Merkelapp-arkiv: Kvarteret

Hanne Nabintu Herland; smart, interessant og viktig

OK. Eg hev ei høna å plukka. Ikkje rakk ned på Hanne Nabintu Herland. Fyrst og fremst; gå på sak, ikkje person. Og høyr etter! Ikkje kall ho dum, den dama er so langt frå dum at eg forstår ikkje bæret av folk som meiner noko anna. Ho er rivande smart, og hev utruleg godt ressonerte og viktuge poeng. No baserer eg dette her på det foredraget eg var på, og ikkje på videoen, som eg ikkje hev sett heile av. Men veit de kva? Eg er einig med ho og det er synd at det er so kontroversielt!

So dette var litt av eit foredrag, eg unnar andre å sjå det. I går, medan eg luska rundt i Bergens gatar og leita etter noko å gjera (ja, slik gjeng no dagan»!) kom eg over ein plakat om eit Hanne Nabintu Herland-foredrag dagen etterpå. Eg sende straks ei melding til Janne-Kristin og lurte på om eg skulle dra. «Jaaaaa!!!» var svaret. So det gjorde eg.

Det var, som eg venta, heilt fullt oppe i storelogen. Eg stod godt til rette heilt bakerst og foredraget hennar «Tilbake med norske verdier» (kannhenda eg hugsar namnet feil) byrja. Foredraget som fylgde var med eitt unnatak rakt gjennom imponerande, gjennomtenkt og veldig smart. Ho tok opp viktuge ting på ein veldig god måte. Eg er ikkje, og treng ikkje å vera einig i alt, men eg var einig i veldig mykje.

So, kjem dette som eit sjokk på nokon? Eg vil tru det kann. Av ein eller annan grunn so vert Hanne Nabintu Herland, og det ho meiner, sett på som obskønt, bakstreversk og heilt utruleg fælt i «mine miljø» og dei båsane eg kannhenda vert sett i av folk som ikkje kjenner meg so godt. Eg meiner, det var ikkje lengje sidan det stod på netsida mi her at eg var medlem i sosialistisk ungdom, at eg var humanist/ateist (vel buddhist stod det ei stund, og det hev eg eigentleg ikkje gått vekk frå, eg er framleis eit slag buddhist) og eg heng på universitetet med alt det tankegodset som fylgjer med. Folk veit at eg held med Miljøpartiet dei Grøne (MDG) nett no, men eg kann fort stemma på Sosialistisk Venstreparti, og vert ikkje det litt rart når Herland heile tidi bruker «venstresida» som negativt ord? Nuvel, eg trur det er ein falsk motsetning, at du trur noko treng ikkje gjera deg umottakeleg for nye idear og ikkje minst nyanseringar. Det er lov å ha meir enn ein tanke i hovudet om gangen. Eg hev endra synspunkt på mangt gjennom livet mitt og eg er veldig stolt av det; stolt av å ikkje binda meg til eitt tankesett, men ha evna til å læra. Det klarar heldigvis dei fleste, av dei eg kjenner iallfall. ;-)

Eg skal ikkje skriva frå foredraget, for det gjer ho betre sjølv, og dessutan er eg ikkje so interessert i å sitja framfor maskina so mykje lengre no.

Ho hev sers kontroversielle syn på kvinnekampen og feminisme. Det tok ho mellom anna opp. Ho er ikkje ein antifeminist; kvinnekampen tok fram til eit punkt veldig viktuge kampar for å få maktbalansen til å jevna seg. Men det gjekk for langt, no er han skeiv. Han er for hardt på kvinnenes side. Dette vert folk ilsinte over, og spesielt dei fyrenemnde venstresosialistiske gruppene.

Men veit de kva? Eg er sørenmeg ganske einig med ho der tilogmed! Og for å kjapt få noko klart; eg kjenner meg ikkje undertrykt og «wai wai stakkars meg»; det er ikkje difor eg er einig. Eg må få lov til å segja noko slikt utan at det dermed skal tyda at eg ynskjer meg meir makt eller noko. Det er heller ikkje det Herland segjer, det ho segjer er at kvinner og menn er forskjellege. Og det er rett! Det er veldig korrekt. Men politikken og intellektualismen i dette landets store ynskje er at kvinner og menn skal verta like på ymse statistikkar. Når det kjem til rettar, so er det opplagt slik, men der er me, og der hev me vore, pendelen (som Herland viser so fint) hev vore på det punktet, og svingt forbi.

No er jo eg personleg ein ganske feminin mann, og det må eg jo få lov til å vera; eg treng ikkje respekt for nokon tradisjonell mannsrolle personleg, men me treng det som heilskap i samfunnet. Ikkje den «valdeleg»-delen av «mannsrolla» då, den høyrer ikkje heime der. Men den vanlege familiefarrolla.

Hanne Nabintu Herland vert litt latterleggjort av somme i mitt miljø. Nokon kallar ho dum (noko som er riv ruskande gale, og det visste eg frå før, ho er DEFINITIVT ikkje dum, ho er særs smart), og andre berre ler av dansingi hennar.

Eg vart rått provosert då Herland sa dette om feminisme, og ei gruppe folk byrja le framme i salen. Dei lo so høgt at det overdøyvde ho. Ho satte dei godt og vel på plass, og det var absolutt det rette å gjera. Kva faen skjer med at folk er so jækla usikre på seg sjølv, at når nokon kjem med ein annan meining enn deg, so må du LE for å LATTERLEGGJERA personen? Kva er det for ein forkasteleg, nedverdigande hersketeknikk? Hanne prata mykje om respekt og ein gamal europeisk verdi som å kunna ha skikkeleg debattklima, det er gode verdiar, og viktuge å hegna om. Det er sokalla siviliserte verdiar som gjer oss til siviliserte menneske.

Desse folki som sit og ler av dette må vera ekstremt usikre i si sak, og usikre på seg sjølv til å ty til noko so ekstremt som det. Eg mistar respekten for slike folk, det vitnar om låg sjølvkjensle, og er ikkje bra.

Eg gjekk inn på netsida hennar no, og der finn eg ein heil del eg ikkje er einig i, so det var ikkje so moro nett no (for dette innlegget ;p) – men viss du er ueinig i noko so treng du ikkje søkkja til det nivået å le av det. Venstresidefolk som liksom skal vera so opne og inkluderande. Gjeld ikkje alle saman det, nei.

Åvel. Dette vart truleg den dårlegaste teksten eg hev skrive i år, men lat gå. Kannhenda det vert noko diskusjon.

Det finst nyansar, og Herland kjem fram i media som om ho er ekstremt unyansert. Det er feil. Men ho segjer noko rett ut, og utan å nyansera det for å vekta opp mot den andre sida som er skeiv. Det er nett min debatteknikk òg.

Ho sa sjølv som eg skreiv på identica:

Nabintu: det er lov å vera ueinig, det er ikkje alltid eg er einig med meg sjølv! <sallatter> Ja, de veit jo eg ikkje alltid er nyansert :)

Vel, det fær vera det for i dag. No vil eg heim.

Ah, ein siste ting, som fekk meg til å elska Nabintu på turen hennar ut; ho segjer:

Det er so liten respekt for å vera annleis i dette landet! So liten respekt ….

Og so kjem ho med eit par døme. Og so mellom anna;

Dei som ikkje drikk fær masse bullshit, og må svara for seg, kvifor drikk du ikkje? JA? Kvifor skal plutseleg det vera gale? Me hev alt for mykje alkoholproblemer i dette landet, SO ER IKKJE DET FINT DÅ!?

Ahh. So sant, so sant!

Ugress-konsert!

Det var med stor glede at eg såg plakatar som fortalte om ein komande Ugress-konsert på Kvarteret. Eg har elska Ugress heilt sidan eg var på konsert med dei (vel, han) på The Gathering 2003.

Eg gløymde heile upplegget likevel. Eit par dagar fyrr det starta såg eg plakaten att og sprang ned til Apollon for å høyra um det framleis var billettar att;

«Hah, ja, mange, ingen problem det, stress ned» …sa han.

So då stressa eg ned og tenkte eg helder burde prøva få folk med meg. Og det starta eg med. Eg spurte med meg ein 4-5 stk, men ingen kunne/ville. Hadde berre Egil budd i Bergen so hadde han vore med glatt, er eg sikker på.

Eg skreiv ei melding på Couchsurfing (profilen min, CS er heilt genialt!) same dagen, det var 3 stk som svara. Ein ville, men skulle på noko anna (saman med mange andre CS-erar), dei to andre sa «kannhenda». Han eine høyrde eg ikkje frå fyrr midt på natta etter konserte, medan han andre likevel ikkje kunne av ymse grunnar.

Jaja, so eg gjekk åleina.

Konserten starta 21.00, so eg var der 20.45. Hah! Men konserter fungerer ikkje slik i Noreg. So eg spurte kor tid Ugress gjekk på, det var 22.30. Eg gjekk heim att og venta. Då eg var der fyrr 22.30 var det framleis ekstremt få på den store plassen. Eg vart ganske satt ut.

Eg kaupte meg ein Erdinger Weiss Alkoholfrei og stod og hang litt i det digre nesten-tomme rommet. Ei gruppe på fire kom inn, dei kaupte øl i baren. Eg gjekk bort.

Fekk med meg at dei tykte det var få folk, og lurte på um det kom fleire til 23 då. Ugress skulle visst på 23 no.
«Eg var redd for at det skulle verta fullt, men, hah, tydelegvis ingenting å vera redd for!», sa eg, for å introdusera meg.
«Ha, ja! Eg og, eg er heilt sjokkert yver oppmøtet her,» svarte Mats, òg ein Ugress-fan.

So prata me litt, eg vart med dei upp ein annan plass for å unngå å hengja i det tomme rommet. 23 gjekk me ned att. Ein del fleire folk. Kannhenda 20 stk no (10 frå fyrr). Eg gjekk åleina fram og stilte meg vedsidan av nokon andre.

So kom han på. Og det starta. Og musikken starta. Og etter veldig kort tid, so var rommet fullt. Elder, såg iallfall slik ut frå der eg stod. So alle saman vart flaue yver at det var so få folk og gjekk helder ein annan plass.

Konserten starta. OG HEKKAN FOR EIT FANTASTISK LJOSSHOW. Tøft videoshow, ein fantastisk LED-skjerm som hadde so sterke LED at han vart båe brukt til dritkul stilisert/prosessert video (og mykje frå gamle filmar) men òg som den kulaste råaste ljoskastaren du kann tenkja deg. Han blenda lett publikum med den.

Det tok litt tid fyrr eg kom inn i danse-mooden iom. at eg var dønn åleina. Men etter eit par låtar so vart det sveitteframkallande slik konsertar skal vera.

Halvvegs uti, såg eg Solgunn (førre SmiB-leiar). Kjekt å kunna dansa og taka av litt skikkeleg då. Det var greitt når eg stod med Solgunn. Ho er forresten utruleg god å ha på konsertar av di ho dansar so mykje og bra. Skapar stemning og fest ;-)

Musikken var sjølvsagt , heilt fantastisk. Songane frå dei gamle albumi var best, men heile upplegget var kjempekult.

Eg tok eit lite upptak med det totalt elendige og forkastelege kamera på mobilen min. Det var i ein augoblink der eg ikkje var heilt inni musikken, so det er ikkje på det beste tidspunktet. Dessutan klarar ikkje ffmpeg å transcoda det sære ljodformatet AMR til vorbis, so ingen ljod.

Då konserten var ferdig (alt for tidleg!), møtte eg eit par folk gjennom Solgunn. Eg hadde tenkt spyrja ho kvifor eg burde jobba på Hulen (Hòla), og ikkje Kvarteret – men det viste seg at alle eg stod og hang med òg jobba der, so eg spurte det same. So eg er yvertydd, og skal hjelpa til på Hulen til neste semester. Gler eg meg til. Miljøet ser mindre og meir samansveisa ut. Eg spurte eit par i ein bar på Kvarteret, men dei var ikkje like interesserte i å verva meg forstod eg.

Greitt nok, det er heilt tilfeldig kven eg spurte, og hadde eg spurt nokon andre so kunne eg sikkert fengje eit meir entusiastisk svar. T.d. er det ofte slik at dei som er nærast «sentrum» (og jobbar mest) er mest entusiastiske. Solgunn er jo ganske sentral på Hulen (leiarar er vel ofte dei mest sentrale folka), men det var ikkje berre ho, alle Hulen-folki me traff vart heilt i hundre yver at eg hadde lyst til å verta med. :-)

Me tok ein kort tur uppom Hulen, fyrr eg gjekk heim. Framleis med den utruleg gode Ugress-konsert-kjensla i kroppen. Vonar ikkje det vert for lengje til neste gong. :D Og kannhenda andre kann koma med òg då, sjølv um det ikkje viste seg heilt naudsynt.

Det akademiske kvarter, Bergen

På fredag den 5. opna Kvarteret her i Bergen. Eg ville gå, men fann ingen å gå med – dessutan ville det truleg vera råfullt. So sidan eg ikkje eigentleg hadde lyst å sjå nokon av bandi som spelte so vart eg berre heima og la meg helder tidleg.

For dei som lurer på kvar Helene er, so er ho heime på Voss og arbeider litt med skuleting.

So kom laurdagen, eg stod tidleg upp (som ofte skjer dersom du legg deg tidleg, det er rein kos!) og måtte venta lang tid fyrr butikken opna. Då han endeleg gjorde det, stakk ut for å kaupa litt mat. Der fann eg litt dårleg språk i BT som eg skreiv um i går.

Vel heime laga eg det same som eg sit og gomlar i meg i dag, på same måten. Ved sidan av Fjord, Eee-pcen min. Ei lita anekdote der;

Fjord, Eee-pcen med nytt OS

Eg hev irritert meg yver at eg hev hatt Ubuntu 8.10 på den maskini, altso ein Ubuntu frå 2008(!). Gamal og vond. Dessutan hev ho vore litt treig og hatt problem med å t.d. spela musikk utan å hakka.

So etter mykje om og men (eg prøvde installera nyaste Ubuntu eit par gongar) la eg inn Arch Linux 1 medan eg sat uppe på universitetet i Bergen. Arch krevde 600-700 MB med oppdateringar, som er ganske mykje for den vesle mobiltelefonen min 2. Eg gadd ikkje venta på det og prøvde helder få upp Universitetsnetet (eduroam). Sjølv um eg ikkje hev brukar i Bergen so kann eg bruka brukaren min i Oslo ved å skriva odinho@uio.no, ganske hendig.

Etter lang tid for å fiksa det fekk eg netet upp 3. Og her er yverraskingi; eg fekk ikkje lengre 200KB/s, men heile 2MB/s då eg lasta ned! Det er ein tidobling! Berre med å byta operativsystem (vel, det er sikkert berre grunna ny og betre Linux-kjerne)! Ein annan ting var at maskina mi hadde mykje betre dekning til det trådlause aksesspunktet og at eg ikkje vart kasta ut kvart kvarter slik eg var i Ubuntu. I tillegg er maskini mykje snøggare no. Nei, det lønte seg stort å leggja inn gode gamle Arch Linux. <3

Attende til Kvarteret

So eg sat no der og hacka i veg på maskini medan eg åt maten min. Eg hev det med å berre sitja inne heile dagane dersom eg ikkje finn på noko og kjem meg ut. Eigentleg sat eg berre å venta på at Kvarteret skulle opna, det gjorde ikkje det fyrr 1500. No var klokka… 0900.

Eg hadde bra lyst til å sitja å arbeida med Universitas elder dei nye målungdomssidene (ligg mellombels her, dersom nokon vil sjå kor lite me er kome sidan sist) elder noko anna, problemet mitt er at eg ikkje klarar gjera skikkeleg arbeid på den vesle skjermen. Eg treng upp på Universitetet for å få ein stor skjerm kopla til. Men der krevjer dei UiB-kort, det hadde eg ikkje. Eg gjekk gjennom parken og vart tilbode «veldig bra speed!». Yverraska yver kor ekstremt mange dei er, desse rusmisbrukarane. Fleire enn eg nokon gong hev sett i Oslo.

Biblioteket var stengd. Eg sat der på fredag og las gjennom gamle nummer av Vestlandsfa’n, som var ei avis Studentmållaget i Bergen gav ut. Eg prøver finna ut av soga vår, ho er litt tåkete. Tenkte eg kunne halda fram med det på ein laurdag, hadde vore koseleg, men nei.

So eg gjekk utan mål og meining rundt i sentrum heilt til eg fann ein Deli de Luca med tilbod på bollar og sitjeplassar i andre etasje. Jaja. So eg sat der til Kvarteret opna.

Kvarteret-kafeen

Då klokka altso var 1500 hadde eg gjort ingenting veldig lengje. So stakk eg til Kvarteret-kaféen. Der gjorde eg òg fint lite. Eg såg på klokka og fann ut at det fyrste starta 1930. So eg heldt fram med å venta. Då det rundt 1900 kom ein heil del finkledde jentor som byrja pynta rundtomkring kjende eg meg fort lite velkomen so eg stakk.

Oi. Eg er på 815 ord allereide. FSCK, eg må tidskomprimera meir her.

Tivoli

Eg kom meg på «studentkultur i Bergen»-ordskiftet til Studentersamfunnet, som ikkje var so mykje ordskifte som det var koseleg mimring frå tvo av dei i Prodseg (dei hadde andsvar for utformingi av lokalet). Det var i «Tivoli»-lokalet.

Speilrommet

Eg måtte gå midt uti, av di eg skulle på crIMePRO med longform improvisasjon i same bygget, i «Speilrommet».

Eg tykte det var særs underhaldande, og lo godt av den 45 minutt lange totalt improviserte stykket. Eg hjalp til med å rydda etter stykket (eg skreiv under på ein «eg skal vera med å hjelpa Immaturus» då eg vart medlem, og det var dei som arragerte det), sers glad for å faktisk ha noko å taka meg til for fyrste gong i dag.

Storelogen

Etter det traff eg Audun Klyve Gulbrandsen og han skulle på Jazzkonsert i same hus, so eg vart med der. Det var i «storelogen». Eg prøvde kaupa ein Clausthaler (som eg òg hadde gjort tidlegare på dagen i kaféen), men det viste seg vandskeleg – det hadde dei aldri gjort fyrr og han fantest ikkje i datasystemet. So eg fekk no vatn i staden for, hrmf. Dessutan fær eg berre medlemsrabatt på «vanleg hansa», og eg er fint lite interessert i alkoholhaldig øl, so det syg for meg. I Oslo fær eg masse rabatt på alkoholfri øl, kostar faktisk ikkje meir enn 10 kr i baren(!).

Teglverket og Pianosalongen

Då me stod og prata etter konserten traff eg Ida (frå SmiB), saman med Julie, Live og Ane. Med dei var eg innum to rom til; Teglverket og Pianosalongen (viss det var korrekt namn). Då klokka var yver 00 stakk eg heim, på den tidi hadde det kome so grovt mange folk at eg ikkje gadd stå i kø berre for å gå i ein gang.

So eg stilte meg i køen for å gå ut (for det var det òg).

Moralen er, kom tidleg på Kvarteret, då er det få folk, men ikkje alt for tidleg for då er det ingen, pluss at då skjer det ikkje noko. So, ca 19-00 er vel ei god vitjingstid.

Og elles må eg verkeleg finna på noko å gjera dei dagane då det ikkje skjer noko. Laurdag og sundag, eg ser på dykk.

  1. Arch Linux er ein herleg distro. Du oppdaterer aldri til ein ny versjon, av di han heile tidi uppdaterer pakkane for deg. Kjem ein ny Firefox ut? Den er der dagen etter. Ny Inkscape? Det same. På den måten er du alltid oppdatert på det nyaste. Problemet er at når kvar del av systemet heile tidi vert uppdatert so kann ting verta ustabilt av di det ikkje er testa. Det er ein låg nok pris for meg ;-) []
  2. i januar lasta eg ned 7.5GB med mobilen! Med 3G gjeng det kjapt (100-200KB/s), men eg fær berre EDGE på Universitetet – so det hadde teke LANG tid. []
  3. Frå installasjonen er Arch Linux heilt rein, BERRE det du absolutt treng, ingenting meir. Difor er det ingen grafiske måtar å kopla seg upp til slike avanserte brukarnamn/passord-baserte trådlause netverk. Faktisk er det ingen grafiske ting i det heile teke, du fær berre ein konsoll og det er alt. Brukte ein heil del tid på å finna dei korrekte innstililngane for å få trådlaust net… []