Merkelapp-arkiv: Keisamt

Meirverdiavgiftinnbetaling

Eg betalte nett i underkant av 23 000 kr inn til statskassa. Kjennest vondt ut, eg hadde heilt gløymd meirverdiavgifti.

I byrjingi då eg vart momsregistrert, so sette eg av all momsen eg tok inn og heldt oversikt yver kor mykje av pengane som «ikkje var mine». Til slutt vart det sopass mykje pengar at eg tenkte dei heller burde stå på høgrentekontoen, so eg flytta dei.

Etter det mista eg heilt oversikt. Sjølvsagt er det ikkje stort vandskeleg å finna ut av denne oversikti att. Det er ganske enkelt berre å sjå gjennom alle utgåande fakturaer.

So, det vart i underkant av 23 000, og sidan eg ikkje hev heldt godt nok oppsyn med det so kjennest det som om det er 23 000 av «mine» pengar som forsvinn, sjølv um dei aldri eigentleg hev vore mine.

Eg klarte å trekkja frå ein del på momsen, eg hev jo reist som ein galning i jobben. Problemet er berre at reising berre hev 8% mva (moms), so store rekningar gjev omtrent ingen fråtrekk.

Moralen er at eg må byrja bruka mykje meir pengar, eg må byrja kjøpa inn ein haug utstyr for å få fratrekk på det.

Eit problem som er utruleg irriterande med ENK (enkeltpersonsforetak), er at me ikkje fær bruka statens regulativ for reising o.l. For å få fratrekk og kunna utgiftsføra ting, so må me skriva opp kvar minste vesle filleting.

Kjøpte to bananar og ein sjokolade, 20 kr. Må ha kvittering og masse administrasjon for det. Det er ikkje verd det. Men til saman so vert det ein heil del. Med staten sine reiserekningsskjema fær du jo trekkja frå ekstremt mykje pengar for absolutt alt.

So, ja, eg må betala inn ein liten formue no. Leit. Dessutan hev eg gjort ein heil haug manuelt arbeid for å få berre bittelitt fråtrekk. Det irriterer meg grøn.

Kvifor i alle dagar fær eg ikkje skikkelege kvitteringar i netbanken min når eg hev kjøpt noko på ein butikk? Eg kunne lett hatt eit eige kort til firma mitt, og so når eg kjøper noko, so kunne butikken sendt (fått laga automatisk) ei skikkeleg kvittering som vert lagra i netbanken min. Då kann eg berre henta alle dei rekningane inn, skriva dei ut og vopsi-dopsi, ha eit ferdig utlogerekneskap, med alle dei forbanna smårekningane ferdig fylt inn.

Eg hev jo ikkje teke vare på ein einaste matkvittering, og eg hev mista halvparten av dei andre.

Kvifor finst ikkje dette? Det er jo heilt idiotisk. Eg lurer på kor mange arbeidsår som vert sløst vekk kvar dag på slike totalt ineffektive system. Det hadde vore ein fin plass å optimalisera tidsbruk… Tenkjer det hadde vore veldig bra reint samfunnsøkonomisk. So kunne folk gjera litt meir nyttige ting enn apekattliknande kvitteringspåpassning og innskriving.

Ja, eg er ganske irritert på at eg hev brukt dagesvis på å finna fram kvar minste vesle kvittering og når eg legg alt saman so er mva-rekningi mi omtrent like stor…

Tri treige dagar, syltetybraudskiva

Eg hev arbeidd og arbeidd og arbeidd i det siste. Inne-inne-inne. Sett få folk og vorte meir og meir prega av det. Eg klarar meg ikkje stort greit åleina. Men! No kjøpte eg meg ei bringebærsyltety-sprutflaska og fekk teikna litt mynster på braudskivene mine. Det gjorde ting litt betre iallfall.

Nokon av dei såg ut som racebilbanar, andre annleis. So det so.

Det eg arbeider med er dette her;

Det vert kjempebra. Du må koma på studentsamlingi vår 4.-6. mars, so skal du få ei avis med vaffel og meir ;-) Vert kjempekoseleg og sosialt. Mange bra folk kjem.

Tvo påskedagar; frå itrande hat til noko anna

I dag er det ein slik utruleg irriterande helligdag. Det var det forsåvidt i går og heile denne vìka óg. Det er ikkje anna enn dørgande keisam.

