Merkelapp-arkiv: Jobb

Lang dag på jobb

Det er ikkje alltid enkelt å vita når nok er nok. Eller iallfall å høyra etter og ta konsekvensen av det. Ikkje ta meg feil, eg har hatt ein fantastisk bra dag, men slutten er mindre spektakulær og energirik enn dagen hadde fortent fordi eg ikkje gav meg.

Eg stod opp 05.30 etter ein halvtime med feila soveforsøk, 06.20 stod eg utanfor døri til kontorbygget. Utan nylkelkort.

Funderte litt over stoda eg var komen opp i, det kunne ta lang tid før nokon kom og det var utruleg kaldt ute. Dessutan ligg det nye Opera Software hovudkvarteret på toppen av Nydalen, so det er eit gåstykke til ekte sivilisasjon.

Eg rota rundt i lommene og sekken for å kjenna om eg likevel hadde fått med meg nykelkortet. Helene meiner jo eg er so fæl til å leita, noko ho diverre har hatt rett i ein gong slik at ho no reknar det for fakta. Etter den vanlege flaumen av skuffande nesten-treff drog eg opp skattekortet for 2013 som eg har gløymd å levera, inni der låg eit lånenykelkort!

Eit ulovleg lånekort må eg få leggja til. Me skal gje dei attende so snart me finn det ekte nykelkortet vårt, men det hadde eg heldigvis gløymd å gjera. Eg hugsa ikkje koden, men gjetta ein haug meir eller mindre plausible nummer eg hadde eit vagt minne om.

Vel oppe i tredje etasje 06.30. Lyset i alle etasjane til Opera var av, so eg var fyrstemann. Iallfall av dei eg såg.

Det var so stille og herleg. Eg fekk gjort ein haug.

Då lunsj kom hadde eg allereie gjort jobb for ein arbeidsdag, og same morgonen kjendest som om han var del av gårsdagen. Nett slik eg alltid har elska og som eg har skrive om på netsida mi fleire gongar før. Det skjer diverre slett ikkje so ofte som før. At det skjedde i dag gav meg masse ekstra energi etter lunsj òg. Eg jobba som ei maskin, hadde små ein-til-ein-møter med folk hist og pist.

14.30, då 8-timersdagen eigentleg er slutt var eg framleis i storslag, fyrst då det lei mot 17. byrja eg verta trøytt. Og her gjorde eg feilen. I staden for å gå heim so tidleg og la heile dagen vera perfekt, vart eg verande for å vera med på den sosiale henginga i kantina på fredagane.

Friday beer (misliker det ekskluderande namnet) startar 17., men eg ville berre gjera ein siste ting ferdig. Det gjek sørpetreigt, tappa meg for energi og var ikkje særleg nyttig til slutt likevel. Ein utruleg ineffektiv time.

Vel nede i kantina 18.00 fekk eg ikkje stort positivt ut av det, slik eg naivt må ha trudd eg skulle. Mange av samtalane var berre fortsetjing av jobb; det var det som kom automatisk. Til slutt fekk eg meg litt viljestyrke og bestemte at det var OK å gå. 20.30.

Heime hadde Helene laga Palak paneer og var overraska over kor tidleg heime eg var for å vera ein fredag. Men det var ikkje tidleg for meg i dag, det var motsatt, i dag gjekk eg heim alt for seint.

Pannekaker, filmregissør og flipperspel

Førre veke bada eg etter lunsjen på jobb, hadde ein filmregissør frå Romania på overnatting, inviterte ein ire på middag, hjalp Tone å flytta og spelte flipperspel på Bitraf.

Ionut

Det dumpa inn ein epost frå BeWelcome ein laurdags kveld. Ein filmregissør frå Romania var på ein filmfestival i Tromsø, men skulle vera to dagar i Oslo. Eg inviterte han heim til meg sidan Helene var vekk og eg godt kunne trengja litt selskap på kveldene.

Me var oppe til seint på kveld og prata båe dagane. Han var overraska over at eg var ein sopass relevant vert, sidan han trudde eg berre dreiv med IT. Lite visste han om mitt faderlege opphav og ymse filmprosjekt eg har fått vera med derifrå.

Eg likte Ionut utruleg godt og må vel truleg få vitja han når eg dreg til Romania ein gong. Elles fekk eg kjempelyst til å laga meir video/film att etter eg prata med han. So fær me sjå om det vert noko då, skortar jo litt på utstyret og ikkje minst vilja til å bruka ufri programvare…

Bading

Lachlan med Opera i bakgrunnen, eg med akerselva i bakgrunnen. Fått meg ein liten kakaovom, ja.

