Merkelapp-arkiv: Kroatia

Kroatsia andre dag; Split

Då har me reist frå Zagreb og kome oss lengre sør; Split er ein totalt forskjellig by enn Zagreb. Det blei ein ny dag der hovudinnhaldet var reising, men likevel ein moro dag. Den kroatsiske statsbanen imponerer verkeleg. I Split har me fått eigen leiligheit me bur i til 300kn natta, 100m frå gamlebyen.

Byen her er ganskje forskjellig frå Zagreb som sagt; men før eg keier dykk med det så skal eg skrive litt om kva me har gjort i dag. Eg har stukke frå familien, som ligg i leiligheita me har skaffa, og sprunge inn i byen for å finne ein internettcafé. Diverre var han ikkje særleg stilig denne her; dataoppsettet er fiksa på. Eg kan ikkje gjere ein drit. Er inne i eit eige “webcaféprogram” der eg ikkje kan forandre tastaturoppsett eller sjå minnekortet eg har med. Kan med andre ord ikkje gjere andre ting enn å surfe. Dei skrytte av at dei hadde 1.5mbit linje. Vel, me har 2–4mbit heime; og dessutan verka dette meir som modem om eg skal vere heilt ærleg. Same kva, eg får skrive litt medan eg her og det kostar pengar. (20 kuna timen, altså 8 kuna meir enn den flotte plassen i Zagreb)

Oppdatert: Eg har funne eit betre cafè (dette er dagen etter, så eg har fiksa litt på æøå osb), skal sjå om eg kan hacke nokre bilete inn òg.

Eg vakna kl 06, det gjorde båe mamma, pappa og Falke óg. Rommet var særs bråkete, så det var sikkert ein diger bil eller noko som køyrde forbi kl 06, sidan så mange vakna då. Me hadde diskutert om me skulle take tog eller buss. Tog er mykje herligare, medan buss visstnok skulle vere båe raskare og billigare. Etter ein frukost der eg hadde omelett og sjokoladepannekake dro me til togstasjonen berre for å sjekke. Det viste seg at det blei billigare enn buss; så me gjekk der.

Toget var særs fint; eg hadde forventa noko verre, eigentleg. Den statlege statsbanen overraska allereie der. Me sat oss ned; og etter litt kom dei med kaffi. Gratis! Woow. Greitt nok at me hadde betalt for turen, men det var ikkje særleg dyrt – dessutan får me aldri slike frynsegoder med NSB. Toget glei videre av sted medan me snakka om stort og smått; mamma og pappa las Espen sitt manus. Eg teikna ein av scenane til det, start av scene 2 trur eg.

Kitty Karina og Odin på toget frå Zagreb til Split

Plutseleg kom dei med “sandwitch” til oss. Mamma trudde som vanleg at me måtte betale og stressa med å dra fram lommeboka; men det var til lita nytte. Gratis ;) Hihih. Cola måtte ein derimot betale for; men skulle berre mangle. Toget tok ein 5–6 timar, sjølv om det ikkje kjendes slik. Var eit flott tog; og fin natur utanfor. Mange hus som var øydelagde etter den siste krigen. Eg las litt i bøkene me hadde med om Kroatsia, så eg har litt betre peiling på landet no. Veldig interessant eigentleg.

Me drog frå Zagreb, som ligg nord i landet, midt inni på ein måte. Zagreb er påverka av Europeisk (Tysk og Nederlandsk) kultur – og dei verker utruleg like oss. Ein anna ting eg ikkje fekk skrive om i går var uteliggere og tiggere. Kva ser ein i Oslo? Jo masse tiggarar. Kor mange såg eg i Zagreb? Ingen. Det forbausa meg; ingen. Men med den kapitalistiske ekspansjonen me ser no; og faktum at dei vil inn i EU gjer nok mykje med den situasjonen framover.

