Merkelapp-arkiv: Kamera

Thailand dag 1, Bangkok

So er me i Bangkok og det fyrste som slær meg, og som eg óg venta på er varmen når eg gjeng ut or flyget. Det er alltid ein luftvegg av tyngre, varmare luft. Eg er viss på at flygi tek med seg og kjennest ut som Noreg ganske lengje og so vert forskjellen ganske klår når det plutseleg er ny luft. Det er varmt og klamt, høgt luftfukt.

(Klokka 12.00)

Nett no sit eg på May Kaidee’s Vegetarian Restaurant. Helene ligg og søv på hostellet fem minutt unna. Eg er ravsvolten og tom i magen, det er Helene òg, men ho søv veldig tungt nett no, so det passar nok bra det òg. Var litt usikker på kva eg skulle tinga, so eg tok noko som på ein måte vart tilrådd av servitrisa etter eg spurte. Ris- og grønnsakssuppe er nok neppe noko eg hadde teke sjølv (etter biletet og namnet å døma), menmen, sikkert bra.

«Ahh, got your water already,» kom servitrisa nett og spurde medan ho slo på vifta på veggen rett yver meg.Interessant nok so hev denne plassen eit kokkeleringskurs, det hev eg ikkje sett andre plassar fyrr. Ho står no engasjert og forklarar for ei gruppe amerikanarar ved eit bord heilt inne i lokalet. No fær eg truleg maten min snart.

Me landa i 5-6-tidi i dag tidleg, og fann fort ut at flybussane la ned 1. juni, altso rundt ei veke fyrr me kom. Det øydela den planlagde planen sjølvsagt. Etter ein del fram og attende tok me Skytrain til siste stasjon og praia ein taxi. Turen skulle taka 10 minutt, men med den tette og ville Bangkok-trafikken tok det opp mot ein 40 minutt. Og prisen? 16 kr.

(Klokka 20.50)

Eg og Helene sit på Pizza Hut. Det vil segja, Helene er på do nett no. Me hev vore på eit av Bangkok sine mega-kjøpesenter MBK i ein 3 timar. Stressa som ein galning med kamerakjøp. Helene gjekk rundt for seg sjølv og handla og koste seg, då eg seinare traff ho hadde ho m.a. kjøpt gåve til Ida. Panasonic GF2? Kva objektiv? Olympus PEN? Eller ikkje mikrosystemkamera, men veldig kompakt? Som Canon S95 mot Panasonic LX5 og Olympus XZ-1.

Eller kva med Fujifilm FinePix X100? Den brekker banken og hev fast påmontert objektiv. Helene segjer «Men kva skal eg gjera på konserter då, når eg vil taka bilete av artisten?». Nei, det er berre ein fast vidvinkel på den, so det gjeng ikkje då.

X100 kostar 10500 i Noreg, som er ganske mykje for eit kompaktkamera utan zoom og utan høve til å endra objektiv. For min del er det perfekt, på eit slikt kompaktkamera vil eg ikkje stressa med å byta objektiv. Det er peik-og-skyt.

Zoom vil eg ikkje ha då eg fyretrekk liten storleik og viktugast av alt; høg ljossensitivitet. X100 hev òg ein stor APS-C-sensor, so han er større enn sensorane til micro four thirds-systemet. Sony NEX-3 og NEX-5 hev òg APS-C-brike og same med Samsung NX10, men båe dei to er stygge som fy. Veldig billege då. På dette punktet bør de forstå min frustrasjon.

(Seint på kveld)

Den siste (og fyrste) X100 var nett utseld då eg kom ned att. Dei er ganske umoglege å få tak i grunna problemene i Japan, diverre. Eg stod so saman med Helene og klarte ikkje velja mellom Panasonic GF2 og Olympus PL2. Til slutt var alle saman inkludert seljarane irriterte og slitne av problemet mitt med å velja, so då gjekk me berre iom. at dei stengde. Fær fortsetja det i morgon.

So me sat altso på Pizza Hut, åt mellomstor ostepizza som viste seg å berre vera liten i våre augo. Etter det tok me ein Tuk-tuk heim att etter me hadde pruta prisen ned frå ekstremmykje (40 kr) til framleis ganske mykje (14 kr) for ein 10 minutt tur 1.

