Merkelapp-arkiv: Kroatia

Til Kroatia, flyplass

Sjølve turen til Kroatia var mest venting. Me kom til flyplassen alt for tidleg, av di me tenkte me like godt kunne hengja der og venta. Dårleg tenkt. Me fekk ikkje sjekka inn, og området utanfyre tryggleikssjekken var keisamt. Etter tvo timar opna dei. Den plassen var nesten verre. Superdyrt, superkeisamt.

Flyget var forseinka. Me sette oss ned og kaupte noko mat og alkohofri øl til ein ekstrem dyr penge (300!). Då trudde eg at eg hadde brukt upp dei siste krunaene våre. Me venta og venta. So fekk me vita at flyget vårt vart endå meir forseinka, so det var ikkje 2 timar til lengre, men 4. Me henta «refreshment vouchers» for 180 kruna kvar.

Helene paa Praha sin flyplass

Eg hadde fengje nok av den rådyre flyplassen og fann ut at me enkelt kunne gå ut att for å handla i normale Tsjekkia der det var mykje billegare. Eg spurde på Subway, og heldigvis tok dei lappen min. Helene hadde ikkje lyst på Subway-sub, so ho gjekk inn att med sin der me sat og venta. Eg brukte det trådlause netet til den ekstremt dyre kafeen med dei sinte servitørane. Herleg at det er so enkelt å gøyma seg slik.

Tidlegare på dagen hadde Helene kaupt seg ny frakk, og brukt meir pengar enn ho ville. Dessutan måtte ho la ei flott regnjakke vera att. No måtte ho bruka 180 kruna på noko tull ho ikkje trong. Ho gjekk fram og tilbake i butikkane og såg. Etter tvo timar med slit kaupte ho sjokolade.

Ho var sliten og leid. Med eitt fann eg endå meir pengar i bukselomma mi. Vops. So gav eg ho det. Det vart eit endå større problem.

«No hev eg stressa fælt med å ikkje handla flotte klesplagg grunna lite pengar, men no må eg bruka ei heil formue på tull og tøys! Dette gjer vondt og er vandskeleg!»

Og so til slutt, etter 6 timar venting, fekk me venta litt til fyrr flyget gjekk. Slik er det å fly med SkyEurope.

Fem OK dagar i Dubrovnik

Her hev eg vore fyrr. Eg hugsa alt saman ganske klårt, men denne gongen budde me ikkje på Villa Klaic, som sist. So ingen symjebasseng elder varmepumpe (aircondition her, i varme strók). Staden var tjåka full av digre mygg; Helene vart spesielt råka på beina. Det såg ikkje fint ut og beini til Helene såg ut som ei krigssone. Dei gjekk vekk etter litt heldigvis, men det skulle verta verre.

Helene utanfyre Dubrovnik

Me hang mykje nede i gamlebyen. Der fann me fort fram til Dolce Vita. Ein plass som sel m.a. is og pannekakor. Det vart stamplassen allereide frå starten. Det var ikkje sjeldan me var innum og åt pannekakor tvo gongar på ein dag. Pannekakone der var heilt fantastiske, tvo digre med is, sjokolade, sjokolade+banan (min favoritt) elder noko anna (Helene hadde alltid spesialtinging) til rundt NOK 20. Ganske utruleg.

Byen er utruleg flott, og ganske lik slik eg hugsar han. Diverre fekk eg litt, «vert her fyrr»-kjensle. So eg trur ikkje gjenvitjingsverdien var særleg stor.

Helene i Dubrovnik, tusen trappar

Faktisk klarar eg ikkje no i ettertid finna so alt for mykje nemneverdig dei 5 dagane me var der.

Helene ville absolutt sjå film på kino, so me gjekk på Mamorska, som me trudde var ein «tri menn og ein baby»-film basert på filmplakaten. Det viste seg at tittelen var The hangover, og var ein veldig morosam film som me lo godt av. Eg spesielt høgt og hardt som alltid. Falke hadde prøvd prata litt um ha fyrr i Praha, so eg syntest eg kjende noko att.

OdinHelene

Elles var det, som i Praha, ingen problem å få alkoholfri øl i Dubrovnik. Dei fleste restaurantane hadde eitt merke inne. Diverre var det litt verre med kaféane, spesielt dei som berre serverte drikka. Av dei var det få som hadde alkoholfri øl. Me fann ein fancy plass som båe hadde Stella Artonis Non-Alcoholic og trådlaust internett.

dsc_4410

Det var yverraskande enkelt å vera vegetarianar i Dubrovnik. Alle plassane hadde minst ein hovudmeny som var vegetariansk, og fleire plassar hadde eigen yverskrift med mange rettar. Me gjekk på ein av dei sistnemnde, Helene hadde mousaka, og eg sopp. Det var utruleg flott og himmelsk godt. Og det var jysla billeg, av di dei i Kroatia ikkje plar taka yverpris for maten slik me gjer i Noreg. Er alle råvarone billege, ja, då er retten billeg. Ikkje slik i Noreg der ein veggisrett på restaurant fort kostar rett under ein kjøtrett. Det er ganske surt.

dsc_4207

Dagen etter fann me fram den reine veggis-restauranten me tidlegare trudde var lagt ned. Det var ganske godt der òg, men ikkje like godt som den fyrste restauranten. Det kom eit sveitsisk par forbi då me var ferdige, alle plassane var tekne, og den litt sinte servitrisa viste dei vekk. Dei var ganske frå seg av di dei ikkje tykte det var lett å finna veggismiddag i byen. Me var umtrent ferdige, so me sa at me kunne betala å gå, slik at dei fekk plassen vår. Dei vart veldig takksamde for det. Me forklarte dei òg um andre plassar for veggismiddag. So gjekk me til Dolce Vita for å eta pannekake att.

dsc_4208

Dolce Vita tyder «det søte livet» elder noko slikt. Helene synast tydelegvis ikkje dette ålmenne namnet var godt nok. Sjølv um det ikkje står noko av det i nemnet, sel dei mest is og dei hev ein stor is utanfyre døri. Det kann vera difor Helene synast is fekk ein ufortent stor plass. Ho sat og såg nedyver dei andre bordene ute som nett då hadde mange pannekakor på seg (normalt is), då ho tankefullt sa «Hmm. Alle et pannekakor no. Denne plassen burde heitta Dolce Vita PANCAKES!».

dsc_4313

Den andre dagen hadde me fengje nye myggstikk, og ikkje få denne gongen. Dessutan forsvann dei ikkje, og var ekstremt digre. Store raude utståande blemmer. Dei klødde som lite anna og Helene var totalt bombandert. Ho var i veeldig dårleg humør. Me prøvde byta hus, me hadde eit rom i ein 60-tals bustad (stova var betre) – huset låg i ein hage som var ein mygglarveforplantningsfabrikk. Dama som var huseigar vart veldig leid seg, men me fann ikkje noko som ikkje kom til å ruinera oss. Me var uppe på Villa Klaic, der eg hadde budd med mamma og pappa. Den staden er himmelen. Diverre hadde me ikkje råd. Helene vart òg totalt forelska. So til slutt måtte me berre halda fram å bu i mygghelvette. Noko som øydela mykje av Dubrovnik av di me heile tidi var irriterte av myggstikk, lite svevn og allslags anna. Ålmenn misnøye.

Dei nye stikki var frå Afrikanske mygg, fekk me høyra frå farmasøyten. Ho vitja me mange gongar. Helene hev salve og antimyggspray, B-vitaminer (mygg tek helst dei med minst B-vitamin) og citronellaolje for å halda dei vekk. Me brann mykje citronellaolja ei natt, men det vart umogleg for oss menneskje å vera i rommet òg. Måtte hava døri opi, viss ikkje fekk me helder ikkje sova. Det var verkeleg ekstremt varmt. Synd at husstoda skulle vera so dårleg.

dsc_4193dsc_4178

Me skulle òg på kajakktur, hadde tinga og alt, men den siste dagen (då me hadde tinga) viste det seg å vera for sterk vind og vær til at me kunne gå ut. Det var jysla skuffande. So me hang helder på skitdyr internettkafè og åt fleire pannekakor på Dolce Vita PANCAKES!.

Helene et pannekakor fyrste dagen i DubrovnikMi pannekaka, -- banan og sjokoladeHelene si pannekaka utan noko, men med blaabaersyltety uppaaHelene og eg et pannekakor andre dagen i Dubrovnik

So tok me båten til Stari Grad, Hvar. Og det var vel eigentleg heile Dubrovnik. Me bada og gjorde allslags anna òg sjølvsagt, men det vart aldri superbra. Mykje av turen vart yverskugga av Helene sine stikk og at heimebasen vår var so full av gjennomvonde innsekt.

dsc_4380

Helene hadde stor von til Hvar, og var godt yvertydd um at det skulle vera betre. So tok me båten der (ein gamal Color Line danskebåt-liknande sak med svenske skilt)…

dsc_4261

Dubrovnik, Kroatia dag 1-4

No hev me vore 4 dagar i Dubrovnik. Eg hev skrive litt av det som me hev drive med. (Dette er faktisk den sjette dagen, då, men eg har ikkje skrive så langt. Spørst om eg gidd, blei så drit lell :p)

Den mørke lina

Det er ei mørk, mørk line heilt ytterst på horisonten. Ho er på veg hit. Me hadde slått tidleg opp til overskya vêr, skulle på båttur i dag. Den mørke lina tref ein seglbåt uti havgapet. Me sit paralysera. Båten hev fulle segl – mamma ryddar opp maten. Masta til båten ligg omtrent horisontalt – ser ut som om han hev kantra. «Kanskje me skulle gå inn», mumlar mamma.

