Merkelapp-arkiv: Konsert

Tri ting i dag

Har tenkt på å skriva tri ting i dag, ingen var store nok til å skriva i seg sjølv, men til saman so lyt det gå.

Feil pris

ICAen var ikkje open og eg trong ein ny tyggi. Gjekk inn og såg dei hadde tvo små sjokoladar til ti kroner. Tok dei òg like godt.

  • Trettifire blir det, segjer jenta. Eg betalar.

Hm. Var ikkje det litt mykje tenkjer eg.

  • Kor mykje kostar tyggien? lurar eg.
  • Fjorten kroner koster den. Åtte for hver sjokolade.
  • Eh, men de hev jo tvo for ti på dei, svarar eg lettare forundra og litt irritert inni meg. Eg hev jo allereie betalt med kortet.

Eg gjer til å gå, men ho stoggar meg og vil henta det ut att. Eg står no der medan ho rotar i veg på maskina og segjer det vert seks kroner att. Det høyrast òg rart ut, men eg legg meg no på sprang ut.

Vel ute gjer eg litt superkjapp hovudrekning og finn ut at ho totalt lurte meg igjen. Fjorten pluss ti er tjuefira, forskjellen mellom det og trettifira er ti, ikkje seks!

Grrr…

Ventings

Kvifor skriv konsertar når dørene opnar og let folk gjetta kor tid sjølve konserten startar?

Eller er det artistane som ikkje tør gå på fyrr dei hev lete folk venta?

Eg og Helene hev stande og hengd på uttallege konsertar. Det er ikkje moro. Me fær iallfall stå fyrst i minsto…

Marit Larsen

Det var superkjekt! Forstår ikkje kvifor ikkje fleire dansar på konsert! Knall :D

Ho er veldig flink. Skulle laga noko norsk musikk òg då ;)

Egil Olsen frå Ørsta varma opp. Det var han flink til. Trur eg hev høyrd han i radioen fyrr. Prata litt smått med han fyrr me gjekk.

Ugress-konsert!

Det var med stor glede at eg såg plakatar som fortalte om ein komande Ugress-konsert på Kvarteret. Eg har elska Ugress heilt sidan eg var på konsert med dei (vel, han) på The Gathering 2003.

Eg gløymde heile upplegget likevel. Eit par dagar fyrr det starta såg eg plakaten att og sprang ned til Apollon for å høyra um det framleis var billettar att;

«Hah, ja, mange, ingen problem det, stress ned» …sa han.

So då stressa eg ned og tenkte eg helder burde prøva få folk med meg. Og det starta eg med. Eg spurte med meg ein 4-5 stk, men ingen kunne/ville. Hadde berre Egil budd i Bergen so hadde han vore med glatt, er eg sikker på.

Eg skreiv ei melding på Couchsurfing (profilen min, CS er heilt genialt!) same dagen, det var 3 stk som svara. Ein ville, men skulle på noko anna (saman med mange andre CS-erar), dei to andre sa «kannhenda». Han eine høyrde eg ikkje frå fyrr midt på natta etter konserte, medan han andre likevel ikkje kunne av ymse grunnar.

Jaja, so eg gjekk åleina.

Konserten starta 21.00, so eg var der 20.45. Hah! Men konserter fungerer ikkje slik i Noreg. So eg spurte kor tid Ugress gjekk på, det var 22.30. Eg gjekk heim att og venta. Då eg var der fyrr 22.30 var det framleis ekstremt få på den store plassen. Eg vart ganske satt ut.

Eg kaupte meg ein Erdinger Weiss Alkoholfrei og stod og hang litt i det digre nesten-tomme rommet. Ei gruppe på fire kom inn, dei kaupte øl i baren. Eg gjekk bort.

Fekk med meg at dei tykte det var få folk, og lurte på um det kom fleire til 23 då. Ugress skulle visst på 23 no.
«Eg var redd for at det skulle verta fullt, men, hah, tydelegvis ingenting å vera redd for!», sa eg, for å introdusera meg.
«Ha, ja! Eg og, eg er heilt sjokkert yver oppmøtet her,» svarte Mats, òg ein Ugress-fan.

So prata me litt, eg vart med dei upp ein annan plass for å unngå å hengja i det tomme rommet. 23 gjekk me ned att. Ein del fleire folk. Kannhenda 20 stk no (10 frå fyrr). Eg gjekk åleina fram og stilte meg vedsidan av nokon andre.

So kom han på. Og det starta. Og musikken starta. Og etter veldig kort tid, so var rommet fullt. Elder, såg iallfall slik ut frå der eg stod. So alle saman vart flaue yver at det var so få folk og gjekk helder ein annan plass.

Konserten starta. OG HEKKAN FOR EIT FANTASTISK LJOSSHOW. Tøft videoshow, ein fantastisk LED-skjerm som hadde so sterke LED at han vart båe brukt til dritkul stilisert/prosessert video (og mykje frå gamle filmar) men òg som den kulaste råaste ljoskastaren du kann tenkja deg. Han blenda lett publikum med den.

Det tok litt tid fyrr eg kom inn i danse-mooden iom. at eg var dønn åleina. Men etter eit par låtar so vart det sveitteframkallande slik konsertar skal vera.

Halvvegs uti, såg eg Solgunn (førre SmiB-leiar). Kjekt å kunna dansa og taka av litt skikkeleg då. Det var greitt når eg stod med Solgunn. Ho er forresten utruleg god å ha på konsertar av di ho dansar so mykje og bra. Skapar stemning og fest ;-)

Musikken var sjølvsagt , heilt fantastisk. Songane frå dei gamle albumi var best, men heile upplegget var kjempekult.

Eg tok eit lite upptak med det totalt elendige og forkastelege kamera på mobilen min. Det var i ein augoblink der eg ikkje var heilt inni musikken, so det er ikkje på det beste tidspunktet. Dessutan klarar ikkje ffmpeg å transcoda det sære ljodformatet AMR til vorbis, so ingen ljod.

Då konserten var ferdig (alt for tidleg!), møtte eg eit par folk gjennom Solgunn. Eg hadde tenkt spyrja ho kvifor eg burde jobba på Hulen (Hòla), og ikkje Kvarteret – men det viste seg at alle eg stod og hang med òg jobba der, so eg spurte det same. So eg er yvertydd, og skal hjelpa til på Hulen til neste semester. Gler eg meg til. Miljøet ser mindre og meir samansveisa ut. Eg spurte eit par i ein bar på Kvarteret, men dei var ikkje like interesserte i å verva meg forstod eg.