Split, som me er i no, er derimot påverka av søreuropeisk kultur. Denne staden har fleire likheitstrekk med Hellas, Italia o.l. Arkitekturen er forskjellig; folk er forskjellig. Medan dei er “norske” reint sosialt i nord, er desse folka mykje “friare”. Alle veit italienerane er bråkete og veiver med armene som nokre andre ballerinaer; slik er det her. Stemninga er utruleg annleis frå Zagreb; annleis frå Noreg.

Byggning i Kroatsia, Split - typisk for denne byen

Då me kom til togstasjonen blei me rent over av privatfolk som ville hjelpe oss med plass å bu. Mamma og Pappa starta snakke med nokon, og fekk ein leilegheit. Dei hadde plass til 3 originalt; men sa dei hadde eit ekstra rom. Dette rommet var inni huset deira, det var veldig lite koseleg. Me flekka heller inn to madrasser, så kunne me sove på golvet.

Denne byen er som sagt rend over av turistar; medan me ikkje såg stort andre enn dei svenske jentene i Zagreb skal ein ikkje gå særleg langt her før ein høyrer norske stemmer. Det gjer jo òg noko med prisnivået, som er nokre hakk høgare enn tilfellet i Zagreb.

Eg lurer på kvifor ingen kommenterer; men eg har ei viss peiling. Sidan eg skriv på internettcafèar i kei referatform er det sikkert ikkje særleg interessant å lese. Medan eg heime brukar mykje meir tid på det eg skriv (eg les faktisk gjennom det eit par gongen før eg publiserer), så går alt rett ut her. Innhaldet er antakeleg for bredt og lite spesifikt til at det blir plass til detaljar. Hadde nok vore betre å skrive om små hendingar i staden for å presse for mykje inn på for lita plass. Men det er litt vanskeleg :) Same kva, skal få sjå om eg kan få opp nokre bilete no iallfall. Eg sov forsåvidt veldig godt den natta – øyreproppane fungera skikkeleg her i Split (eg hadde problemer med dei i Zagreb; trur det var noko rart med luftfuktigheten).

Fyrste dag i Kroatsia; Zagreb

Då var me komen til hovudstaden i Kroatsia. Den største byen med nærare 800.000 innbyggarar. Det er ein relativt normal storby i mine augo; så dei store opplevingane lèt vente på seg. Me skal dra sør i landet imorgon, då blir det antakeleg meir å skrive om, men byen har sine særtrek lell. Kroatsia er ein gamal kommuniststat, noko denne byen ber fleire teikn av…

Kroatsia har omtrent 4.5 millionar innbyggarar, så det er like mange folk som Noreg ca. Men folk bur likevel tettare (Noregs største by er ikkje over ein halv million ein gong). Heile landet er like stort som Oppland fylke trur eg. Så det vil ikkje take oss lang tid å kome til dei plassane me vil.

Turen

Eg vakna som sagt av Hege og Siri sin song; eg trur eg var vaken før han starta òg – eg fekk nemlig med meg byrja. Eg sover med øyrepropper, men eg høyrer jo litt – dessutan plar den eine fyke ut. Klokka var 4:50 trur eg, etter ti minutt sto eg opp. Litt seinere sto maxi-taxien klår, og me dro til Sola. På Sola var det faktisk ganske mange folk; eg blei overraska. Men ferien er jo nett starta, så var kanskje ikkje så rart. Eg traff Sissil, ho skulle på chartertur til Kreta saman med mora si som vanleg (trur eg :) ). Sissil skal forresten til Oxford neste år; etter at eg hadde tala så fint om det, sa ho.

Me mellomlanda i Frankfurt, og måtte vere der i fire timar. Det er ein diger flyplass. Ein diger, kei og ikkje minst gamal flyplass. Hekkan det var drit. Om nokon av de seier ”Å, men butikkane er så kjekke!”; vel. Denne flyplassen hadde nokre nedstøva butikker som kanskje hadde vore moro for nokre år sidan; men ærlig talt – dette var keitt utval! I stadenf or å ha eit par butikker med substans så hadde dei heller 2–3 like butikkar nokre hundre meter frå einannan! Ærlig talt, kor teit kan det bli!

