Merkelapp-arkiv: Hår

Thailand dag 2, Bangkok

Me vakna ugudeleg tidleg for å vera med på ein utflukt. Etter me hadde runda det same kvartalet i ein time (eg tullar ikkje!) og plukka upp ymse folk starta me endeleg den tvo timar lange køyreturen.

Me vart kjend med Sharon frå Fillippinene, som me hang med resten av turen. Fyrste stopp var eit krigsminnemerke.

Plassen rundt soldatgravene var utruleg velstelt med imponerande grasklypping. Sjølve graset var rart og annleis frå normalen; store blad i staden for strå, og veldig mjukt.

Eg fekk storlyst til å springja nedyver den digre grasplenen, nett det me hadde vorte fortalt me ikkje måtte gjera. Er nok ein grunn til at dei må segja det; slike plassar fær meg berre til å vilja springja…

Eg leitte etter sjokolade, men fann ingen. Var ein del kjeks og eg kjøpte det næraste sjokolade eg fann. Altso Oreo-kjeks og sjokomjølk. Det er ti slike små minibasarar kvar hundrande meter i dette landet, ikkje ulikt Fillippinene. Eg reknar med dei ikkje kann ha noko sjokolade av di dei berre vil smelta og verta ekle.

Gaiden vår

Gaiden vår var ein vill thailendar som hadde ei utruleg høgfrekvent kvinnestemme (typ japansk) når han prata. Var litt vandskeleg å forstå alt. Han sa «priiis!» minst ein gong i kvar setning og eg forstod aldri heilt kva det eigentleg skulle tyda. «Now we go to museum, priiis! Only five minute drive, yes, priiis!».

Han vitsa med at Sharon var ekstrakjærasten min i tillegg til Helene. Me skulle visst vera «married tomorrow, yes, yes, priiis!». Han gliste stort, men varmt. Helene lurte på om det var eit stikk til alle europearane som kjem til Thailand og Fillippinene for å finna seg kone. Kann godt vera, sjølv um det seinare verka til å vera måten han vitsa på/flørta med. Han brukte det på fleire av jentone utyver turen. Heh, var ei uppleving det òg.

Me gjekk gjennom museet og ut på brui yver Kwai. På vegen traff me ein ekstremt kosete «katt» i tigerfamilien, som me klappa vel og lengje. Ho var vel litt mindre enn ein normalt hund. Kosta 100 bhat (~20kr) å taka bilete, so me gjorde det ikkje. Eg hadde jo heller ikkje noko kamera å taka bilete med.

Tog

Etter spaserturen yver Kwai-brui drog me vidare til ein togstasjon. Me skulle køyra på denne jarnbanestrekningi som japanarane fekk krigsfangane sine til å byggja. Då eg høyrde «death railway» trudde eg at det var ein kul, farleg bane. Men nei. Han heiter det av di fangane som jobba på banen daua som flugor av utmatting.

Togsettet likna litt på Flåmsbana-togsettene, berre her var vindaugene og dørene opne. Ahh! Opi dør! Eg hang ut døri på toget og hoppa av og på i fart på kvar stasjon me stoppa på.

Det vil segja; det tok litt tid fyrr eg turde i og med at eg var redd for å få kjeft. Det er ein av miljøskadone me veks upp med i Noreg der alt skal vera so helvettes dritsikkert av di ein og annan idiot klarar å skada seg ein gong kvart tiande år.

Kvifor skal me fjerna all gleda i livet grunna slikt? Eg likar det ikkje. Ikkje i det heile teke.

Same kva, i Noreg fær du fort kjeft dersom du hev det moro, so difor heldt eg litt att, men etter ei stund våga eg meir.

Billett

Sharon er pianolærar i Fillippinene og var ikkje lysten på å bruka pengar på tull. Då eg spurde um ho skulle ha vanleg eller «special» billett valde me vanleg til forskjell frå resten av gruppa.

«Special» gav deg reservert garantert sitjeplass og ein drykk med i prisen. Sharon kalla «regular» for «adventure ticket»; wooo, du veit ikkje um du må stå eller fær sitja!

Ho vann meg og Helene med den argumentasjonen. Dessutan ville me jo gjerne sitja med ho, trass i at 100 bhat (14kr) og 150 bhat (21kr) ikkje er store billettprisen same kva.

