Merkelapp-arkiv: Kjærastar

Du fær truleg aldri eit brev av meg

Ein gong i tidi hadde eg ein netkjærast, ho sende meg ekte brev med bilete lukt. Ein dag slo ho upp og eg fekk ei ny ei. Eg hev òg hatt ei brevveninna, det ende med at ho sende det tredje brevet og eg hev til dags dato endå ikkje svara. Eg er totalt elendig til å fylgja upp brev.

Å skriva og senda eit brev i posten er ikkje vandskeleg eigentleg, det er berre nett vandskeleg nok til at eg aldri gjer det. Mange gode intensjonar til tross; det skjer ikkje.

Netkjærast rekna eg aldri som kjærast. Hev vel aldri fortald um dei fyrr. Då eg i 2005 sa at eg aldri hadde hatt ein kjærast nemnde eg ikkje at netkjærastar var uekte ein gong.

No er det slik at eg aldri kjem til å hava ei netkjærast att, av di eg hev min perfekte ekte-kjærast, Helene, allereide. Brevvener og andre ting som krevjer postlagde brev kjem eg sikkert til å møta igjen, so difor er problemet stadig noko å tenkja på.

Netkjærast i AW (Active Worlds)

Scywalker88 var kallenamnet mitt i dei dagar (elder hadde eg vorte del av Master-klanen og heitte MasterScy88?). Eg hang upp eit bilete av meg sjølv i den virtuelle verdi (det som er vist):

netkjærast1: Så søt!
Scywalker88: rødme
Scywalker88: flørte, flørte
netkjærast1: flørte mer

Ho la upp bilete av seg sjølv. (det er ikkje det som er vist her)

Scywalker88: Søt du også
netkjærast1: skal vi være nettkjærester?

Alt dette er sjølvsagt ekstremt fritt frå minnet. Det kann henda at det finst loggar, men dei er i so fall på ein eldgamal harddisk.

Det var masse flauskap og rauming og so var me netkjærastar.

Etter litt fekk eg eit brev i posten med allslag. Eg prata med netkjærasten min kvar dag, eg skreiv tilogmed eit brev attende. Det stoppa der alle mine brev plar stoppa:

  1. Finna konvolutt
  2. Finna frimerke
  3. Finna postboks og gå dit

Ja, det ser ganske tragisk ut, og det er det òg.

Det gjekk ikkje stort betre med den andre. Etter det hev ikkje andre spurd, og no er det toget gått for lengje sidan. ;-)

Finland, brevveninna, elder ikkje

I 9. klasse var eg i Finland. Siste dagen fyrr me skulle dra, manna tvo 8.-klassejentor seg til å spyrja um eg og Erlend ville vera brevvener med dei. Dei ville hava internasjonal kjennskap tydelegvis. JaOK til det. Dei fekk adressor og me fekk deira. So vart dei kjempenøgde og hoppa glade avgarde.

Ei stund etter fekk eg fyrste brevet. Med bilete. Ho spurde um eit bilete att. Eg byrja på eit svar, men eg sleit mest med faktum at eg ville skriva for hand (viss ikkje er det jo ingen vits å senda post-brev!). Dette tok lang tid. Det skjedde aldri.

Ein månad seinare fekk eg eit nytt brev. «Kvifor svarar du ikkje» osb. Eg skreiv faktisk litt på papir, men so var det middag og so gløymde eg heile greia.

Eit halvt år seinare fekk eg endå eit brev. Det var ganske flaut. Og eg kjende meg bra mongoteit og dum då. Er jo heilt sant, eg tenkjer framleis på dette her 8 år seinare. Eg fekk aldri svart.

Med jamne mellomrom (1-2 gongar i året) tenkjer eg at eg lyt skriva att, fortelja kvifor eg aldri svara. Orsaka ekstremt for det. Men so gløymer eg det, elder so skjer det ikkje. No hev eg jo vitterleg korkje adressa elder nokon av brevi att helder. Hugsar eg gjekk med det eine brevet i lomma ein heil månad av di eg tenkte eg skulle svara.

Nei, elendige greidor!

Post er superfint, handskrive er herleg

Eg er ikkje mot post på nokon som helst måte. Utanum at det kostar masse-masse (spesielt for stakkars NMU). Ja og so dette med at sender du eit brev frå eitt postnummer til eit anna i Stavanger so skjer dette:

  1. Brevet teki frå postnummer 4019
  2. Brevet vert send Stavanger-Oslo
  3. Brevi vert sorterte i Oslo
  4. Brevet vert send Oslo-Stavanger
  5. Brevet levert til postnummer 4020

Då er det lurare for meg å gå dei 15 minutti å levera brevet sjølv. Aldri at det kjem til å skje.

Dei vandskelege brevi

Men, altso. Eg elskar å få post, handskrive er superherleg, koseleg. Men det er ikkje so alt for lett å faktisk bruka det for ein som hev vakse upp med datamaskiner, epost og internett.

Espen hev (nesten) fengje kjærast

So meg og Espen hadde lite å gjera på ein dag. Som normalt. Eller, eg hev no masse eg kann gjera, men eg vel å ikkje gjera noko. For eg er jo trass alt sjuk og ikkje minst sjukeleg lat. Er stress å vera lærar.

