Merkelapp-arkiv: Kreativt

Attende til den «kreative» nattskrivingi?

Ofte kjem eg heim på kvelden, ja, det plar faktisk vera natt tenkjande «Hekkan, no vil eg skriva noko!». Dei siste åri hev eg slutta å lyda dette ynsket, men det plar hava den verknaden at saki eg vil skriva um aldri kjem ut or hovudet. Det gjev meg færre innlegg på netsida mi òg. Skal ein verkeleg lyda desse kreative boblone som poppar opp på dei mest uhøvelege tidspunkt? Eller skal ein heller læra seg å verta kreativ og kunna skapa boblor når ein vil?

Eg køyrde nett heim frå Rebecca, og hadde ein tekst i hovudet. Det var denne, no vert det diverre annleis av di eg ikkje hugsar teksten. Hadde eg stoppa bilen og skrive tankane mine ned i boki mi slik eg pla gjera ei tid i Oslo, so hadde eg hatt mykje av teksten no. Det er moro kor godt linone glir når ein nett kjem på fleire paragrafar tekst i hovudet slik. No skriv eg berre inn på datamaskin, og plar ikkje vera i supert skrivehumør.

Det mistar seg når ein tenkjer på noko anna

Når eg køyrer heim frå Rebecca, kjem frå ein fest eller berre hev gjenge ein tur ute i skogen, hev eg ofte ei framifrå kjensla i kroppen. Hjernen produserer kveikande tekst som gjev meining og er interessant. Eg trur iallfall det, synest det er dritbra når eg tenkjer det ut. Men når eg kjem heim plar fornuften taka yverhand; eg kjenner eg hev mista essensen i det eg tenkte. Eg fiksar noko smått og gløymer teksten nokre sekund. Hugsar eit par av setningane, men ikkje samanhengen eller livskjelda. Um eg prøver skriva det ut vert det livlaust og tamt. So legg eg meg.

Eller, som heldt på å henda no; eg legg meg. Det er ikkje heilt sant. Eg set meg på datamaskini og «skal berre sjekka eposten», noko som plar taka alt frå tvo til fira timar. Oftast tvo heldigvis; eg legg meg 0200. Jadå, eg hadde kann henda interessante samtalor på IRC. Jadå, eg las sikkert noko tøft på Wikipedia. Men kva um eg heller hadde sagt;

No skal eg vera oppe til eg hev skrive ferdig teksten som nett surra i hovudet, og kreativiteten hev berre å pella seg attende til hovudet mitt!

Dette hadde eg kann henda bruka alt frå ein til tvo timar på, men då hev eg gjort noko skikkeleg. Eg hev produsert ein tekst (drit i um han er god eller ei; berre det å gjera seg ferdig med noko er bra) og eg gjorde som eg eigentleg ville. For eg vil eigentleg skriva ned desse tingi eg gjeng og tenkjer på.

Framkalla kreativiteten når ein treng han? Få fram positiv energi?

No flyt teksten ut, mykje av bobla eg heldt på renn ut. Eg vert distrahert av all eposten eg hev fengje, og folk som vil prata med meg via Jabber og IRC. Men eg ville iallfall prata um ein ting til; å framkalla kreativitet.

Eg merkjer at dess eldre ein vert, jo meir lærer ein. Eg finn stadig nye måtar å endra tankone mine og kroppen på. Dette fungerer òg for kreativitet. Gå vekk frå arbeidet, taka ein pust i bakken, sjå ut på trei og roa seg; seia høgt til seg sjølv – «No skal eg skriva ein tekst til heimesida mi um det som fell meg inn», og venta. So må ein tru på det, og det treng ikkje vera vanskeleg. Ein må berre seia det naturleg og leggja litt viljekraft bak det ein seier. Altso viljekraft til handlingi. Og so fær ein ei bobla kreativitet og kveik. Det fungerer for meg kvar gong eg klarar tru på det. Men eg skal trena meg sjølv til å verta betre i å få boblone til å koma.

Nett no er eg so forvirra at det ikkje gjeng serleg bra.

Ikkje meir dreping av nattarbeidet

Likevel vil eg unngå å drepa dei gongene eg naturleg hev sterk hug til å skriva. Eg skal heller gå med på det. De siste dagane hev eg lagt meg rundt 02.00, utan at eg hev gjort noko serleg i den tidi. Eg må innsjå at um eg ikkje gjer dette fornuftige (skriva ned) so nyttar eg tidi til noko anna. Sidan eg ikkje stend so tidleg opp um morgonen lengre, so er det greitt å heller nytta den rolege tidi på natti.

