Merkelapp-arkiv: Helene

Budapest

Eg og Helene var i Budapest i 2008. Helene ville attende ei helg, so me gjorde det.

Jolebutikken var der framleis. Ikkje vond var han å finna heller.

Me fann det som var på topp på tripadvisor, skytebane.

Veldig nøgd etter å ha skutt med Ruger.

Det var utruleg moro. Eg hadde ei av dei beste skyteskivene etter me var ferdige. Ikkje mykje bom. MP5 var truleg det mest treffsikre våpenet. AK47 gjorde vondt. Av pistolane forstår eg godt kvifor politiet brukar Glock, lett å bruka, lett å skyta. Likte nok best Bond sin PPK, liten og nett. Dirty Harry sin Magnum var båe tung og hadde ein fæl rekyl. :-)

Siste dagen gjekk me på fancy restaurant. Det var skikkeleg herleg, servitrisa var skikkeleg oppmerksam utan å vera irriterande. Var vel verd å eta dyrt berre grunna det. Maten var god nok den òg, men det var jo ikkje nokon veggishimmel. ;]

Eg skreiv ei restaurantmelding på tripadvisor

The people here are very nice. I didn’t feel rushed, the waiter was easy to talk to. I asked for non-alcoholic beer, and the way she handled her error when she came with the alcoholic version of the same was worth the visit in itself. I was so impressed. The food was good, it does say «vegetarian» here at tripadvisor, although with one vegetarian main course there was not an abundance of choice though. not that it as always needed.

The sushi was perfect, finally a place where the rice is just as important as the rest.

It was expensive, but we really liked it. Worth it ;-)

Det som var ganske moro var at eg spurde Helene om ikkje eg hadde fått hennar øl og omvendt. Eg tykte det var so rart at ølen hadde den kvasse ettersmaken som eg ikkje er glad i, det smaka rett og slett alkohol.

Etter eg hadde ete litt og tok ein ny sipp so såg eg på flaska, og det viste seg å ikkje vera den alkoholfrie eg hadde tinga. Servitrisa klarte ikkje å laga ein flau situasjon ut av det, som eg er mester i sjølv og eg prøver so godt eg kan å unngå det. Eg vert veldig utilpass . Ho skulle absolutt koma med ein ny (den skikkelege) og eg skulle ikkje betala.

Og ho oppførte seg heller ikkje rart etter det, altso type «å eg har gjort ein feil, no vart det rar stemning». Kjennest litt rart når eg skriv det, — men i nesten alle tilfelle i andre restauranter so hadde det fort vorte litt kleint og det var veldig forfriskande og overraskande at det ikkje vart det her. Ho beklaga seg akkurat nok òg, ein gong med ein gong og ein gong då ho hadde fiksa det.

Må vera noko magisk hokus-pokus dei berre lærer på high-end plassar, eller som dei vanlege plassane eg er viljug til å betala for ikkje brur seg med. Var jo eigentleg ikkje superdyrt heller, var normal (som i ikkje-billeg) restaurantpris i Noreg.

Elles tok me masse taxi, som me aldri har gjort før. Pla alltid ta offentleg transport for å spara pengar, men er vel blitt lat og litt rikare på åri. Var utruleg herleg å sleppa det stresset.

Alle var einige om at det hadde vore ein god tur. Eller, eg har ikkje spurt, men eg veit Helene hadde det moro. Det same hadde eg.

Kitty Karina på vitjing i Oslo

KK kom fredag kveld og var ein heil time forseinka, då flyet båe kom ein halvtime seint frå Oslo og brukte like mykje tid på å få ræva si ut lufthamn Stavanger, Sola. Til slutt kom ho fram utan batteri.

Me var trøytte og slitne, men spelte eit slag bønnespel medan me åt pizza.

Helene fekk gjort litt arbeid laurdag morgon og eg og KK vakna til ferdig frukost med varme rundstykker og egg.

Dagen brukte me ute, fleire ulike plassar rundt i Oslo. Eg hadde ein laptop eg fekk av Opera i sekken. Den hadde bestemt seg for å vera irriterande:

Er på shoppingrunde med Helene og KK, Opera-laptopen i sekken set av tjuverialarmar. Jækla flaut non stop :(

Me åt på Olivia, som var overdrive dyr og ikkje spesielt bra.

Vel heime spelte me Link Crossbow training;

Drog ut å prøva Link crossbow training på Wii i det lengste, men spelte endeleg m Helene og KK i dag. Moro! :D (eg vann samanlagt)

Etter frukost i dag spelte me meir :D

Ute regna det. Me sit på ein sjokoladekafé på grünerløkka no. :)

Etter det gjekk me til mathallen på Vulkan og kjøpte ost til mamma og pappa. På veg ditbort tok eg bilete av ein annan innsjø i vegbanen til Oslo. Dette er ned bakken frå Alexander Kiellands plass.

Tok litt video óg. Då gjekk diverre batteriet.

