Merkelapp-arkiv: Gåve

24 år.

Det kjem vel ikkje som nokon stor yverrasking på nokon, men eg vert eitt år eldre kvart einaste år, og dette året so var det 24 som var talet.

Eg og Helene stod upp so tidleg me klarte (10-ish), av di me skulle vera på ein kinesisk klinikk 11.30. Det hadde vore ein kupong på groupon eit par veker fyrr, og eg kjøpte ein til Helene for moro skuld. Til slik adventspresangkalendergåve. Eg er jo ganske lite glad i dei der greiene, og protesterer sjølvsagt kvart år, men so skaffar eg noko då, for at Helene skal verta glad.

So me åt frukost (som me aldri plar gjera, so det var veldig fint) og gjekk ut i det alt for kalde veret. Me skulle taka buss, men ingen av oss hadde sjekka skikkeleg korleis me tok buss dit. Det viste seg å ikkje vera so enkelt, so me berre gjekk heile vegen. Godt hjelpa av kartet og GPS-en i telefonen min; det er verkeleg hendig viss nokon ikkje hev prøvd det sjølv.

Vel framme i ein bustadblokk ein halvtimes gåtur frå staden vår (andre sida av Store Lungegårdsvatnet) fann me denne klinikken. Det var sære greier, ein bustad som var gjort om. Var lite og litt sært. Menmen, Helene var fyrst. Ho fekk stukke ein haug nåler i seg (akupunktur), og etterpå tok dama å varma opp lufta inni nokre koppar og plasserte dei på ryggen hennar.

(her byrja eg å søkja etter bilete av det, og vart heilt satt ut, so no, omtrent ei veke seinare, fortset eg…)

Det som skjer då er at huden vert sugd opp i koppen, og det heile ser ganske groteskt ut (jadå, skal spara dykk for bilete). Eg fekk same opplegget sjølv om eg ikkje spurte om det, so me var båe tvo raude og vonde på ryggen etterpå.

Gåva mi; eit kjend syn

Vel heime fekk eg pakka mi:

Ein fruktdrikkmiksar!

I innlegget «Elendig produktdesign på fruktdrikkmiksarar» hadde eg nett klart å øydelagd min andre fruktdrikkmiksar av nett den typen; og var forståeleg nok sint, frustrert og alt det som verre er. Men eg vart veldig glad av denne nye, Helene hev rett i at eg hev prata ganske mykje um fruktdrikkmiksarar etter eg klarte å øydeleggja den andre. Det er nesten tvo år sidan eg hev hatt ei slik maskin no.

Den Helene skaffa ser òg ut til å vera kraftigare enn dei to andre eg hadde fyrr. Dessutan so veit eg jo no at eg ikkje må:

  1. Vaska han i varmt vatn etter me hev hatt noko kaldt i.
  2. Setja han uppå kjøleskåp.

Herlege Helene hadde sjølvsagt kjøpt inn allslags forskjelleg frosen frukt òg, slik at me den dagen laga fleire liter med herlege fruktdrikkar. Me hev drikke minst eitt glas dagen etter det. Vel, ikkje no, iom. at me båe tvo er i Oslo nett no (på PING ;-) ) – men når me hev vore heime i Bergen.

Sushi

So reiste me på ein sushiplass i Bergen, me tok den som hadde best veggisutval. Interessant nok so spurte eg kelneren litt ut um veggistilbodet, av di dei hadde berre 2 forskjellege val, og han sa sjølvsagt at dei kunne laga til meir. Det sa eg til slutt berre «nei, elles takk» til og tinga heller dei tvo forskjellege dei hadde på menyen.

Men då eg fekk maten min, er eg heilt sikker på at dei hadde diska det opp 10x betre enn normalt. For her var asparges, avokado, squash og gulrot i nigirien som berre skulle ha avokado. Og makien hadde tempura-gulrot i(!! :D). Det var godt. Men dyrt som alltid. Me burde læra oss og laga slik veggissushi heime. Treng jo ikkje fersk fisk til det, so det burde vera ganske ustress.

Til slutt

Og alle var einige um at det hadde vore ein fin dag. :-)

Kitty Karina hev OLPC XO-1 i huset!

Ein gong for lengje sidan i november 2007 skreiv eg at eg hadde tinga ein OLPC XO-1 datamaskin til veslesyster mi (og kannhenda mest til meg sjølv, hoho). I går dumpa han ned i postkassa (vel, ein DHL-mann kom med han).

Jolaftan og jolaftan

Han skulle eigentleg koma til jolaftan, det var då ho fekk han. Fyrst i 2007, og so no i 2008. Eg tinga han 15. desember 2008 denne siste gongen, og ein dag etter var han registrert i Stavanger. So eg kunne gjeva han på jolaftan! Det var før det slemme tollvesenet kom inn.