Eg har lengje sett ut på Nydalsvatnet frå kontorplassen min og fått lyst til å ta meg ein dukkert. Plutseleg kom enno ein soldag klemt mellom regnversdagane og eg var uti. Lachlan vart med slik at eg ikkje var åleine. :)

Middag

Ionut var forsovidt fyrste vitjinga eg har hatt i nye bustaden til meg og Helene, men gsnedders var andre. Ein utruleg koseleg fyr som kan hinsides mykje om absolutt alt. Eg var ganske ubesluttsom, so gsnedders fiksa like godt ein god kinesisk middag til oss. Eg reknar med å laga det same i lange tider frametter, enkle, billege, gode greier.

Fredagsøl

Opera har slik fredagsøl. Eg har ikkje gått i det siste. Etter kl. 17 på fredagar so fær eg alltid gjort so sjukt masse, kjem inn i ein skikkeleg god arbeidsstim, og plutseleg er klokka 21 og eg er heilt åleine att. Vel, min taskteamkamerat João held ofte ut like lengje.

Denne gongen kom derimot gsnedders og henta meg, so då la eg ned det sers produktive arbeidet mitt likevel. Han skulle jo heim i helga. Me stakk ned på Alexander Kiellands plass og drog på Kabash eller kva det namnet no var. God hummus.

Eg og Lachlan og Swetank fann ut at me skulle hoppa i strikk dagen etter. Heilt til me fann ut det var på Rjukan, so me må nok utsetja det ei helg eller to.

Flipper

Ikkje delfinen, men nesten like bra; me har fått oss flipperspel på Bitraf. Det er eigentleg Teknisk Museum sitt, dei skal laga eit spel for å læra folk om fotosyntese. Flipperspelet er på Bitraf no fordi den einaste flipperspelreperatøren i Noreg likte hackerspacet vårt so godt at han like godt kunne fiksa ting der. Veldig kult for oss som får flipperspel til avveksling frå alt det andre me gjer.

Flytting

Tone var ein absolutt engel og kom med bil slik me fekk kjøpt båe eit digert skåp og ein sofa frå Finn (netsida, ikkje personen; personen var ei ho, og ho var svensk). Når folk hjelper til med flytting so tener dei flyttekredittar, so det var sjølvsagt at eg skulle hjelpa til motsett veg. Dessutan so er det eigentleg ganske moro å flytta, spesielt når eg ikkje er den som må gjera det.

Diverre vart det total fiasko for min del. Eg spelte flipperspel på Bitraf til langt på natt og stod opp lovleg seint dagen derpå. Starta å vaska buret til Skorpus (koserotta vår) og lagde meg frukost medan eg høyrde på radio. Lite hugsa eg om avtalar lagt tidlegare i veka.

Eg kom to timar for seint. Som var superflaut. Heldigvis fekk eg hengd opp to bilete i minsto. I tillegg til at eg stod og såg på at Eva bygde hyller medan eg lata som om eg var nyttig på nokon som helst måte. Jaja. Koseleg var det no. Tone kjøpte tilogmed pizza til oss.

Pannekaker!

Lachlan og kjærasten (Irina) hadde invitert til pannekakebrønsj. Det var 15. Eg synast eg var litt seint ute, men bysykla kjapt opp.

Eg var fyrste person som kom, 15.05. Det tok god tid før nummer to og tri kom. Alle var par, og eg var jo eigentleg invitert i par eg òg. Heldigvis klarte eg fort å gløyma det, sjølv om me til slutt var 4 par og ein meg.

Lachlan laga forresten slike proffe pannekaker på ei stor takke og med alt utstyret dei som lagar pannekakar heile dagen har. Eg åt fyrst ost og tomat, so åt eg nutella, banan og jordber.

Ein av dei på brønsjen flyg med slik paraglider. Dagen før hadde han flydd 45 minutt. Det er eit kurs ein gong i året i Hemsedal. Det kostar 9000 og det skal eg gjera. Etter eg er kvitt lånet iallfall. :(

Parprogrammering

Eg parprogrammerte m.a. innmeldingssystem for Bitraf saman med mortehu. Dvs. mortehu programmerte og eg såg for det meste på, som eg sa på identi.ca.

Såg òg Expendables. Skikkeleg dårleg film. erikberg og mortehu gjekk før meg, men eg var kjapt etter 23.45 eller noko. Eg såg at eg hadde berre lukka to av fire vindauge. Kom meg ikkje innatt, ingen batteri på mobilen (brukar mobilen til å opna ytterdøri).

Spurte ein tilfeldig fyr som budde i nabolaget om å låna mobilen honoms. Eg brukte den til å opna ytterdøri, springa inn og lukka vindaugi. Det kjentest bra. Fyren vart imponert over systemet vårt for døropning. Det er eg òg forsovidt.