Greitt nok, det er heilt tilfeldig kven eg spurte, og hadde eg spurt nokon andre so kunne eg sikkert fengje eit meir entusiastisk svar. T.d. er det ofte slik at dei som er nærast «sentrum» (og jobbar mest) er mest entusiastiske. Solgunn er jo ganske sentral på Hulen (leiarar er vel ofte dei mest sentrale folka), men det var ikkje berre ho, alle Hulen-folki me traff vart heilt i hundre yver at eg hadde lyst til å verta med. :-)

Me tok ein kort tur uppom Hulen, fyrr eg gjekk heim. Framleis med den utruleg gode Ugress-konsert-kjensla i kroppen. Vonar ikkje det vert for lengje til neste gong. :D Og kannhenda andre kann koma med òg då, sjølv um det ikkje viste seg heilt naudsynt.

Det akademiske kvarter, Bergen

På fredag den 5. opna Kvarteret her i Bergen. Eg ville gå, men fann ingen å gå med – dessutan ville det truleg vera råfullt. So sidan eg ikkje eigentleg hadde lyst å sjå nokon av bandi som spelte so vart eg berre heima og la meg helder tidleg.

For dei som lurer på kvar Helene er, so er ho heime på Voss og arbeider litt med skuleting.

So kom laurdagen, eg stod tidleg upp (som ofte skjer dersom du legg deg tidleg, det er rein kos!) og måtte venta lang tid fyrr butikken opna. Då han endeleg gjorde det, stakk ut for å kaupa litt mat. Der fann eg litt dårleg språk i BT som eg skreiv um i går.

Vel heime laga eg det same som eg sit og gomlar i meg i dag, på same måten. Ved sidan av Fjord, Eee-pcen min. Ei lita anekdote der;

Fjord, Eee-pcen med nytt OS

Eg hev irritert meg yver at eg hev hatt Ubuntu 8.10 på den maskini, altso ein Ubuntu frå 2008(!). Gamal og vond. Dessutan hev ho vore litt treig og hatt problem med å t.d. spela musikk utan å hakka.

So etter mykje om og men (eg prøvde installera nyaste Ubuntu eit par gongar) la eg inn Arch Linux 1 medan eg sat uppe på universitetet i Bergen. Arch krevde 600-700 MB med oppdateringar, som er ganske mykje for den vesle mobiltelefonen min 2. Eg gadd ikkje venta på det og prøvde helder få upp Universitetsnetet (eduroam). Sjølv um eg ikkje hev brukar i Bergen so kann eg bruka brukaren min i Oslo ved å skriva odinho@uio.no, ganske hendig.

Etter lang tid for å fiksa det fekk eg netet upp 3. Og her er yverraskingi; eg fekk ikkje lengre 200KB/s, men heile 2MB/s då eg lasta ned! Det er ein tidobling! Berre med å byta operativsystem (vel, det er sikkert berre grunna ny og betre Linux-kjerne)! Ein annan ting var at maskina mi hadde mykje betre dekning til det trådlause aksesspunktet og at eg ikkje vart kasta ut kvart kvarter slik eg var i Ubuntu. I tillegg er maskini mykje snøggare no. Nei, det lønte seg stort å leggja inn gode gamle Arch Linux. <3

Attende til Kvarteret

So eg sat no der og hacka i veg på maskini medan eg åt maten min. Eg hev det med å berre sitja inne heile dagane dersom eg ikkje finn på noko og kjem meg ut. Eigentleg sat eg berre å venta på at Kvarteret skulle opna, det gjorde ikkje det fyrr 1500. No var klokka… 0900.

Eg hadde bra lyst til å sitja å arbeida med Universitas elder dei nye målungdomssidene (ligg mellombels her, dersom nokon vil sjå kor lite me er kome sidan sist) elder noko anna, problemet mitt er at eg ikkje klarar gjera skikkeleg arbeid på den vesle skjermen. Eg treng upp på Universitetet for å få ein stor skjerm kopla til. Men der krevjer dei UiB-kort, det hadde eg ikkje. Eg gjekk gjennom parken og vart tilbode «veldig bra speed!». Yverraska yver kor ekstremt mange dei er, desse rusmisbrukarane. Fleire enn eg nokon gong hev sett i Oslo.

Biblioteket var stengd. Eg sat der på fredag og las gjennom gamle nummer av Vestlandsfa’n, som var ei avis Studentmållaget i Bergen gav ut. Eg prøver finna ut av soga vår, ho er litt tåkete. Tenkte eg kunne halda fram med det på ein laurdag, hadde vore koseleg, men nei.

So eg gjekk utan mål og meining rundt i sentrum heilt til eg fann ein Deli de Luca med tilbod på bollar og sitjeplassar i andre etasje. Jaja. So eg sat der til Kvarteret opna.

Kvarteret-kafeen

Då klokka altso var 1500 hadde eg gjort ingenting veldig lengje. So stakk eg til Kvarteret-kaféen. Der gjorde eg òg fint lite. Eg såg på klokka og fann ut at det fyrste starta 1930. So eg heldt fram med å venta. Då det rundt 1900 kom ein heil del finkledde jentor som byrja pynta rundtomkring kjende eg meg fort lite velkomen so eg stakk.

Oi. Eg er på 815 ord allereide. FSCK, eg må tidskomprimera meir her.

Tivoli

Eg kom meg på «studentkultur i Bergen»-ordskiftet til Studentersamfunnet, som ikkje var so mykje ordskifte som det var koseleg mimring frå tvo av dei i Prodseg (dei hadde andsvar for utformingi av lokalet). Det var i «Tivoli»-lokalet.

Speilrommet

Eg måtte gå midt uti, av di eg skulle på crIMePRO med longform improvisasjon i same bygget, i «Speilrommet».

Eg tykte det var særs underhaldande, og lo godt av den 45 minutt lange totalt improviserte stykket. Eg hjalp til med å rydda etter stykket (eg skreiv under på ein «eg skal vera med å hjelpa Immaturus» då eg vart medlem, og det var dei som arragerte det), sers glad for å faktisk ha noko å taka meg til for fyrste gong i dag.

