Merkelapp-arkiv: Jol

Jol i år òg

I år var me hjå Siv, Rita og Åsne. Det vart sers koseleg, me hev ikkje hatt jolaftan med den delen av familien fyrr. Dei som var der;

  • Unni Elisabeth (mamma)
  • Skjalg (pappa)
  • Falke (veslebror)
  • Kitty Karina (veslesyster)
  • Siv (tante)
  • Rita (kusine)
  • Åsne (kusine)
  • Gry (tante)
  • Steinar (fetter)
  • Merte (ven av familien)
  • Odin (ja, det burde du vita)

Der bursdagar plar vera skuffande, elder i det minste ikkje ulik einkvar annan dag, yverraskar joli kvart år med å vera koseleg. I år var absolutt inga avvik. Eg fekk ikkje stort mange gåver og var godt nøgd med det. Dei eg fekk var òg av det nyttige og/elder koselege slaget.

Eg vil nemna tri ting eg sette spesielt god pris på:

  • Heimehekla slips frå Janne-Kristin. Det er drittøft (gjekk med det heile kvelden sjølvsagt), det hev kosta noko (alle hev pengar, tid og litt omtanke finst mindre av) og det er originalt.

  • Wii Sports Resort frå Helene. Eg ynskja meg dette men kom ikkje på det fyrr eit par dagar fyrr jol.. eg sa til Falke eg ynskja meg det, men han kaupte det ikkje av di Helene allereide hadde gjort det ein månad fyrr. Ho sa nemleg frå um det slik at andre ikkje skulle kaupa det. Hekkan for ei herleg jenta altso! ;)

  • Skisokkar frå Siv. Dette er ikkje noko å kimsa av, utruleg gode med mjuk støtte der det gjer vondt frå skistøvlar, varme som få (ekte ull) og sist og langt frå minst; same kor stressande dagen er: ingen lukt same kva. Herlege greidor!

Og det var jolaftan… :)

I Stavanger til jol

I går kveld kom eg til Stavanger med toget (yay, miljøvenleg). Eg gjekk heim til Scancheholen og vart køyrd ned til Stavanger Brygge av veslebror Falke. Her skal eg bu saman med mamma og pappa.

Stavanger Brygge

Ein bustad utan ei datamaskin er ein trist bustad 1. So eg drog med meg Fjell, maskina eg kaupte for konfirmasjonspengane. Denne maskini er i frå 2001. Altso skitgamal. Eg installerte nyaste Ubuntu på han, men han ville ikkje starta, for harddisken i denne maskini gjekk no til h*. So eg køyrer Ubuntu direkte frå ein CD no, gjeng ikkje særleg fort og eg mister alt når eg slår av maskini – men slik er no livet.

I dag sende eg jolegåve til Helene. Eg mangla 3 kr (kosta 160 å senda ein pakke til Voss!), men dei betalte mannen bak meg i køen. Ein time seinare fekk eg ein telefon um at eg hadde mista korthaldaren min på parkeringsplassen rett utfor. Ugh.

Det leid mot kveld, og eg vart ganske rastlaus av å ikkje ha prata/hengd med nokon, so eg jogga/gjekk til Scancheholen att. Det gjekk mykje snøggare enn eg hadde trudd. Google sa det ville taka meg rett yver ein time, men det tok ikkje meir enn 30-40 minutt.

Sekken min med påteipa sykelljos, Acona sin harddisk og jolemus

Eg hev fengje tvo uppgåver av mamma og pappa; kaupa inn frukost og pynta til jol. Det siste er ganske fryktinngytande, men eg måtte no prøva på eit vis. Difor hadde eg med meg ein tom sekk upp, eg fann ymse joleting på loftet og stappa so mykje eg klarte ned i sekken. Eg må innrømma at det ikkje vart stort mykje.

Menmen, eg høyrer dei kjem med ein del spansk joledekorasjon, so det vert vel ei herleg hybridløysing då. So fær me sjå um eg klarar å få det upp på ein måte som ikkje ser superstygg ut. Eg kjenner sterk tvil.

  1. vel, eg er ikkje so sikker. Langt i frå, eg kunne hatt godt av å koma meg vekk frå pcen, men iom. at eg er heilt åleina hev eg ikkje stort mykje anna å gjera på lell (her lurer eg òg meg sjølv, eg kunne gjort masse anna) []

Kitty Karina hev OLPC XO-1 i huset!

Ein gong for lengje sidan i november 2007 skreiv eg at eg hadde tinga ein OLPC XO-1 datamaskin til veslesyster mi (og kannhenda mest til meg sjølv, hoho). I går dumpa han ned i postkassa (vel, ein DHL-mann kom med han).