Tidlegare på dagen so tinga Helene tur til morgondagen, då skal me sjå brui yver Kwai, taka «Death Railway» og ri på elefant.

Bilete kjem truleg ein gong.

  1. 14 kr er jo framleis skitbilleg mtp. taxi- og transportprisar i heimelandet []

Berlin, Januar 2009

Eg fekk aldri skrive noko meir um Berlin-turen vår enn då me var på flyplassen på veg ned (dette innlegget er eigentleg skrive 2009-05-25). So eg tenkte eg kunne leggja ut eit par bilete med tekst for å fortelja litt kort um turen. Andre hev jo allereide gjort det.

Den siste lenkja hev dette biletet frå eit prøverom i Berlin. Det er Janne-Kristin og Helene, som de ser. Biletet er Ida sitt. Dei andre som var med på turen var Synnøve og Klaus

jannekristin-og-helene

Det viste seg at Klaus ikkje hadde same ladar som eg trong til mitt kamera, so det vart litt få bilete. Kamera mitt slutta fungera etter ei stund. Utruleg synd. Eg stal kamera til Klaus nokre gonger, men eg kunne jo ikkje godt taka det frå han!

Ikkje yverraskande frå førre innlegg um Berlin-turen, men her er det ekte prov på kven som er linselusen. Det er ikkje eg som tek bilete av Janne-Kristin, det er Janne-Kristin som plasserer seg i bileti mine (og ja, eg skal fiksa netsida di snart :) ).

Gjengen på flyplassen, henter bagasje

Me fann ut at S-bahn var tingen å taka inn til byen. Det me gjerne kallar tbane i Noreg. Dei hev tvo variantar, U-bahn som gjeng (for det meste) under jordi og stoppar mange plassar, og S-bahn som gjeng yver bakken og er ein slags ekspress.

01-opptiltoget

Klaus skaffar billett

Rommet me hadde leigd hjå JetPak viste seg å vera utruleg fint. Det var ikkje mange euroane me betalte for det rommet, so me hadde ingen grunn til å venta noko særleg fint. Det var tilogmed eit eige gå-inn-i-skap som jentene likte sers godt (dei er jo trass alt jenter). <- Hohoho, sjekk kor dømmande eg er.

Ida og Helene inne i klesskapet

Ida og Helene inne i klesskapet

Ida, Janne-Kristin og Synnøve på tbanen, legg merke til Synnøve sitt skjørt. Eg såg det ikkje fyrr no! Wow! Snakk um match.

Ida, Janne-Kristin og Synnøve på tbanen, legg merke til Synnøve sitt skjørt. Eg såg det ikkje fyrr no! Wow! Snakk um match.

Vapiano. Her åt me 2-3 gongar. Billeg, fersk pasta som dei lagar til deg medan du står og ser på. Veldig bra. Du fær eit plastikkort som du betalar alt med, og so må du betala gjeldi di når du gjeng derifrå. Ganske effektiv heile plassen.

Vapiano. Her åt me 2-3 gongar. Billeg, fersk pasta som dei lagar til deg medan du står og ser på. Veldig bra. Du fær eit plastikkort som du betalar alt med, og so må du betala gjeldi di når du gjeng derifrå. Ganske effektiv heile plassen.

Tidleg morgon. Ida sminker seg.

Tidleg morgon. Ida sminker seg.

Og Klaus held fram med å sova. :-)

Og Klaus held fram med å sova. :-)

Frukosten min hjå JetPak sin vesle kafé. Minner meg um england og ...mindre bra frukostar der ;-)

Frukosten min hjå JetPak sin vesle kafé. Minner meg um england og …mindre bra frukostar der ;-)

Ida drikk morgonkaffi på JetPak-kafèen

Ida drikk morgonkaffi på JetPak-kafèen

Janne-Kristin og kaffien hennar

JetPak-kaféen var seriøst miniliten. Ikkje god plass til oss der, litt stress å eta når folk venter på å få sitjeplass.