Fekk med oss ein vaffel på sundagsmarknaden på Blå før me drog heimatt. Det hadde vore få folk ute grunna det fæle vêret.

Pannekaker, filmregissør og flipperspel

Førre veke bada eg etter lunsjen på jobb, hadde ein filmregissør frå Romania på overnatting, inviterte ein ire på middag, hjalp Tone å flytta og spelte flipperspel på Bitraf.

Ionut

Det dumpa inn ein epost frå BeWelcome ein laurdags kveld. Ein filmregissør frå Romania var på ein filmfestival i Tromsø, men skulle vera to dagar i Oslo. Eg inviterte han heim til meg sidan Helene var vekk og eg godt kunne trengja litt selskap på kveldene.

Me var oppe til seint på kveld og prata båe dagane. Han var overraska over at eg var ein sopass relevant vert, sidan han trudde eg berre dreiv med IT. Lite visste han om mitt faderlege opphav og ymse filmprosjekt eg har fått vera med derifrå.

Eg likte Ionut utruleg godt og må vel truleg få vitja han når eg dreg til Romania ein gong. Elles fekk eg kjempelyst til å laga meir video/film att etter eg prata med han. So fær me sjå om det vert noko då, skortar jo litt på utstyret og ikkje minst vilja til å bruka ufri programvare…

Bading

Lachlan med Opera i bakgrunnen, eg med akerselva i bakgrunnen. Fått meg ein liten kakaovom, ja.

Eg har lengje sett ut på Nydalsvatnet frå kontorplassen min og fått lyst til å ta meg ein dukkert. Plutseleg kom enno ein soldag klemt mellom regnversdagane og eg var uti. Lachlan vart med slik at eg ikkje var åleine. :)

Middag

Ionut var forsovidt fyrste vitjinga eg har hatt i nye bustaden til meg og Helene, men gsnedders var andre. Ein utruleg koseleg fyr som kan hinsides mykje om absolutt alt. Eg var ganske ubesluttsom, so gsnedders fiksa like godt ein god kinesisk middag til oss. Eg reknar med å laga det same i lange tider frametter, enkle, billege, gode greier.

Fredagsøl

Opera har slik fredagsøl. Eg har ikkje gått i det siste. Etter kl. 17 på fredagar so fær eg alltid gjort so sjukt masse, kjem inn i ein skikkeleg god arbeidsstim, og plutseleg er klokka 21 og eg er heilt åleine att. Vel, min taskteamkamerat João held ofte ut like lengje.

Denne gongen kom derimot gsnedders og henta meg, so då la eg ned det sers produktive arbeidet mitt likevel. Han skulle jo heim i helga. Me stakk ned på Alexander Kiellands plass og drog på Kabash eller kva det namnet no var. God hummus.

Eg og Lachlan og Swetank fann ut at me skulle hoppa i strikk dagen etter. Heilt til me fann ut det var på Rjukan, so me må nok utsetja det ei helg eller to.

Flipper

Ikkje delfinen, men nesten like bra; me har fått oss flipperspel på Bitraf. Det er eigentleg Teknisk Museum sitt, dei skal laga eit spel for å læra folk om fotosyntese. Flipperspelet er på Bitraf no fordi den einaste flipperspelreperatøren i Noreg likte hackerspacet vårt so godt at han like godt kunne fiksa ting der. Veldig kult for oss som får flipperspel til avveksling frå alt det andre me gjer.

Flytting

Tone var ein absolutt engel og kom med bil slik me fekk kjøpt båe eit digert skåp og ein sofa frå Finn (netsida, ikkje personen; personen var ei ho, og ho var svensk). Når folk hjelper til med flytting so tener dei flyttekredittar, so det var sjølvsagt at eg skulle hjelpa til motsett veg. Dessutan so er det eigentleg ganske moro å flytta, spesielt når eg ikkje er den som må gjera det.

Diverre vart det total fiasko for min del. Eg spelte flipperspel på Bitraf til langt på natt og stod opp lovleg seint dagen derpå. Starta å vaska buret til Skorpus (koserotta vår) og lagde meg frukost medan eg høyrde på radio. Lite hugsa eg om avtalar lagt tidlegare i veka.

Eg kom to timar for seint. Som var superflaut. Heldigvis fekk eg hengd opp to bilete i minsto. I tillegg til at eg stod og såg på at Eva bygde hyller medan eg lata som om eg var nyttig på nokon som helst måte. Jaja. Koseleg var det no. Tone kjøpte tilogmed pizza til oss.

Pannekaker!

Lachlan og kjærasten (Irina) hadde invitert til pannekakebrønsj. Det var 15. Eg synast eg var litt seint ute, men bysykla kjapt opp.

Eg var fyrste person som kom, 15.05. Det tok god tid før nummer to og tri kom. Alle var par, og eg var jo eigentleg invitert i par eg òg. Heldigvis klarte eg fort å gløyma det, sjølv om me til slutt var 4 par og ein meg.

Lachlan laga forresten slike proffe pannekaker på ei stor takke og med alt utstyret dei som lagar pannekakar heile dagen har. Eg åt fyrst ost og tomat, so åt eg nutella, banan og jordber.

