Merkelapp-arkiv: Helene

Soving i bil

Me hev so langt berre sove tvo gongar i bil. Det er ikkje berre enkelt her i junaiten, der det er ulovleg å sova i bilen sin nærast same kvar du står.

Nasjonalskog, Mojave-ørkenen

Fyrste gongen sov me i Mojave-ørkenen, som er ein nasjonalskog, og som er fullt lovleg å sova i. Dessutan var me på ein sokalla «rest-stop» og der er det lovleg å sova same kvar du er. Du må tòla ein del motorljod rundt deg då, og ein del trailersjåførar hist og pist.

Helene syntest det var roleg og bra.

Soving i eit nabolag

Andre gongen var det litt meir krisesovings, me hadde ikkje planlagt det. Me klarte ikkje finna ein vert på couchsurfing. Me hadde ein plan B, som var å dra upp til campingplassen der verten vår frå natta fyrr var, men me fann det ikkje og dessutan virka det meir bale enn det trong vera. So etter soli hadde falt (og Helene sov nesten allereide medan eg køyrde rundt) og ein halvtime leiting på måfå, stoppa eg til slutt berre ein veldig mørk plass i eit finare nabolag rett med ein tennisbane og ein liten ranch på andre sida.

Problemet med denne vegen var at det var ein del trafikk der, men ikkje alt for mykje.

Politi

Me er veldig redd for politiet her, so me hev kaupt ein slik solskjerm slik at du må sjekka bilen ganske nøye for å sjå at nokon søv der. Dessutan hjelper han sjølvsagt med varmen. :-)

På min vesle 30min-runde såg eg 2-3 politibilar, litt skræmande, men til slutt berre måtte me stoppa. Eg hadde ei soge klår i tilfelle me evt. vart tekne – eg hev høyrd du ikkje plar få anna enn ei åtvaring viss dei tek deg.

Me sov litt uroleg då bildører small att, men til slutt vart det ganske so stille.

Det er eigentleg heilt greit å sova i bilen, den einaste tingen som gjer det so vandskeleg er at det er ulovleg.

Me kjem nok til å halda fram med det ein del, spesielt når me vert litt flinkare til å finna mørke, stille, rolege og trygge plassar der det òg er liten sjangs for å verta teken.

Surfing!

So fekk me gjort det Helene lengje hev drøymd um; surfa. Det var ekstremt kult og moro. Diverre fekk me ikkje noko bilete elder video av det, me var so upptekne med å surfa ;-)

Nayan (som me budde hjå) tok oss med på surfetime. Det var mykje vind og ein heil haug bylgjer. Eigentleg ikkje optimalt, bylgjene var digre – og det er bra, men dei kom heile tidi so det var utruleg slitsomt. Det er ikkje normalt. Men båe eg og Helene fekk surfa ein heil del gongar.

Eg klarte å reisa meg upp heile tri gongar. Det gjekk ganske lett, og var fantastisk tilfredstillande. Eg kann ikkje segja eg klarte å styra noko særleg då, men det kjem nok.

Hadde det vore litt færre bylgjer so hadde det heile vore enklare av di me ikkje hadde vore totalt utslitne allereide når me kom ut. Eg kom meg på ei stor bylgja, berre for å finna ut at armane svikta meg totalt slik at eg falt pladask med andletet rett ned i surfebrettet av di eg var so råsliten.

Men for ein morgon! Dette må me gjera meir av :D

Casino!

OK, me hev ikkje vore på bordene med blackjack og ymist enno. Slikt kostar ein heil del. Men i dag brukte me spelemaskinane her på Circus Circus der me bur i Las Vegas.

Eg stappa på ein dollar. Vann ingenting. Helene fann ein annan maskin, og vann ganske stort. Ho slengde på ein dollar, vant litt og so tapte alt. Ein dollar til og ho fekk ut $3.79. Etter det brukte ho ein dollar til og var uppe i $2.40 i vinning, og eg sa ho måtte taka det ut.

Spelemaniaen tok ho den siste gongen, og ho tapte alt saman. So, Helene sitt reknestykke:

$3.79 – $1 – $1 – $1 = 79¢

Mitt reknestykke var litt verre. Eg prøvde ein gamaldags einarma banditt, og to dollar på ein Star Wars-versjon. Det såg slik ut:

- $1 – $1 – $1 = – $3

So Helene vann dette her lett.

Tidlegare på kvelden so tok eg berg- og dalbanen dei hev her inne på hotellet. Moro. Eg er han i raud t-skjorte viss de ikkje ser det allereide.

I morgon byter me hotell. Etter det veit me ikkje heilt kva som skjer.

Tvo påskedagar; frå itrande hat til noko anna

I dag er det ein slik utruleg irriterande helligdag. Det var det forsåvidt i går og heile denne vìka óg. Det er ikkje anna enn dørgande keisam.

Sundagshat(t)

Folk som kjenner bloggen min veit kor mykje eg hatar sundagar, vel, helligdagar er jo trass alt berre ein sundagsorgie på rad og rekkje. Verst vil eg no segja denne irriterande påska er. Eg kann ikkje hugsa ei tid det hender mindre interesante tig enn då. Alt står stille, ingen gjer noko, ingenting skjer og alle eg kjenner reiser vekk. Kann det verta verre?