Storelogen

Etter det traff eg Audun Klyve Gulbrandsen og han skulle på Jazzkonsert i same hus, so eg vart med der. Det var i «storelogen». Eg prøvde kaupa ein Clausthaler (som eg òg hadde gjort tidlegare på dagen i kaféen), men det viste seg vandskeleg – det hadde dei aldri gjort fyrr og han fantest ikkje i datasystemet. So eg fekk no vatn i staden for, hrmf. Dessutan fær eg berre medlemsrabatt på «vanleg hansa», og eg er fint lite interessert i alkoholhaldig øl, so det syg for meg. I Oslo fær eg masse rabatt på alkoholfri øl, kostar faktisk ikkje meir enn 10 kr i baren(!).

Teglverket og Pianosalongen

Då me stod og prata etter konserten traff eg Ida (frå SmiB), saman med Julie, Live og Ane. Med dei var eg innum to rom til; Teglverket og Pianosalongen (viss det var korrekt namn). Då klokka var yver 00 stakk eg heim, på den tidi hadde det kome so grovt mange folk at eg ikkje gadd stå i kø berre for å gå i ein gang.

So eg stilte meg i køen for å gå ut (for det var det òg).

Moralen er, kom tidleg på Kvarteret, då er det få folk, men ikkje alt for tidleg for då er det ingen, pluss at då skjer det ikkje noko. So, ca 19-00 er vel ei god vitjingstid.

Og elles må eg verkeleg finna på noko å gjera dei dagane då det ikkje skjer noko. Laurdag og sundag, eg ser på dykk.

  1. Arch Linux er ein herleg distro. Du oppdaterer aldri til ein ny versjon, av di han heile tidi uppdaterer pakkane for deg. Kjem ein ny Firefox ut? Den er der dagen etter. Ny Inkscape? Det same. På den måten er du alltid oppdatert på det nyaste. Problemet er at når kvar del av systemet heile tidi vert uppdatert so kann ting verta ustabilt av di det ikkje er testa. Det er ein låg nok pris for meg ;-) []
  2. i januar lasta eg ned 7.5GB med mobilen! Med 3G gjeng det kjapt (100-200KB/s), men eg fær berre EDGE på Universitetet – so det hadde teke LANG tid. []
  3. Frå installasjonen er Arch Linux heilt rein, BERRE det du absolutt treng, ingenting meir. Difor er det ingen grafiske måtar å kopla seg upp til slike avanserte brukarnamn/passord-baserte trådlause netverk. Faktisk er det ingen grafiske ting i det heile teke, du fær berre ein konsoll og det er alt. Brukte ein heil del tid på å finna dei korrekte innstililngane for å få trådlaust net… []

På Øyafestivalen, kaldt og vått

Sit her inne i isvogna og frys. Is sel verkeleg best i sol. Det kjem no eit par innum kvart femte minutt, men det er ikkje store jobben. Det er kjekt når det er hektisk og fullt kør.

På onsdag og torsdag var det godt vêr og høgt trykk, utanum eit kraftig regnskyll midt på dagen. Det satte litt stogg på sal resten av dagen. Likevel ikkje so labert som no…

Eg hev ete mykje is då. Isrosa er verkeleg den beste isen i verdi, men no er eg kald. Veit ikkje um eg gidd hengja att for å sjå Karin Park og Røyksopp eingong. Hmm.

Forresten fyrste innlegg frå telefonen.

Uppdatert

Odin sel is frå Isrosa-bua

Eg gjekk ikkje. Eg byrja prata med Øystein, selde litt is og hoppa på Karin Park-konsert. Eg tykte ikkje musikken var spesielt bra, men det var kjekt å hengja litt på konsert.

Folk byrja samla tomme ølplastikkglas i hetta til ein fyr framfyre meg utan at han visste det. Var ganske kult. Til slutt vår det glas til ein 10 kr der, og då ein litan unge kom forbi leverte kameraten dei til guten. Då hadde me ledd av fyren med ølglasi i hetta ganske lengje ;-)

Til slutt var det Röyksopp-konserten. Eg gjekk burt med Kristian fyrst, me stod langt bak og det var ikkje so mykje stemning å henta der bak. Var sjølvsagt totalt evig med folk på konserten. Etter litt gjekk me attende. Eg samla litt flaskar og tente totalt 18 kr. Dei donerte eg ikkje til NU (som dei spurde um eg ville), men tok sjølv. Tenkjer dei er i betre hender der ;-) Hohoh.

Eg gjekk attende att med Birgitta, me lurte oss mykje nærare. Det kosta å gå gjennom ein heil haug sørpa.

Der var det høgare ljod og større stemning. So eg kjende eg kunne dansa ganske mykje utan at det var teit. Er lov å gjera det når du står langt framme.

So, det vart ein bra kveld lell ;-) Dessutan fekk eg med meg litt is til heimen. Det vert nok stor stas når Helene kjem på måndag.

Stockholmtur med Al Green-konsert

Eg og Helene drog til Stockholm for å sjå Al Green på konsert. Eg kaupte ei skrivebok der eg skreiv småting i. Det var kos. Her er innhaldet frå boki:

Andre dag, laurdag 2008–07-08

Helene er so søt. Ho er svolten so no sit me på ein italiensk pizzaplass og skal eta italiensk margherita. Helene diktar upp røyndomsnære adjektiv til det eg skriv. Eg kaupte nett ei gjevande skrivebok for å kunna skriva magisk tull i.

Helene gleder seg forelska til mat. Der kjem han, store gode. Helene elskar det og startar på nye setningar heile tidi, ho hev so mykje å segja at ho ikkje fær sagt nokon ting. Eg høyrer «perfekt», «dette var jo bra» osb. Ho hentar vatn til oss og me et.

«Eg kann stadfesta at det er godt,» segjer ho fyrr eg legg ned pennen og byrjar eta.

16:00: Ferdig. Godt, men min var litt for salt. Helene ler, smiler og segjer «det er sant» då eg las den førre setningi um saltet. Me hev funne ut at me skal til tekniska museen. Ut å finna buss!

Ubuntu Cola

På bussen til tekniska museet. Eg og Helene hev gått forbi brusautomatar med Ubuntu Cola-reklame på mange gongar, men han hev anten vore utseld, elder so fungerte ikkje maskini. No plutseleg fungerte ei – og då kaupte me. Vel. Eg. Sidan Helene visstnok ikkje drikk brus (berre dobbeltbrus (òg kjend som red bull/batteri osb)).