Ein av dei på brønsjen flyg med slik paraglider. Dagen før hadde han flydd 45 minutt. Det er eit kurs ein gong i året i Hemsedal. Det kostar 9000 og det skal eg gjera. Etter eg er kvitt lånet iallfall. :(

Parprogrammering

Eg parprogrammerte m.a. innmeldingssystem for Bitraf saman med mortehu. Dvs. mortehu programmerte og eg såg for det meste på, som eg sa på identi.ca.

Såg òg Expendables. Skikkeleg dårleg film. erikberg og mortehu gjekk før meg, men eg var kjapt etter 23.45 eller noko. Eg såg at eg hadde berre lukka to av fire vindauge. Kom meg ikkje innatt, ingen batteri på mobilen (brukar mobilen til å opna ytterdøri).

Spurte ein tilfeldig fyr som budde i nabolaget om å låna mobilen honoms. Eg brukte den til å opna ytterdøri, springa inn og lukka vindaugi. Det kjentest bra. Fyren vart imponert over systemet vårt for døropning. Det er eg òg forsovidt.

So var veka slutt

Elles sat eg på do i laupet av veka og skræmde vítet av meg sjølv då eg trudde ein dverg stod og såg på meg frå gangen. Eg tenkte å skriva om det på identi.ca men spørst kva du skal utsetja folk for. Her på bloggen kjem no folk i minsto friviljug…

No er det tysdag. Måndag såg eg film, i dag jobba eg berre, og oppdaterte bloggen på fyrste gong på alt for lengje. I morgon kjem Helene attende. Gler meg til det.

Vaflar og loppemarknad

Det er vår og det er helg. Sjølvsagt har Helene då drege meg med på loppis.

Det eg plar gjera på loppemarknad er å eta vaflar.

Lilleborg skole

Æææææsj! Det ligg fira mørkebrune og stive vaflar på eit fat. Dette fatet brukar òg alle til å mellombels setja frå seg ting når dei finn fram pengar.

To vaflar vert solgt. Eg gløttar inn på kjøkenet og ser noko vaffelrelatert aktivitet.

Sit meg for å venta på dei nye vaflane. Ventar. Ventar. Og ventar. Nei, ingenting!

Tja, fær like godt berre gå då. Nett då legg dei ut to vaflar til på fatet. Det var jo ein haug ute på kjøkenet!? Kvifor berre desse to?

Eg kjøper ei. Tjue kroner. Verkar veldig dyrt basert på fyrsteinntrykket.

Vaffelen er utruleg stiv, han er kald og tynn. Alt for hardt stekt og med ein ekstrem dose smør. Nei, smør er ikkje bra her. Det gjer vaffelen ekkel og feittete. Og meir brun.

Og kvifor tok dei inn to gamle feil-steikte drittvaflar når dei hadde ferske inne på kjøkenet (sjølv om dei sikkert var feilsteikte dei òg)!?

Ein av dei dårlegaste vaflane eg har smakt. Om ikkje den verste. Det er ikkje dette loppemarked er til for!

Sagene skule

Her kostar dei femten kroner, trass i at dama tok mine 25kr og trudde ho var ferdig med jobben sin. Fekk sjølvsagt tiaren min etter eg jakta ho ned att og fortalte kvar landet låg ;)

Desse vaflane var fyldige og tilogmed litt varme. Langt i frå rett frå jernet slik eg lagar dei, men ein positiv overrasking etter å berre ha sett det triste fatet på bordet.

Vaflane her smakar godt òg. Dessutan, kva er det eg kjenner ein smak av? Jo, kardemomme! Ekstrapoeng! Dei hadde sikkert vore ganske bra dersom dei var rett frå jernet.

Sagene mangla i tillegg rjome (som Lilleborg òg sjølvsagt hadde gløymd). So, godt forsøk: de kan nesten vaflar, de er nesten der!

Smestad skule

Kva med vestkanten då? Dei må no få det til?

Det regnar på vestkanten mot den varme soli på austkanten. Eg tingar to vaflar, dama gjev meg ein firar som ser heilt slapp, sveitt og samanklemd ut, og ein seksar i betre form.

Firaren smakar som han ser ut, fælt. Alt for mykje egg er det òg i han. Det er som å eta ei gummihanske.

Seksaren er kald og har òg vore litt for generøse med eggi, men det ligg ein god vaffel gøymd inni der dersom dei berre ikkje hadde laga dei eit par timar før servering.

Det er tydelegvis forskjellege foreldre som har laga vaflane her. Ei forelder som kan laga røre, og ein som ikkje kan. Smestad klarte altso heller ikkje å levera ferske vaflar.

Desse kosta òg tjue kroner som monsteret frå Lilleborg.

Konklusjon

Det er ikkje vandskeleg å laga vaflar. Loppemarked plar få det rett. Mykje av grunnen til at det er moro å labba etter Helene rundt på alle desse skulane er jo nett det at eg kan trykkja vaflar i trynet utan stort å klaga på. Normalt er det alltid nokon som står til toppkarakter, so eg vart overraska over det låge nivået.