I går vart tilogmed kontoret til SmiB stengd, so eg fær ikkje sitja på maskina å gjera fornuftige ting helder. Eventuelt; eg fær ikkje leika arbeidsnarkoman.

Påska er ei tid for å uppdaga at du likevel kunne vera daud. Når eg tenkjer meg um, so er førre setning mykje meir enn retorikk; heile denne jesussoga dei hev lagt midt i påska er jo um å døy. Forresten er det ingen spor til noko innhald som forklarar hatte-tvitydigheiten i mellomtittelen her (sundagshat(t)), det kjem helder ikkje.

Jaja. Slik gjeng no dagan».

Forsøk på kontakt

Same kva, eg prøvde uppnå litt personleg kontakt i går, men eg feila hardt. Eg drog på ei couchsurfer-samling, men eg kjende jo ingen av dei. Eg gav upp då eg hadde spurt 3-4 grupper um dei var «frå couchsurfing». Eigentleg fann eg dei til slutt trur eg, stod og hang litt etter eg hadde gjeve upp, og høyrde ei av gruppene skifta litt mistenkjeleg mellom norsk og engelsk. Dessutan prata dei stundom um reise, og det er jo heile poenget med couchsurfing, reis rundt i verda og treff lokale folk ved å bu på sofaen deira. Same kva, på det punktet hadde eg vorte so demoralisert av å spyrja folk at eg bere gjekk meg ein lutrygga ur gjennom byen.

Teknikken neittar hjelpa

Vel heime fekk eg lyst til å spela Ninendo Wii, me hadde ingen skjerm å spela på. Då kom eg på at de stod ein TV nede i kjellaren, so eg henta den.

Han fungerte ikkje – eg hadde ikkje fjernkontrollen og det var totalt umogleg å byta til AV-kanalane med knappane på skjermen. Kjipe DMtech-TV! Billegdrit.

Eg lærte meg korleis TV-ar «autosensar» noko nytt frå SCART-kontakten. Du treng 12V inn på pin 8 og jord inn på pin 21. Eg lagde ein fæl overgang frå laptopladaren min inn i SCART-inngagen på TV-en. Minus i 8 og pluss i 21 og motsett. Men TV-en byta ikkje. Anten gjorde eg det feil, elder so gjekk det ikkje.

Hadde berre Wii-en min hatt SCART-utgang so hadde alt vore enklare, sikkert. Eventuelt so er berre TV-en so billeg og elendig at han aldri implementerte den delen av spesifikasjonen.

So eg gav upp. Og no må eg sjølvsagt dra det tunge dråget ned att i kjellaren. URK!

Etter det prata eg litt med Helen i telefonen og so surfa eg på couchsurfing-sida og skaffa meg ein sofa å sova på i Utrecht i Nederland. til Linux Audio Conference 1.-4. mai. Ikkje heilt sikker på um eg klarar koma meg til Lumiera-møtet der enno.

Neste dag, ingenting inne

So la eg meg og sov alt for lengje utpå dagen. Kannhenda like greitt sidan det skjer endå mindre i dag skjærtorsdag, trass i at det er 1. april som plar vera ein kjekk dag. Jaja. Etter eg stod upp 12 so gjorde eg stort sett ingentig til eg slo på pce og svarte på epost.

So gjorde eg ingenting.

Etter det brukte eg resten av syltetyet på ei skjeva kl. 13. Etter det heldt eg fram med ingenting.

Kl. 14 såg eg innum kvitre og fann aprilspøken til BA via Simon (boba):

boba: Kjip spøk: http://www.ba.no/nyheter/article5050705.ece *sint* (men veldig glad viss dei gjer som ThinkGeek, og faktisk gjennomfører det!) http://kvitre.no/notice/64758

Eg skreiv eit leserinnlegg som for fyrste gong i dag var noko meir enn ingenting.

Eg sende innlegget til strategiske personar i målrørsla for attendemelding og sette meg ned til det som ville verta ein time ingenting. Til slutt vart eg leid av å stirra innboksen min daud etter svar, og forfatta ein epost til BA.

Nett då fekk eg eit svar frå Eva der ho hadde skrive um heile teksten min. Resultatet var fantastisk. Ho hadde teke poengi mine og gjort dei lett forståelege. Dessutan gjorde ho teksten mykje meir lettlesen. Eg sende so inn den endra teksten.

Kort tid etter fann eg meg leid av å gjera ingenting inne, so eg stakk ut.

Ingenting ute

Eg spaserte rundt i regnet og heldt vel eigentleg fram med ingenting. Tok bilete av fotballtilhengjarar frå Osterøy som gjekk til ein pub med ski. So starta eg gå upp fløyen.

Eg tok meg ein pause i ei fin lysning. Sat der og tenkte. So tok eg fram notatboki mi og starta skriva dette innlegget (eg er komen til topps no).