So var veka slutt

Elles sat eg på do i laupet av veka og skræmde vítet av meg sjølv då eg trudde ein dverg stod og såg på meg frå gangen. Eg tenkte å skriva om det på identi.ca men spørst kva du skal utsetja folk for. Her på bloggen kjem no folk i minsto friviljug…

No er det tysdag. Måndag såg eg film, i dag jobba eg berre, og oppdaterte bloggen på fyrste gong på alt for lengje. I morgon kjem Helene attende. Gler meg til det.

Det tek meg alltid eit par ekstra minutt

So er eg endeleg klar til å gå. Det tok si tid berre det. På veg ut ser eg ned mot Nydalsdammen og der står ein raud redningsdykkarbil. Hm. Ei klynge ungar står og ser på.

Kva er dette? Kvifor er froskemannen ute i vatnet og dykkar? Eg må jo gå, skulle jo koma heim til eit skapeleg tidspunkt.

So spanande! Eg klarar ikkje dy meg og går til eit vindauge rett ved plassen min på det nye kontoret til Opera. Ja, det er fin utsikt frå kontoret.

Det skjer ikkje stort. Han dykkar no rundt der, men eg kan jo ikkje gå utan å vita kva dette er for noko.

Eg står heilt pal og ser på alle dei treige rørslene. Til slutt kjem dykkaren inn til vasskanten. Kastar opp ei babydokke. Tek litt tid til og so forstår eg det var trening eller noko liknande då froskemannen stig i land.

So vert eg altso seinare heim enn eg skulle. Noko slik er det heile tida. :)

Togbillett til Stavanger (eg flytter frå Oslo(!))

Oi. Eg skreiv tittelen på dette innlegget, og so gjekk det brått upp for meg; det toget eg tek er den endelege avsluttinga på at eg er busett/bufast i Oslo! Iallfall for denne gong, veit jo aldri kva som skjer i framtidi.

Det er ganske rart å tenkja på, no hev eg levd i Oslo sers lengje. Eg skreiv eit innlegg um at eg hadde flytta til Oslo 21. august 2006. So eg hev budd her i 3½ år.

Jobb

Og no kaupte eg altso billett heim til jol, og eg kjem ikkje attende til Oslo. Eg sluttar òg i jobben min i Nei til EU, det er òg trist, ettersom eg hev vorte meir og meir glad i han etter tidi. Eg liker folki på kontoret, og eg fær gjera nye ting støtt som det er (sjølv um det er ein del administrasjon òg sjølvsagt).

Universitas.no-utviklingsjobben held eg på, og eg hev ikkje fengje nokre signal um at eg vert kasta ut der. Sjølv um løni er ekstremt flau so liker eg arbeidet veldig godt, og det vert på ein måte som eit hobbyprosjekt. Skulle ynskja eg kunne setja av meir tid til det då, men eg må jo nesten prioritera ting eg fær skikkeleg betalt for. Det er litt ljuging, forresten, for mykje av tidi mi gjeng jo med til å surfa på internettet og sitja inne og sutra. So lengje eg ikkje heng med Helene då, – dei dagane vert som oftast meir morosame, av di eg må nesten gjera noko anna enn å sitja inne då.

Flytter til Bergen

So, eg flytter altso til Bergen. Det alle spyrr meg um er «kva skal du gjera i Bergen?». Det er jo eit høgst relevant spursmål, som eg ikkje hev noko veldig godt svar på.

Eg treng pause. Kjenner eg. Elder. Eigentleg ikkje, eg treng det motsette av pause, eg treng noko nytt. Eg hev lyst å gjera noko anna enn det eg hev gjort her i Oslo i det siste, som kann uppsummerast til «ingenting». Sjølv um det ikkje eigentleg er ingenting, so er det ikkje noko av verdi. Det er vel som oftast å sitja å lesa nyhende, læra meg litt um datt, lesa meg upp på litt um ditt. I mellom alt dette «ingenting» hev eg hatt eit par strålande dagar (víker) med Helene, båe i London og Spania – og fleire andre plassar eg ikkje hev fengje skrive um. Dessutan hev eg sjølvsagt jobba for Nei til EU, og det hev vore moro uppi alt dette – iallfall når det er litt fysisk arbeid som er lett å skilja frå det eg gjer resten av døgnet (som, ok, i staden for å kalla det «ingenting» kann eg segja det som det er; «sitja på datamaskini»).

Miste av maskin

Ein annan interessant ting. Dei PC-ane eg brukar til dagleg er ikkje mine, dei er Nei til EU sine. No når eg dreg til Bergen (og Stavanger, fyrst) so hev eg ikkje eigi maskin lengre. Eg må skaffa meg ny, eventuelt dra med meg ei gamal ei.

Kva skal eg «gjera i Bergen» då?

