Merkelapp-arkiv: Hype

Kollektiv iPod-runking (hypealarm!)

Øydelagd iPod, ekkel hipp trendiPod meg her, og iPod meg der. I artikkelen ««Kunstmuseet satser på iPod»»:http://aftenbladet.no/kultur/article320081.ece kunne ein for nokre dagar sidan lesa korleis reklamen hev storma inn i Aftenbladet. Det er trist å lesa så unyanserte og heilt klart «hippe» artiklar. Greitt nok at Apple klarar penetrera ungdom på min alder, dei er jo ofte særs mottagelege for reklame, men kor tid meldte resten av verden seg inn i saueflokken?

Apple sin iPod er ein av mange MP3-spelarar, men i staden for å snakka om MP3-spelarar generelt, trekk Aftenbladet stadig fram eitt produkt. For å ha ein samanlikning kan me seia «Imsdal» i staden for «vatn». Lat oss no tenkja museet «låner vekk» vatn i plassen for MP3-spelarar. Eit utdrag frå artikkelen kunne då ha sett slik ut:

– Jeg har ikke sett så mange som har kommet med medbrakt Imsdal, så tallene er muligens lave. … Imsdal er framtiden for museene, sier hun.

Greitt nok at nett museumet låner ut Imsdal og meiner det er godt for kroppen, men avisa bør ikkje fungere som ein marknadsføringsdrone for museet. I artikkelen blir det òg oppmoda om å taka med sin eigen «Imsdal», – men kvifor kan eg ikkje taka med meg IVAR-vatn (eigentleg er mykje betre, berre ikkje like «hippt»)? Desse setningane i artikkelen høver berre til å reklamera for eit gjeve produkt: «å, eg må ha ein Imsdal». Eg trur fleire hadde reagert om artikkelen hadde nemnt Imsdal (i staden for vatn) like mykje som iPod er nemnt her.

Dette er ikkje fyrste gong Aftenbladet idoliserer og skapar blest dette produktet, det er garantert nemnd ein gong kvar veke. Eitt selskap sin (heilt normale) dingseboms er blitt ei hype blant folket med stor hjelp av Aftenbladet og liknande lite kritiske mediekjelder.

Det er gjerne demokratisering av kunsten, som det blir sagt i artikkelen, men på same tid er monopolisering av MP3-spelarmarknaden. Ein kunne gjort alt så mykje enklare med å kalla ein MP3-spelar for ein MP3-spelar og latt det bli med det.

Nei, så ekstrem reklame i vanleg redaksjonelt stoff? Skjerp dykk Stavanger Aftenblad!

Illustrasjonsbilete med løyve frå http://brainfire.co.uk/.