Sagene hadde mykje gåande for seg og var absolutt veldig bra, men ikkje perfekt. Prisen trekk sjølvsagt ikkje ned heller. 15 er fint, 20 er greit. 10 er bra, 25 er for mykje.

Eg er jo ein vaffelhelt sjølv om eg fær segja so. Har steikt mangfaldege liter gratis nynorskvaflar for Studentmållaget i Bergen, godt hjulpe av mitt vaffelsuperstar-team.

Eigentleg må du berre passa på å steika vaflane medan du sel dei. Pluss pass på eggene, ha litt kardemomme i og ha vaffeljern som lagar tjukke vaflar.

På sundagsmarknaden på blå er det ei dame som gjer det heilt perfekt, og då er prislappen på 25 kr leveleg.

Jaja, betre loppis-lukke neste gong!

Hussjåing

Eg og Helene var ute på visning i dag. På nedre, kanten av og øvre Grünerløkka.

Me såg på tri bustadar.

Det var ganske moro å sjå dei same folka koma på alle visningane.

Den siste bustaden var veldig nært båe Bitraf og Opera. Me hadde mått ut med 1.2mill for den. Soverommet var alt for lite då, senga vår hadde nesten ikkje fått plass.

Helene på visning i siste huset på øvre Grünerløkka

Utpå dagen gjekk me til Bitraf og åt pizza. Eg sit her framleis.

Skal forresten kjøpa ny datamaskin.

Thailand dag 2, Bangkok

Me vakna ugudeleg tidleg for å vera med på ein utflukt. Etter me hadde runda det same kvartalet i ein time (eg tullar ikkje!) og plukka upp ymse folk starta me endeleg den tvo timar lange køyreturen.

Me vart kjend med Sharon frå Fillippinene, som me hang med resten av turen. Fyrste stopp var eit krigsminnemerke.

Plassen rundt soldatgravene var utruleg velstelt med imponerande grasklypping. Sjølve graset var rart og annleis frå normalen; store blad i staden for strå, og veldig mjukt.

Eg fekk storlyst til å springja nedyver den digre grasplenen, nett det me hadde vorte fortalt me ikkje måtte gjera. Er nok ein grunn til at dei må segja det; slike plassar fær meg berre til å vilja springja…

Eg leitte etter sjokolade, men fann ingen. Var ein del kjeks og eg kjøpte det næraste sjokolade eg fann. Altso Oreo-kjeks og sjokomjølk. Det er ti slike små minibasarar kvar hundrande meter i dette landet, ikkje ulikt Fillippinene. Eg reknar med dei ikkje kann ha noko sjokolade av di dei berre vil smelta og verta ekle.

Gaiden vår

Gaiden vår var ein vill thailendar som hadde ei utruleg høgfrekvent kvinnestemme (typ japansk) når han prata. Var litt vandskeleg å forstå alt. Han sa «priiis!» minst ein gong i kvar setning og eg forstod aldri heilt kva det eigentleg skulle tyda. «Now we go to museum, priiis! Only five minute drive, yes, priiis!».

Han vitsa med at Sharon var ekstrakjærasten min i tillegg til Helene. Me skulle visst vera «married tomorrow, yes, yes, priiis!». Han gliste stort, men varmt. Helene lurte på om det var eit stikk til alle europearane som kjem til Thailand og Fillippinene for å finna seg kone. Kann godt vera, sjølv um det seinare verka til å vera måten han vitsa på/flørta med. Han brukte det på fleire av jentone utyver turen. Heh, var ei uppleving det òg.

Me gjekk gjennom museet og ut på brui yver Kwai. På vegen traff me ein ekstremt kosete «katt» i tigerfamilien, som me klappa vel og lengje. Ho var vel litt mindre enn ein normalt hund. Kosta 100 bhat (~20kr) å taka bilete, so me gjorde det ikkje. Eg hadde jo heller ikkje noko kamera å taka bilete med.

Tog

Etter spaserturen yver Kwai-brui drog me vidare til ein togstasjon. Me skulle køyra på denne jarnbanestrekningi som japanarane fekk krigsfangane sine til å byggja. Då eg høyrde «death railway» trudde eg at det var ein kul, farleg bane. Men nei. Han heiter det av di fangane som jobba på banen daua som flugor av utmatting.

Togsettet likna litt på Flåmsbana-togsettene, berre her var vindaugene og dørene opne. Ahh! Opi dør! Eg hang ut døri på toget og hoppa av og på i fart på kvar stasjon me stoppa på.

Det vil segja; det tok litt tid fyrr eg turde i og med at eg var redd for å få kjeft. Det er ein av miljøskadone me veks upp med i Noreg der alt skal vera so helvettes dritsikkert av di ein og annan idiot klarar å skada seg ein gong kvart tiande år.