Tollvesenet sin superkraft; vera yverdrive skittreige

Ok. So 16. desember. I går var det 5. februar. Kva faen, orsak språket (som um nokon bryr seg), tok tollvesenet 51 dagar? Det heile var ganske enkelt:

  • Eg donerte masse pengar
  • Eg fekk ei datamaskin i gåve, verdien på gåva var ~2000kr

Altso; ustress. Eg ville mykje helder betala den hekkans tollen (sjølv um eg t.d. ikkje trengte) og få han 18. januar, enn at dei skulle sitja og fisa på stolen sin i 51 dagar fyrr dei fann ut at dei berre skulle senda han vidare utan meir stress.

Masse kudos til DHL, som er dritkjappe, masse ukudos til tollvesenet som er drittreige.

Kvifor denne tonen?

Det hev seg slik at 7. januar so drog eg til Oslo, her eg er no. Altso:

  1. Eg fær ikkje prøvd maskini (elder sett ho)
  2. Det er utruleg idiotisk å ikkje gjeva jolegåve til veslesyster tvo år på rad

Irriterer meg òg at det trådlause netet heime ikkje fungerer. Som nokon fekk med seg var tenaren min, Acona, utan net eit par dagar. Den trådlause routeren me brukte daua. So pappa skaffa nytt netverkskort til Acona og hev sett upp Acona som NAT-ande router og brannmur. Men me hev framleis ikkje fungerande trådlaust net. Og slike ting synast eg det er mykje enklare å vera i Stavanger å fiksa, i staden for å gjera det herifrå…

Veslesyster Kitty Karina skreiv nett dette innspelet på bloggen min:

Heei odin no har eg fott OL pcen, men den har ikkje de 3 siste bokstavene i alfabete.
Saa klarer eg ikkje og skifta spraak. Men den er kjekk og ha uansett =).

Skal få fiksa at tastaturet registrerer æ, ø og å på dei vanlege plassane—og so fær me skifta språk. Veit ikkje kor godt umsett han er, men eg skal iallfall kunna hjelpa til på den norske umsetjingi. :-)

Eg kjem nok til å skriva meir um sjølve OLPC-en når eg vitjar Stavanger. Gler meg stort til det :-)

Vonar iallfall Kitty Karina vert flink med maskini, slik at ho kann visa meg han når eg kjem. Kannhenda ho tilogmed hev laga sitt fyrste program? :D

Tjuveri på Granit

Då eg kom inn i butikken såg eg ein mann som stod bak kassa, i 40–50—åri og med austeuropeisk utsjånad. Eg gjekk jo ut frå at han jobba der, men eg lurte fælt på kvifor han tok tvo never med setlar og putta i dei store lommene sine. Han svingde lett rundt kassaapparatet og gjekk roleg ut. Det var mange folk i butikken, men berre eg som såg han. Han gjekk ikkje ut hovuddøri, men gjekk inn til kafèen som i same rom og orsaka seg forbi eit par folk. Dette er slett ikkje rett, tenkte eg, det er nok ikkje eigaren som hentar pengar for å setja dei inn i banken.

Orsak for lengdi på dette innlegget, eg hadde ikkje tid til å skriva kort.

Dette var laurdag førre vìka. Helene ville inn på Granit, «ting som gjer livet enklare». Me hoppa av trikken og stakk innum, kort etter hadde me tenkt å dra vidare ned til kontoret mitt hjå Nei til EU.

Adrenalinet bruste i kroppen. Eg lurte fælt på kva eg skulle gjera. Eg såg ingen tilsette nokon stad, eg kunne ikkje vita kven som var tilsett og ikkje. Eg reiv upp kamera frå sekken og gjekk ut døri, byrja gå raskt bak mannen som no var eit godt stykke upp vegen. Eg sprinta smått etter og tok eit bilete bakfrå. Gjekk yver vegen og tok eit bilete av han derifrå, profil. Det var mange folk, og han gjekk so målretta og raskt at eg ikkje lett kunne koma framfor og teke eit godt bilete.

Hjarta pumpa, å fylgja ein kriminell og taka so openljost bilete av han var ganske skummelt. Folk såg på meg; eg trur det var ganske upplagt at eg tok bilete av ein mann eg ikkje visste kven var. Eit par meter til so ville tjuven koma til eit vegkryss. Ein stor mann, 40—åri, veltrent stoppa meg, peika på kamera, prata trugande. Eg vart redd, prata på eit språk eg ikkje kunne. Sa masse. Det er måten dei set folki ut i på butikken. Peika meg attende ned gata. Den medsamansvorne mannen hadde gjenge rundt hyrna. Eg turde ikkje taka bilete av broilaren som fekk meg til å gå attende til butikken. Eg tok eit bilete av ryggen honoms då han hadde kome litt på avstand.