Fyrste dag

Tri dagar tidligare landa flyget hardt på rullebanen med eit ekstra adrenalin-hopp. Me kom til denne vakre plassen der Kitty Karina straks ville bada. Etter ein god del lesing frå mi side var me på plass nede i gamlebyen. Denne fantastiske staden med tjukke murar rundt. Alt er så middelaldersk. Utruleg herleg. Kjempetynne gatar splitter dei elles særs så kompakte hustaka frå einannan. Det er som om ein dobbelt så stor by er pressa inn mellom murane. Denne byen, Dubrovnik, er starta på i 1200 og er på UNESCO si liste over Ting Verdt Å Taka Vare På ™. Det er ikkje vanskeleg å forstå.

«Han var iallfall mykje betre enn den eg fekk tidlegare i dag», vitra Unni om kaffien sin. Eg kunne ikkje forstå at det framleis var same dagen i Kroatia. Ei utruleg god kjensle. Det varme og unormalt klamme vêret var slitsom, medan kjensla at det ikkje var lengje sidan eg var her berre var rar. meg og Falke blei igjen for å prata og sjå på livet. med store isar og stolane vend mot det store klokketårnet, såg me at klakka blei XII 0. Rebecca 18 år! :D Fyrste dag over, eg la meg klokka eitt.

Inn i mørkret

Den mørke lina med dei sinte skyene traff kysten hardt. Trea lener seg over. Me ser ho koma nørare. Havet frådar, det blir kvitt seier pappa. En vind tek tak i det me hev igjen på bordet. Det er eit merkeleg vêr, slik varm vind.Me går inn, set oss ut på ballkongen, kjenner ei dråpe vatn. Det byrjer snart hølja. Me putter i oss dei siste brødskivene medan me ser stormen leggja Dubrovnik under digre vasskuler. Regn. Slik sit me i fleire timar og ser på dei få uheldige båtane der ute. Eller kanskje heldige – slike enorme bølgar ser kult ut. Båtane forsvinn omtrent i dei før dei plutseleg flyg over vatnet igjen. Moro.

Andre dag

Neste morgon blei særs roleg, masse bading i badebasenget etter frukost under parasollen. Me humpa nedover dei akkurat 495 trappane mot gamlebyen med sterk sol på magen. toppa på eit bakeri på vegen. Dette var dagen me skulle taka turen rundt bymuren. Etter ein treig start (eg skuldar på deg, Kitty Karina!) gjekk det endeleg framover. Eg er interessera i å l;ra om historia til Dubrovnik og muren – men ikkje i å sjå på kitsch1 som av ein eller anna stygg grunn måtte finna seg på bymuren. Heldigvis hadde eg med den flotte boka mi2, så det var ikkje noko stort problem.

Råning i Dubrovnik

Me åt middag (vegetar for meg igjen) og hadde is til dessert. Isen åt me vend mot hovudgata i Dubrovnik. Ei gate like brei som ein bilveg, utan bilar sjølvsagt. Fråvêret av bilar tydar ikkje at ho er utraffikera dorimot. Det er ho, i aller høgaste grad. Her fartar nemleg hundrevis av menneskje om kvelden. Gata er skokkfull3. Mamma og pappa kosa seg med å sjå på desse ustanselege folka medan resten av oss gafla i meir is. Det var då pappa høgt undra seg kvifor han såg så mange folk på ny. Opp til båe tredje og fjerde gong. Mamma, som den bygdejenta ho er4, forsto teikninga raskt. «Dei rånar!» utbraut ho med eit digert glis.

Fleire av dubrovnik sine lokale vandra langs denne gata – det var dei som verkeleg hadde teknikken og vilja. Langs hovudvegen er det fleire kaféar og isplassar, det var langt frå éin gong dei såg nokon kjende og veksla klemmer og løynde5 kroatsiske ord. Me sat og såg på den fint kledde kroatsiske ungdommen pluss turistane litt lengre før me starta på turen opp igjen i skråningen over byen der me bur.

Eg hadde ikkje mykje igjen av boka, og ho var særs spanande – difor måtte eg berre lesa ferdig. Etter mykje om og men fann eg ljos rett med badebassenget; det kom frå eit rom. Heldigvis hadde dei ikkje lagt seg, så eg fekk lesa boka ferdig. Eg er sikker på at ho var slutt fleire gongar – det var ekstremt spanande! Eg las med full innleving, då eg var ferdig sat eg igjen med å sakna Rebecca. Eg var så hoppande glad og ville skrika ut; men alle sov. Eg starta på ei lang, flott melding til kjærasten min. Skreiv lengje og langt, heeilt til batteriet gjekk. Så låg eg hyper og ute av stand til å sova til eg hadde roa meg ned og gjorde nett det. Sov.

Alle mørke liner vekk

Det er høgt utpå dagen. Eg hev sove lengje ekstra. Båtturen ut på dei ymse øyene er utsett til imorgon. Vêret er særs myke lettare og Kitty Karina masar om at me må bada. Mamma les elendig kiosklitteratur, medan pappa les Time, sidan han er ferdig med Dag og Tid og Ny Tid. Moro korleis alt han les hev «tid» i tittilen. Når eg las opp dei to siste setningane, protesterte mamma; «eg las nett glasslottet!». Ho er tydeleg krenka, men så ler ho «du heng meg ut på bloggen din, du får meg til å sjå ut som ein idiot!». Me høyrer tvo dunk. Eg som hev kræsja tvo gongor, kjende ljoden godt igjen. Bilkræsj. Men tvo? Oppe på vegen står ei rad bilar, tri av dei på enden. Folk går ut – ei dame set seg ned og grin6.

Dag tri

Utruleg hett i solsteiken. Me stod på ein busshaldeplass og såg den eine etter den andre turistbussn køyra forbi. Sjølv venta me på lokalbussen. I den steikande sola var ventetida horribel. «Ofte er det betre å berre gå», fortalde mamma med ei spørjande tone. «Ja, me går», sa eg og så gjekk me.

Me ville finna nye plasser, så denne dagen drog me vest. Skulle nedom den meir moderne sentrumskjerna og sjå på eit par kjøpesenter og anna. eg og pappa kjøpte sko. Nede ved havet igjen (no på ein turistplass – ei herleg små-rund-stein-strand) bada me. Eg hadde kjøpt noko7 til Rebecca (ho blei nett 18) og samla stein til ho. På vegen oppover igjen var eg lengje innom ei bod og såg på noko anna til ho. Eg hadde eit par alternativ – men til slutt måtte eg berre velja noko. :)

I gamlebyen litt seinare snakka ein servitør norsk til oss. Han var særs søt og sjarmerande. Eg er glad Rebecca ikkje var med8. «Om du ikkje likar maten, betalar eg», sa han. Javel, det såg ut som ein in plass, så me sat oss ned. Eg tinga vegetar og wopah! Det var godt! Me åt dessert før mamma, pappa og Kitty Karina byrja gå til bussen. Meg og Falke blei igjen i byen og såg så smått på nattlivet og byen generelt. Etter ei god stund starta me på turen opp att. Då me kom fram, hadde resten av familien nett kome. Viser igjen kor treigt det er å taka buss. Heime venta ei gladmelding frå kjærasten min. Rebecca og Miriam hev fått statiskroller i «Mannen som elsket Yngve»! Kjempekult! Eg gler meg stort til å speida etter dei søte Solheim-søstrene på kino! Eg var litt trøytt og sliten då eg les det. ikkje i aller beste humør. difor sende eg ei litt halvsur(!?) melding tilbake. Eg var vel eigentleg berre sjalu, dumme meg, haha. :D Eg sende ei ny melding etter dusj – endå ikkje med energi i kroppen – men eg forsto godt kor teit eg ar. I dag er eg dritstolt av det og synest det er kjempemoro!

Fjerde dag, notid

falke og Kitty karina er vekk, dei gjekk for å bada. Eg følgjer etter. Det er kaldt. falke seier det same. Me symjer under vatn, fram og tilbake. Falke klarar 8 gongar, eg 6. Han er båe sterkare, betre i vatnet og betre trena lunger enn meg. Vasspoloen som gjer det. Sola skin gjennom. Med ein gong blir det mykje varmare – stormen er heilt forbi no.

Vegetarretten er dynka i eddik. æsj. Djevelen sitt verk. Nokre vonde munnfullar seinare sit me på ein milkshakeplass. Falsk rista mjølk då, kunstig smak. Usj. Ved sidan av oss sit ei søt jente9 og far/kjærasten hennar. Mannen sit og held på med ein Sony Vaio-PDA, medan jenta keier livet av seg. Eg merkjer det til pappa som ler; «for litt sidan rista ho i PDA-en hans og lo. Medan han berre sat like utrykkslaust». Dei hev te. Ho keier seg skikkeleg, stakkar. Gå ut med fyren – så sit han berre å ser inn i ein skjerm. Totalt usosialt. Jenta held ein digital speilrefleks. Ho tek eit bilete av fyren. Med blitz. Endå eit. Ho smiler. Ho blitzer han, ein gong i sekundet – heile tida. Folk ser på dei. Han ser ikkje på ho, men gjer noko med PDA-en – reiser han opp – og tek bilete av ho med han. Dei sit og tek bilete av einannan. Ho smiler, medan han sit utan eit utrykk i andletet. Etter lang tid slutter dei. Hahahah. Så utruleg rart. Så går me heim.

Hum. Og så var det ferdig.

Fotnoter

1 Kitsch er masseprodusera «kunst», eller iallfall wannabekunst.

2 The Shadow of the Winds. Heilt fantastisk bok!

3 Skokkfull, heilt ful. Eg er ikkje sikker på tydinga.

4 Mamma vaks opp i Kviteseid i Telemark. Noko eg vil kalla, om eg får lov, ein av råninga sine høgborgar. Trass råninga, brukar likevel Kvitseidbuen den meir framtidsretta og moderne målforma; nynorsk. Moro!