Det var godt me valte eventyrbillett av di me karra til oss ein superplass med ein gong.

Restaurant

Me hoppa av på stasjonen me skulle av på og køyrde til ein restaurant der me fekk mat.

Det viste seg at 6 av totalt 11 var vegetarianarar, altso dei fleste. Det var ikkje medrekna (eg sa frå um eg og Helene dagen fyrr, men trur ikkje den meldingi vart vidaresendt).

Dei tilsette måtte berre sjå på at det dei originalt hadde sett fram stort sett ikkje vart rørt, medan dei lagde til noko vegetarisk på kjøkenet.

Bambusrafting

Tid for bambusrafting, som er eit ekstremt smigrande ord på det å stå på ei bambusflåte ned ei elv med normal straum. Ganske langt frå det me tenkjer på som rafting (sokalla white water rafting). Ordet er sikkert teknisk sett korrekt, men likevel :P

Eg måtte gjera noko anna. Eg kledde av meg ned til boksaren litt usikkert, var mange religionar og folkeslag representert på turen. So hoppa eg uti og hang på flåta/symde attmed ho.

Vatnet var heilt brunt.
«We don’t have brown water in Norway,» sa eg. Vel, kannhenda det finst, men det er iallfall ikkje vanleg.
«You know where the brown come from?», sa jenta i eit nederlendsk par som var med på flåta.
«Sewers, probably,» sa eg av di det var det ho la upp til og ville høyra. So lo me litt alle saman.

Elefantar

Me hadde flyte ned til ei brygge der me gjekk opp ein bratt bakke. Eg gjekk berre i boksaren framleis og såg ganske teit ut, men han var jo våt.

Då me kom opp såg me elefantar. Eg, Helene og Sharon tok ein med ein babyelefant som Helene var mest interessert i.

«You have two girlfriends!?», sa han som tok bilete av oss då eg sat der idiotisk i boksaren min med armane bak Helene og Sharon.
«Yes, I do,» sa eg og smilte. Han fekk eit sjalu uttrykk i andletet.
«Oh, man, you’re a lucky man. Lucky, lucky…». Huh, det verkar som um han faktisk trur på det!

Eg kledde endeleg på meg etter elefantturen og kjende meg ikkje som ein premieidiot lengre.

Foss

Siste stoppen var det flauaste på heile turen; ein yverraskande stygg foss omtrent tom for vatn. Ein typisk bussturist-stad var det òg, utan at eg kunne sjå nokon grunn til at det skulle vera slik. Flaut. Me hev minst tusen betre fossar i Noreg.

Gjekk på do fyrr me drog. Dei tok ein blodpris på 5 bhat for kvar vitjing – og det var slike på-huk-dassar utan ljos, ravskite og med digre tønner med stilleståande myggklekkevatn.

Det var ein tri timar lang køyretur attende til Bangkok.

Taxi

Me hoppa av i ein rundkøyring. Der var ein taxisjåfør som var militant på prisingi med eit par australianarar eg vart kjend med i bussen. Me stoppa vår eigen taxi og sa «MBK, but with meter».

Det gjekk han ikkje med på grunna trafikkaos, og då me ikkje ville betala blodprisen honoms gjekk me berre utatt. Eg måtte stogga tri taxiar til fyrr eg fann ein ærleg ein.

Det kom på 80 bhat, ein stor del som gjekk til dei 15 minutta me stod og stanga i ein kø 1 minutt gåing frå MBK. Eg gav sjåføren med ein buddha på dashbordet 100 bhat og sa «Take all, you’re a nice honest guy».

Kamerakjøp. Igjen

Helene skulle til frisøren og bleika/farga håret, medan eg skulle sjå meir på kamera o.l.

Gøymd inni ei side av senteret (det er DIGERT) fann eg ein kjedebutikk med ålmenn elektronikk. Dei hadde faktisk fleire Fujifilm FinePix X100 att. Wow.

Eg fekk tilogmed prøva det. Då eg sa eg ville kjøpa kameraet ville seljaren visa meg eit anna kamera.