Eg plar segja «ingenting». Eg skal ikkje studera, eg hev vorte leid. Eg skal ikkje jobba fast, iallfall ikkje i byrjingi. Eg skal berre prøva å hava det moro. Eg veit jo kor lite det vil halda seg, so eg må jo fort finna noko å gjera.

Ein draum hadde jo vore um eg kunne teke upp firmaet mitt att og gjort ein heil del fleire vevsideutviklings-, programmerings-, videoredigerings- og videofilmingsuppdrag.

Dessutan hadde det vore moro å skaffa meg ein litt meir fysisk jobb. No fekk eg smaken på det i Nei til EU heilt i slutten, der eg drog ned til kontoret for å arbeida der av di datamaskini mi vart øydelagd. Det var faktisk veldig moro å koma seg ut kvar dag. Det veit eg jo, men når eg måtte so vart det so enkelt å gjera det og eg fekk kome meg ut meir.

Ei anna stor fyremon med Bergen er at Espen, bestekameraten min, bur der. Eg vitja han då eg var i Bergen for litt sidan.

Pakking

Å flytta er aldri moro. Det er faktisk motsett, det er eit helvettes stress som eg godt kunne vore utan. Menmen. Eg må vel kannhenda rydda rommet mitt og vaska i morgon då? UGH.

Ja, eg trur ingen vart stort klokare av dette, men same kva; eg kjenner at eg gler/gruar meg til å flytta. Eg vonar eg vil trivast i Bergen, hovudpersonen som kann gjera noko med det er jo sjølvsagt meg sjølv.

Dessutan er jo Helene med meg, so det vert truleg bra same kva. :-)

Visningssystem for videoloop for Stavanger Museum

Den siste vìka var eg i Stavanger, etter eg sat uppe kl 0300 sist fredag og tenkte «hekkan, eg hev ingenting å gjera i Oslo, og pappa kjem heim frå spania nett no (spaniabloggen til familien min), eg fær dra ned då». So eg kaupte SAS-flybillett fram og attende. Eg hadde òg ein jobb å gjera i Stavanger.

Barnemuseet i Stavanger skulle visa nokre videoar i loop, som museum ofte gjer. Fyrr hadde dei brukt DVD-spelarar til å gjera dette, men dei vart so utruleg fort øydelagd. So eg vart hyra inn for å få skaffa/laga nokre datamaskiner som fiksa biffen.

Eg tilrådde dei å kaupa nokre billege HTPC-ar (home theater PC?) utan Windows. Men med innkaupsavtaler so vart det ein god del dyrare maskiner med Windows på. Det gjer meg stadig like ilt å betala skatt til Microsoft kvar gong eg kaupar ein ny PC (som hev byrja verta oftare enn ein gong i månaden no).

Eg laga fyrst ein distribusjon basert på GEEXBOX, ein Linux mediasenter-distro. Eg hadde live-cd som gjorde ein maskin til ein slik avspelingsboks. Då eg til slutt fekk maskinane so fann eg ikkje den eksterne CD-spelaren min, so i staden for å fiksa det til eit USB-bilete la eg inn Arch Linux på ein USB-minnepinne. Det burde eg berre gjera frå starten. Eg laga eit heilt spesiallaga system frå botnen av med Arch. Det vart mykje enklare enn GEEXBOX (som er ganske enkelt), og det vart lettare for meg å leggja til nye funksjonar sidan eg berre skreiv all funksjonalitet som bash-skript.

Dersom nokon skulle trengja noko liknande so kann de få all koden, det er i alt under 50 linjer. Brorparten av arbeidet var berre å setja saman delane, koden eg skreiv er berre lim. Elles kann eg godt setja det upp, men då mot timebetaling sjølvsagt, sidan det er ekte arbeid og ikkje er mogleg å kopiera. No som eg hev gjort det so mange gongar tek det maks ein time då, men eg trur det er ytterst få som:

  1. treng noko slikt, og
  2. les bloggen min, og
  3. ikkje klarar setja det upp sjølv

Men eg ville eigentleg berre segja at eg ikkje berre hev sitte inne på ræva mi i sofaen heile denne vìka. Eg hev rett nok gjort det i går og i dag, og kjem truleg til å gjera det i morgon. Med mindre eg klarar å reisa meg frå stolen utan å hava noko fast/planlagd å gjera, no det hadde vore ein revolusjon.

Forresten hadde eg det veldig kjekt i Stavanger, trass i at dei fleste eg ville taka kontakt med var vekk. Vel, eigentleg er det berre Espen (bestekompisen min) som hev flytta, men det var verkeleg frå alt til ingenting. Heldigvis finst han no i Bergen, der eg òg skal. Huset vårt er leigd ut til tvo veldig koselege gutar, og tvo minst like koselege jentor. Den eine guten er veslebror Falke, forresten. Eg hang der litt, men vart buande hjå Dag Bjørnsen, ein kamerat av pappa. Det var verkeleg koseleg. So no venter eg på noko å gjera til gjengjeld. Kannhenda noko for Sjokoladepiken (anna enn å kaupa alle jolegåver derfrå og hengja der kvar gong eg er i SVG)?