5 Eg høyrde ikkje kva dei sa, ei heller forsto eg det – difor meiner eg det må vera skjult.

6 Her sa eg «Hah! Tvo kvinnfolk! Kunne ikkje vera nokon andre!» til mamma slik at ho skulle bli sur. Ho gjennomskua meg.

7 Eg kan ikkje seia kva, ho les bloggen min.

8 Då pappa var på reise i Kroatia med kjærasten han frå gymnaset forelska ho seg i kelneren på hotellet. Ho forlot pappa midt i den fyrste ferien deira.

9 Langt i frå like søt som Rebecca, men det veit de jo! :D

Heimreisa frå Kroatsia

Regn! Zagreb låg der like grå som kommunistblokkene utanfor den mykje meir hugnadsamne bykjerna. Dei halvshabby trikkane utanfor leilegheita hadde vekka pappa i 6-tida, trass dei orange øyreproppane stappa langt inn i øyrekanalen.

NB: Den korrekte datoen for denne «reiseskildringa» er 5 Juli 2005. Men eg gadd ikkje gjere han ferdig før no!

Eg sov utan øyreproppar sidan eg hadde mista dei då me dro frå Sumpetar. Trudde eg iallfall. Kitty Karina heldt meg vaken, eg la meg kl 01; men ho sparka og ville ikkje dele laken. Etter mykje sparking reiste ho seg opp og gjekk på do. Blei litt roligare etter det. Eg gjekk på do i 4-tida trur eg.

Unni (Mamma) i Kroatsia, pakker koffert

Stemninga var slapp. Veldig slapp. Slike reise-heim-dagar plar ikkje vere så utruleg kule. Då eg tok på meg olabuksene fann eg øyreproppane mine i lomma. Javel. Der dei stakk. Men greit å finne dei iallfall, ville få bruk for dei seinere på turen. Eg måtte take den store sekken. Greitt nok. Sjølv om eg pakka fornuftig og hadde ein uturleg lett sekk. Eg kan gjerne take den tunge sekken; så slepp andre. Likevel synest eg folk godt kan lære av meg når det kjem til pakking. Ærlig talt; kva skal ein med meir enn 2 skift med kler når ein er på tur? Eit til å ha på; eit til å vaske. Badebukse kjem jo utanom; men det er jo småplukk.

Me traska gjennom Zagrebs gatar. Eg hadde orientert meg med kartet, visste nett kor me skulle. Lura på om me skulle take trikken, men gjekk mot busstasjonen heller. Eg låg langt foran dei andre trass den tunge sekken (vel, skulesekken min pla vere tyngre – inget problem eigentleg). Der såg me jomen ein trikkstasjon, eg flekka kartet opp og fann ut at me måtte take nummer 8 for å kome til busstasjonen. Så tok me like godt trikken. Me kom inn, betala, gjekk ut.

Venting, så busstur til flyplass

Bussane gjekk kvar halvtime. Me hadde ein halvtime på oss, sidan me var nett for seine. Gjekk tilbake til godteriforetningen me såg. Var nokre reggae-folk som spelte på gata. Eg planla gje dei ein 10–20 kuna (11–22 kr), gjekk inn i butikken, kjøpte det eg trong (av sjokolade, eehe :p) men då eg kom ut hadde dei røykjepause. Æsj, dei røykar. Like godt å ikkje stø dei då. Dessutan spelte dei jo ikkje nett no, det var den eigentlege grunnen. Å leggje pengar i ei skål på bakken (hugsar ikkje om han var tilstades i det heiletake) når eit par folk står å røykar rundt er teit. Droppa det.

Eg hadde vore inne på ein vanleg butikk for å sjå etter noko anna å kjøpe – men fann ikkje noko. Fann heller ikkje familien, dei var ute av godteriforetninga. Gjekk mot busstasjonen. Ante fred og ingen fare. Men då eg kom fram såg eg at dei ikkje satt der! W00t. Eg forsto ingenting. Hm. Busstasjon. Det gjekk opp for meg. Dei er vel i bussen, take han allereie kanskje! Gjekk inn. Der sto bussen, mamma sto framme med sjoføren. Hehe, folka lo av meg – eg smilte med.

Mamma hadde visst haldt bussen ei tid for å vente på meg. Mobilen hadde ikkje batteri; og det var eigentleg berre tilfeldig at eg bestemte meg for å gå til busstasjonen. Bra det ordna seg iallfall. Eg kunne alltids take bussen åleine; trur eigentleg mamma og pappa hadde blitt meir stressa enn meg. Eg er jo trass alt utruleg vant til slikt.

Miniflyplass med supertaxfree

Seriøst det var billig. Eg hadde ikkje lyst på noko, men hadde jo ein del pengar igjen, så eg kjøpte ei diger pakke Fazer Marianne-sjokolade (som vanleg…). Hm, når eg tenkjer på det; kor blei det eigentleg av alt godteriet? Det er jo sporlaust forsvunne. Kan tenkje meg mamma og pappa sit å konsumerer det medan eg sit her oppe på kveldane. Jaja, får no gjere det då.

Sidan det var så billig kjøpte eg ein 200-pakning Marlboro. Eg ville ikkje ha noko alkohol på kvoten min; sidan eg er meir mot alkohol enn røyk. (Det er berre av mange trur at alkohol er så nødvendig. Heldigvis er det ikkje same oppfattinga om røyk. Sjølv om det hadde ikkje vore vanskeleg å få dei til å tru det, så kort som folk tenkjer.) Mamma og pappa tok hand om pakka, eg treng han jo iallfall ikkje. Dei plar gje det som gåver til kroniske røykarar som ikkje sluttar likevel.

Det er blitt sagt at Noreg har den billigaste tax-free-en i Europa. Det er feil. Kroatsia er billigare. Dei hadde sikkert gløymd Kroatsia. Dei er ikkje i EU, så dei er billige – dessutan er det ikkje eit høgkostland som Noreg. Menmen, kva skal me med det? Dei som verkeleg treng billige prisar (eller, eigentleg dei treng betre støordninger; ein betre stat) går jo ikkje å heng på flyplassar!

Frankfurt

Ugh. Så var det den flyplassen igjen. Her måtte me altså hengje i 6 timar, på den keie plassen. Eg sat meg ned. Nokre vonde amerikanarar satt ovanføre meg. Dama var jo hysterisk. Ungane hennar gaula. Dei gjekk sjølvsagt på MacDonalds. Kitty Karina ville òg på MacDonalds, det fekk ho. Kan ikkje dømme ho; eg ville òg på MacDonalds i den alderen. Men no ville eg heller svolte enn å ete noko frå den forferdelege plassen. Hekkan som dei bråka dei ungane. Vondaste. Pappa kommenterte det til meg, visste han hadde merka det. Ingen kunne unnlate å merke det. Utanom foreldra då; dei var vel vant til det. Hm. Sjukt.

Hackety-hack

Pappa sat å hacka ein fyr med laptop. Fyren køyrde XP eller noko. Pappa fann ut han ville prøve å hacke litt med mobilen sin; så han drog han fram og aktivera Bluetooth (blåtann). Han fann laptopen til fyren og kobla seg til. Eit vindauge poppa opp på skjermen til fyren. Han forsto ingenting. Pappa kobla seg frå igjen, ville ikkje bli oppdaga slik :p Vindauget forsvann. Mannen såg ut som eit spørsmålsteikn. Så gjentok han, denne gongen for å sjå om det var noko ope, noko han kunne sjå på. Men det var ingenting. Likevel var det moro å sjå på mannen som ikkje forsto ein ting. Nettverks-bluetooth vindauge som sprett opp og forsvinn heile tida :p

Bråk

Ærlig talt. Teite unger. Eg fann fram øyreproppene og stappa dei godt inn. Ahh. Aaahh.. Herlig. Heilt utruleg. Høyrde dei jo endå; men det var ei diger forandring. Me gjekk gjennom toll og ekstra sikkerheitssjekk på vegen til terminalen. Eg gjekk å såg på bøker (var ingen andre interessante ting, så…). Eg blei fascinert over ei hylle engelske non-fiction bøker. Likar ting med substans, hehe. Sto å las i mange av dei. Til slutt fann eg ut at eg ville kjøpe ei bok av Dalai Lama. Eg gjekk til pappa og spurde om han hadde nokre Euro (€). Han ga meg nok, så eg kjøpte bok.

Resten av turen las eg i denne geniale boka. Ho var eit funn.

Stavanger lufthavn Sola

Her bur eg! Stavanger flyfoto

Me var forsinka ut frå Frankfurt. Dessutan blei maskina som et flybilletter øydelagt mannen før meg og pappa. Utruleg keitt. Me gjekk inn i bussen. Sat der. Ingen kom. Maskina øydelagd på ny!? Pappa fann ikkje kamera; panikk. Han sprang inn for å leite etter det. Fann det ikkje. Hmmm. Ja. Falke har det sikkert. Me køyrde til flyet og gjekk inn. Der var det. Eg fekk vindaugesete som vanleg; trass i at eg likar å sitje i midten best (då kan eg sjå på folk lettare! Jippi!).

Skyene letta, me var inni dei. Inn for landing eller noko. Plutseleg var det klårt vêr. OOOH! Der. D-d-der. Er jo Stavanger! Flyet køyrde rett mot sentrum, over hundvåg. Køyrde langs kystlinja rundt, nær byen. Eg har take mange fly til Stavanger, men dei har aldri vore så superperfekte sightseeing-alternativer. Litt seinere fekk me høyre at me var før tidsskjema. Lengje før. Trass forsinkinga. Eg har ein teori om at det var difor flyet tok ein ekstra lav runde rundt Stavanger, dei kunne jo like godt vise byen sidan dei hadde ekstra tid. Stilig gjort om så.