Sundagshat(t)

Folk som kjenner bloggen min veit kor mykje eg hatar sundagar, vel, helligdagar er jo trass alt berre ein sundagsorgie på rad og rekkje. Verst vil eg no segja denne irriterande påska er. Eg kann ikkje hugsa ei tid det hender mindre interesante tig enn då. Alt står stille, ingen gjer noko, ingenting skjer og alle eg kjenner reiser vekk. Kann det verta verre?

I går vart tilogmed kontoret til SmiB stengd, so eg fær ikkje sitja på maskina å gjera fornuftige ting helder. Eventuelt; eg fær ikkje leika arbeidsnarkoman.

Påska er ei tid for å uppdaga at du likevel kunne vera daud. Når eg tenkjer meg um, so er førre setning mykje meir enn retorikk; heile denne jesussoga dei hev lagt midt i påska er jo um å døy. Forresten er det ingen spor til noko innhald som forklarar hatte-tvitydigheiten i mellomtittelen her (sundagshat(t)), det kjem helder ikkje.

Jaja. Slik gjeng no dagan».

Forsøk på kontakt

Same kva, eg prøvde uppnå litt personleg kontakt i går, men eg feila hardt. Eg drog på ei couchsurfer-samling, men eg kjende jo ingen av dei. Eg gav upp då eg hadde spurt 3-4 grupper um dei var «frå couchsurfing». Eigentleg fann eg dei til slutt trur eg, stod og hang litt etter eg hadde gjeve upp, og høyrde ei av gruppene skifta litt mistenkjeleg mellom norsk og engelsk. Dessutan prata dei stundom um reise, og det er jo heile poenget med couchsurfing, reis rundt i verda og treff lokale folk ved å bu på sofaen deira. Same kva, på det punktet hadde eg vorte so demoralisert av å spyrja folk at eg bere gjekk meg ein lutrygga ur gjennom byen.

Teknikken neittar hjelpa

Vel heime fekk eg lyst til å spela Ninendo Wii, me hadde ingen skjerm å spela på. Då kom eg på at de stod ein TV nede i kjellaren, so eg henta den.

Han fungerte ikkje – eg hadde ikkje fjernkontrollen og det var totalt umogleg å byta til AV-kanalane med knappane på skjermen. Kjipe DMtech-TV! Billegdrit.

Eg lærte meg korleis TV-ar «autosensar» noko nytt frå SCART-kontakten. Du treng 12V inn på pin 8 og jord inn på pin 21. Eg lagde ein fæl overgang frå laptopladaren min inn i SCART-inngagen på TV-en. Minus i 8 og pluss i 21 og motsett. Men TV-en byta ikkje. Anten gjorde eg det feil, elder so gjekk det ikkje.

Hadde berre Wii-en min hatt SCART-utgang so hadde alt vore enklare, sikkert. Eventuelt so er berre TV-en so billeg og elendig at han aldri implementerte den delen av spesifikasjonen.

So eg gav upp. Og no må eg sjølvsagt dra det tunge dråget ned att i kjellaren. URK!

Etter det prata eg litt med Helen i telefonen og so surfa eg på couchsurfing-sida og skaffa meg ein sofa å sova på i Utrecht i Nederland. til Linux Audio Conference 1.-4. mai. Ikkje heilt sikker på um eg klarar koma meg til Lumiera-møtet der enno.

Neste dag, ingenting inne

So la eg meg og sov alt for lengje utpå dagen. Kannhenda like greitt sidan det skjer endå mindre i dag skjærtorsdag, trass i at det er 1. april som plar vera ein kjekk dag. Jaja. Etter eg stod upp 12 so gjorde eg stort sett ingentig til eg slo på pce og svarte på epost.

So gjorde eg ingenting.

Etter det brukte eg resten av syltetyet på ei skjeva kl. 13. Etter det heldt eg fram med ingenting.

Kl. 14 såg eg innum kvitre og fann aprilspøken til BA via Simon (boba):

boba: Kjip spøk: http://www.ba.no/nyheter/article5050705.ece *sint* (men veldig glad viss dei gjer som ThinkGeek, og faktisk gjennomfører det!) http://kvitre.no/notice/64758

Eg skreiv eit leserinnlegg som for fyrste gong i dag var noko meir enn ingenting.