Ubuntu Cola (Fairtrade)

Eg heiv no Ubuntu Cola i meg sjølv um eg ikkje drikk slikt lengre etter eg slutta vera avhengig. Cola smakar stadig ikkje godt, men eg er litt redd eg vert avhengig att. Elder nei, eg er jo jysla flink til ymse avvenning no. Ein annan ting er at eg no drikk koffein – ikkje like mykje som i kaffi, men likevel eit avvik frå min ingen-koffein-ståstad. Den hev eg moderert til «ikkje noko med masse koffein» iom. at det finst koffein i umtrent alt!

Ingen teknisk museum

Nei! Tekniska museet stengde nett då me gjekk inn dørone. Me sneik oss inn og freista sjå i butikken der, men det var inga bøn. Surt! :( Me tok busset att til stan…

Handling

Helene fann endeleg ei lua/hua ho vart forelska i og eg tok eit par bilete. Eg fann ei Moleskin-planleggjar på tilbod på Åhlen’s. Wey. Dei sel alt her i Sverige – ikkje berre smoothieaktige husartiklar som i Noreg.

På kafé med kaka og allslags

No sit me på ein dunstande kafé kor Helene igjen fær dikta upp svenske adjektiv til setningar ho ikkje veit um. Me ventar på den store og sugne (det ordet passa dårleg Helene!) Al Green-konserten. Eg vonar berre at dei ikkje tek foto- og videokamera mitt. Hatar slike rosa reglar!

Då eg såg upp på bordet att etter eg skreiv førre avsnitt var all maten og drikka vekk. Ikkje berre vår delte blåbærpai og Helene sin kakao – nei, min bringebærfruktdrikk var òg tom. Det tok meg ikkje lang tid å mistenkja ho her:

Ho sat no og filosoferte «Hmmm. Orsak, Odin, eg et som ein gris. Hmmm… Kannhenda eg er ein gris?». Eg er ikkje overtydd.

Inne i konsertlokalet

Salen her er verkeleg kjempeflott. Gamaldags ballsal som er lekkert ljossatt. Eg og Helene sit på scenen heilt framme. 2 timar til konserten startar. Me drikk drinken Mohito utan alkohol – dei hadde ikkje alkoholfri øl. Til gjengjeld er drinken særs fancy og smakar utruleg godt. Helene sit elegant og sippar (litt lite diverre) medan ho speidar ut i salen. Gleder oss verkeleg no. Herleg stemning.

«Skriv at eg gleder meg veldig til å dansa Al Green-dansen og peika – på ein sofistikert måte – og blunka og peika på Al Green på den kule måten,» segjer kjærasten min.

Ho hev forresten teikna ei fin teikning i boki mi. Eg tek bilete av at ho står ved scenen og peikar, medan Al Green peikar og syng «Love and happiness». Ganske fint.

Eg gjekk til vaktane og spurde um eg kunne taka bilete.
«God fråga!» sa han og måtte spyrr nokon andre. Saman kom dei fram til at det måtte vera lov utan blitz. So eg henta kamera, ljoset på scena fær bileti til å sjå ganske elendige ut, menmen vert betre seinare.

Helene skreiv Al Green med hjarta rundt ein serviett og hev no lagt han på scena so han skal synast framføre oss! :) Ein time att.

Er mykje fullare no – kjem visst 1300 folk. Eldre menneskje som Helene hev prata um mange gongar.
«Me er nok yngst her» og «­haha, me passar so lite inn.» Søøt! Det gjer berre oss kule.

Helene hev ein teori um at me vert sett på i konserten av di me er unge og stikk oss ut. Dette fortald med ei veldig konspiratorisk stemme. «Det fungerte på Bowie-konsert,» kann ho forsikra oss um.

Dag 1, fyrr eg kaupte denne boki

Me måtte stå upp tidleg for å nå bussen 0730. Diverre var alarmen feil og gjekk av 0645, so me hadde sabla dårleg tid (forseintkoming+Odin er ikkje ukjend). Me kom fram i tide, eit par minutt fyrr. «Fjo!» tenkte eg litt for tidleg…

Reservasjonsnummeret mitt var feil! Eg sprang upp til Säfflebussen si luka og forklarte. Nei, ingen billett på namnet mitt helder som bussjåføren hadde sagt.

«Er det internett her?,» spurde eg febrilsk.
«Jag vet inta,» ho var sjølvsagt svensk som halve Oslo. Eg drog fram Fjord (den vetle datamaskini mi) og fekk logga inn.
Ei anna jenta kom; «kann eg kaupa billett på bussen?,» spurde ho.
«Ja, men då måste du skunda deg, bussen åker om ett minut.»
Fekk hetta der ja. Fann ikkje kvitteringen, so såg attende blandt epostane (view all emails) på side 3 fann eg «kvitto». Ho skreiv inn det korrekte boardingnummeret (det i eposten og på net er visst forskjellege!) – men nei, fann ikkje tingingi (!!!).

Bussen kom til å færa snart so eg sprang full fart mot han der Helene febrilsk prøvde å halda bussen att. Ho hadde prøvd forklara kor utruleg dumt det hadde vore um me ikkje rakk bussen. Me hev jo betalt og fær ikkje pengane att.
Då hadde jento eg prata um tidlegare kome med masse bagasje. So då eg kom springande var bussen akkurat klar til å dra. Han fann framleis ikkje tingingi, men lot oss sleppa på då han såg eposten. FJO!

Attende på Al Green-konsert

No er det ein god del fleire yngre folk, ja. Ikkje berre tvo ;-) Det er tekniske folk på scena no – sjekkar ljoden. Helene er supersøt og står og dansar. No gler eg meg stort!

Hekkan eg treng noko å drikka, men no er salen full og eg gidd ikkje pløya meg fram.

No kom bandet! Ser sers amerikanske ut. Klapping!

Siste setningi er vandskeleg å lesa av di han er skrive superkjapt medan eg rydder ned blokka.

Etter konsertern

Helene kjem fin og rein ut av dusjen. Utruleg deilig med hadkle og godt humør, som ho veldig ofte hev. Konserten er ferdig, Helene (og eg i litt mindre grad) hev fengje mange blikk og smil av Al Green og det ovkule bandet. Helene fekk smil+blunk+peiking ein av gongane. Dessutan hev ho ei av rosone Al Green delte ut. Konserten var heilt utruleg bra – det var verkeleg knallstemning og Al Green er ein ekte entertainer.