Landa flott på Sola. Gjekk ut. Hekkan, pekkan, smekkan. Skitkaldt. D. D. D-. Hø? Det stod ein buss å venta på oss! På Stavanger Lufthavn Sola sto det ein buss. Aldri i livet. Eg har aldri sett det før. Aldri på Sola. Raraste. Gjekk inn i bussen som køyrde oss nokre usle 50 m (ærlig talt, me kan jo ). Eg mistenkjer eigentleg lufthavna for å plassere oss så langt vekk som mogleg slik at dei kunne bruke/vise den nye bussen deira. Men. Vits? Jaja. Dei om det, eg blei iallfall overraska. Her kjem lille søte Sola og prøver å vere ein av dei store gutta som har bussar og stas.

Stavanger Lufthavn Sola, flybuss og kø

Då me skulle inn på flyplassen var det tada låst. Så me blei ståande i ein lang kø. Kisen som hadde gløymd låse opp kom ikkje forbi; så han prøvde å kaste nøkkelkortet til ein passasjer heilt framst i køen. Flaut. Flaut. Han var tydeleg flau òg. Hehe. Hadde han grunn til. Så var me jo heime. Ikkje så alt for interessant å høyre om dèt. Me kunne handle taxfree når me kom inn i landet òg no (reglane endra seg medan me var i Kroatsia), men kva var vits? Me stakk berre. Heimatt.

Tilbake til Zagreb

Dette har vore ein reisedag primært. Me skal frå Hvar til Zagreb, for at me imorgon skal kunne take flyet til Noreg. Me har take båt og tog for å kome til Kroatsia sin hovudstad. No sit eg på ein “skule” i Zagreb, er inkvartert privat; det er det blandede kjensler om.

Hvar -> Split

Me måtte stå opp tidleg i dag; den einaste båten til Split før toget gjekk nemleg. Me hadde ikkje skaffa billettar endå. Trudde jo at alt ville gå bra, men det gjorde det altså ikkje. Medan me stressa kofferten ned ein av dei tusen trappane som finst i den vakre byen Hvar kom pappa fortvila og fortalde at det ikkje var meir plass. … Krise! Utan den båten klåra me ikkje nå toget; då ville me måtte bruke ekstra pengar på anten nytt tog – og i verste fall ikkje klåre kome fram til Zagreb før flyet gjekk. Eg såg meir positivt på situasjonen; ting fiksar seg alltid – sjølv om eg kjende presset.

Medan pappa såg ut til å gje seg flat med ein gong sprang mamma bort for å snakke med dei som tok billettane inn. Ho var ganske hysterisk; reiv seg gjennom menneskjemengda. Måtte fint vente til alle dei med billettar var kome inn i båten. Sto og kaldsvetta medan dei siste gjekk inn – det mååå vere plass! Så fekk me høyre det me ville “Ok, that would be 120kn”. Yeah! Plass på båten! ;D

Eg sat rett vedsida av nokre danske jenter, var faktisk litt sitjeplass igjen. Eg sovna nesten. Då me kom til Split åt me bakevarar, deretter dro eg til internettcafèen og fiksa eit par bilete. Fekk ikkje skrive noko; var meir interessert i å lese kommentarar og sjå på bileta me har take.

Split -> Zagreb

Meg og Falke sprang frå cafèen for å ikkje kome for seint til møtetida no, har vore sein så ofte. Kom før Mamma, så alt var bra. Me tok toget til Zagreb, ein ~5 timer lang tur. Fin statsbane, traff nokre svenske folk. Spela sjakk med Falke. Gjekk ganske raskt eigentleg.

Privat skulebu

Framme i Zagreb var det ein fyr med utruleg blå augo som spurde meg om me trong plass å bu. Jodå, sa eg og henta mamma og pappa. Han hadde ein skule, engelskopplæring, som sto tom no om sommaren. Difor ville dei ha folk til å bu der i sommarmånedane. Fyrste natta dei prøvde dette her; skulle ha 120kr/senga. Me har 4 senger, Falke søv på golvet, eg søv saman med Kitty Karina. Det blei ikkje særleg mykje billigare enn hostellet, men me ville prøve. Det høyrdest dessutan betre ut.

Då me kom fram til plassen starta mamma og klage noko sjukt; ho var ikkje nøgd. Ville dra. Få sengar, dyr pris, like bråkete (veg utanfor), “privat”, ukjend område, blablabla. Ho laga dårleg stemning. Dei neste timen var eg småsur og irritert; påverka av mamma. Men til slutt, etter ein stor biff og gåtur blei det betre. Ein av fordelane her er at det er gratis internett; så eg kan hacke i 2 timar utan at eg må punge ut 70kn for det. Sparar jo inn ein del dèr då! :) (Sjølv om det er ein hekkans virusinfisert Windows XP-pc, måtte leggje inn FireFox for å i det heile tatt kunne surfe skikkeleg!)

Middag og kveldstur på byen

Falke ville absolutt kjøpe ein digeredoo (slik bambusrøyr aborigenieesene (ehh) i Australia sit og sutter på medan dei lagar rare basslydar). Han fekk butikkeigaren til å vise han korleis han skulle gjere, og det tok ikkje lange tida før Falke stod og laga musikk i butikken. Der sto han lengje. Fikla i lommeboka før han fann ut han ikkje hadde råd. Måtte take ut pengar. “Eg kjem tilbake imorgon”, mumla han då han gjekk. Mamma var ikkje særleg entusiastisk… Kan ein seie.

Me ville ha dessert etter me hadde ete mat med ei sta servitrise som gjorde det til sport å missforstå kva me sa. Etter mykje romstering fann me ut at me kunne gå ein plass me hadde vore før. Der gjekk eg og Helge, medan dei andre sat seg på ein kafè 20m lengre opp i gata. Eg ville absolutt take med meg isen frå cafè1 til cafè2, men i herdige demonstrasjonstog og opptøyer frå mamma, heldt eg meg på cafè1. Åt isen der med Helge. Var ganske god faktisk, utanom at eg skyndte han nedpå for å kunne sosialisere litt betre oppe på cafè2.

Åh. Lat meg seie; 15kn for hax max is! Sånn med krem, kjeks osb. OOhh.. Utruleg. – No er det vel snart sovetid for KK, eg sit på laptopen her og skriv. Er ein leiligheit dette her, grei nok – litt ekkelt foreløpig; sidan ting ikkje akkurat går på skinner når dei plutseleg skal leige ut, menmen, skal berre sove her. Imorgon er det frukost og litt loffing i byen. Falke kjem vel til å klage om å få kjøpe digeredooen, Helge fann ein anna butikk han ville ha noko i.

Heimreise

Så er det til slutt heimreise. I morgon kl. 2 går flyet frå den bittelille flyplassen. Me må vere i Frankfurt i ~6 timar; det blir keitt. Den flyplassen er elendig. Jaja, får sjå korleis det går – kan hende me kjem til ein annan terminal. Eg må sjå om eg klårar hacke eit par bilete inn no. Det var det, kan hende dette blir det siste eg skriv i Kroatsia. Takk til dei som har lese; det har vore 12 kjekke dagar. No kan eg trappe ned hyppigheita av innlegg og kanskje fokusere litt meir på kvalitet i staden for kvantitet slik det har vore no… :) Eller hvad tycks?

Oppdatert: Eg fekk mekka små forsidebilete til dei 3 siste innlegga (utenom dette), – alle søv utanom meg, og eg gidd ikkje vekkje dei for å finne kamera. Difor får eg heller leggje ut fleire bilete når eg kjem heim att til Noreg. Snakkast der ;) Natta! :D

Hvar

Hvar skal visstnok vere kåra til ei av europas 10 finaste øyer. Hm. Vel. Tja. Grei nok; men eg synest ikkje det var noko überspesielt. Likevel er det sikkert ikkje mykje som skil dei 1000 beste øyene likevel; berre turist-kapasitet. Her har me sykla til ein by ganske nær, prøvd å gjort noko meir spanande enn vanleg strandliv. Men det fungera diverre ikkje heilt 100%.

Rett etter eg hadde lagt opp eit par nye bilete og dratt frå internettcafèen sist gong sprang eg ned åt kaia. Eg var nemlig for sein til avtalt tidspunkt for møte (13:30 trur eg). Eg sprang som ein helt gjennom turistgatene; folk såg rart på meg. Då eg kom fram var eg heilt kokt, utan vatn i kroppen er det ikkje særleg herlig å springe så langt. Men der sat pappa då; la beina på stolen foran seg og grynta noko om at eg trong ikkje kome før ein time til. Ærh. Eg blei ikkje ferdig med det eg dreiv på med eingong.

Svenske jenter på interrail

Gjorde ikkje noko at eg stakk opp på internett igjen; så eg var på veg. Men tenkte eg kunne endeleg prate litt med dei svenske jentene me såg i Zagreb. Dei budde på same hostell som oss der, og då me dro til Split så sat dei på perongen og venta på same toget. Eg såg dei gjekk av toget i Split og skreiv ned addresser med nokre gutar. Plutseleg såg eg dei igjen på båtterminalen. Eg hadde tenkt å snakke med dei før, men gjorde det ikkje. Så no kunne eg jo spørje kor dei skulle; det er ein kjempebra måte å kome i snakk på :P Heh…

Dei skulle take nattoget. Skulle dra til Venetsia, Italia – eller Pula i Kroatsia. Me snakka om politikk, Anna var med i “dei grøne”. Har ikkje eit liknande stort parti i Noreg, har eit lite i Stavanger då. Elles nasjonalt snakk, ein del skulesnakk (klåra skryte litt av Hetland i det høvet òg ;p) og anna. Bittelitt datasnakk, men valde å halde meg vekk frå det; veit eg kan bli litt engasjert, “uforståeleg” og keisam når ein kjem inn på dèt emnet. Men ho visste Linux var betre enn Windows, så alt var bra.

