Merkelapp-arkiv: Jobb

Uproff masseepost til NMU-medlemene mine

Sit her og et pestopasta med tørka tomat og stirrer inn i Foss, den bærbare maskini eg snart må levera att til Randaberg VGS. I dag hev eg skrive epost til mange menneskje, og han vart ikkje so alvorleg som han kannhenda burde. Sender du epost til mange må det nemleg vera gjennomtenkt og alvorleg. Synd eg er so inn i hampen dårleg på nett dèt.

Tingen er at… Vel. Eg trur eigentleg straumbrevet talar for seg sjølv. Eg skreiv tvo stykk; eitt som gjekk til Sogn og Fjordane folk (omgplz, kom på sumarlæger, han er jo spesielt laga for DYKK) skrive på Sogn og Fjordane-nynorsk, og eitt på normal-nynorsk til resten av fylki mine; Finnmark, Buskerud og Aust-agder – ikkje akkurat nynorsken sine sterkaste kjerneområde. Eg legg berre ut den siste, som var mest usakleg:

Hei, ein liksom-telefon frå meg; sumarleir

Hei!

Mitt namn er Odin Omdal Hørthe, og eg er områdeandsvarleg for deg i
Norsk målungdom. Eigentleg skulle eg (for lengje sidan) ringt rundt
til alle fylka eg har andsvar for, men eg har jobba i Stavanger og
reist. Dessutan likar eg dårleg å ringja folk utan at eg kjenner dei
(kjenner meg litt som ein telefonseljar, æsj). So lat som om eg har
vore flink sentralstyremedlem og ringt deg, omtrent slik går samtala:

«Hei! Dette er Odin som ringjer frå Norsk Målungdom :-) »
Du: «Hallo»
«Har du eit par minutt, kannhenda?»
Du: «Jao, det har eg vel.»
«Flott! Jo. For du skjønar, me har ein sumarleir i desse dagar – har
du fått informasjon om han?»
Du: «Ja.»
«Ja, han er 8. juli og det vert jysla kjekt og (blablablablab), sooo
eg lurte på om du hadde lyst til å koma på den?»

Her svarar du anten:
* «Ja»
* «Nei»
* «Berre litt» (som tyder: eigentleg ikkje, men eg prøver å vera snill)

Svarar du «Ja» (som ganske mange gjer, yey!) so følgjer eg opp:

«Men, BADABOM (denne ljoden lagar eg): har du TID!?»
Kor du då svarar: «Nei»

Eg vert ganske skuffa:
«Å. … Ånei. Nei-nei. Synd. Hmm.»
«Kannhenda ein annan gong?», prøver du å trøysta
«­Ja, kannhenda det… Hadebra!»
«Hade!».

<klikk>

MEN: nokre få gongar mellom alle desse 1000 folka eg ringjer so er det
nokon som svarar at dei har tid, då veit eg aldri kva eg skal seia
for eg har då vitterleg ikkje manus for slike særs sjeldne svar
(neidå, eg har ikkje manus i det heile teke, men eg vert heilt sett ut
av folk som faktisk kan koma).

Tingen er då, det er prøver å få fram med denne alt for lange eposten
(orsak!) er: er du ein av desse folka som 1. har lyst, 2. har tid? I
det litt meir seriøse hjørna so er det kjempemoro, og me vert rundt
35 stk, so ikkje for mange og ikkje for få.

Eg vonar du kan koma. Spør meg verkeleg om det er noko! :)

– –
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <test@s0.no>
http://www.velmont.net

Og elles, jobb jobb jobb

Elles hev eg sitte heile dagen på kontoret mitt hjå Nei til EU. Det er ein diger sekk av uppdrag eg kann velja mellom, det er ikkje alltid like enkelt å velja. So eg gjer litt her og litt der. Eg hev mellom anna skrive eit intranettsystem frå botnen til NTEU. Eg lette lengje etter noko ferdigskrive, men fann aldri noko som passa det me trong. Fann det nesten fleire gongar, men nesten riv ingen mann av hesten som me segjer.

Nei til EU intranett

So eg skreiv mitt eige. Starta med å skriva god kode, so fann eg ut at det berre var eg som kom til å hacka på det lell – og eg kunne like godt gjera det den raske vegen. So eg skriv no OK kode utan superavansert og gjennomtenkt oppbyggning.

Folk loggar seg på med sin vanlege brukar og passord (jadå, det brukar LDAP). Dessutan brukte eg litt tid på å læra meg mod_rewrite skikkeleg slik at eg kunne laga flotte URL-ar som gav meining til brukarane. Eg er godt nøgd.

Eposttenar, med dspam osb

Eg sette òg upp Kanin, ein enkel og grei firewall+gateway/router+dnsserver+dhcpserver. Og Rev, ein eposttenar som brukar Postfix og Dovecot, i tillegg til dspam for spamfiltrering. Spamfiltreringi er statistisk og må trenast upp av kvar enkelt brukar. Alle kjem til å måtta bruka IMAP frå no av, for spamfiltreringi avheng av at brukarane legg spam i SPAM-mappa, og tek ut ekte epost frå den same mappa. Eg ville gjera det enklast mogleg for brukarane. Eg er likevel livredd for å setja det i verk. So langt fær eg ingen spam på adressa mi test@s0.no, so eg fær ikkje testa dspam. Eg hadde sett upp SpamAssasin og var godt nøgd med det, men so måtte jo torstehu koma med eit betre framlegg. Same kva, det er sett upp.