Jolaftan og jolaftan

Han skulle eigentleg koma til jolaftan, det var då ho fekk han. Fyrst i 2007, og so no i 2008. Eg tinga han 15. desember 2008 denne siste gongen, og ein dag etter var han registrert i Stavanger. So eg kunne gjeva han på jolaftan! Det var før det slemme tollvesenet kom inn.

Tollvesenet sin superkraft; vera yverdrive skittreige

Ok. So 16. desember. I går var det 5. februar. Kva faen, orsak språket (som um nokon bryr seg), tok tollvesenet 51 dagar? Det heile var ganske enkelt:

  • Eg donerte masse pengar
  • Eg fekk ei datamaskin i gåve, verdien på gåva var ~2000kr

Altso; ustress. Eg ville mykje helder betala den hekkans tollen (sjølv um eg t.d. ikkje trengte) og få han 18. januar, enn at dei skulle sitja og fisa på stolen sin i 51 dagar fyrr dei fann ut at dei berre skulle senda han vidare utan meir stress.

Masse kudos til DHL, som er dritkjappe, masse ukudos til tollvesenet som er drittreige.

Kvifor denne tonen?

Det hev seg slik at 7. januar so drog eg til Oslo, her eg er no. Altso:

  1. Eg fær ikkje prøvd maskini (elder sett ho)
  2. Det er utruleg idiotisk å ikkje gjeva jolegåve til veslesyster tvo år på rad

Irriterer meg òg at det trådlause netet heime ikkje fungerer. Som nokon fekk med seg var tenaren min, Acona, utan net eit par dagar. Den trådlause routeren me brukte daua. So pappa skaffa nytt netverkskort til Acona og hev sett upp Acona som NAT-ande router og brannmur. Men me hev framleis ikkje fungerande trådlaust net. Og slike ting synast eg det er mykje enklare å vera i Stavanger å fiksa, i staden for å gjera det herifrå…

Veslesyster Kitty Karina skreiv nett dette innspelet på bloggen min:

Heei odin no har eg fott OL pcen, men den har ikkje de 3 siste bokstavene i alfabete.
Saa klarer eg ikkje og skifta spraak. Men den er kjekk og ha uansett =).

Skal få fiksa at tastaturet registrerer æ, ø og å på dei vanlege plassane—og so fær me skifta språk. Veit ikkje kor godt umsett han er, men eg skal iallfall kunna hjelpa til på den norske umsetjingi. :-)

Eg kjem nok til å skriva meir um sjølve OLPC-en når eg vitjar Stavanger. Gler meg stort til det :-)

Vonar iallfall Kitty Karina vert flink med maskini, slik at ho kann visa meg han når eg kjem. Kannhenda ho tilogmed hev laga sitt fyrste program? :D

Eit objektiv eg ikkje visste fanst: 28mm f/1.8

Eg plar sjå på bileti til Mariell Øyre, som eg kjenner gjennom målungdomen, og lura litt på kva objektiv ho brukar for å taka dei. Bileti hev den herlege korte djupdeskapheiten som tyder open blendar og eit ljossterkt objektiv (pluss stor biletbrikke). Eg hev vel ofte tenkt at ho brukar den same 50mm f/1.8-objektivet som eg hev teke mine finaste bilete med i det siste. Likevel hev eg ofte sett at det ikkje liknar ein 50mm i det heile teke.

I innlegget hennar um jolegåvor såg eg eit biletdøme som heilt umogleg kunne verte teke av ein 50mm, og litt lengre nede skreiv ho at ho hadde tenkt å kaupa ein 50mm f/1.8.

Ok, so det er tvo moglege svar: Mariell hev brukt masse pengar på eit ljossterkt normalobjektiv (28–32mm for digitale speilreflekser vil eg tippa), eldes so finst det eit objektiv til ein god penge som eg ikkje kjenner.

No kann det godt henda at Mariell hev eit dyrt objektiv, ho driv jo faktisk med foto (slik eg forstår), men same kva so fann eg:

Sigma 28mm f/1.8 makro

Det finst eit ljossterkt normalobjektiv til ein billig pris! :D

No hev eg nett fengje Sigma 10–20mm f4–5.6 (av herlege Helene!), som er eit dritkult objektiv. Problemet er sjølvsagt at det krevjer mykje ljos, so det er for «studio» elder ute. 28mm tilsvarar 45mm på fullformat (altso vanleg 35mm film), og der er 50mm eit «normalobjektiv». 20mm heilt klart eit vidvinkelobjektiv, og med ljosstyrke på f/5.6 er supermørkt. So eg treng eigentleg eit ljossterkt normalobjektiv. Dessutan. f/1.8. Eg treng ikkje segja meir.

Ok, kannhenda ikkje alle forstår det,—men de kann sjå på bileti på bloggen til Mariell, dei ser ut til å vera tekne av det objektivet nesten alle saman.

