Merkelapp-arkiv: Karakterar

Karakterarane byrjar å demre

Etter ei eksamensforbereding til media4 med Kåre kunne ein få vite kva karakter ein ville få i faget. I byrja var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle spørje; eg ville jo sjå han om nokre veker likevel. For å seie det slik, eg var glad for at eg spurde.

For ei veke sidan fekk eg ei melding frå Ingunn Alsåker; eg hadde fått 5-er i Nyere Historie! Wohoo! :D Ein femmer sikra, det var no endeleg bra. Det var eit lyspunkt i det året eg har kjend at alt har gått rett vest. Det som er så vondt med dette året er at det er standpunkt, det er siste viktige innspurten. Eg har ikkje fått nokre klåre signalar frå lærarar om kva eg ligg på. Men av ei eller anna grunn vonar eg det er dårleg.

Mange svingkarakterar

Bjørg Rosfjord (Religion) seier eg ligg mellom 4–5, eg har fått ein 4, ein 4/5 og ein 5, trur eg. Ho ville kunne setje 5-er om eg gjorde det bra no i sluttinnspurten. Det veit eg ikkje heilt om eg har gjort diverre – eg prøvde, men gløymde det fort. Eg har vore normalt aktiv i timane, eg vonar det held. Sjølv om eg realistisk sett trur på 4. Olav Håberg (Media3) har sagt eg ligg frå 4–6. Om eg arbeider med ei oppgåve får eg 6, medan halvtimearbeidet får eg 4 på. Som denne oppgåva eg skreiv særs raskt ein hektisk dag rett før innlevering:

Dette fekk eg røska saman mellom skule, teater, mat, og no – leggjetid. Ikkje ein episk forteljing akuratt – men det er då noko :)

Kor Olav svara;

Normalt ville ei innlevering i dette omfanget gitt kararkteren to – uferdig som det er i form og innhald. Du viser igjen at du forstår meir film enn dei aller fleste. I litt for korte glimt gir du ei sjølvstendig og god vurdering av filmen, og viser at du forstår både bølgefilmens og modernismens ide godt.

Den dagen du prioriterer arbeidet får du betalt. Enn så lenge held eg igjen på toppkarakterane.

Eg vonar eg får 5 i media3, sjølv om 4-eren ligg og skremmer meg. Eg vil ikkje ha 4 i det faget, av di eg veit eg kunne lett ha fiksa 5 i det. Media3 er eit kjempekjekt fag, spesielt av di Olav er ein utruleg flink lærar. Eg har skrive gode ord om alle desse lærarane tidligare – og det er ikkje ubegrunna. Får eg 4 i Media3 så er det ikkje anna enn fortent – då har eg ikkje vist betre reint faglig og kan difor ikkje forvente meir. Eg stoler på Olav. Eg har tiltru til at karakterane han sett er rett, det er verre med andre lærarar:

Den dårlege norsken

Den store syndebukken er norsken. Norsken. Off. Norsken. – Eg snakka nett med Victoria Stensø om det; ho får ikkje meir enn 4 i norsk! Det er jo heilt sjukt. Victoria er kjempeflink i norskfaget og eg kan ikkje forstå kvifor ho ikkje får 5. Janne burde ikkje få noko anna enn 6-er, men ho får 5. Kva får så eg, som alltid har hatt 5-er? Jo, eg får 3… 3 i norsk. At det går ann. Korleis kan ein få 3? 3 får ein når ein er slakk og ikkje gjer noko. Bruk eit kvarter på norsken i uka og få 4. – Eg har bruka meir enn eit kvarter i uka – eg har jo hatt 5-er som mål!

