Merkelapp-arkiv: Gratis

Utan treningskort, nykelkort, mobil og pengar

Eg måtte rekkja ei forelesning som eg hadde lurt meg sjølv til å tru eg måtte gå på. Eg sprang mot tbanen og kom på. På det tidspunktet kjende eg at lommaboki ikkje var med. Seinare på dagen hadde meg og Rebecca ei avtala um å svømma på treningssenteret, det kom til å verta problematisk.

Då eg gjekk frå den daue forelesingi (der eg likevel berre sat og las «The chronicles of Narnia»), var eg allereie litt forseinka. Rebecca var ingen stad då eg stod utanfor Domus Athletica og venta. Sidan eg ikkje hadde nokon mobiltelefon so var det ikkje råd for meg å kontakta ho. Truleg hadde ho allereie gått inn for å svømma.

Eg subba ned til Sentrum av univers(itet)et og drog meg automatisk inn på Botnpris (det er Bunnpris, ja). Millom reolane hugsa eg at eg ikkje hadde pengar til å frotsa i frukt. Lommaboki låg jo heime. «Muh», sa eg til meg sjølv og såg til høgre. Der stod ein del varar, eg sjekka datoen på dei slik eg aldri gjer. Eg gav fort upp, er vel difor Børge finn so mykje gratis i butikkane – ingen andre gidd. Eg stod med ei nudelpakka i handa og vurderte um eg berre skulle leggja ho attende, eller um eg skulle sjå på datoen. Eg såg raskt på datoen; mars 2007. Hum. Det er umtrent eitt år sidan. Alle pakkone eg såg hadde den datoen. Wey! Eg fann noko som hadde gjenge ut på dato!

Botnpris-folki hadde fengje desse Toro Eggnudel-pakkone inn berre dagar fyrr. Sjølve datostemplingi var høgst truleg stempla feil. Det var mars 2008 det skulle vera. Jaja, bra for meg. Eg gjekk frå Botnpris med ei heil posa full av Toro Eggnudlar! Det verste er at dei er ganske dyre per stk. Hihi.

Det lønte seg visst å leggja lommaboki att heime.