Eg snakka engelsk med dei, sidan det er så utruleg mykje enklare enn å prøve å forstå einannan på morsmålet. – Og aldri i livet om eg lèt meg prostituere til å snakke bokmål; då snakkar eg heller nynorsk. Faktisk er det betre å snakke nynorsk av di det ligg faktisk nærare svensk enn bokmål. “Bogmålet” ligg som kjend nærare dansk. Nei, så eg snakka engelsk med dei; sjølv om dei kom med nokre svenske ord innimellom “rente” bl.a. Dei blei overraska over at eg var frå Noreg, dei trudde eg var frå Tyskland eller noko (w00t!) :S Men viser jo at me er betre til å tyde deira talemål enn det dei er i å tyde vårt ;) Trass alt snakkar me hard stavanger-dialekt òg då, så er kanskje ikkje så veldig enkelt.

Snakka for det meste med Anna, – Johanna sa ikkje så mykje. Har kanskje noko med at eg starta snakka mot venstre, så då blei alle oppfølgingsspørsmåla og samtalen den vegen. Hehe. Jaja. Me blei ganske seine til båten; Falke og Helge var for seine. Fekk gjeve visittkortet mitt (haha, russekortet :p) før eg gjekk. Har jo ein 3–400 stk igjen; må få bruka dei. Sjølv om eg kjenner meg litt dum når eg gjer dei vekk. Heh…

Båt

Båttur. Pappa var fast oppsatt på at alle båter i utlandet er laga i Noreg. Alle hurtigbåter me har sett rundtom, anten det er ein hydrofoil eller vestamaran snakkar han varmt om heimlandet og båtproduksjon. Falke klåra nesten gå på feil båt, medan mamma stressa seg blå av at me var så “seine”. Hah! Der der er ikkje sein i min målestokk!

Spør du meg såg han temmeleg nerfalls ut; sjølv om han var relativt ny (98 sa pappa). Båten var støkk full, det var ikkje mogleg å oppdrive sitjeplass. I baren nede i båten serverte dei hard alkohol, 5–6 taparar sto der og hang. Gamle halvdaue folk. Dei selde sikkert ting utan alkohol òg, men hendig nok stod det ikkje noko om dèt. Velvel.

Meg og Falke sat foran nødutgangen som faktisk var låst. Trur neppe den båten (som forøvrig ikkje hadde nok flytevestar til alle) hadde blitt godkjend av Veritas (Noregs godkjenningsorgan, trur eg). Pappa sto å stirra ut av det lille vindauget i døra. Han hadde gått rundt på båten og leita etter plata med byggeår og -plass. Han skulle ut døra, hadde funne beviset sitt som var ei plate der det sto “ved brann lukk døra før helongassen kommer” eller noko slik. Men det var visst ikkje lovleg; ein måtte vere inne i den varme kupèen medan båten køyrde. Teit båt.

Hvar

Framme i Hvar. Skulle finne plass å bu. Då me kom fram var det mange folk som ville leie oss bolig. Me dela oss opp for å finne det beste tilbodet. Eg fann luksusleiligheit nær sentrum og stranda, klåra presse prisen til 5*140=700 per natt. Men mamma og pappa gjekk med ein gamal mann som ikkje snakka engelsk men klåra tyte ut nokre ord om 60kn natta. Då me til slutt (etter mykje snakking) gjekk etter maen, kom ei dame med flotte ord – sentrumsnær leiligheit osbosb. Så me gjekk for den. Maen klikka.

Dei kjefta mykje på kvarandre, heh. Lo litt halvvegs av det. Så gjekk me. Leiligheita var fin; kjøkken, senger osb. Flott utsikt, men ingen veranda. Same kva, det er jo berre ein plass å bu. Eg slo på air-conditionen, er så herlig med den på 23 gradar. Så gjekk me ut for å saumfare byen pluss få litt mat i kroppen. Då me kom tilbake var air-conditionen slått av og kontrollen konfiskert. Neeivel. Ingen air condition nei.

Neste dag

Mamma ville så gjerne gjere noko anna enn å berre hengje rundt og sutre. Eg var heilt einig; eg likar ikkje shopping- eller badelivet. Eg vil gjere skikkelege ting. Ho hadde tinga ein jeeptur; ein safari på 6 timar over heile øya. Men det blei litt dyrt, så me gjorde det ikkje lell. Den kvelden gjekk me på acapellakonsert i eit kloster. Var kjempeflott; ~11 menn som sang. Også var det ~9 kvinner, men dei var ikkje like flinke og hadde ikkje den same kraften og dynamikken. Var ein flott plass å ha ein slik konsert, open dramatisk himmel over klosterhagen varmt ljossatt av lyskastarar frå “tribunen”. Utanfor blåste det opp til storm, ein høyrde bølgjene slå mot stranda.

Dagen etter, i dag altså

I dag, søndag, har me lånt syklar og sykla til ein by ~5km frå her. Det var ein ganske har oppoverbakke i starten; og ein enorm nedoverbakke i dei siste 2 kilometrene. Dèr gjekk det raskt! Ein plass var fartsgrensa 30, eg er sikker på at me låg i 50–60 km/t. Då meg og Falke kom ned ein halvtime før dei andre tok eg eit bad. Det var utruleg kaldt. Her snakkar ein Noreg på sommaren. Har sjølvsagt bada kaldare (bada i smeltevatn ein gong); men hekkan, hadde ikkje forventa slike temperaturar heilt her nede!

Vatnet på den plassen låg nemlig rett ut mot havet, det blei heile tida skifta ut; så vatnet i Sumpetar var såpass varmt av di det kunne bli varma av sola ganske effektivt. Etter det sykla me tilbake; eg sykla rett til internettcafèen, og no skuldar eg dei ~50kn. Uff. Masse pengar. Eg har lest litt på Anna og Johanna si Togluffing Europa side, og skrive med folk på msn; så ikkje heilt effektiv skrivetid i dag. Men eg var eigentleg ikkje heilt motivera likevel :p

Snart heim

No er det diverre berre nokre få dagar igjen før me reiser heim. Imorgon dreg me tidlig frå Hvar til Split. I Split heng me i 2 timar og et frukost (er eg heldig kan eg snike meg opp på den hax internettcafèen der og leggje ut nye bilete), etter det tek me den tøffe statsbanen opp til Zagreb og finn overnatting der. Neste morgon bêr det til flyplassen, frankfurt, og så heimatt. På sola er det visstnok tax-free når me kjem inn i landet no, så kanskje eg kan få kjøpt noko?

Kjøpe-kjøpe…?

Eg er særs lite glad i å kjøpe ting; så eg har ikkje kjøpt anna enn is og mat medan eg har vore her. Pluss briller. – Eg ville gjerne kjøpe andre ting; men eg kjenner liksom inga trang, eg kjenner det meir som eit ork “Kva skal eg med det?”. Har det kjempebra slik eg er no, eg synest faktisk eg har for mykje.

Dessutan vil eg ikkje gje vekk gåver som ikkje tyder noko for meg; det er f.eks greitt å gje vekk Cloroform-cden. Eg vil at fleire skal like Cloroform, dessutan elskar eg CD-en sjølv. Men om eg skal gje vekk ein eller anna tilfeldig ting kjøpt i Kroatsia så er det langt frå det same. Det vil eg ikkje. Eg vil gje vekk ting med substans eller ingenting. Gåver utan substans er så utruleg materalistisk og ekkelt. Eg avskyr slikt.

Andre dusjforsøk

Eg trør grasiøst inn i dusjen. Badebuksa er slengt av på golvet nokre centimeer frå sluken; ho kjem åt bli dassblaut. Dusjen er litt lavt stilt inn og står mot veggen. Kanskje like greitt sidan dusjforhenget rett og slett ikkje fungerar. Vatnstrålane skvett ut av dusjen og dannar fort eit svakt trykk mot handa mi.

Kaldt vatn. Lite trykk. Eg dreg spaken åt maksimalt trykk – men likevel like lite. Kaldt vatn. Hmm. Det plar jo vere for varmt for meg med standardinstillinga. Dreier spaken, lunka. Hekkan; ikkje meir varmtvatn igjen tydlegvis. Hovudet heng under dusjen. Eg drit i dusjforhenget – prøvde “patenten min” med å klistre det til veggen. Etter litt glei det ned. Ikkje nok vatn på det sikkert. Gjer ingenting eigentleg, trykket er så lavt lell.

Det renn i strie staumar frå håret. Kaldt vatn i Kroatsia er ikkje det same som kaldt vatn i Noreg. Eg blir fort vant åt det.

Hallooo…

…kjem det frå gangen. Eg svarar det same med ein ultralav basstemme. Opera tenor; akustikken i det lille badet er enorm. Litt tidligare hadde eg beundra det halvflassa solbrente fjeset mitt i speiglen medan eg tromma hardt og rytmisk på brystet. Eg elskar å leike trommemaskin, det er superkos.

Ei lys stemme kling med eit god rimandde svar på hallo-et;

Halloo, på dooo

Eg sprang opp før pappa og Kitty karina som òg skulle dusje før middagen. Dusjen blir kaldare – seier det til dei. Trykket minskar ytterligare, eg ser strålane flyttar seg nærare veggen. Skvetter litt sjampo i håret.

Det er utruleg kor mykje inspirasjonen skiftar; nokre gonger skriv eg av di eg “må”, nokre gonger av di deg vil. Innlegget før dette er skrive av di eg “måtte”. Byrja av dette innlegget er av di eg ville, medan resten her er motsett… For ordens skuld kan eg fortelje at dei siste 2–3 paragrafane er skrive 3–4 timar etter dusjen og inspirasjonen.