Eg vart stoppa å taka bilete etter ei stund – likte eg dårleg – folk med dri…eh..kompaktkamera fekk taka bilete utan knyss. Alltid slik, grrr. Elles ein teit mann som breia seg og såg utruleg keisam ut. Såg stygt på oss òg. Fekk ikkje kaupt plakat; ikkje nok kontantar, men kva gjer vel det! Det var so ekstremt kult og kjekt og ein fantastisk tur med mi fantastiske deilige kjærast. Me gjer og opplever so mykje. Dei gongane me er heime ei halv víka kjennest det brått ut som um me hev grodd fast – so ynskjer me å gjera noko anna nytt. Eg elskar båe upplevingslysten og jento. :-D

No; dass på meg og so leggings!

Attende til dag 1, då me kom til Stockholm

Det var ein vakker dag og Helene måtte heilt sjukt på do. Ho fekk halda seg iom. at det kosta kr. 20 å gå på do + at det var ein eigen dovakt. Nett som i Oslo då eg helder fann ut eg ville spy på golvet enn å betala pengar eg ikkje hadde. Idiotisk idioti.

Fordommane mine um Sverige fall rett på plass då me kom inn på tbana og dei eg satt med prata um The Pirate Bay. Bra! Vart litt trist at eg ikkje hadde på t-skjorta mi på meg då – hadde passa rett inn. Då dei forsvann vart dei erstatta av eit par gutar som prata um eit rollespel til data trur eg. Kannhenda WoW, kannhenda noko anna. So, ja, eg trur Sverige er framføre oss når det gjeld datakunna for kvarmannsen. Godt for dei.

Ein annan generalisering; hekkan dei er opne og venlege! Det er som å koma til Stavanger; elder endå betre. Langt frå det kalde tilveret som rådar i Oslo. Helene fekk hjelp heile tidi («men eg trong ingen!»), folk smiler og pratar med totalt ukjende. Stockholm minner ikkje um biletet eg hev fengje av hovudstader. (Helene er forresten veldig usamd i at Oslo er sosialt kaldt, men ho kann skaffa seg eigen blogg for å segja slikt)

Me gjekk av på Zinkensdamm og etter ein helder lang gåtur kom me fram til hostellet. Rommet var ufint. Me betalte for 3 personar for å få eige rom. Det var ikkje mogleg å laga dobbeltseng av køyesengene – so me leverte att eitt sengesett og sparte pengar på det – hoho.

Odin si bok! Men Helene kan lesa i ho - for ho er kjærast!

Nede i «Gamla stan» åt me ein fortreffeleg middag og åt alt for mykje dessert på Helene sitt yndlingskonditori i Stockholm.

Dag 2, neste dag, Al Green-konserten

Med ferdig vaska rom leitte me supersvoltne etter hotellet me skulle sova laurdag-sundag. Då me gjekk upp frå s:t Eriksplan såg me ein «Subway» der fekk me endeleg mat. Mykje! Ah! (eg slo òg videokamera på for fyrste gong).

Det var lite ledig i Stockholm laur-sun. Difor tok me inn på hotell. Det var fine greidor – høg dobbeltseng med god puta/dyna.

So hang me i byen og var på konsert (det står i byrjingi).

Dag 3, heimreisa

So tok me buss heim.

Helene prøvde jobba, medan eg. Hmm. Spelte «Zelda – Phantom Hourglass» på Nintendo DS-en hennar.

Italia – videojobb med Helene og Pat Savage

Den deiligaste mangoisen eg nokon gong hev smakt. Sol, varmt. Folk som pratar eit språk eg ikkje forstår. Det er sundag og i morgon dreg eg attende til Noreg. Men eg er framleis i Italia på videojobb. Dei siste tvo dagane hev vore litt treige, men det kann eg vel takka meg sjølv for.

Tja. Vel. At desse tvo dagane hev vore treige heng vel òg tett saman med at Helene drog tidleg i går. Eg drog ho med på jobb her i Italia. Det hev vore utruleg moro å hava ho med, ho hev vore sers flink «second unit». Ho hev filma båe med det leigde kameraet mitt og med hennar eige vesle Canon MD111-kamera (vel, det er mitt, sjølv um eg helst ikkje vil innrømma det :P)

Turen ned

Eg budde hjå min gode kamerat Kløs, der eg nesten mista datamaskini til Randaberg VGS. Tidleg måndag morgon drog eg ut til Gardermoen, der eg fann Helene. Flyturen ned gjekk yverraskande fort og etter me hadde brukt seriøst lang tid for å henta bagasjen (spesialbagasjen kom aldri, men viste seg at me måtte henta han ein heilt annan plass) gjekk me ut og møtte mi italienske Cinelerra-veninna Raffaella.

Denis hadde òg kome for å henta oss, ein kommunikasjonssvikt der. Han måtte diverre berre reisa att. Me drog til Venezia, og fann ut at me ville gå utanum turistområdet. Meg og Helene vart fort svoltne, men det viste seg at i Italia opnar ikkje restaurantar o.l. fyrr 1800–1900. Dei et ikkje middag. Bah. Venezia var flott, men veret kunne vore betre (det byrja styrtregna). Likevel skulle eg nesten ynskja det ikkje var so jysla dyrt å sitja i gondol, for trass kor turistete det er so hadde eg gjerne lyst å prøva det. Haha. :)

Raffa var dritkul og Helene er jo beste jento i verdi.

Heime hjå Raffa åt me mat og eg fiksa Stopmotion på Ubuntu Linux-maskini hennar. Ho vart veldig glad, ho hadde aldri fengje det programmet til å fungera fyrr.

Tysdagen, dag 2 – henging med gutta boys

Me rakk ikkje frukosten på Sheridon-hotellet. So me gjekk rett yver vegen til IKEA og åt mat der. Rart å dra til Italia for å so berre eta på IKEA. :P Etter etingi saumfarte me IKEA, der eg kaupte alkoholfri pærecider og Helene Aalgrens Bilar og Snøre (skolissar :P).

Me møtte Denis, Leo (Leonardo) og Kri-kri (som var Helene sitt kallenamn på han, alle andre kalla han Tuco) og tok oss ein tur rundt i området åleina. Pat Savage skulle koma seinare på kvelden. Eg køyrde bilen til Denis (yey!!!), medan Helene hang ut vindauga og filma (ho hev ikkje lappen). Det var ein veldig koseleg tur. Og eg elska at eg fekk vera sjåfør medan Helene gjorde filmejobben yverraskande bra.

På kveldingi drog me på ein pizzarestaurant for mat. Pat kom, sliten og trøytt etter ein lang køyretur på Harleyen.