Me fær sjå. Berre livet mitt hadde vore like interessant i Oslo. Jaja… :-)

Lenovo ThinkPad utan Windows-skatt, plz?

Hei,

eg hev (som dataandsvarleg) kaupt inn eit par Lenovo-maskiner frå dykk. Tidlegare kaupte eg dei frå IBMshop. Det fyrste eg gjer når eg fær desse maskinane inn på kontoret er å installera Ubuntu Linux på dei. Alle bærbare maskiner i Nei til EU køyrer Linux. Windows-installasjonane som alltid ligg på diskane vert aldri brukt.

Eg synast det er ganske gale at Microsoft tener penger på at sal av maskiner når lisensen ikkje vert brukt i det heile teke. Eg hev ikkje funne ein måte å kaupa kvalitetsmaskiner utan Windows. Kva må me gjera for å få attende desse pengane? Eg hev sett at fleire hev gjort det.

Pengane kann me helder bruka på noko meir fornuftig, som å t.d. hyra inn nokon eit par timar til å utbetra operativsystemet me faktisk brukar.

Helsing,
Odin Hørthe Omdal
IT-andsvarleg, Nei til EU

Jobbings, harddisk, bysykkel og miljøpartiet dei grøne

So, då hev eg sitte her og fått gjort ein heil del i dag. Det hev vore lang tid utan NTEU-jobbing i det siste, so eg hev mykje å taka att. Det vert godt å få orden i alt eg gjeng og bekymrar meg yver.

Elles fekk eg kaupt 1TB ekstern disk (til bilete og video frå Nikon D90-en) og nokre nye inni-øyra Sennheiser øyretelefoner. Eg anar ikkje kvar mine trufaste Sennheiser PX100 hev blitt av. Eg saknar dei. Forresten er iRiver Clix2-en min ganske lite fungerande.

Eg hev skaffa meg bysykkel-kort. Prøvde i dag, men alle syklane uppe med Torshov/Sagene var vekk… Grrz. No er klokka yver 23 og no må det finnast ledige syklar. Kann sykla upp til La Boheme på Sankthanshaugen der SmiO hev sumaravslutning. Viss dei framleis held på då… ikkje alle som jobbar so seint. :-)

Forresten gjekk turen til Bergen greitt, eg yverlevde. Køyrde E16 til Bergen, og veg 50 og so riksveg 7 attende. Diverre vart eg sitjande bak eit sykkelritt store deler av turen, den saug. Køyring i Bergen er forresten verre enn Oslo. Eg vert so jævla sint. Elendig drittupplegg. Leggja hovudårane til vegane rett inn i sentrum, kva faen er det dei tenkjer? Dei virkar jo endå meir mongo enn politikarane i Stavanger jo! Ikkje eit fnugg av byplanleggjing i sikt. Men båe byane er jo styrt av Høgre.

Ein siste forresten, eg hev endeleg fengje meld meg inn i Miljøpartiet dei Grøne, jammen på tide. Partiet hev vakse og blitt meir og meir seriøst. Eg hev stor tru på partiet no. Det kann reisa seg. Ok, det kom til å taka tid, — men eg trur me kann sjå eit mykje sterkare parti no allereide til fyrste val. Sjølv um dei ikkje skulle få ein kandidat i stortinget. Tingen er at kvar stemme = masse ekstra pengar i statsstøtte, so ei stemme til valet no er langt i frå nytteslaust, det er ekstremt viktugt for eit so lite parti faktisk. Det gjer at det vert mogleg å byggja partiet fram til neste val. Yay for det!

Over og ut, no skal eg prøva dei vesle blå syklane. :-)

Samnorsk-Odin, Tjukke-feite-Odin og NTEU-Odin

For eit par dagar sidan spurde Eva Marie (som eg jobbar saman med i Nei til EU) um korleis ho laga fleire innhaldslister i epostlesaren Thunderbird no att. Eg hadde forklart dette fyrr, so eg fann ut det var tid for å skriva ein kort korleis-gjera-dette-epost. So eg skreiv ein i all hui og hast fyrr eg stakk ned på NTEU-kontoret der eg hev fengje for vane å hengja på dagane.

Tjukke-feite-Odin

Grunnen til at eg heng der er båe av di det er eit godt, koseleg miljø—men òg mykje av di me fekk ei kaffimaskin. Kvifor i alle dagar likar eg det, eg som hev slutta med koffein, lurer du sikkert på. No er det slik at eg modererte det til å ikkje med viten vilja skal drikkja noko som hev masse koffein.