Ungdomsgjengen stakk til Omiš på byen/fest. Eg ville vere med – men har ikkje sko, dessutan hadde eg tinga ei pannekake m/ is. Han var enormt god. Imorgon dreg me frå Sumpetar. Skal til Hvar – ei øy utanfor Split. Det blei altså ikkje Dubrovni?, slik Falke ville, eller nasjonalparkane, slik eg ville.

Siluetter mot sola i Sumpetar, Kroatsia

Me har hatt det utruleg fint her, sjølv om det har vore litt slappt strandliv for det meste. Vannpololaget blei nett eigd av eit profflag, det var moro å sjå kor utruleg dyktige dei var. Dagen før spelte Stavanger-jentene mot eit profft jentelag i Split; men tapte ikkje meir enn 12–9 eller noko. Ganske imponerande. Var utruleg slitne og forslåtte i slutten då, Split-jentene var ikkje særleg snille.

Vannpololaget i Sumpetar. Guttene.

Neste dag

Dette er altså neste dag. Dette er ikkje skrive på papir, no er eg på nettcafè. Me skal som sagt dra til Hvar, har fiksa billett. Blei litt tull, men trur det går. Det over har ikkje mykje substans; eg veit. Men blei berre så demotivert av å prøve å skrive noko eg hadde tenkt for lengje sidan sist gong eg var på nettcafè. Så sjølv om det ikkje blei like stort som dusjhistoria eigentleg var, så var det herlig å få det ut av vegen. Hadde ikkje ei anna rolle. Dessutan gjekk den originale dusjhistoria mykje lengre “ut på viddene” og snakka om altslags ting; ikkje alt like konkret. Men han er sikkert betre no når eg har gløymd han enn det han eigentleg var :p Hihihih.

No mista eg faktisk internett; folka her stresser med å dra ut kablar o.l. Utruleg plagsomt. Kanskje eg ikkje får lagt dette ut; det hadde vore keitt. Bør ikkje betale for denne tida. Hm. Kanskje eg skal hacke nokre bilete imens…?

– Gjer det.

Dagstur tilbake til Split

Åh, eg er full av kake. Full av kake og kaffi. Fekk rive til meg eit digert napoleonkakestykke til 8kn, saman med ein diger espresso (dei klarar ikkje lage normal coffee her, sjølv kor mange gonger eg prøver å fortelje dei det) til kn 5. Ahh, max billig; max godt; alt for mykje for min mage.

Skjalg i røyken, i Split -- restaureringsarbeid pågår

Eg er tilbake i Split, dagstur. Etter eg hadde skrive teksten i forrigår (den “ikkje akkurat neger…”-teksten) og reiste meg opp fann eg ut at eg hadde feber. Ein skikkeleg feber. Var heilt vond, svimmel og alt. Den teksten er altså skrive i feberfantasier; trur eg skreiv noko om at eg var trøytt. Etter eg reiste meg blei det mykje verre. Eg snubla meg bort til busstasjonen der eg ramla ned på eit sete nesten vedsida av ei 20–25 år gamal jente. Nokre sekund seinere var eg hallvegs i søvne. Eg sov og sov. Men kvar gong nokon bevegte seg, spratt eg opp; er bussen her!?

Dama må ha trudd eg gjekk på dop. Ho snakka med dei eldre damene som stod på busshaldeplassen. Ingen turde setje seg vedsida av meg. Kjende på meg det var stigmatisering på kroatsisk på gong. Menmen, det er vel den normale eg-veit-ikkje-kva-du-seier; det-må-vere-slemt-paranoiaen. Likevel er det ting som tyder meg rett; plutseleg kom 3 av vannpolo-jentene til busshaldeplassen; og dama byrja straks snakke med dei. Skulle dei til Split? Kanskje dei ville sitje på ein minibuss som kom? Hrmpf, ikkje meg nei. Eg snakka med jentene då; så då såg vel dei gamle damene at eg ikkje var full/dopa.

Minibussen stod og venta; var litt skeptisk, men hoppa inn. Forsto ikkje heilt kva folk sa; men skulle betale 14kn, det er altså 5kn meir enn det bussen kostar. Ikkje særleg kult. Eg hadde dritvondt i hovudet. Såg sikkert forferdeleg ut. Eg rota med pengane; mista den einaste 5-eren eg hadde igjen. For å betale måtte eg ha den. Stressa fælt med å finne han; til slutt fekk eg låne ein mobil med eit slikt tøft ljos. Eg hadde til då berre betalt 10, men trur det var nok likevel. Sjåføren såg ikkje ut til å vere bekymra. Eg ga han 5-eren min; han smilte noko sjukt og takka. Eg ga han visst tips. Heh, jaja. Versego’. Hadde no stressa i fleire minutt med å finne den drittmynten; hadde normalt drite i han om eg ikkje hadde trudd eg hadde ubetalt gjeld.

Etter eg kom heim la eg meg ned og sov. Sov og sov. Masse soving. Trur eg. Hm. Jo, sant. Datoen på denne pcen er feil. Blei forvirra der. Neste morgon var eg bittelitt betre etter feber og solbrentheit. Men eg heldt meg inne; eg var nede i skuggen på kafèen litt og teikna storyboard til Espen sitt manus – men elles var eg inne heilt til sola forsvann. Eigentleg skulle eg skrive ein tekst på papir; eg tenkte ut alt saman i dusjen – var klår til å skrive og skrive. Men så gjekk eg ned til bryggja sidan den slemme kroatsiske sola hadde stikke av. Der var det så moro at eg dreit i papirskriving; det gjer jo vont likevel.

Dusjen er jo eit kapittel i seg sjølv, var slik eg starta tenkje ut kva eg skulle skrive. Han er så håplaus elendig, då eg kom ut hadde eg forbanna han eit utal gonger allereie. Det er ca 60cm frå dusjforhenget til veggen; kjempeliten plass. Når ein lukker forhenget så sit det ikkje foran dusjen; men går tilbake i normal “hengjeposisjon”. Fungerer rett og slett ikkje. Står tett opptil blandebatteriet når ein dusjar på grunn av den lille plassen. Blandebatteriet er steikje varmt, eg kom borti det fleire gonger. Hekkan. Vondt. Men eg kjenner sjølv at det er for lengje sidan eg var i dusjen – eg har mista heile tekstforløpet. Får berre gløyme alt det der.

Har eigentleg lita tid no; meg og pappa skal snart møte mamma, Falke og Helge. Skal gå til ein vannpolobane her i Split. Skal sjå på, og trene saman med eit fyrstedivisjons vannpololag. I går var det turnering heime; etter eg hadde vore inne heile dagen gjekk eg som sagt ned. Der fekk eg sjå to utruleg morosame kampar; Stavanger vann båe. Utklassing ;] Tihi. Etter det var det festtid. Var St. Patricks-day. Fyrverkeri sto for tur. Eg sat meg nær avfyringsplass for å få stilige bilete. Eg visste sikkerheiten var langt frå norske standardar; hadde aldri vore tillatt av brannvesenet i Noreg. Det er det kanskje grunn til òg.

Fyrverkeri i Sumpetar, Kroatsia. Gjekk litt galt.

Midtveis i fyrverkeriet var det fleire batteri som falt over ende og skaut rett mot meg. Eg fekk noko “ildkuler” mot meg; ikkje slike eksplosive greier; men det som kjem ut. Har bilete av det, men har ikkje nok tid til å leggje ut. – Etter det gjekk “ungdommen” (hihi, genialt) til ei strand litt bortafor kafèen. Der sat me og snakka med dei lokale lengje.

Uhm, eg må gå. Er tilbake om to dagar eller noko. Blei kort og usamanhengjande dette :p

Ikkje akkurat neger, men…

Ein lyseraud skikkelse snik seg frå skugge til skugge, hushjørne til hushjørne. Det svetter som antall virusangrep på Windowsplattformen; og hveser noko lavt, lavt liknande ”<noko>-buffét”. Plutseleg smett det inn på ein internettcafè – var tydelegvis dèt han ville. Banner litt angåande smerte fororsaka av sola. Ja; eg er solbrent.

Tur til internettcafè

No er det gått litt sidan eg sist skreiv. Synest eg iallfall. Har eigentleg ikkje vore meir enn ein dag; men det kjennes utruleg lenge sidan. Har lett etter internettcafè, men plassen me er på no er det heller smått med slikt – så difor skriv eg fyrst no. Turen hit var alt anna enn moro, for litt sidan var eg heime og smørte meg inn med eit par digre dæsjer “after sun”-krem blanda saman med eit par dobbelt så digre dæsjer solkrem. Lyseraud over heile kroppen; utanom ryggen og der shortsen har vore.

Noko vibrerar; er vel telefonen. Eg skynder meg. Mamma og pappa sikkert, me skal dra til Omis; ein litt større by ikkje så langt frå leiligheita. Hadde nett gått opp i den steikande sola; skuggane er alt for små og alt for sjeldne syn. Leiligheita ligg langt oppi ein bakke; ein må gå opp langs nokre slyngande veger før ein når han. Så er det 3 etasjer opp før me er i toppetasjen der me bur. Eg jogger mot stranda. Åh, smerten… På stranda spør eg etter mamma og pappa; ikkje der. Hm. Dratt til Omis? Allereie? Utan meg? Eg spring bort til busshaldeplassen for å sjå. Ein solstråle treffer meg plutseleg då eg går langs skuggehimmelen; SVI, SATTAN HEKKAN!

Ingen på busshaldeplassen… Dei har drege frå meg, får take ein buss etter dei då. Hm, eg må på do. Eg må vente på buss. Eg på do. Eg må vente på buss. Do; kroppen gjer sitt fornødande sjølv om eg ikkje går på do snart. Men, bu..s….s…. Neivel. Eg spring opp til leiligheita, slenger av meg dei hekkans drittsjippsjappane til Falke. Hekkan, dei er elendige. Drittsko. Gjer vondt mellom tærna; dessutan slepper dei utruleg mykje ljos gjennom og det er vanskeleg å gå med dei.