JetPak-kaféen var seriøst miniliten. Ikkje god plass til oss der, litt stress å eta når folk venter på å få sitjeplass.

Me fær gaiding «kor er dei beste plassane» frå ei JetPak-tilsett, ho var ekstremt ivrig til å hjelpa. Eg gjekk alltid rundt med det kartet i lomma, sidan eg elskar kart.

Me fær gaiding «kor er dei beste plassane» frå ei JetPak-tilsett, ho var ekstremt ivrig til å hjelpa. Eg gjekk alltid rundt med det kartet i lomma, sidan eg elskar kart.

Synnøve på jøde-monumentet for 2. verdskrig, me var på gaida tur. Dei andre gjekk på tyskspråkleg, men eg og Synnøve tok den engelske varianten ;-)

Synnøve på jøde-monumentet for 2. verdskrig, me var på gaida tur. Dei andre gjekk på tyskspråkleg, men eg og Synnøve tok den engelske varianten ;-)

Muren, området til venstre er «death strip». Utruleg interessant.

Muren, området til venstre er «death strip». Utruleg interessant.

Trabant, trabi, drøymebilen! Drittøff! :D

Trabant, trabi, drøymebilen! Drittøff! :D

Pause i den gaida turen.

Pause i den gaida turen.

Luftwaffe, Nazistane si flyvåpenbyggning, nazist-arkitektur på sitt b--verste. Var frykingytande. Skummelt.

Luftwaffe, Nazistane si flyvåpenbyggning, nazist-arkitektur på sitt b–verste. Var frykingytande. Skummelt.

Synnøve på _parkeringsplassen_ der Adolf Hitler tok livet sitt. Dei ville ikkje gjera det til eit monument slik at nynazistar kunne gå der. So... Ein heilt vanleg parkeringsplass utan so mykje som eit skilt.

Synnøve på parkeringsplassen der Adolf Hitler tok livet sitt. Dei ville ikkje gjera det til eit monument slik at nynazistar kunne gå der. So… Ein heilt vanleg parkeringsplass utan so mykje som eit skilt.

Me gjekk inn i eit fredsmonument, som i all tysklands historie hev vore ymse krigsmonument. Av di Tyskland elskar krig.

Me gjekk inn i eit fredsmonument, som i all tysklands historie hev vore ymse krigsmonument. Av di Tyskland elskar krig.

På U-bahn, skal ut på byn og eta ;)

På byn for å eta. Her er me endeleg alle saman på bilete! Jepp, eg sit bak ein herleg alkoholfri Beck’s. Dei var sers gode.

Ah, eg berre tulle på førre. Janne-Kristin var jo òg med. Veit ikkje um det er min alkohofrie Mohito (satan den er ekstremt god! :D), elder noko anna ho drikk av.

Me såg ein «Sporvegane»-buss på veg heim. Yay, norsk i utlandet, slikt elskar me nordmenn. Dei hadde skaffa vin, og eg hadde jo 10.000 forskjellege typar alkoholfri øl heime.

Me såg ein «Sporvegane»-buss på veg heim. Yay, norsk i utlandet, slikt elskar me nordmenn. Dei hadde skaffa vin, og eg hadde jo 10.000 forskjellege typar alkoholfri øl heime.

Dagen derpå. På Starbucks. Helene og Klaus stel kvar sin Starbucks-kopp (utanum koppane dei kaupte), av di dei ikkje er til sals. Ida er trøytt, hoho. :)

Dagen derpå. På Starbucks. Helene og Klaus stel kvar sin Starbucks-kopp (utanum koppane dei kaupte), av di dei ikkje er til sals. Ida er trøytt, hoho. :)

Synnøve og Janne-Kristin. Me kaupte sjokolade.

Synnøve og Janne-Kristin. Me kaupte sjokolade.

I Berlin Zoo. Her gjeng kamera mitt. Ikkje meir straum resten av turen. Eit stort nederlag for meg. Gjorde ilt i hjarta. :-(

I Berlin Zoo. Her gjeng kamera mitt. Ikkje meir straum resten av turen. Eit stort nederlag for meg. Gjorde ilt i hjarta. :-(

Fleire bilete eg tok, med Klaus sitt kamera

Eg stal kamera til Klaus òg, men berre når eg hadde veldig lyst å taka eit par bilete. Difor mange færre, og mindre uplanlagde bilete.