Kitty Karina kviler på baggasjen på flyplassen i Split

Zagreb sin flyplass var mykje mindre enn Sola. Det var ein miniflyplass. Kunne eigentleg ikkje tenkje meg at dette var ein by med 800.000 bebuarar. Men det heng vel igjen frå kommunismen dèt; var ikkje så fælt mykje flyreise på den tida kan eg tenkje meg. Tognettet er derimot veldig godt bygd ut. På veg inn til byen møter me nokon av dei styggaste byggningane eg har sett. Me køyrer forbi dei digre gråe flokkane, for å berre finne ut at det kjem eit nytt magasin vonde boligblokkar ein kilometer med gras lengre nede. Desse grasslettene er merkverdig tomme; tatt i betraktning kor utruleg tett flokkane med kommunistblokker er bygd saman. Dei er heilt reine, om ein ser vekk frå dei digre reklameplakatane ein ser eit av kvar hundre meter. Slår meg kor utruleg hyperkapitalistisk slike gamle kommunistiske land vil bli; berre sjå på russland som har nokre av verdens rikaste folk.

Kroatsiske kommunistblokker i Zagreb, utanfor bykjerna.

Kroatsia har vore i krig. Mykje krig. Det er våpenkvile no, men krigen er eigentleg ikkje offisiellt ferdig. Dei er blitt eit meir eller mindre demokratisk land med parlament som strekker seg mot europa. Eg ser godt på folk her at dei ikkje er så utruleg østeuropeiske som eg trudde dei skulle vere; dei unge virker endå meir kopla frå verkelegheita enn me i det tradisjonelle vesten er. Dei har bevega seg frå ei ekstrem side (kommunsimen) og nærmar seg ei anna (kapitalismen). Kvifor ikkje halde seg i midten (vel, litt meir mot venstre ;) ) der det er best? :p Hihihih.

Byvandring

Det fyrste dagen har vore reising for det meste. Me kom fram til eit OK herberg og fekk lagt tinga frå oss. Så har me gått rundt i Zagreb og myst på livet og andre underfundige greier. Zagreb er ein storby så han er eigentleg ikkje noko spesiellt å vere i; mange storbyar er så like. Likevel har han sine særtrekk; er trass alt ein gamal kommunistby. Trikkane dei har her er heilt supre! Eldre skranglebøtter skal du leite lenge etter; men dei er stilige slik.

Byvandring i Zagreb

Temperaturen er utruleg. Det er enormt varmt, men det visste vel eigentleg alle. Skal vere ein hetebølgje over Europa i desse dagar; så me får sjå om temperaturen fortsett å stige. Valutaen her heitter “Kuna” (kn), minner litt om “kroner” eigentleg :p Dei er ganske like i verdi òg, ein får 100 kuna for 89 NOK. Difor rekner eg berre 1:1, slik at 15 kuna = 15 kroner. Åt nett ein diger, herleg is. Den kosta 16 kuna, det seier litt om prisnivået her. Veldig lavt. Trur det blir litt høgare når me kjem ned til turistplassane i sør (Split o.l). Eg har snart take 200 bilete, men eg tok ikkje med meg minnelesaren då eg gjekk ut no. Får leggje ut nokre bilete neste gong. Eg vonar eg har meir å fortelje òg då. Ikkje berre vanlege keisamne byhistoriar.

Har altså ikkje vore dei store opplevingane endå; det hadde eg ikkje forventa heller. Eg veit folk venter på noko litt meir spanande enn dette her, men i dag er det heller lite. Imorgon dreg me som sagt ut av byen. Sør i landet med nasjonalparkar og utruleg natur. Eg trur det vil bli mykje meir spanande når me er ute av byen! Er trass alt ikkje byar som er moro…