Elles

Det er masse elles. Men alt til sin tid. Klaus hev umtrent flytta ut, so eg eig meir eller mindre roterommet honoms («vårt») no. Fylg med på Victor sin freistnad på mangfasesvevn og les kannhenda litt um min eigen svevnfreistnad som eg gjorde for meir enn eitt år sidan.

Ah, forresten er det sumarleir snart. Det VERT dritbra, so kom, kom, kom. :-)

Eg hev jobb, mange

Eg skreiv aldri då eg fekk jobb i Universitas. Helder ikkje då eg vart tilsett i Nei til EU som IT-andsvarleg. Dessutan skreiv eg ikkje um då eg fekk ei vikarstilling på Randaberg VGS. Eg skreiv um då eg uppretta firma mitt, men eg hev ikkje skrive um alle uppdragi eg fær heile tidi. Det vert uansett litt mykje å skriva på bloggen, men same kva; eg gjer mykje for tidi.

Eg lyt segja at eg er kjempeuppteken for tidi. Eg bur i Stavanger att (det hev eg vel helder ikkje skrive um) og jobbar på full spreng her. Med mange jobbar. Den eine overlappar den andre. Alle fekk sitt høgdepunkt på likt. Det er veldig moro, og eg jobber berre med bra og interressante ting. Men eg hev fengje svevnproblem og er litt for sliten.

Faktisk hev eg skrive litt um Universitas etter kvart. Er jo ein stadig større del av kvardagen min, so er kannhenda ikkje rart at slikt smitter yver til den offentlege dagboki mi. So eg treng ikkje skriva meir um det. Utanum, jo, det må eg:

Universitas, oppreinska prodsys, og masse problem

Eg fekk lov til å reinska upp prodsys. Det vart dyrt. I tid. Og flauskap for meg. Eg hadde nytta ein del tid på oppreinskingi, so kom dagen då det skulde ut til journalistane. «Det tek 20 minutt,» segjer eg. Ein halv arbeidsdag seinare gjeng eg. Fikser eit par feil dei neste dagane. So kjem dagen då netavisi skal ut. Eg hadde venta med å fiksa min del av prodsys. «Det tek eg når den tid kjem,» hadde eg tenkt. Eg rekna ein halv arbeidsdag (4 timar) på å fiksa det og leggja ut netavisi. To-tri arbeidsdagar seinare og mange dagar for seint klarte eg få netavisi ut. Men min del av prodsys fungerer framleis ikkje rett. Hekkan. Masse masse jobb.

Dessutan skal Universitas gjera ei netsatsing no; so masse jobb der òg. Veldig moro jobb. Eg liker godt å jobba med Universitas.

Nei til EU

Eg hev fengje ei dritbra 50% stilling i ein organisasjon som er betre enn nesten alle (sjølv um ingenting slær O’store heilage Norsk Målungdom). Stillingi er litt drifting av epost, intranettet osb, osb. Dessutan er ein del utvikling og framyvertenkjing på planen. NTEU vil verta digre når EU-kampen kjem, datasystemene må tóla det, dessutan må organisasjonen vera supereffektiv og få pumpa ut god informasjon. Nett no er det ikkje mykje jobb eg kann gjera, – sjølv um det tek litt tid å planleggja kva eg skal gjera og ikkje minst setja seg inn i korleis ting heng saman der burte no. So det gjer eg no.

Lærarvikar Randaberg VGS

Dette er grunnen til at eg hev flytta heim til Stavanger att no. Eg vart tilbydd ein dritbra lærarvikarstilling på RVGS. Eg hev no ei klassa i vevutvikling, der dei skal laga ei netsida som prosjekt. Dei kunde ein god del frå fyrr visst, diverre viste det seg å vera litt mangelfullt lell, so eg burde nok ha gjenge gjennom det for dei. Eg merkjer eg lærer mykje meir enn dei, – eg lærer å verta ein betre lærar. Det treng eg. Vonar dei fær noko ut av det.

Eg gjeng mest rundt og hjelpar ein og ein no. Funne ut det er litt ineffektivt for dei store tingi; småproblem og slikt kann eg fort fiksa og forklara – problemet vert litt meir strukturelle problem. Hev ikkje tid til å sitja tvo timar og forklara det til kvar einskild elev. Diverre. So slikt burde eg nok teke i plenum. Men eg trudde dei kunde/hugsa det. Menmen. Eg skal jobba hardare denne víka for å få poengi mine gjennom.

Men eg er superglad for å få tilbodet. Er berre so redd for at eg ikkje gjer det godt nok. Etter vevtimene er ferdig so skal eg hava kvar (av dei 4) klassone ei víka kvar i Illustrator. Eg fyretrekk sjølvsagt Inkscape, men eg skal læra dei Illustrator og so gjeva dei innføring i Inkscape for dei som ynskjer òg. Er jo trass alt teknikken osb dei skal læra, ikkje so mykje programmet i seg sjølv. Skal jo verta tenkjande, ganglege menneskje må vita!

Firma mitt, Velmont Film, elder eigentleg berre Velmont

Og so hev eg mange prosjekt med firma mitt. Russkilde 2008, eit Stavanger 2008-prosjekt, kulturruss. Eg filma litt. Skal kannhenda gjera meir. Eg jobber med ei netsida til ein illustratør, men han er uppteken for tidi. Hev eit dokumentarfilmprosjekt. Hev endå eit dokumentarfilmprosjekt. Hev ei DVD-omsetjingsjobb, ein portugisisk dokumentar trur eg. Pappa hev dei vanlege DVD-kopieringsjobbene, og der må eg skriva programvaren han brukar for det. Hm. Og so fær eg heile tidi fleire jobbar av Skjalg. Eg må forresten fiksa netsida honoms. Men det ligg litt langt nede i køen.

