Merkelapp-arkiv: Kaldt

Eg vil ha dress!

Eg ringde nett Wenaas og fekk høyra at dei faktisk hadde utsal i Oslo. Det er jækla kaldt her i Oslo. Det er òg kjekt å gå ute elder å kunna leika i snjoen utan å tenkja so mykje yver at det kann båe verta vått og kaldt. Difor er dress/varmedress/kjeledress/jærbunad tingen.

Hadde eg hatt ein varmedress, so hadde eg brukt han oftare. Eg pla «stjela» mamma sin då eg budde i Stavanger, men her hev eg ikkje mi eiga. Eg ville hava ein her i Oslo.

So eg leitte fram på internett, fyrst på QXL, so på finn.no og til slutt fann eg felleskjøpet sine netsidor. Der fann eg det eg leitte etter! Herlege varmedressar! Eg vart godt yverraska då eg såg prislappen; under femhundrelappen!

Det viser seg at felleskjøpet ikkje hev butikkar i Oslo! So eg måtte ut av byen um eg skulle kaupa dress hjå dei. Det held ikkje. So etter eit par dagar foreslo Erik (som eg bur saman med på Lilleborg) at eg kunne ringja Wenaas. Han er i frå Hedmark (og pratar slikt herleg målføre), so han kann litt um varmedressar og Wenaas.

Eg fekk nett svar, og langt aust i Oslo, nær Risløkka T-bane, finst eit Wenaas butikk-utsal. Der skal eg i morgon! :D

Bilete av meg i ny dress fylgjer dei neste dagane…

DRESS FOR TEH WIN! :D

Kalde tider

Det er dritkaldt når eg står på Sinsen t-bane og ventar på banen. Dritkaldt. Hekkan, eg trudde det var Stavanger som var gufset med vind og greier. Her er det dritkaldt, pluss vind! Brrr. Eg står og speidar opp på jarnbanen medan eg ventar. Dei går parallelt. Eit lokaltog går forbi. Det er noko rart med det. Det kjem nærare og eg ser det; taket er fullt av sno! Ikkje kome noko her endå, men det er visst kome sno i omland.