjonen. Han trong ein medlemsregister. Eg trur ikkje han baserte noko av den koden på min, men han brukte iallfall CakePHP, det same rammeverket eg hadde brukt for det eg jobba med. Å kunne jobba saman på eit register høyrtest bra og smart ut. Det var lengje planen min.

Men MDG byta system, og rundt den same tida jobba eg i Nei til EU, der eg fekk høve til å læra meg Django då eg skreiv eit  landsmøtesystem for dei. Diverre vart det berre brukt éin gong. Det er friprog, so fleire kunne ta det i bruk, men kor tid skulle det liksom skje? No ligg det ikkje ute lengre heller trur eg :-) Men eg fekk i minsto lært meg Django!

So omtrent på same tida starta eg på botnen att med eit nytt medlemsregister til NMU. Den fyrste innsjekket i Git gjorde eg 5. oktober 2009. På det tidspunktet hadde allereie registeret masse funksjonalitet, t.d. OCR-fil og KID-støtte. Dessutan klarte det å lesa inn dato frå det gamle Access-registeret.

Men det mangla ekte giro-utskrivning for dei som ikkje tok imot epostane våre.

Eg jobba av-og-på med dette registeret, utan å eigentleg seia det til stort mange. Eg la til CSV og PDF-skriving tidleg april 2010. Mot slutten av månaden vart eg spurt av Jarle om dette her med medlemsregister. MDG hadde byta, men UHN, Ungdom for Human Narkotikapolitikk, hadde nett vore stifta og trong eit register. Eg sa eg hadde eit, men det var ubrukeleg tidleg i utviklingsfasa. Eg sette opp ein prøve til dei 11. april 2010.

So høyrde eg ikkje meir før nesten eit år seinare. Eg hadde oppgradert serveren og CSV-eksportering hadde slutta å fungera. UHN hadde faktisk brukt prøvesystemet mitt utan at eg visste det. Dei var tilogmed nøgde, og ynska eigentleg berre litt betre epost-handtering. So eg la til det.

Dei neste to åri er omtrent berre småfiks. PDF-skrivinga var framleis ikkje brukbar fordi han berre skreiv ut namn og adresse på ark, utan noko meir info. Det hadde teke ein time å fiksa det, men det gjorde eg ikkje. Eg la til saman fleirfoldige timar inn i allslags anna småpirk.

Då eg la til lokallagsovervaking byrja ting å verta ganske so hendig. Lokallagsleiarar kunne setja seg opp å få i epost alle endringar i registeret som handla om medlemane kopla til lokallaget deira. Det laga eg sidan eg tykte det var veldig nyttig då eg sjølv var lokallagsleiar i Studentmållaget i Bergen. Ein epost i veka (dersom det var noko nytt), fullt oppdatert på nye medlem og tilflyttingar.

Ein annan hendig funksjon var mobil-søk. Skriv inn namn og få opp for kva år medlemen har betalt. Veldig greit når du sel is for Isrosa som har gratis is for alle NMU-medlem.

Git-lageret har meir og meir innsjekkingar jo nærare årskiftet 2012-2013 du kjem, og etter er det ganske mykje kodeendring på gang.

I dag fiksa eg endeleg den PDF-genereringi som eg skreiv omtrent på starten av denne versjonen av medlemsregisteret, og som alltid var den største vegblokken for å setja systemet i drift.

DSC_0787-giroar

Det tok som venta veldig liten tid, men å få det til å sjå fint ut og aligna med OCR Nets-standard tok litt fikling. Men no er han her, og vonleg so kan me senda ut medlemspengegiroar for NMU på epost og papir innan ei veke. :-)

Torsdagsterror

image

Av ein eller annan grunn legg absolutt alle absolutt alle ting på torsdagar. Eg hev ikkje peiling på kvar denne konspirasjonen oppstod, men han hev vara lengje.

Eg hugsar faktisk heil attende til ungdomsskulen at torsdagar alltid var problematiske av di det hende so mykje. Men i dag vonar eg at torsdagstyrraniet hev toppa seg og ikkje vert verre; for det er no på nye, uante høgder og det siste eg vil er at det skal halda fram slik.

So, kva skjer for meg på torsdagar 19-21? Lat meg lista upp:

* Teatersport
* BSI Dans
* BLUG-møte (bergen bsd og linux usergroup)
* Innebandy

Det er gale nok når **2** ting kræsjar, men 4!? Eg hev gjeve upp innebandyen, det er ingen vits når det må konkurrera saman med alt anna. Dessutan er eg like usportsleg som alltid diverre. Litt synd, for eg tykte det var sers moro.

Teatersporten kjem eg alltid på i byrjingi av semesteret, men so kjem den ekstreme reisingi mi brått på – og vips so er 3-4 veker gått.

BLUG-møte hev eg *aldri* vore på grunna det elendige tidspunktet dei hev konspirert saman med alt anna kjekt som hender.

So no i det siste so er det dansen eg hev prioritert. Diverre hev eg vore vekk frå han 2-3 gongar no av di eg hev vore anten i Oslo, Lysebotn eller Stavanger. Sers synd.

Elles vart eg interessert i BSI Wushu då eg traff leiaren og søkte rundt for å vera med, dette må jo verta bra. Kor tid gjeng det eg ville vera med på? Torsdag etter 19.

Sant og segja so hev eg _ein_ til fritidsaktivitet, og det er BSI segling – dei hev ting kvar dag – so det er enkelt å velja anna enn torsdag.

Er det ikkje berre tilfeldig då?
———————

Den er ganske enkel å svara på. Ser denne lista med fritidsaktivitetar tilfeldig ut:

* måndag: ingenting
* tysdag: ingenting
* onsdag: ingenting
* torsdag: **dans, BLUG, teatersport, innebandy, wushu**
* fredag: ingenting
* laurdag: ingenting
* sundag: ABSOLUTT INGENTING!!! Stygge sundag.

So, eg spyrr retorisk, ser det der tilfeldig ut for deg?

Nei, tenkte so.

Eg kallar det torsdagsterror.