Ricoh GXR. Det hev mykje av den same innmaten, men her med utskiftbar optikk og sensor. Eg hadde so vidt lese um det tidlegare.

Richoen var veldig god i bruk og herleg å halda. Ein del enklare enn Fujien. Billegare òg.

Eg måtte lesa testar på dpreview.com. Det var 28mm f/2.5 med APS-C-sensor som var interessant. 50mm-en med brikke i DX-storleik (altso som Nikon D90) hadde nemleg vorte ein veldig dyr kombo.

Fokusskifte

Eg visste ikkje kva eg skulle gjera att. Helene var kjempeleid seg etter frisørvitjingi, so det vart ikkje høve til at ho kunne sjå på og hjelpa meg til å bestemma meg. Frisøren hadde øydelagd håret hennar meinte ho og det gjekk veldig inn på ho.

Ho trong mat for å hjelpa på humøret, tenkte eg, ikkje kamera. For å gjera det kjapt og smertefritt gjekk me på Pizza Hut. Igjen.

Denne gongen tinga me svær pizza, men klarte ikkjeeta upp av di me ikkje var like svoltne som sist.

Heimatt

Me klarte ikkje finna ein taxi som ville gå med meter etter me spurte 4-5 stykk, so då betalte me like godt 100 bhat for turen. Berre for å verta ferdig med det og koma oss heim.

Det var ein veldig, veldig fin dag. Utruleg lang, med ein bra slutt då me til slutt la oss etter å ha sett ein serieepisode på pcen.

Klippa hår, no er eg (endeleg) skalla

Ja, so var det endeleg gjort; håret er vekk. Rebecca lyt ikkje lesa vidare med mindre ho vil sjå bilete av det. Eg fekk fleire kompliment for det i går, og eg synest sjølv det er mykje herlegare utan hår – dessutan ser det betre ut. Eg tok skjegget òg.

Eg hev det med å skriva um når eg klypper håret; sist gong tok eg ikkje alt håret, men kutta det kort. Tvo månadar fyrr der vart eg klyppa på 16. mai av russ – det vart ikkje superfint akkurat. Eg er flinkare sjølv. Dessutan hev eg jo klypt soldat Espen sitt hår ganske kort.

Då Rebecca drog ut og eg hadde skikkeleg stått opp drog eg fram den tøffe hårklippemaskini eg fekk til jól. So var det berre å starta. Resultatet er her:

Odin med klypt hår, heilt skalla

Forresten ser eg endå tøffare ut i ekte live, og spesielt med skinn-jakka mi!!! :D:D:D

Espen er klar for krig igjen

Etter ein lang 10-dagars ferie frå krigsforbereding, må Espen tilbake. I denne tida har han latt u-krigslege ting skje; håret hev take overhand. Før han tek toget tilbake imorgon må det difor vekk. Hår er slemme greier i krig – generalane vil ikkje lata soldatane deira bli for lette bytte mot jentenes kjende torturmiddel. Nokon måtte jo gjera denne tunge jobben, og kven kunne vel ikkje gjera det meir perfekt enn meg, Odin!? :D

Sjååå, er han ikkje fin etter skamklippen? :D

Espen fekk seg ein hårklipp

Espen seier:

Yes! Klar for krig!

Frysande hårklipp

Dagen starta som ein elles normal dag. Pappa kom opp å hylte diverse tilfeldige ord medan han la inn diverse høvelege konspirasjonsteorier for å krydre opp. Denne gongen var det noko med 6000 kr, mat og kjellar. Eg hadde lagt meg 1 førdagen, veldig tidlig med andre ord. Likevel var det ikkje heilt greitt å stå opp; moro korleis dagen ville utvikle seg frå den elles normale starten.

Bra start, fem poeng

Eg seier at starten på dagen er då eg klårar dra meg ut av sengja for å skynde meg bort til datamaskina for å sjekke mail/msn-logg/slashdot og andre livsnødvendige ting (det er diverre eit ironisk utsegn ja, men det er ein type eg synest er OK – sjølv om ironi ofte blir missbruka i dag). Denne dagen var då starta. Eg venta at pappa kom opp igjen snart. Verka som ganske alvorlege skyldningar denne gongen. Hadde hadde ropa noko om kjellaren, men eg høyrde det såvidt (øyreproppar veit dykk).