Forresten, medan eg hugsar det; tidleg morgon er òg dritbra. Kjempekreativt og veldig god tid å skriva på. Då eg var i Oslo med superrytme (stod opp 6–7 utan nokon form for vekking) fekk eg gjort sers mykje dei fyrste tvo timane. Men sidan eg no stend opp 8–9 er mykje vekk. Dessutan er det ikkje same arbeidsroen her på morgonen – her finst arbeidsroen på natti…

Moro å merkja, tittel hadde eg heilt klårt for meg – saman med nesten heile innlegget. Likevel vart innlegget ganske annleis. Tittel hugsar eg ikkje i det heile teke. So eg må koma på noko nytt… Ugh, eg som hadde so god tittel. Meh, vert ein ostete (heh, «cheesy» :p) tittel: «Attende til den ‘kreative’ nattskrivingi?»

Randaberg er godkjend som siviltenesteplass

Å, for ein strålande moooorgon. Å, for ein strålande daaag! Wohoo, Randaberg er blitt godkjend som siviltenesteplass! Akkurat der eg vil. Eg må få meg på ein internettcafé for å sende dei ein epost der eg spør dei om å halde av plassen åt meg.

Kjem åt søkje frå Dilingøy rundt 19. september. Kan hende eg kan ringje Dilingøy og seie at eg veit kor eg vil jobbe, og har ein avtale. Kanskje eg slepp dra åt Oslo då.

Kvifor Randaberg

Vel. Randaberg er den beste media & kommunikasjons-skulen i Rogaland. Dei har den beste filmlinja, og det beste utstyret for ein videregåande skule. Eg vil veldig gjerne jobbe med film/video i siviltenestetida. Eg vil hjelpe kameratar på videregåande med ting læraren ikkje kan. Eg kan båe hjelpe dei som har litt problemer med diverse, eller (HELST :D) dei som kan det læraren snakar om godt.

Då kan me byrje lage skikkelege filmar, – med substans og kvalitet. Kan oppfostre moglege medarbeidarar åt seinere. Dessutan får eg jobberfaring, pluss at eg får drive med film/video. Eg liker å vere rundt andre å hjelpe – så kva er ikkje betre enn ein skule?

Ah. Pluss, eg får bli i Stavanger. Pappa jobber på den skulen, så me kan reise ut saman innimellom. Hmm. Noko meir? Ja, det er ein fin skule. Eg kjenner ikkje rektor eller nokon der ute no (Johan har diverre gått ut :] ) så det får kome når det kjem. Eg vonar eg kjem inn, og så vonar eg at det er nokon flinke elevar i år. Det hadde vore veldig kos. Viss ikkje må eg plukke ut eit par som skal bli veldig flinke. Eg må nemlig ha nokon av dei :]

Kva vil eg ikkje gjere

Det eg ikkje vil gjere er å vere separert frå elevane; ha ein eller anna pur teknisk jobb. Nei, eg vil vere med i timane og eg vil vere nyttig. Eg skal jobbe dette året, ikkje sitje på eit kontor å “administrere Windowspcar”. Det kjem eg til å nekte likevel, anten brukar dei ekte OS (Linux) – eller så må eg ha noko nyttig å gjere. Ein kvar idiot kan “administrere windows” – det er berre utruleg tidkrevande og plagsomt sidan det syg så utruleg mykje i ein nettverksamanheng.

Brevet mitt åt Randaberg skule

Hei,

mitt namn er Odin Hørthe Omdal. Eg er 18 år, bur i Stavanger (med Mosvatne) og har sivilteneste grunna mi pasifistiske overbevising frå 18. september 2005. Eg har lengje vore interessert i siviltenestestillig med Randaberg VGS media & kommunikasjon, pluss film tilvalg. Dette er av di eg har ei stor interesse for film og video, og er særs interessera i å hjelpe andre og gjere noko nyttig i siviltenestetida.

Eg sender brev for å spørje om dykk kan halde av stillinga til siviltenesta mi startar. På den måten veit dykk at dykk får ein siviltenestemedarbeidar som bur nær skulen, er interessert i å gjere ein innsats og har kunnskap som famnar om nokre av skulen sine kjerneområde.

Skuleåret 2003/2004 gjekk eg BTEC Media National Diploma med Oxford and Cherwell College. Der fekk eg raskt hjelpelærarstatus då eg allereie kunne pensum i nokre fag – det var ei positiv og morosam erfaring. Sist skuleår på Hetland gjekk eg media 3 og media 4. Læraren vår i media 4 var sjuk det fyrste halve året, så eg fekk omsyn for klassa mi. Hadde omsyn for å lære dei andre videoredigering mellom eigne prosjekt. Noko eg trivdest godt med.