Eg har hatt norsk i 12 lange år no. Og dei siste 3 åra (før dette) har eg hatt 5. Nynorsken min har vore på 4, med innslag av 3-ere som eg normalt har fiksa på slutten av året. No som eg har byta hovudmål, og har mitt gamle 5-er mål bokmål til sidemål får eg 3. Eh. 3? 5 som hovudmål, 3 som sidemål? Nei, noko må vere feil. Det var det òg. Eg fekk faktisk fiksa den karakteren til 4. Betre, men likevel dårleg.—Grunnen var at eg ikkje hadde nok tekstgrunnlag, og at eg gjorde ei dårleg heildagsprøve. Forsåvidt er eg einig der. Men problemet stikk djupare. Karakterane eg hadde fått før det har vore for lave (meiner eg) – eg fekk 3 i nynorsk, og 4 på ein bokmålsstil. Denne stilen blei lese opp for klassa, som lo seg halvt i hjel (var eit kåseri, då er leing bra , altså :p); kor læraren prestera å seie:

Å, han var visst litt morosam lell, denne stilen

Eeeeehh! Kva tyder det folkens?—Jo. At då ho las han åleine synest ho ikkje han var morosam. Eit kåseri som ikkje er morosamt er eit dårleg kåseri. Ho synest altså kåseriet mitt var dårleg. Ho satt 4 på det. Eg var særs missnøgd med 4, dette var då iallfall ein 5-er stil i “gamledagar”! Eit problem er jo at ho ikkje sto fast på meininga si om at kåseriet ikkje var morosamt, – men endra meining. Etter ho hadde sett karakteren. Kvifor skal eg bli straffa om læraren ikkje forstår kåseriet når ho les det åleine, men forstår det fyrst når det blir syna fram for klassa? Off. Det der var vondt. Det øydela ein god del av den lille velvilja eg hadde att til norskfaget etter ho hadde keia det ned til eit eksistensiellt nivå.

Kåseriet var om “ikke-verbal kommunikasjon”, og eg fekk kritikk for å forenkle. Hm. La meg tenkje. Kva skal du gjere i eit kåseri? Jo! Forenkle! Ærh. Nei. Det er berre teit å tenkje på slikt, får akseptere 3 og 4-erane mine. Eg har kanskje berre vore heldig dei andre åra. – Det er altså norsken som har øydelagd særs mykje av skulevilja mi det siste året. Victoria meinte nett det same. Ho som normalt sett er så engasjert og skriv så utruleg bra. Norsken er syndaren!

Oppdatering: Eg har fått konfirmert norsk-karakterane. Eg får 4, 4, 4. Normalt ville eg hatt 5 (hovudmål), 5 (munnleg), 4 (sidemål). Originalt låg eg ann til 4, 3, 3 – men eg fekk heldigvis fiksa munnleg karakter og sidemål. Synest det er synd å få 4 i munnleg norsk. Det er jo noko eg kjenner eg kan ganske godt. Faktisk så hadde eg fått 5 om eg ikkje hadde lidd av stress i den perioda då eg hadde særemnet. Skule/fritid og spesielt norsk gjorde at eg blei sjuk. Veldig sjuk. Eg gjekk til legen, som konstanterte at eg lei av stress. Ho trakk meg frå 5 til 4 på særemnet eg hadde jobba særs mykje med av di eg ikkje hadde framsyninga midt i den perioda eg var sjuk (då eg originalt skulle ha det)… Vel. Litt råttent gjort synest eg. Menmen.

Utdjuping av ingress

Kva meinte eg eigentleg med det eg skreiv i ingress då? No er det nødig ein ingress eg har skrive, men meir eit par linjer for å få folk til å lese innlegget. Eg må lokkje folk slik at dei gidd lese. Kan ikkje vere berre moro å sjå gjennom såpass mykje tekst. Difor sett eg òg ofte bilete inn i teksten for å gjere det enklare og meir sannsynleg at folk les. Så eg prøver meir og meir å la usvara spørsmål stå i starten slik at folk må lese heile teksten for å få svar :p Hehe. Utspekulert.

Men så til sakas kjerne. Tidlig stod eg opp i dag for å kome meg til skulen; eksamenforbereding. Det var visst ikkje obligatorisk sa Kåre – noko eg òg kunne sjå på antall frammøtte. Heh. Få. På slutten av forberedinga kunne me få vite karakterane; eg gjekk som sagt inn. “Veeel, du fekk no berre 4-er på heildagsprøva! Eg hadde førrveintta meirr!”, seier han på “tromsøsk” eller kva det no er. Så. Ein gruppekarakter = 5 frå termin 1, ingen prøve i fyrste termin av di eg var vekk. Eg hadde sagt ifrå om det, og blei litt sint då eg fekk “0” på den prøva. Etter mykje stress fekk eg til slutt “5” i standpunkt i termin 1.