Same kva, eg tok fram kamera – og filma, vel, ingenting. So her hev de ingenting! Versogod!

Videoen er i Ogg Theora (eitt FRITT videoformat). Du kan «lasta «Ingenting med Espen (han hev snart kjærast)» ned»:http://www.ping.uio.no/~odinho/filmar/080515-espa-kjaerast.ogg, men må ha ein avspelar som «VLC»:http://www.videolan.org eller liknande for å sjå han. Avspelar som er bruka er GPL-a «Flumotion Cortado Java applet»:http://www.flumotion.net/cortado/.

Eg ler som ein mongo i videoen. Haha.

Velvel, men meg og Espen heng mykje um dagane. God gang fiskestang.

Fyrste jenta

Ein liten pode sit på ein halvgul benk. Hyler av begeistring og lukke. Men berre inni seg. Han har det kjempemoro. Utanpå er det litt annleis. 9—åringen er på hyttetur, ei 2 år yngre jente likar han. Ho er kjempesøt. Får vite nyhendet av ei felles veninnene.

«Kom ut!», hadde ho eine sagt. Me hadde spelt kort og hatt det moro. Var seint på kvelden og me var i kjempehumør. Den søte 7—årige jenta hadde sett ein del på guten. Med slike skjønne, beundrane augo. «Kva synest du om ho?». Det var eit ledane spørsmål. Guten var ikkje ignorant på innsida, sjølv om ein ikkje skal tru slikt om seg sjølv på utsida. Å tru at nokon kan vere interessera i ein altså.

Dei hoppa på den lille trampolinen. Dette var før dei blå 5-meter-i-diameter digre monstra. Ein gul, liten ein. Var ikkje stort mjukare enn bakken eigentleg. Heldig om ein klåra hoppe utan å skade seg. Der, på den trampolina hoppa dei. Kveld. Stjerner. Herleg luft. Små overtrøytte menneskje. Sat litt óg. Hadde alvorlege ting å snakke om. Ville guten vere saman med jenta? Nei, det ville han då ikkje. Han synest ho var liten og barnsleg.

Han synest ho var kjempesøt og særs koseleg. Slik eigentleg. Men det seier ein ikkje. Ikkje som liten, redd gut. Jentene skal forstå kva ein meiner og presse på. Det var allereie pressa hardt på. «Me veit du vil». Dei visste rett, men guten forsikra; dette skjer ikkje. Sommarfuglar i magen på den lille poden. Kjempemoro. Usannsynleg spanande. Berre han kunne vere så tøff å seie ja. Han ville. Ville mykje. Men sa nei ganske raskt, utan å eigentleg tenkje seg om. Var meir eit høfleg nei, eit automatisk eit. Eit jantelov-nei.

Dei måtte overty han no. Trass at alle ville det same, måtte dei jobbe. Alle ville det same. Alle ville det. Alle. Usikkerheit speler den store rolla her. Manne seg opp. Det prøvde han. Berre spør litt meir, bli litt meir pågåande. Så kan eg gje meg, tenkte han. Berre han kunne ha noko å skulde på. Eitt «elles hadde dét og dét skjedd!». Ei fluktrute. Mogleg unnskuldning.

Kvifor i all helgoland seier eg nei!?, tenkte han då det ut av munnen kom motstridande argument; «ho er dessutan alt for litan, aldri i verda!». Jentene såg ein tapt kamp. Det blei ingen klem, ingen kyss. Ingen blei kjærestar. Trass i at båe var veldig interessert. Guten har tenkt mykje på det i ettertid. Meir enn jenta sikkert. Det blei viktigare for han. Ein viktig del i livet. Ein milepæl.

Berre eit halvt år seinare skjer nett det same. Berre ein anna plass, ei anna jente – same gut. Alle kjærleikshistoriane er diverse variantar. Redsel. Mangel av sjølvtillit. Andre jenter, same guten. Guten som veks opp slik. Guten som aldri har hatt kjærast. Guten som byrjer forstå kvifor. Guten som framleis er slik.

Eller… Litt iallfall.

Dametekket? :P

Lørdag 4 Oktober, bursdagen til Jon, skjedde mykje rart. Folk (den halvdelen som er jenter) saa, nei, stirra paa meg :| Var virkeleg skummelt :S Ein dag, unormal til tusen…

Disclaimer: Det som står skrevet her er litt sånn halv-privat og litt overdrevet kanskje. Men eg har visst lagt det ut uansett, sjøl om teksten eigentleg ikkje slapp gjennom sensuren min. Så ikkje ta alt som god fisk :P

Jon sin bursdag! Eg hadde allereie sagt at Jon skulle få låne gitaren min i nokon ukar som presang. Noko han var veldig glad for. Eit problem eg hadde – kvisleis skulle eg få frakta settet? Eg tenkte ‘buss’, og kjøpte dagskort likeså. Utenfor “The Nelson” puben i Cowley var det slosskamp mellom nokon menn så eg prøvde å følge med, men bussen gjekk :/ På kom to jentar då ho eine såg på meg, vel, normalt å sjå på folka som sitt i ein buss – tenkte eg.

