Merkelapp-arkiv: Kroppen

Aldri meir koffein

Eg hev no aldri tenkt stort yver det. Men so slutta eg med kaffi av di det vart litt mykje. Drakk likevel litt med varierande mellomrom. No er klokka 03.12 og eg fær absolutt ikkje sova. Eg drakk ein kopp Cortado i dag tidleg (der tidleg tyder godt etter kl 12 :P), utan stort i kroppen. I heile dag hev eg og Helene berre ete frukost. Vel, utanum popkorn og ei bolla (meg) og ei lappa (Helene).

Eg kjenner korleis eg ikkje fær sova, og korleis det er koffeinet sin feil. Det er lengje sidan eg drakk noko med masse koffein. Jodå, i går stal eg jo litt av kaffien til båe mamma og Helene – men ikkje mykje. Fyrr det hev det vore lite.

Ikkje avhengig, på nokon måte

Mange drikk kaffi av di dei er avhengig, elder trur dei er det, det gjer/gjorde ikkje eg. Det var berre av smak. Og no vil det naturlege spyrsmålet vera «Men, Odin, skal me ikkje få kosa oss med noko lengre? Skal du ikkje drikka kaffi som du likar berre av di det er koffein i det?». Du fylgjer kannhenda upp med «Må jo få dårleg livskvalitet av å halda seg vekk frå alt godt!».

Vel, eg trur eg i lengdi fær mykje betre livskvalitet av å halda meg fri frå slike påverkande middel. No drakk eg aldri kaffi av den grunnen, men likevel er dei der. Dessutan vil eg ikkje verta styrt av lyster på den måten, – når eg veit at noko hev ei negativ sida vil eg helst halda meg vekk frå det. Eg vil fokusera på det positiva. Eg må segja det minskar livskvaliteten min ganske kraftig å ikkje klara å sovna.

Fruktprosjekt

I alt dette her so ligg det vel eigentleg ei uppladning til eit nytt rå frukt- og grøntprosjekt. Eg vil altso verta kvitt kokt mat, som er som dop for kroppen. I tillegg til at eg sjølvsagt kjem til å halda meg vekk frå dyreprodukt som mjølk og egg. Motivasjonen min for å eta vegansk rått att hev vore stor heilt sidan eg slutta prosjektet. Og no er eg ikkje so alt for langt vekk frå å starta. Men er framleis litt redd for at det skal gå ut yver andre ting eg driv på med.

Men, aldri meir koffein

For no kvittar eg meg med koffeinen. Eg vil ikkje drikkja meir koffein. Avkoffeinisert kaffi; jatakk, det kann eg prøva – men nei, eg nektar å få meir av giftstoffet i meg friviljug.

No hev eg ein hipp støttebandasje på kneet

I går var eg hjå lækjaren. For fyrste gong friviljug hev eg sagt til mange, men det gjeld nok berre for nokre definisjonar av friviljug. Fyrste gong på heilt eige initiativ er vel heller rett. I dag kaupte eg ein støttebandasje til kneet. For eit par vìkor sidan starta det venstre kneet mitt å fuska. Eg spurta til t-banen for å rekkja siste bane, og vips so var kneet ubrukeleg. Ein 3–4 gongar skaut det so gale at eg ikkje klarte stå. Eg klarte ikkje røra beinet. Måtte lena meg til veggar og halda i handtak som ein gamal mann.

Farlege kneskador

Eg vart sjølvsagt redd. Kneet hev eg høyrd skrekkelege soger um frå mange tungor. Det er det vanskelegaste å gjera noko med på kroppen, det lækjarane kvier seg mest for å vera borti. Hev du øydelagd kneet, nei då kann du få problem. So då eg fekk denne store smerta for 3. gong (og var sers flau av å plutseleg måtta setja meg ned midt i ein folkemengde og ikkje koma opp att) fann eg ut at no måtte eg verkeleg gå til lækjaren. So no, eit par vìkor seinare var eg der.

Eg hev ikkje jogga eller spurta medan eg hev vore heime no. Hev ofte tenkt på kneet og at eg må vera forsiktig. Det hev gjort småvondt til tider, men aldri låst seg som i Oslo. Hjå lækjaren fekk eg vita det ikkje var noko klinisk galt, ikkje som han fann. Då vart eg letta. Han sa eg ikkje skulle bry meg um dei digre knekke-ljodane som kjem frå det når eg går i trappar o.l. Han trudde det trong opptrening (altso ikkje berre spurta slik eg gjer for å so sitja bom stille eit par dagar). Visste nok det, men eg vil ikkje øydeleggja det heller. Han sa eg burde skaffa ein støttebandasje.