Forresten synast eg synd på 18–135mm f/4–5.6 VR kit-objektivet mitt frå Nikon, det er ikkje kult og hipt lengre. 10–20mm-en er ein kul vidvinkel, 50mm-en hev høg ljosstyrke og tek fantastiske portrett. Og no vil eg leggja ein 28mm f/1.8 til i baggen, som er eit ljossterkt normalobjektiv. Det einaste eg treng no, er eit OK-ljossterkt teleobjektiv (OK, dei er skitdyre!) og so treng eg ikkje kit-objektivet til stort lengre.

Ynskjelista til jol

Då meg og Rebecca gjekk tur rundt Sognvatn i går, kom eg på ein ny ting på ynskjelista mi til jol. Eg vart stornøgd, for dette med ynskjelister+meg hev ikkje vore ei lang historia. Rebecca (og andre) spyrr meg so ofte um kva eg ynskjer meg, so hev eg eigentleg ikkje stor å koma med.

Likevel fann eg ut noko eg verkeleg ynskjer meg av dei fleste:

  • Kinotur! Inviter meg ut på kino saman med deg. Eg vil ikkje hava eit par kinobillettar, eg vil gå med deg.
  • Cafétur! Med deg
  • Restaurant! Du betalar (må vera veggismat), me tvo går (evt. fleire :p)

Sjølvsagt var eg stornøgd. Noko liknande dette hadde jo verkeleg vore storsaker! Andre ting i same bane er sjølvsagt òg kult; eg vert gjerne med på ein hyttetur… :-)

Meeen, eg vil gjeva noko materialistisk!!!

Ja. Du vil vel det. Det hev Rebecca òg sagt (ho er lei av at eg alltid ynskjer meg «snill kjærast»). Ho hev kome på herlege ting kvar einaste jol og fødedag, men eg tenkte eg skulle vera snill å laga ei meir tradisjonell lista òg. No hev ho vorte ganske stor, og eg skal lista ho upp her:

  • Hårtrimmemaskin (eller hårklippemaskin, eg må kunna klippa båe 1cm og 1mm)
  • Kart yver Noreg som eg kann henga på veggen og verta flink i geografi

… Her stoppa lista mi, men so kom eg på meir i går:

  • GPS tur«tellar» (slik at eg kann laga kart til OpenStreetMap! Må sjølvsagt fungera i Linux)
  • Skikkeleg sykkel (tynne dekk, ingen dempar, godt girsystem, ikkje noko 3000 kr drit – eg ville ikkje taka denne med, men Rebecca sa ein ting til på lista var bra),
  • Ny berbar datamaskin (anten Lenovo X61 med masse RAM eller ei lita Apple-maskin (helst utan Apple-programvare))

Dei siste tvo er ganske usannsynlege; men Rebecca sa at eg kunne skriva det opp lell. Um 30 stk gjelda 300 kr (som er mykje!) so er jo det 9 000. Menmen. Elles kom eg på ein ting til:

  • Skjerf (eg fekk det beste skjerfet i verdi av fetter Anders Omdal i fjor, men !”#$% eg mista det!)

Forresten er det sikkert mykje eg ynskjer meg som eg ikkje kjem på. T.d. gav mamma, pappa, Falke og Kitty Karina meg ein sekk no til fødedagen min. Ein skikkeleg god sekk, hekkan kor glad eg vart. Sekken eg hadde heldt på å gå i frå einannan, men eg hadde ikkje tenkt tanken at eg kannhenda burde hava ein ny. Det trass i at eg gjeng rundt men denne sekken konstant. Det var ei fantastisk gåve! :D

Men, helst ikkje gje nokon gåve

Eg er so dårleg på slikt sjølv; dessutan likar eg ikkje det digre forbrukarsamfunnet. <der rauk straumen> … Kaup, kaup, kaup. Lei deg? Kaup noko! Gå å «shopp». Æsj.

Jolekort er bra. Noko sosialt er kult. Hmm. Ja. :-)

Men, poenget er: eg er so glad for eg klarte laga ei ynskjelista! :D

Juleferie i Noreg

Etter 3 måneder i England skulle me så heim te ho mor og han far igjen. Sjølv om eg var likegyldig i starten (før me dro) så blei det veldeg kjekt :)

Det nærma seg vår heimtur – måtte være ein veldeg fin sak for dei som hadde lengta så fælt heim. Eg hadde ikkje lengta noko heim, eg har aldri lengta heim sjølv om eg likar meg veldeg godt der. Oppholdet her i Oxford har fått meg til å innsjå at eg er faktisk ganske positiv bak den negative fasaden. Eg ser ganske enkelt alt det positive med den posisjonen eg er i ad present.