Til slutt fekk eg tumla meg ned. Såg ut som om pappa hadde roa seg litt, hadde funne noko å drive på med. Heiv rundt på fryse mat. Stappa det inn i den lille isbit-frysaren vår. Me har tri frysarar. Ein til kjøtt, ein til bakevarar og is, pluss ein liten over kjøleskapet som blir brukt til isbitar og kjøleelement. Mamma var òg med. Jasså. Frysaren ja. Han var visstnok utan straum. Kor hendig.

Eit arsenal mat i fryserane. Liknande hamstringa somme gjorde før y2k. Kilovis av kjøtt, piroger, pizza og anna fortreffelig mat blei flytta. Mamma og pappa sleit med å finne plass å leggje det. Var litt ekstra plass i «kake, bakevarar, is og anna godt»-frysaren. Dessutan var jo den lille is-lagingsfrysaren nesten tom. No er han stappa så full at du ikkje kan opne døra utan å få heile innhaldet i hovudet. Kjøttfrysaren er derimot tom.

Kva tenkte eigentleg kjøttfrysaren på?

Korleis kunne det då hende at denne kjøttfrysaren plutseleg fann det for godt å blottleggje seg sjølv utan kabel fast planta i veggen? Kva får ein frysar til å take slike drastiske steg? Eg trur det er eit skrik om å bli brukt betre, meir effektivt. Eller kanskje det var avising han ville ha? Same kva, – kjøttfrysaren var stappa full av altslag kjempegod mat, og plutseleg måtte me ete kjempemasse av det på ein gong. Kanskje han hadde eit sosialt mål med kabeltrekkinga?

Det trur eg kan vere svaret. Sosialt mål. Nokre dagar tidligare snakka eg med frysaren, han bråka så fælt nett då me skulle filme i kjellaren. Me laga ein avtale. Var greitt for han å koble frå frysestresset dei timane det gjaldt. Trur han trong den pausa. Eg hjalp han ut med støpselet sidan det er enklere for meg; eg har meir erfaring. Då eg var i Oxford hadde eg laptopen med meg rundtom, då var det mykje kabelhax. I England har dei forresten utruleg teite støpsel, men det er ei anna historie. Då me var ferdig sat eg inn støpselet igjen. Frysaren var litt uroleg om eg verkeleg kom tilbake og hjalp han (hadde som sagt lite erfaring sjølv). Hadde prøvd å putte støpselet i sjølv, sa han. Var nemlig rett før eg gløymde det. Men eg kom heldigvis og hjalp han.

Eg lærte han like godt korleis han skulle gjere det; om han nokon gong trong det. Difor kan ingen klage på meg, eg lærte han opp! Er overtydd om at det var ei medviten handling frå han sjølv. Likevel hylte pappa vidare om kor mykje problemer eg skapte o.l. Eg haldt kjeft. Kva er vits i å vere sint? Nei. Eg gjekk heller ned og gjorde meg klår til å take over. Gjere alt arbeidet. Dei sat meg til å vaske kjøttfrysaren, som var full av is, vatn, blod anna ulumskheiter.

Hjalp kjøttfrysaren med den personlege hygiena

Æsj. Eg var litt skeptisk til blodet fyrst; men så fann eg ut at det berre er blod. Er jo trass alt noko eg har inni meg heile tida, masse av det òg. Eg sto bøgd over frysaren med hovudet nedi, strakk meg ned og byrja tørkje. Det såg ikkje ut til å ha nokon særleg effekt; som å putte ein klut ned i ei bøtte med vatn og flytte han ut på golvet. Når du vrir kluten kjem det utruleg mykje ut av han, men bøtta er jo like full. Eg fortsatte berre, måtte jo bli ferdig ein gong.

Ei god stund seinare var eg ferdig. Kald på fingrane. Utruleg kald. Var ikkje berre-berre å tørke opp i isvatn og kaste digre isflak over. Den siste delen var vanskeleg, var ikkje mykje isblodvatn med isbiter igjen, men var vanskeleg å få opp. Til slutt kom det opp. Så sa eg til frysaren at han ikkje burde gjere det igjen, sjølv om det eigentleg ikkje var noko stort problem for meg. Pappa stressa noko fælt, men eg heldt meg roleg.