Odin, nett stÃ¥tt opp - vondt hÃ¥r! Utan sko går springinga lettere. Oppe igjen går eg på do medan eg svettar som ein gris. Det er rett før eg sklir av doskåla av di eg er så blaut. Seriøst. Det var faktisk heilt utruleg skummelt. Drikk litt vatn, tek på litt meir solkrem. Hmmm. Korleis kan ein sky seg mot sola? – Klede! Eg tek på meg bukse og skjorte, dæsjer litt ekstra solkrem på føtene (som er bare) «just in case». Spring ned til vegen. Der lurer eg på kva eg har i handa. Kan det vere? Nei? Jo! Det er faktisk nøklene til huset; dei som skal leggast «hemmeleg plass» utanfor døra. Faktisk så har eg heller ikkje låst døra. Saaattan. Opp igjen :(

Sola er ikkje like plagsom då eg igjen spring opp; men han er likevel. No er eg forresten sliten i tillegg; og svetter framleis som ein gris. – Eg gøymer nøkkelen og startar å springje ned.—Eeeeh. Eg gløymde å låse døra; springje opp igjen. Pust, pes, pust, pes. Drikk litt vatn; tek ein tyggi frå KK, låser døra, gøymer nøkkelen, later som om eg ikkje er forbanna, svir under kleda, spring ned til busshaldeplassen (ca. 1km om de ikkje forsto at det var langt).

Buksebeina presser seg åt huden min, det er som om nokon skulle ha prøvd rive huden av meg. Nokre jæklar køyrer forbi og tuter på meg der eg sit i skuggen og ventar på den hekkans bussen. Eg rekk fing. Hah! Bussen kjem, han snakkar sjølvsagt ikkje engelsk; 10 min seinere er eg i det eg trur er Omis sentrum. 5 min vond gange i sola seinere spør eg ein fyr og får bekrefta mistankane mine; det er feil. ØØh. 10 min rask gange den vegen seier kona hans som snakkar litt meir engelsk. Motsatt veg av det eg har gått dei siste minutta det. Argh; solbrent!

Eg startar gå bortover vegen; tek av meg dei hekkans sjippsjappane igjen – det svir som eit vondt år. Plutseleg ser eg mamma og pappa sitje i eit busskur. Eg går bort; snakkar med dei (diverse), får vite om ein internettcafè i ekte Omis sentrum og mamma gjer meg kortet for å take ut 2000kn. (~1600kr) Eg tek minnekortet frå kamera saman med kortlesaren. Kanskje eg kunne leggje ut eit par bilete, om eg ville vere grei. Eg går bortover, ser ein minibank, prøver å take ut pengar; WRONG PIN. Ærh. Eg går tilbake til mamma og pappa (av ein eller anna grunn) og seier det. Mamma sa feil PIN ein gong til før ho kom på den rette. Hrmf. Eg treng ikkje kome tilbake, neivel. AI! Solbrent! Eg tek ut 2000kn. NP(No problem). Fortsett gåturen min.

Eg går målretta; eg går i skuggane; og eg har det vondt. Eg er utruleg tyrst, og utruleg raud. Lyseraud. Eg går kledd som ein eskimo og svettar som ein afrikanar på savannene. Eg finn cafèen utan større problem; då visar det seg at det ikkje er ein cafè – men berre “internett”, utan “cafè”. Altså. Ingen drikkje på meg her nei. Neeeivel! Eg set meg ned med ein mac. Aaaiii! Soooolbrent! :(((

Eg klårar ikkje få han over på norsk tastaturoppsett; er visst ikkje lagt inn. Var no jæklig det då. Sett meg på ein XP-maskin heller. Den har norsk installert ja. Inkompetente folk som har satt opp Mac-ane spør du meg! Hadde ikkje hatt noko mot å sitje på mac-ane om dei hadde vore installert slik ein kvar oppegåande pc-person hadde gjort det. Men neida. Neinei. Det er varmt her inne. AH! Eg såg etter air condition-anlegg, og der såg eg ein brusautomat! Yess, eg går bort der og kjøper noko eg. BRB (haha, akkurat som om dykk merker dèt).

Pause

Ahhh, nestea lemon. “You can pay after you’re done” sa kisen. Javel. Mm. Kor var eg? Jo, is-te. ahh. (pause).

Lurar på om dei ikkje har air condition her berre av di me skal kjøpe masse drikkjevarar? Hmm. Jaja, eg skal sluttje skrive så usamanhengjande. Kor? Jo, eg er solbrent. Og det er veldig vondt. No sit eg på ein internettcafè (no er det cafè igjen) og skriv. I dag har eg vore på båttur, men før det må eg kanskje fortelje litt om det eg ville ha skrive i går; nemlig – kva hende i går!?

Reise frå Split til Sumpetar, dagen i går

I går drog me frå Split til Sumpetar. Me trudde me skulle dra til Supetar, og var klår til å gjere det; før pappa (med ein tilfeldigheit) fann ut at det var Su_m_petar. Supetar er ein kjend turistplass som er særs dyr. Veldig dyr. Me trudde me skulle bo på palass. Så fann me ut at det ikkje var Supetar; men Sumpetar. Ein anna plass på fastlandet ikkje så langt frå Supetar (ligg rett med einannan, på ein måte – på kartet iallfall ;) ). Me hadde ikkje store forventningane til Sumpetar. Sjå på forskjellen på namna; “Supetar”, “Sumpetar”. Kven høyrest best ut, og kvifor? Dette er sett igjen som ei oppgåve til lesaren.

Bussturen frå Split til Sumpetar

Same kva, då me kom fram til Sumpetar (etter mykje stress med statleg busstransport og generell vimsing) viste det seg at det var ein bitteliten plass som ikkje såg værst ut. Såg ganske greitt ut; men me forventa likevel at “hotellet” var elendig. Det viste seg òg å vere feil; heldigvis. Me har ikkje vore på finare plassar sidan dagen før R.E.M. spelte i Stavanger! Wooh. No er slike ting smak og behag; men ja; eg er veldig glad i huset vårt heime. Eg synest det er supert: iallfall pc-rommet/soverommet mitt! :D

Plassen hadde air condition, flott kjøkken, enorm utsikt osb, osb. Låg litt oppi bakken då (som dykk allereie veit). Me møtte dei norske; ein kjekk gjeng, for det meste jenter. Eg fann ut at vannpolo ikkje er sporten for meg; eg var uti saman med dei heile strekket (takk-takk, eg veit det er imponerande (me var berre 5 stk til slutt)), men kva var det eg gjorde? Jo, eg sleit med å halde hovudet over vatnet meir eller mindre. Men det var jo viktig det òg isinuisera (ehh, har ikkje ordboka mi her) vannpolotrenaren overpositiv til innsattsen min.

På kvelden (etter masse stilig bading; masse god mat; og berre ein billig is) var eg med pologjengen over 17 til leiligheiten deira. Dei bur saman i fyrste etasje – stor leiligheit. Hang litt der før me stakk ned til kafèen med stranda igjen. Eg kom litt seinare av di eg trudde det var “fest” oppe i vår leiligheit (Kitty Karina, mamma og pappa; kva forventa eg?), men det var det tydelegvis ikkje. Så etter nokre minutt stakk eg ned til stranda.

Der var dei i god gang med festen (heh) og eg fekk ein fin sitjeplass rundt det allereie overfylde bordet. Det blei mykje koseleg snakking. Fekk utrykka nokre av kjenslene mine båe for Oxford, Cloroform, div. bøker og spesielt naturfagstimene på Ullandhaug med Tor Lønning. Ahh, det var tider. Då klokka lei mot midtnatt fann meg, Truls (17) og Daggi (20) ut at me skulle take oss ein svømjetur. Det var herlig. Ahh. Men skal hoppe over alle dei saftige detaljane; får angre på at dykk ikkje var der.

Båttur til Brecth (eller korleis ein skriv det)

Neste dag var det båttur. Kl. 8 starta den. Yess. Tidlig morgon. Eg sov med Kitty Karina som vanleg; men denne natta var ho spesielt uroleg. Sov nok ikkje så godt som vanleg, diverre. Likevel var eg dautrøytt og inga morgongfugl då me skulle opp (det er meint til å ikkje gje meining; slapp av). Me kom oss ned til stranda/bryggja utan mat. Me lurte på om nokon i restauranten kunne lage noko frukost til oss; då fyrte dei opp og sprang opp til dagligvarebutikken. Hmm. Javel :p

Båten var hallvegs overfullt av folk, me var 25 mann (altså; 25 personer sagt på sånn macho-språk (‘glis)); ute i bølgjene blei eg uhøveleg blaut. Var litt redd for kamera; men det viste seg at berre linsa var full av salt (vonar eg, ehh-heh). Bølgjane var forresten digre. Digre, digre, digre. Kjempestore med andre ord. Etter ein time+++ i båten kom me fram til ei strand. Me stressa med å kome oss i land osb (eg byrjer spole framover no; masse interessant (jadå, alt er relativt) informasjon, men akk, bør vere litt snill med dei som skal lese).

Me bada og bada. Det var kjempekos. Eg “leika ball” med Falke. Kjempemoro; eg klåra båe kaste han og take imot. Trur nok alle blei veldig imponerte då me dreiv på. Sto nemlig litt frå einannan òg ;) Hehe… Så ville me etter mange timar dra heimatt. Skulle ete på restaurant/kafè/pub/henge-plassen. Men det gjekk visst ikkje; båten låg midt uti havgapet og såg ikkje ut til å flytte på seg. Falke, som den superatleten han er (speler på nasjonallaget i vannpolo, ein av dei beste junior painballspelerane i Noreg) svømde ut til båten for å høyre nyhende.