So eg hev mykje å gjera

Dei siste dagane hev eg jobba frå kl 8 (vakna 6) til kl 2 (sovna kl 2). So 4 timar med svevn kvar natt, tri netter på rad og fullt køyr på dagane. Rett nok er eg supertrøytt og sliten nett no. Eg kviler masse no for å gjera ein best mogleg jobb i lærarjobben, heldigvis kann Universitas no venta so lengje eg fær neste netavis ut på tidi. Same kann Nei til EU so lengje problemene med epost og netsida er vekk snart. Firma mitt er jo berre meg, og eg hev ingen harde innleveringsprosjekt nett no, so det gjeng godt. Eg vil verkeleg gjera ein god lærarjobb, det er viktigast for meg nett no. :-)

Jepp. So eg prøver taka det litt med ro no. Og der fekk eg endeleg uppdatert netsida og skrive litt um jobbane mine!

Små, uavhengige foretak er tingen

No når eg hev kome attende til Stavanger etter eit år hev eg merka ei voksande trend: vekk frå digre kjeder og til spesialiserte, mindre, koselege foretak. Det er inga tvil at små, herlege uavhengige foretak er tingen. Eg misliker store kjeder, dei er utan andsvar og utan personleg preg. Det er spesielt dette med andsvaret som gjer at eg er mot aksjeselskap i det heile teke. Aksjeselskap var omdiskutert då det vart lov, no er det diverre få til ingen som ser på andre løysingar.

Problemet med aksjeselskap (og då digre kjeder) er at det er ingen som kjenner andsvaret. Det er ingen som hev skikkeleg andsvar; alt handlar berre um pengar. Eg trur ikkje livet handlar um pengar, og sidan eg ikkje trur på det – trur eg ikkje heile verda skal styrast av pengar. Små butikkar med spesialkunnskap og spesiell interesse for sitt emne er ei suksessoppskrift.

Pengar er ikkje noko problem. Ærleg talt. Eg vert so sint når folk kauper tomatar til 13 kr i staden for dei til 15 kr som smakar ekstremt mykje betre. I dag brukar me so ekstremt mykje mindre pengar på mat og anna enn det me gjorde fyrr. Me brukar for det meste pengane på tull og tøys. Me er alle rike. Eg synest me burde kaupa økologisk, skikkeleg mat.

Kvifor jobba for nokon andre, når du kann jobba for deg sjølv?

Eg synest me godt kann betala ei krona meir for mjølka for at me skal hava 10.000 kjøpmenn i Noreg som gjer det godt og elskar jobben sin. Det er betre enn 2 kjøpmenn som hev milliardar på bok og 9.998 butikktilsette som ikkje eigentleg bryr seg, men berre jobbar for pengane.

Dei fleste tunggrodde og lite framtidsretta folka vil jo sjølvsagt vera mot dette; «nei, det gjeng aldri an» osb. Vel, i Stavanger nett no ser eg fleire og fleire små, koselege butikkar som dukkar opp.

Sjokoladepiken, spesialisering er tingen

For mange år sidan la Sjokoladepiken ned, eg trur det var i den vonde jappe-tidi. Det er ein spesialbutikk for sjokolade her i Stavanger, men eigen konditor og alt. I desember opna Sjokoladepiken opp att, og det med eit pang! Eg vil mykje heller kaupa spesiallaga sjokolade frå ein som veit alt um sjokolade og heller betala litt meir. Dei store kjedene ser på pris og ikkje smak; folki som jobber der hev ikkje peiling og kjenner seg ikkje godt berre for å jobba.

Men eg er veldig glad for utviklingi eg ser rundt um oss no. Veldig, veldig bra! :D

Attendetråkk som Dagbladet for Universitas?

Dagbladet.no hev byrja med noko me kallar «attendetråkk» (frå trackback via tilbaketråkk :P ), som viser kva sider som lenkjer til det aktuelle nyhendet. Eg hev det same på sida mi, berre ikkje serleg fint vist – dessutan er det veldig få som faktisk lenkjer til mine innlegg (av di dei ikkje er informative) so eg hev ikkje gidda laga det finare/betre. MEN! Då Børge skreiv um at Dagbladet.no pratar med netet kom eg på at dette kannhenda var noko eg kunna gjera for Universitas.

Kvifor visa «sidor som lenkjer til dette innlegget»?

Det er nok betre å lesa innlegget til Børge for å få svar på dette, sidan han interesserer seg stort for slikt og kann mykje um det:

Endelig begynner norske “Main Stream Media” å innse fordelene ved å oppmuntre til en offentlig diskurs ved å vise til bloggposter som linker til artiklene sine.

Eg såg det so vidt fyrr Børge skreiv um det, på Eirik Newth sitt debattinnlegg «Fildeling er framtida». Det er forresten eit kjempegodt innlegg som eg er veldig einig i. Eg er ein stor tilhengjar av fri kultur på same måte som eg er tilhengjar av fri programvare, fridom og folkestyre ålment sett. Difor er eg òg tilhengjar av eit demokratisk språk som ikkje er kulturimperialistisk og representerer yverklassa (altso er eg for norsk (nynorsk) i motsetnad til dansk-norsk (bokmål)). Men det var ein digresjon.

Noko for Universitas?