Førebuing til horder av folk stormande inn dørane

Då eg kom opp var mamma og pappa i full gang med å invitere altslags folk. Det var mange biffer, kotelettar og lammelår som ikkje fekk plass i fryseinfrastrukturen nede no. Med ein frysar i streik fekk det store konsekvenser for kjøttinntaket ovanpå. Me trong hjelp til å ete alt. Falke blei sat til å fyre opp grillen, medan eg dekka bordet o.l. Til slutt kom det folk. Mange folk.

Me grilla og grilla. Fyrst var me 9 stk (eg dekka på), men så kom 3 til etterkvart. Me klåra ete opp ein del, men hadde rester igjen til dagen etter (og kanskje meir). Det var veldig koseleg. Me sat ute i fina vêre og åt. Då nokon undra korleis dette var ordna sa eg det var fiksa med å dra ut kontakten til frysaren. Visste dei ville vore skeptiske om eg sa sanninga (at det var frysaren sjølv som gjorde det). Eg sa eg hadde dratt ut kontakten frå frysaren for å få selskapet i stand. For å få masse god mat. For at mamma skulle lage to skogsbær smuldrekakar (omtrent som pai). Me fann ut det var ein veldig god måte å gjere ting på. Får gjenta det seinere.

Straff for påstått kabeltrekking

Kjende litt på stemninga. Var ganske koseleg. Men, hmm. Kunne jo vere nokon som var litt irriterte. Best å vere på den sikre sida; eg måtte straffe meg sjølv litt for å gjere det godt igjen. Vel, eigentleg ikkje. Men det er ein måte å koble dei to historiane denne dagen saman på. Så; touché. Ein anna svakheit med «straffa» er jo at det ikkje er staff, meir noko eg har hatt lyst til å gjere lengje; sommarklippen! Yess. Så, då dro eg fram Phillips-maskina for å gå over hovudet å fjerne nærast alt håret mitt.

Sidan eg har holdt på med dette innlegget kjempelengje, og har lova Monique å gjere det ferdig snart så hopper eg over alle klippe-detaljane. Det tok litt lengre tid enn eg hadde trudd. Espen kom. Han kom inn døra etter ei stund, etter han hadde ete kake med resten av folka som var på vitjing. Fekk han til å kvalitetssikre klippen. Så skylte eg ut håret og tok på meg klede slik at me kunne gå på kino.

Odin klippa håret. 1 skjegg og hår, 2 hår, 3 alt klippa

Som du ser på bilete så er eg heilt til venstre med hår og skjegg. Då ser eg snill og sympatisk ut (som eg vonar eg er). Det i midten har eg trimma skjegget. Då ser eg kanskje litt meir opptake av måten eg ser ut på (??), eg ser ikkje like mykje ut som ein Linux kernelhackar. Heilt til høgre har du meg slik eg ser ut no. Som ein ekte jævelunge. Det er meg no. Jævelunge. Offameg. Eg er ikkje så glad i jævelungar, menmen. Er herlig å ha ein slik klipp likevel. Godt om øyrane! :D

Køyretur til to timar pur kunst

Diverre hadde eg sløst vekk så mykje tid at meg og Espen ikkje kunne gå til byen for å sjå «Sin City». Synd. Me måtte køyre. Så me køyrde med. Såg filmen. Wow. Heilt utruleg bra. Skarpheiten, kontrastane, redigeringa, utsnitta, ljoset – alt saman var heilt knall! :D Eg blei seriøst forelska i den filmen. Ooh. Også så beintøft :p Tøft til å vere film, ja. Men ikkje ekte tøft, då. Historia var engasjerande, flott – men var likevel det tekniske og filmen i seg sjølv (som forteljerelement) som var det store for meg.

Me blei sittjande igjen for å sjå heile rulleteksten. Kvifor går eigentleg folk ut? Har dei så stor hastverk at dei ikkje klårar sitje 4 minutt ekstra å snakke om filmen medan ein ser rulleteksten og pustar ut? Nei, eg likar å sjå rulleteksten eg. Er kos. Fin musikk plar det vere òg. Trur ikkje Espen var like begeistra, men då me fann masse rare namn blei det litt meir interessant trur eg. Same kva, me hadde god tid.