Med siviltenesteplass har eg ikkje eigne prosjekt og kan fokusere på å heve nivået i klassa – hjelpe dei som treng hjelp og lære dei allereie flinke elevane meir avanserte program/teknikker. Eg har lang erfaring med video/film og har mitt eige eitpersonføretak som driv med det (Velmont). Eg har lang erfaring med Final Cut Pro, som dykk allereie har på den mest avanserte videoredigeringsmaskina på skulen. Det andre programmet (Pinaccle Studio) har eg bruka til småting, men vil fort lere det inn og ut for å bli mest mogleg effektiv med å hjelpe.

Eg vonar eg kan vere ekstrahjelp på Randaberg, meir grundig og detaljera enn det læraren kan vere. Læraren har kortare timetal og omsyn for alle elevane. I tillegg har eg lang erfaring med datamaskinar, då spesielt forskjellege Linux-variantar og Mac OS X. Eg har elles ingen problem i det heile med andre ting, f.eks hjelpe vaktmester med oppgåver, køyre, hjelpe elevar med nynorsk (såframt eg kan meir enn dei) o.l. Men eg legg ikkje skjul på at grunnen eg søkjer Randaberg er for å få bruka det eg kan om film/video på ein positiv/nyttig måte.

Randaberg har det beste utstyret (eg kjenner til) i Rogaland, og har ei eiga filmlinje som få andre har. Det vil vere ein skam å ikkje nytte dette flotte utstyret til å óg få dei beste elevane i Rogaland, og lage dei beste filmane (som igjen vil vere reklame for Randaberg). – Eg kjenner til eit prosjekt om å lage presentasjonsvideoar av alle videregåande skular i Rogaland, slik at det kan gjere val av skule enklare. Dette er eit prosjekt eg óg kan hjelpe til med / ha omsyn for om det er høveleg.

Sidan eg er i Frankriket/Strasbourg nett no kan eg ikkje sende de papirane mine. Men eg kan nemne at eg fekk eit stipend på 10.000 kr for godt miljø og positiv haldning åt Hetland. Eg har brev frå rektor som fortel om innsatsen i elevrådet og hjelpelærarinnsatsen i media 4. Eg har generell studiekompetanse og brev frå Oxford and Cherwell College. Eg kan sende det om det er naudsynt då eg er tilbake i Noreg (25. august).

Med venleg helsing,
Odin Hørthe Omdal

Veeel… No seier Pappa det er siviltenesteadministrasjonen eg maa soekje aat. Hmm. Eg maa skrive ein annleis mail aat dei! Jaja… Randaberg ville ha meg, sa han – og Gjert Meling kjem aat jobbe der.

Pannekaker!

PS: Eg hev flytta heile innlegget nedanfyre sjølve oppskrifti, folket er mest interressert i den.

Pannekakeoppskrift for to personar

Fyrst må du ha div. ting og tang for å kunne lage pannekakar. Eg lister opp:

Innhald (Ting du må ha)

  • 2 supre egg
  • 2 dl mjøl (vel, ta 3 du, det plar eg gjere ;) )
  • 3 dl mjølk (helst Tine økologisk :p)
  • Masse sukker
  • Margarin (Soya plantemargarin er supert!)
  • Ingefær- og kardemommekrydder (superduperhemmeleg ingrediens (vanskeleg ord))

Tine Mjølk (ikkje økologisk diverre)

Dette skal sjølvsagt blandast på ein høveleg måte.

Framgangsmåten

  1. Putt mjølet i ei bolle (helst raud).
  2. Finn visp, visp mjølet.
  3. Hell litt og litt mjølk nedi medan du fortsetter å vispe.
  4. Visp til det blir glatt (klumpane er vekk, altså, dette er stress – få Tor Eirik til å hjelpe til)
  5. Smelt ein del margarin (ca 1 spiseskei, men du avgjerd)
  6. Hell nedi ein del sukker (eg plar smake til, men 2–4 matskeier ca)
  7. Knus egga (pass på å ikkje få skalet nedi) og held innhaldet ned i bolla.
  8. Kast eggeskala etter du har take ut alt innhaldet ned i bolla med fingen.
  9. Visp videre. Er enklare no.
  10. Hell det smelta margarinet ned i bolla og visp.
  11. Fyr på med ingefær og kardemomme, mest ingefær. Du skal sjå dei små korna!
  12. Visp. Luktar godt, gjer det ikkje? :D
  13. Lat bolla stå i kjøleskapet å «svelgje» i 20 min. Gå opp å chat imens.
  14. Steikepanna skal allereie vere smørt inn då du smelta margarinet; så berre gjer han varm (2 hos meg)
  15. Fyr ei ause med røre på panna
  16. Ta panna opp i lufta og få røra over heile
  17. Snu pannekaka når han blir «tørr» på toppen
  18. Et dei utruleg gode pannekakane med sukker (eller noko anna, sukker er best :p)

Et voilá! :D Hehe. Lang oppskrift, men slik lagar ein gode pannekaker. No må eg redigere film; er difor eg ikkje har oppdatert på evigheiter. Me jobbar dag inn, og dag ut med filmen «De metakognitive»…

Endringar i ettertid: fiksa skrivefeil (pannekakar til pannekaker), la til hopp-lenkje, la til stikktittel og skreiv helst økologisk mjølk. Dette er faktisk eit av mine mest populære innlegg, haha, vonar du likar dei! Gjerne legg att innspel.