Eg sende innlegget til strategiske personar i målrørsla for attendemelding og sette meg ned til det som ville verta ein time ingenting. Til slutt vart eg leid av å stirra innboksen min daud etter svar, og forfatta ein epost til BA.

Nett då fekk eg eit svar frå Eva der ho hadde skrive um heile teksten min. Resultatet var fantastisk. Ho hadde teke poengi mine og gjort dei lett forståelege. Dessutan gjorde ho teksten mykje meir lettlesen. Eg sende so inn den endra teksten.

Kort tid etter fann eg meg leid av å gjera ingenting inne, so eg stakk ut.

Ingenting ute

Eg spaserte rundt i regnet og heldt vel eigentleg fram med ingenting. Tok bilete av fotballtilhengjarar frå Osterøy som gjekk til ein pub med ski. So starta eg gå upp fløyen.

Eg tok meg ein pause i ei fin lysning. Sat der og tenkte. So tok eg fram notatboki mi og starta skriva dette innlegget (eg er komen til topps no).

Notid

Vel. Ingenting i notid er unormalt keisamt, so eg stoggar skriva no.

Det er gått ein halvtime sidan sist setning. Det er tåka til ganske kraftig no. Eg hev berre stått stille og sett på byen og folk. No går eg bortetter på andre sida av Fløyen. Kvar dag når eg vaknar ser eg nemleg bort på det fjellet. Eg hev lyst til å gå og stå der litt.

Mange timar seinare

Ahh! A-ah! På veg ned! Anar ikkje kor mange timar det er gått, men sikkert ein heil del. Eg gjeng nedeter ei fantastisk løype som Helene aldri hev vist meg. Ho hev berre vist meg standardløypa der det er flüst med barnevogner og krampeaktig kule folk flashy joggedressar og den nyaste iPed stikkande ut øyro. Fast bestemt på å sjå rett ned i bakken, um du so mykje som ymtar frampå eit helsingssmil.

«Eg jogger og høyrer på SUPERBRA musikk og er råkul og kann difor ikkje helsa på folk fordi eg er so ‹inni› musikken og eg joggar. Og nemnde eg forresten at eg er råkul og at eg synast retro joggedressar i stygge fargar er DØNN TØFT og at eg hev nyaste iPed stikkande ut øyro som moderne øyrehår!?»

Eg kann ikkje for sikkert segja det er det dei tenkjer, men det eg veit er at dei gjeng glypp av ein helvetes (ja! banneordbra!) flott tur.

For eg fann ein ekte sti nedyver fløyen og lat meg få segja med ein gong; han er framifrå! Diverre snor han seg ikkje heilt ned, men likevel vert turen rundt rekna 860 gongar betre den vegen. Han er bratt. Bratt og glatt og sers moro.

Det er kulare å gå forsiktig ned, taka eit par sjangsar og kjenna du vert utfordra, enn å berre gå rett fram på katastrofekeisame vegar som berre gjev deg ein heil masse tid til å tenkja på ingenting. Moralen er jo at ingenting ikkje er bra for deg.

Same kva; denne vegen er bra for deg. Med solnedgagen i andletet og heile Bergen nedanfor deg må du passa på å ikkje trø utanfor eit stup. Perfekt!

Halvvegs rasta eg ved ein sers aktiv bekk og drakk det mest fantastiske vatnet eg nokon gong hev smaka (vatn frå fjellbekkar plar smaka slik). Litt fyrr det fann eg eit stup med noko klatreutstyr og ein sige nedetter. Eg klatra ikkje ned – eg trur tanken er at du skal festa ein taug i deg som tryggleik fyrr du brukar stigen.

Interessant nok byrja lukka mi å snu seg allereide fyrr denne nedturen. Kva gjorde eg i dei «mange timane» som eg so glatt hoppa yver?

Ja, no kann du lura. Neinei. Du hev vel allereide lese yverskriften under her og hev ein viss idè… So like greitt å starta:

Påsketur med skattejakt på Fløyen

På veg til «andre sida av Fløyen» (som jo var målet mitt nett då) fann eg eit søkkvått papir liggjande på bakken. Eg let jo som kjend aldri noko som hev ligge på bakken få liggja i fred so eg tok det upp. Det var påskeneter med tittelen «Påsketur med skattejakt på Fl…», ja, du veit allereide ;-)

Hey! Noko for meg! Vel. Utanum at det var veldig tilpassa barnefamilier. Båe vaksenspursmål og barnespursmål. Eg fekk vel prøva meg på båe tvo. Det var ein del vegvisningar og hint, det stod òg at du måtte gå rett veg, men eg visste ikkje kvar eg var, so eg byrja berre gå.