Nere i byen stressa eg vidare med gitaren og forsterkaren, folk såg på meg då ja, men eg såg ikkje på dei for ein gangs skyld. Uansett så fann eg bussen som gjekk til Jon og hoppa på, ei stund etter fekk eg telefon fra Pappa. Koselig :) Eg måtte brått legge på då eg gjekk av bussen (telefon+gitar+forsterker+dårlig tid = går ikke (Unnskyld Pappa :) )) Satt meg ned hos Jon, snakka og trykka på laptopen hans imens han spela gitar.

Då eg vart kjempe-kolosalt-utrolig sulten stakk eg til byen. Den franske restauranten “Sofi de France” gjekk eg på, Niklas og Jørgen sin gamle lunsj stam-plass (med Eurobar som pub/bar plassen og Kebabkid som nattmat plassen). Eg kjøpte kyllig-baguette og is te, måtte betale 4,5 pund. Ca 50kr. Dyrt tenkte eg, får nok noko tørt dritt! Meen, då eg fekk maten såg det veeeldig godt ut. Dét var det óg, de hadde masse sauser på og de hadde gjort det varmt, smeltet cheddar osten osv.. Heeerlig mann! :D

Eg gjekk meg så ein tur eller noko (hugsar ikkje), uansett såg eg at det var tilbud på MacDonalds, de store burgerene til 99p (12kr ca). Dette måtte eg bare utnytte for å utnytte det :P Så eg kjøpte ein QuarterPounder og gjekk opp for å sette meg. Ikkje særlig lett siden lokalet var fullt, men eg fann ein ledig plass med ei jente og ein gammal mann. Eg spurte mannen (ikkje jenta mao.) om det var ledig og dét var det (sjølvsagt, eg spurte for å være høfleg) :P Eg såg ned på burgeren og då eg såg opp igjen såg jenta på meg. Eg satt rett ovanfor ho så det var litt vél nærme å se inn i augo til folk. ;)

Jenta var søt då eg såg på ho (og ho ikkje såg på meg) eg såg ut vindauge og då eg snudde hodet tilbake såg ho på meg igjen. Freaky :-o Var litt kjekt då :P Eg var ferig med burgeren og leka litt med boksen bare for å sitte litt lengre (var også (veldig) kaldt ute så eg hadde 2 grunnar) men etter ein stund måtte eg gå. Kan ikkje sitte der for alltid. Eg tok nr1 bussen til Cowley denne dagen. Den var kjempefull og eg sto i midtgangen saman med masse folk. Rett foran meg sto ei jente som var eit hode mindre enn meg og såg opp inn i augo mine, det var litt vel intimt så eg prøvde å overse det. Argh, er vanskelig med slikt, ein skal vel ikkje stirre på folk på den måten :S

Litt seinare etter me hadde vært hos Audun dro meg, Jon, Audun, Morten, Thomas, Jørgen og Niklas tilbake til byen. På bussholdeplassen satt ei jente å stirra på meg då eg gjekk forbi, Niklas gjekk hallvegs i kø, jenta såg fortsatt på meg, eg dytta han fram fordi eg ikkje ville stå der å se dum ut. Eg sa så dette til folka, ganske rart at jentene har sett sånn på meg idag, og bare idag, aldri før. Me gjekk ned til Bridge, der stakk Morten og Niklas inn. På tilbakeveien så eg ein Karaokebar og ville inn, Audun osv ville selvf. ikkje! Slem, slem, kjedelig og slem Audun >:(

Eg sang og dunka borti dei for å vise kor kjekt det var med karaoke og var veldig livlig. Eg så inn vindauge og det sto ei fin jente der inne og smila til meg. Rart, som resten av dagen. Eg høryde på det keisamme snakket om kva me skulle drive med då eg snur meg og jenta vinker til meg. Eg vinker tilbake og ho vil tydligvis ha meg inn :) Eg vil enno inn og prøvar å presse Jørgen med meg, men akk, nei, folka eg heng med er alt for keisamme. Før me gjekk snudde eg meg for å se igjen og då reiste ho seg opp og smila/vinka igjen… Rare folk.. :|

For ein merkelig dag. Normalt får eg vel augnekontakt med ei jente per måned og då ser ho fort vekk, mens på denne eine dagen var det motsatt. Ingen av desse tinga har gjentatt seg så kanskje det bare var eit avkom av min normalt eksepsjonelt dårlige fantasi. Eg har tre moglege grunnar, den eine er at eg aldri har registrert det før, andre at eg var spesiell den dagen (lite trolig) :P Og den eg tror på nå er at eg bare feiltolka alt, sjølv om eg va sikker kvelden eg kom heim den dagen. Hadde eg skreve dette då hadde det vært betre og skrive med meir innlevelse :P Men Aurore og kjæresten såg på film på laptopen min så eg hadde han ikkje. (for ordens skyld så er det 1 uke siden den dagen nå, lørdag mao. :P)