Notid

Vel. Ingenting i notid er unormalt keisamt, so eg stoggar skriva no.

Det er gått ein halvtime sidan sist setning. Det er tåka til ganske kraftig no. Eg hev berre stått stille og sett på byen og folk. No går eg bortetter på andre sida av Fløyen. Kvar dag når eg vaknar ser eg nemleg bort på det fjellet. Eg hev lyst til å gå og stå der litt.

Mange timar seinare

Ahh! A-ah! På veg ned! Anar ikkje kor mange timar det er gått, men sikkert ein heil del. Eg gjeng nedeter ei fantastisk løype som Helene aldri hev vist meg. Ho hev berre vist meg standardløypa der det er flüst med barnevogner og krampeaktig kule folk flashy joggedressar og den nyaste iPed stikkande ut øyro. Fast bestemt på å sjå rett ned i bakken, um du so mykje som ymtar frampå eit helsingssmil.

«Eg jogger og høyrer på SUPERBRA musikk og er råkul og kann difor ikkje helsa på folk fordi eg er so ‹inni› musikken og eg joggar. Og nemnde eg forresten at eg er råkul og at eg synast retro joggedressar i stygge fargar er DØNN TØFT og at eg hev nyaste iPed stikkande ut øyro som moderne øyrehår!?»

Eg kann ikkje for sikkert segja det er det dei tenkjer, men det eg veit er at dei gjeng glypp av ein helvetes (ja! banneordbra!) flott tur.

For eg fann ein ekte sti nedyver fløyen og lat meg få segja med ein gong; han er framifrå! Diverre snor han seg ikkje heilt ned, men likevel vert turen rundt rekna 860 gongar betre den vegen. Han er bratt. Bratt og glatt og sers moro.

Det er kulare å gå forsiktig ned, taka eit par sjangsar og kjenna du vert utfordra, enn å berre gå rett fram på katastrofekeisame vegar som berre gjev deg ein heil masse tid til å tenkja på ingenting. Moralen er jo at ingenting ikkje er bra for deg.

Same kva; denne vegen er bra for deg. Med solnedgagen i andletet og heile Bergen nedanfor deg må du passa på å ikkje trø utanfor eit stup. Perfekt!

Halvvegs rasta eg ved ein sers aktiv bekk og drakk det mest fantastiske vatnet eg nokon gong hev smaka (vatn frå fjellbekkar plar smaka slik). Litt fyrr det fann eg eit stup med noko klatreutstyr og ein sige nedetter. Eg klatra ikkje ned – eg trur tanken er at du skal festa ein taug i deg som tryggleik fyrr du brukar stigen.

Interessant nok byrja lukka mi å snu seg allereide fyrr denne nedturen. Kva gjorde eg i dei «mange timane» som eg so glatt hoppa yver?

Ja, no kann du lura. Neinei. Du hev vel allereide lese yverskriften under her og hev ein viss idè… So like greitt å starta:

Påsketur med skattejakt på Fløyen

På veg til «andre sida av Fløyen» (som jo var målet mitt nett då) fann eg eit søkkvått papir liggjande på bakken. Eg let jo som kjend aldri noko som hev ligge på bakken få liggja i fred so eg tok det upp. Det var påskeneter med tittelen «Påsketur med skattejakt på Fl…», ja, du veit allereide ;-)

Hey! Noko for meg! Vel. Utanum at det var veldig tilpassa barnefamilier. Båe vaksenspursmål og barnespursmål. Eg fekk vel prøva meg på båe tvo. Det var ein del vegvisningar og hint, det stod òg at du måtte gå rett veg, men eg visste ikkje kvar eg var, so eg byrja berre gå.

Etter litt kom eg til eit vatn og kjende meg att på kartet. Eg hadde kome til slutten av løypa.

«Jaja,» tenkte eg, «fær vel berre starta frå her eg då!». Det var heller ulurt, ville det visa seg. Grunna dette brukte eg nemleg ekstremt mykje tid på å finna alle postane. Men det var jo eigentleg ikkje dumt for då fekk ein heil del tid då eg kannhenda i staden hadde tenkt på ingenting, og det er jo iallfall ikkje moro. No gav eg faktisk litt intrykk av at det ikkje var moro å febrilsk leita etter postane i lang-lang tid, men det var det jo. Eg kjende meg på uppdrag (trakk litt ned at det stundom kom 5-åringar forbi som var ferdige med naturstien trass i at dei starta lengje etter eg gjorde) og synast det var kjekt å verta litt kjend med området uppe på Fløyen.

Eg gjekk altso ein heil del feil. Ved å gå rett veg og fylga innstruksane kunne du nok let gjera heile naturstien på eit kvarter. Eg veit ikkje heilt kor lang tid eg brukte, men det nærma seg nok tvo timar.

Arket mitt falt frå kvarandre og vart totalt ubrukeleg i felten, dessutan hadde eg store problemer med vaksenuppgåva på post 2. «Visjon» på ti ord. Eg hadde ikkje peiling.