Onsdag, regn, fest og lite gjort

Me fekk ete frukost. Fann ein dritgod Aloe Vera-yoghurt som me åt mykje av. Stal med oss ein del til rommet vårt òg. Det var so LUKSUS! :D

Ting gjekk seint, og det viste seg at filmingi me hadde tenkt å gjera ikkje vart stort ut av lell. Me hang på eit kaupesenter og gjorde ikkje stort anna. Eg og Helene tok turen ned til Padova sentrum, der det igjen viste seg vandskeleg å få mat i magen. Etter me hadde sett og var ferdig med den ant største «plassen» i Europa etter Moskva sin («square», veit då søren kva eg skal kalla slikt), drog me attende til hotellet. Ingen plassar i Italia tek kort (nesten), so det var jo plent umogleg å få kaupt is. Særleg sidan korkje eg eller Helene klarte å taka ut pengar.

Men Padova var kjempefin. Veldig stilig. Den nyaste Stravagaza-boki er sett i Padova. Var dritkult å hengja med Helene der. Ho fann tvo dalmisar ho fekk klappa. Dagen fyrr såg ho ein dalmis i Venezia – eit veldig godt teikn i fylgje ho ;-D

På kveldingi drog me til hengjeplassen for motorsykkelklubben til Denis og gjengen. Der var full fest. Me filma litt, og stakk til slutt utpå natti.

Torsdag. Til Buja, Osoppo, Udine, Italia

Dagen etter drog me opp til Buja. Skulle vera ein 2 timar lang tur. Vel, han vart mykje lengre med det ekstreme trafikkaoset me kom inn i. Motorsyklane kom seg sjølvsagt sers raskt av garde – men meg og Helene sat fast i bilen. Det var ikkje moro. Nett då. Men kom oss ut av det.

So hang me rundt i denne vesle byen (eg er her framleis). Åt is. Koste oss noko fælt.

Fredag. Konsert med Pat Savage osb

So kom konsertdagen. Etter den vanlege treige starten på dagen (meg og Helene fann ein pizzarestaurant som faktisk ville selja oss mat – med skikkelege opningstider) drog me til Osoppo for Udine Biker Fest 2008. Det tok fleire timar fyrr bandet fekk gjera ljodsjekk. Det var frustrerande. Men gjengen var jo so koseleg at det gjorde ikkje stort.

Konserten starta seint-seint og dei spelte fram til 0100. Eg sprang litt rundt på scenen og filma, Helene og Gutta boys stod og rocka saman med resten av publikum. Pat og gjengen er faktisk utruleg flinke til å spela. Skikkeleg. Hugsa eg vart skikkeleg yverraska fyrste gongen eg var på konsert, ein ekte konsert med dei.

Det hadde regna ganske kraftig so det var sørpete, vått og ekkelt. Rart det var so mykje publikum i det heile teke. Eg hadde tippa ein 10–20 stykk hadde kome (som hadde vore flaut), men det kom vel rundt 100–200, so det var ikkje alt for gale.

Backstage var veldig dårleg,—normalt sett hev det vore sofa, varmelampa, masse mat, snop og drikka. Men her hadde dei litt vatn og nokre ølboksar, eit lite telt, harde benkar og eit industriljos i taket. Bah. Fann fort ut det var kulare å hengja bak på scena.

«MEN!», bryt Helene inn, «det var ein finne der og han kule med jakko, veit du, … Eg veit jo kva han heiter, eg fekk jo CD-en hans og eit visittkort»… Helene dreg upp boki si nesten eit halvt år etter me var i Italia og mumlar noko um at det alltid dukkar upp ein elder annan plass og irriterer ho. Ho finn det ikkje lell. Jaja. Eg kann leggja ut bilete:

Laurdag. Helene reiser heim.

Me kom til hotellet rundt 0300. 0400 vart me vekt av folk som skulle hava bilnyklar for å sjå etter ei jakka i bilen. 0700 stod me upp for å køyra Helene til Udine for å taka toget til Venezia, buss til Marco Polo (flyplassen), fly til Danmark – hengja der i maange timar og so fly til Bergen og buss til sentrum. Ho var framme 0100. Reisa tok med andre ord rundt 18 timar eller noko. Stress. Då eg kom attende til hotellet la eg meg ned og sov til ~1900, so drog me til Biker Festivalen att for at dei skulle spela. Vel, det vart 2 timar forseinka. Det regna skikkeleg kraftig og var dårleg ver.

Eg filma sjølvsagt ein del, – men ikkje so mykje interessant. Alle trøytte og vonde.

Sundag, i dag, Buja, Osoppo – reisa attende til Padova

Og so i dag då. Eg vakna tidleg og hev sitte heile dagen på datamaskini. Utanum den lange turen eg hadde ute fyrr eg starta å skriva dette (alt er skrive på staden, utanum småting eg hev lagt til no langt uti oktober). Eg stakk ut, kaupte ein pizza, åt den, kaupte ei kula nøtteis, ei kula kakeis og ei kula mangois og åt den ute. Det var superdigg. So kom eg inn at på hotellrommet for å skriva dette. Det er ikkje so digg.

Ja-ja, når eg er ferdig med dette her so hev eg jo verkeleg ingen grunn til å hengja her lengre. Då vert det køyring!

Forresten moro å køyra bil i utlandet, og ein so god bil som Denis hev.

Kvifor ut no?

Det vart stille i Italia utan Helene, det virka so synd å avslutta med eit sukk i staden for eit kaboom som det hadde vore um Helene kunne hengja eit par dagar til. Men heile turen var dritkul, eg hadde det heilt fantastisk moro. Vonar eg og Pat ein gang kann få laga ein fin video ut av det. :-) Eg veit ikkje heilt kor eg skal få tid til noko slikt, men det hadde absolutt vore kult.

Og so til slutt eit bilete som viser korleis me hadde det i Italia:

Maria Mena-konsert

Maria Mena-konsert i Sandnes Kulturhus, seinare i dag. Skal gå med Rebecca, Espen og IngaTor Eirik. Inga er ei veninne av Rebecca, og ei veninne av syskjenbarnet til Espen. Eg har hatt ho på MSN før eg blei kjend med Rebecca. Victoria Stensø skal òg på konserten. Ho var på frukost her i dag, me jobba vidare med heimesida hennar.

No må eg gjera fargekorrigeringa til «Hva er det med Monica?» ferdig, pluss litt standard laurdagshacking. Vonar det blir ein moro kveld.

Mitt livs lengste helg?