Eg er i den blå skjorta; båtturen heim, me blei slepne

Motoren fungerte visst ikkje. Jah, hendig. Dei ringte etter ny båt; han var på veg. Så då venta me ein time til; eg fann ei bryggje å stupe frå – så tida gjekk ikkje så seint. Var “fina vêre, goa vatne”, så… (spole, spole) Etter litt kom han då; bitteliten puslebåt. Heh. Viste seg fort at dei hadde tenkt å slepe den andre båten då. Var ein god tanke. Køyrde nokon oss ut; me satte oss på den daue båten. Eg stupa og bada litt frå båten medan me venta på at båten skulle hente resten. Så var det av sted.

Ikkje akkurat neger, men…

Og her kjem forteljinga om korleis eit menneskje kan endre farge – ikkje ulikt kamelonen – på lita tid. Denne gongen var det menneskje av typen Odin som endre farge frå kvit til raud. Om nokon hugsar korleis det japanske flagget ser ut så endra det seg ca slik: i starten var det fargen på ytterkanten. Medan tida gjekk blei det fargen lengre og lengre inn mot midten av flagget, til det til slutt var heilt likt. Slik er det no. Midt i det japanske flagget. Så for de av dykk som veit korleis det japanske flagget ser ut (+ forsto kva eg skreiv) så er det her snakk om ein særs stor, u-gradvis transformasjon.

Eg låg på dekk heile denne turen saman med nokon av jentene og Truls. Det var forresten kjempeherlig. Båten vaia som berre dèt; sola var herlig, og vinden akkurat passe. Kvartera etter eg gjekk av båten blei ting verre… Off. Mykje verre. AI; SOLBRENT! :(((

Odin solbrent. Au!

No er eg sånn ca. sliten, har bruka sånn ca. kjempemasse pengar på internettcafè. Er max dyrt i denne cafèen nemlig; dessutan er linjene noko av det same ein ville forvente å finne midt i eit krigsherja land som nett lausreiv seg frå kommunistiske Yugoslavia. Treeeeeigt. Eg gidd ikkje bruke meir pengar på bilete. Eg ville ha bruka meir pengar på å skrive meir (er skjedd så utruleg mykje meir enn dette), men trass alt; nokon skal lese det.

Kva skjer framover?

No skal eg vere i Sumpetar dei neste to dagane; imorgon er det lokal vannpoloturnering. Dagen etter skal dei spele mot Split sitt vannpololag (som er proffe, luktar knusing lang veg). Dagen etter det skal me ungdom på fest/byen; utanom at eg sikkert ikkje er der då… Æsj. – Men alternativet er jo stilig det òg; reise meir, reise meir! :D Kroatsia har nokre fantastiske plassar rundtom; me har ikkje sett noko.

Når eg sit på den hekkans bussen heimatt kjem eg sikkert til å rive meg i håret av alt eg ikkje skreiv om; ”Ååh, men det var jo mykje viktigare/kulare”; men slik må det vere. Nett no held eg nemlig på å stupe av søvn (av ein eller anna grunn, klokka er ikkje meir enn åtte) – dessutan vil eg ikkje bruke for mykje pengar på internettcafèen (heh). Iallfall ikkje om eg ikkje får mange, (og gode) kommentarar! Så, fyr opp “betalingen” for at eg gidd gjere dette :p :p :p Heh. Så får me sjå om det blir noko ;)

Oppdatering: AHEHAHEHAEHAEHH! Internet Explorer ownage! Då eg trykte “publisèr” kom sida opp “this page cannot be displayed”. TAKK for at eg veit kor jævlig Internet Explorer er, og kopierte heile innlegget før eg trykka meg vidare! Hooh. Der hadde eg brent meg om ikkje! Så, alle saman, skaff dykk ein skikkeleg nettlesar!… Au, solbrent :)

Oppdatering2: Då fekk eg lagt ut nokre bilete med hjelp av Windows Picture Viewer og Paint. – Eit ord; elendig. – Men betre enn ingenting! :D Då har me brukt nok pengar! Hade! :D

Badedag på nasjonaldag

Så skal me komprimere innhaldet litt. I dag har me bada, klokka er ikkje meir enn 4 endå, men det har me iallfall gjort i dag så langt. Er faktisk nasjonaldagen til Croatia i dag, er 14–15 år sidan dei blei uavhengige, utan at eg skal skrive meir om det.

Etter konstant mas frå Falke og Kitty Karina skulle me altså dra å bade i dag. Den største kvinaren var nok Falke, som òg tala Helge sin sak, sa han. Dei hadde vore på ekskursjon dagen før; men den stranda var visstnok (surprise, surprise) smekkfull. – Kva forventer dei eigentleg når dei går på ei strand 5min frå sentrum i ein sydlig turistby som Split? Stranda på andre sida var forsåvidt i sama sjangeren. Det er langt i frå dei finaste strendane i området; men dei er utruleg nær sentrum.

Kommunisthotell

Kommunisthotell i Split, Kroatsia

På den fine (og varme, ugh) gåturen til stranda, etter ein fortreffelig frukost (omelett som vanleg; denne gongen med båe skinke og ost, naaammi), såg eg ein kommunistblokk. Dadaa! Jadå, finst visst kommunistblokker her i Split òg. Dette var visst eit hotel. Styggaste eg har sett på lengje; i denne byen som står på UNESCO si liste over verneverdige plassar har altså ein av dei utruleg stygge, nedslitte betongveggane av nokre slumaktige maurtuer klårt plassere seg. På ein lite plansje med inngangen til makkverket hang det tre stjerner.

Høh? Tre stjerner? Jøss, hadde eg aldri trudd. Dette vonde hotellet har klårt få tre stjerner; det må vere ein etterleving frå kommunisttida. Ein skulle lage billige hotell for allmennheita; digre og billige. Eigentleg er klassifisering ein uting der; skulle ikkje vere noko som var betre enn andre ting – så kan godt tenkast at alt fekk ”***”. Menmen, eg var ikkje inne å såg. Kan godt ha vore greiere standard inne. Men utanpå var det heslig.

Stranda

Odin i Kroatsia, Split - på stranda nær byen

Då me kom til stranda var eg ikkje akkurat imponert; stod ikkje opp til bileta eg hadde sett. Likevel tok det ikkje lange tida å sjå at det faktisk var veldig fint. Men ikkje perfekt slik det er på bileta (som er tatt andre plassar; på øyene, der det faktisk er perfekt (heehe, få me sjå iallfall ;) )). Falke og Helge gjekk og gjekk, dei fortsatte å gå då me hadde kome til stranda. Dei var tydelegvis overtydd om at dette ikkje var stranda; er jo ikkje slik det skal vere. Etter ei lang vandring over fjell og dalar kom dei tilbake. Då starta me bade.

Eg var ganske sein denne gongen. Det var ei steinstrand, så eg fekk for det fyrste vondt i føtene. Men for det andre var det ikkje steikvarmt i vatnet akkurat. No har eg bada i isvatn o.l. – men nett no var eg ikkje så hugen på kuldesjokk. Men då eg endeleg fekk mot til meg (etter Kitty Karina hadde dukka seg, eehhhh) tok det slett ikkje mange sekunda før vatnet var kjempeherlig.

Likevel er Kroatsia i “middelhavet” – og eg liker ikkje middelhavet. Kvifor? Jo, fordi det er ei salttønne. Eg missliker salt, sterkt. Det set seg i augo; eg får vondt. Salt + augo + sol + ein dæsj pollen = ein kei situasjon. Dessutan smakar ikkje vatnet særleg godt (jadå, eg veit ein ikkje skal drikkje det; men av ein eller anna grunn kjem det alltid litt vatn inn i munnen – då er det utruleg keitt med alt det hekkans saltet!).

Eg leika med Kitty Karina. Falke og Helge var rundt og stupte frå diverse klipper (små, eg gadd ikkje dra meg bort eingong). Mamma slakka oppe med kamera og dei andre verdisakane, medan pappa sveiv rundt (anar ikkje kor). Då eg skulle gå opp skar eg meg litt på ein stein, blei litt blodig – men merka det ikkje før mamma sa det. Er tåa mi det er bilete av på hovudsida (det lille biletet, ingressbilete ;) ).

La meg ned i sola og lot såret hjelpe seg sjølv – medan eg las Time Magazine. Der stod det masse moro, utan at eg skal gå så mykje nærare inn på det. Etter ferdiglest Time dusja eg i det iskalde ferskvatnet. Det var kjempekaldt, men litt herlig òg. Hihi. Så gjekk meg, Falke og Helge heim. Kjøpte is på veg til internettcafèen (5kn for ei kule med enormt god is! Er jo røvarkjøp! :D).

Endeleg ein skikkeleg nettcafè i denne byen

Eg sit og skriv på heimesida i Kroatsia, Split på ein skikkeleg nettcafe

Denne internettcafèen er som sagt flott. Eg har fått lagt ut eit par bilete, bruka Photoshop til å hacke bileta. Var litt vanskeleg å bruke i byrja, men kom inn i det. Eg føretrekk likevel Gimp, – kjem nok aldri til å gå tilbake. Einaste som var litt snasent var fargeprofilar; einaste plagsomme var at fargeprofilen var stilt heilt feil, så det såg mongoloid ut. Fann ut korleis eg fiksa det heldigvis. No har eg sitte her i nærare to timar, så det blir vel ein 30kn – bør slutte av. Får sjå kva meir eg får gjort denne dagen, men no har eg iallfall komprimert dagen litt; så blir det kanskje litt meir interessant å lese? :p Fina vêre, ser dykk seinere! :D