Jo, denne vidundermaskini lagar jo sørenmeg varm sjokolade òg! Det tok verkeleg lang tid fyrr eg fann utav dette, Helene mådde prøva vidunderet fyrst. Etter det hev eg diverre drikke litt for mykje varm sjokolade med krem.

So tjukke-feite-Odin vert nok snart å sjå.

NTEU-Odin

På pulten min kann det sjå ut som um eg ikkje er på kontoret so ofte. Det er feil.

Den må ryddast, forresten. Men nett no rydder eg vekk heimeområde frå tenaren vår, og eg fær større glede av det. :P

Eg er innum kontoret nesten heile 50% arbeidstidi mi no. Viser seg at 50% arbeidstid er utruleg mykje. Kjenner det nesten som um halve den vakne tidi mi er hjå NTEU. Når det er so koseleg på kontoret, so vert det berre til at eg heng der og fær gjort meir enn eg eigentleg hadde tenkt då eg stakk nedum. Greitt å ikkje berre sitja i sofaen heime og fiksa ting, på kontoret fær eg båe sjokolademjølk, men òg prata med folk.

Eg heng so mykje på kontoret at Helene-kjærasten min hev funni ut at viss ho vil eta med meg må ho koma innum kontoret. :p

Samnorsk-Odin

Og so attende til Eva Marie og Remi. Snill som eg var stakk eg jo nedum for å hjelpa Eva Marie med sitt innhaldslista-i-Thunderbird-problem.

«Nei, der er han jo! Samnorsk-Odin!»
«Huh? Eg er då langtifrå samnorsk!», segjer eg litt snytt
«Åjooodå! Sjå no berre her», segjer Eva Marie og viser meg den utskrivne eposten min:

Eg unnskulda meg med å ha skrive NMU-normal (dvs. so god nynorsk som er mogleg innanfyre ordboki (+ a-mål, og ikkje i-mål)) på diverse. Men no er det slik at alle veit eg skriv ein slags halvhøgnorsk. Men samnorsk er det då verkeleg ikkje! So eg vonar ikkje namnet slær rot.

Ja, men elles gode tider i NTEU.

Heime til jól, lite utetid, butikkar i Stavanger

I dag kom eg meg endeleg litt ut. Fyrst hang eg og Falke (og Willy litt) upp ljos på det helder digre treet utanfor trappa vår. Etter det var eg i byen med Espen. Eg hev vore ute fyrr, såg etter spel i Stavanger sentrum, men alle butikkane hev jo lagt ned. Byen liknar seg sjølv på ein måte, men sjølve innhaldet i byggningane er endra.

Det med butikkane er ganske rart; der det ein gong var DVD-ar, spel og datautstyr er det no klede for jentor. Nettopp, det var jo nett det byen mangla; fleire hekkans kledebutikkar. SNORK!

Kannhenda dei burde oppretta eit par-til frisørar òg, so hev me til slutt berre frisørar og kledebutikkar i byen 1. Treng jo ikkje stort anna!

Eg kom til Stavanger (heim) 16. desember. Det viste seg å vera litt unaudsynt. For den 16. datt epostsystemet vårt ned, og eg vart sitjande frå tidleg morgon til seint på kveld dei neste dagane for å fiksa alt saman. Dei fyrste 3 døgni, frå 17.-20. var eg ikkje ute i det heile teke. Vel, 20. var jo brullaupet til Buster og Randi (wey!!! :D) so då måtte eg ut, men fyrr det var det helder sørgjeleg. Ingen vits å draga til Stavanger for å sitja å jobba.

Helene kom for å vera med i brullaupet, og då ho kom hadde eg altso ikkje vore ute. Vert vond i hovudet av slikt. Difor var det deilig då Falke spurde um eg kunne køyra stigen frå Park og Idrett (elder natur og park, elder kva dei heiter) upp til huset. Etter det var eg so godt i siget at eg gjerne ville hjelpa med å putta ljos på treet vårt. Det var kjempedeilig. Eg misunner han ganske mykje for å hava ein ute-jobb. Eg er ingen ute-mann, det eg driv med er for det meste på datamaskini. Likevel so er det intenst deilig å jobba ute.

Eg må gjera meir slikt i framtidi. Eg hev ikkje fengje jóleroi yver meg, eg skulder det på fira ting i prioritert rekkjefylgja:

  1. At eg ikkje hev evna leggja meg til rett tid
  2. At eg hev sitte inne for mykje
  3. At eg hev irriterande jólegåvor att å skaffa
  4. Jobb, eposten som datt ned

So det avslutter eit ustrukturert trøytt bloggete innlegg frå meg.