Sidan eg fekk ein god attendemelding på innlegget mitt um arbeidet med Universitas (som er ein meir enn det eg normalt fær :P), tenkte eg at eg skulle skriva um det litt oftare. No kann eg skriva spesielt um den nye greina eg kjem til å laga i Universitas som vil heita «attendetråkk» eller noko; ikkje av di det er spesielt interessant for verdi, men av di eg veit nokre få set pris på det. Det vil òg vera ein slags pådrivar for å få meg til å gjera han ferdig. Fyrst og framst lyt eg spyrja vyrde redaktør Leif M. Kirknes, men han er ein informatikar sjølv, so han forstår nok kvifor dette er tøft. :-)

Eg ser at Dagbladet driv mykje med eksperimentering og nye funksjonar på netsida si. Eg må seia meg veldig mot all denne iPhone-hypa dei driv med, eg vert sjuk av mindre, men det er jo moro at dei fær leika seg so mykje med netsida som dei gjer.

Hadde eg berre kunna prioritert Universitas litt meir, so kunne eg ha gjort fleire kule ting der – men eg prioriterer nok anna. Same kva, eg skal sjå um eg fær laga ein «kva bloggar lenkjer til dette nyhendet»-boks. :-)

Eg jobbar i Universitas, studentavisi

No er det jo ganske lengje sidan eg starta som netandsvarleg i Universitas. Det var vel ein gong i august sist år, men eg hev likevel ikkje prata noko stort um det. Det er ein ganske morosam jobb når eg hev tid til å gjera litt ekstra. Mitt store programmeringsprosjekt på Universitas hev vore å få netsida til å bruka MySQL i staden for Oracle; og å få sida til å verta mykje kjappare enn det han var fyrr.

Det kann høyrast keisamt ut, men å fiksa på koden på netavisi er faktisk kjempemoro. Eg storkoser meg når eg heile tidi sit og betrar sida, bit for bit. Eg brukar eit revisjonskontrollsystem som heiter Git, som gjer at det er enkelt for meg å hava ein stabil side (den som alltid finst på universitas.no) i tillegg til den eg gjer sjølve arbeidet på. Eg hev òg forskjellege «greiner» som eg jobber på, altso, for å taka eit eksempel:

Praktisk eksempel, korleis fiksa søkjesystem midt inni ei større sideumleggjing

Ein av tingi eg absolutt ville fiksa var mellomlagring av bilete på netsida. Altso; fyrr so vart kvart einaste bilete gjort mindre då du gjekk inn på sida, dette er jo heilt ekstremt ineffektivt. Du kann lesa meir um dette i sleppnotane til Universitas. Same kva, å fiksa biletesystemet var ikkje gjort på ein dag – og då eg hadde gjort halvparten av systemet låg heile netsida i brakk og kunne ikkje brukast. Plutseleg fann eg ut eg ville laga eit betre søkjesystem for netsida, men eg ville ikkje vera hemma av det halvferdige biletesystemet. Difor hadde eg innanfor «utviklingsversjonen» tvo greiner ut; biletesystem, og søkjesystem. Vanlege småfiksar gjekk fyrst i den vanlege utviklingsversjonen fyrr eg henta dei inn i produksjonsversjonen (den stabile). Småfiksane vart òg henta inn i greinene mine når eg jobba på dei.

På denne måten fekk eg ferdig søkjesystemet uavhengig av dei store endringane eg hadde gjort i det uferdige biletesystemet. Når søkjesystemet var ferdig flytta eg det til slutt inn i produksjonsversjonen; og då vart det sloppe. Hadde eg berre hatt ein utviklingsversjon utan greinar, so hadde eg ikkje kunna sleppa søkjesystemet som vart starta etter eg hadde brekt sida med eit halvferdig biletesystem.

Arbeidsoppgåver

Det var eigentleg ei stor avsporing, men det viser litt korleis eg jobbar og ikkje minst kva eg gjer i Universitas. Det eg gjer oftast, likevel, er å leggja ut netsida kvar onsdag morgon. Stillingi mi heiter «netandsvarleg», men eg hev òg andsvar for det eigenutvikla produksjonssystemet som avisi brukar internt. Er noko feil med det, so må eg fiksa upp.

Men! Eg vil berre seia ein ting til; å gjera sida raskare er drittøft. Nett no er eg mest hugen på å gjera ei litt større umleggjing av sida og endra litt på nettbunaden; sidan eg hev fiksa so mykje av snøggleiken allereie. Denne tabellen er henta frå sleppnotane til Universitas versjon 3

Lasting av framsida
VersjonSekund
1~5-6
2~2.5
3~1

Ahh. Sjå på dei tali… Frå heile 5–6 sekund til eitt herleg sekund. Det er slags morosam oppgåve, sidan eg brukar so lite tid på det, ein-tvo timar i vìka. Men då hev eg iallfall sagt i frå um det, slik Egil foreslo for eit halvt år sidan. :-)

Frå Nordkapp til Ballangen

På sundag kom eg med fly opp til Honningsvåg, etter middag køyrde me til Nordkapp der det var frålandsvind og ikkje ei sky i himmelen. Inga tåke, fantastisk v^er. Frå der hev me køyrd vidare ned gjennom Noreg og no kome fram til Ballangen, som var eit stort stoppested for oss med konserter og Harley Davidsson-treff.

Sundag, flyturen opp til Honningsvåg

Eg hadde ingen problem med å koma på flyet på Sola kl. 1100. Eg hadde betalt 1300 kr for turen, sers dyrt til Oslo; men eg var sein med å kaupa. Eg hadde det forresten utruleg moro med å sjå på folk som prøvde å gå gjennom tryggleiksslusone som slepp folk ut or tryggleiksområdet på flyplassen.