Til slutt køyrde eg han heim. Punktum.

16 mai og ein hårklipp

Etter ein flott tid i badstua til Gaute drog det til Friheim. Grilling og musikk, samt masse russ og mindre kul alkohol stod for tur. Sjølvsagt ingen alkohol for meg, men dèt veit dykk jo! Eg hadde med saks, så eg fekk ein hårklipp. Elles traff eg og snakka ein del med Elisabeth Skatvedt som er hyggeleg medmålungdom på Hetland :)

Eg hadde med meg kameraet i dag. Det er alltid greitt med litt bilder – og sidan bilen var nær kunne eg leggje det fra meg òg. Noko eg aldri fekk gjort då – sidan eg dansa faktisk ikkje i dag. Eg fekk hårklippen ganske raskt, det lugga litt og alt var ikkje heilt bra. Men til slutt fekk eg ein staseleg hårklipp eg har hausta mykje god kritikk for. Dårleg omtale skal rettast til Anders Molland som kutta tett intill skallen – råttent gjort! Heldigvis fiksa Elisabeth Olsen det greitt opp sjølv om ho var full. Bra jobba :) No kan eg altså smykke meg med to knuter til i hatten.

HÃ¥rklipp, 16 mai.

Eg såg Elisabeth Skatvedt rett etter klippen, og gjekk bort. Ho går på same skule som meg, har same målform og stemmer same parti, likevel har eg ikkje snakka noko særleg med ho. Det er veldig synd. Heldigvis var ho like interessert i å snakke, så då fekk eg vekk den dårlige kjensla. Er ikkje moro å ikkje ha snakka med kule folk på skulen. Elisabeth er høgt oppe der blandt dei eg ser på som stilige, og difor måtte eg jo snakke med ho. Ein anna stilig ting er at eg har snakka med kjærasten hennar som bur i Oslo før eg snakka med ho! Kva er no oddsen for dèt!? :D

Me blei einige om å springe over bybrua nakne (det er trippelknute), men det blei visst ikkje noko av det. Eg prøvde å finne ho seinare, men det var vanskeleg. Trur ho drog. Same kva, eg er like lysten på å gjere det. Er ei enkel trippelknute. Er trass alt dei andre folka som ser på som får problemet – det er verre å sjå nakne folk enn å vere naken. Eller? :p Og forresten, kul sak eg ikkje fekk snakka med Elisabeth om – ho køyrer Linux! :D W00t! Det er kult! Ho er målungdom, sosialistisk ungdom, koseleg, kjekk å konversere med og ho køyrer Linux. Ærlig talt, kor kul går det ann å bli!? :D

Etter mange pølser (takk, kven no enn det var som hadde dei!) vimsa eg litt. Åt to pølser med Camilla J, det var utruleg koseleg. Etter det vimsa eg litt meir før ljoset gjekk. Musikken spelte framleis. Eg såg ikkje ein ting. Så gjekk det meir tid (eg veit ikkje heilt kor lenge) og musikken forsvann. Jaja. Då løyste det seg opp.

Gaute var mentalt vekk, drukke for mykje eller noko. Ikkje veit eg. Han satt saman med ein gut som sat å grilla buksene sine (sjå biletet). Han grilla dei av di dei var blaute sa han. Men eg trur han lika å sitje slik. Tor Eirik og gjengen hadde funne ei halvvegs dau jente og hjalp ho. Vonde folk som drikker seg så dritings. Ingen respekt til dei. Snilt av Tor Eirik å hjelpe.

Ein blåruss griller buksa si, medan Gaute er mentalt vekk foran bålet.

Eg såg Kine så vidt, prikka ho på ryggen eit par gonger; men anten så ignorerte ho det, eller så merka ho det ikkje :p Same kva, det var litt moro. Ville snakke litt med ho, men det gjekk visst ikkje. Hm. Så. Ville me dra, ja. Og det gjorde me, etter litt venting på at Teirik skulle få hjulpe jenta inn i ein taxi. Køyreturen heim var koseleg, me hadde fine diskusjoner. Tihi. – Så der var det! Eit kort resyme av kvelden. :)