Merkelapp-arkiv: Halvdugande

Eksponering og publisering berre for halvdugelege skular

I Stavanger Aftenblad den 20. desember kunne me lesa um og sjå utfalli av dei nyaste nasjonale prøvone. Diverre fær me ikkje heile sanningi i korkje datagrunnlaget eller i artikkelen som fylgjer med. Fleire skular er utelatne frå offentleggjeringi på grunn av for få elevar i ei av dei tri graderingsgruppone. Dette tyder fort fjerning av dei beste (og dårlegaste) skulane. Er det ynskjeleg å berre visa fram dei halvdugande skulane?

Sjå for deg ein skule med gode lærarar. Skulen klarar å lyfta brorparten av elevane upp til det beste nivået, med ein del att på millomnivå og eit par elevar som treng spesialuppfylgjing på botnen. Denne skulen som kannhenda fekk 65% bra, 30% medels og 5% dårleg hadde ikkje vorte med i offentleggjeringi av di skulen hadde for få dårlege elevar. Hæ? For dårlege elevar!? Kor tid vart det eit godt kriterium for å kåra «den beste skulen» i Aftenbladet? Me kann vera mot slike kåringar, men det er no slik utfalli frå dei nasjonale prøvone oftast vert tolka og brukt.

Den hevda grunnen til at skular med få dårlege (og få flinke) elevar vert fjerna frå listone er av omsyn til elevane i dei små gruppone. Eit edelt mål, men er det verkeleg naudsynt og fungerande? Eit tal for ein heil skule merkar ikkje ut einskilde elever. Um ein snok likevel etlar gjeta kven desse få elevane er, må han allereie vita kven som normalt ikkje gjer det bra på prøvor. Då veit han jo allereide det han vil vita og dei nasjonale prøvone vert ikkje ein inngangsport til denne informasjonen. So lengje einskilde prestasjonar er hemmelege vert snoken heller aldri heilt sikker.

So kvifor vert ikkje utfall frå alle, eller ingen, skular offentleggjort? Er det med vel vitande vilje at me framleis må leva i den norske halvdugleiken? Kor tid kann me endeleg sjå at det ikkje er noko galt i å vera flink, same um ein er skule eller elev? Tidi er inne for å kasta det pessimistiske og lite uppbyggjande målet um å vera halvdugande; me må oppfordra skular og elevar til å stræva um å verkeleg duga! Og for all del ikkje opna for sensurering av dei som er best!