Motorsykkel, Harley Davidsson i Nord-Noreg

Ei dame kom traskande i ein stor kø, prøvde døri i midten; ånei, den ville ikkje opna seg. So ho gjekk inn i den til høgre der det var ein mann som nett hadde gjenge inn. Mannen kom ut, men då lukka dør 2 seg. Dama prøvde so vidt å få opna døri, men so snudde ho seg og innsåg at slaget var tapt saman med den andre fyren som no hadde kome inn i folkeslusene med ei dør på kvar side. Men denne døri lukka seg òg. Då såg ein panikken i augo hennar, ho vart slege brutalt av redsel. Mannen virka lettare forfjamsa han òg. Dei stod der i eit par sekund medan eg lo, til døri ut til baggasjehentingi opna seg. Det verste var at det hendte heile tidi, so eg hadde masse underhaldning sett burt i frå boki eg starta på då («The Thief Lord», av Cornelia Funke).

Men i Oslo fær eg problem

Det hadde vore kommunikasjonssvikt, eg hadde trudd Pat hadde kaupt billettar til meg frå Oslo til Honningsvåg (via Bodø og Tromsø). Det hadde han ikkje. Eg måtte ikkje berre kaupa billett til Oslo, men til Bodø òg. Det skapte problem. Eg kunne ikkje taka den direkte korresponderande ruta, for eg vart for sein. Måtte skaffa nye billettar. Etter litt om og men fann eg Oslo-Bodø med SAS for 1800 kr.

Eg klarte òg å rekkja korresponderande fly vidare til Tromsø. Eg hadde møtt Kenneth og Pat på flyplassen i Bodø, og me måtte no venta i nesten tvo timar på neste fly. Frå Tromsø til Hammerfest tok me eit lite Widerøe-fly. Det same flyget gjekk vidare til Honningsvåg. So etter ei 12 timar lang reise kom me fram til Honningsvåg.

Me åt ein betre middag, men nesten heile gjengen tok «entrecote», som visstnok ikkje var bra. Eg tok ørret, og han var heilt fantastisk god. Eg måtte lukka augo for å njota den herlege maten. Fiskesuppa som Svein og Pat tok var visst òg god.

Måndag, Nordkapp med flott midnattssol

So sklei klokka yver 00-talet og det vart måndag.

Me køyrde til Nordkapp og eg starta filmingi. Me fekk lov å koma ut til globusen med bilen og motorsyklane. Tok bilete og video der i lang tid medan klokka kraup mot 0300. Då me hadde teke dei siste bileti drog me nedyver mot campingplassen for å sova, me filma ein del på vegen i det flotte solskinnet (det var sjølvsagt flott midnattssol heile tidi frå 0000–0400). Me la oss 0400, men Pat snorka som eit uv^er og eg fekk ikkje sova. Klokka 0600 var eg ganske irritert då eg kom på eg hadde øyreproppar med meg. Eg dytta dei inn og sov ein god svevn til kl 1000. Me skulle dra vidare 0900, so det var litt seint.

Og so køyrde me vidare. (Og eg ser eg må hoppa yver ein god del for å ikkje skriva for langt)

Mat på ei hytta i fjæresteinen

Frå hotellet (etter ein lang tur sørover sjølvsagt) vart me køyrd ut til ei hytta. Idyllisk rett ved havet og med heile tri bål på ymse plassar. Eitt kose-bål, eitt steike-mat-bål og eitt koka-bålkaffi-bål. Me fekk heilt fersk fisk (nam), og reinsdyr-gryterett. Det kjendest allereie som um me hadde vore på tur i ei vìka, sjølv um det kunne seiast å vera fyrste dagen (starta ikkje på turen fyrr etter 00 på sundagen).

Det var absolutt god stemning då me sette nasen mot hotellet att i 0200-tidi.

Tysdag, Tromsø, Mack Bryggeri, fjellheisen og Sumarøyi (:P Sommarøya)

Eg vakna seint att, men klarte få i meg eit par braudskivor i bilen.

Me kom inn til Tromsø, der eg hev vore fyrr. Fekk ein veldig kul omvisning på Mack (bryggeri) som eg filma store delar av. Eg smakte på det alkoholfrie ølet deira «Freeze», som alle motorsyklistane vart seriøst yverraska yver. Tilogmed Kenneth «Kula» som seier nett kva han meiner og var sers skeptisk til alkoholfritt øl tykte det var bra. Eg vart yverraska yver at det ikkje smakte pest og plage. Det hadde eg aldri trudd. Menmen, pappa drikk alltid alkoholfritt øl når han skal hava seg noko; so eg kann jo alltids smaka på det òg.

So drog me på Ishavsmuseet og såg på selane. Diverre var det ikkje mat og trening då me var der (det var sist gong eg var der), so eg fekk ikkje filma det.

Kamera gjekk heile tidi. På toppen av taubanen fekk me ein herleg tri-rettars middag. Eg åt fisk (om att, ja, supergodt!). Det var òg superdyrt, men «Destinasjon Tromsø» var gode gutar og gjelda rekningi. Oppe på toppen av fjellet som ser ut yver Tromsø skulle me intervjua Svein Erik frå Destinasjon Tromsø. Der gjekk det andre batteriet mitt… Hekkan so flaut. So ekstremt fantastisk flaut. Eg var heilt frå meg. Og berre for å gjera alt «betre» so kom det sørenmeg tvo hekkans revungar rett bak dei eg filma. So eg fekk korkje gjort intervjuet på toppen der, eller filma revungane. Argh!!!

Revunge oppe på fjellheisen i Tromsø

Me køyrde til ein absolutt fantastisk plass kalla Sommarøya. Budde på Rica-hotellet der. Eigaren var heilt fantastisk stilig. Full av energi og godhug. Etter den flotte køyreturen fram til øyi, tok han oss med ut i båt. Det var herleg å vera på sjøen att. God hav-lukt og friskt saltvatn.