Etter litt kom eg til eit vatn og kjende meg att på kartet. Eg hadde kome til slutten av løypa.

«Jaja,» tenkte eg, «fær vel berre starta frå her eg då!». Det var heller ulurt, ville det visa seg. Grunna dette brukte eg nemleg ekstremt mykje tid på å finna alle postane. Men det var jo eigentleg ikkje dumt for då fekk ein heil del tid då eg kannhenda i staden hadde tenkt på ingenting, og det er jo iallfall ikkje moro. No gav eg faktisk litt intrykk av at det ikkje var moro å febrilsk leita etter postane i lang-lang tid, men det var det jo. Eg kjende meg på uppdrag (trakk litt ned at det stundom kom 5-åringar forbi som var ferdige med naturstien trass i at dei starta lengje etter eg gjorde) og synast det var kjekt å verta litt kjend med området uppe på Fløyen.

Eg gjekk altso ein heil del feil. Ved å gå rett veg og fylga innstruksane kunne du nok let gjera heile naturstien på eit kvarter. Eg veit ikkje heilt kor lang tid eg brukte, men det nærma seg nok tvo timar.

Arket mitt falt frå kvarandre og vart totalt ubrukeleg i felten, dessutan hadde eg store problemer med vaksenuppgåva på post 2. «Visjon» på ti ord. Eg hadde ikkje peiling.

Nede att, levering av naturstipåskenøttuppgåva

Me skulle levera løysingi i billettluka nede ved fløibanen, so eg tok den øydelagde papirbiten med ned og sa eg trong ein ny å skriva yver på. Brukte ein del tid for eg hadde ikkje funne svar til oppgåve tvo. Eg skreiv no «engasjement» som ikkje er 10 bokstavar men det gav det gode løysingsordet MELKE, som faktisk er eit ord (verb infinitiv).

«Eg hadde litt problem,» sa eg.
«Du fær no sjokolade same kva,» smilte jenta i billettluka.

Rett oppfor MARBLE hadde eg skrive POIROT som eit alternativ.
«Det er det fyrste du hev skrive her som er korrekt.»
«Poirot?» Litt idiotisk spursmål frå mi side eigentleg.
«Ja,» sa ho og såg på resten av svari mine.

Hmm. PELKE.

«Men PELKE er ikkje eit ord,» stadfesta eg, «eg sleit hardt på oppgåve tvo».
«Hehe, ja, dei var ikkje godt upplagte nokon av dei,» lo ho.
«Sant, eg meiner ‹Visjon›, kva faen!?»
«Mm, løysingi der er ‹åpenbaring›.» Ah, den typen «visjon». Eg tenkte ikkje svo bibelsk.

«Men PÅLKE er helder ikkje eit ord,» segjer eg, smart som eg er.
«Nei, nr. 3 er ‹fastelavn›. Det skal vera PÅSKE.»
«Ahh, sjølvsagt!» segjer eg, men det var tydelegvis ikkje so sjølvsagt når eg måtte finna utav det sjølv, «alle spursmåli er ganske relaterte til påske», fann eg endeleg ut.

«Vil du fiksa på det?».
«Haha,» ler eg og tenkjer kann eg det? «Javel,» eg segjer jo ikkje nei til å kunna vinna noko eg.

Eg skriv inn det forskjellege, men stoggar på fastelavn:
«Men ‹fastelavn› passar ikkje inn,» frå fyrr står VALENTINE.
«Det skrivast visst LA-V-N.»
«Åja. Heh. Takk,» segjer eg litt forlegent iom. at eg hadde ganske mykje feil på denne greia.

Eg leverte arket inn med feili retta med ein blå penn uppå den svarte og fekk ein kvikklunsj (som var yverraskingi alle saman vart lova etter fullført tur). Noko eg ikkje hev sagt er at heile denne turen hev eg gomla kvikklunsj av di eg kaupte tvo på Narvesen i går og hadde dei i lomma. So eg var ikkje serleg svolten på meir…

Heim og frametter

Vel heime gjorde (gjer, eigentleg) eg tri ting:

  1. Kaupte billett til Stavanger i morgon
  2. Lagde mat (rjomegraut)
  3. Skreiv (skriv) inn innlegget frå papir til netsida mi

Eg må vel òg få lagt inn eit par bilete for å lokka folk til å iallfall scrolla gjennom heile greia. Skal ikkje vera enkelt.