Janne-Kristin på Dunkin' Donuts

Helene på Dunkin' Donuts

Klaus på Dunkin' Donuts

Ida på Dunkin' Donuts

Janne-Kristin på Vapiano, drikk te

Helene på Vapiano med te

Janne-Kristin og Klaus på ein koseleg restaurant

Alkoholfri øl + sirup, det smakte... Rart, på ein interessant måte.

Alkoholfri øl + sirup, det smakte… Rart, på ein interessant måte.

All mi alkohofrie øl (på det tidspunktet). Becks Alkoholfrei, Clausthaler Preimum og Erdinger Weiss Alkoholfrei var mine favorittar.

All mi alkohofrie øl (på det tidspunktet). Becks Alkoholfrei, Clausthaler Preimum og Erdinger Weiss Alkoholfrei var mine favorittar.

Og so nokre av Klaus sine eigne bilete

Eg mangla bilete av ein heil del, so eg fyller inn med bilete frå Klaus.

Eg legg ut flyplass-innlegget på bloggen min

Synnøve, Odin (eg), Ida, Janne-Kristin og Helene

Ida. Dette biletet er berre driiitkult. All kudos til Klaus her. Hekkan eg digger det. Det var ein kul trakt som du putta penger ned i, so snurra dei og snurra og snurra. Me brukte alle pengane me hadde :P I Berlin Zoo.

Odin/Eg!

På sushi-plassen, beste sushien eg nokon gong hev smaka, eg hev slutta eta sushi (og fisk) etter dette. For ingenting slår dette. So eg er ekte veggis no, etter denne upplevingi her.

Ferdig med biletepost

Dette var berre utruleg frustrerande og tidkrevjande og eg ser ikkje at det hev nokon stor verdi. So eg kjem ikkje til å halda fram med denne typen innlegg. Då skriv eg helder eit par sider tulletekst og putter eit-par få bilete mellom. For denne stilen passar meg verkeleg ikkje.

Er de einig? Kva tykkjer de um slike innlegg?

Eit objektiv eg ikkje visste fanst: 28mm f/1.8

Eg plar sjå på bileti til Mariell Øyre, som eg kjenner gjennom målungdomen, og lura litt på kva objektiv ho brukar for å taka dei. Bileti hev den herlege korte djupdeskapheiten som tyder open blendar og eit ljossterkt objektiv (pluss stor biletbrikke). Eg hev vel ofte tenkt at ho brukar den same 50mm f/1.8-objektivet som eg hev teke mine finaste bilete med i det siste. Likevel hev eg ofte sett at det ikkje liknar ein 50mm i det heile teke.

I innlegget hennar um jolegåvor såg eg eit biletdøme som heilt umogleg kunne verte teke av ein 50mm, og litt lengre nede skreiv ho at ho hadde tenkt å kaupa ein 50mm f/1.8.

Ok, so det er tvo moglege svar: Mariell hev brukt masse pengar på eit ljossterkt normalobjektiv (28–32mm for digitale speilreflekser vil eg tippa), eldes so finst det eit objektiv til ein god penge som eg ikkje kjenner.

No kann det godt henda at Mariell hev eit dyrt objektiv, ho driv jo faktisk med foto (slik eg forstår), men same kva so fann eg:

Sigma 28mm f/1.8 makro

Det finst eit ljossterkt normalobjektiv til ein billig pris! :D

No hev eg nett fengje Sigma 10–20mm f4–5.6 (av herlege Helene!), som er eit dritkult objektiv. Problemet er sjølvsagt at det krevjer mykje ljos, so det er for «studio» elder ute. 28mm tilsvarar 45mm på fullformat (altso vanleg 35mm film), og der er 50mm eit «normalobjektiv». 20mm heilt klart eit vidvinkelobjektiv, og med ljosstyrke på f/5.6 er supermørkt. So eg treng eigentleg eit ljossterkt normalobjektiv. Dessutan. f/1.8. Eg treng ikkje segja meir.

