Merkelapp-arkiv: Klede

Eg og Falke og rumpebrett i snjoen

Sidan eg framleis ikkje hev fengje kaupt dress (dei stengjer so tidleg og hev ikkje ope i helgene), hev eg framleis ikkje fengje leika skikkeleg i snjoen. Sidan eg hev veslebror Falke på vitjing, so tok eg meg ein tur ned i sentrum. Eg kom på at eg hadde lyst på akebrett, eg fann ikkje eit kult nok akebrett – men eg fann rumpebrett.

So eg kaupte eitt til meg (svart) og eitt til Helene.

So testa eg og Falke rumpebretti på Sagene;

Filmen kann lastast ned direkte frå archive.org (er akkurat den eg hev lagt til her òg då, brukar h264 – so skulle fungera for dei fleste). Musikken er fri, so lengje eg skriv at det er Tryad som hev laga han.

Me vart godt våte på rygg og bukser. Eg hadde so masse snø i ryggen då eg kom inn at det vart ein litt vel stor dam på golvet. Vops. Falke fraus som i gode gamle dagar då me sprang ute i snjoen med alt for lite klede på.

Det var hyggeleg.

Eg vil ha dress!

Eg ringde nett Wenaas og fekk høyra at dei faktisk hadde utsal i Oslo. Det er jækla kaldt her i Oslo. Det er òg kjekt å gå ute elder å kunna leika i snjoen utan å tenkja so mykje yver at det kann båe verta vått og kaldt. Difor er dress/varmedress/kjeledress/jærbunad tingen.

Hadde eg hatt ein varmedress, so hadde eg brukt han oftare. Eg pla «stjela» mamma sin då eg budde i Stavanger, men her hev eg ikkje mi eiga. Eg ville hava ein her i Oslo.

So eg leitte fram på internett, fyrst på QXL, so på finn.no og til slutt fann eg felleskjøpet sine netsidor. Der fann eg det eg leitte etter! Herlege varmedressar! Eg vart godt yverraska då eg såg prislappen; under femhundrelappen!

Det viser seg at felleskjøpet ikkje hev butikkar i Oslo! So eg måtte ut av byen um eg skulle kaupa dress hjå dei. Det held ikkje. So etter eit par dagar foreslo Erik (som eg bur saman med på Lilleborg) at eg kunne ringja Wenaas. Han er i frå Hedmark (og pratar slikt herleg målføre), so han kann litt um varmedressar og Wenaas.

Eg fekk nett svar, og langt aust i Oslo, nær Risløkka T-bane, finst eit Wenaas butikk-utsal. Der skal eg i morgon! :D

Bilete av meg i ny dress fylgjer dei neste dagane…

DRESS FOR TEH WIN! :D