Sluttord

So trass i at heile dagen fekk ein uventa positv vri på slutten her, so hev eg altso funne ut at eg skal ditcha heile Bergen resten av påska; eg dreg ned til Espen sin påskesamling på Fjøløy.

Det akademiske kvarter, Bergen

På fredag den 5. opna Kvarteret her i Bergen. Eg ville gå, men fann ingen å gå med – dessutan ville det truleg vera råfullt. So sidan eg ikkje eigentleg hadde lyst å sjå nokon av bandi som spelte so vart eg berre heima og la meg helder tidleg.

For dei som lurer på kvar Helene er, so er ho heime på Voss og arbeider litt med skuleting.

So kom laurdagen, eg stod tidleg upp (som ofte skjer dersom du legg deg tidleg, det er rein kos!) og måtte venta lang tid fyrr butikken opna. Då han endeleg gjorde det, stakk ut for å kaupa litt mat. Der fann eg litt dårleg språk i BT som eg skreiv um i går.

Vel heime laga eg det same som eg sit og gomlar i meg i dag, på same måten. Ved sidan av Fjord, Eee-pcen min. Ei lita anekdote der;

Fjord, Eee-pcen med nytt OS

Eg hev irritert meg yver at eg hev hatt Ubuntu 8.10 på den maskini, altso ein Ubuntu frå 2008(!). Gamal og vond. Dessutan hev ho vore litt treig og hatt problem med å t.d. spela musikk utan å hakka.

So etter mykje om og men (eg prøvde installera nyaste Ubuntu eit par gongar) la eg inn Arch Linux 1 medan eg sat uppe på universitetet i Bergen. Arch krevde 600-700 MB med oppdateringar, som er ganske mykje for den vesle mobiltelefonen min 2. Eg gadd ikkje venta på det og prøvde helder få upp Universitetsnetet (eduroam). Sjølv um eg ikkje hev brukar i Bergen so kann eg bruka brukaren min i Oslo ved å skriva odinho@uio.no, ganske hendig.

Etter lang tid for å fiksa det fekk eg netet upp 3. Og her er yverraskingi; eg fekk ikkje lengre 200KB/s, men heile 2MB/s då eg lasta ned! Det er ein tidobling! Berre med å byta operativsystem (vel, det er sikkert berre grunna ny og betre Linux-kjerne)! Ein annan ting var at maskina mi hadde mykje betre dekning til det trådlause aksesspunktet og at eg ikkje vart kasta ut kvart kvarter slik eg var i Ubuntu. I tillegg er maskini mykje snøggare no. Nei, det lønte seg stort å leggja inn gode gamle Arch Linux. <3

Attende til Kvarteret

So eg sat no der og hacka i veg på maskini medan eg åt maten min. Eg hev det med å berre sitja inne heile dagane dersom eg ikkje finn på noko og kjem meg ut. Eigentleg sat eg berre å venta på at Kvarteret skulle opna, det gjorde ikkje det fyrr 1500. No var klokka… 0900.

Eg hadde bra lyst til å sitja å arbeida med Universitas elder dei nye målungdomssidene (ligg mellombels her, dersom nokon vil sjå kor lite me er kome sidan sist) elder noko anna, problemet mitt er at eg ikkje klarar gjera skikkeleg arbeid på den vesle skjermen. Eg treng upp på Universitetet for å få ein stor skjerm kopla til. Men der krevjer dei UiB-kort, det hadde eg ikkje. Eg gjekk gjennom parken og vart tilbode «veldig bra speed!». Yverraska yver kor ekstremt mange dei er, desse rusmisbrukarane. Fleire enn eg nokon gong hev sett i Oslo.

Biblioteket var stengd. Eg sat der på fredag og las gjennom gamle nummer av Vestlandsfa’n, som var ei avis Studentmållaget i Bergen gav ut. Eg prøver finna ut av soga vår, ho er litt tåkete. Tenkte eg kunne halda fram med det på ein laurdag, hadde vore koseleg, men nei.