Ok, kannhenda ikkje alle forstår det,—men de kann sjå på bileti på bloggen til Mariell, dei ser ut til å vera tekne av det objektivet nesten alle saman.

Forresten synast eg synd på 18–135mm f/4–5.6 VR kit-objektivet mitt frå Nikon, det er ikkje kult og hipt lengre. 10–20mm-en er ein kul vidvinkel, 50mm-en hev høg ljosstyrke og tek fantastiske portrett. Og no vil eg leggja ein 28mm f/1.8 til i baggen, som er eit ljossterkt normalobjektiv. Det einaste eg treng no, er eit OK-ljossterkt teleobjektiv (OK, dei er skitdyre!) og so treng eg ikkje kit-objektivet til stort lengre.

Eg hev lyst på nytt objektiv

axelbs kom inn på PING med det nye objektivet si for nokon dagar sidan. Det var eit Nikkor 50mm f/1.8-objektiv, ganske likt (om ikkje heilt likt) som det eg skal kaupa ein gong (:p). Det er eigentleg tvo 50mm-objektiv eg ser på, f/1.8 og f/1.4. Men lat oss fyrst sjå på tvo bilete eg tok med kamera, det eine med det objektivet eg hev no (Nikon Nikkor 18–135mm f/3.5–5.6), det andre med objektivet til bs (Nikon Nikkor 50mm f/1.8).

Nikon Nikkor 18–135mm f/3.5–5.6, på 50mm med blendar 5.0 og lukkar 1/4 sek

larsod med Nikon Nikkor 18-135mm f/3.5-5.6, på 50mm med blendar 5.0 og lukkar 1/4 sek

For å forklara litt for dei som ikkje er heilt «inne i» kamera-terminologi. 50mm seier kor mykje eg hev «zooma inn», so eg hev «zooma inn» like mykje som den faste linsa til axelbs «ser». Mitt objektiv gjeng frå 18 til 135mm, so det er ei «zoom-objektiv». Eg kann endra utsnittet. For å laga ei zoom-objektiv treng me meir glas (fleire linsor) enn når me lagar eit objektiv med fast optikk. Eit objektiv med meir glas tek vekk meir ljos (ljoset må gå gjennom fleire glas). Altso, kort sagt; mi zoom-objektiv slepp inn mykje mindre ljos enn axelbs sitt faste objektiv. Me plar visa kor mykje ljos som slepp inn gjennom objektivet med f-stop; jo lavare dette talet er, jo meir ljos slepp gjennom. Som me ser på mitt objektiv, so er f-talet 3.5 når objektivet «ser 18mm» (er heilt zooma ut).

18-135mm linsa

axelbs sitt objektiv kann stoppast heilt ned til f/1.8 når han er 50mm (som han er heile tidi). Han slepp altso mykje meir ljos inn. Lat oss sjå på larsod gjennom axelbs sitt objektiv:

Nikon Nikkor 50mm f/1.8 (50mm (sjølvsagt) blendar 1.8 og lukkar 1/25 sek)

larsod med Nikon Nikkor 50mm f/1.8 (50mm (sjølvsagt) blendar 1.8 og lukkar 1/25 sek) 50mm-linsaDette biletet ser veldig annleis ut. Sjå kor godt fokuspunktet i biletet er separert frå resten. Sjå kor dynamisk biletet er – kor lite «flatt». Dette er berre «peik og klikk», ingen av bileti var meint som noko meir enn enkel test. Likevel hev dette biletet ein mykje større estetisk kvalitet enn det andre. Hadde eg hatt eit lite drittkamera (Ixus, Cybershot og andre kompaktkamera) kunne eg prøvd teke det same biletet med det kamera; det hadde vorte det dårlegaste av alle. Men attende til saki; du seier kannhenda:

«Men kva med ljos som du prata um, desse bileti ser jo ganske like ut der!?»

Ja, det er jo greitt nok å forklara. Eg hev ikkje prata um lukkar, lukkar seier kor lenge kamera hev «lukkaren» sin open når han tek biletet. Altso, kor lengje han let ljoset strøyma på biletesensoren. Det fyrste biletet med mitt objektiv trong 1/4 sekund, altso 0,25 sekund. Det er veldig lengje når ein held eit kamera for hand. Ser du på biletet so ser du at det er litt rørsle i det grunna dette. Då vert biletet uklårt og ikkje bra. Med objektivet til axelbs klarte kamera å taka same biletet (med nok ljos) på 1/25 sekund. Mykje snøggare (raskare). Difor plar ein seia at objektiv som hev lågare blender-verdi er «snøggare objektiv».

f/1.4 eller f/1.8

Objektivet eg eigentleg vil kaupa er 50mm f/1.4, og ikkje f/1.8 som axelbs hev. Men det er store skilnader i pris på desse tvo. f/1.8 kostar 900 kr, veldig billig, f/1.4 kostar ~2500 kr! Dette for eit objektiv som er 0.4 f lysare. Men det kann visa seg å vera masse, difor vil eg testa båe objektivi fyrr eg evt. kauper eitt av dei.

Hev merka meg at det eg likar best å taka bilete av, er folk. Og dette er eit veldig godt portrettobjektiv. Forresten fekk eg eit herleg innspel på eit av bileti i biletegalleriet mitt i går:

Nice. Et av de beste bilder jeg har sett av ikke-proffe på lange tider. Utrolig søt jente og da :) Heldiggrisen ;-)

Slikt fær meg til å vilja taka endå fleire bilete. :]

Oppdatert: Endra linsa til objektiv, og fiksa dei tvo gongene eg hadde skrive alex til axel.

D70-kamera og linse er vekk

I heimlege strøk er eg kjend for å mista ting, ja, for å vera eit ekte vimsehovud. Dei siste 4–5 åri med innleggheimesida mi hev vel vist dette rett. Eigentleg vil eg berre få skrive det ned slik at eg kann hausta litt sympati og kjenna meg betre; Nikon D70-kamera er vekk. Den digitale speilrefleksen pluss linsa og minnekortet. Eg trur det hende då eg var i Oslo utan å hava nyklane. Kann henda på toget? Eller ein annan plass. Eg hev ikkje peiling, det er lengje sidan. Eg leitte lengje etter det.

For mykje pengar gjeng ut

Då me kaupte det kosta det rundt 14.000 um eg ikkje hugsar feil. No kann eg kaupa eit D80-kamera med ei anna linsa (veit ikkje um ho er like god, men ho hev iallfall litt meir zoom) for under 10.000 trur eg. Likevel er det synd å bruka 10.000 på noko som ein i det heile teke ikkje burde hava trengt bruka meir pengar på. Eg lagde nett ein rekneskap yver 2007 so langt; det ser ikkje lovande ut. Nett no brukar eg omtrent 5.000–7.000 kr i månaden, det er yver kva eg kann bruka. Vil helst ikkje bruka lånet i lånekassa, vil helst berre hava dei pengane og so gjelda alt att når lånet krev renter.

Menmen, til kamera. Eg mista ein del bilete eg hadde teke av Moulin Rouge, eg hev framleis eit par då – men hev ikkje gidda lagt dei ut. Eg trur dei siste var betre (frå siste forestilling) + ein del frå festen. Vil ikkje kaupa kamera fyrr me treng det; eg venter nemleg på

  1. lavare prisar
  2. nyare modell

Men det er forsåvidt teit, for på dei åri me hadde D70-kamera so brukte me det sers mykje. Tok yver 14.000 bilete; og det å gjelda 1 kr per bilete er ikkje mykje. Eg hev hatt det veldig moro med kamera òg, so det hev absolutt lønt seg.

Film i sumar

Ahh, forresten, medan eg pratar um slike ting. I sumar hev eg tenkt å laga ein enkel film saman med Helene Stenhaug. Kamerat Espen (som òg hev skrivetilgang til sida mi, utan at han brukar ho lengre) hev òg sagt seg villig til å vera med. So med ein gong eg fær manus frå Helene (… ting tek tid :p) fær han det. So fær me sjå um eg kann halda dykk oppdatert med produksjonslogg. :D