Nede att, levering av naturstipåskenøttuppgåva

Me skulle levera løysingi i billettluka nede ved fløibanen, so eg tok den øydelagde papirbiten med ned og sa eg trong ein ny å skriva yver på. Brukte ein del tid for eg hadde ikkje funne svar til oppgåve tvo. Eg skreiv no «engasjement» som ikkje er 10 bokstavar men det gav det gode løysingsordet MELKE, som faktisk er eit ord (verb infinitiv).

«Eg hadde litt problem,» sa eg.
«Du fær no sjokolade same kva,» smilte jenta i billettluka.

Rett oppfor MARBLE hadde eg skrive POIROT som eit alternativ.
«Det er det fyrste du hev skrive her som er korrekt.»
«Poirot?» Litt idiotisk spursmål frå mi side eigentleg.
«Ja,» sa ho og såg på resten av svari mine.

Hmm. PELKE.

«Men PELKE er ikkje eit ord,» stadfesta eg, «eg sleit hardt på oppgåve tvo».
«Hehe, ja, dei var ikkje godt upplagte nokon av dei,» lo ho.
«Sant, eg meiner ‹Visjon›, kva faen!?»
«Mm, løysingi der er ‹åpenbaring›.» Ah, den typen «visjon». Eg tenkte ikkje svo bibelsk.

«Men PÅLKE er helder ikkje eit ord,» segjer eg, smart som eg er.
«Nei, nr. 3 er ‹fastelavn›. Det skal vera PÅSKE.»
«Ahh, sjølvsagt!» segjer eg, men det var tydelegvis ikkje so sjølvsagt når eg måtte finna utav det sjølv, «alle spursmåli er ganske relaterte til påske», fann eg endeleg ut.

«Vil du fiksa på det?».
«Haha,» ler eg og tenkjer kann eg det? «Javel,» eg segjer jo ikkje nei til å kunna vinna noko eg.

Eg skriv inn det forskjellege, men stoggar på fastelavn:
«Men ‹fastelavn› passar ikkje inn,» frå fyrr står VALENTINE.
«Det skrivast visst LA-V-N.»
«Åja. Heh. Takk,» segjer eg litt forlegent iom. at eg hadde ganske mykje feil på denne greia.

Eg leverte arket inn med feili retta med ein blå penn uppå den svarte og fekk ein kvikklunsj (som var yverraskingi alle saman vart lova etter fullført tur). Noko eg ikkje hev sagt er at heile denne turen hev eg gomla kvikklunsj av di eg kaupte tvo på Narvesen i går og hadde dei i lomma. So eg var ikkje serleg svolten på meir…

Heim og frametter

Vel heime gjorde (gjer, eigentleg) eg tri ting:

  1. Kaupte billett til Stavanger i morgon
  2. Lagde mat (rjomegraut)
  3. Skreiv (skriv) inn innlegget frå papir til netsida mi

Eg må vel òg få lagt inn eit par bilete for å lokka folk til å iallfall scrolla gjennom heile greia. Skal ikkje vera enkelt.

Sluttord

So trass i at heile dagen fekk ein uventa positv vri på slutten her, so hev eg altso funne ut at eg skal ditcha heile Bergen resten av påska; eg dreg ned til Espen sin påskesamling på Fjøløy.

;libris i Oslo

;libris 1 Grensen er ein ny bokbutikk i Oslo. Eg ville skriva at dei hadde «snart opnar me»-skiltet sitt på nynorsk, men fekk aldri gjort det (som dei fleste idèane mine). Eg var litt usikker på um det var nynorsk i byrja (for alt utanum eitt ord (opning) var språknøytralt), men fann ut at det måtte vera det.

Men i dag då eg og Helene spaserte upp mot Det Norske Teatret for å sjå «Kjærleiken overraskar igjen» (ja, det høyrast keisamt ut) tok me oss ein tur inn.

Gu» for ein flott plass! Stor og fin, tri etasjar laga på ein særs innbjodande, open måte og med eigen kafè (med k ;-) ). Tridje etasje er barneavdeling, med dissar (evt. huskar) og kosedir. Vegen upp doblar som sitjeplass (typ gresk amfi, nesten) og det heile er som tidlegare sagt veldig fint.

Det kjenst som um eg skriv ei bokhandel-melding – ein sjanger eg må segja eg ikkje hev skrive so alt for mange innlegg i.

På veg upp stogga med framfyre ein av desse hyggelege tilrådingslappane frå personalet – og var ikkje den lappen på klingane nynorsk! So fantastisk herleg. Teksten um ­«opning» var altso nynorsk slik eg våga satsa på (biletet er ikkje av teksten me såg 2, eg finn ikkje bileta eg tok).

Uppe i barneavdelingi las eg gjennom fyrste kapittel av «Tonje Glimmerdal». Ei søt jenta spurde Helene um me trong hjelp. Ho hadde eit herleg målføre og Helene var freidig nok til å spyrja um ho var jenta bak nynorsken i butikken. Det måtte ho innrømma, stadig usikker på um me meinte det ein positiv elder negativ ting. Ho fann fort nok ut at me var positive då me roste ho so mykje det lot seg gjera utan at det heile vart kleint elder rart.

