Merkelapp-arkiv: Juks

Juks på norskeksamen med bærbare datamaskiner

Eg var eksamensvakt tvo dagar den siste víka. Ikkje moro på nokon som helst måte, eg kjem til å segja nei til det vidare med mindre eg fær veldig godt betalt. Same kva, eg vart brukt som ein slag dataekspert, sidan desse eksamenane var gjort med datamaskiner.

Oppgåva vart delt ut på internett (http://pgsa.udir.no) og levert på same sida. Sjølvsagt var mange tryggleiksinnstillingar inne; det trådlause netet var slege av. Det var berre mogleg å gå inn på pgsa.udir.no, greitt nok. Dessutan var alle dei bærbare maskinone (laptopane) levert av skulen, so det var ikkje noko rusk på dei. OK. Alle elevane fær eit brukarnamn og passord, dei logger seg inn på pgsa – og so gjeng me (eksamenvaktane) rundt og skriv inn dagspassordet som berre me kjenner. På den måten kann dei ikkje berre mista lappen med brukarnamn/passord på golvet ved lufting slik at mammaen kann koma og logga seg inn, lasta ned uppgåvene, gjera ei av dei og levera.

Norsk er eit vandskeleg fag å juksa i, det finst ikkje svar og det skal godt gjerast å finna ei god uppgåva på netet som andre ikkje finn og som er relevant til uppgåvene du hev fengje. Likevel kann du med internett få hjelp av folk utanfor, dei kann skriva uppgåva for deg etter dei hev fengje uppgåve og senda ho. Voilá enkel 6-er. Men internettilgangen var jo blokkert, so det gjeng jo ikkje!

Lokale ad-hoc netverk

Men du treng ikkje internett! Mori di kann sitja utanfor eksamenslokalet på Linux-maskini si og setja upp eit trådlaust Ad-hoc netverk. Då er det berre for deg å kopla deg til netverket «Mamma sitt überkule netverk for konsulenttenester på nynorsk og bokmål, eller nynorsk og sidemål som er det er kult å kalla det», eventuelt det litt meir anonyme namnet «RRFK-PED». Frå der er det berre å setja på kryptering av pakkone, og vips – du og mamma kann prata fritt med kvarandre medan eksamensvaktane ikkje anar nokon ting. Du kann senda ho PDF-en der uppgåvone står, ho kann enkelt skriva heile uppgåva og senda ho til deg fyrr eksamensslutt. Superenkelt. Og du fær vips 6-er.

Dessutan, viss du berre vil ha 3-er, eller mori di syg, so kann du jo òg avtala på fyrehand med ein kamerat i klassa som òg hev eksamen at de gjeng inn på netverket «RFK-0PEN» (med 0-tal) med passord «booyah» og chattar der/retter kvarandre sine uppgåver slik at de unngår 2-en.

So kva gjorde eg som den hippe eksamensvakten som eg var

Jo. Den dagen på Randaberg VGS var det ingen som kunne juksa på denne måten. Kvifor? Jo, for eg sat jo sjølvsagt med Linuxmaskini mi (Foss) og lytta på all trådlaus trafikk. Eg sat uppe med airodump-ng pluss det trådlause netverkskortet i «monitor»-mode for å henta all trafikk på netet, og so brukte eg hendige Wireshark for å sjå på, analysera, laga grafar og overvåka netverket. So dette brukte eg tvo dagar på.

Diverre vart eg betalt som vanleg eksamensvakt, eg trudde eg skulle få meir sidan den jobben kann ikkje einkvar pensjonist gjera. Velvel, aldri igjen. Og no veit de kor enkelt det er å juksa på norskeksamen um du sit med bærbar datamaskin og um eg ikkje er ein av eksamensvaktane.