Onsdag, fram til Andøya, sjå på Orion-fly

Hadde ein betre frukost på det flotte hotellet. Dei hadde ein demning for stranda rett ved hotellet. Slapp inn sjøvatn og lot soli varma det. So fekk me dra upp på ein militær-base ved hjelp av hotellsjefen sine kontaktar. Fekk sjølvsagt filma òg, sjølv um det er ulovleg.

Me tok båten til Senja. Veret vart dårlegare, og det var ein lang tur. Mykje vind, mykje tåka. Til slutt var me framme på Andøya der me skulle vera den dagen. Meg og Pat fekk rom saman att, men Pat likte ikkje rommet (trur eg, hehe) og fekk ordna gratis suite av hotelleigaren som kjende han frå ein konsert tidlegare. Forresten var rommet eg sov på òg gratis (det var det òg på det fantastiske hotellet på Sumarøyi).

Me reiste burt til fyrvoktarboligen på Andøyi og møtte ein pilot i forsvaret. Han tok oss med inn på flybasen for å sjå på Orion-flyane som vert brukt til søk og til å halda auga med ubåtar o.l.

Torsdag, Kvalsafari og tur til Ballangen

Eg stod opp alt for seint og trudde alle hadde drege på Kvalsafari. So tusla burt til hovudbygget til hotellet og skulle få meg noko mat. Der var dei alle saman og åt. So dei hadde ikkje drege, dei ville truleg ikkje gjera det åleine heller. Eg skar braud, og klara skjæra ein diger del av min venstre peikefinger med. Det er fingen eg fokuserer på kamera med. Eg blødde som ein helt, og det gjorde sers vondt. Eg visste ikkje braudknivar skar so godt inn i hud.

Kvalsafari

So drog me på Kvalsafari. Ut med båt på dei store etterdønningane frå gårsdagens uv^er. Båten var full av turistar. Det var skikkeleg deilig å vera på ein stor liten båt att. Bølgene var større enn båten (stoore) so han svaia som berre det. Folk spydde til hjartas lyst, men eg var god heile vegen. Eg elska den gode svaiande kjensla. Ein kunne sjå at det var mange som ikkje var sjøvande på båten.

Så fann me ein 50 tonn tung kval, og såg han tri gongar. Moro. På vegen attende fekk me grønsakssuppa, og det var skikkeleg godt. Utruleg. Eg må lera meg å laga grønsakssuppa.

Tur vidare til Ballangen

Etter ei god stund fann me vegen vidare til Ballangen (etter mat osb). På det siste strekket vart me møtt av fleire folk. Det var seint på kvelden og gjekk mot ny dag, – men eg stod i takluka på bilen og filma. Eg hadde lite klede på, so eg vart utruleg kald ganske raskt. Fortsette å filma lell.

So kom me fram og ymse hende fyrr me la oss.

Fredag, HOG-treff dag 1

Fekk sein frukost sidan me var seint oppe att. So drog me ut på køyretur. Eg i bilen att saman med Mari, som ikkje hadde køyrd den stilige bilen fyrr. Me kom fram til ein absolutt hjartesmeltande bygd mellom fjelli. Eit lite, utruleg gamalt bakeri hadde bollar og kaffi til oss då me kom fram.

Dei hadde ein steinomn som var bygd fyrr 1900, der dei framleis laga braud og bollar. Det var kjempestilig.

So var det konsertar, fyrst eit lokalt band med 16—åringar. So Blue Hawgs og so til slutt Pat Savage Band. Det var lite liv, folk hang borte med baren og sat inni telti; då dei fyrste tvo gruppone spelte var det omtrent ingen framme. Kenneth «Kula» i Blue Hawgs tykte det gjekk kjempedårleg. Då Pat spelte mykje seinare på kveldingi hadde Blue Hawgs fengje lokka fram eit par menneskje, so det var litt mindre tomt. Gruppor med folk trekk til seg fleire folk, og difor vart det ein liten gjeng framfor scena.

Pat spelte bra saman med den heilt nye trommisen, Andreas frå Bodø. Den eigentlege trommisen var heime med ungane. Dei spelte utan å øva i det heile teke, alt berre kommunikasjon mellom kvarandre på scena. Veldig kult, heilt ekstremt stileg.

Me drog til hytta kl 0400, for alle saman ville hengja med ymse folk. Eg ville sova. Forresten er det interessant å merkja seg at eg skreiv eigentleg «heim» i staden for «til hytta». Syner seg at eg kjenner ein kvar stad eg bur på i denne stund ser eg på som «heim».

Laurdag

Ny utflukt. Denne gongen sat eg i sidevogni til Kenneth. Det var drittøft, eg fekk filma mykje, og sjølve turen var kjempeherleg. Harley-en hadde ein fantastisk ljod som minna um ljoden frå snekkor; saman med den svaiande kjensla av demperane og den friske luften i andletet heldt eg på å sovna. Det var kjempedeilig.

Denne dagen spelte unggutane ein del anna musikk, og det var mykje betre. Dei er eit svartmetall-band og spelte si eiga song i starten. Eg filma det. Dei var ekstremt skuffa av at det var so få folk då. Det var heilt sant, det var ingen framfor scena.

Eg låg og halvsov i hytta då Blue Hawgs starta, eg høyrde med eitt at det gjekk mykje betre i dag. Pat sa det same uavhengig av meg. «You can hear their energy today!». Då me kom burt viste det seg å vera sant, dei pøste på med energi og spelte knallbra. Eg vart rett imponert.