Dette er flytta ned no
No er det litt sidan; men eg hadde tenkt å skrive dette, så får gjere det no. Har sikkert gløymd alle detaljane, menmen. Etter ein lang dag med filming var eg iallfall svolten. Eg hadde hatt grandiosa dagen før; så tenkte eg måtte ha noko anna no.

Odin sin superoppskrift på pannekaker!

Jepp! Då kjem delen alle har venta på. Sidan eg er blitt så utruleg tilhengjar av å halde så lite som mogleg hemmelig (alt må ut!), så skal eg fortelje den hemmelige oppskriften på pannekaker her i huset. Kvifor skal ein liksom halde det hemmeleg? Kan jo hende nokon får bruk for det; – det hadde jo vore kjempemoro! Eg tenkte eg skulle dele pannekakar med Espen og Tor Eirik, men Falke kom, så han hadde vel fyrsteprioritet. Så me åt alle opp :p Same kva, eg startar med oppskrifta.

Sjølve dagbokinnlegget som fyrr var fyrst:

Eg sat oppe med Tor Eirik og Espen. Me skulle redigere. Fyrst måtte me logge, det vil seie å fortelje datamaskina kor dei forskjellige klippa ligg på videokasetten og kva dei inneheld. Eg var lei, ville heller chatte enn å logge; så eg lærte Espen korleis han skulle gjere det. Ganske greitt; då slapp eg :) Hadde dessutan tenkt å lage pannekakar, og då måtte jo nokon arbeide i mens.

Monica og Hilde (klassekameratar av Espen, Monica speler «Belinda» i De Metakognitive) kom på vitjing. Ganske trangt på rommet. Eg sat dei til å sjå på kva me hadde redigert så langt; medan eg sprang ned å lette etter lommeboka mi. Då eg omsider fann ho, køyrde eg til Kiwi.

«Alkis» på Kiwi

Der sprang eg rundt barføtt å såg etter mjølk. Eg visste jo eigentleg kor han var, så det gjekk jo ganske raskt. På vegen til kassa gjekk eg forbi nokre nye boller. Eg stoppa opp og betrakta dei. Flotte boller. Jæren bakeri? Hm. Lokalt òg. Ein (i Helge sine standard ord) alkis svimler forbi meg. Han ser ganske vekke ut i den raude grilldressen. Snubler hallvegs og mistar ein penge på bakken. Svimete som han er merker han det ikkje. Han skynder seg videre inn i butikken medan eg skal til å seie han mista ein femkroning. Blir ikkje meir enn ein rar rørsle.

Eg tek bollepakka, får take den iallfall. Så då har eg mjølk og boller. Eg står litt å ser etter den svimete mannen. Har lyst til å take femkroningen og gå til han med ho. Men er liksom så langt; så langt for fem kroner. Avgjorde at eg skulle gå til kassa, då mannen tusla seg tilbake. Eg såg på han, – han såg ikkje på meg. Såg berre forvirra rundt seg. Eg bøyde meg ned til femkroninga og ga ho til han. «Du mista femkroninga…» sa eg og smilte. Hugsar ikkje heilt kva han gjorde, men vekke var han iallfall. Var noko liknande «Åh.».

Kjende meg kjempebra :D Eg var utruleg glad. Då eg hadde betala, gjeve eit stort smil til personalet og pakka varene kom mannen til kassa. Han hadde eit brød i høgre hand, medan han tukla nedi lommene med venstre. Han tok handa opp, hadde ein tier og ein femmer der. Mannen hadde ikkje meir enn femten kroner! «Fem kroner», sa jenta i kassa. Han blei overraska, litt glad :D Hihih. Ga femmeren sin. Resten av turen heim sang eg veldig høgt i bilen.

Eg forstår ikkje kvifor ikkje fleire gjer slikt? Ein blir jo utruleg mykje meir lukkeleg av å hjelpe andre enn å take ein ussel femmer sjølv eller av å ikkje knuse ei bilrute for 60. Å gjere slike ting blir ein jo eigentleg berre ulukkeleg av. Eigentleg. Men for få ser ut til å forstå det, diverre. Same kva, eg var uhøveleg glad ;p Køyrde heim og sat tinga frå meg.