So eg gjekk utan mål og meining rundt i sentrum heilt til eg fann ein Deli de Luca med tilbod på bollar og sitjeplassar i andre etasje. Jaja. So eg sat der til Kvarteret opna.

Kvarteret-kafeen

Då klokka altso var 1500 hadde eg gjort ingenting veldig lengje. So stakk eg til Kvarteret-kaféen. Der gjorde eg òg fint lite. Eg såg på klokka og fann ut at det fyrste starta 1930. So eg heldt fram med å venta. Då det rundt 1900 kom ein heil del finkledde jentor som byrja pynta rundtomkring kjende eg meg fort lite velkomen so eg stakk.

Oi. Eg er på 815 ord allereide. FSCK, eg må tidskomprimera meir her.

Tivoli

Eg kom meg på «studentkultur i Bergen»-ordskiftet til Studentersamfunnet, som ikkje var so mykje ordskifte som det var koseleg mimring frå tvo av dei i Prodseg (dei hadde andsvar for utformingi av lokalet). Det var i «Tivoli»-lokalet.

Speilrommet

Eg måtte gå midt uti, av di eg skulle på crIMePRO med longform improvisasjon i same bygget, i «Speilrommet».

Eg tykte det var særs underhaldande, og lo godt av den 45 minutt lange totalt improviserte stykket. Eg hjalp til med å rydda etter stykket (eg skreiv under på ein «eg skal vera med å hjelpa Immaturus» då eg vart medlem, og det var dei som arragerte det), sers glad for å faktisk ha noko å taka meg til for fyrste gong i dag.

Storelogen

Etter det traff eg Audun Klyve Gulbrandsen og han skulle på Jazzkonsert i same hus, so eg vart med der. Det var i «storelogen». Eg prøvde kaupa ein Clausthaler (som eg òg hadde gjort tidlegare på dagen i kaféen), men det viste seg vandskeleg – det hadde dei aldri gjort fyrr og han fantest ikkje i datasystemet. So eg fekk no vatn i staden for, hrmf. Dessutan fær eg berre medlemsrabatt på «vanleg hansa», og eg er fint lite interessert i alkoholhaldig øl, so det syg for meg. I Oslo fær eg masse rabatt på alkoholfri øl, kostar faktisk ikkje meir enn 10 kr i baren(!).

Teglverket og Pianosalongen

Då me stod og prata etter konserten traff eg Ida (frå SmiB), saman med Julie, Live og Ane. Med dei var eg innum to rom til; Teglverket og Pianosalongen (viss det var korrekt namn). Då klokka var yver 00 stakk eg heim, på den tidi hadde det kome so grovt mange folk at eg ikkje gadd stå i kø berre for å gå i ein gang.

So eg stilte meg i køen for å gå ut (for det var det òg).

Moralen er, kom tidleg på Kvarteret, då er det få folk, men ikkje alt for tidleg for då er det ingen, pluss at då skjer det ikkje noko. So, ca 19-00 er vel ei god vitjingstid.

Og elles må eg verkeleg finna på noko å gjera dei dagane då det ikkje skjer noko. Laurdag og sundag, eg ser på dykk.

  1. Arch Linux er ein herleg distro. Du oppdaterer aldri til ein ny versjon, av di han heile tidi uppdaterer pakkane for deg. Kjem ein ny Firefox ut? Den er der dagen etter. Ny Inkscape? Det same. På den måten er du alltid oppdatert på det nyaste. Problemet er at når kvar del av systemet heile tidi vert uppdatert so kann ting verta ustabilt av di det ikkje er testa. Det er ein låg nok pris for meg ;-) []
  2. i januar lasta eg ned 7.5GB med mobilen! Med 3G gjeng det kjapt (100-200KB/s), men eg fær berre EDGE på Universitetet – so det hadde teke LANG tid. []
  3. Frå installasjonen er Arch Linux heilt rein, BERRE det du absolutt treng, ingenting meir. Difor er det ingen grafiske måtar å kopla seg upp til slike avanserte brukarnamn/passord-baserte trådlause netverk. Faktisk er det ingen grafiske ting i det heile teke, du fær berre ein konsoll og det er alt. Brukte ein heil del tid på å finna dei korrekte innstililngane for å få trådlaust net… []

Kva gjer eigentleg alle saman på sundagar?