Kvifor skal me fjerna all gleda i livet grunna slikt? Eg likar det ikkje. Ikkje i det heile teke.

Same kva, i Noreg fær du fort kjeft dersom du hev det moro, so difor heldt eg litt att, men etter ei stund våga eg meir.

Billett

Sharon er pianolærar i Fillippinene og var ikkje lysten på å bruka pengar på tull. Då eg spurde um ho skulle ha vanleg eller «special» billett valde me vanleg til forskjell frå resten av gruppa.

«Special» gav deg reservert garantert sitjeplass og ein drykk med i prisen. Sharon kalla «regular» for «adventure ticket»; wooo, du veit ikkje um du må stå eller fær sitja!

Ho vann meg og Helene med den argumentasjonen. Dessutan ville me jo gjerne sitja med ho, trass i at 100 bhat (14kr) og 150 bhat (21kr) ikkje er store billettprisen same kva.

Det var godt me valte eventyrbillett av di me karra til oss ein superplass med ein gong.

Restaurant

Me hoppa av på stasjonen me skulle av på og køyrde til ein restaurant der me fekk mat.

Det viste seg at 6 av totalt 11 var vegetarianarar, altso dei fleste. Det var ikkje medrekna (eg sa frå um eg og Helene dagen fyrr, men trur ikkje den meldingi vart vidaresendt).

Dei tilsette måtte berre sjå på at det dei originalt hadde sett fram stort sett ikkje vart rørt, medan dei lagde til noko vegetarisk på kjøkenet.

Bambusrafting

Tid for bambusrafting, som er eit ekstremt smigrande ord på det å stå på ei bambusflåte ned ei elv med normal straum. Ganske langt frå det me tenkjer på som rafting (sokalla white water rafting). Ordet er sikkert teknisk sett korrekt, men likevel :P

Eg måtte gjera noko anna. Eg kledde av meg ned til boksaren litt usikkert, var mange religionar og folkeslag representert på turen. So hoppa eg uti og hang på flåta/symde attmed ho.

Vatnet var heilt brunt.
«We don’t have brown water in Norway,» sa eg. Vel, kannhenda det finst, men det er iallfall ikkje vanleg.
«You know where the brown come from?», sa jenta i eit nederlendsk par som var med på flåta.
«Sewers, probably,» sa eg av di det var det ho la upp til og ville høyra. So lo me litt alle saman.

Elefantar

Me hadde flyte ned til ei brygge der me gjekk opp ein bratt bakke. Eg gjekk berre i boksaren framleis og såg ganske teit ut, men han var jo våt.

Då me kom opp såg me elefantar. Eg, Helene og Sharon tok ein med ein babyelefant som Helene var mest interessert i.

«You have two girlfriends!?», sa han som tok bilete av oss då eg sat der idiotisk i boksaren min med armane bak Helene og Sharon.
«Yes, I do,» sa eg og smilte. Han fekk eit sjalu uttrykk i andletet.
«Oh, man, you’re a lucky man. Lucky, lucky…». Huh, det verkar som um han faktisk trur på det!

Eg kledde endeleg på meg etter elefantturen og kjende meg ikkje som ein premieidiot lengre.

Foss

Siste stoppen var det flauaste på heile turen; ein yverraskande stygg foss omtrent tom for vatn. Ein typisk bussturist-stad var det òg, utan at eg kunne sjå nokon grunn til at det skulle vera slik. Flaut. Me hev minst tusen betre fossar i Noreg.

Gjekk på do fyrr me drog. Dei tok ein blodpris på 5 bhat for kvar vitjing – og det var slike på-huk-dassar utan ljos, ravskite og med digre tønner med stilleståande myggklekkevatn.

Det var ein tri timar lang køyretur attende til Bangkok.

Taxi

Me hoppa av i ein rundkøyring. Der var ein taxisjåfør som var militant på prisingi med eit par australianarar eg vart kjend med i bussen. Me stoppa vår eigen taxi og sa «MBK, but with meter».

Det gjekk han ikkje med på grunna trafikkaos, og då me ikkje ville betala blodprisen honoms gjekk me berre utatt. Eg måtte stogga tri taxiar til fyrr eg fann ein ærleg ein.

Det kom på 80 bhat, ein stor del som gjekk til dei 15 minutta me stod og stanga i ein kø 1 minutt gåing frå MBK. Eg gav sjåføren med ein buddha på dashbordet 100 bhat og sa «Take all, you’re a nice honest guy».

Kamerakjøp. Igjen

Helene skulle til frisøren og bleika/farga håret, medan eg skulle sjå meir på kamera o.l.

Gøymd inni ei side av senteret (det er DIGERT) fann eg ein kjedebutikk med ålmenn elektronikk. Dei hadde faktisk fleire Fujifilm FinePix X100 att. Wow.

Eg fekk tilogmed prøva det. Då eg sa eg ville kjøpa kameraet ville seljaren visa meg eit anna kamera.

Ricoh GXR. Det hev mykje av den same innmaten, men her med utskiftbar optikk og sensor. Eg hadde so vidt lese um det tidlegare.