  1. Ein vanleg Odin-kritikk av Stavanger er at me hev so sjukt mange frisørar. Eg ser dei yveralt, på kvart eit gatehjørna hev me ein frisør. Dette er spesielt rart for meg, av di eg aldri gjeng til frisør. Ja-jo, kannhenda ein gong i året – men det er likevel rart for meg at det det finst mest av her i byen er frisørar! []

Italia – videojobb med Helene og Pat Savage

Den deiligaste mangoisen eg nokon gong hev smakt. Sol, varmt. Folk som pratar eit språk eg ikkje forstår. Det er sundag og i morgon dreg eg attende til Noreg. Men eg er framleis i Italia på videojobb. Dei siste tvo dagane hev vore litt treige, men det kann eg vel takka meg sjølv for.

Tja. Vel. At desse tvo dagane hev vore treige heng vel òg tett saman med at Helene drog tidleg i går. Eg drog ho med på jobb her i Italia. Det hev vore utruleg moro å hava ho med, ho hev vore sers flink «second unit». Ho hev filma båe med det leigde kameraet mitt og med hennar eige vesle Canon MD111-kamera (vel, det er mitt, sjølv um eg helst ikkje vil innrømma det :P)

Turen ned

Eg budde hjå min gode kamerat Kløs, der eg nesten mista datamaskini til Randaberg VGS. Tidleg måndag morgon drog eg ut til Gardermoen, der eg fann Helene. Flyturen ned gjekk yverraskande fort og etter me hadde brukt seriøst lang tid for å henta bagasjen (spesialbagasjen kom aldri, men viste seg at me måtte henta han ein heilt annan plass) gjekk me ut og møtte mi italienske Cinelerra-veninna Raffaella.

Denis hadde òg kome for å henta oss, ein kommunikasjonssvikt der. Han måtte diverre berre reisa att. Me drog til Venezia, og fann ut at me ville gå utanum turistområdet. Meg og Helene vart fort svoltne, men det viste seg at i Italia opnar ikkje restaurantar o.l. fyrr 1800–1900. Dei et ikkje middag. Bah. Venezia var flott, men veret kunne vore betre (det byrja styrtregna). Likevel skulle eg nesten ynskja det ikkje var so jysla dyrt å sitja i gondol, for trass kor turistete det er so hadde eg gjerne lyst å prøva det. Haha. :)

Raffa var dritkul og Helene er jo beste jento i verdi.

Heime hjå Raffa åt me mat og eg fiksa Stopmotion på Ubuntu Linux-maskini hennar. Ho vart veldig glad, ho hadde aldri fengje det programmet til å fungera fyrr.

Tysdagen, dag 2 – henging med gutta boys

Me rakk ikkje frukosten på Sheridon-hotellet. So me gjekk rett yver vegen til IKEA og åt mat der. Rart å dra til Italia for å so berre eta på IKEA. :P Etter etingi saumfarte me IKEA, der eg kaupte alkoholfri pærecider og Helene Aalgrens Bilar og Snøre (skolissar :P).

Me møtte Denis, Leo (Leonardo) og Kri-kri (som var Helene sitt kallenamn på han, alle andre kalla han Tuco) og tok oss ein tur rundt i området åleina. Pat Savage skulle koma seinare på kvelden. Eg køyrde bilen til Denis (yey!!!), medan Helene hang ut vindauga og filma (ho hev ikkje lappen). Det var ein veldig koseleg tur. Og eg elska at eg fekk vera sjåfør medan Helene gjorde filmejobben yverraskande bra.

På kveldingi drog me på ein pizzarestaurant for mat. Pat kom, sliten og trøytt etter ein lang køyretur på Harleyen.

Onsdag, regn, fest og lite gjort

Me fekk ete frukost. Fann ein dritgod Aloe Vera-yoghurt som me åt mykje av. Stal med oss ein del til rommet vårt òg. Det var so LUKSUS! :D

Ting gjekk seint, og det viste seg at filmingi me hadde tenkt å gjera ikkje vart stort ut av lell. Me hang på eit kaupesenter og gjorde ikkje stort anna. Eg og Helene tok turen ned til Padova sentrum, der det igjen viste seg vandskeleg å få mat i magen. Etter me hadde sett og var ferdig med den ant største «plassen» i Europa etter Moskva sin («square», veit då søren kva eg skal kalla slikt), drog me attende til hotellet. Ingen plassar i Italia tek kort (nesten), so det var jo plent umogleg å få kaupt is. Særleg sidan korkje eg eller Helene klarte å taka ut pengar.

Men Padova var kjempefin. Veldig stilig. Den nyaste Stravagaza-boki er sett i Padova. Var dritkult å hengja med Helene der. Ho fann tvo dalmisar ho fekk klappa. Dagen fyrr såg ho ein dalmis i Venezia – eit veldig godt teikn i fylgje ho ;-D

På kveldingi drog me til hengjeplassen for motorsykkelklubben til Denis og gjengen. Der var full fest. Me filma litt, og stakk til slutt utpå natti.