Då folk lura på om eg gleda meg til å komme hjem måtte eg svare at eg ville nok glede meg då eg var framme på Sola. – Pga. den rare måten hjernen min funkar. Og det var ganske rett :) Egil, Stig og hmm.. Christian(?) hadde kommt for å ta imot Jørgen, Niklas, meg og Jon ;] Koooselig gjort ;D

Det var bare mamma som tok meg imot fordi heile familien var på Sola kl 7 – som var litt vel tidleg siden eg ikkje kom før ca kl 11. (Pappa hadde funnet opp et tidspunkt mao ;);) ). Litt synd at eg kom så seint då, siden de hadde planlagt kvelds-mat-greier osv. :S

Neste morgen sto eg opp til ein diger frokost, endeleg – i Oxford er det 1 skål cornflakes og 2stk hard-stekte toast med Robertsons “Golden Shred”. Brøet er jo óg heilt forferdelig – men uansett var det frokost med skikkelege skjevar så vel som herlege baguettar.

Morfar kom på kvelden etter eg hadde vore hos Espen ei god stund – hadde ikkje sett han på lenge hellar, dessuten var det kjekt å ha han i hus. Me ser han normalt bare heime hos han i Kviteseid. Meg, Mamma og Buster fekk bilen (ein Toyota Corolla 87 modell lr.no), så nå har eg bil ;D

Eg var litt med Falke, fiksa eit par ting samt viste han forskjelleg på PCen min – han har omtrent overtatt PCen nå sidan han står på rommet hans og eg ikkje er tilstede ( + at eg har ein überliit laptop). Den PCen kjøyrer bare Linux og dermed så må han lære seg eit nytt OS ;) Litt stileg – men han får ikkje administratortilgang så han får ikkje leke nok til å øydelegge ting. Håper erfaringa hans blir nyttig sjølv om den er på eit “høgt” nivå – dvs. han har ikkje lært seg noko særleg av terminalen for dei som er interessert. Bare alle dei grafiske knappane osv.

Eg tilbrakte mykje tid hos Espen, nesten ei heil uke var eg der (utenom natt og morgonstund) samt heile nyttår. Me snakka, spela, overføra filar, såg filmar osv. Det vanlege koselege 2 manns-LANet :P Eg merka at å ha ein laptop var ein enorm fordel, det var UTRULEG enkelt å dra til ein kamerat (les: Espen), koble opp ==> SOSIAL HACKING :D (OBS: Ikkje til å bli misforstått med Kevin Mitnick style “Social Engineering”. Her snakkar eg om avansert PC utnyttelse i samvær med annan person/andre personar).

Kvifor sitte aleine å hacke når du kan sitte i godstolen på rommet til Espen, ha ein TV1000 film i bakgrunnen samt Espen som runder Max Payne 2 – og hacke akuratt like bra(vel, nesten – eg mistar egentlig utruleg med konsentrasjon då Espen snakkar til meg når eg er inne i seriøs koding :P) mens du også er bittelitt sosial? ;D (Uffauffa, det blei ein ekkel lang setning. Ja, du fekk nok ikkje meininga heilt. Les han om igjen du ;P )

Dei to ukane gjekk veldeg fort – og eg fekk ikkje sett andre enn Egil, Espen og Marie av kjekke personer nær min alder :/ Det var med litt vedmod eg dro, eg lengta ikkje tilbake til Oxford slik andre i klassen gjorde (å lengte er ein unødvendeg “evne” syns eg (kanskje fordi eg ikkje har den “evna” eg syns han er så unødvendeg)). Eg hadde det kjekt heime, men fekk ikkje gjort 10% av alle tinga eg hadde tenkt eg skulle.

Men no sitt eg her i Oxford igjen, og eg må sei heilt ærleg at eg ikkje lengtar heim :P (damn you “always positive” attitude, eg som liksom skulle være DEN negative personen… oppgitt ) => Vel, eg lengtar nokon av oppgavane på skolen VEKK då – om dét tel som lengting då.. Har 2 kjekke assignments, men 5 keisamne. :’( Menmen, kven bryr seg – eg står nok året uansett kor slapp eg er (ahh, fin holdning – bare vanskeleg for meg å praktisere holdninga :/ (Utanom i Norsk og Samfl, dei faga der det kreves litt innsats for å stå, der kjem det dessverre naturleg) ).

Angående alle parantesene mine, eg “nester” flere paranteser inni hverandre hele tia – og eg hadde faktisk lyst til å lage en parantes til i setningen før denne. Eg antar denne måten å skrive på er veldeg forvirrande, men kva veit eg – eg skriv tekstane, eg les dei ikkje ;P Men, nå er det sovetid. Typisk meg å sitte oppe til 2 når jeg driver med interessante ting (Lagar bullettime SFX med LightWave 7 til eit prosjekt (hardt, men utruleg kjekt(som alle avanserte kreative program(se, der “nesta” eg masse parantesar igjen!(4 faktisk, nei 5 nå :P ))))).