Eg var hos audun, i byen på Maxwells, var på bursdags-fest hos Victoria, på ein dårleg klubb, Andrew WK “party” (konsert) osv, osv.. ;)

(26–28.9.03) Sitt her, ein mandags kveld og skal skrive ned mitt livs lengste helg (etter som eg huskar :P). Eg hadde bare bestemt meg for å være litt meir sosial og plutselig fekk eg masse opplevelsar på lita tid. Siden eg ikkje trenge å ta nokon buss (har jo najs sykkel :> ) slapp eg å tenke på dét. Men eg veit ikkje heilt kva helga starta med så eg får fortelle slik eg huskar.

Etter ein rar skoledag der me hadde videokonferanse uten at læreren kunne høre vår lyd gjekk eg, Jørgen og Niklas til Virgin Megastore for å kjøpe billettar til Dimmu Borgir konserten i London. Meg og Jørgen rusla så heimover mens me snakka om stort og smått. Etter me hadde vært på B&Q i ein halvtime og testa dørhåndtak gjekk me til Jørgen.

Han hadde eit greit stort rom me tv, den heldiggrisen :P Me såg “Rugrats” og “Sabrina the Teenage Witch” før eg ville ha litt mat og sykla heim. Tidligere den dagen hadde eg fått vite at Audun skulle ha folk hos seg. Det regna litt utfor så eg ville ikkje dra, slik eg eigentleg hadde tenkt. Eg slo på mobilen min og hadde fått ein voice-message, eg hørte på den og det var PCWorld som ville arrangere eit intervju med meg.

Eg blei veldig glad og måtte sjølvsagt fortelle det til nokon, derfor starta eg sykkelturen min til Audun. Då eg gjekk ut av døra møtte eg Aurore og Fransoise, som er Aurore sin søte bestevennine i frå Belgia :) Eg helsa og hjalp dei å bere bagasjen inn. Eg måtte bort til Audun og jentane hadde nok ikkje noko imot at eg dro uansett så eg sprang ut igjen.

Det var allereie mørkt då eg dro så eg måtte ha lysa mine på. Eg var veldig glad så eg sang og plystra på Roy Orbisons “Pretty Woman” ganske så høgt. Då eg stoppa i eit kryss i midten av byen kom ein annan sykkelist på sia av meg og laga eit hemma fjes :P

Vél ute på “Jæren” – som Audun kallar det – forsvant alle lys. Det var békmørkt! Eg såg ikkje ein skit med unntak av ei kvit linje på venstre side, og to tette på høgre. Stripa heilt på høgre av vegen såg eg ikkje. Det minna meg om ein gammal Science-Fiction film då skipa køyrer over lyshastighet. Var seriøst kult. Eg sykla litt roligere siden eg ikkje såg ein ting, men fekk eit skikkeleg kick av å forflytte meg på den måten. Heilt hyper blei eg av turen så eg virka vel litt oppglødd då eg kom til Audun ;)

Gutane (Audun, Niklas og Thomas) såg litt rart på meg då eg tok meg ein dusj hos Audun, men eg trengte det. Hadde ikkje tid heime og eg lokta ikkje noko særlig fantastisk. Då eg lokta litt betre sykla eg til byen, dei andre venta på bussen. Etter eg hadde venta ein stund kom dei óg inn til byen. Me gjekk alle saman til “the Goose” pub’en og satt å snakka litt. Etter dét besøket reiste me til Maxwells kor Ont (Parouge) jobbar som bartender.

Me kom inn på bare £1 (ca 12kr) fordi me kjente Ont (sist gong var det 0, men dørvaktane var ikkje sikre denne gongen). Vél inne traff me Ont som kasta flasker og miksa drinker inne i baren, han er sinnsjukt flink. Flinkaste bartenderen eg har sett. Han laga ein drink til meg og ein til Thomas.

Eg hadde ikkje sagt til han at eg ikkje drakk alkohol så eg ga han vekk og bestilla “something without Alcohol” fra ein annan (Ont var veldig opptatt, alle bestilla selvfølgeleg av han :P). Eg skulle til å betale, men han sa bare “You’re with Ont, it’s OK mate”. Hehe, kjekt :D

Resten av kvelden hendte det så mykje at eg kan ikkje skrive det fordi det blir for mykje å lese. Må tenke på kor mykje tid folk vil bruke på å lese sia mi óg :P Av småting eg kan nevne var når Thomas gjekk rundt og tok bilde av folk, blei kjent med dei og fekk emailen deira. Han snakka også varmt med dørvakta, og fekk eit virkeleg bra bilde av han!

Me gjekk ca kl 2 og kjøpte ein burger kvar fra kebab-bilen utfor Maxwells (kebab var litt dyrt, sikkert fordi det er ein tradisjon å spise det på natta). Eg kom heim 2:30 og la meg. :>

¤Neste morgen, Lørdag¤, sto eg opp 8:30 og spiste frukost. Eg sykla til byen og satt på internett på biblioteket der. Eg tusla videre, kjøpte kontant kort og møtte Thomas som skulle ta bussen til Morten. Eg sa han måtte sende meg melding då han kom tilbake til byen.

Etter eg hadde gått fra Thomas fant eg ut at eg ville prøve å komme meg til Morten eg óg. Så eg satt meg på sykkelen og sykla opp Iffley Road, eg kjøyrde vedsiaav ein buss og lurte på om Thomas var i den. Eg sykla saman med bussen heilt til eg såg at Thomas kom ut på eit stopp. Han blei litt overraska av å se meg :P Morten henta oss også satt me hos han og prata o.l.

Eg fann ut at dei skulle i bursdag til Victoria Maria (fint at alle inviterer meg hele tia</ironi>) før eg dro heim for mat. Då eg hadde spist dusja eg og tok på meg finklær før eg satte mot byen. Der møtte eg Audun, Jon, Niklas osv. De skulle også i bursdag (kunne man se på de fine klærne :P) så jeg prata med dem helt til bussen kom før eg sykla mot Victoria. Eg visste ikkje kor ho bodde men eg fann det til slutt etter eg spurte Marie Louise.