Torsdag. Til Buja, Osoppo, Udine, Italia

Dagen etter drog me opp til Buja. Skulle vera ein 2 timar lang tur. Vel, han vart mykje lengre med det ekstreme trafikkaoset me kom inn i. Motorsyklane kom seg sjølvsagt sers raskt av garde – men meg og Helene sat fast i bilen. Det var ikkje moro. Nett då. Men kom oss ut av det.

So hang me rundt i denne vesle byen (eg er her framleis). Åt is. Koste oss noko fælt.

Fredag. Konsert med Pat Savage osb

So kom konsertdagen. Etter den vanlege treige starten på dagen (meg og Helene fann ein pizzarestaurant som faktisk ville selja oss mat – med skikkelege opningstider) drog me til Osoppo for Udine Biker Fest 2008. Det tok fleire timar fyrr bandet fekk gjera ljodsjekk. Det var frustrerande. Men gjengen var jo so koseleg at det gjorde ikkje stort.

Konserten starta seint-seint og dei spelte fram til 0100. Eg sprang litt rundt på scenen og filma, Helene og Gutta boys stod og rocka saman med resten av publikum. Pat og gjengen er faktisk utruleg flinke til å spela. Skikkeleg. Hugsa eg vart skikkeleg yverraska fyrste gongen eg var på konsert, ein ekte konsert med dei.

Det hadde regna ganske kraftig so det var sørpete, vått og ekkelt. Rart det var so mykje publikum i det heile teke. Eg hadde tippa ein 10–20 stykk hadde kome (som hadde vore flaut), men det kom vel rundt 100–200, so det var ikkje alt for gale.

Backstage var veldig dårleg,—normalt sett hev det vore sofa, varmelampa, masse mat, snop og drikka. Men her hadde dei litt vatn og nokre ølboksar, eit lite telt, harde benkar og eit industriljos i taket. Bah. Fann fort ut det var kulare å hengja bak på scena.

«MEN!», bryt Helene inn, «det var ein finne der og han kule med jakko, veit du, … Eg veit jo kva han heiter, eg fekk jo CD-en hans og eit visittkort»… Helene dreg upp boki si nesten eit halvt år etter me var i Italia og mumlar noko um at det alltid dukkar upp ein elder annan plass og irriterer ho. Ho finn det ikkje lell. Jaja. Eg kann leggja ut bilete:

Laurdag. Helene reiser heim.

Me kom til hotellet rundt 0300. 0400 vart me vekt av folk som skulle hava bilnyklar for å sjå etter ei jakka i bilen. 0700 stod me upp for å køyra Helene til Udine for å taka toget til Venezia, buss til Marco Polo (flyplassen), fly til Danmark – hengja der i maange timar og so fly til Bergen og buss til sentrum. Ho var framme 0100. Reisa tok med andre ord rundt 18 timar eller noko. Stress. Då eg kom attende til hotellet la eg meg ned og sov til ~1900, so drog me til Biker Festivalen att for at dei skulle spela. Vel, det vart 2 timar forseinka. Det regna skikkeleg kraftig og var dårleg ver.

Eg filma sjølvsagt ein del, – men ikkje so mykje interessant. Alle trøytte og vonde.

Sundag, i dag, Buja, Osoppo – reisa attende til Padova

Og so i dag då. Eg vakna tidleg og hev sitte heile dagen på datamaskini. Utanum den lange turen eg hadde ute fyrr eg starta å skriva dette (alt er skrive på staden, utanum småting eg hev lagt til no langt uti oktober). Eg stakk ut, kaupte ein pizza, åt den, kaupte ei kula nøtteis, ei kula kakeis og ei kula mangois og åt den ute. Det var superdigg. So kom eg inn at på hotellrommet for å skriva dette. Det er ikkje so digg.

Ja-ja, når eg er ferdig med dette her so hev eg jo verkeleg ingen grunn til å hengja her lengre. Då vert det køyring!

Forresten moro å køyra bil i utlandet, og ein so god bil som Denis hev.

Kvifor ut no?

Det vart stille i Italia utan Helene, det virka so synd å avslutta med eit sukk i staden for eit kaboom som det hadde vore um Helene kunne hengja eit par dagar til. Men heile turen var dritkul, eg hadde det heilt fantastisk moro. Vonar eg og Pat ein gang kann få laga ein fin video ut av det. :-) Eg veit ikkje heilt kor eg skal få tid til noko slikt, men det hadde absolutt vore kult.

Og so til slutt eit bilete som viser korleis me hadde det i Italia: