Merkelapp-arkiv: Innanlands

Sogndal flyplass; flottaste innflygingi i Noreg?

image

Dette er andre gong eg tek Widerøe sitt morgonfly frå Bergen til Sogndal (Haukåsen), og for eit skue! Flyet flyg tett på fjelli og fjorden. Fantastisk fint.

Eg tok eit bilete, men dette er på det tidspunktet dei elles sers so søte flyvertinnene kjem med tulleregelen um at ingenting elektronisk er lovleg 1, so berre eit lite veldig kjapt knips med mobilkamera (som syg). Det var litt flaut av di den idiotiske dritmobilen fann ut at det var kjekt å laga ein helvettes høg lukkarljod trass i at **han ikkje hev ein lukkar ein gong!** Aldri høyrd ei so elendig standardinnstilling. D90-kamera, som eg låg i sekken er mykje mindre elektronisk enn mobilen, og tek brukande bilete i staden for ubrukelege; men det ser so stort ut at «regelbrotet» sikkert vert grovare. Mongis.

Men alt det gjorde ikkje so mykje, for innflygingi er faktisk berre *so* fin. Denne bussturen ned til sentrum er fin den òg, men eg sit på feil side som vanleg.

So, gjerne ta deg ein flytur til småplassane rundt her i Noreg vinterstid, det er flotte greier. :)

  1. Ja-ja, eg veit det ikkje er deira feil, so dei er berre søte – men det er no ein gong usøtt å koma med tullete reglar same kven sin skuld det er og kor mykje dei er pålagde å gjera det []

På filmfestivalen i Haugesund

Denne festen hev vore ein av dei verkeleg betre dei siste åri. Eg er på filmfestivalen i Haugesund og klokka er 05.00. Eg kjende ingen her, men i dag løsna det litt, herleg.

Eg hev skrive nok av lange festinnlegg(Norsk besøk, Det var ein dag i går,Vill mandag (merk, dei er seriøst skitgamle og flaue, ikkje ta nynorsken der for god fisk), so eg skal halda det herleg kort. Til gjengjeld må eg få fortelja litt um dagane her på festivalen.

Diverre so kunne eg ikkje koma heile upphaldet som eg hadde fengje gratis upphald og festivalpass for. Eg var nemleg på FrOSCon (som eg gjerne vil skriva um dersom eg tek meg saman) med Helene. Her i Haugesund skulle eg møta ei anna Helene, Stenhaug, so hadde me vore tvo som ikkje kjende nokon men iallfall kvarandre. Diverre so tok eg eit ganske mykje seinare fly for å spara litt pengar og Helene Stenhaug var so heldig at ho måtte på ei filminnspeling i Stavanger.

Alle lenkjer til filmer er mine kortinntrykk frå filmen på kvitre.

Dag 1, måndag. So då kom eg til Haugesund heilt åleina. Og det var ganske treigt og keisamt fyrste dagen, eg fekk sett ein film. «Kaos i landsbyen», fransk animasjon. So la eg meg, utan å ha prata noko særleg med nokon. Minna meg litt um då eg var åleina i Danmark, berre då var det ingen rundt. So dette var verkeleg mykje betre, eg hadde det fint.

Dag 2, tysdag, såg eg masse film. Heile dagen. Moro.

Gjekk på premierefesten til UP, men det gjekk ikkje so bra som eg skreiv på kvitre:

No på premierefest elder noko for UP. Alkohol og kjøt, ingen plass for meg. Gamle menneskje. Står tragisk åleina. Patetisk. Eg stikk.

Eg vart invitert til etterfest på båten, men droppa det då eg kom ned i lugaren. Gadd ikkje stå og lura meg innpå samtalar og risikera å sjå ut som ein idiot. Dessutan var eg so svolten at eg ikkje gadd gjera noko meir enn å liggja.

Dag 3, onsdag, altso i dag, jobba eg mykje. Det gjorde eg òg dei tvo andre dagane, men ikkje like mykje. Eg skulle eigentleg sjå masse film, men vops der gløymde eg den fyrste, jaja, surfe-surfe, vops den andre, surfe-surfe, vops den tredje. Og plutseleg var den dagen vekk. Trudde eg. Ikkje. Eigentleg ikkje altso.

Eg stakk upp og såg ein til film (eg hadde nemleg sett ein tidleg etter frukost). So filmane eg såg var:

Eg fekk meg ein falaffel (vis frå svolten dagen fyrr) og gjekk ned til båten. Då eg kom inn fekk eg høyra at eg fint vel måtte vera med på wrap-festen til Tomme Tønner. So eg gjorde det. Dei serverte redbull og vodka (elder kvafaen dei plar putta uppi), eg tok ein rein redbull utan noko utvatning. Smakte ikkje godt, men eg fær vel strekka meg litt for å vera «konform». :-)

Det var stadig berre ein venegjeng utpå golvet, so eg kunne ikkje godt starta dansa og stå åleina. Viss det var tvo venegjengar so kunne folk godt tru eg høyrde til i ein av dei og då er det OK. Eit par minutt gjekk og so klarte eg ikkje halda meg lengre og byrja dansa.

Fem timar med dansing, iblanda ein del vatn, ein Clausthaler og ein koseleg telefon med Helene. So var det stopp. No var tingen å få folki vidare ned til Filmkraft-båten (det er hotellet, her eg hev lugaren min). Det gjekk bra. So fekk eg roa meg ned litt og prata med koselege folk som var genuint hyggelege å prata med.

Meen. Sovings, er ein dag i morgon òg, (ser på klokka), vel, kannhenda…

Eg kjenner eg gler meg til å flytta etter Helene til Bergen. Det er ein annan mentalitet på vestlandet enn på austlandet. Eg veit godt kva eg fyretrekk.

Eksamenslesning i herlege, fantastiske Kviteseid

Å, det er so evig herleg her i Kviteseid! Eg og Helene kom her i går med buss. Det var ein dyr tur. Diverre. Viss ikkje hadde det vore lett å drege mykje oftare. Falke, Kitty Karina, Ylva (veninna av KK) og pappa var der allereide.

Eg skulle liksom lesa til eksamen i INF3190. Eg fekk lese mykje meir enn det eg truleg hadde fengje lese i Oslo, eg plar jo ikkje lesa stort meir enn ein time elder tvo fyrr eksamen. Likevel fekk eg verkeleg ånda yver meg her. Hadde eg vore her tidlegare so hadde eg lett kunna lese heile pensum og hugsa store deler av det. Diverre vart eg att i Oslo grunna ein visning (som viste seg å vera totalt ueigna, hadde me fengje litt meir info på telefon so…) og eit forsøk på å få gjort obligane til å taka eksamen i FYS3240.

falke_kutter_tre

Etter me hadde ligge ute i det herlege veret fekk eg so utruleg lyst til å klyppa graset og fiksa i hagen. Kviteseidsyndrom altso. Fær lyst å vera aktiv. Det er spesielt. Og veldig bra. Kjennast herleg.

Eg starta denne dagen med frukost, fortsette med lesing, hadde lunsj og sette oss ut i soli att for å lesa. Falke og Pappa byrja å kutta tre i hagen. Falke er ein kløpper med motorsag og klatring i tre, han jobber med slikt. Eg filma litt av det og las vidare uppe på altanen med den flotte utsikten.

Til slutt tok ynskje um å vera med yver, og eg og Helene vart med. Det var veldig kjekt. Det er godt å gjera skikkeleg arbeid og ikkje berre sitja å trykka på ei datamaskin som eg normalt gjer. Eg vert glad av å vera ute. Inne vert eg berre irritert, sint og sur av.

kittykarina_og_helene_rydder

Me gjekk ned til Kvitseidsvatnet og bada saman med Kitty Karina og Ylva som var der allereide. Falke kom ned etter litt.

helene_daffar_seg

På vegen heim kaupte me is. Pappa laga god middag. Eg og Helene las litt meir (framleis sol) fyrr me til slutt drog ned til der me skulle setja upp flytebrygga vår. Dei var nesten ferdige. Det vart ei flott brygge. Der skal me leggja båten vår, når me fær ein. Gler meg stort til det. Yay!

Eg fekk køyra traktor for fyrste gong, det var veldig moro. Falke viste meg. Eg byta til vanleg bil for å henta han, og køyrde jentane upp til nokre hestar. Vel heime prøvde eg lesa meir, men det gjekk helder dårleg. So eg sat på internett som me stel frå naboane sitt trådlause. Me hev kaupt ei stor antenna som me koplar til pcen, og vips, steling av internett! Hoho. So deilig.

kittykarina_og_ylva_i_kviteseid, nb, dette er ikkje brygga vår, men den kommunale badebrygga

I staden for å dra på vitjing til nokre naboar vart eg, Helene, Ylva og Kitty Karina inne og såg Lovleg Blond 2. Ingen god film, men hadde faktisk moral som var ok. Utanum at filmen var ganske flau.

…og alle var einige um at det hadde vore ein god dag! :D