Støttebandasje

So det kaupte eg i dag. Eg fekk ikkje gjort det i går, butikkane stengde. Men i dag fekk eg. Kr. 460, som eg synest var veldig dyrt. Men um det hjelper meg med kneet so er det vel verd det. Elles kosta lækjaren 160 kr. So mykje hev eg ikkje brukt direkte på kroppen min nokon gong trur eg. Fær eg problem med ryggen (som godt kann henda slik eg sit) vert det nok endå meir.

Med støttebandasjen på stakk eg attende til kontoret. Då eg gjekk opp trappene kom det den verste knekkingi eg nokon gong hev høyrd. Alt frå kneet. Måtte ignorera det. Vonar det ikkje lovar vondt.

Støttebandasjen hjelper leddet å halda seg varmt, det er visst bra. Då tòler det meir, og det fungerer visst betre. So no visste du det, um du er like ignorant som meg når det kjem til å taka vare på kroppen din. (No trur eg han treng søvn)

Idag blei eg påkjøyrd

Inkjeanande syklar eg heim frå skulen oppover Cowley Road, då plutseleg ein gul konebil kjem og riv lykta si hardt inn i låret mitt! Eg ankommer fortauet med stor fart – kvinnfolket bare kjøyrer vidare…

Tidligare den dagen blei eg nesten ein såkalla “roadkill” i rundkjøringa, tidleg på morgonen var det så mykje fuktighet at bremsane mine ikkje fungera skikkeleg. Då eg kom inn i rundkjøringa såg eg at ein bil stoppa opp og ei dame på sykkel bevega sykkelen – akuratt då skyt bilen fart og dama får såvidt stoppa før bilen susar forbi. Eg på mi side hadde ingen bremsar, for å unngå kræsj tar eg ein skarp høgre-sving rett inn i den hardt trafikkerte rundkjøringa. Problemet mitt er fortsatt at eg ikkje kan stoppe så då ein lastebil plutseleg sitt foran nasen min må eg svinge tilbake der det var kome eit ana kjøyretøy som låste meg til å rase framover og bare håpe ingen svinga ut mens eg var pressa mellom lastebilen den andre hemma bilen. :|

Nå er det litt sida dette skjedde så eg har ikkje heilt roen på kordan ting gjekk til – men dét at det var skummelt huskar eg veldeg godt :-O Som ein aldri så liten ekstra på slutten av denne turen til skolen kom også ein buss å pressa meg så hardt inn til rennesteinen at eg måtte fyke opp fortauet for å unngå å knuse fjeset mot ei malplassert stang. Også klikkar folk på meg pga den ukontrollerte fortaukjøringa fordi bussføraren er ein invalid som ikkje kan kjøyre. Skulle vært ulovleg.. :/

Turen heim tok eg me ro – men nokon gjorde tydligvis ikkje. Total inkjeanande om at ein psykopat nærmar seg syklar eg stille oppover i kanten av vegen og tenker på altslags fine ting – plaga absolutt ingen. Då PLUTSELEG overkroppen blir kasta bak av ein enorm akselerasjon forårsaka av ein bils velplasserte panser under låret mitt, nanosekundar seinare riv den enorme akselerasjonen til resten. Ustabil av den ferske farten eg hadde fått rasar sykkelen mot fortauet då eg impulsivt vrir rattet vekk frå den onde skapningen som med kaldt blod førte den gule drapsmaskinen i eit forsøk på å dekke vegen med mitt kjøtt og blod :-O

Eg sviv avgårde uten kontroll – alt går i slowmotion sjølv om eg følar meg totalt hjelpesløs. Fortauskanten treff eg i ein liten innfallsvinkel så eg høyrar bare kordan fortauet sliper ned den eine sida av dekket mitt. Eg får bremsa hardt, hallveis liggande på ein parkert bil – stoppa utan større skade. Eg venta på at (nesten)morderbilen skulle stoppe å unnskylde seg – men akk, nei – konebilen var allerede langt vekke då eg fekk kasta hovudet opp fra den uskyldege bilen eg brukte som pute. Etter ein kort inspeksjon fann eg ut at eg enno var sykle-dyktig, når nervanne og adrenalinet hadde sunket kunne eg igjen ta turen heimover – litt meir redd for bilane.