Der hadde eg(me?) det veeeldig kjekt uten at eg gidder å gå noko særlig meir inn på dét. (Om du ikkje merka det så er det ein ny dag sånn eigentleg her eg sitter og skriver. Er heller ikkje på Aurore sitt rom idag, tror ho er ute. Er uansett tirsdag kveld og eg er litt trøtt/sliten osv) Då ein stor del av gjengen ville ned til byen dro me, eg venta på bussholdeplassen til bussen deira kom. Eg starta å kjøre ned dei enorme bakkane opp til Victoria Maria (SYKE BAKKAR! :( ), etter ein stund kom eg til ein motorveg. Det måtte være feil. Eg sjekka kartet og rektignok – det var feil. Eg måtte sykle opp ein del av bakken igjen og rulle ned akuratt motsatt veg.

Ute på hovedvegen (Botley Road(?)) tok eg det med ro mot byen, siden eg tok feil veg hadde eg ikkje sjangs til å ta igjen bussen uansett. Noko som viste seg å være feil, ca med PCWorld tok nemlig den samme bussen még igjen og då var det jo ingen problem å sykle forbi den igjen. Så eg stoppa på nokre lyskryss og såg inn i bussen der “resten av klassen” satt (ikkje heile – nei). Wow, nå er det gått enda en uke+ siden dette skjedde! Eg sitt her, Tirsdag, 8 dagar siden eg starta dette dokumentet, er gale :P Får skrive slik eg huskar, sjølv om et er lenge sia.

Eg traff folka så i byen der eg venta på dei. Var litt vanskeleg å få oversikt over situasjonen, folk ville hit og dit. Eg blei me Elisabeth og me to gjekk mot Go Na Na, der Lotte og Morten skulle være allereie. Det kosta 5pund for å komme inn! 60kr, svei hardt, men eg betala for Elisabeth allikevel. :P Hmm, ho låna vel eigentleg, men eg må visst spør for å få dei tilbake. Ho har gløymd det og eg huskar det aldri… Go Na Na var ein drittplass, med drittmusikk, drittlys og drittpris. Heh.. :P Lotte lika imidlertid musikken; kver sin smak :P

Eg tusla ut med folka, de gjekk etter mat. Sjøl ville eg ikkje spandere 3pund på kebab så eg stakk på Yates’ der Niklas og Audun visstnok satt. Yates’ lika eg heller ikkje, dei hadde grei musikk men wow, skitten plass! Gidd å ha tepper på eit utested liksom! Det va jo fullt av øl, cola og andre ulumskhetar! Skoa satt seg fast i teppet og det var tungt å gå -> æsj!

Så gjekk eg tilbake til “gamle”-folka og kjøpte meg ein hamburgar og brus allikevel…. :P Lotte og Morten gjekk eg heim med, leia sykkelen. Klokka var vel rundt 2 då me gjekk ned Iffley Road mot Morten. Etter ein hyggelig prat var Morten ved veis ende. Eg og Lotte fortsatte mot Cowley mens me snakka om stort og smått… Hmm, eg tror det var for det meste smått. Har aldri fått nokon skikkeleg defenisjon på kva “stort” og “smått” betyr, men me snakka sikkert om smått ;) Smått er forressten eit ganske teit ord. “Smått” liksom, høyr på kvisleis dét høyras ut! Kl 3 var eg heime ca. Seint :S

¤Søndag¤ skjedde fysst masse du ikkje gidder å lese, så eg vil ikkje skrive det. Sååååå dro meg, Sisilie og Jon på konsert! ANDREW WK!! :P Hehe.. Meg og Jon ville jo bare gå pga. Espen er sånn hallveis wannabe-AWK-fan. Sisilie ville være med fordi: kvifor ikkje!? :D Ho hadde bare blitt “positivt missunleg” hvis ikkje (ho brukar den frasa ja). Eg kom litt seinare enn Jon&Sisilie pga. masse (snakka med Aurore før eg dro = tar sin tid fordi det er så kjekt ;) ) derfor kom eg bak i køen. Eg såg at ein vakt gjekk oppover køen og såg på nokon kort og ga stempel på hånda. ”ååja, student-rabatt” tenkte eg og dro fram kortet. Når vakta kom ga eg det til han og han såg lenge og rart på kortet mitt før han utbrøt “Ahh! Cool mate!” og ga meg stempel. Eg undra litt over kvifor han sa det til meg og ingen andre…

Det eg ikkje visste va at dette stempelet meina “over 18” slik at folk kunne kjøpe alkohol. Kortet eg ga viste selvfølgelig at eg er 16år (fordi eg ér jo dét) så vakta syntes det var rart at eg ga han dét. Eg drikk ikkje alkohol, men 95% av alle ungdom gjør (iallfall slik eg ser det) og vakta gjorde 100% sikkert dét når han var under 18. Han syntes vel det var veldig tøft av meg å vise dét kortet og tenkte tilbake på sine dager… Jaja, morsomt var det nå i etterkant :P Selvfølgelig kjøpte jeg ingen alkohol, men en “Orange Juice” som jeg så ofte gjør.

Me plasserte oss heilt framme, i midten. Ganske bra ;) Fysst spelte “N3ar Lif3 Xp3ri3nce” eller noko i den duren. De var ganske gode og bassisten deres var ein vill mand :P Lang kis med digert smil, stilig :> Etterpå kom eit helt forjævlig band, Winnebago Deal, satan i helvette for noko dritt! Ikkje pga. musikken deres som EIGENTLEG, sånn når eg tenkar etter var ganske bra, meeen pga. de jævla drittfolka av nokon dop-vrak fans dei hadde så ødela alt. De starta å spille og me merka fort at noko var gale. Nokon folk hadde blitt totalt ville og starta slosskamp bak der me sto.

Det blei eit digert hål bak oss der 3–4 jævlar sprang rundt og dunket inni folk. Det er umogleg å forklare kor ekkelt og forferdelig det var. Men det var rett før Jon begynte å sloss med den eine jævelen, eg forstår guten så sinnsjukt godt. Hadde eg hatt ei hagle hadde eg med glede trykka han opp i trynet på den jævla krøllete, rødhårete guten med ekkel streng og blåst hjernen ut på han. Den ekle drittungen trenger ikkje hjernen sin uansett, stygge dopvrak.

Folka var verkeleg dopa, dei var heilt totalt vekke. Eg albua han eine driten i nyra hardt, og han viste ikkje ein grimaste – men kroppen blei fysisk flytta på av kraften fra slaget mitt. Sisilie (inkludert meg) blei seriøst redd og ville gå vekk til eit roligare sted. Me gjorde dét… Så kom endelig AWK på, det var kjekt, var ganske bra faktisk. Eg hadde forventa det til å være litt av ein flopp…. (Snork, eg gidd ikkje skrive meir detaljert, får tenke deg sjølv :P)