Det regna no, regna som berre det. Noko som var veldig synd, for folk kom ikkje fram til scena då. Det kann òg henda det var mykje av grunnen til at det kom so få folk elles òg. Men det var likevel fleire enn eg hadde trudd då Blue Hawgs slutta.

So starta Pat Savage Band å spela. Peter (bass), Andreas (innleigd på trommer) og Pat (gitar). Dei spelte kulare musikk, og hadde eit heilt forrykande show. Folk dansa som antilopar trass i at regnet stod på som ei vannkran. Det var utruleg moro. Eg prata med eit par «lokale» (vel, bur i Asker, men hadde ei hytta i Ballangen) som digga kva dei hadde sett. Alle var i godt humør, og konserten hadde vore ovbra.

Eit par, uhm, store jentor kasta seg yver Peter. Eg køyrde folket heim (jentone med i bilen, so me var for mange) og ga streng melding um at dei måtte vera i si eiga hytta, eg ville sova. So, etter hacking på intarwebben, la eg meg.

Sundag

I dag. No sit eg her og skriv, det hev teke alt for lang tid. Eg skaffa fleire kassettar, for dei gjekk eg tom for i går (12 stk). Flaut og irriterande, det var so mykje bra eg ikkje fekk filma. Eg burde hatt med siste del av konserten til Pat Savage Band – det var so bra. Klokka er 1345. Me dreg 1500.

Unnskuld for den lange lengda. Men eg skal bruka dette her til å lesa gjennom når eg skal redigera videoen for å hugsa betre kva som skjedde. Der kom Peter og Andreas ut av hytta, Pat stod nett opp. Jeppjepp.

Jobbing med pappa på vitjing i Oslo

No er eg ganske sikker på at omtrent ingen lurar på kvar eg hev vore og gjort i det siste. Men eg skal fortelja um det lell. Torsdag og fredag hadde eg pappa på vitjing, me skulle filma 17 intervju med sentrale folk i psykiaterforeningi. Dagen då han kom rydda eg vaska rommet til det var umogleg å kjenna att.

Rommet mitt var bomba. Totalbomba og gløymd i fleire år. Det låg eit knust glas på golvet, neddyssa i støv. Midt på golvet var eit svart mynster av fast skit. Under sengi låg sand og digre hybelkaninar som truga med å bita av meg foten kvar gong eg la meg. Tok eg eit steg inn i rommet flaug støv opp frå det tjukke «støvteppet» på golvet – det saug seg inn i ein støvspiral bak meg. Og so lukta det ganske, eh, ufint. Midt i rommet stod ei feltseng og tok opp all golvplass. Oppå denne låg eit lass av gamle klede – stinkande svette.

Eg hadde ingen reine klede att. Det hev eg ikkje hatt på tvo vìkor. Godt eg hadde nokre klede som lukta litt mindre enn dei andre, so desse hev eg altso brukt. Dessutan hev eg flykta heim eit par gongar og fått vaska nokre klede der. Det var omtrent ikkje ein flekk av rommet som ikkje var dekka av rot. Flekkane som ikkje hadde gamle klede, størkna sjokolade, bås eller blad/papir på seg var som sagt dekka støv. Golvet var eigentleg ikkje å finna på rommet mitt.

So det vart rydd og vask

Eg nytta omtrent heile onsdagen på å vaska rommet. Den kinesiske naboen min såg på støvhaugen eg kasta, ho såg på rommet og vart heilt frå seg. Ho hadde aldri trudd det kunne sjå slik ut inne hjå meg; so ekstremt reint. Pappa hadde fødedag på torsdagen (dagen etter), so eg tenkte eg måtte gjera sopass for han. Eg hadde inga gåve, men eg kunna jobba ein heil dag for at han skulle kjenna seg godt heime i hybelen min. Eg vaska òg alle kledi mine.

Ein forfriskande nyhende var òg ommøbleringi av rommet, det ser no heilt annleis ut enn slik det var då eg flytta inn. Det var moro å plassera ting på ein annan måte; spanande.

Neste dag, jobb, jobb

Me satt opp utstyret og tok i mot folki som skulle intervjuast. Det gjekk greitt – eg såg på biletet, høyrde på ljod og justerte etter kor høgt/lågt dei prata. Kjende meg i godt leie og trygg på utstyret. Det viste seg seinare at eg tok opp ljod litt for lågt, men slikt må ein berre venta fyrste gong ein nyttar heilt nytt utstyr og ikkje kjenner til det.

På kvelden gjekk me på teater. Det norske teateret. Noregs mest populære teater, og det er eit nynorskteater. Moro. Me såg «Katt på heitt blekktak». Var vanskeleg å høyra kva Ane Dahl Torp sa i byrja, men etter litt byrja eg båe forstå og høyra. Ho prata litt vel raskt og utydeleg i starten. Ei anna sak var vel òg det å verta van til å høyra røystone frå so langt vekk.

Svimings, nesten

Eg heldt forresten på å svime av då eg sprang for å rekkja t-banen fyrr stykket, eg måtte heim å henta semesterkortet for å få rabatt. Eg hadde ikkje ete noko serleg sidan me hadde so tettpakka program, og eg må eta kvar 4–5 time no. So eg hadde nok båe fengje lite vatn og lite mat – so då eg spurta ein lang veg gjekk det hardt ut yver meg. Det var litt teit. Men eg vart klår yver problemet då. So me åt raskt på ein vegetarplass (sist gong me var der var det i høve min fødedag, denne gongen pappa sin :p) fyrr stykket.