«Ja, såg det uti gata her fyrr de opna – utruleg kult. Eg hev prata med eit par andre som òg la merke til det,» sa eg. Ho hadde tydelegvis ikkje fengje for mange positive kommentarar på det fyrr.
«Hehe, hyggeleg, dei fleste trur det er ei feilskriving.»

Godt å kunna rosa slike modige og hyggelege menneskje – eg vonar fleire stikk innum butikken og gjer noko liknande dersom det høver seg slik. Same til kven eigentleg – so lengje personalet fær vita at det er ein styrke å ikkje berre ha alt på bokmål. Det er ein heil del folk som set pris på slik, og i tillegg vert butikken meir personleg og «ekte».

  1. Eg skriv framleis ex;libris eg, men hadde problem med å finna netsida deira slik. Hev vel endra namn. []
  2. Eg søkte etter bilete av det på netet, og fann innlegget varmande nynorsk i ein grå hovudstad, fantastisk herleg å sjå! Òg moro at denne anonyme personen gjer seg uanonym ved å lenkje til Ida, Mariell og Vebjørn sine bloggar i tillegg til nynorsk.no og målungdomsnetsidene (må få upp dei nye…). Heile bloggen honoms såg eigentleg veldig kjekk og koseleg ut (trass i at han er på ukule blogg.no). []

Mobilabonnementet for meg

Eg hugsar ikkje lengre korleis det starta, men eg fekk det iallfall for meg at eg ikkje hadde det optimale mobiltelefonabonnementet. Det heile utarta seg til eit ikkje lite program for å sjekka mobilspesifikasjonen min upp mot allslags forskjellege abonnement…

Jo, det var det, eg betalar 40kr/mnd ekstra for å ringja gratis til Helene. Det sparte me i vår tid ekstremt mykje pengar på, av di me ringde kvarandre heile tidi og ekstraordinært lengje. Det gjer me av ganske upplagte grunnar ikkje lengre 1, so då lurte sjølvsagt eg på; ringjer eg Helene for meir enn 40kr/mnd, elder hadde det vore billegare å kvitta seg med det?

Det alle fornuftige menneskje hadde gjort var vel å finna ut kor mykje eg hadde ringd Helene, og so ganga det med vanleg minuttpris.

Jodå, eg tenkte no på det eg òg. Men sidan eg ikkje såg på fakturaen (der står det kor mykje eg hev ringd Helene totalt), men på mobilspesifikasjonen so stod alle gongane eg ringde Helene saman med minutt/sekund upp. Dette måtte jo eg leggja saman!

Eg liker ikkje manuelt arbeid når det er noko datamaskinen kann gjera snøggare/betre enn meg. Dette er noko alle som hev vore mykje rundt meg dei siste åri sikkert hev funne ut. Same um det hadde teke 15 minutt å fiksa noko manuelt, brukar eg glatt helder 40 minutt på å skriva eit perfekt program som vil gjera jobben på nokre millisekund. Eg tenkjer som so; neste gong eg treng gjera dette sparar eg masse tid!

Ikkje alltid like lurt.

So det eg gjorde denne gongen var altso å skriva eit program som rekner ut rekning basert på mitt faktiske ringjemynster. Det heile er ganske enkelt:

  • Skriv inn forskjellege abonnement
  • Fòr programmet med telefonspesifikasjonen min

Og nett slik fungerer det.

So, kva fann eg ut? Var det vits?

Tenkte de ville spyrja um det, ja.

Og nei, det var litt skuffande. I byrjingi var det heilt ekstraordinært kult, for eg fann ut at eg kunne spara masse pengar med å byta abonnement. Men det var fyrr eg hadde skrive ferdig data-delen. Altso utrekning av kor mykje eg lastar ned med mobiltefelonen.

Det er ikkje småtal, med Android-mobilen min som slukar megabyte rått.

Då endra brått heile biletet seg, og abonnementet eg hadde var ikkje so alt for dårleg. Eg kunne ikkje spart grovt mye, berre spart. Likevel, eg hev fengje funne ut at det finst billegare abonnement for meg. Her er ei køyring på okt-des 2009:

odin@fjord:~/Dokument/mobil$ ./parse_spesifisering.py 0910.txt 0911.txt 0912.txt
0911.txt         33 samtalar,  40 minutt.  97 SMS.  51M dag, 208M kveld (259M).
0910.txt         35 samtalar,  43 minutt.  87 SMS. 128M dag, 337M kveld (466M).
0912.txt         59 samtalar, 157 minutt. 118 SMS. 262M dag, 180M kveld (443M).

                            0911.txt   0910.txt   0912.txt

chessitouch                      230        178        282 =        690
t2champ+t2_large                 302        251        339 =        892
t2sheriff+t2_large               309        258        384 =        951
chesspremium+ch_king             353        300        388 =       1042
chessking+ch_king                378        358        411 =      *1147*
chesseasy+ch_king                406        388        429 =       1223
chessitouch+ch_king              479        427        531 =       1437
chesspremium+ch_knight           353        558        617 =       1528
chessking+ch_knight              377        586        641 =       1604
chesseasy+ch_knight              405        611        659 =       1675
chessitouch+ch_knight            478        685        760 =       1923
chesspremium                     704        651        739 =       2095
chessking                        729        680        762 =       2171
chesseasy                        757        705        780 =       2242
chesspremium+ch_queen            489        825       1580 =       2893
chessking+ch_queen               513        853       1603 =       2970
chesseasy+ch_queen               541        878       1621 =       3041
chessitouch+ch_queen             614        952       1722 =       3288
t2sheriff                       1500       1500       1545 =       4545
t2champ                         1633       1582       1670 =       4885

Eg hev ChessKing med SurfKing-pakka på i tillegg. Det viser seg at det er iTouch-abonnementet eg burde hatt, so etter denne månaden kjem eg nok til å byta til det.

Men nett denne månaden hadde alt anna enn det abonnementet eg hev no (vel, utanum ChessPremium+SurfKing, som hadde vore litt billegare) vore dyrare. Eg hev lasta ned langt yver 6GB på telefonen no, det hadde fått tusenlappane til å fly med andre abonnement.

Helene hev perfekt abonnement

Eg måtte jo testa programmet med noko anna no når eg fyrst hev brukt so mykje tid på å skriva det, so eg køyrde Helene sine filer gjennom det. Det var ikkje særleg moro, for det viste seg at Helene hev allereide det billegaste ho kann få. Spesielt av di det viser seg at ho ringjer meg mykje og lengje.

Vel, ho hev òg fleire vener med Chess, og det gjeng på same kvota – eg gadd ikkje skriva funksjoner som sjekka nummer direkte. Hmm, men det hadde jo sikkert vore ein moro funksjon å ha i programmet.

Elles fær du litt meir informasjon um kvart abonnement når du berre køyrer ei fil gjennom, då fær du ikkje berre totalane, men òg kva du betalar for kvar del (samtale, sms, data):

odin@fjord:~/Dokument/mobil$ ./parse_spesifisering.py 0912.txt
0912.txt         59 samtalar, 157 minutt. 118 SMS. 262M dag, 180M kveld (443M).

                             Samtale        SMS       Data       Fast

chessitouch                      128         56          0         98 =        282
t2champ+t2_large                 114         56          0        169 =        339
t2sheriff+t2_large               159         56          0        169 =        384
chesspremium+ch_king              94         45          0        249 =        388
chessking+ch_king                 75         48          0        289 =       *411*
chesseasy+ch_king                 84         56          0        289 =        429
chessitouch+ch_king              128         56          0        347 =        531
chesspremium+ch_knight            94         45        429         49 =        617
chessking+ch_knight               75         48        429         89 =        641
chesseasy+ch_knight               84         56        429         89 =        659
chesspremium                      94         45        600          0 =        739
chessitouch+ch_knight            128         56        429        147 =        760
chessking                         75         48        600         40 =        762
chesseasy                         84         56        600         40 =        780
t2sheriff                        159         56       1500          0 =       1545
chesspremium+ch_queen             94         45       1312        129 =       1580
chessking+ch_queen                75         48       1312        169 =       1603
chesseasy+ch_queen                84         56       1312        169 =       1621
t2champ                          114         56       1500          0 =       1670
chessitouch+ch_queen             128         56       1312        227 =       1722

So, etter denne månaden so må me skaffa oss ekte internett i heimen, slik at me slepp bruka mobiltelefonen som einaste nettlina. Då kann eg få bruken min under 500MB/mnd att og dermed skaffa meg iTouch-abonnementet og spara eit par kroner i månaden.

Er mykje denne rekneskapstenkingi manar fram ;-)

  1. Neidå, me er like glad i kvarandre, men me bur saman og pratar andlet til andlet ;-) []

Bustaden i Fredrik Meltzers gate 38

Mamma spurde so frekt um 50-100 bilete av den nye bustaden. So heldig er ho ikkje, men eg kunne ikkje godt segja heilt nei helder, so eg tok eit par-få bilete og ein video:

Me var utruleg heldige som fann ein bustad, det var faktisk ganske vandskeleg å finna noko som var fint nok til at eg fekk høyra Helene syngja um morgonen, som kosta mindre enn noko som ville totalt ruinert oss (no ruinerer det oss berre) og som var ganske midt i sentrum. Men det gjorde me altso til slutt!

Det var ein del ting å fiksa, som det alltid er når du flytter til ein ny plass. Mest upplagt er badet, der det hev vore ei vasslekkasje, slik at det skal fiksast av folk no i helgi (når me er i Oslo). Men det var ikkje slike ting eg meinte, eg meiner meir «gjera det fint og leveleg».

Me prøver å ikkje bruka for mykje pengar, so sjølv um me fort kunne svidd av 1.5K på ein brukt sofa, so fekk eg Helene til å leita litt til. Ho var bra forelska i den sofaen, men ho fann til slutt ein som var gratis og «heilt OK».

Men korleis flytter du ein sofa frå ein ende av Bergen til den andre? Lite vits å betala 800 kr for å leiga ein bil når me stresser raui av oss for å gjera ting billeg. Det voldte meg mykje smerte, men til slutt ringde eg Dag (ven av familien) som hjalp meg med å henta og køyra sofaen til oss.

Då Helene kom heim frå den engelske plasseringstesten 1 hennar (ho fekk toppscore!) vart ho bra yverraska; sofaen var finare enn ho hadde trudd. Ho var fylgjeleg kjempeglad.

Det vetle problemet ut av vegen, til eit anna. Ljos. Staden hadde ingen ljos, rart nok. Menmen, slik var det no ein gong. So etter litt «ugh, det er ingen ljos her» eit par dagar, stakk me ut på IKEA. Litt fram og tilbake vart det sjølvsagt, men til slutt tok me berre det billegaste som ikkje såg ekstremstygt ut.

Sidan taket er i gips, og eg aldri hev gjort noko som helst med gips fyrr (åvel, laga ei maska ein gong) var eg ganske i vilska yver kva me skulle gjera. Eg ville jo ikkje øydeleggja taket.

Til slutt prøvde me no ut å hengja upp ein krok rett i taket, det gjekk jo det; lampa er heldigvis lett. Eg kaupte inn slike gips-plast-ting, men me hadde ingen drill. So rett i gipsen. Kabelen heldt eg fast med slike kabelholder+spiker-ting, og det såg heilt OK ut til slutt.

Helene hjalp forresten til. So då fekk me ljos. Og det var ein stor forskjell! Det vart totalt bekmyrkt kl. 16 kvar dag. Litt koseleg var det, men på eit punkt fær du nok ;-)

So det var det, ei lita soge um bustaden her i Fredrik Meltzers gate 38.

Forresten, no hev de alle adressa mi;

Fredrik Meltzers gate 38
5007 Bergen

To flugar i ein smekk, heh.

So no er det so koseleg her, berre kom på vitjing :-) (Helene er alltid redd for at eg er so negativ på netsida mi, so må enda det veldig positivt ;-) )

  1. Helene skal ta eit kurs for å til slutt gå upp til IELTS-testen som ho treng for å studera ved engelskspråklege universitet. []

Garborgheimen og Knudaheio på jæren

Helene er ein stor tilhengjar av Arne Garborg, og eg tenkte me godt kunne taka ein tur utanfor byen, so me dreg til Garborgheimen og Knudaheio.

Irriterande nok gjekk kamerabatteriet ganske tidleg uppe på Knudaheio (som var ei hytta Arne og Hulda) bygde då Arne fann ut at Jæren ikkje var so feiande flott som han hugsa.

Eg forstår ikkje det, jæren er kjempeflott. Helene trudde Knudaheio var langt vekk frå barndomsheimen hans Arne Garborg. Slik var det ikkje, litt lengre inn på høgjæren men ikkje lengre enn ein 5 kilometer.

Parkeringsplassen til Knudaheio var totalt nedsnødd, so me parkerte i «all parkering forbudt»-snuplassen. Austsida av skilta var på nynorsk, medan vestsida var på bokmål.

Som sagt gjekk batteriet. Ganske irriterande iom. at soli gjekk ned og den gyldne timen starta der du fær dei beste bileti. Eg hadde nett fenge humøret yver meg, og då gjekk batteriet.

Fekk so vidt eit par bilete av Helene saman med ein stein som var hogd ut som Arne Garborg. Det vesle raude huset/hytta i bakgrunnen er hytta deira.

Same kva, det var ein flott koseleg tur :-)

Jol i år òg

I år var me hjå Siv, Rita og Åsne. Det vart sers koseleg, me hev ikkje hatt jolaftan med den delen av familien fyrr. Dei som var der;

  • Unni Elisabeth (mamma)
  • Skjalg (pappa)
  • Falke (veslebror)
  • Kitty Karina (veslesyster)
  • Siv (tante)
  • Rita (kusine)
  • Åsne (kusine)
  • Gry (tante)
  • Steinar (fetter)
  • Merte (ven av familien)
  • Odin (ja, det burde du vita)

Der bursdagar plar vera skuffande, elder i det minste ikkje ulik einkvar annan dag, yverraskar joli kvart år med å vera koseleg. I år var absolutt inga avvik. Eg fekk ikkje stort mange gåver og var godt nøgd med det. Dei eg fekk var òg av det nyttige og/elder koselege slaget.

Eg vil nemna tri ting eg sette spesielt god pris på:

  • Heimehekla slips frå Janne-Kristin. Det er drittøft (gjekk med det heile kvelden sjølvsagt), det hev kosta noko (alle hev pengar, tid og litt omtanke finst mindre av) og det er originalt.

  • Wii Sports Resort frå Helene. Eg ynskja meg dette men kom ikkje på det fyrr eit par dagar fyrr jol.. eg sa til Falke eg ynskja meg det, men han kaupte det ikkje av di Helene allereide hadde gjort det ein månad fyrr. Ho sa nemleg frå um det slik at andre ikkje skulle kaupa det. Hekkan for ei herleg jenta altso! ;)

  • Skisokkar frå Siv. Dette er ikkje noko å kimsa av, utruleg gode med mjuk støtte der det gjer vondt frå skistøvlar, varme som få (ekte ull) og sist og langt frå minst; same kor stressande dagen er: ingen lukt same kva. Herlege greidor!

Og det var jolaftan… :)

Togbillett til Stavanger (eg flytter frå Oslo(!))

Oi. Eg skreiv tittelen på dette innlegget, og so gjekk det brått upp for meg; det toget eg tek er den endelege avsluttinga på at eg er busett/bufast i Oslo! Iallfall for denne gong, veit jo aldri kva som skjer i framtidi.

Det er ganske rart å tenkja på, no hev eg levd i Oslo sers lengje. Eg skreiv eit innlegg um at eg hadde flytta til Oslo 21. august 2006. So eg hev budd her i 3½ år.

Jobb

Og no kaupte eg altso billett heim til jol, og eg kjem ikkje attende til Oslo. Eg sluttar òg i jobben min i Nei til EU, det er òg trist, ettersom eg hev vorte meir og meir glad i han etter tidi. Eg liker folki på kontoret, og eg fær gjera nye ting støtt som det er (sjølv um det er ein del administrasjon òg sjølvsagt).

Universitas.no-utviklingsjobben held eg på, og eg hev ikkje fengje nokre signal um at eg vert kasta ut der. Sjølv um løni er ekstremt flau so liker eg arbeidet veldig godt, og det vert på ein måte som eit hobbyprosjekt. Skulle ynskja eg kunne setja av meir tid til det då, men eg må jo nesten prioritera ting eg fær skikkeleg betalt for. Det er litt ljuging, forresten, for mykje av tidi mi gjeng jo med til å surfa på internettet og sitja inne og sutra. So lengje eg ikkje heng med Helene då, – dei dagane vert som oftast meir morosame, av di eg må nesten gjera noko anna enn å sitja inne då.

Flytter til Bergen

So, eg flytter altso til Bergen. Det alle spyrr meg um er «kva skal du gjera i Bergen?». Det er jo eit høgst relevant spursmål, som eg ikkje hev noko veldig godt svar på.

Eg treng pause. Kjenner eg. Elder. Eigentleg ikkje, eg treng det motsette av pause, eg treng noko nytt. Eg hev lyst å gjera noko anna enn det eg hev gjort her i Oslo i det siste, som kann uppsummerast til «ingenting». Sjølv um det ikkje eigentleg er ingenting, so er det ikkje noko av verdi. Det er vel som oftast å sitja å lesa nyhende, læra meg litt um datt, lesa meg upp på litt um ditt. I mellom alt dette «ingenting» hev eg hatt eit par strålande dagar (víker) med Helene, båe i London og Spania – og fleire andre plassar eg ikkje hev fengje skrive um. Dessutan hev eg sjølvsagt jobba for Nei til EU, og det hev vore moro uppi alt dette – iallfall når det er litt fysisk arbeid som er lett å skilja frå det eg gjer resten av døgnet (som, ok, i staden for å kalla det «ingenting» kann eg segja det som det er; «sitja på datamaskini»).

Miste av maskin

Ein annan interessant ting. Dei PC-ane eg brukar til dagleg er ikkje mine, dei er Nei til EU sine. No når eg dreg til Bergen (og Stavanger, fyrst) so hev eg ikkje eigi maskin lengre. Eg må skaffa meg ny, eventuelt dra med meg ei gamal ei.

Kva skal eg «gjera i Bergen» då?

Eg plar segja «ingenting». Eg skal ikkje studera, eg hev vorte leid. Eg skal ikkje jobba fast, iallfall ikkje i byrjingi. Eg skal berre prøva å hava det moro. Eg veit jo kor lite det vil halda seg, so eg må jo fort finna noko å gjera.

Ein draum hadde jo vore um eg kunne teke upp firmaet mitt att og gjort ein heil del fleire vevsideutviklings-, programmerings-, videoredigerings- og videofilmingsuppdrag.

Dessutan hadde det vore moro å skaffa meg ein litt meir fysisk jobb. No fekk eg smaken på det i Nei til EU heilt i slutten, der eg drog ned til kontoret for å arbeida der av di datamaskini mi vart øydelagd. Det var faktisk veldig moro å koma seg ut kvar dag. Det veit eg jo, men når eg måtte so vart det so enkelt å gjera det og eg fekk kome meg ut meir.

Ei anna stor fyremon med Bergen er at Espen, bestekameraten min, bur der. Eg vitja han då eg var i Bergen for litt sidan.

Pakking

Å flytta er aldri moro. Det er faktisk motsett, det er eit helvettes stress som eg godt kunne vore utan. Menmen. Eg må vel kannhenda rydda rommet mitt og vaska i morgon då? UGH.

Ja, eg trur ingen vart stort klokare av dette, men same kva; eg kjenner at eg gler/gruar meg til å flytta. Eg vonar eg vil trivast i Bergen, hovudpersonen som kann gjera noko med det er jo sjølvsagt meg sjølv.

Dessutan er jo Helene med meg, so det vert truleg bra same kva. :-)