Attende i butikken

Inne i butikken sa eg frå til han som stod bak kassa og solgte som ingenting hadde skjedd;
«Hei, nokon hev stelt pengar frå dykk,» sa eg.
«Hæ?»
«Det var ein mann her, som tok masse pengar frå kassa»
«Køddar du no?,» svara han veldig tydeleg forfjamsa.
«Sjekk kassa, det var den,» peikar eg.

Han sjekker, og ser, ja. Her var det stole pengar. Han tilkallar ho andre som jobbar i butikken. Dei vert ganske sett ut. Klikker masse på Securitas vakt-knappen. Etter ei stund kjem han.
«Eg tok eit par dårlege bilete,» segjer eg.
«Ahh, eg kjenner dei att», svarar Securitas-mannen, «dei hev gjort det same nede i sentrum eit par gongar».

Butikkmedarbeiderane stengjer butikken etter dei hev ringd butikkeigar og politiet kjem. Eg er der inne saman med tvo politifolk, ein securitasmann, og dei tvo tilsette. Mange folk ser inn vindauga der det no heng ein lapp «midlertidig stengd grunna ran» (vel, var ingen ran, men eg forstår godt, eg kalla det òg ran då adrenalinet pumpa som verst). Helene sit utanfor og kunne fortelja mange morosame soger um korleis folk oppførte seg av dette. Mange trudde eg var skurken iom. at eg korkje jobba der elder var tenestemann. Haha.

So, etter eg hadde gjeve upp personalia og me hadde gått gjennom kva som hadde skjedd mange gongar ville politiet sjølvsagt hava bileti mine (eg ville òg gjeva dei, viss ikkje var det ingen vits å taka dei). Dei kunne taka kamera mitt (prov), elder minnebrikka – men eg vart helder med ned på stasjonen. Var moro å køyra i politibil. Eg vert alltid redd når eg er ute å køyrer og ser ein sjølv, men no sat eg på andre sida og kunne sjå folk verta skræmd helder ;-)

Dei som stal frå butikken var 2–3 stk, og dei tok med seg kvar sin tilsette og fekk dei til å missa konsentrasjon med å prata fransk og fekta med armane. Dei opna kassa med eit metallverkty.

Måndagen etter

Helene ville fælt inn å kaupa den kule kalenderen ho fann. Eg ville sjølvsagt ikkje inn, av di dei tilsette ville kjenna meg att. Og det hadde vore flaut-flaut. 5 minutt etter Helene kom ut, fekk eg ein telefon frå dei.

«No hev me gjort klårt noko til deg, so berre kom innum ein dag og hent det,» sa Laila (som eg trur ho heitte :-) ).
«Å, ja, koseleg. Kjærasten min var nett innum og kaupte ein kalender, men eg fær vel tid ein gong um ikkje for lengje».

Eit par dagar seinare

So manna eg meg til slutt upp for å gå inn i butikken. Eg vona det var andre tilsette i butikken i dag, men nei, bak kassa stod Laila.
«Eg skulle henta noko t…», starta eg. Laila såg upp;
«Ahh, det er deg, Odin, hei. Her,» fann ho fram ei pose med ein stor fin pakke i, pluss eit kort.

Me prata litt um det som hadde skjedd. Ho er veldig koseleg, so litt dumt at eg synast det er so jysla flaut å koma inn der.

«Me hadde jo aldri funne ut kva som skjedde um det ikkje hadde vore for deg», sa ho, «du såg det dei andre ikkje såg, me var heldige der». Folki vert nok ikkje tekne grunna det eg gjorde, men når dei vert tekne so kann dei kopla dei til tjuveriet på Granit (og dei andre med yvervakningskamera) slik at saki fær litt tyngde bak seg.

Då eg og Helene var komne ut, reiv Helene pakka open. Det var ein boks til å lagra foto i, haha. :-) Tenkte det ville vera noko slikt. Dessutan fekk eg eit drittøft kort; der det stod «Helten vår». Bak stod det mellom anna «vonar du ikkje vert for skræmd til å koma innum att». Det er jo sant, eg er for skræmd til å lett koma innum att. Men Helene lurte fælt på um dei meinte skræmd av di folk hadde stelt (teit) elder av den ekte grunnen; at det vart flaut for meg. Eg satsar på det siste.

Elles fekk eg eit stort gåvekort. Eigentleg alt for mykje. Men eg vart veldig glad. Det beste var sjølvsagt kortet, og innpakkingi. Og det at dei var so intenst glad for det eg hadde gjort. Veldig koseleg :-) Det heile var eigentleg ein veldig positiv oppleving for meg. Eg gjorde berre det eg kjende var rett, og so vert eg løna for det. :D