Merkelapp-arkiv: Køyring

San Diego

So kom me til ein godt likande plass, etter Los Angeles (stor og, vel, alt for stor og upersonleg), Las Vegas (alt kosta loadsa $$$, men moro so lengje me var der), Redlands (miniplass utan nokon ting). San Diego hadde mykje meir sjarm enn dei andre plassane. Meir slik me trudde LA var.

Fyrste natta sov me i bilen av di me ikkje fekk ein couchsurfing-vert, neste dag var me so heldige at me fekk ei melding frå Lance. Me kom fram seint i kvellingi (21) og traff han og Matt (som ofte sov over). Lance hadde eit typisk amerikansk hus, slike du ser på «ekstrem oppussing». Alt i ein etasje, garasjen hang inntil huset. Kjøkken og stue i eitt stort rom der det var høgt under taket. Han hadde ein gigasofa, men me fekk eige rom med dobbelseng.

Lance var ein perfekt vert, avslappa, hjelpeviljug og likevel engasjert. Me såg This Is It, Michael Jackson-konsertgreia fyrr me la oss fyrste dagen.

Eg spurte um ein billeg frisør/barberar, av di eg seriøst trengde ein klipp av hår og skjegg. «My brother has a haircutter machine,» svara han og fór av stad for å henta. Utruleg herleg, kjenner meg mykje betre med mindre hår/skjegg. :-)

Dagen etter tura med bakpå scooterane til Lance, Lance og Matt køyrde. Matt måtte på jobb etter ei stund, so me sette han av. Då fekk eg ein eigen scooter, og det var sjølvsagt gode dagar. Helene ville ikkje køyra trass i at ho hev sertifikatet for det, men det kann eg no godt forstå. Jenter hev ikkje den upåklagelege sjølvkjensla når det kjem til motorkøyrety. Dessutan dreg ho ikkje rundt på sertifikatet slik eg gjer.

Me sov ei natt til og hang litt rundt i San Diego fyrr me so køyrde vidare.