Kåre sa eg låg midt mellom 4 og 5. Og etter ei del ressonnering frå hans side (eg heldt meg for det meste stille) kom han fram til at han skulle “la tvilen kome tiltalte tilgode”, som han sa det. Han sa at viss han ga meg ei prøve med forberedingstid ville eg glatt dra i land 5 der. Så difor ga han meg 5.—Ahh, takk Kåre. Godnyheit. Hadde eg ikkje gått inn for å vite karakteren, rynka på nesa då eg fekk høyre “4” (+ at Kåre visste jo eg gjerne ville ha 5) og stått og høyrd på hadde eg ikkje fått satt opp karakteren. Men det fekk eg altså no. Wohoo! :D 2 sikra 5-ere. Yess. Kanskje avgangsåret ikkje blir så elendig som eg hadde trudd. :)

Eg sto!

Wohoo! Eg va på tutorial med John for ein halvtime sidan og han var klappa meg på skulderen og sa god jobb ;D

Eg var sjukt glad – minuttar før hadde eg forberedt meg på fall, men då eg kom inn i rommet fekk eg ein god følelse. Eg samla opp alle assignmentsene me hadde gjort (oppgavane) og ga John dei på rad og rekke ettersom han krevde dei. Minna mykje om Gestapo om eg får sei det, han ropa ut oppgava – og eg kasta han over.

Som sagt før så trudde eg at eg ikkje ville stå, men gjett om eg gjorde! :D Eg fekk til og med “M” i “Marketing og Advertising” som er IKKJE likar i det heile tatt! – Eg hadde nemlig to “D“ar (toppkarakter) i to av læringsmåla der, eg hadde tydlegvis fått dei fordi eg er så flink teknisk :] Tihi

Nei, eg må sei det gjekk bra i slutten – som vanlig! Sjølv om eg hadde vært slapp den siste tia og ikkje gjort noko stort fornufteg i det heile tatt, så sto eg! Og det bra også :)

Utroleg, utroleg letta…

Stress skoleavsluttning, vil eg

14 oppgavar skulle eg levere. Leverte eg nokon i det heile tatt? Er disse oppgavane viktige for å stå året? VIL eg stå året eller må eg ta VK1 om att!? Eg veit neimen ikkje eg…

Tenk deg situasjonen, 14 prosjekt. Simultant! – Tja, seier du kanskje, du får vel god tid på desse 14 prosjekta då. Joa, eigentleg – men så har det seg slik at me sluttar skulen her i Oxford 4 ukar för tia, og då mistar me jo ein god del tid for å sei det mildt. Allikevel, seier kanskje nokon av dikon – de andre ser ut til å klare situasjonen greit nok. Jao, er jo sant det også – men se for deg ein glad Odin i Frankriket 10 dagar, og så ein glad Odin i Norge ei uke. Då må du trekke 2ukar til frå arbeidsukar. Te slutt her har me no trukke frå 6uker med arbeid frå dei 14 prosjekta.

Velvel, då skal eg vel kanskje bare jobbe dobbelt så bra som för då? – Vel, eg har enno fleire problem – og det er faktum at eg ikkje har PC heime lengre. Då eg normalt skriv skoleoppgavar (kvelden) kan eg no ikkje skrive noko. Verken til heimesia (ser at det ikkje har vore nokon oppdateringar her på lenge) eller til skulen. Derfor skjedde det som måtte skje. Dagen, igår, då me skulle levere inn blei ein dag då eg fant ut at eg ikkje hadde gjort eit einaste prosjekt skikkeleg. No ventar eg på dagen etter imorgon for å se OM eg kommer til å STÅ SKOLEÅRET! Det er SLETT ikkje sikkert no! – Då må eg gå VK1 om igjen. Mamma har jo alltid villa at eg skulle gjöre nettopp det, men eg vil gå VK2 neste år, ikkje VK1 om igjen :/

Menmen, no har eg brukt mykje tid her på internet cafeen, og det er slettes ikkje det same å skrive her på denne win98 maskina som det er å skrive på mi eiga laptop i Linux, vim. Forressten er eg lei av å skrive med svensk tastatur – dei har ikkje skikkeleg ö og ä, heller har dei ikkje apostrof over “o”-en slik eg ofte brukar.