Eg hev lurt på dette heile livet mitt. Eg klarar aldri gjera ein einaste interessant ting dei fleste sundagar. Eg sit inne og venter på at noko skal henda på internettet, men det skjer ingen ting. Det er ingen på internett. Ingen nye innlegg på bloggar, ingen kule nyhende, ingenting. Sundag er den verste dagen som finst. Dritkeisam.

So… Sidan ingenting skjer på sundag. Kva gjer alle andre? Sit dei òg å ser på PC-skjermen og venter på at noko skal henda heile dagen? Eg kann ikkje nemna kor mange timar eg hev gjort ingenting på ein sundag og kjend meg heilt totalt mongo etterpå.

Gjer folk andre ting på sundagar? Kva då for eksempel? Alt er jo stengd. Sundag er ålment sett ein totalt sugen dag. Dei kristne gjeng vel i kyrkja, berre at alle dei kristne eg kjenner gjeng ikkje i kyrkja, so kva dei gjer er likevel eit mysterium.

Nokon burde seriøst laga ein sundagsorganisasjon for å få meir ting til å skje på sundagar. Fleire opne butikkar, fleire kurs, fleire ting som skjer. Gah.

Totalt urelatert so såg eg i dag at trerekkja på andre sida av Akerselva utanfyre vindauga mitt byrjar gro att, slik at eg ikkje ser folk som gjeng tur lengre. Ser fint og grønt ut!

Akerselva utanfor vindauga mitt, vert grønare

Og ein liten ekstra goodie for dei som brukar FireFox 3.5 (elder Opera med video-tagg+Theora-stønad), korleis det såg ut utanfyre vindauga 15. mai. I tillegg til at Helene sit i sengi og syng litt. ;-)

Which Witch på Det Norske Teateret

Dei som kjenner meg veit at eg likar båe teater og nynorsk. Likevel likar eg ikkje alt Det Norske Teateret set upp, som kombinerer teater med nynorsk. Eg likar ikkje dårleg teater, so det er faktisk ikkje vandskeleg for eit teater å laga noko eg ikkje likar.

de, dei, di, De? Snakk nynorsk for F!

Eg forstår ikkje kva Det Norske Teateret prøver seg på, elder skodespelarane der. Dei segjer «di» på ein slik måte at eg ikkje forstår noko. Dei uttalar «de» som «di», slik dei gjer i bokmål. Men DET ER FEIL og satans irriterande. De (som i «dere» på bokmål) uttalast nett som «d». Slutt opp med å forvirra meg!

Um stykket

Eg syntest scenografien var dritkeisam, og eg synast sjølve stykket var ganske keisamt. Eg vart litt skuffa. Likevel so er ofte dei gode stykki på dei mindre scenone (t.d. prøvescener, malersalen til National Theateret osb), og det er berre Rogaland Teater som klarar å setja upp skikkeleg gode ting på hovudscena (so langt eg kjenner til).

MEN! Tøff bøddel!

Det var ein verkeleg kul ting; bøddelen syng sin bøddelsong, og den songen EIG. Han er dritkul, og han var dritkul på scena, og bøddelen var supertøff. Då songen var slutt starta eg å klappa og fekk heile salen med meg (den er stor!). Det var dritkult. Det «gjorde kvelden min» um eg skal segja det med eit unorskt uttrykk.

Ah, og ein ting til,—folk reiste seg i slutten. Eg plar vera den som reiser meg når ting er bra (spesielt på Rogaland Teater (elskepå)), men eg gjer det altso ikkje når eg vert so lite imponert som av Witch Witch. So eg sat demonstrativt. Helene reiste seg av di ho elska ei av skodespelerinnane, ganske søtt. Men eg sat der altso og såg rett inn i bakenden på dei framfor meg. :-)

Alt i alt var det koseleg lell

Teater eig same kva. So det var koseleg sjølv um eg ikkje likte stykket. Dessutan er Landsstyret i Norsk Målungdom utruleg koselege og flinke dette året, so det var ein god gjeng eg var ute med.

Alt er ikkje vondt på DNT

Og for å gjera det klart; ja, eg hev sett fleire kjempegode stykke på Det Norske Teateret,—dei set òg upp bra greidor. Men dei tri stykkone eg hev sett på hovudscena hev vore frå OK til dårleg. Dei tri eg hev sett i prøvesalen hev vore frå bra til superbra.