Richoen var veldig god i bruk og herleg å halda. Ein del enklare enn Fujien. Billegare òg.

Eg måtte lesa testar på dpreview.com. Det var 28mm f/2.5 med APS-C-sensor som var interessant. 50mm-en med brikke i DX-storleik (altso som Nikon D90) hadde nemleg vorte ein veldig dyr kombo.

Fokusskifte

Eg visste ikkje kva eg skulle gjera att. Helene var kjempeleid seg etter frisørvitjingi, so det vart ikkje høve til at ho kunne sjå på og hjelpa meg til å bestemma meg. Frisøren hadde øydelagd håret hennar meinte ho og det gjekk veldig inn på ho.

Ho trong mat for å hjelpa på humøret, tenkte eg, ikkje kamera. For å gjera det kjapt og smertefritt gjekk me på Pizza Hut. Igjen.

Denne gongen tinga me svær pizza, men klarte ikkjeeta upp av di me ikkje var like svoltne som sist.

Heimatt

Me klarte ikkje finna ein taxi som ville gå med meter etter me spurte 4-5 stykk, so då betalte me like godt 100 bhat for turen. Berre for å verta ferdig med det og koma oss heim.

Det var ein veldig, veldig fin dag. Utruleg lang, med ein bra slutt då me til slutt la oss etter å ha sett ein serieepisode på pcen.

Helene boksar seg til blods

Eg møter Helene på den lokale Mega-butikken vår. Det regner ute og ho finn meg i butikken.

«Du veit, når du er, på måndagar, på cha-cha-cha, kva gjer eg?» fortel ho, klårt uppspelt og engasjert.

Ho dreg nevene opp til andletet mitt. Ho hev eit kvadratcentimeter stort sår på den eine knokkelen, og tydeleg vridd, skada hud på den andre handa. Ho gliser frå øyra til øyra. «Sjå!»

«Medan du er på cha-cha-cha, so boksar eg i stykkar boksebagar! HA! So KULT!», held ho fram. Berre eg som detekterer skjult dissing av dans inni der?

«Det er no ikkje cha-cha-cha på måndagar, då, det er no swing,» mumlar eg i skjegget mellom setningane hennar. Ho høyrer ikkje etter.

«Dette må du skriva om på netsida di, ‹medan eg dansar cha-cha-cha, gjer Helene kickboksing og boksar livskiten ut av kroppen sin på ein boksebag!›, tenk so kult!», avbryt ho meg. Tydelegvis er dette noko ho hev tenkt på ei stund.

Eg er ikkje overtydd. Dette er langt frå fyrste gong Helene hev idear til ting eg absolutt berre skriva um. Dei handlar stort sett om ho, og vinklingi hennar er alltid veldig positiv for hennar del. Eg kann ikkje hugsa å nokon gong ha skrive eit slikt innlegg ut som frå min eigen munn.

Ein annan gong Helene visste akkurat kva eg skulle skriva so skreiv eg det like greitt rett ut slik ho sa det, sitert av ho. Hev gjort liknande fyrr òg, men fann dei ikkje nett no.

So kannhenda burde eg byrja skriva desse fast. Kvar veke kjem ho nemleg med noko slikt. Noko ho meiner eg bør skriva på sida mi, og det handlar alltid om ho.

So vert det kannhenda eit par uppdateringar her att, dersom Helene kjem med nye ting å skriva um. :-)

PS: Dette er innlegg nr. 500. :-)

Fyrste arbeidsdag på VilVite med Bevar Hardanger

Sidan eg ikkje hev uppdatert på ei stund lyt eg skriva eit superlågterskel-innlegg; eit eg fær ferdig i ein sitt: kva hev eg gjort denne veka?

Jo. Måndagen starta friskt. Eller, det trur eg ikkje. Eigentleg hugsar eg ikkje måndagen, so eg fær starta i dag heller.

Onsdag

Onsdagen starta friskt. Helene hadde sett radioalarmen hennar på grytidleg. Den same radioalarmen ho var veldig misnøgd med til jol, av di han ikkje laga ljod som ein hest. Ho hadde vitterleg skrive «vekkeklokke som lagar hesteljod» på ynskjelista, og ikkje «billeg radioalarm frå Clas Olhsson». Velvel, ho fekk det siste. Eg anar ikkje kvar eg fær hesteklokker. Den radioalarmen skulle visstnok rett attende til Clas med fyrste tog.

Slik gjekk det tydelegvis ikkje iom. at båe eg og Helene vakna roleg (etter eg hadde slege ned den fæle, alt-for-høge ljoden) til P3 Morgon. Eg trur Helene eigentleg ville at eg skulle slå av maskina, men eg lot som um eg trudde ho meinte slå ned, noko eg heller ville.

Eg og Helene søv gjerne til 14-15 tidi viss me slår av alarmen.

Nemleg.

Men i dag stod me altso upp fyrr 8. Det vil segja, Helene stod upp fyrr 7-ish, og eg litt etter å. So til saman vert vel det iallfall fyrr 8.