Etterpå gjekk me på Indisk restaurant på Grønland og kosa oss. Det var godt. Hyggeleg og god mat.

Jobbing og heimreise for pappa

Neste dag var det opp å filma att. Vart ein lang dag. Men med mange interessante folk. Det var moro å gjera desse intervjui. Eg var eigentleg usikker på kor interessant det ville verta, eg tenkte eg kom til å keia meg stort. Det vart ikkje tilfelle. Ein såg likevel fort kven som var medievant og prata ofte um fagfeltet sitt. Det var ekstrem forskjell på folk. Veldig moro. Eg vonar forresten òg at utsjånaden på bileti vart bra, trass lita tid og låg prioritet.

Me klarte få intervjua alle i Oslo-området på denne tidi. Veldig yverraskande. Då slepp eg gjera resten åleine. So åt me på «Punjab» (ein annan indisk restaurant på Grønland) og pappa drog heim. Eg fekk avtale i Trondheim neste torsdag (det er i morgon no) med eit intervju. Diverre viste det seg at han var i USA. So eg dreg opp til Trondheim i morgon utan nokon stor plan. Heldigvis er det jo landsmøte i Noregs Mållag frå fredag. Men eg treng yvernatting torsdag til fredag.

Sluttankar

Det var moro å få vitjing av pappa. Dette er faktisk fyrste gongen nokon i familien hev vitja meg her i Oslo. Det var koseleg å hava han rundt og få eit (sers lite omfattande) intrykk av korleis eg hev det her. Dei tvo dagane han hang her var likevel ikkje typiske då – det er mange gode dagar, og mange treige der eg ikkje fær gjort stort. Diverre hev det vorte fleire treige i det siste, men det er ei sinnstemning eg vil endra på. Frametter kjem eg til å hengja meir i Stavanger òg – eg trur det kann endra ein del.

Me fær sjå. No må eg leggja meg, tidleg tog å nå i morgon. Dessutan må eg slå av maskini mi, ho hev yver 15 dagar oppetid no – det er rekord (gamle var 13 dagar).

Sjuke tider me lever i, helgi er ikkje lengre kva ho var

Eg hev seti konsentrert å jobba dei siste 6 timane. So kom eg plutseleg på ein ting; hekkan, det er jo måndag i dag! Eg fekk ikkje mild panikk og gjekk ikkje rett og la meg. Eg syntest heller ikkje helga var kort. Heller ikkje synest eg det var vanskeleg med masse «ikkje» strødd rundt i setningane. Men so kjem poenget, ja, for det er eit poeng, og det er at, hekkan so mange komma, det er. Hum. Eg kom utav det.

I dag er ikkje måndag! Eg hev ikkje ugunstig mange forelesingar i morgon. I dag er det nemleg laurdag. Laurdag av ein eller annan rar grunn, eg kann ikkje forstå korleis det framleis kann vera helg. Det rare er at helga nett starta òg, er berre 04:30 timar inn i helgi. Dette er heilt sjukt. Menmen, det fær no vera so. Betre tid til fristen for Universitas.

Største løysinga på minste problem

Eg fiksa nett ein skrivar på huset, men det tok tid! Meg og Terje har fiksa nokre ganske avanserte nettverksproblem er i bygget og lagt om heile strukturar.

I dag var printeren nede. Sjekka heile nettverket og alle switchane inn til routeren som ligg bak printeren. Skanna pakkar og styrte før eg såg at den lille nettverkskabelen frå routeren til maskina ikkje var i.

Snakk om å testa det mest opplagte fyrst…

Enkeltpersonføretaket Velmont

Då var det gjort. Eg har fått registrert meg i brønnøysundregisteret (eigentleg er det fleire då). No venter eg berre på at det skal bli offisiellt, og at eg skal få organisasjonsnummer. Det heiter «Enkeltpersonsføretaket Odin Hørthe Omdal», men eg får bruke «Velmont» som firmanamn. Difor vil no «Velmont» båe vere kallenamnet og firmaet mitt.

Brev/Søknad til brønnøysundregisterene

Så lurer de kanskje på kva eg skal gjere med firmaet? Eg måtte skrive firmaet sine kjerneområde i søknaden til brønnøysund. Den skal gje ei kortfatta skildring av områda.

Film- og videoproduksjon, fotografering. IT-tenester innan internett-relaterte område; heimesidedesign og -programmering.

Eg ser at eg har gløymd skrive noko om grafiske jobbar. Æsj. Jaja, får så vere. Seier det går under IT me. Eg har jo bl.a. ein jobb frå Reidar Larsen (Noreg sin blueskonge ;) ) – og eg sende nett pappa rekning for brevark og visittkort.

Med firmaet blir det lettare å take betaling for det eg gjer. Slik stoda er no gjer eg mykje gratis. Om eg gjer noko via firmaet blir alt mykje meir formelt. Med dette blir det enklare å take betaling/sende rekning.

Elles fekk eg ein jobb i dag; eg skal lage (redigere) ein episode av eit slags reiseprogram. Pat frå Canada dreg rundt med Harley-syklar i eit land sin natur og speler konsertar i storbyane (han er musiker). Så det blir innslag av mykje natur, landets kultur, musikk og anna. Han er veldig engasjert; eg gler meg til å sjå kva han har av opptak imorgon. Håper det er nok, og ikkje minst bra.

Same kva, no har eg (snart) eige firma! Eg har satt opp eigen konto til det allereie, kan nummeret i hovudet; klåra få eit enkelt eit. No blir moro å kunne fakturere ting og tang som eit firma ;)