Same kva. Me var oppe. Helene stakk ut, etter litt. Eg åt litt frukost (som berre var havregryn i varmt vatn) og sendte eit par epostar i ymse sinnelag båe hist og pist. Når epostboksen var tom og rein (ulese = 0, altso, ikkje rein-rein, det er vandskeleg det), byrja eg so smått å dra meg til VilVite-senteret.

Det vil segja, eg gjekk kjapt til VilVite. Det var framleis myrkt, og eg måtte (vel, måtte ikkje, men, spara tid lixm) gå gjennom Nygårdsparken der rusmisbrukarane i Bergen held til. Dei er jo eigentleg ikkje særleg skumle, men eg vert litt råka og redd av og til lell. Er ikkje frå austkanten akkurat eg.

Eg var framme litt over 9, der traff eg Audun Klyve Gulbrandsen((Frå no av tek eg vekk den ekstreme etternamnsnemningi, eg likar å nemna etternamn, men det a) ser dumt ut, og b) er usikker på um folk likar det (PS: Eg elskar når folk nemner meg med fullt namn, enklare å finna att på Google då :P) )). Etter ein kort arbeidsøkt kom Vigdis 1, Geir 2 og Nils Petter 3 frå Phantom Film (det er vel namn du kjenner godt, pappa).

Dei tok med seg eit HMI-ljos (supersterkt ljos som ofte brukast som «sol» eller dagsljos i film). Det heile var veldig interessant, eg lurte på korleis Nils Petter skulle bruka den på det vesle, innenstengde kontoret. Han sa han var nok truleg litt i overkant optimistisk der, ja. :-)

Og so byrja dei å filma på dokumentaren sin.

For å forklara kvifor eg er der. Audun er dagleg leiar i Bevar Hardanger, som jobber mot luftspennet av høgspentmastene i Hardanger. Dei treng litt ymse teknisk hjelp (netsider, epost, du-nemner-det) fram mot publiseringi av eit par utredninger om kraftlinene. Difor spurte Audun um eg kunne hjelpa til. Og det var det jo veldig moro å verta spurt um.

So difor var eg altso der på kontoret. Og Vigdis og gjengen var der for å laga dokumentar om kraftlinemotstanden:

Kampen om Hardanger Filmskaper Vigdis Nielsen vil med denne dokumentarfilmen komme nær innpå noen av de sentrale motstanderne av kraftlinjeutbyggingen.

Sidan dette er ein dokumentar, er det høg sjangs for at eg vert klypt ut, men utruleg moro å vera med lell. :-)

Dei brukte forresten Canon 5D Mark II til å taka upptaki. Det såg allereide fantastisk ut der og då, eg er sikker på at det vert ein visuelt utruleg fin dokumentar.

Etter eit par timar hardt arbeid der, gjekk eg heim og traff Helene. So bar eg ein bag ho meinte var tung til jernbanestasjonen med ho (utan problem, vel og merke ;-) ) fyrr eg gjekk attende til andre sida av haugen for å halda fram med arbeidet.

Eg sat saman med Erlend 4 mykje av dagen. Audun kom på kvelden att.

Det var ein veldig god arbeidsdag. Eg fekk gjort veldig mykje. Ikkje i tal-på-ting, men i arbeidsmengd ;-)

Eg skulle so på dansekurs, Standard- og latin Vidare kurs 1. Eg drog heim, fylte flaska og drog der.

Eg var ikkje særleg flink, men me var sopass få gutar at eg trur det gjekk greitt likevel. ;p

Åt ein falafel, vart yverraska yver at det framleis var so tidleg (21) og arbeida litt for SmiB på SmiB-kontoret.

So gjekk eg ut og tok 15 bilete av månen, av di eg lovte ei dama frå CouchSurfing at eg skulle gjera det i dag (huh?).

Og no sit eg på Kvarteret og her stengjer dei no. So no må eg gå. Ja, so det var i dag. Dei andre dagane fær berre gå i gløymeboki… :-)

  1. Nielsen []
  2. Netland []
  3. Devold Midttun []
  4. A. Horn, han jobbar saman med Audun med masse praktisk og strategisk. []

I Portland, Oregon

No er me (endeleg? :P) ute av California, og hev byrja den korte turen vår til Oregon. Etter det er det upp til Washington kor me skal vera litt lengre.

Portland verkar som ein veldig koseleg by. Han er mykje meir europeisk enn byane i California. Kollektivtransport er gratis i sentrum her! Flotte greier. Dei hev òg 4 forskjellege kollektivsystem på ein billett. Trikkane (MAX, einaste me hev teke so langt) er moderne og er fulle av skikkelege folk. Med andre ord, ikkje berre uteliggjarar og kjeltringar slik me fekk erfara i Los Angeles.

Helene sit og lagar rekneskap av kvitteringane våre dei siste dagane. Det trengst for å få litt yversikt att.

I natt tok me nattbussen frå San Francisco til Portland. Det var som nattbussar flest, ikkje særleg godt, men likevel betre enn venta. Eg fekk sove ein 3-4 timar i slutten av di eg fekk to sete for meg sjølv. Me tok dei verdskjende Greyhound-bussane. Me stoppa ein time eller so i Sacramento òg, so fekk teke ein bitteliten tur der.

Me skal sova hjå ein Tyler i natt og neste natt. Etter det er det TOG upp til Seattle, det tek ikkje meir enn 3,5 timar iom. at Portland er ganske langt nord i Oregon.

Kajaktur i Lake Tahoe

Me er ved USA sin nest største innsjø, den djupaste dei hev her trur eg. Det er eit skikkeleg flott område, minner meg um Noreg – som må vera eit ganske godt kompliment. ;-)

Nett no bur me med Eric og dei 3 andre i kollektivet. Dei er alle saman skikkeleg kule og venlege. Me hev for det meste funne på ting sjølv, men i går, medan Helene endeleg fekk sjekka eit par bøker til masteren sin, so spelte me kort. «Shithead,» som eg vann godt i, og «Nerf» som er veldig likt det kortspelet me speler i Noreg som ikkje hev nokon ventetid (nokon må hjelpa meg med namnet her). Eg var heilt elendig i Nerf, nett som normalt med det liknande spelet i Noreg. Forskjellen er at i Nerf brukar du vanlege kortstokkar og alle legg kabal på sitt eige felt i tillegg til å leggja kort ut på bordet.

Me lo mykje den kvelden der. Etterpå gjekk me til boblebadet og badstua og prata um krig og afghanistan og pengar og universitet og slik ;-)

Få uppdateringar på netsida

Helene starta dagen med Pilates (etter me hadde ete Oatmeal med kanel 1 ), og eg sat på pcen og skulle skriva til netsida.

På biletet er eg i San Francisco, slik eg normalt ser ut framfyre pcen — alt for lite pctid på meg her på reise. :P

Eg måtte berre fiksa ein del CouchSurfing-ting fyrst, og plutseleg hadde heile timen gjenge. Slik hev det vore heile tidi. Den vesle PC-tidi me hev hatt (og avogtil ikkje so liten helder!) gjeng berre til å finna kvar me skal sova dei neste dagane. Då me budde i West Hollywood hjå Adam (som ingen veit um, det er jo superlengje sidan me skreiv noko!), kunne me hatt tidi til det – men me hadde berre so fullt program med Adam heile tidi at me berre ikkje fekk det til.

Me må få skrive um resten av turen òg, men då treng me ein helder lang pause der det ikkje skjer noko stort og me ikkje treng gjera so mykje på CouchSurfing.

Eit godt tips, viss du vil vita um me er i live, og kva me driv med, so kann det vera lurt å sjekka referansane på CouchSurfing-profilen min, der skriv av og til folk um møtene våre. Viss du ikkje er medlem, so må du trykkja på personane som hev skrive um meg for å sjå kva eg hev skrive um dei. Av ein elder annan grunn ser du berre alt når du er logga inn.

Forrigår, til Tahoe

Me starta turen vår på IKEA i Berkley, kaupte ein heil pizza til $9, sers billeg. God var han òg.

Me dreit oss litt ut (vel, eg), av di eg skreiv feil dato til Eric, so han trudde me kom dagen etter (den faktiske datoen me hadde skrive). So me kom fram til låst hus, og trudde dei då budde i ein av dei andre 250 husene som hadde same adresse (var ein slik «township» 2 der alle hadde same adresse, men kvart sitt «unit number»). Me køyrde seint rundt husene og såg etter opent trådlaust internett, eller eit netverk som var sårbart for cracking (hysj!). Kvifor brukte me ikkje berre mobilen min? Vel, den daua faktisk.

Han hadde ligge saman med ein salsa-saus frå ein taco eg åt nokre dagar fyrr, og dei svingute vegane hadde marinert mobilen min godt og saftig. So viss nokon lurer på kvifor mobilen min er umogleg å nå fram til so er det difor. Elles er GPS-en vår heilt øydelagd no, varte ikkje meir enn 3 vìker. Elendige greier. :-/

Til slutt kom me fram og alt gjekk bra ;-) Helene hadde allereide sovna, diverre, so ho måtte vakna att for å koma inn. Det er ikkje særleg moro.

I går, ein liten fjelltur frå Emerald Bay til Eagle Falls-vatnet

Vatnet var isande kaldt, men herleg etter den litt for enkle turen. Han var markert som moderat (eg lurer på kva dei lette er då!?).

I dag, kayak! :D

Me ville ut 2 timar. Det kosta $30 per stykk, men sidan me budde med Eric, so klarte han å få spesialtilbod for oss slik at me fekk det for $30 til saman, yay ;-)

  1. det er i ferd med å verta ein klassikar for oss her no. Billeg og sunnare enn alt anna me stappar i oss heile dagane []
  2. ikkje som i Sør-Afrika, trur eg:P []